Gildhus

Gildhus var nokså sikkert eigen gard før Svartedauden, for alt i 1603 finn vi Steffen «Gillehus» skattlagd som «husmann». Men etter øydetida oppnådde Gildhus aldri å bli registrert som matrikkelgard. I 1645 finn vi Fredrik Gildhus med kona Brita som «husmannsfolk» under Hopperstad. For 1667 går det fram at Vik prestebol hadde førstebygsel på 0,17 laup i Gildhus. På denne tida betalte oppsitjaren landskyld til prestebolet, noko som viser at han ikkje var husmann. Leiglendingen var kanskje Ola Olason (1625–) som vi då finn som «husmann» under det største bruket på Hopperstad. Kanskje låg plassen øyde ei tid i siste halvdel av 1600-talet. Men frå først på 1700-talet vart Gildhus på nytt fast busett. I 1801 og seinare vart Gildhus førd opp under prestegarden Grov. Denne overføringa frå prestebolgods skjedde truleg på 1700-talet. Kanskje var det den mektige prosten Anders Daae som ordna dette på ein litt tvilsam måte. Men prestegarden eigde husa på plassen. Det kan tyda på at oppsitjaren hadde leiglendingsvilkår. Det var også spesielt at husmennene i Gildhus og i Moane-Grov ikkje hadde rettar i utmarka på prestegarden, slik husmennene i Grov hadde. Det samla jordarealet for Gildhus var dessutan stort, ca 37 daa.

Husmannsplass i Gildhus

I 1701 vart Johannes Paulson Vange (1660–) frå lnr 8 førd opp som «husmann» i Gildhus. Han hadde då ingen son med seg på plassen, og seinare kjem han bort. Johannes Guttormson (1671–1727) var i 1701 leiglending på Limmesand, men kom så til Gildhus. Vi veit om borna: Endre 1693 (lnr 105 Tryti), Guttorm 1696, Marta 1699 (lnr 2 Sæbø, deretter lnr 62 Undi)) og Sissel (til Teigum på Ovrisdalen). Johannes vart kalla skaffar då han døydde. Han hadde difor truleg skyssbåt på fjorden. Kanskje hadde sonen Guttorm Johannesson Gildhus (–) same yrke, for han var neppe vanleg husmann. Han var gift med Marta Hermunddtr (1689–1743). Ho vart kalla danekvinne då ho døydde, noko som vart brukt om svært få kvinner. Kanskje var ho av rik Hopperstad-ætt, der Hermund-namnet var vanleg. Born: Ingebrigt 1717, Hermund 1722–31, Johannes 1724, Marta 1726 (konfirmert 1749, kjem så bort), Synneva 1728–28, Lussi 1732 (plassen Haugen på Turvoll, så Vikøyri v706). Johannes 1724 gifte seg til lnr 115 Tryti. Ved skiftet etter Marta Hermunddtr i 1743 vart sonen Ingebrigt kalla tambur. Han kjem deretter bort for oss. Guttorm Gildhus vart attgift 1744 med enkja Marta Eirikdtr Vikøyri (–). Marta er ikkje identifisert. Dei fekk Anders 1745. Denne guten må ha døydd før han var 20 år. Ingebrigt 1717 blir borte etter konfirmasjon i 1737.

Etter Limmesandfolka kom Per Olason «Voll» (–) & 1747 Ingegjer Larsdtr «Svardal» (–) til Gildhus. Gardsnamna må vera tenaradresser. Born: Anna 1748 (Seimsøyri s184), Ola 1751 (Vikøyri v848), Ivar 1754 (konfirmert 1773, kjem så bort for oss). Deretter budde nokre få år Markus Monsson Brekke (1725–1798) frå Ortnevik & 1766 Anna Knutdtr Borlaug (1721–1798) frå Feios i Gildhus. Dei fekk: Mons 1767 og Knut 1770–81. Dei kom så til Vikøyri v658. Sjå meir der.

På ein skatteliste frå 1789 finn vi som husmann under Hopperstad: Ingebrigt Gildhus. Personen må vera Ingebrigt Lasseson Voll (1738–1799) frå lnr 80. Han gifte seg 1768 med Sigrid Sjurdtr Bø (1725–1805) frå lnr 101. Dei var truleg barnlause, men Sigrid hadde Lussi 1753–58 med Ivar Ellendson Holstad (1719–1779) frå lnr 85. Ved folketeljinga i 1801 var Sigrid innerst på plassen i Gildhus.

