Hopperstad
Arne Olason Bø – som kom til Hopperstad – var truleg den einaste sonen til den rike lensmannen Olav Arneson Bø. Olav hadde i 1583 ei eige på ca 8 laupar, av det ca 3,6 laupar i Bø. Mykje av det tok sonen Arne med seg til Hopperstad, og det var med på å dela bruka på Hopperstad og Skjørvo i lang tid som sjølveigarbruk og leiglendingsbruk. Det som han tok med seg som eige i Bø var Balvoll og teigar i Bø som vi finn att på eit kart frå storutskiftinga i 1864. I 1864 kjøpte bønder i Bø tilbake teigane. Balvoll var alt i 1845 blitt busett som sjølveigarbruk av ein son frå Hopperstad.
Av skatteoppgåver finn vi at Hermund Arneson var den einaste sjølveigar på Hopperstad i 1603. Min teori er at sjølveigarbruket til Hermund vart delt mellom to søner: Jon 1580–1633? og Arne 1598–?. For at det skal vere rett, trur eg at det før 1580 vart døypt ein Arne og at han døydde ung. Den nye Arne 1598 fekk den største delen av sjølveigarbruket på Hopperstad og han overtok dessutan 2 laupar i eit bruk på 2½ laupar på Skjørvo. Der var sonen Hermund Arneson i 1647. Han hadde altså det same namnet som bestefaren. I 1635 var sjølveigarane på Hopperstad: Arne Hermundson og «Jon Hermundsens børn». I 1667 var Nils 1646 og Halvar 1651 søner til Arne Hermundson, og Jon Hermundson hadde etter seg «gamle» Hermund 1605 og «unge» Hermund 1615 og som båe vart bønder på Hopperstad. Dei døydde båe mellom 1667 og 1685.
På side 666 i bind III–2 av den gamle bygdeboka, trykt i 1958, er det teke inn eit eigedomsoversyn for Hopperstad for året 1655. Der står det at unge Hermund Hopperstad hadde eit bruk på 2 laupar på Hopperstad og han dessutan brukte ½ laup i Bø og: «Aasitteren eier alt». Arne hadde eit bruk på 2 laupar og brukte ½ laup i Bø, og han eigde alt. Dette viser vel at den eiga i Bø som Arne Olavson Bø tok med seg til Hopperstad no var delt i to. Mi tolking er at Balvoll då låg under det bruket som i gards- og ættesoga er kalla lnr 115+116 og at den langstrekte teigen vest for Bøagrovi låg under lnr 123.
Lnr 115+116 Hopperstad
Sjølveigd i 1647 med matrikkelskyld 2,50 laupar. I 1723 2,33 laupar, i 1838 2,08+0,25 laupar.
På dette store bruket på Hopperstad var Hermund Hopperstad rik sjølveigar i 1603. Han var der også i 1611. I 1635 og 1645 var det sonen Arne Hermundson Hopperstad (1598–) som var oppsitjar. Kona heitte Synneva Halvardtr (-1698) og vi veit om borna: Hermund 1627 (lnr 113 Skjørvo), Ola 1638 (lnr 87 Holstad), Anfin 1640 (lnr 113 Skjørvo), Nils 1645 (lnr 111 Skjørvo), Halvar 1650. I 1685 var Synneva enkje og brukar. Halvar Arneson Hopperstad (1650–) hadde i 1701 sonen Arne 1683. Arne Halvarson Hopperstad (1683–1748) & lensmannsdtr Kari Oladtr Brekke (1680–1740) frå lnr 88 hadde borna: Ola 1712, Åsa (lnr 106 Tryti), Brita 1715 (Linde i Kvamsøy sokn), Sigrid 1720 (lnr 122 Hopperstad), Halvar 1728 (lnr 116 Balvoll). Ved skifta etter Arne og Kari vart bruket frådelt Balvoll 0,25 laupar (sjå lnr 116 under Balvoll).
Lnr 115 Hopperstad
4,33 spd. Data for 1845: 12,3 daa bygg, 5,6 daa poteter, 3 hestar, 12 storfe, 35 smalar og 3 vinterfôra svin.
Etter frådeling av Balvoll var sjølveigarbruket på 2,08 laupar. Det vart overteke av Ola Arneson Hopperstad (1712–1773) & 1747 Anna Haldordtr Linde (1726–1807) frå Kvamsøy sokn. Anna var syster til Halvar Linde på lnr 122 Hopperstad og til Rognald Linde som var gift med Brita 1715. Tre sysken frå Linde gifte seg altså med tre sysken frå Hopperstad. Ola og Anna fekk borna: Kari 1747 (ugift), Arne 1748, Kari 1750 (Vikøyri v838), Jon 1753 (Vikøyri v530), Brita 1756–58, Haldor 1759–59?, Ola 1760 (plass under lnr 71 i Moane-Hove), Haldor 1765–65?, Haldor 1769–69?. Etter at Ola døydde, vart det strid mellom enkja Anna og sonen Arne. Ved hjelp av klokkar Apollonius Liljedahl prøvde ho å få bruket over på sonen Jon. Det var først fram mot århundreskiftet at Arne fekk hand om bruket. Arne var elles ikkje så lett å samarbeida med, og i 1806 vart det ført inn i forliksprotokollen at han var «trettekiær mand». Arne Olason Hopperstad (1748–1833) & 1795 Randi Kristendtr Sværen (1764–1838) frå Sværefjorden fekk borna: Ola 1797–1800, Ola 1800, Kristen 1803 (plass ved Klokkargarden under lnr 120 Hopperstad), Anders 1806– 07, Anna 1808 (sjå note lnr 20 Føli). Randi hadde dessutan Kari 1793 med Johannes Andersson Sværen. Kari vart oppfostra på bruket og gift til lnr 117. Det var ikkje uvanleg at born vart verande på bruket som uløna tenestefolk etter dei var konfirmerte. Men her skjedde det uvanlege at mann til Kari 1793 i 1823 kom med eit etterkrav på løn frå ho var 15 år til ho var 28 år på over 18 spd og at dette kravet vart støtta av forlikskommisjonen. Ola Arneson Hopperstad (1800–1884) & 1832 Kari Endredtr Tryti (1807–1883) frå lnr 108 fekk: Arne 1831 (lnr 88b Brekke), Brita 1834 (lnr 122), Endre 1837 (lnr 110 Tryti), Randi 1840 (lnr 118), Per 1844 (lnr 119a). I 1857 selde Ola Arneson bruket til agronom Ferdinand Dahl. Dahl kjøpte òg lnr 123 (sjå meir om han der). I 1860 selde Ferdinand bruka til Ivar Helgeson Suphamar.
Ivar Helgeson Suphamar (1833–1865) & 1856 Gunhild Mikkeldtr Eitorn (1831–), båe frå Leikanger, dreiv samlebruket lnr 115+123 vidare, sjå meir under lnr 123. I 1864 vart jord i Hagen på Bøadalen frå båe desse bruka frådelt til Johan Ellingson Hagen, av det var lnr 115b 0,05 spd. Skyld lnr115a 4,28 spd. Enkja Gunhild ønskte ikkje å halda fram med gardsdrift, og omkring 1866 vart lnr 123a selt og lnr 115a delt mellom Ola Olason Hopperstad (lnr 115c 2,14 spd) og Kristen Jonson Hopperstad (lnr 115a* 2,14 spd). Ola og Kristen hadde frå før kvart sitt bruk, lnr 125a og lnr 120a, og dei slo sine partar inn under bruka sine. Lnr 115 vart dermed borte.
Plassar på Breidi: sjå lnr 120a. Plassar under lnr 115 på Hatlekolo: sjå Hatlekolo bnr 39/21.
Lnr 117+118+121 Hopperstad
Eigarar i 1647 av eit svært stort bruk drive av Nils og Gjertrud Hopperstad: Kaupangergodset 3,75 laupar, Kongen 0,75 laupar, Peder Paaske og Britte Eirikdotter kvar 0,25 laupar. Seinare uklar eigarstruktur. Bruket todelt ca 1660. Den største parten var lnr 117+ 118+ 121. Matrikkelskyld for denne parten: 2,25 laupar i 1667, 2,38 laupar i 1723.
Nils Markusson og Gjertrud Torgilsdtr var i 1647 leiglendingspar på eit svært stort bruk. Nils var kanskje frå Vetlefjorden. Gjertrud kan ha vore dotter til Torgils Simonson Heggenes og kona Sigrid. Sigrid var truleg frå Geithus og syster til Sakse Geithus. Gjertrud hadde truleg arverett til ein gardpart av Geithus i Arnafjord, og Nils kjøpte denne gardparten av Per Hansson Hauglum i Arnafjorden og bror hans, Torbjørn Hansson Lunde i Balestrand. Dei to var nok slektningar til Gjertrud. Storbruket på Hopperstad var i 1667 delt med to søner til Nils og Gjertrud som leiglendingar: dette bruket og lnr 122. Ola Nilsson kom til lnr 122, og Markus Nilsson dreiv hovudparten lnr 117+118+121. Markus Nilsson Hopperstad (1619–) hadde sønene: Torgeir 1645 (lnr 196 Vangsnes), Hermund 1653 (lnr 45+46 Turvoll, så lnr 15 Tenål), Jon 1656 (lnr 113 Skjørvo), Sjur 1661. I 1723 hadde Sjur Markusson Hopperstad (1661–1723) overteke. Han var gift to gonger. Første kona var Brita Pauldtr. Det var skifte etter henne i 1713. Då hadde dei borna: Markus 1693 (lnr 80 Voll, så lnr 24+25 Stadheim), Nils 1695 (lnr 96 Fjærestad), Paul 1699 (lnr 121 Hopperstad, Ola 1703 (lnr 103 Bø) og Brita (som truleg døydde lita). Andre kona til Sjur var Marta Hermunddtr Øvre Hove (1690–1775) frå lnr 74, og vi veit om borna: Brita 1715 (Vikøyri v678), Synneva 1717, Marta 1722, Hermund 1725 (lnr 121, så lnr 47 Bruavoll), Brita 1727, Hermund 1730, Synneva 1731 (plass under lnr 3 Sæbø i Røysane). Marta vart attgift 1736 med Kjell Guttormson Hønsi (1693–1739) frå lnr 84 og dei fekk Sjur 1736 (lnr 62 Undi). Dei to Sjur-døtrene Brita dy og Marta levde det som har vore kalla eit usedeleg liv: Marta fekk Brita 1750 (Vikøyri v402) med Per Jakobson «Voll» og Ola 1756 (Vikøyri v802) med Jon Knutson Fliseram (frå Myrkdalen). Brita 1727 fekk Ingebrigt 1750–51 med Alf Nilsson Åse (1688–1772) frå lnr 50, som då var 62 år!, og Jon 1754 (sjå note) med Ola Johannesson Fjærestad (1718–1806) frå lnr 95+97. Hermund Sjurson Hopperstad (1730–1813) dy & 1759 Helga Johannesdtr Fjærestad (1728–1761) frå lnr 95+97 fekk ikkje born fordi Helga døydde «uden barnefødsels forløsning». Hermund vart attgift 1763 med Sigrid Andersdtr Bø (1722–1805) frå lnr 104 og dei fekk Sjur 1765 (lnr 117). Klokkar Liljedahl kom inn på eigarsida på bruket og fekk i 1775 skøyte på 0,40 laupar (lnr 121). I 1778 fekk Hermund skøyte på halvparten av det som var att av bruket (lnr 117), og i 1780 fekk Eirik Olason Nesse skøyte på den andre halvparten (lnr 118). Hermund må ha hatt leiglendingsrett for livstid og forkjøpsrett til bruket. Det kan vera økonomiske problem som gjorde at han ikkje brukte forkjøpsretten sin for heile bruket. Vi følgjer delbruka vidare som lnr 117, 118 og 121.
