Hove
Hove (håve): Hofs, Howe (ca 1320), Hough, Hoff (1563), Hoffue (1611, 1647, 1667), Haave (1723), Hofe (1838), Hove (1863, NG, VIK).
I 1647 var heile namngarden Hove på 13,75 laupar eigd av Apostelkyrkjegodset. Vi kan nokså sikkert seia at dette kongelege kyrkjegodset var eigar av heile Hove også før 1350. Hove kan ha vore eit senter for godset i Vik, og vi kan tenkja oss at Hove før dette hadde vore kongsgard. At Hove var storgard, kjem elles fram i Sverresoga. Ei natt i året 1201 kom eit skip med baglarar til Vik. Dagen etter tok dei seg opp til Hove for å ta bad. Badstova på storgarden Hove var altså så stor at ein heil flokk med krigarar kunne bruka ho. Bygging av den private Hovekyrkja tyder også på at Hove var storgard.
I 1603 var det fire leiglendingar på Hove: Arne, Jon, Lasse og Ola. I 1611 var brukarane: Arne, Ola, Ola Person og Gaute. I 1635 er det berre nye namn: Endre, Jon, Ingebrigt og Jon. I 1645 finn vi att Endre, men no er han kalla gamle Endre. Dei andre var: unge Endre, Ingebrigt, Hermund og Jon. I 1647 finn vi dei same fem leiglendingane. Av dei merkar vi oss at Jon var «forarmet», det vil seia at han ikkje var i stand til å svara skatt. I 1655 finn vi 7 bruk på Hove og i 1667 heile 8 bruk, men nokre av dei hadde så låg landskyld at vi må tru det var snakk om sambruk eller kårbruk. I 1685 var kapellan Ludvig Christofferson Munthe med kona Karen Ivardtr Leganger komne til Hove. Dei var svært rike og overtok eiga av hele namngarden. Dei dreiv eit relativt stort bruk, men i 1685 hadde dei likevel seks leiglendingar med seg på Hove. I 1723 finn vi seks bruk, medrekna bruket til presteenkja Dorothea Blix. I 1838 var det 9 bruk på Hove, lnr 71–79. Av dei var lnr 75 og 76 først oppretta etter 1750. Etter ca 1700 er det såleis relativt greitt å følgja bruka.
På 1700-talet vart namnet Øvre Hove brukt som stadnamn for nokre av bruka på Hove. Det gjeld personar som budde på lnr 74, lnr 77 og lnr 78. Namnet Nedre Hove finn vi knytt til lnr 71, lnr 72 og lnr 73. Husa på bruket til Ludvig Munthe (og deretter også bustaden til andre kona hans Dorothea Blix) låg for seg i det som seinare vart kalla Blixatunet, og husa på lnr 76 og lnr 79 kom på denne staden etter at storbruket vart delt. I første halvpart av 1700-talet var det dermed tre tun på Hove: Øvre Hove, Nedre Hove og Blixatunet. I ei skatteliste i 1816 var lnr 74, 75, 77 og 78 kalla Øvre Hove. Resten av bruka vart (svært forenkla) kalla Nedre Hove. På utskiftingskartet frå 1863 finst mange hus både i Blixatunet og i det gamle tunet på Nedre Hove, aust for Hovekyrkja, ned mot elvereina. På Øvre Hove var det då eitt bruk med mange hus (lnr 77a) og noko lengre vest hus til eit småbruk eller husmannsplass. Lengre nede på terrassen, og nær Vollatunet, var det då to stor bygningar. Bustadhuset må vera herskapshuset som Christian Fredrich Fasting bygde og som sjøkaptein Valentinsen kjøpte saman med lnr 74, lnr 75 og lnr 78 i åra 1849–51. Det var då dessutan kome eit tun på den staden som Ragnar Hove bur i dag (lnr 77b, utskild i 1838). Det gamle stortunet på Øvre Hove var altså borte i 1863. Men i 1952 var det framleis grunnmurar etter mange hus på staden.
Busetnaden for den delen av Hove som er kalla Moane er samla under hovudoverskrifta Moane-Hove. Vi har også skilt ut Hagen-Hove for seg.
Lnr 71 Hove
6,71 spd. Eigar i 1723: Dorothea Blix, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1774. Matrikkelskyld: 3,0 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 25,6 daa bygg, 14,0 daa poteter, 3 hestar, 18 storfe, 52 vinterfôra smalar og 4 svin på bruket. Husa på bruket låg i tunet Nedre Hove.
Den første av brukarane på Hove som vi sikkert kan seia var leiglending på dette storbruket var Endre Knutson (1603–). Det var han som var «unge Endre» i 1645, og han var då gift med Gjertrud. I 1667 hadde han tre drenger, men ingen son med seg på bruket. Endre var ein stridig kar og måtte ofte i retten. På sine eldre dagar skulda han av ein eller annan grunn 35 riksdalar til kyrkja. Verre var det at han omkring 1668 vart dømd for ikkje å ha betalt landskylda til Apostelkyrkjegodset. Han vart dømd til å gå frå bruket. Då kom Elling Torson Ovri (1642–) frå lnr 67+68til Hove. Han var av rik, mektig og stor ætt. Han var gift med Guri Oladtr (–1716) og dei fekk åtte born som vi veit om: Brita 1671 (lnr 50 Åse), Gjertrud 1674 (sjå lnr 33 Fosse), Tor 1675, Randi 1679 (lnr 81 Voll), Barbra (lnr 108 Tryti), Synneva (lnr 73), Ragnhild (lnr 7 Vange) og Ingebrigt. Ingebrigt Ellingson Hove (–) døydde før 1701, men hadde etter seg ei dotter Guri på Hove. Tor Ellingson Hove (1675–1739) var gift med Synneva Ivardtr Hønsi (–) frå lnr 82+83. Dei var ei tid på bruket, men flytta til Høgheim i Fresvik. To av sønene hans var bønder: Elling på Fresvikøyri og Ivar på Njøs i Leikanger. To døtrer kom til Vik: Ragnhild 1711 til lnr 37 Nummedal og Ingeborg 1713 til lnr 48+49 Åse. Kona til Elling Torson, Guri Oladtr, vart enkje og gifte seg opp att med Ingebrigt Olason Hopperstad (1664–1748). Vi trur han var son til storbonden Ola Nilsson Hopperstad på lnr 122. Guri og Ingebrigt fekk Elling 1695 (lnr 119+120 Hopperstad) og truleg Anna 1692 (lnr 14 Tenål). Guri hadde truleg ei syster som heitte Kari og som var gift med Nils Olason Hopperstad, ein bror til Ingebrigt, og som var i Berdal i Feios. Det tyder på at Guri var frå Berdal. Ingebrigt gifte seg oppatt 1718 med Synneva Jondtr Huke (1693–) frå Leikanger. Vi kan merka oss at Elling 1695 vart gift med ei eldre syster til Synneva. At far og son gifte seg med to systrer var uvanleg, og endå meir uvanleg var det at sonen gifte seg med den eldste. Elling fekk ikkje born, medan den aldrande faren og Synneva fekk: Ola 1720, Guri 1720 (lnr 72), Jon 1725 (lnr 119+120 Hopperstad), Sigrid 1728–28, Nils 1729 (Smidje i Feios), Sigrid 1729 (lnr 16 Tenål), Alf 1732 (lnr 58 Refsdal), Gyrid 1734 (lnr 50 Åse). Ingebrigt var ein velhalden mann. I skiftet etter han var eiga 366 riksdalar. Ola Ingebrigtson Hove (1720–1791) & 1756 lensmannsdotter Sigrid Oladtr Brekke (1734–1799) frå lnr 88 fekk borna: Bendik 1757–59, Synneva 1759 (lnr 94 Rosheim), Ingebrigt 1767–67?, Brita 1769 (lnr 88 Brekke), Ragnhild 1772 (lnr 105 Tryti). Jamvel om desse folka var velståande, vart Ola stemd i 1750 av eigaren, presten Gerhard Daae i Luster, for ikkje å ha halde husa på bruket ved like. Omkring 1776 flytta Ola og Sigrid til Brekke der dei tok over drifta av halvparten av storbruket lnr 88 for di mor til Sigrid var blitt enkje. Til bruket på Hove kom ein son til Jon 1725, Jon Jonson Hopperstad (1750–1823) frå lnr 119+120. Han kjøpte bruket av Gerhard Daae i 1774 og gift seg 1775 med Ragnhild Oladtr Brekke (1752–1825) frå lnr 89. Born: Ola 1777–77, Anna 1778–79, Lussi 1781–82, Lussi 1783–83, Per 1784, Anna 1792 (lnr 84 Hønsi) og Lussi 1796 (lnr 93 Espesete). Jon selde frå plassen Øvre Moane til Nils Eilifson Hove. I 1811 skøytte han bruket over på sonen Per. I 1816 kom Per i slagsmål med svogeren sin på Espesete. Då far til Per gjekk i mellom, skulle Per «med vred Hue have grebet sin Fader i Brystet, og viist Ulydighed imod ham». Her framheva forlikskommisjonen at ein son skal ha respekt for foreldra sine. Kanskje var det kona til Per som stod bak. Grunnlaget for påstanden er at i 1820 skulle Ragnhild ha teke ein vêr frå Arne Eilifson på Øvre Hove, slakta og salta han ned. Då det var påvist kva som hadde skjedd, hadde Ragnhild kome med kjøtet, hovudet og skinnet. Då Arna hadde vegra seg for å godta dette, hadde Ragnhild lagt sakene att i stova til Arne. Per Jonson Hove (1784–1834) & 1812 Ragnhild Perdtr Stadheim (1793–1852) frå lnr 25 fekk borna: Ragnhild 1813 (lnr 52 Orvedal), Jon 1817 (USA 1844), Jon 1822 (USA 1844), Per 1820 (sjå note), Ola 1828–28, Anna 1831 (USA 1845). I skiftet etter Per i 1838 vart bruket utlagt til Jon 1817. Enkja Ragnhild gifte seg oppatt 1839 med enkjemann Trond Jonson Ølnes (1772–) frå Sogndal. Dei to reiste til USA i 1845. Jon Person Hove (1817–1873) & 1843 Guri Perdtr Berdal (1824–1889) frå Feios fekk borna: Ragnhild 1843–43, Per 1844. Jon og huslyden hans reiste til USA i 1844. Før det makeskifta Jon lnr 71 med lnr l Sæbø, men selde straks lnr 1 til Ola Nilsson Sæbø. Ved makeskiftet fekk Jon òg hand om lnr 105 Vomb-Brekke, og som han òg selde. Frå lnr 1 Sæbø kom Adam Johanson Munthe Rumohr Reutz (1799–1878) & 1828 Kari Rolanddtr Tistel (1804–1876) frå lnr 91+92. Dei var på Hove i 11 år. I 1855 kjøpte ein rik kjøpmannsson frå Bergen, George Wallace, bruket. Han kjøpte òg lnr 73 av eigaren Samuel Bugge. Han slo dei to bruka saman, sjå lnr 71+73. Adam og Kari flytta til lnr 98 Midlang. Sjå om borna der.
