Røysane-Sæbø
Med Røysane forstår vi her området innanfor «Triangelen»: Rulsen – Kyrkjereina – Fengslet – Rulsen. Tre namnegardar hadde eige her: Vange, Sæbø og Grov. Men på jorda under Grov er det ingen busetnad. Røysane er difor her delt i Røysane-Sæbø og Røysane-Vange. Bruka i Sæbø og Vange hadde ikkje gardstun i Røysane. På 1700-talet og fram mot 1880 finn vi mest berre husmannsplassar i området. Mykje av jorda var tørkesvak og svært steinfull. Namnet Røysane fortel at det vart lagt opp store røysar ved åkrane. Vanskane med å finna sikre vasskjelder var sikkert med på å halda busetnaden nede i lang tid.
Under Røysane-Sæbø tek vi for oss busetnaden langs riksveg 13 frå Øen-huset til Rulsen og så sørover att langs Røysavegen til grensa mot Røysane-Vange.
Også nokre eigedomar aust for «Triangelen», nær inntil Røysavegen, blir ofte rekna inn under Røysane. Men her står dei under lnr 1+4 som Røysavegen-Sæbø.
Bnr 1/27 0,02 mark. Denne hustomta av lnr (1+4) vart kjøpt i 1888 av Endre Johannesson Tryti (1862–1946) frå lnr 108 og han sette opp eit særmerkt bustadhus og ein verkstad der. Endre var bygningssnikkar og hadde vore ei tid i USA der han sette opp mange hus. Endre gifte seg 1895 med Anna Oladtr Liktvorane (1860–1945) frå lnr 9. Dei hadde ikkje born. Då Anfin Anfinson Øen (1868–1928) frå Hyllestad vart lensmann i Vik i 1897, leigde han husvære og kontor i huset til Endre. Endre og Anna flytta seinare til Liktvorane og i 1947 kjøpte enkja Kari Øen eigedomen av dødsbuet. I 1921 fekk Øen i tillegg leigd eit jordstykke av lnr 2 Sæbø. I 1973 vart denne parsellen skøytt inn under eigedomen som bnr 1/62 Røysheim 0,30 mark. Dessutan festa Øen i 1915 eit jordstykke på 7 daa på 99 år av Grov på sørsida av eigedomen. Anfin Øen gifte seg 1895 med Kari Nilsdtr Røysum (1871–1949) frå Leikanger og dei fekk: Anna 1898 (Bergen), Gudrun 1900 (Oslo), Finn 1902 (Bergen), Leif 1906 (lnr 187a Vangsnes), Helga 1910 (Oslo), Ruth 1912 (sjå Meieriet-Sæbø under Tomtebu, Vikøyri), Alf 1916–16. Arvingar sat med eiga til 1991. Eigedomen vart då overteke av Asle Reikvam og Kari Vik. Laila Njøs (1963–) og Tore Eikeland frå Leikanger var så eigar. I 1999 vart staden skøytt til Bjarte Kjellson Tjønn (1966–) frå Prestvegen 18 i Prestberget & 1993 Eva Renate Perdtr Grov (1968–) frå Ovestevegen 17 i Øyane-Grov. Born: Mildrid 1993, Per 1996.
Bnr 1/54 Thune 0,14 mark. Denne parsellen vart frådelt bnr 1/6 i 1915 til sersjant Jon Olason Vikøren (1879–1965) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø & 1906 Brita Arnedtr Tenål (1880–1960) frå lnr 16. Born: Maria 1906 (Voss), Arne 1908–26, Olav 1909 (bnr 41/41 i Villastrøket-Sjøtun), Lina 1912 (Stord, så hus nr 67 Vikøyri og Prestvegen 23 i Prestberget), Karen Tuxen 1914 (bnr 1/130 på Skulejordi-Sæbø), Anna 1916–16, Ivar 1917, Anna 1923 (Tyskland, sjå bnr 1/173 nedanfor), Arnhild 1926 (Bergen, sjå bnr 2/5 i Røysane-Vange). Sønene, og Arnhild, tok slektsnamnet Thune. Jon var lensmann i åra 1928–45. I 1982 gjekk eigedomen til Ivar Jonson Thune (1917–1985). Han gifte seg 1941 med Brita Eirikdtr Seim (1915–) frå Bulken og dei fekk: Berit 1941. I 1984 vart eigedomen skøytt til Berit Ivardtr Thune (1941–). Ho bur ikkje i bygda.
Bnr 1/173 Nyborg. Informasjonen er sletta.
Bnr 1/57 Midtun + bnr 1/51 0,18+0,05 mark. Denne staden vart frådelt lnr 3 (bnr 1/6) i 1912 og 1919. I 1915 busett av Lasse Jonson Hallrynjo (1871–1955) frå lnr 65 & 1901 Brita Oladtr Stedje (1874–1957) frå lnr 64. Fram til 1909 budde dei på Vange. Born: Amalie 1901 (USA 1930), Ragnhild 1904 (Ringsaker), Johanna 1907 (hus nr 10 på Vikøyri-vest), Olga 1909 (USA 1930), Brita 1915 (USA 1952), John 1919. I 1952 gjekk staden til John Lasseson Halrynjo (1919–2004) & 1947 Ingrid Josefine Johan-Karldtr Rød (1918–1994) frå Gulen. Ved dåp og konfirmasjon heitte jenta berre Ingrid. «Josefine» må ho ha lagt til seinare! Barn: Else 1948. I 1987 vart staden skøytt til Else Langseth (1948–1990) og frå buet etter henne tilbake til John 1919 og Ingrid 1918. Bnr 1/51vart frådelt bnr 1/175 i 1983, og bnr 1/189 og bnr 1/190 i 1987.
Bnr 1/175 Nordtun. Marta Helgedtr Øvstedal (1936–) frå lnr 44a bygde hus her i 1983.
Bnr 1/189 Klevtun. Her vart busett i 1989: Stein Arne Kleven (1955–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 12 & 2000 Berit Bøtun (1966–) frå Fresvik. Dei har adoptert barn frå Kina: Ingrid 2001.
