Moane-Hove
Før utskiftingane var jorda i Moane-Hove sterkt oppstykka i små teigar. Jorda var steinfull. Likevel var det mange åkerlappa med kantar av rydningsstein. Dei hadde ei form som tyder på at dei vart spadde. Fram til 1815 var det meste ikkje busetnad i Moane. Deretter kom mange husmannsplassar. Seinare kom det fleire småbruk i Øvre Moane. Somme var tidlegare husmannsplassar, og i folketeljinga i året 1900 finn vi ikkje ein einaste husmann på Hove.
Nedre Moane ligg på same terrasse som Moane-Grov. Her var jorda lenge verna mot bygging på grunn av militære interesser.
Stadnamnet Moane var mykje brukt i kyrkjeboka for folk som budde i Moane-Hove. Somme bruket også Mo som slektsnamn.
Lnr [(71+73)e+(71+73)b]e1 0,73 spd = bnr 26/12 Guhaugen 1,00 mark. I 1874 selde Sjur Person denne delparsellen til Petter Andreas Olason Sæbø (1844–1909). I 1875 var Petter busett på parsellen saman med faren, den tidlegare storbonden Ola Nilsson Sæbø (1803–1887) på lnr 1+4, og systrene Olina 1849 og Fredrikka 1851. Dei hadde òg ei tenestejente jamvel om det ikkje var meir enn 0,7 daa poteter, 3 kyr og 4 smalar på plassen. Petter var handelskar. Han kjøpte i 1877 lnr 17a Tenål og flytta dit. I 1886 sat Petter framleis som eigar av Guhaugen, men det er uklart om han dreiv jorda frå Tenål eller leigde ho bort. Staden vart kjøpt av Ivar Jonson Moane-Hove (1840–1899) frå lnr 76b & 1863 Marta Tordtr Moane-Hove (1835–1911) frå bnr 26/16 omkring 1886. Dei kom frå ein husmannsplass under lnr 77a, sjå note. Kanskje hadde dei og vore busette på lnr 76e 0,05 spd eller lnr 76d 0,03 spd, to parsellar som dei kjøpte i 1876 og 1881, men som dei selde att til Asle Sveinson Voll. I 1875 hadde Ivar og Marta 0,6 daa bygg, 0,7 daa potet, 1 ku, 6 smalar og 1 svin. I 1889 kjøpte dei som tilleggsjord ein parsell av lnr (71+73)a, bnr 26/2 0,10 mark. Ivar og Marta hadde borna: Jon 1862, Tor 1865–87, Guri 1867–67, Guri 1869–69. Ivar var bygningssnikkar. Byggmeister Jon Ivarson Hove (1862–1941) & 1886 Anna Anfindtr Seim (1864–1921) frå lnr 9 fekk borna: Anna 1887 (til «Dankert-Anna-huset» under lnr [1+4]c Sæbø), Marta 1888 (bnr 13/2 av lnr 44 Øvstedal), Tora 1890 (lnr 13a3 Tenål), Olina 1892 (USA 1911), Inga 1893 (USA 1911), Ivar 1896 (sjå Balvoll, Prestmyri), Eli 1897 (Vikøyri v504), Anfin 1900–22. Jon dreiv mykje utanfor bygda, særleg med bygg for museum og med restaurering av kyrkjer. Han fekk Kongens fortenestemedalje. Bruket vart selt på tvangsauksjon i 1933 til Helge Lasseson Føli (1879–1969) frå eit samansett bruk på Føli & 1906 Unni Jensdtr Hønsi (1882–1950) frå lnr 84a. Born: Helga 1902 (bnr 9/5 Vetle-Nummedal), Eli 1907 (lnr 125 Hopperstad), Jensina 1909 (Lærdal), Sigrun 1913 (var heime). Leif 1915 (til Sunnfjord), Jens 1917. Jens Helgeson Følid (1917–) overtok småbruket. Han hadde 3 kyr, 8–9 sauer og 4–5 ungsmalar og dreiv ei tid med oppal av kviger.I 1985 vart bruket skøytt til Unni Olavdtr Hopperstad (1946–) frå lnr 125. Ho gifte seg 1973 med Kjell Opheimshaug (1949–) frå Hafslo, og dei bygde nytt bustadhus. Dei kom frå Hatlevegen 11 i Prestberget. Dei er skilde og Kjell bur i 2007 i Bjugn, Sør-Trøndelag. Born: Eli Renate 1976 (Strusshamn, Askøy, gift med Bjørn Moheim, sjå bnr 40/21 i Moane-Grov), Per Olav 1981.