Per Person Hove (1820–) & 1844 Anna Oladtr Fjærestad (1814–) frå lnr 96 reiste til USA i 1844.
Plassen Bleiehaugen under lnr 71. På Bleiehaugen var det ein plass under lnr 71 og ein under lnr 72. På plassen under lnr 71 var i 1816: Ola Jonson Hove (1778–1828) frå lnr 79 & 1806 Marta Eirikdtr Hopperstad (1779–1849) frå lnr 118. Dei hadde: Marta 1805–05, Marta 1807, Marta 1816 (til Ortnevik i 1837). Marta fekk fattighjelp dei siste åra før ho døydde. I 1865 var det på plassen: 0,7 daa poteter, ei ku og 4 vinterfôra smalar. Plassfolka var: Marta Oladtr Hove (1807–1868) & 1832 Anders Jonson Vikøyri v496 (1810–1886). Born: Ola 1832 (USA 1854), Jon 1834 (lnr 83b Hønsi), Eirik 1837, Anna 1842 (Vikøyri v356, så USA), Marta 1845 (Vetleøyri s084, så USA), Ingeborg 1850 (USA 1866). «Snikkar-Anders» hadde trefot. Anders og Marta fór til USA i 1866. Eirik Andersson Hove (1837–) & 1861 Kristi Aslakdtr Vatlestad (1832–) frå Fardal i Sogndal med sonen Anders 1862 reiste til USA i 1862 og plassen vart nedlagt.
Plass under lnr 71 i Moane: sjå Moane-Hove. Sjå også lnr 72 om ein annan plass på Bleiehaugen.
Wallace-bruket: lnr 71+73 Hove
6,71+ 4,33 spd = 11,03 spd. George Wallace (1833–1894) var kjøpmannsson frå Bergen. Han gifte seg 1856 med Sophie Birgithe Marie Huum (1835–1908) og dei fekk 14 born. To av dei var fødde i Vik: Inger Sophie 1858 og George 1859. George var nyutdanna agronom frå ein jordbruksskule i Skotland då han kom til Vik. Han hadde med seg nokre sjeviotsauer og ein sjeviotvêr og skotske storfe. Wallace slo saman lnr 71 og lnr 73 til eitt bruk. Han hadde sikkert bra tilgang på pengar, og bygde truleg opp nye hus på bruket. Men tilværet som bonde i Vik var kanskje ikkje slik han hadde tenkt seg, for alt i 1859 reiste huslyden til Bergen, og George gjekk inn i handelshuset til faren. Bruket vart selt i 3 delar. Samla skyld for lnr 71 og lnr 73 ved skylddeling i 1859 var 10,98 spd. Lnr (71+73)a 5,49 spd gjekk til Johannes Olason Hove, lnr (71+73)b 2,74 spd vart kjøpt av Ivar Jonson Hove (1822–) og lnr (71+73)c 2,75 spd gjekk til Sjur Person Hove. Johannes vart bonde på sin part og overtok truleg det meste av husa. Ivar var frå lnr 76 og Sjur var bonde på lnr 72. Dei to siste ønskte truleg å tena pengar på eigedomshandel, og dei selde ut sine fjerdepartar av storbruket i mindre parsellar, truleg på auksjon. Lnr (71+73)b vart i 1860 delt i 11 partar. Den største delen kom inn under lnr 77a. Nokre av partane vart busette, fleire etter ny oppdeling eller samanslåing. Lnr (71+73)c vart straks oppdelt i mindre partar, og fleire parsellar kom på vidare sal. Eigedomsforholda på Hove vart derfor i lengre tid kompliserte, men vart retta opp med utskiftingar.
Lnr (71+73)a Hove 5,49 spd = bnr 26/1 7,76 mark. Bruksdata for 1865: 14,3 daa bygg, 8,4 daa poteter, 3 hestar, 15 storfe, 30 smalar og 4 vinterfôra svin.
Dette nye bruket var halvparten av storbruket til Wallace. Denne delen vart kjøpt av Johannes Olason Hove (1826–1893) frå lnr 72. Han gifte seg 1843 med Brita Perdtr Hove (1838–1901) frå lnr 76 og dei hadde: Ola 1859–59, Sitona 1860–60, Marta 1862–1934 (ugift, budeie), Brita 1865 (lnr [1+4]f Sæbø), Ola 1867, Sitona 1870 (Oslo, så USA), Jensina 1876 (Lærdal), Per 1879–79. I 1889 vart bruket frådelt bnr 26/2 0,10 mark til Jon Ivarson Hove på bnr 26/12 Guhaugen i Moane-Hove. Ola Johannesson Hove (1867–1946) & 1900 Turid Oladtr Vange (1875–1962) frå lnr 6+7 overtok bruket i 1899. Born: Brita 1901 (Bergen), Kari 1902 (bnr 3/6 Tønderbruket på Seim), Jensina 1904–69 (ugift, til lnr [1+4]f Flåten av Sæbø), Johannes 1905, Ole 1907 (bnr 26/39 i Moane-Hove), Per 1909–53 (ugift), Borghild 1915 (sjå note), Anna 1911 (bnr 41/50 i Villastrøket-Sjøtun). I 1928 vart bruket frådelt bnr 26/39 1,56 mark i Moane til Ola 1907. Ny skyld bnr 26/1 6,20 mark. Johannes Olason Hove (1905–1981) & 1929 Jenny Perdtr Fosse (1906–1989) frå lnr 34 fekk: Ola 1929–2000 (ugift, på bruket), Astrid 1931 (bnr 6/33 under lnr 20 Føli), Turid 1934 (Bergen), Per 1936 (Årdal, sjå òg lnr [1+4]f Flåten under Sæbø), John 1939–40, Arne 1944, Malvin 1947 (ugift, Vikøyri-Sjøtun, hus nr 71). Johannes hadde bruket 1945–72. Arne Johannesson Hove (1944–) & 1970 Bjørg Oladtr Heimdal (1947–) frå Flåm har borna: Birgit 1971 (lnr 80b Voll) og John Ronny 1972. John Ronny Arneson Hove (1972–) & sb Ellen Terese Einardtr Harbakk (1977–) frå Feios har Joakim 1996 og Eldar 2005.
Borghild Oladtr Hove (1915–2002) & Olav Gjertson Lee (1917– 2002) frå lnr 19a i Arnafjord sokn flytta til Utvik i Nordfjord.
Om dei frådelte partane bnr 26/2 Guhaugen 0,10 mark og bnr 26/39 Moås 1,56 mark: sjå under Moane-Hove.
Lnr (71+73)b2 Hove 0,48 spd = bnr 26/6 0,60 mark. Denne parten vart frådelt i 1860. Eigaren fekk noko seinare kjøpt til bnr 26/7 0,12 mark som var samansett av tre småstykke frå Følisbruk. Brukar var Endre Ellingson Undi (1847–1913) frå lnr 63 & 1878 Anna Andersdtr Nummedal (1845–1922) frå lnr 37. Dei fekk Elling 1880–82. Bruket vart overteke av Johannes Nilsson Hove (1882–1956). Han var ugift. Han budde på farsbruket lnr 79b saman med syskena Ola 1888 og Brita 1884, men hadde fjøs på eigedomen. I tillegg til bnr 26/7 eigde Johannes også ein annan parsell av Føli: bnr 26/35 0,50 mark. I 1968 var småbruket, med unntak av Føli-parsellane, kome inn under bnr 26/27 Hagen-Hove eigd av Lars Person Hove. Bnr 26/35: sjå vidare under lnr 20 Føli.
Lnr (71+73)b3 Hove 0,23 spd, sjå Voll.
Lnr (71+73)b6 Hove 0,17 spd = bnr 26/16 0,81 mark, sjå Moane-Hove.
Lnr (71+73)b7 0,07 spd = bnr 26/17 0,10 mark. Parsellen låg nær Følisbrui. Han vart i 1861 kjøpt av kjøpmann Endre Andersson Andersen på Vikøyri v216, men ikkje busett. I 1907 vart bnr 26/17 skøytt til sonen Anders Endreson Andersen (1851–1919), som heller ikkje budde på staden. I 1912 vart parsellen kjøpt og busett av Bendik Endreson Holstad (1872–1943) frå lnr 87 & 1912 Anna Johannesdtr Hagen-Hove (1875–1958) frå lnr 79a. I 1932 skøytte dei staden til Ola Nilsson Hove (1888–1967) frå lnr 79b. Bendik tok huset med seg til Teigum på Ovrisdalen (sjå bnr 6/28). I 1967 vart bnr 26/17 lagt inn under bnr 26/28 Hove med Føli. Ola budde i eit hus på farsbruket saman med syskena Johannes 1882 og Brita 1884.
Lnr (71+73)b8 + lnr 74d i alt 0,10 spd = bnr 26/18 0,10mark, sjå under Moane-Hove.
Lnr (71+73)b9 0,07 spd = bnr 26/19 0,08mark. Denne vesle eigedomen låg ved Hovekyrkja. I 1879 fekk Johannes Torson Hove (1841–1901) frå bnr 26/16 i Moane-Hove & 1869 Pernille Jensdtr Løland (1845–1909) frå Hyllestad kjøpt parsellen og bygde opp hus. (Far til Pernille gifte seg seinare til ein husmannsplass på Vangsreina, sjå plass 1 under Vange.) Dei fekk 10 born. Omkring 1887 flytta denne huslyden til lnr 22a Teigum på Ovrisdalen. Sjå om borna der. Dei tok visstnok stova si med seg. Plassen vart kjøpt av Ola Endreson Hove (1828–1901) frå lnr 79b & 1885 enkja Brita Nilsdtr Hove (1838–1902) frå lnr 72. I tillegg eigde Ola lnr [(71+73)c + (71+73)b4]d 0,13 spd, ein parsell som i 1871 vart kjøpt frå Sjur Person Hove. Denne parten bli seinare borte i matrikkelsystemet. Ola og Brita dreiv truleg også jord i Nummedal, der Ola i 1891 hadde fått skøyte på bnr 9/1 1,02 mark. Ei dotter til Brita frå første ekteskap, Synneva Sjurdtr Hove (1875–1961) frå lnr 72, budde i 1900 saman med Ola og Brita. Ho fekk skøyte på bnr 9/1 Nummedal i 1898. Synneva gifte seg til Sogndal med Anders Åberge, og i 1903 skøytte ho bnr 9/1 til Anna Johannesdtr Nummedal. Anna gifte seg 1907 med Endre Nilsson Hove på lnr 79, slik at parsellen på nytt kom i Hove-eige. Til denne staden ved Hovekyrkja kom Ingebrigt Alfson Hønsi (1870–1938) frå lnr 83a & 1891 Gyrid Tordtr Ovri(1864–1959) frå lnr 70b.Dei flytta frå lnr 69 Ovri i 1899, kjøpte bruket Nygård i Askøy kommune, eigde i åra 1903–08 eit bruk på Salbu i Hyllestad og kom så til Hove. Born: Tor 1891, Anna 1893 (Ålesund), Alf 1896 (Oslo), Anders 1898 (Oslo), Olaf (Oslo), Elina 1903 (Vadset, Tennfjord), Marta 1906. I åra 1929–33 eigde Ingebrigt og Gyrid bnr 8/4+5 Fjærestad i Balestrand.Tor Ingebrigtson Hønsi (1891–1968) overtok. Han var ugift. Deretter overtok Marta 1906 eigedomsretten. Ho var gift Lidal og budde i Balestrand. Eigedomen vart kjøpt 1997 av Leif Olason Holstad (1960–2004) frå lnr 85 & 1991 Åse Alise Ivardtr Dorholt (1964–) frå Lunde, Telemark. Dei sette opp hus i 2001. Born: Linda 1985, Roger 1992.
