Hønsi
Hønsi (hønsi): Høynsin (ca 1320), Hønssenn (1563), Hønnsenn (1567), Hønse (1647, 1667, 1723), Hønsi (1838, 1863, NG, VIK).
Etter øydetida var det i lang tid berre ein brukar på Hønsi. I 1603 heitte han Hermund, i 1611, 1635 og 1645 var namnet Kjell. Kjell var i 1645 gift med Brita og hadde med seg sonen Per. Dei hadde òg Ivar 1630 (lnr 103 Bø). I 1655 var bruket delt mellom enkja og Per. Men det må ha vore ei form for samdrift for i 1667 var Per Kjellson Hønsi (1623–) brukar åleine. Han hadde med seg sønene Kjell 1658 og Sylfest 1659 (til Skaffargard). Vi veit om to andre born: Inger og Ivar 1668. Kona var Ingeborg Eirikdtr Åfet (–) frå Feios. Per vart truleg attgift og fekk Sigrid 1687. Ho kom til plassen Breidi på Hopperstad. Kjell 1658 døydde truleg relativt ung, og i 1701 var storbruket delt mellom Inger Perdtr og Ivar Person. I 1776 vart på nytt eitt av desse halvbruka delt, slik at det var tre bruk på Hønsi i 1838, lnr 82–84.
Lnr 82+83 Hønsi
Eigar i 1647 og 1723: Kaupangergodset. Matrikkelskyld: 2,13 laupar i 1723.
På dette store bruket var i 1701 Ivar Person Hønsi (1668–1750) & Eli Nilsdtr Åse (1674–1767) frå lnr 50. Vi veit om følgjande born; Sigrid 1704 (lnr 2 Øksdal), Synneva (lnr 71 Hove, så Høgheim i Fresvik), Kjell 1705, Per 1705–32, Nils (gift 1757 til Midtungarden, Indre Nesse i Kvamsøy sokn, hadde Anna 1755). Kjell Ivarson Hønsi (1705–1787) & 1742 Brita Guttormdtr Stadheim (–) frå lnr 32 hadde: Ingebrigt 1742–55, Guttorm 1745, Synneva 1749–49, Ivar 1751, Eirik 1755 (lnr 122 Hopperstad). Brita Guttormdtr livde i 1763, men døydde før 1790. Kjell frikjøpte bruket i 1776 og delte det mellom sønene Ivar og Guttorm.
Lnr 82 Hønsi
2,38 spd = bnr 28/1 3,60 mark. Sjølveige. Matrikkelskyld: 1,07 laupar i 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 8,1 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 9 storfe, 33 vinterfôra smalar og 4 svin.
Ivar Kjellson Hønsi (1751–1822), som fekk dette halvbruket, gifte seg 1789 med Guri Styrkdtr Vange (1759–1815) frå lnr 8 og dei fekk: Synneva 1784, Brita 1788 (lnr 5 Vange), Marta 1790 (sjå note). Synneva Ivardtr Hønsi (1784–1855) & 1804 Ola Guttormson Tistel (1780–1852) frå lnr 91+92 var neste gardbrukarpar. Ola fekk skøyte på bruket i 1809. Huslyden hadde vore busett på Hopperstad fram til då. Born: Eirik 1803, Guri 1805 (Vikøyri v390), Marta 1808 (fekk Alis 1827 med Ola Hermundson Fjærestad 1805–56 frå plassen Skorpehaugen, i 1834 til plass i Nedre Trytisøyna), Anna 1810 (lnr 105 Tryti), Guttorm 1813, Ivar 1815–32, Brita 1818 (Brennene, lnr 97 Fjærestad), Johanna 1820 (lnr 19 Føli), Brita 1823 (lnr 19 Føli), Guttorm 1827 (USA 1852), Marta 1831 (sjå note til «Storplass under lnr 1+4» i Røysane-Sæbø). Eirik Olason Hønsi (1803–1871) & 1832 Synneva Jondtr Holstad (1807–1897) frå lnr 86 hadde: Synneva 1832, Ivar 1835–35, Ivar 1836–38, Ragnhild 1839 (lnr 124 Hopperstad), Ivar 1842–44, Anna 1845 (sjå note), Johanna 1850–50. Synneva Eirikdtr Hønsi (1832–1882) hadde rett på bruket. Ho