Jon Olason Hopperstad (1754–) vart konfirmert 1773 og gift 1788 med Sissel Botolvdtr Refsdal (1743–) frå lnr 60. Dei kom til Nordnes i Sogndal.
Lnr 117 Hopperstad
1,63 spd = bnr 39/8 2,32 mark. Data for 1845: 5,9 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 6 storfe, 26 smalar og 4 vinterfôra svin.
Hermund Sjurson Hopperstad (1730–1813) og kona vart ikkje sitjande lenge som sjølveigarar før dei gjekk over på kår. I 1790 vart bruket skøytt til Sjur Hermundson Hopperstad (1765–1819) & 1784 Marta Andersdtr Skjørvo (1759–1829) frå lnr 114. Born: Anders 1785, Marta 1787–87?, Hermund 1789–89, Hermund 1790 (Vikøyri v348, sjå òg under lnr 24 Stadheim), Sigrid 1793–1892 (ugift), Kari 1797 (Vikøyri v932), Sjur 1802 (Vetleøyri s208). Sjur må ha mista eigedomsretten sin, for i 1802 er han førd opp som leiglending. Noko særleg bra gjekk det ikkje med borna hans heller. Anders Sjurson Hopperstad (1785–1861) & 1821 Kari Johannesdtr Sværen (1793–1866), fosterdotter på lnr 115 Hopperstad, fekk borna: Marta 1821 (plass under lnr 84 Hønsi), Sjur 1824 (sjå note), Randi 1826–61, Hermund 1830–85 (ugift, fekk fattighjelp frå 1869), Brita 1836 (sjå note). Det må ha vore uorden i papira for bruket, for i 1827 fekk Anders bygselbrev samstundes som eigaren selde bruket. Anders og Kari fekk kår. Amund Botolvson Espesete (1791–1863) frå lnr 93 & 1821 Brita Anfindtr Midlang (1792–1866) frå lnr 99 overtok bruket. Dei fekk borna: Marta 1821 (lnr 98 Midlang), Botolv 1824, Anna 1828 (til Balestrand i 1848), Ragnhild 1828–1906, Marta 1831 (sjå note), Anfin 1836–68. Botolv Amundson Hopperstad (1824–1891) & 1859 Gyrid Apolloniusdtr Liljedahl (1834–1906) frå lnr 121 Hopperstad fekk borna: Amund 1859, Brita 1861 (Bergen), Brita 1864 (lnr 9b Liktvorane), Apollonius 1866–73, Anfin 1869–73, Ola 1872–72, Anna 1875 (Oslo), Anfin 1877 (Bergen og bnr 45/3 Liktvorane). Amund Botolvson Hopperstad (1859–1938) & 1891 Jensina Oladtr Stadheim (1866–1954) tok over bruket i 1891. Born: Botolv 1891 (Lifjorden i Hyllestad), Gyrid 1893 (bnr 39/25 under bruket), Ola 1895, Ingebjørg 1898 (Høyanger), Ole 1900 (lnr 87 Holstad), Apollonius 1902–55 (ugift dreng), Alfred 1904 (lnr 10 Svardal), Oline 1907 (bnr 39/25 under bruket), Ragnvald 1909 (bnr 39/32 under bruket). I tillegg hadde Amund guten Ola 1883 (USA 1901) med Inga Jondtr Hopperstad (1854–1939), sjå lnr 122b Hatlekolo. Ola Amundson Hopperstad (1895–1973) & 1923 Ragna Nilsdtr Simlenes (1893–1968) frå Fresvik fekk: Ruth 1924 (sjå bnr 39/32), Arne 1926, Nancy Alette 1933 (til bnr 39/32). I 1938 vart frådelt bnr 39/25 0,02 mark og i 1954 bnr 39/32 Oddmundtun 0,04 mark. Arne Olason Hopperstad (1926–) & 1952 Jenny Sveindtr Wold (1928–2000) frå bnr 1/30 i Røysane-Sæbø fekk: Ingunn 1955 (Øygarden ved Bergen), Rigmor Anita 1958 (Bergen). Odd Sture 1963 (Trondheim). Arne overtok i 1939. Hus vart bygd i 1951. Jorda er bortleigd.
Bnr 39/25 Tunheim 0,02 mark. Kårhus på garden vart overteke av dei to ugifte søstrene Gyrid Amunddtr Hopperstad (1893–1974) og Oline Amunddtr Hopperstad (1907–2000). I 2001 vart staden skøytt til Gerd Haugland (1933–), Bøvågen. Gerd er dotter til Ola 1900 (sjå lnr 87 Holstad).
Bnr 39/32 Oddmundtun 0,04 mark. Dette var det gamle huset på bruket som vart skøytt over på Nancy Alette Oladtr Hopperstad (1933–) i 1954. Ho gifte seg 1969 med Olav Straume (1909–1983) Dei budde i Leikanger, men bygde i 1975 hus i Nedste Hopperstadmarki nr 26. I 1969 gjekk bustaden til Ruth Oladtr Hopperstad (1924–) & 1956 Mikkel Moen (1919–). Dei bur i Gol. I 1975 gjekk bnr 39/32 til Ragnvald Amundson Hopperstad (1909–1983). Han var ugift. Lars Mikkelson Moen (1956–) i Gol overtok.
Sjur Andersson Hopperstad (1824–) fekk Ivar 1853 med Gjertrud Apolloniusdtr Liljedahl (sjå lnr 121 Hopperstad) og Lars 1854–54 med Solveig Jondtr Vangsnes (1826–) frå plass nr 33 Vangsnes. Deretter blir han borte for oss. Brita Andersdtr Hopperstad (1836–1920) fekk Anders 1862 med Eirik Eirikson Tryti (1829–1909) frå lnr 110. Eirik kom til Tistel. Anders Eirikson Hopperstad (1862–1892) & 1884 Anna Sjurdtr Gotevik (1857–1945) frå lnr 7 budde i ei stove i Hopperstadtunet. Born: Karl 1885 (USA 1903), Ola 1887 (USA 1907), Brita 1889, Anna 1892, Sjur 1883–90, Sjur 1891–91. Huslyden hadde nokre husdyr, og i 1891 fekk Anders løyve til å slå Hopperstad kyrkjegard mot å avstå frå kr 15 per år som var løn for å ringja med kyrkjeklokkene. I 1900 budde Brita 1836 saman med enkja Anna 1857 og borna i stova. Anna Andersdtr Hopperstad (1892–1968) overtok. Ho hadde som mora tilsyn med kyrkjegarden på Hopperstad. Brita 1889 gifte seg med Olaf Sandnes frå Lærdal. Dei budde i Lærdal, men kjøpte så eit lite hus som vart flytta til Øyane, sjå Ovestevegen nr 27. Etter 1941 flytta huslyden til Årdal.
I 1875 var Sigrid Sjurdtr Hopperstad (1793–1892) ugift huseigar på bruket. Det same galdt Marta Amunddtr Hopperstad (1831–1919). I 1891 vart Sigrid sett bort til forpleiing på Hopperstad. I året 1900 budde Marta for seg og hadde husdyr. I 1911 kom Marta i pleie hjå Amund Hopperstad, men då Amund i 1912 ville ha kr 230 per år for dette, ville fattigstyret prøva å finna ein annan som kunne ta over. Det mislukkast og Marta var hjå Amund til 1918 då fattigstyret gjekk inn for å få henne inn på sjukehus.
Lnr 118 Hopperstad
1,63 spd = bnr 39/9 2,28 mark. Data for 1845: 5,6 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 6 storfe, 20 smalar og 1 svin.
Kjøpar i 1780 av dette halvbruket var Eirik Olason Nese (1746–1807) frå lnr 47 i Arnafjord sokn & 1779 Marta Nilsdtr Tistel (1753–1821) frå lnr 91+92. Dei fekk borna: Marta 1779 (plassen Bleiehaugen under lnr 71 Hove), Durdei 1783 (Tune i Ortnevik), Ola 1788, Ingeborg 1792 (Brekke i Ortnevik), Nils 1797–1802. Ola Eirikson Hopperstad (1788–1839) & 1810 Sigrid Kristofferdtr Sæbø (1790–1838) frå lnr 0 fekk skøyte på bruket i 1809. Born: Kari 1811–11, Eirik 1813–13, Eirik 1814, Kristoffer 1817 (lnr 109 Tryti), Brita 1819–23, Ola 1820, Kari 1822 (sjå note), Brita 1825 (sjå note lnr 94 Rosheim), Marta 1829 (Brekke i Ortnevik, USA 1878), Ola 1833 (USA 1849). Eirik Olason Hopperstad (1814–1897) & 1840 Brita Oladtr Fjærestad (1818–1886) frå lnr 96 fekk borna: Ingrid 1841–63, Sigrid 1842, Ola 1844, Anna 1846–46, Anna 1847–48. Huslyden reiste til USA i 1849. Bruket vart selt til Ola Olason Hopperstad (1799–1869) som frå før også hadde lnr 125. I 1865 sat Ola 1799 og sonen Ola 1824 med kvar sitt bruk. I 1868 skøytte Ola 1799 lnr 118 til sonen Ivar Olason Hopperstad (1835–1919). Ivar gifte seg 1868 med Randi Oladtr Hopperstad (1840–1918) frå lnr 115 og dei fekk Ola 1868. Ola Ivarson Hopperstad (1868–1942) fekk skøyte på bruket i 1919. Han var ugift. I 1941 pakta han bort bruket til Anders Karlson Voll (1910–) frå bnr 26/8 på Voll for 5 år. Anders flytta deretter til bnr 39/30 på Hatlekolo. I skiftet etter Ola i 1944 fekk overlærar Olav Rognaldson Hoprekstad (1875–1965) frå lnr 124 heimel til bruket. Han var busett i Bergen. I åra 1947–53 pakta Guttorm Olason Refsdal frå lnr 60bruket. Han pakta deretter prestegarden Grov. I 1955 fekk Ragnvald Olavson Hoprekstad (1912–), son til overlæraren,skøyte på bruket. I 1974 gjekk det til døtrene Signe 1949 og Dagne 1952. I 1988 inngjekk Dagne og Knut Olaf Eldhus ektepakt, slik at bruket var særeige for Dagne. Frå 1990 har Signe Hopperstad stått som eigar. Ho bur i Bergen.
