Hatlekolo

Hatlekolo er eit område mellom Tryti og Hopperstad. Det har vore hevda at på 1700-talet var Hatlekolo sameige for mange eller alle bønder på Hopperstad. Også seinare høyrde området inn under Hopperstad. Bøndene der hadde husmenn på Hatlekolo. Den første bonden på eit delbruk av Hopperstad busette seg i området i 1905. Etter det store steinskredet på Skjørvo omkring 1780 flytta tre av brukarane der husa sine til leigd grunn i Hatlekolo. To av dei flytta tilbake omkring 1817. Den siste budde på Hatlekolo til 1941. Denne busetnaden kan ha vore medverkande til at Skjørvo-namnet har vore mykje knytt til dei som budde på Hatlekolo. Slektskap kan òg ha medverka til dette.

Bnr 39/21 Helgheim 0,98 mark. Dette småbruket var ein del av bnr 39/1 Hopperstad (lnr 122+115a). Det vart frådelt av eigaren Kristen Jonson Hopperstad til dottera Guri i 1905. Guri Kristendtr Hopperstad (1865–1953) & 1892 Helge Kristenson Røyrvik (1866–1952) frå lnr 12 hadde først bruk i Røyrvik, men flytta derfrå på grunn av økonomiske problem. Born:Brita 1893 (lnr 34 Fosse), Kristen 1895, Kristian 1899 (bnr 41/31 i Villastrøket-Sjøtun, var bakar). Kristen Helgeson Hopperstad (1895–1965) & 1932 Eli Ivardtr Fjærestad (1894–1987) frå bnr 34/6 på Brennene fekk borna: Ragnhild 1933 og Harald 1935. I 1956 vart bruket frådelt bnr 39/33 Smedtun 0,07 mark og i 1976 bnr 39/49. Harald Kristenson Hopperstad (1935–2004) & 1971 Anna Lassedtr Tretteteig (1933–) frå Fresvik har Kjell Egil 1972. Harald hadde bruket 1971–2002. Kjell Egil Hopperstad (1972–) & 2007 Hilde Jon-Haralddtr Tenold (1978–) frå lnr 13b Tenål overtok. Dei har Håvard 2005.

Bnr 39/49 Solbakken. Her bygde Ragnhild Kristendtr Hopperstad (1933–) hus. Ho er ugift.

Bnr 39/33 Smedtun 0,07 mark. På bygsla grunn under bnr 39/21 vart busett smed Ola Ivarson Skjørvo (1846–1933) frå lnr 112 & 1886 Durdei Oladtr Fugelsbø (1845–1918) frå Ortnevik. Born: Ola 1884, Ivar 1887–87, Ivar 1888–92. Smed Ola Olason Skjørvo (1884–1980) & 1924 Elise Karoline Andreasdtr Brekke (1900–1977) frå Lånefjorden fekk borna: Anna Dorthea 1924 (Aurland), Margit 1925 (Aurland), Aslaug 1926–27, Agnes 1935–71, Osvald Edvin 1940, Aslaug 1943 (til Voss). Anleggsarbeidar Osvald Edvin Olason Skjerven (1940–1984) fekk skøyte på plassen i 1956. I 1987 gjekk staden til ei dotter til Aslaug 1943, Laila Skjerven Time (1971–). Ho bur på Voss.

På bnr 39/21 budde òg: Helge Kristenson Røyrvik (1875–1954), «Vetle-Helje». Han var skomakar og snikkar. Med Maria Eilifdtr Bungane Åse (1876–1962) fekk han: Kristian 1908–95 og Edvard 1911–64. Borna tok etternamnet Åse. Sjå meir under bnr 60/13 i Åsberget i Arnafjord sokn.

Husmannsplassar på bnr 39/21. På 1800-talet var det 2–3 husmannsplassar på Hatlekolo på den halvparten av lnr 115 som kom under lnr 120a.