gifte seg 1858 med Johannes Johannesson Hopperstad (1830–1862) frå lnr 124 og dei hadde borna: Barbra 1858, Johannes 1860–61, Synneva 1861 (lnr 86 Holstad). Synneva og Johannes pakta prestegarden Grov, men etter at Johannes døydde, flytta huslyden til Hønsi, og Synneva overtok bruket i 1864. Ho vart attgift 1872 med Markus Hansson Torsnes (1841–) frå Balestrand og dei fekk Johannes 1873. Dei var på bruket i 1875 og seinare. Men då Synneva døydde i 1882, reiste Markus og sonen Johannes til USA. Alt i 1872 skøytte Synneva bruket over på den 14 år gamle dottera Barbra Johannesdtr Hønsi (1858–1924). Barbra gifte seg 1892 med Elling Eirikson Hopperstad (1854–1893) frå lnr 122a. Born: Synneva 1883 (lnr 109 Tryti), Eirik 1884, Johannes 1886–87, Johanna 1887–1968 (ugift, styrar av gamleheimen), Johannes 1890 (lnr 114 Skjørvo), Anders 1893 (Bergen). Eirik Ellingson Hønsi (1884–1961) & 1914 Brita Oladtr Skjørvo (1886–1951) frå lnr 113 hadde borna: Gjertrud 1915 (Jølster), Erling 1917, Borgny 1920 (Bergen), Olav 1922 (Ski i Akershus), Einar 1924 (Bergen, sjå og lnr 124 Hopperstad), Synneva 1930 (Øystese i Hardanger). I 1953 gjekk bruket til Erling Eirikson Hønsi (1917–1997) & 1964 Anna Marie Olsen (1942–) frå Sparbu, N-Trøndelag. Dei fekk: Bjørg 1964, Ingrid 1966 (Stavanger), Elin 1968 (Oslo), Jan Erik 1971 (Tønsberg). Erling hadde bruket 1953–91. Bjørg Erlingdtr Hønsi (1964–) & 1989 Jon Olav Einarson Vikøren Aafedt (1962–) frå Feios har: Yngve 1985, Svanhild 1987, Erling 2000. Far til Jon Olav var frå Vikøyri v504. Bjørg overtok i 1994 også bnr 38/4 Løteigen av lnr 114 Skjørvo og som blir drive frå Hønsi.
Marta Ivardtr Hønsi (1780–1823) & 1812 Jon Guttormson Tistel (1783–) frå lnr 91+92 busette seg i Kyrkjebø. Dei fekk Marta 1814 (lnr 88a Brekke). Men då Jon etter kort tid døydde, kom Marta tilbake til Vik og gifte seg i 1816 til lnr 19 Føli. Jon hadde òg Jon 1840 med Gjertrud Jondtr Kjelven (1820–), husmannsdtr under lnr 39 i Arnafjord sokn.
Anna Eirikdtr Hønsi (1845–1932) & 1867 Ola Johannesson Stadheim(1841–1897) frå lnr 24 budde på Hønsi og var i 1875 innerstar under lnr 84a. Ola var jekteskipper. Born: Brita 1866, Johannes 1868–68, Johannes 1870, Synneva 1872, Eirik 1875, Ola 1878, Anna Marie 1881, Ivar 1881. Huslyden reiste til USA i 1891.
Plass under lnr 82. Til denne plassen kom ei dotter frå bruket: Eli Larsdtr Hønsi (1806–1874) & 1833 Ola Jonson Seim (1807–1874) frå lnr 11. Born: Ragnhild 1831 (plass lnr 51 Orvedal, sjå òg note), Ragnhild 1834–35, Ragnhild 1836 (plass lnr 5 Juvik), Johanna 1839 (Vikøyri v646), Anna 1842 (sjå lnr [1+4]d Sæbø), Inga 1846 (sjå plass under lnr 5 Juvik), Gjertrud 1849–51. I 1844 overtok Eli og Ola lnr 11 Seim etter ein bror til Ola, men det gjekk dårleg økonomisk, og dei kom tilbake til Hønsi. I 1865 hadde dei 1,4 daa poteter, 2 kyr og 12 smalar på plassen. I 1865 hadde dei hjå seg to «uekte» barneborn: Jon 1859 (sjå note) og Jon 1862, som var son til Johanna 1839 & 1868 Lasse Øysteinson Vikøyri v646 (1835–1919).