Kari Oladtr Hopperstad (1822–1863) & 1846 husmannsson Viking Endreson Nissestad (1813–) frå Arnafjord sokn fekk i Vik: Sigrid 1843 og Synneva 1845. Dei var så i Sværefjorden, først på husmannsplassen Nauteskreda og frå ca 1858 på ein plass på Dale. Der fekk dei: Endre 1848–64, Ola 1850 (på legd i 1865), Eirik 1853, Kari 1855, Ingeborg 1858, Hansina 1862–62. Enkjemannen Viking reiste truleg til USA med dei minste borna før folketeljinga i 1865, men kom tilbake og utvandra på nytt i 1877.
Lnr 121 Hopperstad
0,43 spd. Data for 1845: 4,7 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 3 storfe, 12 smalar og 3 vinterfôra svin.
Apollonius Liljedahl (Liliedahl) (1734–1814) frå Danmark fekk skøyte på denne vesle parten av lnr 117+118+121 i 1775. Etter makeskifte kunne han byggja hus på samla jord for småbruket. Han var først skreddar, seinare lærar og klokkar. I ettertid har småbruket fått namnet Klokkargarden for di eigaren i fleire generasjonar var klokkar. Apollonius gifte seg 1770 med Mette Marie Harbo (1736–1814) frå Bømlo i Sunnhordland. Born: Catherina Dorothea 1771 (sjå note), Johan Benjamin 1775. Johan Benjamin Apolloniusson Liljedahl (1775–1853) & 1803 Gjertrud Hermunddtr Vikøyri v324 (1780–1859) overtok i 1810. Dei fekk: Apollonius 1806, Edvard 1807 (sjå note lnr 113 Skjørvo), Mette Marie 1808 (lnr 112 Skjørvo, så lnr 124b i Hagen-Bøadalen), Catharina Dorothea 1811 (Leikanger), Benjamin Harboe 1813 (sjå note), Marthe Christine 1816 (Luster). Apollonius Johanson Liljedahl (1806–1884) tok mot bruket i 1840 og skøytte det frå seg i 1867. Han gifte seg 1832 med Brita Oladtr Hopperstad (1809–1889) frå lnr 124 og dei fekk: Gjertrud 1832 (til Davik, sjå òg bnr 39/13 nedanfor), Gyrid 1834 (lnr 117), Johan Benjamin 1837, Catharina Dorothea 1839 (bnr 26/30 i Kålhagen), Olina 1842 (Bergen), Edvard 1845 (stortingspresident, sjå meir under bnr 1/48 i Hamnen), Ola 1848–48, Ola 1850 (bnr 26/30 i Kålhagen). I 1881 vart bruket frådelt bnr 39/13 0,02 mark. Ny matrikkel: bnr 39/12 0,95 mark. Johan Benjamin Apolloniusson Liljedahl (1837–1887) & 1864 Ranveig Asledtr Voll (1842–1922) frå lnr 80 fekk borna: Apollonius 1864, Asle 1865 (bnr 26/8 på Voll, deretter lnr 5 Juvik), Christense 1868 (bnr 39/13 under bruket), Brita 1871 (USA 1893), Olina (Lina) 1873 (Bergen), Edvard 1874 (USA 1893), Johannes 1875 (USA 1903, så lnr 191e Vangsnes), Synneva 1881 (USA 1903), Kathrina 1882 (Flekkefjord), Marie 1885 (USA 1903), Herman 1887 (bnr 43/1 under lnr 5 Juvik), Gudrun 1889 (Bergen). I 1875 pakta Johan og Ranveig prestegarden Grov. Deretter styrde dei eit gardsbruk Midttun i Lavik, tok så over bnr 39/12 og foreldra flytta til Midttun. Apollonius Johanson Liljedahl (1864–1935) overtok bruket i 1929, men budde i Bergen og skøytte det frå seg til eldste son i 1933. Apollonius var gift med Marie Oline Kjøde (1871–1905) frå Selje. Dei hadde borna: Johan Benjamin 1892, Harald 1893 (Bergen) og Ragna Margrethe 1896 (gift Holme i Bergen), Apollonius 1900–12 og Olaf Martin 1905–34 (ugift, handelsbetjent). Apollonius vart attgift med Anna Andersdtr Lysne (1869–1959) frå Lærdal, ei syster til Ola Lysne (sjå hus nr 23 Vikøyri). Dei hadde ikkje born. Johan Benjamin Apolloniusson Liljedahl (1892–1944) & 1925 Anna Ellingdtr Stadheim (1896–1963) frå bnr 5/1 under lnr 24 fekk: Apollonius 1926 (Bergen), Marie 1929 (Galilea nr 3 under lnr 126, Grov), Erling 1932. Erling Johanson Liljedahl (1932–1999) var ugift. Ove Johan Gunvaldson Andersen (1958–), son til Marie 1929, har overteke. Han bur på bnr 40/66 i Gildhus.
Bnr 39/13 Bruknappen 0,02 mark. Denne bustadtomta vart frådelt til Ivar Sjurson Liljedahl (1853–1915). Han var son til Gjertrud 1832 og Sjur Andersson Hopperstad (1824– ). Om Sjur: sjå note lnr 117 Hopperstad. «Klokkar-Ivar» vart oppfostra i Klokkargarden, og ei tid pakta han bruket. Han var elles skreddar. Ca 1895 kjøpte han gard i Spjelkarvik. I 1929 fekk Christense Johandtr Liljedahl (1868–1934) skøyte på eigedomen. Ho var ugift. I 1955 skøytte arvingane staden til Ragna Apolloniusdtr (Liljedahl) Holme (1896–1988). Dottera Laila K. Liljedahl Gripnar (1960–1999) og Bjarte Andre Gripnar (1960–) overtok. Dei budde på Ulset, Bergen. Staden er feriehus.
Catharina Dorothea Liliedahl (1771–1809) gifte seg 1802 med kapellan i Vik, Ludvig Daae (1774–1843). Han vart seinare prest i Lavik. Ludvig var son til prost og magister Ludvig Daae i Lindås, ein son til Anders Daae. Sjå òg lnr (6+7)cfh Vange. Catharina hadde berre eitt barn som voks opp: Ludvig Daae (1806–1835). Han vart prest i Askim, døydde tidleg i ei ulukke, men fekk Ludvig Ludvigsen Daae (1834–1910), professor i historie ved universitetet i Oslo.
Benjamin Harbo Liljedahl (1813–) fekk: Ola 1841–41?, Hermann 1844–48?, Olina 1847–47 og Marta Gjørine 1850–82 (ugift på Vikøyri) med Kari Oladtr Giljarhus (1811–1889) frå Vossestrand Benjamin reiste til USA 1856. Kari fekk òg Olina 1839–39? med Lars Jensson Øvre Hove (1818–) frå lnr 78. «Ruse-Kari» på Vikøyri fekk fattighjelp frå 1883. Kari og Marta er ikkje med i teljinga i 1865. Sjå òg under Vikøyri v556.
Lnr 119+120 Hopperstad
Eigar i 1647: Kongen, i 1723 truleg Blixencrone, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Skyld: 4,0 laupar i 1647, 3,0 laupar i 1667, 3,75 laupar i 1723, 3,56 laupar i 1788.
På eit storbruk på 4,5 laupar sat i 1626 Jon Hermundson Hopperstad. Eg trur han var soneson til Arne Olavson (Bø) Hopperstad. Jon hadde to søner med namnet Hermund og med tilnamna «gamle» og «unge». Gamle Hermund var fødd ca 1605, broren ca 1615. Den eldste vart bonde på farsbruket (lnr 119+120) medan den yngste kom til lnr 123. Gamle Hermund vart gift med Brita Hermunddtr (–1702), og ved skifte etter henne var det følgjande born: 1. Jon 1641–1720 (lensmann, lnr 123), 2. Unni de gift med Lasse Seim på lnr 12, 3. Anna gift med Per Vange (lnr 5), men var enkje etter Endre Anfinson på lnr 36 Store-Nummedal/Vange, 4. Marita gift med Endre Seim (lnr 10), 5. Unni dy, død, men med born etter seg på lnr 13 Tenål (mannen ikkje bonde), 6. Eli gift med Tor (Brekke) Åse (lnr 48+49). Brita Hermunddtr (–1702) vart attgift med Jon Sjurson Åse (1651–1719) frå lnr 35–36 i Arnafjord sokn, og då dette var eit leiglendingsbruk, overtok Jon bruksretten. Det var skifte etter han først på året 1720 (under leiing av lensmann Jon Hopperstad!). Jon Sjurson må ha kjøpt eige i bruket, for i skiftet var det jordegods som vart fordelt. Jon Sjurson vart attgift. Arvingar var enkja etter han: Brita Johannesdtr 1678–1742 frå lnr 56+57 Sylvarnes og borna deira. Brita var halvsyster til Gjørond Johannesdtr på lnr 123. Jon og Brita hadde borna: Gjertrud 1707 (lnr 72 Hove), Brita 1712 (lnr 33 Valsvik i Arnafjord sokn), Brita 1715 (plass lnr 44 Øvstedal, så lnr 197 Vangsnes), Torbjørg 1717 (lnr 44 Øvstedal) og Johannes 1719–43 (som var på lnr 72 Nedre Hove då han døydde). Brita vart attgift med Lasse Person (1672–1733), og dei fekk: Jon 1723 (lnr 195 Vangsnes). Lasse var i 1701 dreng på Tenål. I 1701 var Jon Person (1684–) dreng hjå Jon Sjurson, og han kan ha gift seg med ei dotter til Jon Sjurson. Denne Jon Person var frå soknet, men vi har ikkje funne ut noko om foreldra. Kanskje var Lasse og Jon brør. Jon Person vart attgift 1714 med Kari Jondtr Huke (1685–1749) frå Leikanger. I 1727 gifte enkja Kari seg med Elling Ingebrigtson Hove (1695–1743) frå lnr 71. Vi kan merka oss at far til Elling var gift med ei yngre syster til Kari. Sjølv om det var vanleg at gamle menn gifte seg med unge jenter, var dette likevel ein uvanleg kombinasjon. Elling var ein vyrd mann i bygda og han var medhjelpar for presten i Hopperstad sokn. I skiftet etter han var nettoformuen 258 riksdalar. Det var mykje på denne tida. Elling og Kari hadde ikkje born. I 1747 bygsla eigaren Anders Daae difor bruket til ein nær slektning av dei båe: Jon Ingebrigtson Hove (1725–1750) frå lnr 71. Han gifte seg 1748 med Lussi Jondtr Tenål (1723–1773) frå lnr 16. Born: Sigrid 1748–56, Jon 1750 (lnr 71 Hove). Jon 1725 drukna. Sjur Tenål og Ola Åse hadde vore med då det skjedde, og dei fekk bot for «skjødesløshed». Lussi vart attgift 1751 med Jon Person Berdal (1722–1811) frå Feios og dei fekk fireborn som døydde tidleg: Kari 1753–56, Per 1756–78 (teke av eit lite snøskred på fjellet), Jon 1759–70, Kari 1763–64. Jon vart attgift 1776 med Anna Oladtr Smidje (1751–1832) frå Feios, men dei vart barnlause. Jon tok til seg ei jente frå Feios, Steinor 1761. Ho var dotter til Ola Smidje og var truleg av Jon si slekt. Då Steinor gifte seg, vart bygsla delt mellom henne og fosterfaren Jon. Jon sitt delbruk fekk seinare lnr 119, det andre lnr 120.