Lnr (71+73)e + lnr (71+73)b4 2,92 spd. I 1861 sat Sjur Person Hove på to store parsellar av lnr (71+73) med samla skyld 2,92 spd. Sjur eigde og dreiv lnr 72, og det er uklart om han dreiv denne jorda i dei etterfølgjande åra eller om jorda vart bortleigd. Etter kvart vart frådelt parsellar: i 1870 bnr 26/10 0,01 mark, i 1871 bnr 26/11 0,50 mark og i 1874 bnr 26/12+13 1,17 mark. I 1875 vart resten, med skyld 1,55 spd, selt til ei dotter og mann hennar. Det var då tydelegvis ikkje hus på parsellen, for dei to fekk tinglyst rett til å disponera halvparten av eldhus og fjøsbygning (med unntak av stall) på lnr 72. Dei nye småbrukarane var: Ingebjørg Sjurdtr Hove (1855–1949) frå lnr 72 & 1876 Jon Hermundson Refsdal (1848–1931) frå lnr 58. Born: sjå lnr 63 Undi. I 1882 selde Ingebjørg og Jon bruket og kjøpte lnr 63 Undi. Stovebygningen var ikkje med i salet. Bnr 26/14 0,37 mark vart skilt frå ved salet. Denne parsellen kom under bnr 27/3 Voll. Ny skyld på bruket vart 1,28 spd, omrekna til 1,74 skyldmark. Denne restdelen fekk bnr 26/9 Hove 1,74 mark. På bruket busette seg: Styrk Larsson Hove (1852–1938) frå bnr 26/18 i Moane-Hove & 1884 Marta Nilsdtr Myrkaskog (1858–1953) frå lnr 43a. Dei fekk Lars 1885. Lars Styrkson Hove (1885–1977) & 1921 Synneva Oladtr Hove (1887–1938) frå lnr 77b hadde bruket frå 1936 til 1954. Born: Marta 1923 (lnr 42 Seljestø), Styrk 1927. Styrk Larsson Hove (1927–) & 1958 Agnes Bystøl (1922–) frå Myrkdalen fekk: Svein Inge 1960, Sissel Anita 1963 (Bergen). Svein Inge Styrkson Hove (1960–) & 1981 Siren Zweidorff (1957–) har borna: Camilla 1982 (lnr 23b Dale i Arnafjord sokn), Iselin 1987. Svein tok over småbruket i 1999.
Lnr [(71+73)c + lnr (71+73)b]e2 0,14 spd = bnr 26/13 Smidjehaugen 0,17 mark. To småparsellar vart kjøpt i 1881 av Jon Ivarson Refsdal (1823–1915) frå lnr 59. Før det hadde Jon vore huseigar utan jord ein eller annan stad under lnr 79. I 1894 fekk han kjøpt til bnr 26/31 0,11mark av bnr 26/23. Jon gifte seg 1880 med Inga Hermunddtr Øvstedal (1847–1943) frå lnr 44, fødd i Berdalen, og dei fekk: Anna 1880. Ved folketeljinga i 1900 vart Jon kalla gardbrukar og han hadde tenestejente. Det tyder på at han også leigde jord. Anna Jondtr Hove (1880–1954) & 1905 Hans Andersson Systad (1880–1968), Hyllestad, fekk Jon 1906. Omkring 1920 kom bnr 6/10 Hageteigen 0,40 mark inn under småbruket. I tillegg til å vera småbrukar var Hans skreddar. Jon Hansson Systad (1906–1989) & Olina Oladtr Tenold (1906–) frå bnr 4/24 under lnr 16 Tenål fekk: Agnes 1931 (lnr 77b Øvre Hove), Bjørg 1935 (Bergen) og Harald Johan 1941. Jorda på bnr 26/15 (lnr 76b) i Moane-Hove blir drive frå dette bruket. Harald Johan Jonson Systad (1941–) & 1968 Anny Sverredtr Flete (1947–) frå lnr 18a i Arnafjord sokn har borna: Angunn 1969, John Harald 1971, Svein Ove 1979. Harald har òg overteke bnr 4/24 under lnr 16 Tenål. Svein Ove Haraldson Systad (1979–) & sb Gunn Berit Torleifdtr Nilsen (1977–) frå Kaupanger bur på bruket og har: Jonas 2000 og Benedicte 2003.
Lnr 72 Hove
4,33 spd = bnr 26/20 6,37 mark. Eigar i 1723: Dorothea Blix, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1801. Matrikkelskyld: 1,88 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 15,7 daa bygg, 7,0 daa poteter, 2 hestar, 13 storfe, 36 smalar og 5 svin på bruket. Husa låg i tunet Nedre Hove.
Brukaren i 1655 var Anbjørn, og i 1667 er namnet skrive Anbjørn Lasseson (1611–). Han hadde då med sønene Ola 1651 og Lasse 1664. Vi veit òg om Anna 1663 (lnr 8 Vange). I 1685 var Anbjørn framleis på bruket. I 1701 hadde Ola Anbjørnson Hove (1651–) overteke styringa, men broren Lasse var òg på bruket. I 1711, 1718 og 1723 var det Lasse Anbjørnson Hove (1664–1731) som var leiglending. Lasse var gift med Åsa Oladtr Fosse (–) frå lnr 34 og dei hadde: Elling 1707 og Ragnhild (lnr 64 Stedje og lnr 113 Skjørvo). Elling Lasseson Hove (1707–1771) & 1739 Gyrid Ellenddtr Holstad (1711–1740) frå lnr 85 fekk Anna 1740–40. Elling gifte seg oppatt 1741 med Gjertrud Jondtr Hopperstad (1707–1781) frå lnr 119+120 og dei fekk borna: Gyrid 1741–42, Lasse 1742, Johannes 1746, Gyrid 1750–51. Gjertrud hadde odelsrett i eit bruk på Åse i Arnafjord, og i rettssak vart dei tilkjent halvparten av bruket, lnr 36, og flytta dit. Det kom nye folk på bruket: Ola Jonson Seim (1718–1777) frå lnr 10 & 1742 Guri Ingebrigtdtr Hove (1720–1814) frå lnr 71. Born: Synneva 1743–43, Elling 1744, Synneva 1745 (lnr 23 Føli), Jon 1747 (lnr 79), Durdei 1749–49, Kari 1750 (lnr 47 Bruavoll), Durdei 1753 (plass under lnr 23 Dale i Arnafjord sokn), Ingebrigt 1755 (lnr 73), Bendik 1757, Gyrid 1758 (plass under lnr 71 i Moane-Hove), Barbra 1758 (ugift), Jon 1760–90. Ola Jonson kjøpte bruket av Dorothea Blix, men Anders Daae tok det tilbake ved hjelp av odelsretten. Elling Olason Hove (1744–1810) & 1777 Eli Andersdtr Tenål (1747–1819) frå lnr 13 fekk borna: Ola 1777–80, Guri 1781–82, Ola 1783. Ola Ellingson Hove (1783–1841) & 1806 Brita Nilsdtr Refsdal (1781–1858) frå lnr 58 hadde: Brita 1807–25, Nils 1809, Elling 1812–12, Eli 1814 (lnr 62 Undi), Elling 1817–34, Guri 1819 (lnr 16 Tenål), Ola 1822 (sjå note), Johannes 1826 (lnr 71a+73a). Ola Ellingson frikjøpte bruket av Christen Daae i 1801. Nils Olason Hove (1809–1876) & 1839 Ingeborg Oladtr Sæbø (1813–1890) frå lnr 3 fekk Brita 1838. Brita Oladtr Hove (1838–1902) & 1854 Sjur Person Berdal (1822–1882) frå Feios fekk borna: Ingebjørg 1855 (bnr 26/9, så lnr 63 Undi), Nils 1857, Per 1860 (USA 1879, sjå òg bnr 9/5 Vetle-Nummedal), Ingeborg 1863 (lnr 18c Tenål), Jens 1865 (USA 1882), Brita 1867 (ugift, Vestfold), Ola 1870 (USA 1888), Ola 1872 (USA 1889), Synneva 1875 (til Sogndal, sjå òg bnr 26/19 Hove), Ola Andreas 1877 (USA 1893), Sjur 1880 (USA 1897). Brita gifte seg oppatt 1885 med Ola Endreson Hove (1828–1901) frå lnr 79b og dei busette seg på småbruket bnr 26/19 av lnr 71+73 Hove. Nils Sjurson Hove (1857–1920) & 1879 Mari Helgedtr Stadheim (1856–1952) frå lnr 25 fekk borna: Brita 1879 (lnr 77b), Nils 1882, Sitona 1886–86, Helge 1887 (lnr 25 Stadheim), Sigurd 1893 (USA 1915), Birte 1897–1993 (ugift), Ingeborg 1900 (lnr 49 Åse). Nils Nilsson Hove (1882–1975) & 1916 Synneva Perdtr Hove (1895–1949) frå lnr 76a fekk: Nils 1916, Peder 1920 (bnr 26/48 under bruket). Sverre 1925–35, Martin 1927 (Røyse i Buskerud), Arne 1929–92 (Oslo), Harald 1931 (bnr 26/48), Sverre 1935 (Røyse). Nils reiste til USA i 1904, men kom heim att for å overta. I 1953 vart frådelt bnr 26/48 0,06 mark. Nils Nilsson Hove (1916–1994) & 1953 Åslaug Andersdtr Bystøl (1917–1999) frå Myrkdalen hadde bruket 1953–82. Born: Steinar 1953–56, Arnstein 1954, Solfrid 1956 (Langhus i Akershus), Gyrid 1958 (Oslo, sjå òg hus nr 48 på Vikøyri-Sæbø), Nils Steinar 1960 (bnr 41/8 Vikøyri-vest). Arnstein Nilsson Hove (1954–) & 1979 Aud Johannesdtr Bell (1955–) frå Sande i Sunnfjord har: Øystein 1981, Helga 1984, Yngve 1992, Åsmund 1994.