På ein plass under lnr77a var jordbruket i 1865: 0,7 daa poteter og ei ku. Plassfolka var Ivar Jonson Moane-Hove (1840–1899) frå lnr 76b & 1863 Marta Tordtr Moane-Hove (1835–1911) frå bnr 26/16. Dei overtok seinare bruket Guhaugen.
Lnr (71+73)b6 Hove 0,17 spd = bnr 26/16 0,81mark. Data for 1865: 1,1 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 kyr, 16 smalar og 2 svin.
I 1816 vart Nils Eilifson Hove (1780–1846) frå lnr 74 & 1805 Kari Tordtr Holstad (1781–1857) frå lnr 86 førde opp som husmannsfolk i Moane-Hove under lnr 71. Men Nils hadde i 1809 fått skøyte på plassen. Men han vart ikkje skyldsett og fekk difor ikkje eige løpenummer i matrikkelen i 1838. Nils og Kari fekk borna: Tor 1806, Eilif 1809 (lnr 44b Øvstedal), Sigvor 1813 (sjå bnr 26/32 Moane-Hove), Synneva 1816 (plassen Haugen på Turvoll), Ola 1819–39. I 1861 fekk Tor Nilsson Moane-Hove (1806–1880)skøyte på lnr (71+73)b6 som kanskje no omfatta meir jord enn den tidlegare plassen. Tor gifte seg 1832 med Guri Johannesdtr Vikøyri v466 (1805–1845). Dei hadde borna: Nils 1832, Marta 1835 (bnr 26/12 Guhaugen), Kari 1838 (Lindås, Hordaland), Johannes 1841 (bnr 26/19 av lnr 71+72, så Teigum på Ovrisdalen), Brita 1843 (USA 1969). Tor vart attgift 1847 med Brita Markusdtr Hovland (1807–1885) frå lnr 4b Hovland i Vangsnes sokn. Dei fekk Markus 1849 (lnr 80b Voll). Brita hadde frå før Jon 1838 med Ola Jonson Nummedal (1802–1849) frå lnr 36. I skifte 1881 etter Tor og Brita vart bruket utlagt til Nils 1832, som inntil då hadde vore lærar og kyrkjesongar i Lærdal. Nils Torson Hove (1832–1913) & 1858 Brita Sjurdtr Hovland (1829–1905) frå lnr 4b fekk borna: Guri 1860–1917 (ugift), Brita 1860 (ugift), Tor Oluf 1862, Karl Severin 1863 (USA), Per Ludvig 1865 (USA 1884), Nils 1867, Johannes Martin 1868 (til Voss). Nils Nilsson Hove (1867–1944) & 1890 Sitona Katrina Vedo Johannesdtr Hove (1865–1914), frå bnr 26/21 av Valentinsen-bruket, hadde: Kristina 1890 (Hafslo), Johanna 1891 (USA 1912), Brita 1893 (USA 1910), Tor Olaf 1896 (USA 1915), Anna 1900-1916, Ragnhilda 1907 (Oslo), Nils Harald 1915 (Oslo). Nils 1867 vart kalla «Vetle-Torsen». Då huslyden brukte Thorsen som etternamn, vart namnet hans skrive «Nils Thorsen d.y.» i kyrkjeboka. I 1910 kom bnr 26/36 Øvremo 0,09 mark inn under bruket. Nils og Sitona var mellom dei som fekk det vanskeleg økonomisk i 1930-;åra. I 1931 og 1933 var det utpanting på bruket og i 1937 og 1938 utleggsforretning (mellom anna for gjeld til bakar Edvard Vikøren). I 1942 vart bruket selt til Karl Hafsten (1891–1979) frå Rakkestad. Han var skuledirektør for NS. Nils Harald 1915 tok over på odel. Han selde det vidare til Endre Tuxen Olason Hove (1903–1971) frå bnr 26/21 & 1935 Anna Samueldtr Grov (1908–1997) frå bnr 40/15 i Moane-Grov. Born: Kristina Marie 1935, Ola 1936 (bnr 26/21 Hove), Samuel Tuxen 1939–2003 (Trondheim), Anne Gunnhild 1947 (bnr 2/55 Vange-aust). Frå farsbruket på Hove fekk Endre med seg bnr 6/7 Føli 1,35 mark. Bruket gjekk i 1973 til Kristina Marie Endredtr Hove (1935–) & 1954Kåre Larsson Voll(1922–1996) frå lnr 80a. Born: Eivind 1955, Kirsten 1957 (til Larvik), Leif Arve 1958 (bnr 97/215 under lnr 195c Vangsnes), Åsmund 1961 (Bergen), Anne Marie 1966 (lnr 64 Stedje). Kåre eigde frå før bnr 27/7 Teigum under lnr 80a Voll og der vart huslyden buande. I 1987 vart bruket skøytt til Eivind Kåreson Voll (1955–) & 1980 Marit Magnedtr Nordeide (1956–), Voss. Marit er dotter til Helga 1930 frå lnr 105 Tryti. Eivind og Marit bur på bruket. Dei har ikkje born.
Bnr 26/39 Moås 1,56 mark. Dette småbruket vart utskilt frå lnr (71+73)a Hove i 1928 og var bygt opp av Ole Olason Hove (1907–1987). Han gifte seg 1940 med Tora Helgedtr Skjerven Ovri (1910–1975) frå lnr 70a og dei fekk: Ola 1940, Helge 1940–61, Åshild 1948 (bnr 39/20 på Hatlekolo), Anne Torunn 1955 (Øvste Hopperstadmarki nr 24). I 1974 gjekk bruket til Ola Olason Hove (1940–) & 1969 Marit Karin Kaland (1949–), Salhus. Born: Brit Torunn 1969 (Bærum), Janne Helen 1972 (Åsane).
Lnr (71+73)b8 + lnr 74d i alt 0,10 spd = bnr 26/18 0,10mark. Denne parsellen i Moane i reina mot Vange vart i 1861 kjøpt av Anders Kjellson Vetleøyri s104 (1833–1905) og vart i 1865 skøyte vidare til Lars Lasseson Hove (1814–1897) som busette seg der. Lars var frå sjølveigarplassen nedanfor. På denne eigedomen var det i 1865: 1,7 daa bygg, 1,1 daa poteter, 6 smalar og 1 svin. Lars gifte seg 1844 med Guri Styrkdtr Vikøyri v930 (1820–1861) og dei fekk: Lasse 1845, Anders 1847, Styrk 1852 (bnr 26/9 av lnr 71+73 Hove), Sesilia 1856 (USA 1875). Fødselsdata for Guri manglar i kyrkjeboka. Anders Larsson Hove (1847–1925) & 1880 Gjertrud Sjurdtr Gotevik (1854–1910) frå lnr 7 fekk borna: Lars 1881–81, Guri 1883 (USA 1900), Anna 1885 (USA 1904), Olina 1886–1962, Gyrid 1888–88, Sesilia 1889–89, Sitona 1890–90, Sesilia 1892–94, Sjur 1896, Lovisa 1898–99. Anders hadde òg Guri 1874 med Gro Evendtr Vetleøyri s041, s048 (1845–), Sjur Andersson Hove (1896–1970) fekk skøyte på plassen i 1923. Han skreiv seg for Mo. Han hadde nokre sauer i eit lite uthus. Plassen er nedlagd.