Lnr 119 Hopperstad
3,47 spd. Eigar ved deling: Birgitta (Daae) Michelet, deretter Manger-folk. Sjølveige frå 1886. Matrikkelskyld i 1823: 1,71 laupar. Data for 1845: 11,4 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, l1 storfe, 30 smalar og 1 vinterfôra svin.
Jon Person Berdal (1722–1811) heldt fram med å bygsla dette halvbruket fram til 1807 då Sjur Anfinson Seim (1778–1835) frå lnr 11 & 1807 Sigrid Ivardtr Rislåg (1771–1813) frå lnr 55 overtok. Dei fekk tvillingane Anfin 1813–13 og Brita 1813–13?. Sjur gifte seg på nytt med Anna Jondtr Hopperstad (1789–1876) frå lnr 122 og dei fekk: Jon 1814 (USA 1851), Sigrid 1816 (sjå note lnr 93b Espesete), Gjertrud 1819 (Vikøyri v766), Åsa 1822–23, Åsa 1824 (lnr 93b Espesete), Anfin 1826–27, Anna 1828 (sjå note) og Anfin 1832 (USA 1851). Presteenkja Michelet var eigar av bruket, og ho testamenterte det til Magnhild Ivardtr Øvre Manger. Mangerfolka kom ikkje til Vik, men pakta bort bruket til Jon Johannesson Hopperstad (1824–1914) frå lnr 122 & 1846 Kari Endredtr Holstad (1824–1909). Han vart kalla «Inga.Jo». Om foreldra til Kari: sjå note lnr 86 Holstad. Born: Brita 1845 (sjå note), Johannes 1846 (USA 1866), Endre 1850 (USA 1869, så Hatlekolo), Synneva 1852 (Hatlekolo), Inga 1854 (Hatlekolo), Ivar 1856 (lnr 55a Rislåg), Eirik 1859 (USA 1879), Ola 1862 (USA 1881), Tor 1865 (lnr 29 Stadheim). Endre, Synneva og Inga busette seg på bnr 39/20 under lnr 122b på Hatlekolo. I 1850 fekk systrene Manthey frådelt lnr 119b, ny skyld lnr119a 3,44 spd. I 1882 fekk Jon kjøpt bruket, men Rasmus Monsson Manger tok over i 1883, truleg ved å bruka odelsretten. Jon og Kari kjøpte deretter plass nr 1 på Hatlekolo og flytta dit. I 1886 gjekk bruket til Per Olason Hopperstad (1844–1922) frå lnr 115. Han gifte seg 1890 med Marta Johannesdtr Dale (1855–1931) frå Sværefjorden i Balestrand. Om foreldra til Marta: sjå lnr 48 Nese i Arnafjord sokn. Per og Marta bygde opp nye hus på «Breidi». Born: Ola 1890–91, Ola 1892, Johannes 1894–94, Johannes 1895–96, Lovisa 1898 (Luster). I 1889 vart bruket frådelt lnr 119e 0,06 spd i Hagen på Bøadalen (bnr 39/11 0,08 mark). Ny skyld lnr119a 3,38 spd = bnr 39/10 4,93 mark. Ola Person Hopperstad (1892–1962) & 1916 Helena Johanna Jakobdtr Ulgenes (1891–1935) frå Kinsarvik fekk: Margit 1917 (bnr 1/45 i Røysane-Sæbø), Per 1919, Jakob 1921, Elisabet 1923 (Tonstad, Sirdal), Helga 1927 (Bærum), Johanna 1925 (Stavanger), Olga 1930 (Luster). I 1946 vart bruket pakta av Jakob 1921 og Margit 1917, men i 1949 vart det skøytt til Per Olason Hopperstad (1919–2000). Per var også eigar av bnr 39/22. Han gifte seg 1950 med Helga Helgedtr Hove-Heimdal (1920–1993) frå bnr 26/30 i Kålhagen og dei fekk: Helena Johanna 1951 (Sogndal) og Ole 1952 (Bergen). Jorda er no bortleigd og huset er feriebustad. Jakob Olason Hopperstad (1921–1972) & 1952 Inga Ingebrigtdtr Refsdal (1919–2000) frå lnr 59 fekk Hogne 1958–2007 (bnr 1/186 i Røysane-Sæbø). Jakob og Inga budde på bnr 1/58 på Vikøyri-vest, men Jakob arbeidde på garden.
Anna Sjurdtr Hopperstad (1828–) & 1854 Hermund Jonson Nummedal (1825–1893) frå lnr 39 reiste til USA i 1854.
Brita Jondtr Hopperstad (1845–1931) & 1878 skomakar Tollak Kristenson Svolsvik (1847–1916) fekk: Jon 1878–1907 (kontorist, vart arbeidsufør av tuberkulose frå 1897, fekk fattighjelp frå 1901), Kristen 1882–1961 (USA 1901), Ivar 1882 (USA 1901). Huslyden budde i ei stove lengst aust i Hopperstadtunet. I 1906 fekk Tollak skøyte på bnr 2/9 0,12 mark, eit jordstykke under Vange sør for hovudkyrkja.
Lnr 120 Hopperstad
3,47 spd. Eigar ved deling ca 1796: Birgitta (Daae) Michelet, sjølveige frå 1833. Matrikkelskyld i 1833: 1,71 laupar. Data for 1845: 11,2 daa bygg, 3,5 daa poteter, 3 hestar, 11 storfe, 30 smalar, 3 vinterfôra svin.
Steinor Oladtr Berdal (1762–1837) fosterdotter frå lnr 119+120 Hopperstad & 1796 Kristen Helgeson Liktvorane (1770–1826) frå lnr 9 vart leiglendingar på dette halvbruket. Born: Eli 1796 (lnr 94 Rosheim), Jon 1799, Helge 1803 (lnr 12 Røyrvik). Jon Kristenson Hopperstad (1799–1891) & 1826 Guri Oladtr Stadheim (1806–1839) frå lnr 32 fekk: Kristen 1826, Ola 1829 (sjå note lnr 94 Rosheim), Ola 1831 (lnr 194 Vangsnes), Eli 1833–33?, Anna 1835–35, Steinor 1836 (sjå note). Jon vart attgift 1840 med Ingeborg Oladtr Sæbø (1816–1903) frå lnr 3 og dei hadde borna: Helge 1843 (USA 1864), Guri 1845–1903 (døydde på Hønsi), Synneva 1847 (USA 1864), Eli 1849 (lnr 84a Hønsi), Anna 1851–68, Ingeborg 1861–78. I 1833 fekk Jon auksjonsskøyte på bruket. I 1850 vart bruket frådelt lnr 120b 0,02 spd, skyld lnr 120a 3,45 spd. Kristen Jonson Hopperstad (1826–1918) & 1857 Brita Ingebrigtdtr Brekke (1834–1900) frå lnr 88 fekk borna: Jon 1857–58, Guri 1860–61, Kari 1862 (lnr 103a Bø), Guri 1865 (lnr 12 Røyrvik, deretter bnr 39/21 på Hatlekolo), Jon 1867, Anna 1870 (lnr 94 Rosheim), Ingebrigt 1872 (USA 1893), Ingeborg 1875 (lnr 110 Tryti), Ola 1877 (USA 1902). Kristen må ha vore ein dugande kar, for han fekk lagt to store gardpartar inn under bruket. I 1864 kjøpte han lnr 122e 0,60 spd. Omkring 1870 fekk han hand om lnr 115a* 2,14 spd, noko som var halvparten av eit nokså stort bruk. I 1872 vart denne gardparten frådelt lnr 115d 0,03 spd til Ola Helgeson Liktvorane (som saman med lnr 125b 0,05 spd vart bnr 39/5 0,12 mark, stølsrett på Liasete). Ny skyld på lnr 115a var 2,11 spd. I 1884 vart det samla bruket frådelt plassen Sameigni i Hagen-Bøadalen som bnr 39/2, til Jon Jonson Espesete (1820–1899). Den samla brukseiga var deretter 6,08 spd. I den nye matrikkelen i 1888 vart det samla bruket bnr 39/1 8,83 mark og var det største på Hopperstad.