Bnr 26/48 Solhov 0,06 mark. Denne tomta vart frådelt i 1953 og vart busett av Harald Nilsson Hove (1931–) frå lnr 72 & 1957 Anna Oladtr Tillung (1935–) frå Voss. I tillegg til stilling som vaktmeister dreiv Harald med hest. Born: Nils Ove 1959 (lnr 94 Rosheim), Anne Sissel 1963 (bnr 26/35 under lnr 20 Føli), Atle Harald 1965 (bur heime). I same hus budde òg Peder Nilsson Hove (1920–1977) & 1946 Jensina Larsdtr Vollevik (1923–2002). Dei hadde ikkje born. Per arbeidde på Vik Samyrkjelag. Om foreldra til Jensina: sjå note lnr 48 Nese i Arnafjord sokn.
Ola Olason Hove (1822–1902) & 1847 Kari Oladtr Nummedal (1825–1904) frå lnr 37 fekk: Brita 1846, Ola 1851, Ola 1854. Familien hadde ei kort tid lnr 28 Stadheim før dei reiste til USA i 1854.
Plassen Bleiehaugen under lnr 72. På plassen var jordbruket i 1865: 1,1 daa bygg, 1,4 daa poteter, 1 ku, 4 smalar og eitt vinterfôra svin. Dei første vi veit om på denne plassen var: Hermund Endreson Stadheim (1783–1845) frå lnr 24 & 1819 Brita Steffendtr Brekke (1790–1829) frå lnr 89. Born: Endre 1818, Steffen 1822–22?, Jon 1823, Gunhild 1826, Sigrid 1829–29. Borna reiste til USA i 1854. Til plassen kom: Johannes Person Bersteigen (1823–1898) frå ein plass under Kvamme, Kvamsøy, & 1847 Anna Oladtr Svolsvik (1818–1865) frå lnr 11. Born: Per 1848 (USA 1872), Marta 1850 (Vikøyri v588), Ola 1853 (Vikøyri v804), Anders 1854 (USA 1876), Hermund 1857 (USA 1879), Anna 1859 (USA 1881), Anders 1865 (USA 1883). Anna Oladtr hadde dessutan Olina 1843 (Vikøyri v088) med Per Hansson Svardal (1879–) frå lnr 10. Johannes vart attgift 1867 med Inga Lassedtr Røysane-Sæbø (1839–1894) frå plassen Urdi og dei fekk: Lasse 1867 (USA 1889) og Johannes 1872 (sjå note). Johannes var murar. Før Johannes og Inga døydde, kom det nye folk på plassen. Det var omkring 1887, og dei nye plassfolka var ein huslyd frå Sogndal: Ola Andersson Fardal (1853–1920) & 1876? Birte Perdtr Ylvisåker (1846–1911). Born: Synneva 1879, Anders 1880–1906, Andrina 1883, Per 1884–1906, Marie 1886–1906. Tre av borna døydde i 1906 av tuberkulose. Ola vart attgift 1912 med enkja Sitona Gjertdtr Vetleøyri s210, s070 (1874–1956) og dei fekk: Bernhard Olai 1913 og Marie 1916. Etter at Ola døydde, flytta huslyden til Sæbø og deretter til Vetleøyri, sjå under hus nr 108. I 1922 fekk Samuel Vikøren i oppdrag av fattigstyret å skaffa borna sko. I 1924 fekk Sitona kr 20 i «julebevilgning» og i 1925 fekk ho kr 240 som fattighjelp.
Johannes Johannesson Hove (1872–1925) frå plassen Bleiehaugen & Ragnhild Johannesdtr Svolsvik (1873–) fekk: Jenny Randine 1899 og Inga Gjertina 1901. Huslyden reiste til USA i 1903.
Lnr 73 Hove
4,33 spd. Eigar i 1723: Dorothea Blix, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1855. Matrikkelskyld:1,92 laupar i 1723, 1,88 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det 15,7 daa bygg, 7,0 daa poteter, 3 hestar, 13 storfe, 36 smalar, 5 svin på bruket. Husa låg i tunet Nedre Hove. Frå 1855: lnr 71+73.
I 1667 var det mange småbruk på Hove. Det er uklart om desse brukarane dreiv kvar for seg eller det var samdrift. Fram mot 1711 trur vi tre av dei vart samla til dette bruket. I 1667 hadde Beint Olason (1623–) og Tollak (1633–) kvar sitt bruk på 0,75 laup på Hove. Beint hadde sonen Hermund 1659. I 1685 var dei båe borte, men det var komen inn ein som heitte Ola og som kan ha drive eitt av bruka. I 1667 var dessutan Anfin Ingebrigtson (1643–) på eit rydningsbruk som berre var på 0,31 laup. Anfin var brukar også i 1685 og 1701, og då må vi rekna med at han dreiv meir jord. I 1701 hadde han sonen Anbjørn 1693 (lnr 91+92 Tistel). To skifte på Vikøyri tyder på at han hadde fem døtrer: Durdei 1676 (Vikøyri v782) Randi 1677–1758 (ugift, Vikøyri), Gjertrud 1678 (ugift), Marta, Anna 1692 (Vikøyri v750). I 1711 er desse folka borte frå bruket. Marta Anfindtr Hove gifte seg i 1731 med Markus Beintson Rosheim, men blir borte. I staden for desse småbrukarane finn vi i 1701 og 1711 Guttorm Olason (1660–1719) som brukar på Hove. Guttorm etterlet seg enkja Kari Perdtr (–) og borna: Elling 1699 (lnr 12 Røyrvik), Endre (–1734) og Ingebjørg (lnr 124+125 Hopperstad). Som soldat drukna Endre saman med ein annan i 1734. Neste leiglending var frå Sogndal. I 1701 var Kristoffer Andersson Sogndalsfjøra (1678−1726) gardsgut for presten Ludvig Munthe i Blixatunet på Hove. Eg reknar med at han deretter arbeidde for presteenkja Dorothea Blix inntil han overtok som leiglending på lnr 73. I skiftet etter han møtte broren Peder Fjæren opp. Eg finn denne broren i Bygdebok for Sogndal, men eg finn ikkje far deira nemnt i boka. Kristoffer gifte seg med Synneva Ellingdtr Hove (−1747) frå lnr 71 Hove. Born: Margrete (lnr 47 Bruavoll), Brita 1721, Elling 1722 (skulehaldar i Øvstedal, så lnr 197 Vangsnes) og Ola 1725 (lnr 0 Sæbø). Brita 1721 gifte seg 1747 med Endre Olason (Sæbø) Skaffargard (1721−1785). Sjå meir under Skaffargard. Synnøva vart attgift med Anfin Endreson Stadheim (1688–1744) frå lnr 24+25. Dei hadde ikkje born. Anfin gifte seg oppatt 1743 med Marta Andersdtr Orvedal (1714–1756) frå lnr 51. Heller ikkje dei hadde born, og no var det Marta som gifte seg oppatt, i 1744 med Kristen Eirikson Kjelven (1710–1764) frå lnr 39 i Arnafjord sokn. Dei fekk Anfin 1745–50, Eirik 1749 (lnr 33 Fosse), Anna 1749 (lnr 7 Vange), Brita 1752 (Vikøyri v480). Så gifte Kristen seg oppatt 1757 med Agata Hermunddtr Gullteig (1712–1771) frå lnr 53, men hadde ikkje born med henne. Agata gifte seg på nytt 1765 med Morten Evertson Kvamsøy (1732–1807). Morten var fødd på Vikøyri, men foreldra flytta truleg til handelsstaden på Kvamsøy nokre år seinare. Men Morten vart konfirmert med stadnamnet Orvedal og gift som Hopperstad. Agata og Morten hadde ikkje born. Morten gifte seg oppatt 1772 med Sigrid Andersdtr Stor-Nummedal (1731–1815) frå lnr 37+38 og dei fekk: Agata 1775 og Anders 1777 (sjå note). Agata Mortendtr Hove (1773–1820) & 1792 Ingebrigt Olason Hove (1755–1837) frå lnr 72 fekk borna: Ivar 1795, Brita 1798–98?, Ola 1799 (plass i Gildhus), Jon 1802 (sjå note), Morten 1805 (Vikøyri v696 og USA), Alf 1807 (lnr 11 Svolsvik og USA), Sigrid 1807 (lnr 18c Tenål), Guri 1810 (lnr 40 Vetle-Nummedal og USA), Elling 1813 (lnr 25 Stadheim), Eirik 1816 (sjå note), Jon 1819–20. Ivar Ingebrigtson Hove (1795–1878) & 1821 Brita Hansdtr Hanevik (1795–1821) frå Kvamsøy sokn fekk Ingebrigt 1821–22. Ivar gifte seg på nytt 1823 med Barbra Ellingdtr Tenål (1801–1878) frå lnr 14. Born: Agata 1824 (sjå note lnr 40 Vetle-Nummedal), Helga 1827, Ingebrigt 1830, Elling 1834. Huslyden reiste til USA i 1844. Det nye leiglendingsparet var Ola Olason Ytre Farnes (1794–1877) frå lnr 37 Nummedal & 1836 Åsa Eirikdtr Myrkaskog (1786–1868) frå lnr 43 og enkje frå lnr 4 Hovland i Vangsnes sokn. Ola var frå Leikanger. I 1824 hadde han gift seg med ei enkje i Nummedal og vart enkjemann i 1832. I 1855 kjøpte George Wallace bruket av eigaren Samuel Bugge og slo bruket saman med lnr 71. Åsa og Ola fekk kår.
Anders Mortenson Hove (1777–1826) & Marie Anfindtr Seim (1776–) frå lnr 11 fekk Gjertrud 1800–00, Gjertrud 1804 (Vikøyri v434, så USA), Morten 1807, Anfin 1810, Sigrid 1813, Brita 18l5, Guri 1819, Unni 1822. Huslyden var på Hove, i 1810 var dei på Åberge i Sogndal, deretter pakta dei Nybø på Leikanger. Marie flytta kanskje tilbake til Vik.
Jon Ingebrigtson Hove (1802–1882) & 1826 Brita Guttormdtr Gullteigane (1803–) frå lnr 53 var først plassfolk i Moane-Hove og deretter i Rislåg, sjå meir i note sist under Moane-Hove. Eirik Ingebrigtson Hove (1816–1885) & 1843 Anna Ivardtr Undi (1814–1855) frå lnr 62 reiste til USA i 1843.
Lnr 74 Øvre Hove
2,93+0,07 = 3,00 spd. Eigar i 1723: Dorothea Blix, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå år 1800. Matrikkelskyld: 1,75 laupar i 1723, 1,83 laupar i 1788 og 1,46+0.04 = 1,50 laupar i 1838. Produksjonsdata for lnr 74a i 1845: 18 daa bygg, 14 daa poteter, 1 hest, 15 storfe, 49 smalar og 7 svin. Husa på bruket låg i tunet Øvre Hove.