Bnr 1/190 Thunet. Tomta vart busett 1988 av Olav Jonson Thune (1959–) frå bnr 1/65 under bnr 1/35 på Vetleøyri & 1985 Liv Torhild Birkeland (1960–), Vestnes i Romsdal. Born: Kristine 1987, Emilie 1989.
Bnr 1/29 0,08 mark. Denne tomta sør for ungdomshuset vart fråskild bnr 1/6 i 1896 til Brita Hermunddtr Sæbø (1854–). Ho var dotter på bruket og hadde gift seg til Espesete, men då mannen kom i fengsel, flytta ho ned att til Sæbø. Men ho flytta seinare tilbake til Espesete saman med ei son og busette seg ikkje på tomta. Kjøpar var Ola Johannesson Tryti (1860–1951), «Trytisminsten», frå lnr 108. Han hadde i 1898 kjøpt lnr 111 Skjørvo, overtok så ved gardabyte bruket Holene-Midlang, men busette seg ikkje der, men bygde hus på denne staden i Røysane. Ola gifte seg 1898 med Fredrikka Oladtr Hopperstad (1869–) frå lnr 125 og dei hadde: Johannes 1903 og Anna 1906. Ola dreiv handel, særleg med hest og som han selde austpå. På 1920-talet kjøpte Ola gard i Våle i Vestfold og huslyden flytta dit. I 1927 vart tomta tillagt bnr 1/69 0,05 mark. Kjøpar var anleggsarbeidar Sjur Olason Hellane (1891–) frå lnr 26 i Arnafjord sokn. Han gifte seg 1921 med Inga Jondtr Tenål (1891–) frå lnr 18a og i Vik fekk dei: Ola 1923. Brita 1925, Johanna 1929. Huslyden flytta til Høyanger, og staden vart 1934 selt til Aslak Jonson Dyrdal (1872–1946) frå Kyrkjebø & Hanna Elisabeth Hansdtr Storedale (1892–1982) frå Ølve i Kvinnherad. Dei hadde ikkje born. Bustaden vart kjøpt av Vik kommune. I 2000 vart frådelt bnr 1/180. Noko av eigedomen vart lagt ut til parkeringsplass og hus med hage vart festa bort i 1984 på 99 år til Jon Bjåstad (1945–1998) frå Fjærland. Han gifte seg 1964 med Helene Alvida Håkondtr Bibow (1946–) frå bnr 41/13 på Vikøyri-Sjøtun. Born: Håkon 1964 (Florø), Bent Atle 1966 (bur heime), Svein Jarle 1969 (bnr 41/146 i Hovsviki).
Bnr 1/180 Roaldtun. Bente Oddbjørndtr Helgås (1964–) frå Ovestevegen 21 i Øyane-Grov & 1985 Helge Roald Helgeson Jomisko (1962–) frå Hatlevegen 9, Prestberget, har: Mariann 1985, Trine 1989, Helena 1994. Dei to er skilde, og Bente er sambuar med Henri Rudolf van der Star (1953–) frå Utrecht i Nederland. Om Helge Roald: sjå òg Øvste Hopperstadmarki nr 16. Mariann er i 2007 sambuar i Bergen med Svein Arne Halvardson Drægni (1983–) frå bnr 37/40 på Tryti. Dei har Anna 2007.
Bnr 1/30 0,03 mark. Denne tomta vart fråskild bnr 1/6 i 1892 til Johanna Hermunddtr Sæbø (1859–1902), ei ugift dotter på bruket. Ho busette seg ikkje der, og kjøpar av tomta var Ingebrigt Jonson Tenål (1867–1932) frå lnr 15e & 1889 Eli Hermunddtr Tenål (1868–1941) frå lnr 15a. Dei bygde hus. Ingebrigt var skreddar. I 1904 overtok han lnr 15a** Tenål, og bustaden vart skøytt til far til Ingebrigt, Jon Ingebrigtson Tenål (1844–1927). Han var småbrukar på Tenål, lnr 15e. I 1927 fekk Marta Oladtr Stadheim (1862–1946) frå lnr 28c heimel til bruket. Deretter overtok Jenny Oladtr Stadheim (1908–) frå lnr 28c eiga, men budde i Kaupanger. I buoppgjeret etter henne gjekk eigedomen til sonen Anders Selseng Westerheim (1946–), Kaupanger, som også stod som eigar i 2003. I 1947 vart huset leigd bort til Svein Kristian Nilsson Wold (1900–1982) frå bnr 26/8 under lnr 81 & 1923 Inga Andersdtr Fosse (1904–1996) frå lnr 35a+34b. Born: Anders 1923 (bnr 26/59 under lnr 20 Føli), Anna 1925 (bnr 41/87 Sjøtunvegen), Jenny 1928 (lnr 117 Hopperstad), Kirsten 1931–31, Kirsten 1933 (bnr 2/23 Vange-aust), Sverre 1935 (Skedsmo, Akershus). Før dette budde huslyden på Hove. Anders Vikøren har kjøpt huset.
Kårhus for bnr 1/2 = bnr 1/193 Draumen. Rett nedanfor ungdomshuset vart det sett opp eit hus for Petter Beintson Tenål (1837–1904) og kona Ragnhild Andersdtr (1843–1916) då dei selde lnr 14b Tenål i 1903. Men då Petter døydde året etter, selde Ragnhild huset til grunneigaren, Johannes Andersson Sæbø (1840–1924) på lnr 2. Frå 1907 brukte Johannes og kona Brita Andersdtr Nummedal (1841–1917) frå lnr 37 huset som kårbustad. Der budde og døtrene Anna Johannesdtr Sæbø (1866–1950) og Johanna Johannesdtr Sæbø (1879–1967). I skifteskøyte etter Anna i 1951 gjekk huset til to brordøtrer frå lnr 2: Borghild Andersdtr Sæbø (1904–1994) og Bergljot Andersdtr Sæbø (1913–1965). Deretter overtok Ragnhild Andreasdtr Røysane-Sæbø (1879–1969), som kom frå Hirt-plassen (sjå nedanfor). Grunnen vart frådelt i 1988 og Gunvor Ivardtr Grov (1942–) vart eigar. Ho bur på bnr 97/177 på Krossen på Vangsnes.