Bnr 39/1 Hopperstad 8,83 mark. Jon Kristenson Hopperstad (1867–1904) & 1903 Fredrikka Nilsdtr Fosse (1881–1967) frå lnr 33 fekk Kristen 1904. Enkja Fredrikka gifte seg 1911 med Johannes Jensson Hønsi (1875–1967) og flytta til lnr 84a Hønsi. Jon hadde fått skøyte på bruket bnr 39/1 i 1903, og i 1914 vart det utlagt til Kristen Jonson Hopperstad (1904–1988). Til Kristen vart vaksen vart bruket drive frå Hønsi, og som ung var Kristen til sjøs. Han gifte seg 1939 med Agnes Elise Herland (1917–1994) frå Askvoll. Born: Johanna Gudveig 1940 (Bergen), Jon 1941, Fredrik 1945 (Sarpsborg), Berit 1948 (Bergen), Anne Lise 1954 (Bergen). I dei første tretti åra av 1900-talet vart dette bruket sterkt redusert: I 1905 var bnr 39/21 Helgheim 0,98 frådelt til Helge Kristenson Røyrvik (sjå vidare under Hatlekolo), i 1910 39/22 Nyheim 0,15 mark, i 1926 bnr 39/24 Kyrkjeteigen 1,70 mark og i 1939 bnr 39/26 Bakketun 1,25 mark. I 1949 var bnr 39/1 4,75 mark. I 1953 vart frådelt bnr 39/32 Nythun 0,05 mark og i 1960 bnr 39/34 Marietun 0,01 mark. I 1968 var skylda 4,69 mark. Hans Rasmussen (1892–1976) og kona Anna Botolvdtr (1888–1981) pakta bruket i åra 1936–41. Dei kom frå ein forpakting av lnr 126 Grov, sjå meir der. I 1969 vart bruket skøytt til Jon Kristenson Hopperstad (1941–). Han er ugift.
Bnr 39/24 Kyrkjeteigen 1,70 mark. Parsellen vart fråskilt i 1926. Jon Johannesson Hønsi (1915–2005) frå lnr 84a vart eigar, og her bygde han hus. Hus med hage vart seinare frådelt som bnr 39/62. Resten av eigedomen gjekk tilbake til hovudbruket.
Bnr 39/26 Bakketun 1,25 mark. Parsellen vart skøytt til Arnfinn Andersson Hønsi (1908–1987) frå lnr 83b & 1934 Eli Johannesdtr Hønsi (1912–) frå lnr 84a i 1939. Dei fekk: Anders 1935. I 1974 fekk Anders Arnfinnson Hønsi (1935–) skøyte på staden og på bnr 39/37. Han er gift med Oddbjørg Risdal og er lærar i Skudeneshavn.
Bnr 39/31 Nythun 0,05 mark. Denne tomta vart frådelt i 1953 til Hans Johannesson Hønsi (1919–2006) frå lnr 84a som busette seg der.
Steinor Jondtr Hopperstad (1836–1926) &1869 Tor Jonson Holstad (1833–1920) frå lnr 85 fekk borna: Guri 1870, Jon 1871, Gyrid 1873. Dei var plassfolk på Hopperstad, men reiste til USA i 1875.
Plassar på Breidi. Plassane låg omkring år 1800 under lnr 114 Skjørvo, men må ved makeskifte eller seinast ved storutskiftinga i 1863 ha kome inn under lnr 115 og deretter kanskje under lnr 115a*.
Plass 1. I 1752 vart gravlagd husmann Tørris Olason «Breien» 78 år. I manntalet frå 1701 finn vi Tørris Olason Bruavoll 16 år. Feil i alder på gamle folk på 10 år var ikkje uvanleg. Vi fører difor opp: Tørris Olason Bruavoll (1684–1752) frå lnr 47 & Sigrid Perdtr Hønsi (1687–1740) med barnet Brita (1728–1743). Fleire born veit vi ikkje om. I eit manntal frå 1763 var det ikkje husmenn på Skjørvo. Vi har heller ikkje andre data som viser at det var folk på plassen i åra 1752–64.
Sjur Ivarson (1739–1778) & 1764 Brita Oladtr Skjørvo (1733–1821) frå lnr 111 var husmannsfolk på Breidi. Sjur hadde stadnamnet Holstad då han vart konfirmert i 1759 og då han vart gift. Men han var truleg frå Vikøyri v414. Born til Sjur og Brita: Mikkel 1762 (til plass 2 Breidi), Bothilda 1765 (sjå note), Ivar 1769, Kari 1772 (plass under lnr 12 Røyrvik), Ola 1772 (Vikøyri v852), Ivar 1774. Sonen Ola 1772 fekk tre born før han vart gift: Ragnhild 1800–02 med Sesilia Ingebrigtdtr (1781–1855), tenestejente på Indre Nesse i Kvamsøy sokn, Brita 1801–02 med Marta Johannesdtr Tryti (1761–1819) frå lnr 105 og Johannes 1802–03 med Anna Johannesdtr frå Luster. Ved dåpen av dei tre vart stadnamna Brijen brukt for Ola 1772. Ragnhild 1800 var hjå besteforeldra på ein plass under Brekke i Lånefjorden. Vi trur mora Sesilia døydde som legdslem på Tryti. Brita 1733 vart attgift 1779 med Ola Knutson Seimsøyri s106 (1751–1827). Dei hadde ikkje born. Ola «Breien» vart attgift 1822 med husmannsdotter Kristi Perdtr Brusegård (1786–1879) frå Sogndal. Dei fekk Johannes 1825. Eigar av plassen var Nils Monsson Skjørvo på lnr 111. Fordi Ola var inngift på plassen, hadde han ikkje bygslingsrett. Han måtte difor i 1823 flytta husa sine til ein anna stad. Men fem søtepletre han hadde på plassen vart kjøpte av Nils. Ola fekk truleg avtal med ein annan grunneigar i området, for i 1865 budde Kristi, Johannes og sambuaren til Johannes, Anna Hansdtr (1843–1903) på Breidi. Kanskje var det plass nr 2. Der var òg ei farsyster til Anna: Marta Perdtr Bersteigen (1810–1902), sjå note. Johannes og Anna gifte seg 1866 og flytta til Hatlekolo, men i 1875 budde Kristi Perdtr og Marta Perdtr framleis på Breidi. Brei-Kristi fekk då fattighjelp, medan Marta hadde 3 sauer og litt bygg og poteter. Brei-Marta fekk fattighjelp frå 1891, og i 1901 vart ho lagt inn for pleie hjå Jon Alfson Hønsi på lnr 84b.
Plass 2. Her budde den ugifte jenta Anna Nilsdtr Skjørvo (–1794) frå lnr 111. Neste par kan ha flytta inn før ho døydde. Mikkel Sjurson Breidi (1762–) frå plass nr 1 & 1791 Synneva Tomasdtr Rinde (1770–1838) frå Feios, fekk desse borna med stadnamnet Breijen, Brijen eller Brejen: Anna 1792 (Vikøyri v348), Brita 1795–1801?, Sjur 1800–24, Tomas 1800 (plass nr 2 på Hatlekolo). Mikkel levde i 1801, men Synneva Tomasdtr var enkje då ho fekk Ola 1808 med enkjemann Nils Rolandson Tistel (1772–1826) på lnr 92. Ho døydde på Skjørvo som legdslem. Ola 1808 vart plassmann under lnr 105c på Brennene. Sjur 1800 døydde på Breidi. Plass 2 vart nedlagd ca 1825.
På plassen Bersteigen under Kvamme var Per Lasseson & 1808 Anna Hansdtr. Dei hadde fleire born, av dei har Marta 1810 og Hans 1812 interesse her. Om Marta: sjå Vikøyri v606. Hans kom til Vikøyri v296 og fekk Anna 1843. Anna vart truleg oppfostra av Marta. Difor kom ho med til Breidi då Anna gav seg i lag med Brei-Johans.
Bothilda Sjurdtr Breidi (1765–) fekk Sjur 1789 med husmann Eirik Albrigtson Hatlekolo (1768–1856) frå plass 1 og Ingeborg 1793 med Per Olason Hønsi (1770–1805) frå lnr 84. Sjur var dreng på Skjørvo i 1801, men blir så borte. Bothilda, Per og Ingeborg er ikkje med i folketeljinga for 1801. Ingeborg gifte seg til Vikøyri v070 og reiste til USA 1856.
Plass ved Klokkargarden. I 1865 var det på ein plass under lnr 115: 0,7 daa bygg, 0,7 daa potet, 8 smalar og eitt vinterfôra svin. Plassfolka var: Kristen Arneson Hopperstad (1803–1884) frå lnr 115 & 1833 Anna Samueldtr Moane-Grov (1807–1898) frå Samuelplassen. Dei fekk borna: Anders 1832–51, Anna 1834 (USA 1861), Randi 1836 (i Bergen 1875, USA 1882), Anna 1839 (Vikøyri v412), Samuel 1845 (plass i Røysane-Vange), Inga 1845 (sjå note lnr 109 Tryti), Ellend 1847–95. For den siste finn vi at «Ellend K. Klokkergård» fekk fattighjelp frå 1878 som gamal, sjuk og vanfør. Utskiftingspapir og kart viser at plassen låg på vestsida av vegen til Hopperstad og sør for Haugateigane og at plassfolka fekk rett til vassveg til Hopra over eigedomen til Liljedahl. Sjå også plass nord for fengslet under Røysane-Vange.
Lnr 122 Hopperstad
4,33 spd. Del av eit storbruk i 1647 med følgjande eige: Kaupangergodset 4,5 laupar, Kongen 1,0 laupar, Peder Paasche 0,25 laupar, Britte Erichsdotter 0,25 laupar. I 1723 usikker skyld. 1,88 laupar i bruket vart frikjøp frå kaptein Heiberg i 1777. Matrikkelskyld: 2,38 i 1723, 2,13 laupar i 1838. Data for 1845: 14,6 daa bygg, 7,0 daa poteter, 3 hestar, 17 storfe, 60 smalar, 4 vinterfôra svin.
