Røysane-Vange
Busetnaden i Røysane-Vange fyl vi frå grensa mot Sæbø til Fengslet og derfrå langs Skulevegen mot Grov.
Smedhuset og Gotevik-huset under lnr 5. På ei ikkje tinglyst, bygsla tomt sette Ludvig Eliasson Eikaas (1847–1923) frå Jølster opp smie og bustadhus i 1870-åra. I 1881 var dei to husa verdsett til kr 2230. Ludvig gifte seg 1875 med Karoline Antonette Abrahamdtr Åsen (1853–) frå Holsen i Førde og i Vik fekk dei borna: Andreas 1878–78, Andreas 1880 (sjå lnr 15e Tenål), Nikoline 1882, Johanna 1883, Anna 1884, Emil 1887, Martin 1890, Sofia 1893, Kristina 1895. Huslyden var i Vik til ca 1895, då flytta dei til Hyllestad der dei overtok ein gard. Etter dei kom smed Kristoffer Trondson Sværen (1874–) & 1899 Guri Ivardtr Tenål (1877–) frå lnr 15b. Born: Tor 1900, Harald 1902, Johanna 1906. Huslyden flytta til Sværefjorden i 1907. Den tredje smeden på denne staden var Hans Kristian Steffenson Tuftedal (1879–1961) frå Balestrand, gift 1903 med Brita Oladtr Vetleøyri s114 (1881–1955). Hans voks opp på Vetleøyri s210, sjå hus nr 102, og tok familienamnet Lilleøren. Etter 7 år i Bergen kom huslyden i 1907 til Vik. Born: Gjertrud 1903–37, Kristina 1905 (Bergen), Sigvald 1908 (sjå hus nr 102 på Vetleøyri), Olav Johan 1910, Konrad 1913 (bnr 41/104 Tomtebu på Vikøyri), Harald 1915 (hus nr 97 på Vetleøyri), Ingeborg 1921 (bnr 3/25 Seim under lnr 9). Ved sida av å vera smed i Røysane hadde Hans òg slipp på Vikøyri. Bustadhuset og smia stod på bygsla grunn. Frå 1935 låg plassen under bnr 2/20. Bnr 2/22 Smestad 0,08 mark, med smedhuset, vart i 1950 frådelt til Olav Johan Hansson Lilleøren (1910–1979) & 1947 Margit Larsdtr Helleland (1915–2002) frå Feios. Born: Gunnar 1947 (bnr 4/69 under lnr 15e Tenål), Gudny 1951 (Hatlevegen 17, Prestberget), Borgny 1953 (Bergen). Nytt bustadhus kom i 1954–55 og ny smie i 1962. Olav var finsmed. Han var den siste smeden i Vik. I 2004 vart bnr 2/22 skøytt til Gudny Vangsnes og Borgny Lilleøren.
Etter at Ludvig Eikaas reiste frå bygda, vart bustadhuset busett av Anders Sjurson Gotevik (1846–1920) & 1877 Mari Mikkeldtr Husabø (1846–1921) frå Leikanger. Dei hadde ikkje born. Dei var gardbrukarar på lnr 7 i Gotevik fram til 1895, då dei flytta til denne bustaden i Røysane. I 1900 leigde dei ut hyblar i huset. Brita Nilsdtr Vange (1905–1992) frå lnr 5 overtok i 1935, og staden fekk bnr 2/20 Vangheim 0,40 mark. Etter frådeling av bnr 2/22 0,08 mark vart skylda 0,32 mark. Huset vart skøytt til Marta Arnedtr Stadheim (1944–) frå bnr 5/1 under lnr 24, ei systerdotter til Brita 1905, sjå òg bnr 2/83. I 2003 overtok Vikøren Eigedom og Marta flytta til bnr 1/234 i Røysane-Sæbø.
Bnr 2/83. På denne tomta under bnr 2/22 bygde Marta Arnedtr Stadheim hus. I 2002 flytta ho inn i huset etter Brita Vange. Hus med hage vart frådelt som bnr 2/83 og selt til Ingunn Oladtr Midlang (1956–) frå bnr 35/6 under lnr 100. Ingunn har vore gift med Kjell Olavson Sagerøy (1953–) og dei var busette på bnr 26/32 i Moane-Hove. Born: Ove 1975 (Voss), Hege 1979 (bnr 97/130 under lnr 196a Vangsnes), Kjetil 1985. Kjell og Ingunn er skilde og Ingunn vart attgift 2004 med Per Arvid Stølen (1956–) frå Veitastrond.
