Kålhagen

Det opphavlege namnet for Kålhagen var truleg Kalvehagen. Før utskiftingane hadde både Hove, Hopperstad, Grov og Sæbø jord i dette området.

Husmannsplass i Kålhagen. På jord under prestegarden Grov var Anders Sjurson Dale (1761–) husmann. Husmannsstova låg truleg på ein liten teig som Grov hadde og som seinare vart kjøpt av Ola Liljedahl. Anders gifte seg 1798? med Mari Perdtr Fossen (1769–1799). Anders og Mari var båe frå Kyrkjebø. Dei fekk Per 1799 (plass i Finnabotnen i Arnafjord sokn). Anders vart attgift 1804 med Brita Hansdtr Vikøyri v306 (1754–). Dei hadde ikkje born og dei døydde truleg båe i 1805. Til denne plassen kom Trond Jørgenson Steile (1771–) frå Vang i Valdres & 1803 Helga Oladtr Fjærestad (1766–1834) frå lnr 95+97. Dei fekk: Brita 1802 (Vikøyri v120, så lnr 52b Huglagjerde på Ovrisdalen), Ola 1805–05, Jørgen 1807 (konfirmert 1822, Bergen).Trond hadde broren Jørgen 1774 på Vetleøyri s098 og systera Marta 1768 på Vikøyri v466. Dei to brørne var soldatar i Vik i 1801. Trond var plassmann under Grov i 1816 og det må vera denne huslyden som var på ein plass utan jord under Grov i 1825. Då sonen Ola 1805 døydde, var stadnamnet «Hoppestranden», noko kan tyda på at husmannstova låg ved elva Hopra.

Bnr 26/30 Heimdal 0,63 mark. I 1865 var det: 1,1 daa bygg, 1,4 daa poteter, 2 kyr og 1 sau på bruket.

Dei to systrene Manthey kjøpte ein stor part av lnr 20 Føli i 1847, og denne parten brukte dei til makeskifte med Hove-jord i Kålhagen. Dei fekk dermed lnr 79c 0,40 spd. I 1849 fekk dei i tillegg kjøpt lnr 119b Hopperstad 0,03 spd og lnr 120b 0,02 spd. Desse tre delane vart seinare samla til bnr 26/30 Hove 0,63 mark. Louise Manthey (1811?–) og Wilhelmine Manthey (1816?–) var systrer til Hanne Sophie Manthey, som var gift med sorenskrivar i Ytre Sogn Johan Henrik Cappelen og som i åra 1833–37 budde i Vangshuset og deretter på garden Skau i Fresvik. August Christian Manthey (1811–1880), som ei tid var sorenskrivarfullmektig i Indre Sogn, var ein bror til dei tre. Han hadde høge stillingar i departement og var lenge statsråd i Fredrik Stang si regjering. Han hadde brødrene: Johan Carl 1809, som i 1865 var byfogd i Trondheim, og høgsterettassessor Anton Wilhelm Manthey (1806–?). Mora, Elisabeth Antonette Stockfleth (1777–1857), vart gravlagd i Vik. Faren Samuel Wilhelm Manthey (1774–1815) var sorenskrivar for Karmsund i Ryfylke og vart i 1815 byfogd i Larvik. Han var frå Glückstadt i Holstein. Dei to søstrene bygde eit flott og stort hus i Kålhagen. Dei var i Vik ved folketeljinga i 1865, men dei vart ikkje gravlagde i Vik.

I 1875 gjekk bruket til utskiftingsformann Oluf Theodor Svanøe (1832–1886) frå Bergen & Lovisa Wilhelmine Dahle (1848–). I Vik fekk dei: Anders

1872, Lina 1874, Torvald 1877, Louise Wilhelmine 1878–79, Margreta 1879, Johanna 1881, Christian 1884. Oluf miste livet ved å køyra utfor Følisbrui med hest.

I 1886 vart bruket skøytt til Ola Apolloniusson Liljedahl (Hopperstad) (1850–1928) frå lnr 121. «Klokkar-Ola» var handelsstyrar hjå J. K. Hopstock. Systera Catharina (1839–1923) budde saman med han.

I 1923 vart bruket skøytt til Helge Nilsson Hove (1880–1952) frå lnr 121 Hopperstad. Han gifte seg 1912 med Olina Jensdtr Hønsi (1888–1951) frå lnr 84a. Born: Nils 1912 (lnr 79b Hove), Eli 1914 (Lærdal), Synneva 1916 (Lærdal), Jens 1918, Helga 1920 (lnr 119 Hopperstad), Olav 1923 (Os i Hordaland). Helge arbeidde i Vik Forbruksforening, hjå Søren Rivedal og deretter i Vik sparebank. I 1950 tok Jens Helgeson Hove Heimdal (1918–1988) over det vesle bruket. Jens var ugift. Dei siste åra overlet han bruket til Olav 1923, som budde i Os. Det vart då bygd opp ny driftsbygning i Kålhagen. Staden var kjøpt av Vik kommune. I dag er den store hovudbygningen borte, og staden er hestesenter.

Bnr 26/54 Elvenes 0,03 mark, frådelt i 1960. Guttorm Jonson Aase (1925–) frå bnr 15/5 under lnr 50 Åse & 1925 Inga Dorthea Knappskog (1926–) frå Fjell ved Bergen har: Anne Grete 1951 (Straume, Sotra), Norvald 1953 (bnr 40/35 i bustadfelt i Moane-Grov), Geir Johan 1959 (Leikanger).