Bnr 1/135 Brekkebø 0,04 mark. Denne tomta vart frådelt bnr 1/24 i 1962 og det vart ført opp hus der. I 1963 vart det kjøpt av lærar Guttorm Brekke og kona Kristina. Dei hadde før dette bustad i Bøadalen skulehus (sjå under Balvoll). I huset har også borna: Kari 1926–91, Johannes 1928 og Olav 1931 vore busette. Etter at Guttorm døydde vart eiga delt mellom Johannes og Olav. Olav Guttormson Brekke (1931–2005) & 1959 Jenny Karldtr Logstein (1935–) frå Stjørdal fekk i Trondheim: Kari Gudrun Ovedie 1959. Ho har overteke Olav sin halvpart av bnr 1/135. Olav og Jenny vart tidleg skilde. Både Jenny og dottera er busette i Stjørdal i Nord-Trøndelag.
Hirt-plassen. Andreas Hansson Vikøyri v270 (1854–1910) & 1877 Brita Andersdtr Sæbø (1850–1905) busette seg i 1879 i Røysane under lnr 2 Sæbø. Brita var frå bruket. Då jorda ikkje vart frådelt, må vi sjå på staden som ein husmannsplass. Andreas («Hirten») bygde sjølv stovehuset, medan uthuset, som kom opp i 1890, var ei gamal stove frå Vikøyri. Far til Andreas dreiv Hopstock mølle på Tenål, og Andreas arbeidde der ved sida av å vera bygningssnikkar. Før 1900 hadde Andreas overteke mølla. Born: Anna 1876 (Bergen), Olina 1877 (sjå note), Hans 1878 (USA 1903), Ragnhild 1879–1969 (ugift), Jensina 1882–1912, Sitona 1883 (USA og Bergen), Johanna 1885 (USA 1909), Brita 1887–1945, Anders 1890 (USA 1907), Inga 1891 (sjå Vangshuset på Vange), Herman 1896–1918 (var kontorist). Før Andreas gifte seg, hadde han fått Ragnhild 1876 med Anna Eirikdtr Hopperstad (1850–1914), sjå lnr 19 Føli. Andreas vart attgift 1906 med Guri Petterdtr Tenål (1865–1952) frå 14b og dei fekk Petter 1908. Andreas flytta til Tenål (sjå vidare under bnr 4/42 under lnr 15b Tenål). Etter 1906 var det born av første ekteskap som disponerte plassen i Røysane. I kart frå 1915 er Ragnhild Andreasdtr Røysane-Sæbø (1879–1969) førd opp som brukar av plassen saman med sysken.
Olina Andreasdtr Røysane-Sæbø (1877–1903) fekk i Bergen Olina 1903 med «kjører» Torgeir «Lien» og som var busett i Kattesmuget i Bergen då barnet vart døypt. Olina 1877 var fattiglem då ho døydde i Bergen.. Olina 1903 vart adoptert av Guttorm og Ragnhild Hønsi på lnr 83a. Johanna 1885 fekk Jenny 1908 før ho reiste til USA. Barnefaren var frå Bergen, og difor vart det kravt at Bergen fattigstyre skulle stå for 2/3 av barnebidraget. «Hirta-Jenny» vart oppfostra av mostrene på plassen. Ho var den sist busette.
Smedhus på bygsla tomt. Ola Jonson Grov (1882–1966)frå plass 1 i Skulen-Grovvar smed. Ola kjøpte ei stove i Ytre Sogn og bygde kombinert smie og bustadhus. Før det budde han i Skulen-Grov. Han gifte seg 1910 med Ingebjørg Jondtr Tenål (1877–1943) frå lnr 18a, og dei fekk: Marta 1905–07 og Marta 1910 (lnr 113 Skjørvo). Huset er eigd av ei dotter til Marta 1910, Ingebjørg Skjerven Bjordal (1950–) og som er busett på bnr 40/14 i Skulen-Grov.
Bnr 1/67 Liljeborg 0,02 mark. Parsellen vart utskilt i 1925 og kjøpt av Olav Jakobson Havnen (1903–1998) frå Hestenesøya. Han bygde hus og byrja som tannlege i bygget i 1939. I 1939 kom bnr 1/60 Ljosheim 0,05 mark inn under eigedomen. Olav gifte seg i 1955 med Maria Hope (1924–) frå Hyen. Dei fekk Eli 1956 (Sørvik ved Harstad), Egil 1956 (Sandane) og Jone Oddvar 1960 (Førde). Familien flytta til Sandane og i 1969 skøytte Olav eigedomen til Norges Kristelige Ungdomsforbund og som i 1972 skøytte til Vik kommune.
Bnr 1/28 Rivedal 0,10 mark og bnr 1/50 0,06 mark. I 1892 vart lnr 2 (= bnr 1/24) frådelt eit jordstykke til Søren Rivedal. I 1907 kjøpte han til endå eit jordstykke. Det vart sett opp eit kombinert bustadhus og hotell i 1894. Det vart drive som hotell fram til ca 1940. Under og etter krigen heldt forsyningsnemnda til i bygget. Søren Eilifson Rivedal (1847–1914) frå Holmedal var handelsmann på Vikøyri, ei tid saman med Ola Hansson Vange, sidan åleine, sjå hus nr 18 på Vikøyri. Søren gifte seg 1885 med Anna Jakobdtr Botolfsen v420 (1864–1950). Dei fekk: Sofie Sesilie 1885 (Hønefoss), Jenny 1888 (Bergen), Erling 1890, Birgitte 1892 (Bergen), Sverre 1902. Erling Sørenson Rivedal (1890–1952) dreiv og landhandleri, men i 1922 vart det akkordforhandlingar og landhandleriet kom aldri over dette. Erling gifte seg 1912 med Sofie Bertine Arnedtr Henjum (1892–1990). Far hennar var ei tid bonde på lnr 32 Stadheim, men kjøpte gard på Leikanger. Erling og Sofie hadde borna: Søren 1914 (Hønefoss), Arne 1915 (Leikanger), Synneva 1917 (Orkanger), Anna 1919 (Oslo). Eilif 1921. Dei skøytte eigedomane i 1984 til borna. Eilif Erlingson Rivedal (1921–1994) & 1951 Liv Larsdtr Voll (1925–1986) frå lnr 80a flytta til Ulvik i Hardanger. Born: Solveig 1953, Kjellaug 1956, Elna 1959. I 1992 vart eigedomen skøytt til Kjellaug Eilifdtr Rivedal (1956–). Ho gifte seg 1978 med Geir Hydle (1945–) frå Ulvik og dei har: Nikolai 1985, Lina 1987, Sara 1989.