Bnr 2/34 Vangtun, utskilt frå bnr 2/20 i 1970. Inga Nilsdtr Vange (1915–) frå lnr 5 & 1940 Paul Johannesson Nødtvedt (1911–1976) frå Bergen bygde hus her i 1979. Born: Harald 1940 (Bergen), Marta 1956 (Voss). Bustaden er i 2003 eigd av Harald 1940.
Bnr 2/35 Haugtun vart frådelt 2/20 i 1972. Anders Tuxen Nilsson Vange (1913–2004) frå lnr 5 & 1943 Olga Oladtr Stadheim (1916–1998) frå bnr 5/14 under lnr 32 fekk: Marit 1943 (Sandvoll i Kvinnherad), Oddbjørn 1944 (Varaldsøy i Kvinnherad), Nils Steinar 1946 (Oslo). Anders og Olga budde først i huset etter Brita Vange, så dreiv dei bnr 5/14 under lnr 32 Stadheim i åra 1962–69 før dei flytta inn i nytt hus i 1969. Ny eigar: Gunnar Ole Ole-Gunnarson Kleven (1964–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 12.
Plass nord for fengslet. Dette var husmannsplass på 1800-talet. I 1865 var det: 1,4 daa poteter, 2 kyr og 6 smalar på plassen. Plassfolka var: Hans Endreson Holstad (1811–1859) frå lnr 87 & 1843 Brita Hansdtr Karevoll (1810–1894) frå lnr 57. Dei fekk: Marta 1841 (sjå note), Sigrid 1844–1901, Endre 1847, Hansina 1850 (lnr 12 Seim), Ola 1854 (Vikøyri v776, handelsmann). I 1867 vart plassen kjøpt av Endre Hansson Vange (1847–) som lnr (6+7)d 0,03 spd = bnr 2/5 0,04 mark. I 1875 hadde Endre med seg mora Birte og systera Hansina på plassen. I fleire år vart det løyvt mykje pengar til «sindsykeforsørgelse» av Endre. I 1882 kjøpte fanejunker O. O. Kvamme eigedomen og sette opp eit nytt bustadhus, men alt i 1883 vart eigedomen skøytt vidare til Samuel Kristenson Hopperstad (1842–1929) frå plass ved Klokkargarden (sjå under lnr 120). «Halte-Samedl» var skreddar og ugift. Han disponerte no mange hus, og det var truleg grunnen til at også resten av huslyden på Hopperstadplassen flytta inn. Fram mot århundreskiftet minka familien, og i 1897 leigde Samuel bort det kvitmåla våningshuset til oberst Gregersen. Alt året etter flytta obersten til Voss. Samuel heldt fram med å leiga bort det eine våningshuset, men vi kjenner ikkje namna på leigebuarane. I 1917 selde han unna bnr 2/14 Solvang 0,3 mark. Han hadde sjølv den nordlege delen, bnr 2/5 0,01 mark. I 1946 vart eigedomen skøytt til Olina Guttormdtr Tistel (1901–1977) frå lnr 99c Holene-Midlang og systera Brita Guttormdtr Tistel (1903–1994). Nye eigarar frå ca 1954 var: Tollak Knutson Fosse (1903–1985) og Anna Knutdtr Fosse (1904–1989). Dei kom frå bnr 36d Gråsmyri i Nummedal, sjå òg lnr 83b Hønsi. Tollak arbeidde mellom anna på båtane til Pettersen. Staden vart i 2000 seld til Odd Arnstein Olavson Tenold (1947–) frå lnr 18b* som budde i Førde og leigde bort huset. I 2006 vart eigedomen skøytt til Toralf Thune Johnsen (1956–) frå Bergen & 1979 Liv Nilsdtr Myrkaskog (1955–) frå bnr 41/104 på Tomtebu, Vikøyri, busette på Askøy. Born: Hanne 1983, Jørgen 1986, Vegard 1988. Toralf er son til Arnhild 1926 frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø. Staden er feriehus.