I 1647 sat Nils på eit storbruk på 6,0 laupar. Kona heitte Gjertrud og dei hadde sonen Markus med seg på bruket. I 1667 dreiv Ola Nilsson Hopperstad (1627–) eit bruk på 2,25 laupar. Broren Markus dreiv eit tilsvarande bruk (lnr 117+118+121), slik at det må vera faren sitt bruk som no var delt. Ola hadde sønene: Alf 1660, Nils 1662 (Berdal i Feios) og Ingebrigt 1664 (lnr 71 Hove). I 1701 er Ola 1627 framleis førd opp som brukar på lnr 122, men Nils1662 var med han på bruket. Ola var truleg attgift med Brita Oladtr Brekke (1677–1752) frå lnr 88, dotter til lensmann Ola Brekke. Dei hadde ikkje born. I 1711 heitte brukaren Ola Person (1674–1719) og han var gift med enkja Brita og dei fekk to born: Ragnhild 1715 og Marta 1717 (lnr 102 Bø). Ola var dreng på Hønsi i 1701 og det vart oppgitt at han var frå soknet. Brita gifte seg for tredje gong med Paul Sjurson Hopperstad (1699–1774). Faren Sjur var bonde på lnr 117+118+121 på same tid, og på ein eller annan måte vart det ein utjamning slik at far og son vart leiglendingar på like store bruk. Paul og Brita var barnlause. Paul vart attgift 1753 med Ingeborg Helgedtr Turvoll (1719–) frå lnr 45+46 og dei fekk: Anders 1756, Brita 1757 (lnr 6 Juvik), Sigrid 1763–1820 (ugift på Hopperstad) og Anna 1766 (ugift, tenestejente i Juvik i 1801, kanskje død som legdslem på Vikøyri i 1831). Paul var på legd då han døydde. Bror til Paul, Hermund Sjurson Hopperstad (1725–1781) var den neste leiglending på bruket. Han gifte seg 1765 med Torbjørg Andersdtr Nese (1725–1774) frå lnr 45 i Arnafjord sokn og dei fekk: Sjur 1765–65, Sjur 1766–67. Hermund var attgift 1774 med Helga Helgedtr Turvoll (1725–1797?) frå lnr 45+46. Dei flytta frå Hopperstad og bygsla Bruavoll i 1777. Same året fekk Halvar Haldorson Linde (1732–1813) frå Kvamsøy sokn & 1758 Sigrid Arnedtr Hopperstad (1720–1785) frå lnr 115+116 kjøpt bruket. Dei hadde to born: Haldor 1759 og Kari 1762–1820 (ugift). Halvar vart attgift 1793 med Agata Halvardtr Mjølsvik (1739–1813) frå Kyrkjebø. I 1801 budde dei på Vetleøyri og fekk fattighjelp, sjå òg Vetleøyri s056. Haldor Halvarson Hopperstad (1759–1792) & Ragnhild Halvardtr Balvoll (1759–1817) fekk: Halvar 1786 (bnr 39/16 på Hatlekolo). Haldor vart spedalsk og selde bruket i 1786. Ragnhild og Halvar flytta til Balvoll. Haldor vart lagt inn på hospital i Bergen og døydde der. Neste brukar var: Eirik Kjellson Hønsi (1755–1802) frå lnr 82+83 & Ingeborg Jondtr Espesete (1761–1816) frå lnr 93. Dei fekk Brita 1790. Eirik vart berre delvis sjølveigar då han kom til bruket, resten vart kjøpt i 1798. Eirik drukna på ei heimreise frå Bergen. Enkja vart kalla Inga då ho døydde. I skiftet etter Eirik vart bruket utlagt til Brita Eirikdtr Hopperstad (1790–1871). Ho gifte seg 1808 med Johannes Hermundson Tenål(1791–1854) frå lnr 18. Born: Eirik 1810, Inga 1815–15?, Hermund 1818 (lnr 114a Skjørvo), Eli 1820 (husmannsplass i Gildhus), Anna 1824–94 (ugift innerst i 1875, døydde som fattiglem), Jon 1824 (lnr 119), Ola 1827 (kjem bort for oss), Brita 1830–43, Ivar 1833–33, Brita 1837–37. I 1853 vart halvparten av bruket, lnr122b, frådelt til Hermund 1818. Lnr 122a (med unntak av husmannsplassen Halvarhaugen) gjekk i 1855 til Eirik 1810. Lnr 122c var eige i Bø.
Lnr 122a Hopperstad 2,16 spd. Eirik Johannesson Hopperstad (1810–1860) & 1834 Brita Andersdtr Skjørvo (1815–1901) frå lnr 113 overtok dette halvbruket. Born: Eirik 1832–32, Johannes 1834, Brita 1837 (plass Husabø, Leikanger, USA i 1884), Brita 1840 (USA 1876), Anders 1844 (lnr 19 Føli), Eirik 1847 (USA 1867), Anna 1850 (sjå note), Eli 1853–53, Elling 1854 (lnr 82 Hønsi), Johanna 1857 (Nedre Trytisøyna). I 1866 vart bruket selt til Johannes Eirikson Hopperstad (1834–1912) & 1864 Brita Oladtr Hopperstad (1834–1878) frå lnr 115. Born: Randi 1859–1936 (ugift), Eirik 1865, Brita 1867–1943 (ugift), Ola 1869 (lnr 110 Tryti), Eirik 1871–1936 (USA 1893, kom att, ugift), Kari 1875–1940 (ugift). I 1872 vart bruket frådelt lnr 122f Halvarhaugen (sjå Hatlekolo), ny lnr 122a 2,09 spd = bnr 39/14 2,95 mark. Eirik Johannesson Hopperstad (1865–1928) & 1915 Brita Oladtr Nummedal (1876–1961) frå lnr 36d fekk skøyte på bruket i 1913. Brita hadde òg lnr 36d Gråsmyri i Nummedal. Namnet Gråsmyri vart difor også knytt til dette ekteparet. Born: Borghild 1915–19, Johannes 1917, Ragna 1918–89. Dei to siste var sinnsjuke. Eirik hadde dessutan Anna 1898–1902 med Marta Andersdtr Føli (1872–1962) frå lnr 19, sjå lnr 5 Vange, og Mons 1898 med Kristi Monsdtr Åfet (1876–) frå Feios. Om Mons: sjå bnr 64/35+36 under lnr 48 Nese. Brita sat med bruket til ho i 1955 selde til Harald Person Fosse (1904–1974). Han og huslyden kom frå eit hus under lnr 34 Fosse, men då bruket alt i 1957 vart teke på odel, bygde Harald hus i Vollareina (sjå under Voll). Endre Olason Tryti (1914–1993) frå lnr 110 og kona Kristina (1920–) og sonen Oddvar 1947 flytta dit frå lnr 109 Tryti. Oddvar Endreson Tryti (1947–) & 1973 Unni Jensdtr Vestby (1953–) frå Oppegård fekk: Kristin 1973 (Oslo), Monica 1977 (Oppegård). Oddvar vart skild 1987. Frå 2000 er han sb med Gerd Helgedtr Aunan (1961–) frå Ytterøy i Levanger, og dei har Karoline 2001, Eirik Johannes 2003. Oddvar overtok i 1974, men budde lenge i Oppegård.
Anna Eirikdtr Hopperstad (1850–1914) fekk Brita 1872 med Elias Ellingson Vikøyri v209 (1855–1920) og Ragnhild 1876 med Andreas Hansson Vikøyri v270 (1854–1910). Anna flytta med borna til broren Anders på Føli. Brita kom til bnr 8/9 Gråsmyri-Nummedal, Ragnhild reiste til USA i 1893.
Lnr 122b Hopperstad 2,17 spd. Denne halvparten av lnr 122 vart i 1853 skøytt til Hermund Johannesson Hopperstad. Han hadde gift seg til Skjørvo, og dette halvbruket kom dermed i Skjørvo-eige. Men jorda låg mest på Hatlekolo og blir omtalt nærare der.
Lnr 123 Hopperstad
4,54 spd. Sjølveige i 1647, i 1723 mest sjølveige, deretter deleige med Anders Daae og Daae-arvingar. Full sjølveige frå 1845. Matrikkelskyld: 2,0 laupar i 1647, 2,5 laupar i 1667, 2,13 laupar i 1723, 1788 og 1,79 laupar i 1838. Data for 1845: 13,5 daa bygg, 4,2 daa poteter, 3 hestar, 15 storfe, 70 smalar, 5 vinterfôra svin.
Unge Hermund Jonson Hopperstad (1613–) var frå storbruket lnr 119+120. Han var i 1645 gift med Anna Ivardtr (–) og han eigde 2 laupar i det bruket han var på, lnr 123 Hopperstad. Dessutan brukte han i 1655 0,5 laupar i Bø. Vi kjenner sikkert til tre born: Ivar 1639 (som kom til lnr 52 Orvedal og seinare til lnr 24+25 Stadheim), Margrete (gift med Per Hansson Hausa i Sogndal) og Jon 1654 (til Orvedal etter Ivar). Då vi ikkje har skifte å halda oss til, kan det ha vore fleire born. Helge Ivarson Orvedal/Stadheim (1663–) var blitt brukar av lnr 123 i 1701. Då hadde han brukt odelsretten. Etter mitt syn må det vore personar i mellom som har drive bruket og som ikkje hadde odelsrett. Det mest sannsynlege er at unge Hermund har gift seg på nytt med ei ung jente og fekk Jon 1652 med henne, og at ho gifte seg på nytt og fekk born. Foreldra og borna hadde dermed ikkje odelsrett. Grunnlaget for oppsett alder av unge Hermund, Ivar og Jon er manntalet i 1666. Ut frå den store aldersskilnaden mellom Ivar og Jon, er det kanskje rett å skriva at Ivar og Jon var halvbrør, slik eg skreiv i 2008. Helge var gift med Gjørond Johannesdtr Sylvarnes (1660–1743). I 1568 fekk lensmann Olav Arneson Bø hand om eit lakseverpe i Vikja ved eit makeskifte med Eirik Rosenkrantz, høvedsmann på Bergenshus. Ved arv var denne eiga gjennom unge Hermund kome over på Helge Ivarson Hopperstad. I 1734 selde Helge denne eiga til Hermund Søbø! Dette må vera eit sikkert bevis for at Helge var ei etterkommar av Olav Arneson Bø.