I 1667 dreiv Ola Gunnarson (1581–) 1,5 laupar på Hove. Den gamle mannen hadde då ikkje med seg søner og sat truleg på eit stort kårbruk, for i 1655 dreiv han 3,0 laupar. Resten av storbruket vart i 1667 kanskje drive av dei småbrukarane som er nemnde under lnr 73. I 1685 var der sonen Gunnar Olason (1620–) som dreiv bruket. Vi veit om borna Hermund 1657 og Randi 1660 (Vikøyri v378). I 1701 var det Gunnar som hadde kårbruk medan Hermund Gunnarson Hove (1657–) dreiv sjølve bruket. Marta Oladtr (–1721) var kona hans. I 1711 hadde Hermund og kona to born: Marta 1690 (lnr 117+118+121 Hopperstad) og Eirik 1698. Hermund må ha vore velståande, for då Marta og mann hennar på Hopperstad kjøpte eige i eit bruk i Sæbø i 1732 var det Hermund som la ut det meste. Hermund er førd opp som brukar også i 1718, men i 1723 var det Eirik Hermundson Hove (1698–) som var brukar. Matrikkelskylda var då 1,83 laupar. Eirik var gift med Marta Ellenddtr Holstad (1694–1757) frå lnr 85. Born: Ola 1727, Jon 1728 (sjå lnr 75 Hove), Anna 1730 (lnr 37 Hallsete i Arnafjord sokn), Ellend 1732, Marta 1734 (sjå note), Ranveig 1737–41. Ola 1727 døydde truleg ung. Heller ikkje nokon av syskena makta å halda oppe leiglendingsretten. Ellend Eirikson Hove (1732–) gifte seg med Gjertrud Oladtr Åse (1733–) frå lnr 34 i Arnafjord sokn og fekk: Anna 1751–51?, Brita 1756–58, Ellend 1758–58?, Brita 1761. Ellend og Gjertrud var leiglendingar på bruket i 1763, men seinare flytta til Vikøyri v204 og fekk der to born til: Ola 1768 (plass i Finnen i Arnafjord sokn) og Eirik 1772 (Vikøyri v172). Til bruket kom: Eilif Arneson Myrland (1733–1804) & 1763 Brita Nilsdtr Kvassdalen (1736–) båe fødde i Myrkdalen på Vossestrand. Foreldra til Brita var ei tid leiglendingar på lnr 184 Vangsnes, og også Brita og Eilif var på Vangsnes til ca 1772. Born: Sigvor 1764 (Vikøyri v600), Arne 1768, Nils 1780 (bnr 26/16 i Moane-Hove). Arne Eilifson Hove (1768–1854) & 1796 Barbra Andersdtr Seimsøyri s020 (1766–1854) fekk borna: Eilif 1794–94?, Eilif 1795, Sigrid 1798 (sjå note lnr 77a), Sigvor 1801–02, Anders 1803, Ola 1806 (død før konfirmasjonsalder), Jon 1809 (død før konfirmasjonsalder), Ola 1811 (sjå note). Arne vart sjølveigar i 1800. I 1806 fekk Lasse Andersson Seimsøyri s020 (ein bror til Barbra) skøyte av Arne på ein plass i Moane-Hove. Men plassen vart ikkje skyldsett. I 1847 vart han skøytt vidare og kom deretter inn under lnr 76b. I 1810 vart det både skøytt og skyldsett ein annan parsell av bruket og som vi trur også var ein tidlegare husmannsplass. Dette vesle småbruket var på 0,25 laup og fekk i 1838 lnr 75. Skylda på bruket vart dermed redusert til 1,50 laupar. Dei tre yngste sønene til Arne blir borte for oss. Truleg døydde dei før 1815. I 1820 vart bruket skøytt til Eilif Arneson Hove (1795–1887). Han gifte seg 1820 med Marta Hansdtr Føli (1794–1821) frå lnr 21 og dei fekk Brita 1820. (Marta og systera hennar på lnr 73, Brita, og dessutan ei tenestejente, døydde av tyfus i 1821.) Eilif gifte seg på nytt 1822 med Brita Tordtr Ovri (1795–1886) frå lnr 67. Born; Arne 1822–65 (sjå note lnr 30 Stadheim), Marta 1826 (USA 1871), Lussi 1829 (sjå note), Tor 1833 (lnr 70b og 69 Ovri). Av ein eller annan grunn kom Eilif i store økonomiske vanskar, og i 1837 gjekk bruket på tvangsauksjon til Per Olason Fardalshagen frå Sogndal. Brita og Eilif fekk kår, men døydde på bruket til sonen Tor på Ovri. I følgje den gamle bygdeboka pakta Per Olason bruket bort til Jon Lasseson Moane-Hove. Men det ser likevel ut til at Anders Arneson Hove (1803–1884) vart eigar og brukar. (Han hadde odelsrett.) Anders dreiv kanskje bruket med stor gjeld, og det må ha vore uorden i papira, for i 1839 hevda løytnant D. F. Tillisch at han hadde heimel på bruket. I 1844 vart det selt til sjøkaptein Valentinsen, og Anders Arneson med huslyd vart husmannsfolk under bruket (sjå nedanfor). Men før det, i 1837, var lnr 74b 0,07 spd skilt frå til Christian Fredrich Fasting, slik at bruket no var lnr 74a 2,90 spd. I oppgåvene frå 1845 er Valentinsen oppførd som eigar og brukar av lnr 74a. Valentinsen kjøpte seinare òg lnr 75 og lnr 78 og slo dei tre bruka og partar av Føli saman til eitt bruk.
Marta Eirikdtr Hove (1734–61) hadde Marta 1754 med «Per». I 1761 fekk «qvindemennesket» tvillingar, men ho og den eine ungen døydde straks. Marta 1754 døydde truleg før konfirmasjonsalder.
I 1865 hadde Eilif Arneson og kona Marta kårjord som dei dreiv. Dei hadde då: 2,1 daa poteter, 2 kyr, 6 smalar og 1 svin. Lussi Eilifdtr Hove (1829–) fekk Brita 1858 med Jon Ellingson Føli (1830–) frå lnr 22. Lussi reiste med barnet til USA i 1875.
Ola Arneson Hove (1811–) fekk Sigvor 1835 (Vikøyri v404) og Hansina 1839–41 med Kari Hansdtr Føli (1807–1892) frå lnr 21. Ola blir borte. Kari gifte seg til Vetleøyri s192.
Plassar under lnr 74
Omkring 1844 måtte Anders Arneson Øvre Hove (1803–1884) & 1835 Lukris Gunnardtr Søreide (1809–1891) frå Kyrkjebø slutta som gardbrukarar på lnr 74 og vart plassfolk under bruket. Plassen kom inn under bruket til Valentinsen og seinare under bnr 26/21. Han låg truleg vest for tunet på Øvre Hove. I 1865 var det liten produksjon på plassen, i 1875 noko større: 1,1 daa poteter, 1 ku og 5 sauer. Born: Anna 1834, Marie 1835, Barbra 1839 (Vikøyri v666), Ingebjørg 1842 (tenar i Vik i 1865, gift Nyhammar i Gulen, dei flytta til Memnes på Helgeland), Brita 1844–45, Jon 1845 (plass i Hola, Seljadalen), Hans 1848, Arne 1852–52, Guri 1854 (Vikøyri v666). Frå og med 1876 fekk Anders og Lukris fattighjelp. Pengane gjekk til grunnleige, matvarer og skjorte til båe to. I 1875 budde òg Hans Andersson Hove (1848–) & 1874 Eli Oladtr Bruavoll (1846–1911) på plassen. Dei fekk: Anna 1870–70 og Ola 1873. Om foreldra til Eli: sjå plass lnr 47a Bruavoll. Hans, Eli og Ola reiste til USA i 1876.
Lnr 74b Hove 0,07 spd. Denne vesle parsellen låg søraust for Vollatunet. Løytnant Christian Fredrich Fasting kjøpte opp jordstykket og bygde eit herskapshus. Jorda omkring brukte han til hage eller park. Seinare selde han huset til sjøkaptein Valentinsen som bygde driftsbygningar på storbruket sitt like ved. I 1845 var det Jon Lasseson Moane-Hove som dreiv parsellen. I 1864 gjekk jorda inn i Sjøtun. Huset vart selt for riving og sett opp att i Røysane-Vange.
Lnr 75 Øvre Hove
0,65 spd. Utskild frå lnr 74. Sjølveigd plass frå 1810. Matrikkelskyld: 0,25 laupar. Produksjonsdata for 1845: 3,8 daa bygg, 1,4 daa poteter, 1 hest, 3 storfe 12 smalar og 1 svin.
Dette småbruket var først husmannsplass under lnr 74. Den først husmannen vi veit om var ein son på bruket lnr 74: Jon Eirikson Hove (1728–). Han gifte seg 1755 med Kari Andersdtr Nummedal (1726–) frå lnr 37+38 og dei fekk: Anders 1755, Marta 1758–58, Marta 1760 (plass Rausteinane under lnr 17 Holane i Arnafjord sokn, så lnr 46 Nese), Brita 1762, Synneva 1765, Lussi 1769, Ellend 1772 (Vikøyri v200). Jon var spedalsk og døydde kanskje på hospital i Bergen. Anders Jonson Hove (1755–) & 1783 Brita Johannesdtr Teigum (1752–1824) frå plass under Føli på Teigum på Ovrisdalen fekk borna: Kari 1785, Jon 1789–1812, Brita 1794–94?. Brita hadde dessutan Johannes 1782 (plass lnr 10 Svardal) med Arne (truleg Arne Eilifson Hove, 1768–1854, sjølv om han då berre var 14 år). Anders kjøpte plassen av Arne Eilifson Hove i 1810. Kari Andersdtr Hove (1785–1845) & 1816 Ola Larsson Hove(1784–1837) frå lnr 76 fekk borna: Jon 1817–21, Anders 1819–33, Durdei 1819, Lars 1820 (USA 1844), Jon 1823 (USA 1851), Brita 1826 (Vetleøyri s052 og USA), Hermund 1829 (USA 1853). Ola Larsson drukna. Han hadde selt bruket alt i 1833, så kanskje var Ola og Kari sjukelege. Kjøpar var Sjur Endreson Holstad (1802–1881) frå lnr 87 & 1833 Brita Jondtr Hove (1807–1896) frå lnr 76. Marta 1832, Jon 1835–52, Endre 1837, Lussi 1844–61, Guri 1847, Johanna 1852–52. I 1851 selde Sjur og Brita småbruket til sjøkaptein Valentinsen og kjøpte lnr 38 Store-Nummedal. Valentinsen slo småbruket lnr 75 saman med lnr 74a og lnr 78 til eitt stort bruk.
Valentinsenbruket: lnr (74a+75+78)
2,90+0,65+0,65 = 4,20 spd. Produksjonsdata for 1865: 17,6 daa bygg, 12,6 daa poteter, 2 hestar, 18 storfe, 30 smalar og 9 vinterfôra svin.