Ragnhild Oladtr Seim/Hønsi (1831–1892) fekk Jon 1859 (lnr 61 Refsdal) med husmannsson Nils Johannesson Sæbø (1835–1861) frå plass nr 5 Sæbø.
Lnr 83 Hønsi
2,38 spd. Sjølveige. Matrikkelskyld: 1,07 laupar i 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 8,1 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 8 storfe, 38 smalar og 3 vinterfôra svin.
Guttorm Kjellson Hønsi (1745–1809) & 1776 Inga Larsdtr Rosheim (1778–1825) frå lnr 94 overtok dette halvbruket. Born: Synneva 1776–77, Lars 1778, Synneva 1780 (lnr 46 Turvoll), Brita 1781–82, Brita 1783–1813 (fekk Brita 1813 med Endre Ingebrigtson Refsdal frå lnr 59, men døydde før bryllaupet som var tillyst i 1813, Brita 1813 kom til Vikøyri v608), Ragnhild 1786 (lnr 114b Skjørvo), Kjell 1789 (Vetleøyri v104), Brita 1790 (lnr 76b i Moane–Hove), Bendik 1793 (Vikøyri v120, så Huglagjerde på Ovrisdalen). Lars Guttormson Hønsi (1778–1814) & 1805 Ragnhild Andersdtr Brekke (1776–1826) frå lnr 90 fekk: Eli 1806 (plass under lnr 82) Guttorm 1809, Anders 1812 (sjå note). I skiftet etter Lars fekk alle borna eige i bruket etter skylda, som på eit leiglendingsbruk. Ragnhild gifte seg på nytt 1814 med Sjur Olason Turvoll (1776–1858) frå lnr 46 og dei fekk: Lars 1816 (lnr 60 Refsdal, deretter lnr 88b og lnr 90 Brekke). I 1828 var Guttorm Larsson Hønsi (1809–1890) blitt eineeigar, og Sjur var då truleg på kår. Guttorm gifte seg 1833 med Anna Tordtr Brekke (1811–1848) frå lnr 90. Born: Ragnhild 1831–1902, Brita 1835, Ragnhild 1837 (USA 1853), Lars 1840–1914 (døydde på Brekke), Tor 1842 (USA 1861), Sjur 1845 (USA 1861), Inga 1848 (USA 1861). Guttorm vart attgift 1850 med Ingeborg Jondtr Åse (1815–1908) frå lnr 49 og dei fekk: Anna 1851 (Nedre Trytisøyna på Bøadalen), Jon 1853 (til lnr 18a Tenål), Johanna 1856–65, Ivar 1858 (Nedre Trytisøyna), Randi 1862 (USA 1882). Ingeborg hadde òg Ellend 1839 (USA 1861) med Hermund Olason Turvoll frå lnr 46. Bruket vart i 1860 delt i to like delar. Dottera Brita 1835 fekk lnr 83b og lnr 83a gjekk ut av slekta. Guttorm hadde kår under båe bruk.
Lnr 83a Hønsi 1,19 spd = bnr 28/2 1,62 mark. Produksjonsdata for 1865: 4,0 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 5 storfe, 15 smalar og 1 svin.