Den frådelte parten bnr 2/14 Solvang 0,03 mark vart kjøp av skomakar Arne Ivarson Vikøyri v412 (1869–1935). Han var son til Anna 1839, syster til Samuel Kristenson, og ho var gift til Vikøyri hus nr 37. Arne var gift 1908 med Ingebjørg Knutdtr Hatleberg (1881–1955) frå Borgund, Lærdal. Dei hadde ikkje born og leigde ut halve huset til: Gustav Madsson Skagen (1877–1962) frå lnr (1+4)c Sæbø (= bnr 1/4) & 1901 Turid Endredtr Vange (1873–1950) frå lnr 5. Dei fekk borna: Einar 1902 (bnr 1/4 Sæbø), Brita 1904–90, Ingebjørg 1907–76, Anna 1909–76, Marta 1912–2002, Olav 1915, Tordis 1918, Gunvor 1918. Gustav var fengselsluttar. Staden vart kjøpt av Jon Jonson Holen (1895–1972) frå Hola på Seljadalen & 1924 Agnes Salvine Perdtr Kvamme (1896–1977) frå Vikøyri v886. Born: Anna 1924 (til Askim), Line 1927. Dette er no sommarhus, eigd av Anna 1924.
Marta Hansdtr Vange (1841–1923) & 1866 Nils Hermundson Refsdal (1840–) frå lnr 58 reiste til USA i 1867.
Bnr 2/67. Frådelt bnr 2/13 i 1995. Per Helge Noss (1939–) frå Gaular & 1963 Aslaug Graue (1938–) frå Voss har borna: Arnfinn 1964 (Gaular), Geir Arne 1965 (Bergen), Per Bjarte 1970 (bnr 97/192 under lnr 196b Vangsnes), Per med huslyd budde til 1995 på bnr 97/192 under lnr 196b Vangsnes.
Bnr 2/72 vart frådelt bnr 2/54 i 1998. Her bur: Bjørn Egil Audunson Vange (1971–) frå lnr 5 & 2000 Tone Bjørndtr Grindedal (1975–) frå Feios. Dei har Silje Helene 1998 og Brede 2005.
Bnr 2/48, feste nr 1, busett 1984. Per Olafson Bolstad (1933–) frå Lånefjord & 1972 Berit Johannesdtr Balevik (1950–) frå bnr 61/3 Hallsete i Arnafjord sokn fekk: Ingrid 1973, Reidunn 1974, Marit 1988.
Fengslet. Tomta til «Vikjahuset» vart kjøpt av fylket i 1863, og same året vart fengslet bygt. Følgjande har vore vaktmeister/inspektør: Christoffer Parelius Aarestrup 1864–75 (sjå lnr 103b Bø), Mads Skagen 1875–16, Anders Hjemsæter 1916–22, Jørgen Nikolaisen Selbak 1922–24, Gustav Skagen 1924–45, Olav Skagen 1945–60, Ivar Thune 1960–61, Ragnar Haugen 1961–93, Gerner Rasmussen 1994–96, Terje Blomseth 1996–. Fleire av dei hadde bustad i fengslet.
På fengslet budde fengselsluttar, seinare vaktmeister Mads Dankertson Skagen (1836–1928) & 1871 Ingeborg Eirikdtr Hovland (1845–1913). Om familie: sjå lnr (1+4)c Sæbø. Sonen Gustav arbeidde også på fengslet, men var ikkje busett der, sjå bnr 2/14 i Røysane-Vange. Også sonesonen Olav arbeidde på fengslet. Olav Gustavson Skagen (1915–1960) & 1940 Aslaug Johanna Kristendtr Christensen (1917–) frå Vikøyri v594 fekk: Gerd 1940 (Bergen), Åse 1945 (Arendal), Odd 1947 (bnr 1/128 i Tomtebu på Vikøyri).