Plass 1. I 1816 låg plassen under lnr 112 Skjørvo, men kom truleg ved utskifting under Hopperstad.Eirik Albrigtson (1768–1856) & 1796 Brita Eirikdtr Sæbø (1766–1858) frå lnr 1 kom til plassen fordi ei moster til Eirik var gift til lnr 112. Mor til Eirik var truleg Synneva Perdtr (Undi) Sæbø (1741–) frå lnr 2 og faren Albrigt Olsen frå Bergen. Born: Synneva 1795, Albrigt 1797, Eirik 1800, Gyrid 1803, Nils 1806 (plass nr 51 Vangsnes), Guttorm 1809–33. Eirik hadde òg Sjur 1789 med Bothilda Sjurdtr Breidi (1765–), sjå note under plassar på Breidi under lnr 120 Hopperstad. Eirik og Brita var på Hatlekolo til ca 1815 då dei kom til Ekreplassen under Horstad i Naustdal i Sunnfjord. På denne garden hadde mostra Bothilda 1738 vore bondekone, sjå lnr 2 Sæbø. Albrigt Eirikson Hatlekolo (1797–1875) & 1821 Gjertrud Hermunddtr Vikøyri v324 (1793–1874) fekk borna: Eirik 1822–22, Eirik 1823, Hermund 1825, Brita 1829, Ola 1832, Guttorm 1835, Marta 1838. Huslyden reiste til USA i 1853. Eirik Albrigtson Hatlekolo (1827–1915) & 1850 Åsa Oladtr Hopperstad (1814–1892) frå lnr 123 fekk: Johanna 1848, Ola 1850, Ola 1851. Huslyden reiste til USA i 1851. I 1878 vart plassen frådelt som lnr 122g 0,05 spd = bnr 39/17 0,07 mark. Kjøpar var Jon Johannesson Hopperstad (1824–1914) som kom frå forpakting på lnr 119. Han og kona Kari budde deretter på plassen, men før århundreskiftet hadde dei flytta inn i huset til dottera Inga på bnr 39/20 på Hatlekolo. Jorda kom i 1988 inn under bnr 39/21.

Plass 2. Denne plassen låg inntil noverande busetnaden på bnr 39/21. I 1865 var det: 0,7 daa poteter og 5 smalar på plassen. Tomas Mikkelson Breidi (1800–1874) frå plass nr 2 under lnr 120 Hopperstad & 1831 Brita Hermunddtr Fjærestad (1802–) frå plassen Skorpehaugen fekk borna: Inga 1829 (sjå lnr 23 Føli), Synneva 1831 (USA 1861), Sjur 1834 (USA 1862), Alis 1838–38?, Hermund 1839–44, Ola 1843 (USA 1865). Tomas hadde i tillegg Ingeborg 1826 (til lnr 36b Nummedal) med Brita Oladtr Vikøyri. Brita har vi ikkje identifisert. I kapitlet «Skjemt» i band I frå 1951 av «Bygdabok for Vik i Sogn» er det skrive at Tomas var av dei likaste humoristane som har vore i Vik. Av dei mange visdomsorda etter han tek vi her med at: «kjeringji hass Tommos hadde i ei lunebya rymt ut atte te Hòledna, dar ho va ifrao. Dao laut han ut å snakka væl mæ’ne, å dao gjore han pao denna maoten: Faor du kje eta deg mette i eitt maol, ska du fao eta deg mette i hitt, å faor du ikkje sitja turre i ei krao, site du turre i hi. Ho vart mæ’an ne-atte.» Tomas og Brita Hermunddtr reiste til USA i 1866. På plassen flytta inn: Johannes Olason Breidi (1825–1916) & 1866 Anna Hansdtr (1843–1903). Før dei gifte seg hadde dei vore sambuarar på Breidi, der Johannes voks opp på plass 1 (sjå under lnr 120a Hopperstad). Far til Anna var frå husmannsplassen Bersteigen i Kvamsøy sokn, mora frå Lidal i Fjærland. Born: Ivar 1866 (steinarbeidar, Gravdal på Askøy), Kristina 1868 (Sørbøvåg), Hans 1870-70, Hans 1871 (gift 1898 i Bergen), Brita 1874 (USA 1896), Ingeborg 1877 (Bergen), Ola 1880–84, Anders 1884–1914 (USA 1909, kom att, døydde på pleieheim), Olina 1886 (USA 1901), Marta 1889–1907, Ola 1890–91. «Brei-Johans» hadde dessutan to born med Marta Larsdtr Vikøyri v618 (1815–1900): Lars 1850 (smed, Vikøyri v614) og Ola 1852 (snikkar, plass nr 5 Vange). Med ei jente frå Ese i Balestrand hadde han Kristi 1854. Ola 1852 var i 1865 busett saman med faren på Breidi. I 1875 var det: 0,3 daa bygg, 0,4 daa poteter og 5 smalar på plassen på Hatlekolo. Huslyden hadde ofte vanskar med å greia seg. I 1899 hadde såleis Rognald Hopperstad gitt Brei-Johans to kroner, som Rognald fekk att av fattigkassa. Men for å få vidare støtte måtte Johannes snarast få son sin ut i teneste. Dette må ha vore Anders 1884.