Kjøpar av denne delen av lnr 83 var Alf Jonson Tenål (1827–1901) som før hadde vore skreddar. Han gifte seg 1857 med Anna Arnedtr Stadheim (1834–1912) frå lnr 32 og dei hadde: Jon 1854, Brita 1857 (lnr 77a Hove), Marta 1860–60, Anna 1861 (til lnr 34 Fosse der ho også var oppfostra), Arne 1864 (sjå note under lnr 85 Holstad), Ingebrigt 1868–69, Ingebrigt 1870 (lnr 69 Ovri), Marta 1872 (sjå bnr 41/47 under Sjøtunvegen under lnr 127 Sjøtun), Brita 1875 (sjå note), Olina 1878–82, Anna 1880–80. I 1862 kjøpte Alf også lnr 84b og flytta dit. Han pakta då bort lnr 83a til husmannsson Ola Eirikson Øvstedal (1833–1897) & 1862 husmannsdtr Sigrid Nilsdtr Brunnadn-Refsdal (1824–1909). Born: Eirik 1862, Synneva 1864, Endre 1868–78. I 1870 flytta huslyden til lnr 44cde Øvstedal og lnr 83a vart selt til Ingebrigt Olason Øksdal (1827–) frå lnr 2 i Vangsnes sokn & 1864 Turid Markusdtr Tveit (1844–) frå lnr 1. Born: Markus 1867 (gift med ei Fresvik-jente, busett i Flåm), Johannes 1870, Guri 1874. Huslyden flytta til lnr 2 Øksdal og bruket vart i 1876 selt til Eirik Markusson Tveit (1841–1929) & 1871 Kari Guttormdtr Grøneng (1838–1918) frå Balestrand. Eirik var bror til Turid. Born: Brita 1872–1944, Guttorm 1878. Brita 1872 var ugift. Ho var ein landskjend biletvevar. Guttorm Eirikson Hønsi (1878–1951) & 1902 Ragnhild Johannesdtr Sæbø (1875–1963) frå lnr 2 dreiv bruket 1926–46. Dei hadde ikkje born, men tok til seg Olina Torgeirdtr (Lien) Røysane-Sæbø (1903–1920), ei dotter til Olina Andreasdtr «Hirt» (1877–1903), sjå note under Hirtplassen i Røysane-Sæbø. Sigurd Benjamin Bergeson Årnes (1898–1985) frå Ikjefjord i Kyrkjebø & 1940 Brita Perdtr Fosse (1910–1990) frå lnr 34 kjøpte brukte. Born: Signy 1944 og Aud 1948–48. Signy Sigurddtr Aarnes (1944–) & 1965 Jan Reidar Einarson Husabø (1943–) frå Leikanger fekk: Bente Karin 1967 (Sogndal), Øystein 1970, Marit Silje 1980 (Oslo/Leikanger). Signy hadde bruket 1974–98, men var ikkje i Vik. Øystein Jan-Reidarson Husabø (1970–) & 2002 Bodil Jorunn Ivardtr Endestad (1972–) frå Nedre Trytisøyna overtok bruket. Dei har Silje 2002. Dei er skilde, og Bodil Jorunn flytta til Tysvær i Rogaland. Øystein vart attgift 2006 med Kinga Andrzejdtr Szczesna (1979–) frå Kharkov i Polen.
Anders Larsson Hønsi (1812–) & 1843 Ragnhild Oladtr Fjærestad (1816–) frå lnr 96 fekk: Ola 1842. Dei var innerstar. Dei reiste til USA i 1844.
Brita Alfdtr Hønsi (1875–1907) & Knut Tollakson Fosse (1877– 1955) frå lnr 35a+34b fekk: Tollak 1903 og Anna 1904. Huslyden var i Oslo fram til ca 1905. Då Brita døydde, var dei på Vange, sjå under bnr 2/2. Knut og borna var deretter busette på lnr 36d Gråsmyri i Nummedal, sjå òg bnr 2/5 Røysane-Vange.
Lnr 83b Hønsi 1,19 spd. Data for 1865: 2,8 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 4 storfe, 12 smalar og 1 svin.