Sjølveigarplassen Øvre Moane.I1806 fekk Lasse Andersson Seimsøyri s020 (1771–1851) skøyte på ein plass under lnr 74. Denne plassen vart ikkje skyldsett, men ved tvangsauksjon i 1837 vart det stadfesta at Lasse eigde plassen. I 1865 vart plassen skyldsett til 0,02 spd. Lasse gifte seg 1805 med Gyrid Guttormdtr (1774–1864) og dei fekk: Anders 1806, Sigrid 1809, Jon 1810 (lnr 76b Hove), Lars 1814 (husmann, så til bruket ovafor), Synneva 1817 (sjå note). Gyrid har vi ikkje identifisert. Dåpen står ikkje i kyrkjeboka. Ho var tenestejente på Hove i 1801. I 1847 vart plassen skøytt til sonen Jon Lasseson Hove (1810–1895) og kom deretter inn under småbruket lnr 76b i Moane-Hove,eigd og drive av Jon 1810. Jon let Anders Lasseson Hove (1806–1842) & 1838 Ragnhild Knutdtr Vikøyri v574 (1813–) bu på plassen. Dei fekk Synneva 1837 og Lasse 1839 (sjå note). Ragnhild gifte seg på nytt 1844 med Eirik Eirikson Ytre Nesse (1815–1898) frå Kvamsøy sokn. Born: Eirik 1844, Marta 1847, Ingeleiv 1847, Knut 1850, Sesilia 1845, Anders 1857. I 1865 hadde dei: 0,4 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 ku, 7 sauer og 1 gris. Eirik, Ragnhild og dei seks siste borna reiste til USA i 1866. Plassen kom så inn under det følgjande bruket.
I 1865 var Synneva Lassedtr Hove (1817–1916) på ein annan plass. Ho hadde då 2 sauer og 0,35 daa poteter. Lasse-Synneva hadde ei lita stove på andre sida av vegen mot bnr 26/32 Mo. Synneva fekk Gyrid 1847–67 (ugift, tenestejente) med Samuel Ivarson Røysane-Sæbø (1825–1882) frå storplass under lnr 1+4. Lasse Andersson Moane-Hove (1839–1885) & 1886 Kari Johannesdtr Balvoll (1835–1934) frå plass under Prestteigen-Midlang reiste til USA i 1866.
Lnr 76b Moane-Hove (Mo) 0,20 spd. På ein husmannsplass i Moane var: Ivar Larsson Hove (1789–1831). Han var son til bonden på lnr 76. Ivar var med i krigen 1809–15. Han gifte seg 1825 med Brita Guttormdtr Hønsi (1790–1864) frå lnr 83 og dei fekk: Lars 1824–40 og Inga 1826. Enkja «Brita i Moane» fekk fattighjelp frå 1849. Ho døydde som fattiglem på Stedjeberget.
Det var truleg plassen etter Ivar og Brita som vart kjøpt i 1840 av Jon Lasseson Moane-Hove (1810–1895) frå sjølveigarplassen Øvre Moane & 1836 Randi Johannesdtr Voll (1812–1873) frå lnr 80. Jon dreiv med bondehandel i kommisjon. Han hadde skute og reiste mykje til Bergen. Born: Lasse 1834, Johannes 1837, Ivar 1840 (bnr 26/12 Guhaugen, Moane-Hove), Anders 1843–44, Ola 1845 (lnr 36b Nummedal), Brita 1852 (lnr 20a Føli), Anna 1855 (lnr 8 Vange). Jon og Randi bygde opp hus på plassen. Frå 1837 og ei tid framover pakta dei lnr 74a, men i 1845 dreiv Jon truleg lnr 76b + lnr 74b og sjølveigarplassen til faren. Han hadde då: 2,2 daa bygg, 5,6 daa poteter, 3 storfe, 19 vinterfôra smalar og 3 svin. I 1861 fekk Jon kjøpt til 0,18 mark av lnr (71+ 73)bog i 1870 0,30 spd av lnr (74+75+78).Samla skyld var dermed 0,68 spd. Dette vart omforma til bnr 26/15 0,99 mark. I 1865 hadde han: 2,2 daa bygg, 2,8 daa poteter, 2 kyr, 13 smalar og eitt vinterfôra svin på bruket. I 1891 vart bruket skøytt til Lasse Jonson Moane-Hove (1834–1912). Han var gifte med Gyrid Ivardtr Åberge (1824–1899) frå Sogndal, hadde