Plass 3. Under det seinare bnr 39/1 budde i ei lita stove: Ola Person Finnen (1827–1915) & 1862 Marta Ingebrigtdtr Vikøyri v372 (1823–1901). Far til Ola var Per Jonson Finnen frå lnr 52 i Arnafjord sokn (og som kom til lnr 111 Skjørvo) og Gjertrud Oladtr Finnen (1801–1862) frå lnr 51. Huslyden var på Vikøyri i 1865. Stova på Hatlekolo stod på vestsida av den gamle Bøadalsvegen. «Fidn-Ola» og Marta hadde borna: Alis 1858 (pleiedotter på Vikøyri og busette seg der, sjå v392), Gjertrud 1860 (USA i 1884, døydde i Bergen), Per 1864 (USA i 1884, så bnr 38/7 under lnr 111 Skjørvo), Ingebrigt 1866–77. Marta hadde òg Ola 1851–52 med Elling Olason Vikøyri v764 (1819–) og Ola hadde Bothilda 1858–92 med Malena Ivardtr Brekke (1831–1902) frå Lånefjorden, sjå Vikøyri v392.

Bnr 37/27 Sveinækra 0,17 mark. Dette eigedomen vart utskilt frå bnr 37/6 Tryti i 1950 og grensar mot Halvarhaugen. Dei som busette seg her var: Birgit Guttormdtr Fjærestad (1920–) frå bnr 39/16 Halvarhaugen & Ingel Hellebø (1918–) frå Jostedalen. Born: Anna 1945, Leif 1951 (Porsgrunn). Huslyden flytta til Årdal og eigedomen gjekk til Gunnar Guttormson Fjærestad (1938–1981) frå bnr 39/16 & 1965 Bjørg Høen (1940–) frå Vossestrand. Dei fekk: Ingunn 1965. Gunnar dreiv ei tid maskinring for landbruket.

Halvarhaugen: Lnr 122f 0,07 spd = bnr 39/16 0,10mark. Halvarhaugen låg under Hopperstad, men i kyrkjeboka var namnet Skjørvo mest brukt. Data for 1865: 0,2 daa bygg, 1,1 daa poteter, 6 sauer og 1 gris.