Sjøkaptein Jens Boalt Valentinsen kjøpte i 1844 lnr 74a, i 1849 lnr 78 og i 1851 lnr 75 og slo dei saman til eitt bruk. Han la òg parsellane han i 1858 hadde samla på Føli, bnr 6/7 1,35 mark, inn under bruket. Han overtok herskapshuset som Christian Fredrik Fasting hadde bygd på lnr 74b og budde der. Valentinsen hadde truleg gardsstyrar eller paktar det meste av tida. I 1865 var det Jon Ingebrigtson Refsdal (1829–1903) frå plassen Holedna under lnr 60 & 1857 husmannsdtr Agata Jondtr Moane-Hove/Rislåg (1826–1909) som var der. Om foreldra til Agata: sjå note sist under Moane-Hove. Om born: sjå lnr 65 Hallrynjo. I 1868 flytta dei til lnr 65 Hallrynjo og i 1871 fekk dei skøyte på bruket der. I 1870 selde Valentinsen eiga si i Vik og flytta til Bergen. Sjå meir om han under «Gjestgjeveriet» på Vikøyri. Hovuddelen, lnr (74a+75+78)a 3,79 spd, saman med bnr 6/7, gjekk til Johannes Andersson Sæbø, lnr (74a+75+78)b 0,15 spd til enkja Marie Endredtr Søbye og lnr (74a+75+78)c 0,30 spd til Jon Lasseson Hove (sjå lnr 76b).
På ein plass under bruket var det i 1865: 0,7 daa poteter og 3 vinterfôra sauer. Jon Olason Tenål (1816–) frå lnr 18 & 1843 Anna Ellingdtr Føli (1818–) frå lnr 22 vart førde opp her i 1865. Men då borna vart fødde, var stadnamnet Føli. Plassen kan difor i 1865 ha lege på Følisjord som Valentinsen hadde kjøpt og at plassen tidlegare hadde lege under lnr 22. Sjå om born og utvandring ved omtale av plass under lnr 22 Føli.
Lnr (74a+75+78)a 3,79 spd = bnr 26/21 6,02 mark. Kjøpar i 1871 av hovudparten av bruket til Valentinsen var Johannes Andersson Sæbø (1831–1887) frå lnr 2 & 1860 Hansina Tuchsen Oladtr Sæbø (1837–1913) frå lnr 1+4. I 1865 var dei husmannsfolk i Røysane under farsbruket til Johannes. Born: Stina Marie 1861–61, Anders 1862–77, Sitona Katrina Vedo 1865 (bnr 26/16 i Moane-Hove), Brita 1869 (Skjolden, ho fekk i Vik Anders 1900 med skomakar Peder Jensson Bolstad i Bergen), Kristina 1872–85, Olina 1874–1934 (ugift), Ola 1876. Ola Johannesson Hove (1876–1941) & 1900 Kristina Marie Endredtr Stadheim (1873–1955) frå lnr 29 fekk borna: Hansina 1900 (Balestrand), Johannes Tuxen 1901, Endre Tuxen 1903 (bnr 26/16 Moane-Hove), Unni 1906–99 (ugift, på bruket), Anders 1914 (politimeister, Leikanger). I 1910 vart bnr 26/36 0,09 mark i Moane-Hove fråskilt. Johannes Tuxen Olason Hove (1901–1991) hadde bruket 1946–71. Han var ugift. I hans tid vart bnr 6/7 Føli 1,35 mark skøytt til broren Endre Tuxen, som hadde kjøpt bnr 26/16 på Moane-Hove. Ein son til Endre Tuxen overtok bruket i 1971. Ola Endreson Tuxen Hove (1936–) & 1962 Solveig Ivardtr Seim (1940–) frå bnr 41/4 i Villastrøket-Sjøtun fekk borna: Egil Johan 1962, Britt Irene 1964. Egil Johan Tuxen Hove (1962–) overtok gnr 26/6, 26/21, 26/41, 26/46 og 40/15 i 2007.
Bnr 26/104, 2007. Britt Irene Oladtr Hove (1964–) & 1991 Douglas Eastman Johnson (1963–2003) fekk: Martin 1991, Vigdis 1992. Dei vart skilde. Britt bygde hus i tunet.
Lnr 77 Øvre Hove
3,03 spd. Eigar i 1723: Dorothea Blix, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Halv sjølveige frå 1838. Matrikkelskyld: 1,75 laupar i 1723, 1,50 laupar i 1788 og 1838. Data for 1845: 3,8 daa bygg, 1,4 daa potet, 1 hest, 3 storfe, 12 smalar og eitt vinterfôra svin. På bruket er det ubroten slektsrekkje frå 1600-talet fram til i dag.
Jon med kona Anna Arnedtr og døtrene Marta og Brita var her i 1645. I 1647 var Jon «forarmet». I 1655 og 1667 var det sonen Ola Jonson Hove (1615–) som var leiglending. Han hadde med seg sonen Jon 1652 på bruket. Jon Olason Hove (1652–) var brukar i 1685 og han var gift med Gyrid Ivardtr (–1717). I 1701 var det Ingebrigt Jonson Tryti (1662–) frå lnr 107 som var leiglending. Den første kona kjenner vi ikkje namnet på. Men i 1701 hadde dei sonen Jon 1697 og i 1711 hadde dei to born til, men som vi ikkje veit namnet på. Ingebrigt vart attgift med Gjørond Jondtr (–1717). Då ho døydde hadde ho sonen Ingebrigt. Denne guten vert borte for oss. Jon Ingebrigtson Hove (1697–1762) & Marta Ingebrigtdtr Vange (1698–1755) frå lnr 5 fekk borna: Ingebrigt 1729 (var ugift, men fekk Marta 1762 med Brita Hansdtr Vikøyri v264 1739–1809), Gjørond 1730, Ingebrigt 1732–32, Ingeborg 1734 (konfirmert 1751, deretter borte), Barbra 1738 (Vikøyri v490). Ingebrigt 1729 tente på gardar i bygda, men var tjuvaktig og fekk i 1768 og 1771 alvorleg straff for det. Neste leiglendingspar på bruket vart difor Gjørond Jondtr Hove (1730–1784) & 1754 Johannes Olason Fosse (–1784) frå lnr 35. Born: Ola 1756, Jon 1763 (plassen Haugen, Turvoll) og truleg Marta 1770 (Vikøyri v858). Ola Johannesson Hove (1756–1814) & 1786 Synneva Oladtr Sæbø (1760–1814) frå lnr 0 fekk borna: Gjørond 1785 (Vikøyri v894), Ivar 1787, Sigrid 1789 (plass lnr 51 Orvedal), Johannes 1791 (sjå note), Inga 1794 (plass lnr 51 Orvedal), Marta 1796 (Vetleøyri s160), Kari 1798 (plass lnr 2 i Røysane-Sæbø), Synneva 1799–1820. Ivar Olason Hove (1787–1856) & 1815 Sigrid Nilsdtr Vange (1778–1863) frå lnr 7 fekk borna: Synneva 1816 og Ola 1821–21. Ivar gifte seg oppatt 1824 med Lussi Andersdtr Nummedal (1792–1866) frå lnr 40 Vetle-Nummedal og dei hadde borna: Ola 1824 og Anders 1831 (lnr 93c Espesete). Bruket hadde på denne tida to eigarar. Den eine var av Daae-ætt. I 1838 skøytte denne eigaren sin del til Ivar Olason, medan Ivar let dottera Synneva og mannen hennar overta drifta av resten. Sjølveigardelen til Ivar Olason fekk lnr 77a 1,74 spd, medan lnr 77b 1,29 spd fekk Synneva og mannen Rognald som oppsitjar. Bruket til Ivar vart sterkt redusert, men i 1859 fekk sonen Ola 1824 kjøpt til parsellen lnr (71+73)bl, slik at bruket vart like stort som før delinga. Men i 1879 vart bruket frådelt endå ein liten part, bnr 26/19 0,08 mark.
Lnr 77a + lnr (71+73)bl 1,74+1,30 spd = bnr 26/5+26/4 2,73+1,73 mark. Produksjonsdata frå 1845 for lnr 77a: 11,1 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 9 storfe, 23 smalar og 1 svin. På bruket finn vi Ola Ivarson Hove (1824–1883) & 1849 Eli Oladtr Nummedal (1827–1911) frå lnr 37. Dei hadde: Brita 1849 (lnr 60 Refsdal), Lussi 1852 (lnr 52 Kinni), Olina 1854 (lnr 35b+34c Fosse), Ivar 1857, Anna 1860–1945 (USA 1881), Ola 1864–65, Ola 1867 (USA 1893), Johanna 1872–80. Ivar Olason Hove (1857–1933) & 1884 Brita Alfdtr Hønsi (1857–1934) frå lnr 83a hadde bruket 1885–1923. Born: Johanna 1883 (Vikøyri v222), Ola 1887, Anders 1890 (USA 1910), Eli 1895 (bnr 15/3 Åse), Andreas 1899 (urmakar, Vikøyri v095). I 1904 vart bnr 26/32 Mo 0,12 mark skilt frå. Ny skyld bnr 26/4 1,61 mark. I 1936 vart bnr 26/42 0,32 mark frådelt. Ny skyld bnr 26/4 1,20 mark. Ola Ivarson Hove (1887–1974) & 1920 Agata Sjurdtr Åse (1897–1976) frå bnr 15/3 fekk borna: Brita 1920 (Årdal), Anna 1922 (Årdal), Eli 1923 (ugift), Sigrun 1925 (Årdal), Ivar 1927, Johanna 1929 (Årdal), Margit 1934 (Førde). Ivar Olason Hove (1927–2006) & 1956 Agnes Jondtr Systad (1931–) frå bnr 26/13 Hove hadde bruket 1956–97. Born: Haldis 1956 (Marnardal i Vest-Agder), Ola 1958 (Hornindal), Lilly Anne 1961 (Oslo), Jorunn 1964, Ingunn 1966 (Nesodden). Jorunn Ivardtr Hove (1964–) & sb Jon Magne Kristianson Høyum (1958–) frå Feios har Ivar 2006.
Johannes Olason Hove (1791–1841) & 1828 Sigrid Arnedtr Hove (1798–1901) frå lnr 74 Øvre Hove var husmannsfolk på Hove, truleg i Moane. Born: Synneva 1827–28, Synneva 1830 og Barbra 1833–51. Huslyden reiste til USA i 1856.
Bnr 26/32, bnr 26/42 og plassar under lnr 77a: sjå Moane-Hove.
Lnr 77b Hove 1,29 spd = bnr 26/26 2,11 mark. Data for 1865: 5,5 daa bygg, 3,5 daa potet, 1 hest, 7 storfe, 26 smalar og 5 vinterfôra svin. Husa på dette delbruket ligg i dag søraust for det gamle tunet Nedre Hove.