lærarpost i Balestrand og hadde flytta dit. Han skøytte difor bruket til ein yngre bror. Johannes Jonson Moane-Hove (1837–1901) & 1860 Kristi Halvardtr Berge (1838–1927) frå Lærdal fekk borna: Randi 1859–61, Jon 1862 (bnr 1/5 i Røysavegen-Sæbø), Martin 1865–91, Hans 1867 (Luster), Randi 1869–94, Anna 1872 (Luster), Johan 1875 (Oslo), Kristina 1877 (Luster), Ola 1880–97, Johanna 1882. Johannes var skreddarsersjant. Svært mange i huslyden døydde unge av tuberkulose. Johanna Johannesdtr Mo (1882–) & 1914 Karl Magnus Knævelsrud (1888–) frå Nannestad busette seg i Bergen. Men det var dei som overtok eigedomen. I 1949 var bruket, bnr 26/15 0,82 mark, eigd av Magnus, Kåre og Odd Knævelsrud. Huset er no feriehus. Jorda er komen under bnr 26/13 Hove. I 2007 er Ole Petter Oddson Knævelsrud (1950–) eigar. Han er busett på Voss.
I 1865 var Johannes Jonson Moane-Hove & Kristi Halvardtr på ein plass under bruket. Dei hadde då 0,7 daa poteter og ein sau. I 1875 vart Johannes framleis husmann, men var òg skreddarsersjant. Johannes og Kristi overtok seinare sjølve bruket.
Bnr 26/42 Øvremo I 0,32 mark. Denne parsellen vart skilt ut frå bnr 26/4 i 1936. Kjøpar var Anders Tollakson Vikøyri v950 (1885–1953). Han var gift og busett på Voll, slik at parsellen då ikkje vart busett. Guttorm Olason Kinden (1918–1997) frå hus på Teigum på Ovrisdalen, lnr 22a, & 1947 Margit Perdtr Hove (1918–) frå lnr 79a Hagen-Hove kjøpte staden. Guttorm arbeidde på trevarefabrikken. Born: Odd 1950 (lnr 81 Voll), Per 1953 (Sirdal, så Leikanger). Guttorm og Margit sette opp hus som vart flytta frå Gjert-tunet (Blixtunet). Staden er eigd av Odd 1950.
Bnr 26/32 Mo 0, 12 mark. Denne parsellen vart skilt ut frå lnr 77a i 1904. Det var ein tidlegare husmannsplass. I 1865 var det: 0,4 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 ku og 2 vinterfôra sauer på plassen. Plassfolka var då: husmannsson Lasse Hansson Grønsberg (1824–) & 1851 Sigvor Nilsdtr Hove (1813–1861) frå bnr 26/16 av lnr 71+73. Dei fekk borna: Anna 1848, Kari 1856. Lasse var murar. Han og borna reiste til USA i 1876.
Husmannsson Martinus Urdal Olason Bakkane (1847–1921) frå Fortun & 1872 Anna Katrina Kristendtr (1844–1902) frå ein plass under Øvre Høyeim i Luster kom til plassen. Born: Ola 1872 (USA i 1892) og Per 1874–1948 (Stavanger). Ved teljinga i 1900 er Martinus og Anna førde opp som jordbruksarbeidarar. Martinus (Martin) gifte seg på nytt 1903 med Johanna Nilsdtr Vange (1856–1940). Ho hadde Ragnhild Jondtr Vange (1831–1900) frå plass 1 på Vange fått med Nils Tomasson Mo/Njøs (1831–) frå Leikanger. Johanna vart kalla «Lustrakjerringi». Det må vera ein «tittel» ho arva etter første kona til Martin. Martin kjøpte plassen i 1904. Staden vart kjøpt av Marie Jensdtr Alrek (1875–1965) frå lnr 62 i Arnafjord sokn. Foreldra henna flytta med born til Bolstad i Kvamsøy sokn. Marie gifte seg 1907 med bonde Hans Gullakson Alrek (1871–1919) på lnr 63 og dei fekk Ingebjørg 1908. Etter at mannen døydde flytta Marie til Moane-Hove med Ingebjørg og ei syster, Johanna Jensdtr Bolstad (1884–1973). Marie bygde hus på staden. Marie og Johanna tok på seg dagsarbeid, som flatbrødbaking.