Til denne plassen kom ca 1830 Halvar Haldorson Hopperstad (1786–1838) frå lnr 122 & 1820 Brita Jondtr Vikøyri 530 (1792–1845). Før det hadde dei vore strandsitjarar på Vikøyri under Grov. Halvar voks opp på Balvoll. Halvar og Brita hadde: Synneva 1820–49, Ragnhild 1823–24, Ragnhild 1825–26, Brita 1828. Synneva 1820 fekk Botolv 1849–49 med Guttorm Botolvson Skjørvo (1822–1889) frå lnr 112. Etter at ho døydde gifte Botolv seg 1857 med systera Brita Halvardtr Hatlekolo (1828–1910). Born: Botolv 1854–55, Brita 1857 (Vikøyri v826, USA 1892), Gitlaug 1859–92 (døydde på skip til USA), Synneva 1863 (USA 1893), Botolv 1865, Ola 1869 (USA 1892), Hansina 1873–1917. Guttorm hadde i tillegg Jon 1845 med Unni Jondtr Brennene (1818–1856) frå lnr 97 Fjærestad. Jon kom til plass nr 1 Skulen-Grov. Ved deling av lnr 122 Hopperstad i 1855 vart det nemnt at Brita Halvardtr hadde ein del av bruket. Men Halvar og Brita må ha kjøpt plassen lenge før det, for i skifte etter Brita Jondtr, som døydde i 1845, vart plassen utlagt til Synneva 1820, men då ho døydde få år etter, gjekk han til Brita 1828. Først i 1872 vart lnr 122f Halvarhaugen skyldsett og frådelt lnr 122a og kom inn i matrikkelen. Som andre som ikkje hadde kår, var det vanskeleg for Guttorm og Brita å greia seg som gamle. I 1886 hadde dei mista kua si og fekk kr 8,00 av fattigkassen som hjelp for å kjøpa ny. Det var ikkje arv etter Halvar-Brita. Botolv Guttormson Hatlekolo (1865–1938) & 1889 Birte Petterdtr Tenål (1863–1945) frå lnr 14b hadde først småbruket lnr 14a+18e på Tenål, men kjøpte i 1904 lnr 96 Fjærestad. Botolv eigde òg Halvarhaugen, og i 1920 skøytte han plassen over på Guttorm Botolvson Fjærestad (1897–1983) & 1921 Birte Endredtr Skjørvo (1900–1964) frå lnr 111. Born: Birgit 1920 (bnr 37/27 Hatlekolo og Årdal), Endre 1922–60, Anna 1923–97 (Ålesund), Botolv 1927, Borgny 1925 (Vossestrand), Arne 1930 (Fjell, Bergen), Harald 1931–72 (Høyanger), Gunnar 1938 (bnr 37/27 på Hatlekolo). Nytt hus vart sett opp på same stad og slik at den gamle stova vart stove også i nybygget. Huset har ikkje vore busett etter at Guttorm og Birte døydde. I 1974 vart staden skøytt til Botolv Guttormson Fjærestad (1927–1986). Han gifte seg 1952 med Audhild Pederdtr Fallebø (1927–) frå Gulen. Dei busette seg i Årdal og har borna: Per Gunstein 1954 (Asker), Bjarne Ottar 1956 og Anne Britt 1959 (Seimsdalen i Årdal). Eigedomen er no eigd av Bjarne Ottar Botolvson Fjærestad (1956–) som bur i Årdal. I 1999 vart fråskilt bnr 39/65.

Bnr 39/65. Asle Person Liljedahl (1974–) frå bnr 98/5 Tveit i Vangsnes sokn & sb Ann Kristin Ivardtr Risløv (1973–) frå Øvste Hopperstadmarki nr 12 bygde hus i 2001. Born: Mariann 1997, Anders 2002.

Bnr 39/66. Hus bygt av Ingunn Arnedtr Skjerven (1968–) frå bnr 38/32 under lnr 114 Skjørvo. Ho gifte seg 2002 med Oddgeir Sveinson Hopperstad (1965–2002) og som hadde gardsbruk i Feios. Han var son til Svein 1932 frå lnr 194 Vangsnes.

Bnr 38/9 Hatlekol 0,10 mark. Denne parsellen vart utskilt 1933 frå bnr 38/2 Skjørvo, men hadde vore busett tidlegare av kårfolk på bruket. I ei lita stove som framleis står der budde «Helge-Ivar», Ivar Helgeson Ovri (1797–1882) og kona Anna. Dei var kårfolk på lnr 112a Skjørvo. Omkring 1915 budde kårenkja Anna Helgedtr (1851–1940) på lnr 112a på staden. Kjøparar av plassen i 1933 var Per Helgeson Skjørvo (1887–1986) frå lnr 112a & 1924 Marta Ellenddtr Brekke (1888–1963) frå lnr 88b. Dei fekk Anna 1924. Anna Perdtr Skjerven (1924–) overtok i 1974.