Frå bnr 1/24 Sæbø vart det 1993–94 frådelt fire tomter i området sør for Rivedal-eigedomen.
Bnr 1/208. Her vart bygt hus som i 2001 vart kjøpt av Geir Ove Jon-Arveson Holen (1972–) frå bnr 41/58 på Vikøyr-vest & sb Oddveig Renate Nummedal (1987–) frå Dalekvam i Vaksdal. Dei har Jon Arve 2007. Om foreldre til Oddveig: sjå lnr 59 Refsdal.
Bnr 1/210 Sæbøhagen. Busett frå 1999 er: Erna Kirsten Ingebrigtdtr Halrynjo (1948–) frå lnr 65 Hallrynjo & 1971 Egil Sunde (1944–) frå Jølster. Born: Arvid 1974, Frode 1984.
Bnr 1/211 Sæbøhagen I. Busett av: Hans Grønningen (1925–2000) & 1951 Grethe Lund-Nielsen (1931–), båe frå Norheimsund. Born: Aril 1952 (bnr 41/106 i Tomtebu på Vikøyri), Ove 1955 (bnr 41/179 på Sjøtuntunet), Siv 1960 (lnr 43a Myrkaskog), Hans 1970-1970.
Bnr 1/212 Sæbøhagen II. I nytt hus frå 2002 bur her Liv Målfrid Asheim (1933–) frå Brekke sokn i Gulen & 1981 Ingvald Alfson Hønsi (1926–) frå lnr 84b. Før det budde dei på bnr 41/145 i Hovsviki, som Liv framleis eig. Dei har ikkje born.
Innan eit avgrensa område av Røysane, frå sørgrensa for eigedomen til Rivedal sørover mot bustaden til Ohnstad, var det i 1865 seks husmannsplassar fordelt på tre tun. To av desse tuna låg under lnr 1+4, eitt under lnr 2. Ein sjuande plass låg under lnr 3.
Storplass under lnr 1+4. Ivar Olason Tryti (1799–1893) frå lnr 109 & 1823 Gyrid Samueldtr Moane-Grov (1798–1877) frå Samuelplassen fekk borna: Anna 1822 (Vetleøyri s140, så plass i dette tunet), Samuel 1825 (plassen Urdi i Røysane-Sæbø), Anna 1827, Ola 1830 (sjå note), Jon 1833 og Brita 1836 (USA 1867). I åra 1823 til 1836 var Ivar gardsstyrar på Sjøtun. Huslyden kom så til denne plassen i Røysane-Sæbø. I 1865 hadde dei 5,5 daa bygg, 4,2 daa poteter, 2 kyr, 10 smalar og 2 vinterfôra svin. Til denne store produksjonen kan dei ha leigd jord utanom plassen.
På ein anna plass i same tunet var produksjonen i 1865: 2,1 daa poteter, 0,7 daa bygg, 2 kyr, 8 smalar og 3 svin. Der var: kommandørsersjant Berge Lasseson Thune (1824–1910) frå Ortnevik & 1854 Anna Ivardtr Røysane-Sæbø (1822–1899) frå plassen ovafor. Anna hadde vore gift med Matias Olason Vetleøyri s140 (1818–1852) og hadde Synneva 1850 med han. Om Synneva: sjå note lnr 18b Flete i Arnafjord sokn. Anna og Berge fekk: Mathilde 1854–55, Marie 1856 (bnr 1/44 i Røysane-Sæbø), Ivar 1858–62, Mathilde 1861 (til lnr [1+4]v Sæbø) og Gyrid 1863 (bnr 1/5 i Røysavegen-Sæbø), Ivar 1865 (Andenes i Nordland). Berge og Anna var først busette saman med Ivar og Gyrid. Berge var først tambur i 5 år, sersjant i 13 år, furer i 4 år og kommandørsersjant 1869–74.
Ola Ivarson Røysane-Sæbø (1830–) & 1854 Marta Oladtr Hønsi (1831–) frå lnr 82 fekk Synneva 1853. Dei reiste til USA 1854.
Plass lnr 2, deretter bnr 1/66 Røysum 0,30 mark. På ein teig som lnr 2 hadde i Røysane var Ola Ingebrigtson Vikøyri v360 (1792–1881) & 1828 Kari Oladtr Hove (1798–1880) frå lnr 77 busette. Dei hadde ikkje born. I 1865 hadde dei: 0,6 daa bygg, 1,1 daa poteter, 1 ku og 6 smalar på plassen. Ola og Kari flytta til Hove og døydde der som husmannsfolk. Plasshusa i tunet vart truleg overtekne av Anders Andersson i same tunet. Han disponerte dermed to plasshus.