Synneva Ivardtr Hove (1816–1875) frå lnr 77 & 1842 Rognald Olason Hopperstad (1805–1898) frå lnr 125 var leiglendingar, men fekk kjøpt denne delen av lnr 77. I tillegg kom lnr 71b 0,02 spd = bnr 26/3 Kvernhusteigen0,06 mark og lnr 21e Føli 0,31 spd = bnr 4/11 Åsen 0,40 mark inn under bruket. Synneva og Rognald hadde borna: Ola 1841, Ivar 1843–43, Sigrid 1845–1935, Anna 1849–50, Ivar 1851 (lnr 3 Sæbø), Johannes 1855 (USA 1882). I 1875 vart bruket skøytt til Ola Rognaldson Hove (1841–1925) & 1874 Sigrid Kristofferdtr Tryti (1850–1929) frå lnr 109. Born: Rognald 1873, Kristoffer 1877 («Fastinghuset» Røysane-Vange), Ola 1879 («Fastinghuset»), Johan 1882 («Fastinghuset»), Synneva 1887 (bnr 26/9 Hove). Rognald Olason Hove (1873–1951) & 1900 Brita Nilsdtr Hove (1879–1969) frå lnr 72 hadde: Ola 1900–88 (ugift, på bruket), Nils 1909, Harald 1911 (Bergen). I 1950 gjekk bruket til: Nils Rognaldson Hove (1909–1977). Han gifte seg i 1943 med Anna Guttormdtr Nummedal (1913–1976) frå lnr 37 Store-Nummedal. Born: Ragnar 1944, Brita 1949 (Aurland), Gunnar 1953 (Sola). Nils hadde bruket i åra 1950–1974. Ragnar Nilsson Hove (1944–) er ugift.
Munthe-Blix-bruket
Eigar og brukar i 1723: Dorothea Blix, deretter delte leiglendingsbruk under Anders Daae. Matrikkelskyld 2,71 laupar i 1723. Frådelt småbruket lnr 78 ca 1740, resten delt ca 1760 i lnr 76 og lnr 79.
Dette bruket var i 1685 truleg ei samling av to eller tre tidlegare bruk. I 1648 var Hermund Kjellson på eitt av desse bruka. I følgje den gamle bygdeboka bytte han dette året bygsel med Jakob Guttormson Grønsberg og flytta til Grønsberg. Jakob var gift med Guri Sveindtr, og då han døydde i 1650 gifte Guri seg på nytt med Knut Lasseson (1608–). Han dreiv i 1667 eit bruk på 1,88 laupar og han hadde då med seg stesonen Jon 1647. Denne Jon Jakobson kom til Gullteigane.
Namngarden Hove hadde frå før øydetida lege under Apostelkyrkjegodset. Omkring 1680 må Ludvig Munthe ha overteke eiga, og bruket hans var truleg kome i drift då han gifte seg i 1686. Vi trur han bygde opp hus i eit nytt tun. Det vart seinare kalla Blixatunet. I 1723 var bruket på 2,71 laupar. Ludvig Christopherson Munthe (1657–1708) var son til ein svært rik fut i Indre Sogn, og mora var Birgitte Munthe, dotter til ein biskop i Bergen. Ludvig gifte seg med Karen Leganger (1668–1702), ei dotter av prost Ivar Leganger og andre kona hans, Anna Finde. Ho var også svært rike. Ludvig var kapellan og frå 1702 prest i Vik. Ludvig og Karen hadde 8 born: Birgitte 1686–1770 (gift med prost Anders Daae), Christopher 1688–1754 (prest i Hafslo), Anna 1690–1733, Maren 1692–1731 (gift med Anders Heiberg, prest i Romsdal), Karen 1695–1735 (gift med kaptein Jens Schreuder), Ivar 1698–1756 (prest i Volda), Barbara Margrethe 1700–1753 (gift med oberstløytnant Hans Peter Tønder), Helene 1702–1785 (gift med Hans Witthe, sokneprest i Manger). Anna 1690 var gift med Jens Christopherson Garmann (1680–1733), kapellan i Vik 1728–33. Dei hadde ikkje born. Dei døydde båe i Vik i eit år med uvanleg mange dødsfall i bygda. Jens hadde eige i fleire gardsbruk i Vik i 1724. Barbara og Hans Peter Tønder eigde ei kort tid lnr 184+185+186 på Vangsnes. Bruket der vart overteke av Helene 1702 som då var attgift med krigsråd Fredrich Lauritz Moduit (–1749). Helene var barnlaus, men hadde hjå seg Christine Margrethe Schreuder (1724–1812), ei dotter til Karen 1695 og Jens Schreuder. Ludvig gifte seg oppatt 1704 i Tjugum kyrkje med Dorothea Hansdtr Blix (1671–1748), ei dotter til ein prest i Manger og syster til futen Hans Blixencrone. Ho kom heller ikkje fattig inn i ekteskapet. Dorothea vart tidleg enkje. Ho vart sitjande på bruket på Hove så lenge ho livde. Dorothea var barnlaus, men i 1711 hadde ho med seg ei jente, Sara Dorothea Eirikdtr Blix (1707–1741). Det var vanleg at prestehuslydar fostra opp born av prestar som kom i økonomiske vanskar, og Sara kan ha kome til Hove etter at faren vart sjuk eller døydde. Sara var dotter til Eirik Eirikson Blix (1651–1711), sokneprest i Vesterålen, gift med Dorothea Pederdtr Darre (–1724). Sara hadde følgjande sysken: Peder 1692–64 (prest i Århus), Theonomus 1699–1773, Stephen, Mentz og Barbara. Sara gifte seg i Vik i 1741 med prokurator Nicolai Christian Christopherson Gierløw (eller Gjerløv). Sara døydde på Hove og truleg under fødsel. I 1743 var Nikolai framleis i bygda: Då var han fadder på ein unge til «Ole tambur» på Vikøyri. I Dorothea si styringstid vart småbruket lnr 78 frådelt. Gardseiga for resten av storgarden vart overteke av Anders Daae, som omkring 1760 delte bruket i to like delar, kvar på 1,37 laupar. Desse to delbruka vart lnr 76 og lnr 79.
Lnr 76 Hove
3,89 spd. Delbruk av Munthe-Blix-bruket frå ca 1760, eigd av Daae-ætta. Delvis frikjøpt i 1837. Matrikkelskyld: 1,25 laupar i 1788 og 1,38 laupar i 1828. Produksjonsdata for 1845: 22,5 daa bygg, 7,0 daa poteter, 3 hestar, 14 storfe, 46 smalar og 7 vinterfôra svin. Dette delbruket har hus i det opphavlege Blixatunet. På 1900-talet gjekk det mest under namnet Gjert-tunet. Men vi finn ingen Gjert på bruket.
Til denne delen av Blixabruket kom Ivar Ellendson Holstad (1719–1779) frå lnr 85 & 1760 Kari Samueldtr (1725–1790). Kari var neppe frå bygda. Born: Ellend 1761–71, Samuel 1763 (husmann i Moane-Grov), Ingebrigt 1766 (Vikøyri v360). Ivar vart spedalsk og vart i 1777 lagt inn på St. Jørgen Hospital i Bergen og døydde der. Det kom difor eit nytt leiglendingspar til bruket: Lars Bendikson Rosheim (1749?–1825) frå lnr 94 & 1774 Brita Jondtr Stadheim (1752–1828) frå lnr 24+25. Born: Synneva 1774 (sjå note lnr 11 Seim), Jon 1776, Bendik 1777 (lnr 14 Nissestad i Arnafjord sokn), Guttorm 1779 (lnr 15 Bungane i Arnafjord sokn), Hermund 1782–82?, Ola 1784 (lnr 75 Øvre Hove), Tor 1787 (plass Grønsberg), Ivar 1789 (plass i Moane-Hove, sjå der lnr 76b), Ellend 1792–92?, Ellend 1794–94?, Ragnhild 1795 (lnr 17 Tenål). Jon Larsson Hove (1776–1867) & 1802 Lussi Oladtr Orvedal (1779–) frå lnr 52 fekk borna: Lars 1804, Brita 1807 (lnr 38 Nummedal), Ola 1810 (sjå note), Hermund 1813–32, Brita 1815 (lnr 84 Hønsi), Durdei 1818 (lnr 59 Refsdal), Ivar 1822 (sjå note), Elling 1826–27. Lars Jonson Hove (1804–1884) & 1831 Randi Oladtr Stadheim (1805–1883) frå lnr 28 fekk borna: Jon 1831, Brita 1834, Ola 1838, Hermund 1840. I 1837 fekk Lars frikjøpt halvparten av bruket. Resten vart frikjøpt i 1844. I 1840 vart lnr 76b 0,20 spd i Moane frådelt til Jon Lasseson Moane-Hove. Ny skyld lnr 76a 3,69 spd. Lars med huslyd reiste til USA i 1844. Bruket vart kjøpt av Per Person Gudvangen (1801–1877) & 1829 Marta Monsdtr Onstad (1803–1864) frå Aurland. Før Per kom til Vik var han jekteførar. Born: Per 1829, Brita 1831–31, Mons 1832 (USA 1872), Lars 1834 (lnr 81 Voll), Ola 1836–36, Brita 1838 (bnr 26/1 Hove under lnr 71+73), Ola 1841 (sjå note), Gjertrud 1842–42, Gjertrud 1846 (lnr 79a Hagen-Hove). I 1859 gjekk bruket til eldste sonen. Per Person Hove (1829–1902) & 1858 Agata Endredtr Hove (1830–1893) frå lnr 79b fekk: Marta 1858 (lnr 104 Bø), Per 1859, Johanna 1865–1942 (ugift), Brita 1867–69, Kristina 1869 (lnr 124 Hopperstad), Endre 1869 (vart prest), Brita 1871 (til Hafslo). I 1876 vart bruket frådelt lnr 76e 0,05 spd og i 1881 lnr 76d 0,03 spd. Ny lnr 76a 3,64 spd = bnr 26/23 5,28 mark. Per Person Hove (1859–1926) & 1893 Anna Nilsdtr Hove (1872–1959) frå lnr 79b fekk skøyte på bruket i 1893. Born: Agata 1894 (bnr 2/13 under lnr 6+7 Vange), Synneva 1895 (lnr 72 Hove), Per 1899–1936 (ugift handelskar), Nils 1903, Brita 1906 (Førde), Harald 1911 (bnr 26/38 under bruket). I 1894 vart bruket frådelt bnr 26/26 0,11 mark og i 1927 bnr 26/38 Tåheim 0,37 mark. Ny skyld bnr 26/23 4,80 mark. Same året gjekk bruket til neste generasjon. Nils Person Hove (1903–1985) & 1927 husmannsdtr Ingeborg Nilsdtr Hamre (1904–1993), frå Bøyum i Fjærland, fekk borna: Anna 1928 (sjå note), Kirsten 1938 (sjå note), Per 1943. Per overtok bruket i 1972. Per Nilsson Hove (1943–) & 1969 Liv Sissel Vårdal (1947–2001) frå Holmedal fekk: Irene 1970 (bur på bnr 26/38), Marianne 1971 (til Feios), Nina Karin 1976 (lnr 69 Ovri). Per vart attgift 2006 med Else (Holter) Hove (1952–) på lnr 79a Hagen-Hove.
Bnr 26/38 Tåheim 0,37 mark. Harald Person Hove (1911–1995) & 1944 Inger Ivardtr Sæbø (1916–1999) frå Bergen (sjå bnr 1/66 i Røysane-Sæbø) hadde ikkje born. I 2003 er huset busett av Irene Perdtr Hove (1970–) & sb Birger Hansson Hagheim (1971–) frå Lærdal. Dei har Ingeborg 2004.