Ingebjørg 1908 gifte seg med Einar Skagen, sjå lnr (1+4)c Sæbø.
I åra 1953–82 var staden eigd av Olav Knutson Sagerøy (1911–1996) frå Jostedal & 1946 Anna Jondtr Myrkaskog (1915–2001) frå lnr 43a. Born: Marta Marie 1950 (Hordvik ved Bergen), Kjell 1953, Jon 1954 (bur i Vik), Anbjørg 1956 (Vossestrand). I 1982 overtok sonen Kjell eigedomsretten og i 1985 vart eit nytt bustadhus busett. Kjell Olavson Sagerøy (1953–) & 1975 Ingunn Oladtr Midlang (1956–) frå bnr 35/6 har: Jan Ove 1975 (Voss), Hege 1979 (bnr 97/130 under lnr 196a Vangsnes), Kjetil 1985. Kjell og Ingunn er skilde og ho bur på bnr 2/83 i Røysane-Vange.
Bnr 26/75 Moane-Hove. Dette var ein teig som hadde høyrt inn under bnr 1/45 Røysane-Sæbø og som eigaren selde frå i 1973 og som i 1975 vart busett av Hildur Edvarddtr Breilid (1942–) frå bnr 40/10 Vikøyri-vest & 1969 Agnar Haraldson Grov (1942–) frå bnr 40/25 i Skulen-Grov. Dei har: Ole Edvard 1978 (Bergen).
Rekkehus, Vikfalli. I 1870 fekk enkja Marie Endredtr Sæbye skøyte på lnr (74a+75+78)b 0,15 spd. Jorda låg i Moane-Hove og fekk bnr 26/22 0,22 mark. Eigar i 1965 var Olav Vangsnes, busett i Bergen. Etter skøyte i 1966 vart det meste, bnr 26/43 0,18 mark, busett med fem rekkehus av Vikfalli. Desse rekkehusa vart overtekne av Statskraft. Bnr 26/95 er framleis eigd av Statskraft og blir brukt som gjennomgangsbustad; bnr 26/96 er eigd av Statskraft, men bortleigd til Arild Lars Austrheim (1938–2007); bnr 26/97 vart i 1998 kjøpt av Ingrid (Risløv) Fossen (sjå note lnr 55b Rislåg); bnr 26/98 kjøpt i 2000 av Gerd Helene Leira (kom frå Prestvegen 18 i Prestberget); og bnr 26/99 kjøpt 2001 av Erna Endredtr Ovrid (1960–) frå lnr 69.
Plass under lnr 71. Til denne plassen, som truleg låg i Moane, kom Ola Olason Hopperstad (1760–1798) frå lnr 115 & 1794 Gyrid Oladtr Hove (1758–1806) frå lnr 72. Dei fekk Anna 1796 (Tjugum, Balestrand). Gyrid gifte seg oppatt 1802 med Botolv Andersson Eitorn (1780–) frå Leikanger. Dei hadde ikkje born. Botolv døydde kanskje før 1815.
Jon Ingebrigtson Hove (1802–) & 1826 Brita Guttormdtr Gullteigane (1803–) frå lnr 53 var husmannsfolk i Moane-Hove. Dei fekk følgjande born i Moane: Jon 1823, Agata 1826. Ragnhild 1831, Guttorm 1835, Brita 1835, Ingebrigt 1838, Guri 1841. Dei vart deretter husmannsfolk på Rislåg. Jon, Brita og fleire av borna reiste til USA. Jon var son til Ingebrigt Olason Hove og Agata Mortendtr Hove på lnr 73. Sjå også: lnr 54 Rislåg og «Plassar i Rislåg».