På ein ny plass i same tunet kom Johannes Andersson Sæbø (1831–1887) frå lnr 2 & 1860 Hansina Tuxen Oladtr Sæbø (1837–) frå lnr 1+4. I 1865 var det 3,5 daa poteter og ei ku på plassen. Johannes var son til bonden på bruket. I 1871 kjøpte Johannes og Hansina gard på Hove, lnr 74a+75+78. Plassen vart då overteken av Anders Andersson Sæbø (1846–1920) frå lnr 2 & 1879 Randi Jondtr Fjærestad (1858–1939) frå lnr 95b. Born: Johanna 1879 (Vikøyri v040), Anders 1881, Ragnhild 1884–1884, Ivar 1886 (sjå note), Johan 1888 (Bergen), Anna 1891 (USA 1914), Ragnhild 1898 (Bergen). Anders var skomakar og felespelar. Anders Andersson Sæbø (1881–1959) kjøpte plassen i 1925. Også han var skomakar. Han gifte seg 1918 med Kari Oladtr Hauge (1881–1932) frå Lærdal. Dei hadde ikkje born. Staden vart i 1959 skøytt til Johan Gjertson Seim (1895–1990) etter at han hadde skøytt frå seg lnr 11a Seim. Han og kona Kathrina (1908–2004) busette seg her. Eigedomen er kjøpt av Jostein Nilsson Myrkaskog (1949–) busett i Øvste Hopperstadmarki nr 19. I 2007 vart frådelt bnr 1/246.
Bnr 1/246. Dan Harry Haraldson Sjøthun (1959–) frå Feios & sb Venke Helene Ingvalddtr Gram (1959–) frå lnr 84e Hønsi har bygt hus her. Dei hadde tidlegare Øvste Hopperstadmarki nr 16. Born: Steffen 1986 (Oslo), Tonje 1989 og Aleksander 1997.
Ivar Andersson Sæbø (1886–1961) & Synneva Jondtr Vikøyri v542 (1880–1970) budde i Bergen. Born: Randi (Bergen), Inger 1916 (til bnr 26/38 Hove), Alf (Bergen), Ingrid (Hurum i Buskerud).
Plassen Urdi under lnr 1+4, deretter lnr (1+4)k 0,17 spd. Plassen Urdi låg i det sørlegaste tunet. Før storutskiftinga låg plassen under lnr 2. Men då lnr 1+4 vart seld i parsellar i 1872, fekk plassmannen i Urdi kjøpt både plassen og jord sør for plassen langs Røysavegen.
Ola Sjurson Sæbø (1771–1823) frå lnr 3 & 1801 Helga Oladtr Fjærestad (1774–1823) frå lnr 95+97 var husmannsfolk i Sæbø i 1801. Ola arbeidde kanskje mykje i Sjøtun, og med mykje ansvar, og frå og med 1821 vart han gardsstyrar der. Men Ola og Helga døydde båe av sterkt smittsam tyfus i 1823. Born: Ola 1796 (lnr 52a Orvedal), Sjur 1799–1821, Brita 1801 (truleg død før 1815), Ola 1803 (sjå note lnr 51 Orvedal), Brita 1806–37 (sjå lnr 36d Nummedal om sonen Ola 1836), Rognald 1809 (lnr 31 Stadheim), Synneva 1811 (sjå note lnr 33 Fosse), Anna 1814 (lnr 33 Fosse), Torgeir 1817 (sjå note). Ola Olason Seimsøyri s154 (1796–1860) & 1826 Kari Samueldtr Moane-Grov (1795–1883), husmannsdtr og enkje frå Vikøyri v106, overtok plassen. Ola hadde stadnamnet Sæbø då han gifte seg. Det førte til at han i hefte 3 vart forveksla med Ola 1803 frå denne plassen. Men namnreglar for born og fadrar for borna viser at vi her har rett Ola. Born: Ingrid 1827 («Sameigni» i Hagen-Bøadalen) og Anna 1830–60 (spedalsk). I 1856 måtte fattigkassen betale ¾ av utgiftene som fattigkommisjonen i Bergen hadde hatt ved å senda huslyden tilbake til Vik. Dei hadde vore i Bergen over eitt år. I 1865 var Kari framleis på plassen. Ho fekk fattigstønad frå og med 1871 og kom på legd i 1881. Dei nye plassfolka var: Samuel Ivarson Røysane-Sæbø (1825–1882) frå storplass under lnr 1+4 & 1862 Brita Perdtr Vange (1832–1902) frå lnr 5. Dei fekk borna: Gjertrud 1862 (Lavik), Inga 1864 (Støldal i Lavik), Gyrid 1869 (Lavik). Samuel fekk i tillegg Gyrid 1847–67 (ugift tenestejente) med Synneva Lassedtr Hove (1817–1916) frå sjølveigarplass i Øvre Moane. I 1865 var det: 2,1 daa poteter, 2 kyr, 6 sauer og 3 svin på plassen. I 1872 fekk Samuel kjøpt parsellen lnr (1+4)k 0,17 spd som omfatta meir jord enn plassen. I den nye matrikkelen fekk parsellen bnr 1/11 0,30 mark. Det ser likevel ikkje ut til at Samuel utvida jordbruksdrifta si, for i 1875 var det på småbruket: 0,7 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 ku, 1 kvige, 12 smalar og 2 vinterfôra grisar. Samuel vart i 1875 førd opp som gardbrukar og smed. Ved folketeljinga i 1900 vart Gjertrud 1862 førd opp som sjølveigar på plassen. Jord vart frådelt, og ein rest av bnr 1/11 vart busett av Anders Anfinson Seim.
I same tun var det òg ein annan plass. Der var Lasse Hansson Brekkehagen (1798–1851) frå plass under lnr 88a Brekke & 1821 Kari Sjurdtr «Vigøren» (1801–1886). Born: Ola 1821 (sjå note), Hans 1825 (Vikøyri v286), Per 1828, Bendik 1831 (plassen Brunnadn under lnr 58 Refsdal), Henrik 1834 (Vikøyri v318), Hermund 1837–39?, Inga 1839 (plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove), Ragnhild 1843 (USA 1867). Kari var truleg ein unge som Ragnhild Oladtr Vikøyri v842 (1767–) fekk med ein Sjur frå Hemsedal. Då Kari gifte seg, vart faren kalla «Sjur Olsen Vigøren». Ragnhild var innerst på Vikøyri i 1801 med oppgitt alder 35 år. Ho fekk òg Ola 1794–99 med Mons Markusson Vikøyri v658 (1767–). Lasse med huslyd var først på Vikøyri og kom til plassen i Røysane ca 1836. Per Lasseson Røysane-Sæbø (1828–) & 1853 Inga Nilsdtr Karevoll (1829–) frå lnr 57 fekk borna: Jon 1851, Kari 1853 og Lasse 1856. Huslyden reiste til USA i 1858. I 1865 sat enkja Kari Sjurdtr åleine på plassen i Røysane og hadde: 0,7 daa poteter, 0,2 daa bygg, 6 sauer og 1 svin. I 1875 var denne plassen borte. «Lasse-Kari» fekk fattighjelp frå og med 1873.