Lnr 122b Hopperstad 2,17 spd. Denne delen av lnr 122 vart i 1853 skøytt til Hermund Johannesson Hopperstad (1818–1860) frå lnr 122. Han hadde i 1848 gift seg med Anna Endredtr Skjørvo (1821–1890) frå lnr 114a og dei overtok i 1850 lnr 114 Skjørvo. Hermund og Anna ønskte ikkje å slå dei to bruka saman, for i 1864 selde dei mykje av bruket på Hopperstad i tre delar. Lnr 122e 0,50 spd låg i Bø og gjekk til Per Sjurson Bø og Nils Anfinson Bø, lnr 122d 0,22 spd var husmannsplassen Brekkehagen Bøadalen og gjekk til Roland Guttormson Vikøyri, lnr 122e 0,60 spd gjekk til Kristen Jonson Hopperstad og kom inn under lnr 120a. Resten, ny lnr 122b 0,85 spd, vart drive frå Skjørvo. I 1878 vart frådelt ein tidlegare husmannsplass, lnr 122g 0,05 spd = bnr 39/17 0,07 mark.

Lnr 122b 0,80 spd = bnr 39/15 1,03 mark vart i 1881 skøytt frå eigaren Johannes Hermundson til systera Kari Hermunddtr Skjørvo (1849–1936) frå lnr 122. Kari var ugift. Ho busette seg på parsellen. I 1894 vart frådelt bnr 39/20 0,63 mark til Inga Jondtr Hopperstad (1854–1939) frå lnr 119. Inga var ugift, men hadde Ola 1883 (USA 1901) med Amund Botolvson Hopperstad (1859–1938) frå lnr 117. Der vart sett opp hus rett sør for der vegen til Skjørvo no svinga av frå den gamle bøadalsvegen, sjå bnr 39/30. Ny skyld bnr 39/15 0,40 mark. Denne delen vart kjøpt av ein bror til Inga: Endre Jonson Hopperstad (1850–1943) etter at Kari døydde. Endre hadde vore i USA i mange år, men dreiv no småbruk saman med systrene Inga og Synneva 1852–1942 (døydde på Seljestø). Endre vart også eigar av bnr 39/17 etter foreldra. Endre tinglyste ikkje overtakingane, og i samband med buoppgjeret i 1944 vart Endre formelt også eigar av bnr 38/10 Risbu 0,16 mark, utskilt frå bnr 38/6 Skjørvo. Dette må vera eit stykke som Endre hadde kjøpt mange år tidlegare. Parten var straks skøytt til ei brordotter: Karen 1895 frå Stadheim. I skiftet etter Endre i 1944 vart resten delte mellom to slektsgreiner etter Jon Hopperstad på lnr 119: Bnr 39/20 og bnr 39/17 gjekk i til enkja etter Tor Jonson på lnr 29 Stadheim og bnr 39/15 til Ivar Rislåg, son til Ivar Jonson på lnr 55a Rislåg.

Bnr 39/15 0,40 mark. Ivar Ivarson Rislåg (1890–1978) frå lnr 55a & 1914 Tea Gjertina Johannesdtr Holane (1887–1963) frå lnr 17a i Arnafjord sokn fekk borna: Ivar 1914 (bnr 41/107 Tomtebu på Vikøyri), Gjertrud 1916 (Dalsøyri), Johan 1918 (Sverige), Britha 1919 (Bulken), Arnfinn 1920 (bnr 41/87 i Sjøtunvegen), Johanna 1922 (Voss), Selma 1924 (Gulen), Ola 1927 (Karmøy). Fram til 1924 var Ivar fabrikkarbeidar i Framfjorden, deretter vart han førd opp som gardbrukar under Hopperstad. Huslyden må då ha budd i husa etter Kari Skjørvo og ha drive småbruket. Men først i 1944 vart Ivar formelt eigar. I åra 1931–35 dreiv Ivar og Thea lnr 67 Ovri, og 1936–1955 pakta dei lnr 126 Grov, men flytta så tilbake til Hatlekolo. Sonen Ivar 1914 overtok i 1979, men staden var ikkje busett. I 1982 overtok Odd Steinar Ivarson Risløv (1952–) frå bnr 41/107 i Tomtebu, reiv gamlehuset og bygde nytt. Odd Steinar & 1974 Berit Haugland (1949–) frå Fana har: Lene 1975 (Bergen), Tom 1979 (Ålesund).