Dette delbruket vart i 1870 frådelt lnr 83c 0,08 spd til kaptein Christensen. Ny lnr 83b 1,01 spd = bnr 28/3 1,74 mark. Brita Guttormdtr Hønsi (1835–1902) frå lnr 83 & 1860 Jon Andersson Hove (1834–1883) frå plassen Bleiehaugen under lnr 71 fekk: Guttorm 1860–61, Anna 1862 (bnr 40/2 Prestteigen-Midlang), Marta 1864 (lnr 89 Brekke), Anders 1867, Olina 1870 (bruket Holen i Hola på Seljadalen), Ragnhild 1873 (USA 1894), Johanna 1876 (Øvre Himle, Voss). Anders Jonson Hønsi (1867–1936), «Snikkar-Anders», & 1892 Anna Johandtr Midlang (1867–1949) frå lnr 98 fekk: Jon 1892, Anna 1894 (lnr 105 Tryti), Johan 1895 (bnr 61/1 under lnr 37 Hallsete i Arnafjord sokn), Brita 1897 (lnr 80b Voll), Marta 1899 (sjå note), Ragnhild 1902–20, Arnfinn 1908 (sjå lnr 120 Hopperstad). I 1936 vart bruket skøytt til Jon Andersson Hønsi (1892–1941). Han gifte seg med Marta Andersdtr Flatebø (1886–1955) frå Øystese. Dei budde i Øystese i Hardanger og hadde i nokre år forpaktar på bruket på Hønsi. I åra 1948–56 hadde Johan Andersson Hønsi (1895–1990) & 1923 Marie Alette Olavdtr Solheim (1898–1982) frå Kvinnherad bruket i tillegg til bnr 61/1 Hallsete. Born: Anders 1923, Anna Ragnhild 1925–96 (vanfør, mest heime), Olav 1929 (Bergen), Astrid 1931 (Florø), Kåre 1934 (bnr 61/1 Hallsete). Anders Johanson Hønsi (1923–) & 1959 Liv Audbjørg Sveindtr Tryti (1934–) frå lnr 107 har: Jomar 1960 (Oslo), Oddny 1961 (Bergen), Møyfrid 1967 (Bergen), Svein 1970, Torstein 1974 (bnr 27/10 Vollareina). Svein Andersson Hønsi (1970–) overtok i 1991.
Marta Andersdtr Hønsi (1899–1936) fekk Arne 1929 med Ola Olason Stokkebø (1898–1956) frå lnr 123 Hopperstad. Guten voks opp på Hønsi. og busette seg i Bergen.
Lnr 84 Hønsi
2,08 spd. Eigar i 1647 og 1723: Kaupangergodset. Sjølveige frå 1846. Matrikkelskyld: 2,13 laupar i 1723, 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 16,3 daa bygg, 7,0 daa poteter, 3 hestar, 15 storfe, 60 smalar og 5 svin.
Då Per Kjellson Hønsi delte det einaste bruket på Hønsi, var det Inger Perdtr Hønsi (–1720) som vart leiglendingskone på dette halvbruket. Ho gifte seg med Guttorm Torson Ovri (1665–1727) frå lnr 67+68. Han var av rik og mektig ætt. Dei fekk borna: Tor 1691 (lnr 16 Holane i Arnafjord sokn), Kjell 1693 (lnr 117+ 118+121 Hopperstad), Synneva 1694 (lnr 105 Tryti), Brita 1696 (til Brekke i Ortnevik), Per 1698, Elling 1705 (lnr 112 Skjørvo), Ingebrigt 1710–42, Marta 1715–29. Guttorm vart attgift med Anna Hansdtr (–) og dei fekk sonen Hans, som livde då faren døydde, men som blir borte. Per Guttormson Hønsi (1698–1775) & 1728 Brita Oladtr Undi (1682–1770) frå lnr 62 hadde ikkje born, men dei tok til seg Inger Sjurdtr Undi (1724–1805), ei brordotter til Brita. Inger gifte seg 1762 med Ola Ellendson Holstad (1705–1783) frå lnr 85. Dei fekk: Sjur 1765, Ellend 1769–70, Per 1770-1805 (sjå plass 1 Breidi under lnr 120 Hopperstad)). Sjur Olason Hønsi (1765–1841) & 1789 Solveig Jondtr Espesete (1762–1830) frå lnr 93 fekk: Ola 1790–90?, Ola 1791, Anna 1793–1815, Jon 1796–96?, Jon 1797–99, Brita 1800 (lnr 87 Holstad), Jon 1803 (sjå note). Ola Sjurson Hønsi (1791–1866) & 1815 Anna Jondtr Hove (1792–1859) frå lnr 71 hadde: Solveig 1815 (lnr 81 Voll), Sjur 1817, Ragnhild 1820 (USA 1862), Anna 1823–1904 (døydde på spedalsksjukehus i Bergen), Jon 1826–78 (spedalsk, på sjukehus i Bergen), Ola 1829, Per 1832 (USA 1861), Guttorm 1836 (sjå note). Sjur Olason Hønsi (1817–1894) & 1843 Brita Jondtr Hove (1815–1887) frå lnr 76 fekk: Ola 1843, Jon 1846, Anna 1849, Ola 1853–54. I 1846 kjøpte Sjur bruket, men i 1851 vart halvparten frådelt til ei syster.