Torgeir Olason Sæbø (1817–) & 1851 Barbra Larsdtr Åse (1821–) frå plass under lnr 50 fekk borna: Ola 1847, Brita 1852, Ingebrigt 1861. Borna vart fødde på Åse, men i 1865 dreiv dei ein gardpart på Rislåg, truleg for distriktlege Aall. I 1870 reiste dei til USA, og dei vart då førde opp som plassfolk i Sæbø.
Ola Lasseson Røysane-Sæbø (1821–) fekk Ola 1848 med Brita Rognalddtr Tue (1825–) frå Balestrand. Brita fekk fengselsstraff i 1850. I 1854 er det i kyrkjeboka under «flytting» skrive at ho kom til Vik i 1842 og at ho i 1852 flytta til Bergen. Ola 1821 gifte seg 1849 med Ragnhild Lassedtr Bruavoll (1820–) frå lnr 47. Dei var busette på Vikøyri v814. Dei reiste med born til USA i 1871. Ola Olason Røysane-Sæbø (1848–1934) vart med fattigstøtte oppfostra av bestemora i Røysane. Han gifte seg 1870 med Brita Larsdtr Undredal (1836–1914) frå Aurland. Dei busette seg på Vikøyri v832, der Ola var murar. Han vart kalla «Bakkjen».
***
I 1884 vart småbruket lnr (1+4)k frådelt lnr (1+4)u 0,02 spd = bnr 1/22 0,05 mark, i 1896 bnr 1/31 0,05 mark og i 1905 tre parsellar: bnr 1/43 0,15 mark, bnr 1/44 0,02 mark og bnr 1/45 0,01 mark. Bnr 1/11 var dermed redusert til 0,02 mark og eigar var i 1907 Anders A. Seim. To døtrer til den første eigaren av parsellen var på den tidlegare plassen i år 1900, men selde og flytta til Lavik. Busetnaden på delparsellane følgjer.
Bnr 1/43 0,15 mark. Etter deling av småbruket var dette den største parsellen, og her stod truleg husa på plassen Urdi. Staden vart frådelt i 1905. Ingebrigt Markusson Dyrdal (1877–) frå Kyrkjebø & 1902 Hansina Lassedtr Føli (1874–) frå «nytt bruk» (bnr 6/6..19) busette seg her og fekk mange born. I 1915 stod husa tomme, for Ingebrigt kjøpte dette året lnr 70a Ovri (sjå der om born). I 1926 selde huslyden bruket på Ovri og flytta til Voss. Kjøpar av bnr 1/43 var Anders Sjurson Menes (1868–1948), Balestrand. Han var jekteskipper før han flytta frå Menes. Han gifte seg 1912 med Ingeborg Jondtr Hallrynjo (1865–1947) frå lnr 65 og dei fekk: Anna 1906. Frå 1947 vart staden eigd av Anna Andersdtr Menes (1906–1993) & husmannsson Johannes Ingebrigtson Målsnes (1905–1999) frå Kvamsøy sokn, og dei fekk: Ingrid 1931 og Olga 1933. I 1977 overtok Ingrid Syversen (1931–) og Olga Holstad (1933–2000). Dei budde ikkje i bygda. I 1987 vart frådelt tomtene bnr 1/184 og 1/186, og i 2001 bnr 1/233 (som var den gamle bustadbygningen). Resten er eit tidlegare uthus som i 2003 vart overteke av Terje Iversen (1970–). Eitt husvære er leigd bort.
Bnr 1/233. Lovise Georgdtr (Setevik) Vikøren (1927–) flytta inn i 2002 frå bnr 44/3 under lnr 7 Gotevik. Ho gifte seg 1961 med Yngve Øysteinson Vikøren v984 (1930–1975). Dei hadde ikkje born.
Bnr 1/184 Melheim. Kårhild Melheim (1952–) frå Hafslo & 1977 Oddvin Johan Sigfredson Rinde (1951–) frå bnr 5/3–3 under lnr 26 Stadheim, busette seg her i 1988. Born: Marianne 1980, Stian 1985 (bnr 5/3–3), Kari 1987.
Bnr 1/186 Tryggheim. Hogne Jakobson Hopperstad (1958–2007) frå hus nr 2 på Vikøyri-vest & 1987 Kirsti Jelle (1958–) frå Stranda har: Jakob 1989.
Bnr 1/45 0,01 mark. Til denne parsellen høyrde ein liten teig i Moane-Hove, og som i 1973 vart selt frå som bnr 26/75. Ingebrigt Andersson (Bale) Sæbø (1857–1915) & 1883 Inga Nilsdtr Vikøyri v722 (1859–1915) var eigar frå 1905. Ingebrigt var frå plass 2 i Sæbø. Ved folketeljinga 1900 var Ingebrigt skomakar. Staden vart førd opp under bnr 1/11, men Ingebrigt vart likevel kalla sjølveigande gardbrukar. På sjølve plassen var det mest ikkje jord. I 1915 vart han på nytt kalla gardbrukar. Det var då eit stort bustadhus og eit lite uthus på staden. Born: Nils 1884 (USA 1902), Ola 1886 (USA 1906), Johan 1889 (USA 1907), Brita 1892, Sitona 1895, Ingebjørg 1898, Inga 1900, Anna 1904–14. Ingebrigt hadde òg Jon 1880 (lnr 43 Myrkaskog) med Synneva Hermunddtr Sæbø (1854–1913) frå lnr 3. I 1973 gjekk heimelen til einaste attlevande arving: Sitona 1895, gift Hansen. I 1980 vart bustaden skøytt til Margit Oladtr Hopperstad (1917–2001) frå lnr 119. Brorsonen Hogne Jakobson Hopperstad på bnr 1/186 Røysane-Sæbø overtok eigedomen. Huset har vore leigd bort som husværet.