Helge var gift med Gjørond Johannesdtr Sylvarnes (1660–1743) frå lnr 56+57 i Arnafjord sokn. Det var skifte etter Helge i 1739. Då var sjølveiga 1,53 laupar. Enkja overtok halvparten av eiga, to døtrer resten. Nettoeiga til deling vart verdsett til nærpå 67 dalar. I 1561 fekk den rike lensmannen Olav Arneson Bø hand om eit lakseverpe i Vikja ved makeskifte med Eirik Rosenkrantz, høvedsmann på Bergenhus. Han gav då frå seg eige i Øvre Slinde. Truleg gjennom arv var eiga i Vikja gjennom «unge» Hermund kome over på Helge Ivarson Hopperstad, som i 1734 selde eiga til Hermund Sæbø. Helge var altså av velstandsfolk, men det var overraskande lite pengar i buet etter han. I 1723 eigde Helge 1,56 laupar av eit bruk på 2,13 laupar. Seinare selde enkja Gjørond meir av eiga til Anders Daae, slik at sjølveiga vart redusert til 1,13 laupar. Born: Anna 1702, Brita 1705 (lnr 48+49 Åse). Anna Helgedtr Hopperstad (1702–1741) & 1728 Ola Torson Åse (1702–1769) frå lnr 48+49 tok over bruket. Born: Eli 1731–31, Jon 1731–31?, Helge 1732–69, Jon 1736, Tor 1738 (ugift), Kari 1741–41. Ola vart attgift 1742 med Anna Perdtr Dregane (1713–1774) frå Feios. Far til Anna var frå lnr 19 Føli. Born: Anna 1743–74, Magdeli 1745–1811 (ugift, tenar på Brekke i 1801), Eli 1749–49, Eli 1751–51, Brita 1754–54?, Jon 1755, Per 1756–56, Per 1757–58, Eli 1757 (Vikøyri v762), Per 1760–1827 (ugift). Mor og dotter med namnet Anna vart gravlagde same dag i 1774. Jon Olason Hopperstad (1755–1809) & 1780 Åsa Oladtr Stedje (1751–1826) frå lnr 64 fekk borna: Anna 1782–82, Anna 1783–83, Ragnhild 1785 (lnr 59 Refsdal), Ola 1787, Anna 1789 (lnr 119). Ola Jonson Hopperstad (1787–1849) & 1813 Margrete Fredrikdtr (Tuchsen) Stadheim (1793–1875) frå lnr 32 fekk borna: Åsa 1814 (plass nr 1 Hatlekolo), Anna 1816 (lnr 90 Brekke), Ragnhild 1819 (sjå note), Jon 1822 (USA 1851), Fredrik 1824 (sjå òg Vikøyri v230), Anna 1827 (sjå note), Jon 1830 (USA 1851), Guri 1833 (USA 1851). Margrete vart attgift i 1856 med Asbjørn Trulsson Kvamme og flytta til Kvamsøy sokn. Åsa skøytte sjølveiga i bruket til sonen Ola Jonson i 1815, i 1845 fekk Ola kjøpt resten av bruket av Daae-arvingar og i 1849 skøytte han det til sonen Fredrik. Fredrik Olason Hopperstad (1824–) var ugift. Han selde bruket i 1851 og reiste til USA saman med tre sysken. Kjøpar var sersjant Anders Sjurson Feidje (1822–1907) frå Feios. Han gifte seg 1850 med Synneva Jensdtr Håum (1830–1893) frå Feios og fekk 9 born som levde opp. Men alt i 1857 selde han bruket, flytta til lnr 36a Nummedal. Sjå meir der. Kjøpar av lnr 123 var agronom Ferdinand Dahl (1833–1895) & 1855 Ingeborg Wallace (1835–), båe frå Bergen. Born: Hans Georg 1856, Herman 1858, Birger Kristian 1859, Ferdinand 1862, Eilet Ingolf 1864 og Ingeborg Theodora. Ingeborg 1835 var syster til George Wallace på Hove. Dahl hadde i åra 1854–58 eigd Kvamsøy og dreiv då gjestgjevarstaden der. I tillegg til lnr 123 kjøpte han òg lnr 115 4,33 spd, slik at det var eit svært stort bruk han hadde hand om. Som Wallace på Hove hadde han sikkert planar om lønsam stordrift. Men alt i 1860 selde han bruket til ein driftekar frå Leikanger og vart utskiftingsformann: i Vik fram til 1863 og deretter i Møre og Romsdal. Ivar Helgeson Suphamar (1833–1865) & 1856 Gunhild Mikkeldtr Eitorn (1831–), båe frå Leikanger, fekk borna: Helge 1857, Torbjørg 1859–62, Synneva 1861, Torbjørg 1864, Ivar 1866. Ivar Helgeson døydde av tyfus. I 1865 hadde enkja: 7,0 daa poteter, 18,3 daa bygg, 4 hestar, 19 storfe, 44 smalar og 4 vinterfôra svin på storbruket. Men enkja ønskte ikkje å sitja med bruket, og ho gifte seg i 1869 til Hella på Leikanger. Lnr 115a vart selt i to delar og lnr 123a kjøpt på auksjon i 1864 av kaptein Christen Christensen.
Etter denne omveltinga fekk bruket lnr 123a 4,50 spd + lnr83e 0,08spd = bnr 39/18 6,48 mark. Christensen eigde dette bruket i tillegg til å driva Sjøtun. Etter utskifting i 1880-åra fekk bruket samla jord nord på Hopperstad og nye hus vart sette opp på Haugateigane. I1934 vart bruket fråskilt bnr 39/28 0,38 mark. Ny skyld bnr 39/18 6,10 mark. Christen Christensen pakta bort bruket til sersjant Ola Ellingson Stokkebø (1854–1930) frå Balestrand & Johanna Sjøtun (1862–1949). Dei fekk skøyte på bruket i 1891.Johanna var oppfostra på Sjøtun der mora, Brita Oladtr Tryti (1833–1891) frå plassen Nedre Trytisøyna, var hushalderske. Oppgitt far var Jon Ellingson Føli (1830–1905) frå lnr 22, men den verkelege faren var truleg kaptein Christen Christensen. Born: Guri 1885 (sjå bnr 39/28), Brita 1887 (lnr 46 Turvoll), Marta 1880 (bnr 1/48 i Hamnen), Erling 1894, Ola 1898–1956 (sjå note lnr 83b Hønsi), Astrid 1901. Erling Olason Stokkebø (1894–1957 & 1924 Hjørdis Magnusdtr Ramsli (1893–1970) frå Vågenes på Sunnmøre hadde bruket 1947–1974. Foreldra til Hjørdis var først på lnr 189b Vangsnes før dei reiste til Vågenes. Born: Kirsti 1925 (Oslo), Olav 1926 (sjå note), Johanna 1928 (Høyanger), Magne 1930, Margot 1932 (bnr 39/36 under bruket), Einar 1935 (ugift, bnr 43/32 under lnr 6 Juvik). Magne Erlingson Stokkebø (1930–1995) & 1960 Olga Endredtr Brekke (1936–) frå lnr 88a fekk: Marit 1961 (Oslo), Erling 1962, Else Helen 1967 (Trondheim). I 1964 vart bruket frådelt bnr 39/36. Erling Magneson Stokkebø (1962–) tok over i 1995. Han gifte seg 2001 med Ivona Matusiak (1971–) frå Polen. Dei har: Oda Alice 2002. Ivona har òg: Cathrine 1993.
Bnr 39/28 Nedsteteigen 0,38 mark. Denne plassen vart utskilt i 1934. I 1947 fekk Astrid Oladtr Stokkebø (1901–1980) skøyte på staden. I det store huset var også Guri Oladtr Stokkebø (1885–1971) & 1919 Jon Johannesson Brekke (1886–1966) frå lnr 89. Dei fekk Johannes 1920. Då Johannes bygde hus på bnr 1/52 i Røysane-Sæbø, flytta foreldra også dit. I 1982 skøytte arvingane etter Astrid bnr 39/28 til hovudbruket. I 2003 vart huset med litt jord skilt frå som bnr 39/67 til Liv Olavdtr Skarstein (1932–) frå Kjelkenes i Bremanger. Liv har to systrer som vart gift til lnr 50 Geithus i Arnafjord sokn: Inger Johanne 1920 og Else 1927.
Bnr 39/36 Soltun 0,05 mark. Margot Erlingdtr Stokkebø (1932–) & 1955 Leif Sandvoll (1929–) frå bnr 1/74 under bnr 1/33 på Vetleøyri fekk: Hjørdis 1955 (Sogndal), Nils Egil 1958 (bnr 41/11 i Villastrøket-Sjøtun, så Voss), Arild 1966 (Førde).
Ragnhild Oladtr Hopperstad (1819–1907) & Tor Torson Brekke (1814–1847) frå lnr 90 fekk: Ragnhild 1840, Margreta 1841, Synneva 1843, Tor 1846. Huslyden var truleg innerstar på lnr 90 Brekke. Tor drukna på Sognefjorden. Enkja Ragnhild reiste til USA med borna i 1953. Anna Oladtr Hopperstad (1827–1890) fekk Johannes 1851 med Ola Johannesson Hopperstad (1825–) frå lnr 124. Dei reiste til USA med barnet i 1851.
Olav Erlingson Stokkebø (1926–) & 1956 Astrid Sandvoll (1932–) frå bnr 1/74 under bnr 1/33 på Vetleøyri har busett seg i Asker.
Lnr 124+125 Hopperstad
Eigarar og eige i 1647: Kongen 2,25 laupar, Hopperstadkyrkja 1 laup, Arnafjord kyrkje 1,15 laupar. Samla skatteskyld 4,40 laupar i 1647, 3,54 laupar i 1723, før deling: 3,32 laupar.
I 1635 sat Torgeir på dette store bruket. I 1645 hadde han med seg kona Kari og borna: Ola, Marta og Kari. I 1655 dreiv Torgeir saman med ein som heitte Ola og eigarsamansetnad og matrikkelskyld var noko annleis enn i 1645. I 1667 sat Ola Amundson (1635–) og Jon Olason (1620–) på kvart sitt bruk og som vi trur kan vera eit framhald av storbruket. Dei var borte i 1685, og i staden finn vi Jon Hermundson Hopperstad (1641–1720), son til gamle Hermund på lnr 119+120. Han var først gift med ei enkje på lnr 50 Åse, og han kan kanskje på nytt blitt leiglending ved å gifta seg med enkja etter ein av dei to leiglendingane på bruket. Han vart litt seinare lensmann i bygda og bruket vart lensmannsgard. Lensmann Jon var utan tvil ein mektig mann i bygda i ein vanskeleg periode. Vi veit ikkje kven han var gift med, men i 1711 hadde han kone og eitt barn (som må ha vore ei dotter). I matrikkelåret 1723 var Lasse Person (1691–) brukar. Ein 9 år gamal gut med dette namnet, fødd i Bergen, var på Skjørvo i 1701, og vi trur at det er han som kom til Hopperstad. Vi veit ikkje kven han var gift med, men Jon 1725 og Jon 1734 med oppgitt far Lasse Hopperstad vart konfirmerte i Vik. Deretter kom eit nytt leiglendingsspar til bruket: Johannes Rognaldson Vange (–1769) frå lnr 7 & 1734 Ingebjørg Guttormdtr Hove (–) frå lnr 73. Born: Marta 1732, Kari 1739–40, Kari 1741–49, Anna 1742 (lnr 8 Vange). Johannes Rognaldson vart sjølveigar i 1760. Marta Johannesdtr Hopperstad (1732–1795?) & 1761 Johannes Olason Øvstedal (1729–) frå lnr 44 fekk: Johannes 1760–60?, Ola 1763, Johannes 1766–66, Kari 1769 (plass under lnr 124 på Hagen-Bøadalen), Johannes 1772 (truleg død før 1801). Johannes 1729 var lærar før han gifte seg. Sonen Ola kjøpte bruket av faren. I 1793 selde han halvparten (lnr 125) til Rognald Olason Dræge frå Aurland. Vi følgjer først lnr 124.