Bnr 39/20 0,63 mark og bnr 39/17 0,06 mark vart i 1947 skøytt til Nils Helgeson Stadheim (1917–1994). Om Nils: sjå bnr 38/10 på Hatlekolo. I 1951 vart bustadhuset på bnr 39/20 frådelt som bnr 39/30. I samband med skilsmisse gjekk bnr 39/17 til Borghild Ingebrigtdtr Stadheim (1922–2003). Om Nils og Borghild: sjå bnr 38/10 under Hatlekolo. (Bnr 39/17 kom i 1988 inn under bnr 39/21, sjå plass 1 Hatlekolo). I 1987 vart bnr 39/20 skøytt til Vidar Kristianson Høyum (1953–) frå Feios & 1978 Åshild Oladtr Hove (1948–) frå bnr 26/39 i Moane-Hove. Dei kom frå bnr 97/190 i Krossen og Kalviki på Vangsnes. Born: Elin 1976 (Stavanger), Marianne 1981 (Stavanger).

Bnr 39/30 Solvoll 0,04 vart frådelt bnr 39/20 i 1951, men huset var bygt ca 1895. Dette var huset der Endre Jonson og systrene budde. Her budde også foreldra etter dei ikkje greidde seg sjølv på plassen 39/17 Hatlekolo. Frå 1943 vart huset i nokre år leigd bort til skomakar Per Person Limmesand (1889–1948). Han kom frå leigd stove bnr 34/15 ved skulehuset på Bøadalen (sjå Balvoll) og kjøpte så hus nr 32 på Vikøyri. Deretter var Nils Helgeson Stadheim busett i huset før han bygde hus på bnr 38/10. I 1951 vart staden kjøpt av Anders Karlson Voll (1910–1995) frå bnr 26/6 m.fl. på Voll. Han fornya huset. Anders gifte seg med Ragna (Geithus) Holen (1911–1985) frå Trædal. Born: Konrad 1934 (Årdal), Aslaug 1936 (Årdal), Anna 1939 (Lærdal), Elbjørg 1940–95, Sverre 1942 (Årdal), Bjarne 1945 (Årdal), Marit 1946. Huslyden forpakta i åra 1941–46 lnr 118 Hopperstad, men Anders arbeidde seinare i Årdal og huslyden flytta dit. I 1986 vart staden skøytt til Marit Andersdtr Voll Moen (1946–). Ho er gift med Monrad Egil Moen, Øvre Årdal. Born: Robert 1966–89, Ole Inge 1968 og Asle 1975.

Bnr 38/10 Risbu 0,16 mark. Denne eigedomen kom i 1944 over på Karen Tordtr Stadheim (1895–) frå lnr 29, gift Storetvedt, som året etter skreiv skøyte til sonen Nils. Nils Helgeson Stadheim (1917–1994) & 1948 Borghild Ingebrigtdtr Stadheim (1922–2003) frå lnr 30 bygde hus på staden. Om foreldra til Nils: sjå note lnr 29 Stadheim. Born: Ingvar 1951 (Sogndal, kjend fotballspelar og -trenar) og Mette-Karin 1958 (Lærdal). Nils og Borghild vart skilde, og Borghild gifte seg på nytt 1976 med enkjemann Bjarne Haglund (1917–1998), sjå òg bnr 30/13 under lnr 88a Brekke. Borghild og Bjarne busette seg i Lærdal. I 1987 vart bnr 38/10 skøytt til Mette-Karin Yttri og Ingvar Stadheim, som i 1988 selde staden til Ingunn Solveig Eilifdtr Myrkaskog (1954–) frå lnr 43b. Ho gifte seg 1986 med Eivind Hatlevik (1948–1999) frå Masfjorden og dei har: Stine 1987. Ingunn har dessutan Stian 1976 med Helge Pedersen frå Voss.