Jon Sjurson Hønsi (1803–1883) & 1830 Sigrid Jondtr Vikøyri v536 (1803–1901) vart plassfolk på Målsnes i Kvamsøy sokn. Born: Anna 1828 (til Balestrand), Solveig 1831 (plass Bruhjelle i Balestrand, USA 1869), Johanna 1834–34?, Johanna 1837–57, Bella 1840, Sjur 1843. Med unntak av Anna 1828 reiste dei alle til USA.
Guttorm Olason Hønsi (1836–1922) & 1861 Marie Oladtr Røysane-Sæbø (1835–1914) frå plass under lnr 3 Sæbø fekk Ola 1860. Dei reiste til USA i 1861.
Lnr 84a Hønsi 2,78 spd = bnr 28/4 3,50 mark. Produksjonsdata for 1865: 8,8 daa bygg, 4,2 daa poteter, l hest, 9 storfe, 24 smalar, 2 svin.
Sjur Olason Hønsi dreiv dette halvbruket til 1854. Då reiste huslyden til USA og bruket vart skøytt til Johannes Hansson Ølmheim (1812–1871) & 1837 Unni Jondtr Ylvisåker (1816–1892), båe frå Sogndal. Born: Jens 1846, Hans 1856–1900. I 1872 gjekk bruket til Jens Johannesson Hønsi (1846–1923) & 1874 Eli Jondtr Hopperstad (1849–1937) frå lnr 120. Born: Johannes 1875, Ingebjørg 1878 (lnr 32 Stadheim), Jon 1880 (sjå note), Unni 1882 (bnr 26/12 Guhaugen under Moane-Hove), Anna 1885 (lnr 59 Refsdal), Olina 1888 (bnr 26/30 i Kålhagen), Hanna 1892 (lnr 58 Refsdal). Johannes Jensson Hønsi (1875–1967) & 1911 Fredrikka Nilsdtr Fosse (1881–1967), enkje på bnr 39/1 under lnr 120 Hopperstad, hadde: Eli 1912 (bnr 39/26 under lnr 120 Hopperstad), Jens 1913, Jon 1915 (bnr 39/24 under lnr 120 Hopperstad), Nils 1917, Hans 1919 (bnr 39/31 under lnr 120 Hopperstad), Sigmund 1919 (til Bjerke, Oslo). Jens Johannesson Hønsi (1913–2002) & 1942 Ingebjørg Nilsdtr Overland (1914–1971), Voss, fekk borna: Kristi 1942 (Vossestrand), Eldbjørg 1944 (Voss), Johannes 1947–80 (Årdal), Norvald 1953. Jens hadde bruket 1945–81. Norvald Jensson Hønsi (1953–) & 1977 Aud Ingrid Ivardtr Øvretun (1959–) frå Fardal har borna: Anita 1977, Linda 1981, Monika 1986, Camilla 1990, Anja 1995. Norvald og Aud Ingrid er skilde.
Bnr 28/7 Ytste Vetledalen 0,05 mark vart frådelt bnr 28/4 i 1945 og busett av: Nils Johannesson Hønsi (1917–1963) & 1952 Olga Underset (1922–) frå Askvoll. Dei fekk: Vigdis 1952. Vigdis Nilsdtr Hønsi (1952–) & 1971 Tormod Urnes (1950–) frå Luster bygde hus på staden i 1980. Born: Vivian 1971 (Holmedal), Kenneth 1975.
Jon Jensson Hønsi (1880–) fôr til USA i 1903. Han kom att, gifte seg med Turid Nilsdtr Fosse (1883–) frå lnr 33. Busett på Voss.