Lnr 124 Hopperstad
3,47 spd. Matrikkelskyld: 1,67 laupar. Data for 1845: 10,1 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 10 storfe, 25 smalar og 2 svin.
Denne halvparten av bruket lnr 124+125 vart drive vidare av Ola Johannesson Hopperstad (1772–1819) frå lnr 124+125 & 1798 Gyrid Ivardtr Refsdal (1768–1829) frå lnr 59. Dei fekk borna: Johannes 1795, Marita 1797–98, Ivar 1799 (lnr 63 Undi), Endre 1801 (lnr 79b Hove), Ingebrigt 1805 (Linde i Kvamsøy sokn), Brita 1809 (lnr 121). I 1818 vart bruket skøytt til Johannes Olason Hopperstad (1795–1869) & 1826 Barbra Lassedtr Bø (1805–1853) frå lnr 101. Born: Ola 1825 (sjå note lnr 123), Lasse 1828–31, Johannes 1830 (lnr 82 Hønsi), Lasse 1833 (USA 1858), Anna 1836 (lnr 87 Holstad), Endre 1838 (USA 1866), Gyrid 1840 (sjå note), Marta 1843 (USA 1866), Ola 1845 (USA 1864), Brita 1851 (USA 1866). I 1852 vart lnr 124b 0,17 spd i Hagen på Bøadalen fråskilt, ny lnr 124a 3,10 spd. Men bruket vart i 1853 tillagt lnr 112b Løteigen 0,54 spd. Ved ny matrikkel i 1888 vart dei to partane på til saman 3,84 spd omforma til bnr 39/19 5,28 mark. Bruket vart i 1858 skøytt til Johannes Johannesson Hopperstad (1830–1862) frå lnr 124 & 1858 Synneva Eirikdtr Hønsi (1832–1880) frå lnr 82. Born: Johannes 1857–57, Barbra 1858 (lnr 82 Hønsi), Synneva 1861 (lnr 86 Holstad). Johannes kan ikkje ha vore særleg interessert i å overta på Hopperstad, for då han døydde i 1862 var han paktar av prestegarden Grov. I 1866 skøytte enkja Synneva Eirikdtr bruket til systera Ragnhild Eirikdtr Hønsi (1839–1928) frå lnr 82, gift i 1861 med Rognald Olason Hopperstad (1839–1909) frå lnr 125. Truleg var det ei form for gardbyte, for Ragnhild og Rognald dreiv farsbruket hennar på Hønsi i 1865 og Synneva flytte no tilbake til lnr 82 Hønsi. Ragnhild og Rognald fekk borna: Ivar 1861–61, Ola 1862, Ivar 1865 (lærar og klokkar, busett på bnr 1/26 på Skulejordi-Sæbø). Anna 1867–1952 (bnr 39/35 under bruket), Gjertrud 1870–88, Eirik 1872 (USA 1891), Olav 1875 (overlærar i Bergen, brukte etternamnet Hoprekstad, skreiv den gamle bygdeboka, sjå òg lnr 118), Synneva 1878 (Fusa i Hordaland), Johanna 1880 (USA 1900), Anna 1883 (bnr 39/35 under bruket). Ola Rognaldson Hopperstad (1862–1937) & Kristina Perdtr Hopperstad (1869–1916) fekk borna: Ragna 1896, Ågot 1896, Ragnvald 1897–1937 (var heime), Borghild 1899 (til Bremnes), Gudrun 1902 (til Stord). Ragna Oladtr Hopperstad (1896–1979) og Ågot Oladtr Hopperstad (1896–1986) fekk skøyte på bruket i 1938. I 1950 gifte Ragna seg med enkjemann Johannes Ellingson Hønsi (1891–1981) frå lnr 82, busett på bnr 38/4 Løteigen under lnr 114 Skjørvo, og flytta til småbruket hans. Systera Ågot gifte seg 1944 med enkjemann Markus Markusson Nese (1876–1961) frå lnr 45a Nese i Arnafjord sokn. Dei busette seg på bnr 64/28 på «Klubben». I 1961 vart bruket frådelt bnr 39/35 Nytun 0,10 mark. Sjølve bruket bnr 39/19 5,08 mark vart i 1961 selt til Einar Eirikson Hønsi (1924–1985) frå lnr 82, busett i Bergen, gift 1962 og fekk Eirik 1962 (Bergen) og Einar 1965 (Bergen). I åra 1961–67 pakta han det bort til Olav Kristenson Tryti (1911–1985) & 1948 Anna Jondtr Holstad (1913–), sjå også Trytisøyna bnr 37/7. I 1990 gjekk heimelen til enkja Elsa Alise Hønsi (1922–). Ho bur i Fana. Jorda er bortleigd.
Bnr 39/35 Nytun 0,20 mark. Dette var eit hus på bruket som vart busett av dei ugifte systrene Anna Rognalddtr Hopperstad (1867–1952) og Anna Rognalddtr Hopperstad (1883–1956). I 1994 vart staden overteken av Gerd Svanhild Kristiandtr Otterskred (1972–) frå lnr 48 Nese i Arnafjord sokn. Ho har vore sambuar med Omar Person Helleland (1972–) frå lnr 62 Undi og dei har: Marita 1996. Omar har i 2006 flytta til Ovestevegen 13 i Øyane-Grov.
Gyrid Johannesdtr Hopperstad (1840–1928) & 1866 Jon Bendikson Holstad (1838–1908) frå lnr 87 reiste til USA i 1866.
Lnr 125 Hopperstad
3,36 spd. Data for 1845: 11,2 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 10 storfe, 30 smalar og 2 svin.
Denne halvparten av bruket lnr 124+125 vart kjøpt av Ola Rognaldson Dræge (1761–1831) & 1793 Anna Oladtr Otternes (1763–1807), båe frå Aurland. Ola vart i Vik kalla for «Fremmand-Ola», og namnet vart seinare brukt også om son og soneson som båe heitte Ola. Folket etter Ola Rognaldson vart kalla «Fremand-Ola-folket». Born: Johanna 1794 (lnr 89 Brekke), Ingeborg 1794 (lnr 5 Vange), Ola 1797–97, Randi 1798–98?, Ola 1799, Randi 1802 (lnr 96 Fjærestad), Rognald 1805 (lnr 77b Hove). Ola vart attgift 1807 med Brita Andersdtr Brekke (1757–1823), enkje på lnr 0 Sæbø. I skiftet etter Brita i 1824 gjekk bruket til Ola Olason Hopperstad (1799–1869) & 1824 Gjertrud Oladtr Bø (1803–1884) frå lnr 103. Born: Ola 1823, Ola 1825, Anna 1830 (lnr 108 Tryti), Elling 1833–1910 (ugift, var hjå broren Rognald), Ola 1835, Ivar 1835 (lnr 118), Rognald 1839 (lnr 124), Anna 1841–45, Johanna 1843 (sjå note lnr 76 Hove), Anna 1848–65. Ola Olason Hopperstad (1835–1904) & 1856 Gjertrud Frikdtr Nesse (1833–1906) frå Ytre Nesse i Kvamsøy sokn fekk skøyte på bruket i 1868. Born: Gjertrud 1856 (lnr 113 Skjørvo), Ola 1859–67, Elsa 1863 (ugift), Anna 1865 (Linde i Kvamsøy sokn), Ola 1868–68, Fredrikka 1869 (bnr 1/29 i Røysane-Sæbø), Ola 1873 de, Ola 1873 (USA 1893), Jon 1876–82. Tvillinggutar som båe fekk namnet Ola finn vi òg på lnr 88a Brekke. Problemet vart løyst med tilleggsnamna «Størsten» og «Minsten». Då desse utnamna fanst på fleire gardar, vart det «Brekke-Størsten» og «Hopperstad-Størsten». I 1872 vart bruket frådelt lnr 125b 0,05 spd (sjå lnr 120). Same året kom lnr 115c 2,14 spd inn under bruket og vart i 1888 denne delen slege saman med lnr 125 til bnr 39/4 7,74 mark. Det vart det nest største bruket på Hopperstad.
Merknad: Forfattaren forska nokre år seinare på vikjer i Bergen i 1875. I arbeidet oppdaga han forveksling av Ola Hopperstad, og denne feilen er forklart nærare i artikkelen Vikjer i Bergen i 1875, del 2.
Bnr 39/4 7,74 mark. Ola Olason Hopperstad (1873–1949) & 1908 Brita Perdtr Tennefoss (1884–1951) frå Kvamsøy sokn fekk borna: Olav 1909, Gjertrud 1911 (Leikanger), Kari 1913 (Årdal), Marta 1920 (Årdal), Petra 1915 (Årdal), Anna 1918 (Skjolden), Gunvor 1923–2007 (ugift), Per 1926. Olav Olason Hopperstad (1909–1987) & 1940 Eli Helgedtr Følid (1907–1997) frå bnr 26/12 Guhaugen i Moane-Hove overtok 1946. Då vart bnr 39/27 0,76 mark frådelt. Born: Ola 1943, Unni 1946 (bnr 26/12 i Moane-Hove). I 1973 overtok Ola Olavson Hopperstad (1943–).
Bnr 39/27 0,76 mark. Dette vart i 1928 kårpart til Ola Olason Hopperstad. I 1946 fekk sonen Per Olason Hopperstad (1926–2007) skøyte på staden. Han reiste til USA 1950, men døydde i Oslo. Eigedomen vil gå inn att under hovudbruket.
Ola Olason Hopperstad (1823–1908) gifte seg 1859 med Severine Nilsdtr Rutle (1838–) frå Askvoll. Dei var i Bergen. Det gjekk galdt for dei to, og i 1875 kom det brev til Vik om at Severine var plassert på Bergens Arbeidsanstalt som husvill og hjelpelaus. Ho vart send til Vik, der fattigvesenet skulle ta seg av henne. Deretter blir ho borte for oss. Ola døydde som «amtsforpleiet» sinnsjuk.