Bnr 1/44 Nygård + bnr 1/22 0,02 +0,05 mark. Kjøpar av desse to parsellane i 1905 var furer Ola Jonson Vikøyri v498 (1855–1924) & 1880 Marie Bergedtr Thune (1856–1931) frå storplass lnr 1+4 Røysane-Sæbø. Born: Jon 1879 (bnr 1/54 i Røysane-Sæbø), Berge 1886–86, Anna 1881 (USA 1904), Ingeborg 1883 (sjå note), Birger 1887 (USA 1903), Ivar 1889, Synneva 1891 (USA 1911), Jørgen 1893–94, Jørgen 1895 (Vikøyri v552), Olga 1897 (lnr 35b Fosse). Ivar Olason Vikøren (1889–1936) & 1921 Gyrid Oladtr Nummedal (1894–1964) frå lnr 39 overtok i 1932. Born: Marie 1922 (bnr 6/28 Teigum), Olav 1923, Monsine 1924 (bnr 1/48 i Hamnen), Birger 1926 (Geilo, så bnr 1/161 i Hamnen), Gerd 1927 (Sandnes), Olga 1929 (Flekkefjord), Jon 1931 (arkitekt, bnr 1/142 på Skulejordi-Sæbø). Olav Ivarson Vikøren (1923–1999) & 1955 Agnes Palne Henjum (1921–) frå Hermansverk fekk: Ivar 1957 (Oslo), Anders 1961 (Ovestevegen nr 5 i Øyane-Grov), Jo 1962 (Henjum i Leikanger), Turid 1963 (Oslo). I 1977 overtok Agnes farsbruket på Henjum. Etter det hadde huslyden to bustader. I 2001 vart eigedomsretten overførd til Vikøren Eigedom ANS, eit selskap for Anders 1961.
Bnr 1/234 Latlabu frå bnr 1/44 i 2001. Einebustad oppførd av Vikøren Eigedom ANS. I 2003 overtok Marta Stadheim, sjå bnr 2/22 i Røysane-Vange.
Ingeborg Oladtr Vikøren (1883–) fekk Brynhild 1905 med sersjant Sjur Andersson Huke (1881–), Leikanger. Ho gifte seg til Tonstad i Vest-Agder. Brynhild Sjurdtr Vikøren (1905–1959) fekk Ottar Asbjørn 1928 (USA) med kelner Asbjørn Hartmann (1906–) frå Oslo. Ho arbeidde utanbygds, men drukna i elva ved Fosse, Seljadalen.
Bnr 1/11 Sæbø 0,02 mark + bnr 1/31 0,05 mark var to partar av lnr (1+4)k, den siste tilkjøpt i 1896. Dette var den sørligaste delen av den opphavlege plassen. Her vart busett Anders Anfinson Seim (1860–1944) frå bnr 1/11 & 1886 Johanna Jensdtr (Kvåle) Kvam (1859–1951), uekte plassdtr frå Sogndal. Born: Anfin 1886 (sinnsjuk), Anna 1888, Claudius 1891 (Bergen), Olav 1894 (Oslo), Bernhard 1896 (Bergen), Maria 1898, Arnulf 1900–40, Ingvar 1902 (Årdal). Familien hadde både kyr og sauer. Det var teig både i Moane-Grov og på Vetleøyri. Anders var ved Vik Forbruksforening 1882–1906 og var styrar 1907–22. I åra 1928–1934 hadde han eigen forretning. I 1963 fekk Olav 1894 skøyte på staden og i 1983 Jan Olav Johanson Andersen (1956–) frå bnr 41/109 på Tomtebu på Vikøyri & 1977 Eivor Buue (1955–), Høyanger. Born: Christian 1979, Mari 1983. Dei flytta til Oslo og er skilde. I 2005 overtok Gerd Marie Johandtr Bendiksen (1965–) frå Stord & sb Gerhard Einarson Brekke (1972–) frå Lille-Breivik på Askøy. Dei har Erika 2004. Gerd Marie er dotter til Anne Karin 1944 frå bnr 26/8 Voll. Gerhard er son til Oddbjørn 1937 frå bnr 63/4 på Frettheim i Arnafjord sokn.
Bnr 1/177 Britebu, utskild frå bnr 1/11 i 1984. Busett av Ottar Wiik (1952–) frå Eidslandet & 1978 Kari Gravdal (1951–) frå Kyrksæterøra. Born: Brita 1978 (Årås, Austrheim i Nordhordland), Kristian 1986.
Bnr 1/145 Helghein 0,01 mark vart frådelt bnr 1/57 i 1968. Her vart busett: Martin Leifson Larsen v648 (1935–) frå Vikøyri-Sæbø, & 1962 Bjørg Hovlandsdal (1941–) frå Tjugum i Balestrand. Born: Britt 1962, Helge 1963, Terje 1965, Torunn 1965. I 1975 flytta huslyden til Florø og eigedomen vart i 1976 selt til Gunnar Solberg (1935–) frå Bergen. Han gifte seg i 1955 med Ingeborg Eide (1932–2001) frå Strandebarn. Dei har: Stein Gunnar 1955 (Prestvegen 23 i Prestberget), Per Åsmund 1966, Mary Anne 1957 (Voss), Tove 1961 (Voss). Gunnar og Ingeborg flytta til stranda ved Kyrelvi, bnr 3/5–1, sjå Vetleøyri, og bustaden vart 1996 skøytt til Per Åsmund Gunnarson Solberg (1966–) & 1992 Siv Oddbjørndtr Helgås (1967–) frå Ovestevegen 21 i Øyane-Grov. Dei har: Sander 1989, Sara 1993, Elida 1996, Tilda 1996.