Lnr 84b Hønsi 2,78 spd. Data for 1865: 8,8 daa bygg, 4,2 daa poteter, 1 hest, 6 storfe, 23 smalar, 3 vinterfôra svin. Denne halvparten av lnr 84 gjekk i 1851 til Ragnhild Oladtr Hønsi (1820–) frå lnr 84 & 1849 Anfin Guttormson Midlang (1824–) frå lnr 99. Born: Guttorm 1847–47, Synneva 1848, Olina 1852, Anna 1854–55, Ola 1856, Guttorm 1858. Anfin reiste til USA i 1861 og året etter følgde huslyden etter. Bruket vart i 1862 skøytt til Alf Jonson Tenål (1827–1901) & 1857 Anna Arnedtr Stadheim (1834–1912). Huslyden flytta inn frå lnr 83 Hønsi, sjå meir om familien der. I 1873 vart lnr 84e 0,10 spd skilt frå. Ny skyld lnr84b 2,18 spd =bnr 28/5 3,36 mark. I 1899 vart bruket skøytt til Jon Alfson Hønsi (1854–1927) & 1888 Guri Oladtr Vangsnes (1865–1949) frå lnr 194. Born: Alf 1892–93, Alf 1894, Ola 1897 (bnr 27/10 Voll), Andreas 1903 (Bergen, sjå òg hus nr 70 på Vikøyri), Svein 1907 (Høyanger). Alf Jonson Hønsi (1894–1944) & 1919 Anna Perdtr Fosse (1898–1988) frå lnr 34 fekk skøyte på bruket i 1924. Born: John 1919, Anna 1921 (bnr 16/4 under lnr 52 Orvedal), Guri 1923 (Nordeide i Kyrkjebø), Per 1924–88 (Oslo), Ingvald 1926 (bnr 1/212 Røysane-Sæbø), Olav 1928 (bnr 27/9 Vollareina), Agnar 1933 (Prestvegen 26 i Prestberget), Oddvar 1936 (Enebakk i Akershus), Sverre 1941 (bnr 28/13 av bruket). John Alfson Hønsi (1919–1995) & 1955 Magnhild Eilifdtr Nese (1929–) frå lnr 46a i Arnafjord sokn fekk borna: Anne Grete 1957 og Alv 1961. John hadde bruket 1965–90. Alv Jonson Hønsi (1961–) & 1997 Jorunn Hammersland (1963–) har: John Are 1992, Aina 1995, Kristine 1999.
Bnr 28/9 Høgsjå 0,09 mark frådelt bnr 28/5 1962. Staden er og kalla Klashaugen for her budde Klaus Johanson Midlang (1873–1952) frå lnr 98 & 1931 Kristina Tollakdtr Tryti (1882–1937). Om foreldra til Kristina: sjå note lnr 109 Tryti. Klaus og Kristina hadde ikkje born. Staden vart utskilt til Agnar 1933, men først busett 1993 av Asbjørn Agnarson Hønsi (1963–) & sb Gro Beate Erlingdtr Fjærestad (1967–) frå bnr 34/14 under lnr 96. Born: Silja 1996, Birgit 1998, Brage 2000, Ingvild 2004.
Bnr 28/13 vart fråskilt bnr 28/5 og busett i 1972 av: Sverre Alfson Hønsi (1941–) & 1969 Marit Veseth (1945–) frå Osterøy. Born: Kristin 1970-74 (bilulukke), Arve 1971 (Drammen), Kåre 1971 (Luster), Solfrid 1975 (Bergen), Audhild 1986.
Lnr 84e Hønsi 0,10 spd = bnr 28/6 0,14 mark. Anders Kjellson Vetleøyri s104(1833–1905) & 1861 Marta Andersdtr Hopperstad (1821–1896) frå lnr 117 var husmannsfolk under lnr 84a i 1865 og hadde då: 0,7 daa poteter, 1 ku og 3 smalar. I 1873 kjøpte dei plassen. Dei fekk: Ingeborg 1861 (lnr 14b Tenål). Neste eigar av småbruket var Ola Andersson Espesete (1870–1950) frå lnr 93c & 1901 Randi Oladtr Tryti (1878–1950) frå lnr 106. Born: Hanna 1901 (Sandefjord), Torhild 1906–19. Hanna 1901 fekk Torhild Olava 1927 med Konrad Vendelbo Linde, Balestrand. Torhild Olava Hønsi (1927–) overtok i 1952 og fekk utvida eigedomen med bnr 28/12 i 1970. Ho gifte seg 1953 med Ingvald Gram (1921–1995) frå Lærdal. Born: Inger Randi 1954 (bnr 40/85 Galilea under lnr 126 Grov), Odd Harald 1955 (Galilea nr 2), Venke Helene 1959 (Øvste Hopperstadmarki nr 16), Hildur 1962 (heime), Turid 1965 (Nesbyen i Buskerud), Arnhild 1970-86 (påkøyrd av bil).