Ola Jonson Hove (1810–) & 1854 Gjertrud Andersdtr Styvi (1823– 1899) frå Aurland fekk Jon 1853. Huslyden var innerstar på Hove og reiste til USA i 1854. Ivar Jonson Hove (1822–1907) & 1852 Mari Tollakdtr Seim (1826–1860) frå lnr 9 fekk borna: Jon 1851, Tollak 1853, Anna 1857 og Lussi 1859. I 1854 kjøpte Ivar lnr 88b Brekke, men selde bruket att og kjøpte i 1859 ein stor parsell av lnr (71+73) Hove. Men kona døydde, og i 1861 reiste han med borna til USA.
Ola Person Hove (1841–) & 1867 Johanna Oladtr Hopperstad (1843–) frå lnr 125 fekk Marta 1867. Ola var handelskar. Familien reiste till USA i 1870.
Anna Nilsdtr Hove (1928–) & 1950 Ivar Olason Kinden (1926–1995) frå lnr 22a Teigum på Ovrisdalen busette seg i Os, Hordaland. Kirsten Nilsdtr Hove (1938–) & 1961 Per Henrikson Årestrup (1937–) frå lnr 93a* Espesete busette seg i Øvre Årdal.
Plass under lnr 76. Anders Olason Holstad (1765–1829) frå lnr 86 & 1800 Magnhild Perdtr Vange (1775–1838) frå lnr 5 var i 1816 på ein plass under bruket. Dei flytta så til plassen Haugen under Voll.
Plass under lnr 76a. I 1865 var det 0,7 daa poteter, ei ku og eitt vinterfôra svin på plassen. Lars Person Hove (1834–1914) frå lnr 76a & 1861 Gyrid Endredtr Hove (1834–1863) frå lnr 79b var plassfolk. Born: Per 1860, Johannes 1863. Lars vart attgift 1864 med Brita Endredtr Hove (1837–1914) frå lnr 79b og dei fekk: Endre 1866 på Hove. Lars og Brita kjøpte lnr 81 Voll og flytta dit og fekk der fleire born.
Lnr 76b Mo 0,20 spd, sjå Moane-Hove.
Lnr 78 Øvre Hove
0,65 spd. Frå ca 1740 leiglendingsbruk under Daae-ætta. Selt på auksjon i 1846. Matrikkelskyld 0,25 laupar i 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 4,5 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 3 storfe, 12 vinterfôra smalar og 1 svin. Husa på plassen låg ikkje i Blixatunet, men på Øvre Hove.
Truleg var denne eininga først husmannsplass under bruket til Dorothea Blix og vart først sjølvstendig bruk etter 1723, men før storbruket vart delt i lnr 76 og 79. Ut frå dette trur vi at Jens Rognaldson (1683–1758) & Gunhild Oladtr (1674–1748) var husmannsfolk på denne staden. Jens var frå Berge i Kyrkjebø. Truleg kom dei til Vik ut på 1700-talet. Vi kjenner ikkje namn på born. Jens gifte seg oppatt 1749 med Johanna Perdtr (–1797?). Johanna var på Stadheim då ho gifte seg, men var neppe frå bygda. Dei fekk Ola 1750. Johanna gifte seg oppatt med Nils Olason Vikøyri v820 (1733–1804). Enkjemannen Nils vart attgift 1798 med Gjøa Gullakdtr Tørknes (–). Ho vart attgift i1804 til Vikøyri v736. Vi er usikre på om Nils var husmann eller leiglending, men den neste brukaren var i alle høve leiglending. Ola Jensson Hove (1750–1791) & 1781 Brita Andersdtr Hallrynjo (1749–) frå lnr 66 fekk Jens 1782. Brita gifte seg oppatt med Eirik Jonson Midlang (1742–1811) frå lnr 98. Dei hadde ikkje born. Brita levde i 1801, men vi veit ikkje kva tid ho døydde. Jens Olason Hove (1782–1845) & 1808 Brita Hansdtr Nissestad (1780–1821) frå lnr 14 i Arnafjord sokn fekk borna: Ola 1808–30, Sigrid 1810–32, Brita 1814 (lnr 23a Dale i Kvamsøy sokn), Johanna 1816 (gift 1846 i Bergen), Lars 1818 (USA, sjå òg note lnr 121 Hopperstad), Anna 1820 (sjå note lnr 17 Tenål). Då sonen Ola vart konfirmert i 1823, fekk foreldra like dårleg karakter som sonen: «Forsømt af forældrene, vandkundig og doven». Jens vart attgift 1821 med Synneva Johannesdtr Kinni (1776–1858) frå lnr 56. I 1846 gjekk bruket ved auksjonsskøyte til Anders Andersson. Anders sat med småbruket til 1849 då det vart selt til sjøkaptein Valentinsen som la det til lnr 74a.
Lnr 79 Hove
3,89 spd. Delbruk av Munthe-Blix-bruket frå ca 1730 med Anders Daae og deretter Daae-ætt som eigar. Frikjøpt med deling i 1837. Matrikkelskyld i 1788 og 1838: 1,50 laupar. Husa på dette bruket låg opphavleg i Blixatunet.
Dette bruket vart oppretta ved deling av det bruket som Dorothea Blix hadde drive. Anders Daae tok her inn ein frå Voss som leiglending: Salomon Halsteinson Igdetveit (–1795?). Han gifte seg 1752 med Brita Torgeirdtr Hommedal (1729–) frå Vossestrand. Born: Marta 1750, Kari 1758 (Vetleøyri s138), Ingebjørg 1762 (Vetleøyri s124), Sigrid 1768 (døydde lita?). Salomon og Brita hadde vanskeleg for å greia seg, og det vart panta for skuld og utsvar av eigaren, prost Anders Daae. Far til Salomon, Halstein Olason (1679–1764), var med til Vik. I manntalslista frå 1763 vart han førd opp som fattig og naudtrengjande. Marta Salomondtr Hove (1750–1826) & 1776 Jon Olason Hove (1747–1805) frå lnr 72 fekk borna: Sigrid 1775–75?, Jon 1776, Ola 1778 (plass på Bleiehaugen lnr 71), Guri 1780 (lnr 8 Vange), Nils 1780 (Balestrand), Birte 1782–82?, Salomon 1786 (Vikøyri v894), Ingebrigt 1788 (Balestrand), Jon 1780–90?, Jon 1792 (bnr 72/3 Hanekam i Arnafjord sokn), Brita 1795 (Vikøyri v654), Kari 1801–03. Jon Jonson Hove (1776–1864) & 1807 Eli Oladtr Øksdal (1773–1855) frå lnr 2 i Vangsnes sokn hadde ikkje born, men tok i 1813 til seg Malena Oladtr «Vikøyri», fødd 1812. Mora Margrete Hansdtr (1777?–1813) var i 1801 tenestejente på Hopperstad og oppgitt alder var då 28 år. Vi finn ikkje Margrete i fødselsoppgåvene. Far til Malena heitte Ola Andersson. Han var ein framandkar som Margrete ikkje visste opphaldstaden til. Slektsgranskarar har her ei håplaus oppgåve! Ved konfirmasjon i 1826 vart det skrive at Malena var «meget ligegyldig med undervisningen». Jon Jonson var kanskje ikkje noko bra fosterfar. Han var ein kranglefant - iallfall i fylla. I 1805 hadde han banna og skjelt ut gjestgivaren Martens i eit forliksmøte. Året etter var han på nytt i forliksrådet. Då galdt det manglande betaling av gjeld i kombinasjon med utskjelling. I 1831 bygsla eigaren bruket til: Malena Oladtr Hove (1812–) & 1830 Anders Nilsson Vange (1797–1838) frå lnr 5. I 1837 vart bruket frikjøpt og delt i to like delar. Anders og Malena heldt fram med å driva lnr 79a og lnr 79b gjekk til Endre Olason Hopperstad, gift med ei syster til Anders. Delinga skjedde truleg på tradisjonell vis ved alle teigar vart delte. Men som følgje av utskiftingane, vart lnr 79a tillagt mykje jord i Hagen og husa på bruket vart flytta dit. Sjå vidare om lnr 79a 1,95 spd = bnr 26/27 2,95 mark og Malena og Anders under Hagen-Hove.
Lnr 79b Hove 1,94 spd, seinare bnr 26/28. Om tilleggsparsellar: sjå note. Produksjonsdata for 1845: 6,7 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 7 storfe, 28 smalar og 3 vinterfôra grisar.
Endre Olason Hopperstad (1801–1887) frå lnr 124 & 1829 Kristi Nilsdtr Vange (1806–1886) frå lnr 5 overtok delbruket. Born: Ola 1828 (bnr 26/19 Hove under lnr 71+73), Agata 1830 (lnr 76 Hove), Gyrid 1833–33, Gyrid 1834 (lnr 81 Voll), Brita 1837 (lnr 81 Voll), Nils 1840, Anders 1842 (bnr 6/3–5 Føli), Johannes 1845–54, Ivar 1848 (USA 1870). Nils Endreson Hove (1840–1919) & 1871 Synneva Helgedtr Turvoll (1846–1908) frå lnr 46 fekk: Anna 1872 (lnr 76 Hove), Endre 1873, Helge 1876–77, Kristina 1878–1927 (ugift), Brita 1884 (sjå note), Helge 1880 (til bnr 26/30 i Kålhagen), Johannes 1882–1956 (sjå note og bnr 26/6), Ola 1888–1967 (sjå note og bnr 26/17). Endre Nilsson Hove (1873–1964) & 1907 Anna Johannesdtr Nummedal (1871–1953) frå lnr 36a fekk Sunniva 1908, Agnes 1914–15. Sunniva Endredtr Hove (1908– 2008) & 1942 Nils Helgeson Hove-Heimdal (1912–1996) frå bnr 26/30 i Kålhagen fekk Endre 1946. Endre Nilsson Hove (1946–1996) & 1972 Margot Leivdtr Lunde (1946–) frå Hafslo hadde bruket 1969–1995. Born: Nils Sølve 1973, Laila Johanne 1974 (Gaupne, så Haukedalen i Førde). Nils Sølve Endreson Hove (1973–) er brukar.
I 1857, 1858 og 1878 vart lnr 79b tillagt tre parsellar frå Føli: lnr 23l, lnr 21k og lnr 20a. Samla vart skylda 3,05 spd. Deretter fekk bruket bnr 26/28 Hove med Føli 4,27 mark. I 1908 vart frådelt til Johannes Helgeson Hove av Følis-eiga: bnr 26/34 Botne- og Sendedalsstølen 0,15 mark og eit stykke på Føli, bnr 26/35 0,50 m
Brita Nilsdtr Hove (1884–1952) & lærar Johannes Johannesson Mundal (1886–1922) frå Fjærland fekk: Synneva 1916 (bnr 26/35 under lnr 20 Føli), Signe Johanne 1918 (bnr 26/50 Føli), Borgny 1920 (Oslo). Enkja Brita var i lag med Johannes 1882 og Ola 1888 i eit hus på farsbruket. Huset vart flytta til Føli, sjå bnr 26/35, lnr 20.