Anders Mortenson Hjemsæter (1867–1936) frå Heimseter, Hyen i Gloppen & Ingeborg Johandtr Myre-Finstad (1869–1959) frå Rendal på Hedmark var først busette i Oslo, så i Fredrikstad og Nesbyen før dei kom til Vik. Etter 1922 var Anders vaktmeister ved Bergen kretsfengsel. Born: Morten 1897–1939 (Bergen), Olga 1898–1930 (ugift), Gunvor 1900-79 (ugift, Bergen), Ingeborg Andrea 1902 (Vikøyri v882), Johan 1904–73 (Bergen), Ester 1907–42 (sjå bnr 40/10 under Vikøyri-vest), Agnes 1909–38 (ugift), Asbjørn 1913–90 (Bergen), Judith Oda 1916–98.
Fastinghuset, seinare bnr 2/28 Nygård 0,07 mark. På lnr 74b Hove hadde løytnant Christian Fredrich Fasting omkring 1838 ført opp eit stort herskapshus. Dette huset vart ca 1890 selt for nedriving og flytting. Det vart kjøpt av Markus Voll, Nikolai Erdal og Sjur Bø, og dei sette det opp att på bygsla grunn nedanfor Skulevegen. Dei leigde ut huset til militære. Etter ei tid overtok Markus Voll heile eiga. Han skøytte eigedomen til døtrene Kristina 1882 og Brita 1877. I 1915 var Kristoffer Olason Hove (1877–1958) frå lnr 77b & 1903 Brita Markusdtr Voll (1877–1922) frå lnr 80b busette der. Der budde òg Ola Olason Hove (1879–) frå lnr 77b. Dei var dampskipsekspeditørar. Kristoffer og Brita hadde: Sigrid 1909–18, Synneva 1904 (Voss), Borghild 1914 (Bergen), Oline Marie 1916 (Voss). Seinare delte Kristoffer arbeid og bustad med broren Johan Olason Hove (1882–1953) gift 1906 med Kristina Markusdtr Voll (1882–1967) frå lnr 80b. Born: Synneva 1907 (sjå note Samuelplassen i Moane-Grov), Sigrid 1909 (Lindås), Olav Ragnvald 1915. Både Kristoffer og Johan leigde jord og hadde sauer og gris i kvart sitt uthus. Olav Ragnvald Johanson Hove Vange (1915–1989) & 1942 Anna Olafdtr Stadheim (1920–) frå lnr 28c fekk Johan Olai 1942. I 1960 vart grunnen kjøpt ved at bnr 2/28 vart skilt frå bnr 2/15. Johan Olai Hove Vange (1942–) & 1970 Laila Bruvik (1942–) frå Grimstad fekk borna: Anne Judith 1970 (Kristiansund), Jorunn 1973 (Voss), Ole Øyvind 1978 (Lørenskog).
Hus på bygsla grunn. Elias Ellingson Vikøren v209 (1855–1920) & 1879 Eli Jondtr Stedjeberget (1836–1934) var husmannsfolk i Træet på Stedje, Ovrisdalen. I 1899 flytta dei stova si til bygsla grunn rett nedanfor kyrkja på nedsida av Skulevegen. Born: Elling 1877, Gyrid 1879, Ragnhild 1882, Johanna 1884, Synneva 1886, Jon 1889, Brita 1889–90, Svein 1892, Birte 1895 (Bergen, så Balestrand), Nils 1898. Johanna Eliasdtr Stedje (1884–1935) fekk Eli 1909 (bnr 2/21 nedanfor) med Kristian Eliasson Vikøyri v192 (1880–). Han reiste til USA 1909. Ragnhild Eliasdtr Vange (1882–) fekk Anna 1901 med Ola Olason Nordnes frå Norane i Sogndal og Nikoline 1905–21 med Karl Torkjellson Vikøyri v558 (1883–1945).
Bnr 2/21 Bakkestad 0,02 mark. Denne tomta vart skilt frå bnr 2/15 i 1947 og var truleg den same som huset til Elias Vikøren hadde stått på. Her vart busett Eli Kristiandtr Røysane-Vange (1909–1964) & 1930 Ragnvald Olai Andersen (1907–1984) frå Vikøyri v578. Born: Erling 1929–82 (Holmestrand), Ragnar 1931–2002 (Bergen), Johannes 1932 (Svelgen), Aslaug 1934 (Holmestrand), Einar 1936–93, Eiliv 1938 (Prestvegen 14 i Prestberget), Johanna 1941–42. Staden låg inntil Flatbygdi skule, vart kjøpt av kommunen, og huset vart rive i 1971.