Plass under lnr 3. Denne plassen var den sørlegast av plassane i Røysane-Sæbø og låg litt frå Røysavegen. Fram til storutskiftinga låg plassen truleg under lnr 1. I 1865 var det: 0,4 daa bygg, 0,7 daa poteter, 1 sau og 2 grisar på plassen. Her var tre generasjonar husmannsfolk. Dei første var korporal Styrk Olason Vikøyri v730 (1717–1774) & 1745 Synneva Sjurdtr Hopperstad (1731–1796) frå lnr 117+118+121 med borna: Kjell 1746–46, Sjur 1747–49, Eli 1750 (sjå note), Randi 1753 (Huglagjerde på Ovrisdalen), Kjell 1756 (Vikøyri v562), Sjur 1756. Ei tenestejente på Hove, Johanna Oladtr frå Lærdal, fekk Marta 1754. Om faren «vites intet». I kyrkjeboka er det i 1756 innført at ho «løgnaktig» hadde gitt opp at faren var Elling Olason Bø, men hadde no tilstått at barnefaren var den gifte korporalen Styrk Olason. Johanna og Marta ser vi ikkje meir til. Sersjant Sjur Stykson Sæbø (1756–1834) & Brita Ellingdtr (1760–1800) fekk: Synneva 1789 (Vikøyri v484, sjå òg note lnr 80b Voll), Brita 1794 (plass 2 i Skulen-Grov), Styrk 1797–99. Sjur vart attgift 1801 med Mari Ingebrigtdtr Seim (1766–1838) frå lnr 12 og dei fekk: Styrk 1801, Brita 1804 (lnr 12 Røyrvik), Ola 1807. Styrk Sjurson Sæbø (1801–1831) & 1829 Borghild Perdtr Høgheim (1803–1868) frå Fresvik fekk: Synneva 1827–31 og Per 1829 (Vikøyri v884). Huslyden var innerstar i Sæbø. Borghild vart i 1833 attgift til plass 2 i Skulen-Grov. Ola Sjurson Sæbø (1807–1888) & 1835 Brita Knutdtr Tønjum (1806–1890) frå Lærdal fekk borna: Marie 1835 (sjå note lnr 84 Hønsi), Johanna Marie 1837, Brita 1840, Sigrid 1843, Sjur 1846–56. Ola og Brita reiste til USA i 1866. Også borna utvandra.
Eli Styrkdtr Sæbø (1750–1812) gifte seg 1778 med Hermund Johannesson Seim (1745–1787) frå lnr 11, i 1787 med skomakar Anders Hansson (1761–) og i 1808 med Johannes Monsson Bakka (1775–1827) frå Aurland. Eli fekk ikkje born. I ei skatteliste frå 1816 vart Johannes førd opp som husmann under lnr 1, men då han døydde står han som strandsitjar på Vikøyri. Johannes «Sæbø» vart attgift 1814 med Guri Hermunddtr «Vikøyri» (1760–1834). Guri har vi ikkje identifisert. Ho var i teneste på Føli i 1801. Johannes hadde lånt 110 rdl på veksel av Anders Frethein i Flåm, og han skulda over 45 rdl til ein handelsmann i Bergen. Han var i 1811 ille ute då han ikkje makta å betala for seg. Korleis det gjekk i retten, veit vi ikkje.
Bnr 1/52 Solvang 0,08 mark. Denne tomta vart frådelt bnr 1/6 i 1912 til lærar Anders Sværen, men korkje han eller den neste eigaren frå 1940, Ola Sveinson (Åse) Orvedal busette seg der. Men Sværen sette opp driftsbygning. I 1940 vart kjøpt til bnr 1/75 0,02 mark. I 1956 vart staden skøytt til Johannes Jonson Brekke (1920–2002) frå bnr 39/28 under lnr 123 Hopperstad & 1951 Anna Oladtr Linde (1922–1995) frå lærarbustaden i Gildhus. Johannes bygde hus på staden saman med faren. Johannes og Anna fekk: Jorunn 1952, Jarle 1954 (Voss), Oddgeir 1960 (Etne). I 2002 overtok Jorunn Johannesdtr Brekke (1952–) & 1974 Asbjørn Noreide (1945–). Dei har ikkje born. Dei budde tidlegare i Hatlevegen 1 i Prestberget.
Lnr(1+4)m Sæbø 0,07 spd = bnr 1/12 0,12 mark. Ola Andreas Olason Ohnstad (1824–1914) frå Aurland var fiskerioppsynsmann for heile Sognefjorden. I 1865 budde huslyden på Hove, men ikkje lenge etter må dei ha bygt hus på denne eigedomen i Røysane. Ola Andreas fekk i 1870 også skøyte på lnr 18b* Tenål (= bnr 4/30 0,29 mark). Ved fordeling av vegroder etter skyld i 1880, vart det sett opp 0,50 spd for Ola, så då dreiv han utvilsamt også jorda på Tenål. Ola gifte seg 1861 med Anna Knutdtr Undredal (1831–1923) frå Aurland. Anna var jordmor. Born: Kristine Marie 1862, Knut 1863, Anna Dorthea 1863, Ola 1867, Knut 1871–73. Dei to første borna er ikkje fødde i Vik. I 1875 hadde dei 0,3 daa bygg, 1,7 daa poteter, 2 kyr og 1 ungfe på plassen. I 1938 vart staden skøytt til Helge Olason Nummedal (1910–2001) frå lnr 38 & 1939 Gyda Johndtr Midtun (1913–1999) frå Vetlefjorden. Dei fekk: Olav 1939 (til Sverige). Helge bygde nytt hus på eigedomen. Der hadde han òg snikkarverkstad og fjøs. Eigedomen er kjøpt av Inge Berntson Fridell (1954–) frå bnr 41/116 i Sjøtunvegen. Gamlehuset var skilt ut som bnr 1/204 i 1991.
Bnr 1/204 Sæbø. Gamlehuset er eigd av Liv Gunvor Mundal (1959–) frå Fjærland og sb Geir Audunson Alme (1960–) frå Feios. Born: Solveig 1991 og Erlend 1994. Liv Gunvor og borna flytta til Voss.