Hans Sjurson Dale (1756–1835) & 1792 Gjertrud Hansdtr Vikøyri v306 (1762–1820) var komne til husmannsplassen i Gildhus i 1801. Hans var frå Dale i Høyanger og ein bror til Anders som kom til Kålhagen. Hans og Gjertrud fekk Hans 1795, og då var dei i Høyanger. Hans Hansson Gildhus (1795–1826) & 1820 Anna Botolvdtr Skjørvo (1799–) frå lnr 112 fekk: Lars 1820, Sjur 1821–22, Hans 1822, Sjur 1825. Anna vart attgift 1827 med Ola Ingebrigtson Hove (1799–1879) frå lnr 72. Dei fekk festekontrakt i 1846. Born: Agata 1828, Ingebrigt 1830 (sjå paktarar av prestegarden lnr 126 Grov), Gitlaug 1835, Hans 1840. Ola og Anna reiste til USA med dei to yngste borna i 1858. Agata 1828 gifte seg 1851 med Per Andersson Grov (1825–1866) frå plass nr 2 i Skulen-Grov. Dei fekk Anders 1849 og reiste til USA i 1851. Lars Hansson Gildhus (1820–1849) & 1846 Eli Johannesdtr Hopperstad (1820–1912) frå lnr 122 fekk Hans 1844. Buplass er usikker. Hans 1844 kom til lnr 105b Vomb (sjå lnr 88 Brekke). Lars Hansson døydde under sildefiske. Enkja Eli gifte seg 1850 med Hans Hansson Gildhus (1822–1915) og dei flytta til plassen Neset i Mundalsskreda i Fjærland. Der fekk dei seks born i åra 1850–61. Den yngste var Brita 1861 som kom til bnr 34/6 på Brennene, Bøadalen.

Lærarjord

I 1858 vart det gitt løyve av Staten til å bygsla bort Gildhus til skuleverket i Vik. Det vart sett opp skulehus, medan læraren disponerte dei gamle husmannshusa og skulejorda. Den første som budde her var Ivar Ivarson Refsdal (1829–1865) frå lnr 59 & 1857 Eli Tordtr Vangsnes (1832–1891) frå plass nr 68 Vangsnes. Born: Inga 1858, Birte Ragnhild 1862–63. Inga gifte seg 1878 med Sigurd Gunnarson Nesse (1852–1955) frå Indre Nesse i Kvamsøy sokn og som var kyrkjesongar i Norane, Sogndal. Han var så lærar i Vik 1882–89 og deretter i Eidsvoll. Sigurd skreiv dikt, var ein kjend målmann og skapte målstrid i Vik. Han var døypt Sjur, men ca 1882 skifta han namn til Sigurd. Han ville vel ha eit rotekte norsk namn! Born fødde i Sogndal og Vik: Ingeborg 1879–82, Ivar 1881 (Skarnes i Sør-Odal), Ingebjørg 1883 (Lillehammer). Eirik Brathole frå Vossestrand var så lærar i Gildhus i to år. Men då han fekk avslag på ein søknad om at kommunen skulle kosta reparasjon av eit uthus, reiste han frå bygda. Ungkar Tor Ingebrigtson Linde (1838–1883) frå Kvamsøy sokn var konstituert i stillinga i åra 1863–66. Han vart deretter krambusvein og busett i Røysavegen-Sæbø. Om Tor budde i Gildhus, veit vi ikkje, men det gjorde den neste læraren: Anfin Larsson Refsdal (1839–1920) Han gifte seg i 1863 med Anna Beintdtr Rislåg (1839–1869) frå lnr 55b. Om foreldra til Anfin: sjå note lnr 52a Orvedal. Anfin var lærar og kyrkjesongar. Han hadde mange tillitsverv, mellom anna var han stortingsmann. Born: Olav 1862 (prest, USA 1889), Birte 1864 (sjå note), Ivar 1866 (lærar, kartograf, Oslo), Johanna 1864–94 (ugift, USA 1889), Beint Annanias 1869–69. Anfin vart attgift 1870 med enkja etter lærar Ivar Ivarson Refsdal: Eli Tordtr Vangsnes (1837–1891). Dei fekk Ivar Andreas 1872 (lektor, Oslo). Tredje gong gifte han seg 1897 med Gjertina Endredtr Andersen v216 (1860–1926), ei dotter til ein handelsmann på Vikøyri.

I 1882 fekk Anfin Refsdal bygsla den nordlege delen av skulejorda og sette opp hus der. Det var likevel slik at fastlæraren i Gildhus disponerte husa og skulejorda. Bustadhuset vart difor leigd bort av Anfin Refsdal. Vi veit at lærar Guttorm Anfinson Brekke (1862–1896) frå lnr 89 budde i Gildhus. Han gifte seg 1888 med Kari Perdtr Frivik (1863–) frå Lavik og dei fekk: Anfin 1890 (filolog, kjend skulemann), Per 1892 (lærar i Vik 1913–20, så Våle i Vestfold frå 1922) og Anna 1895 (Oslo). Guttorm var lærar og kyrkjesongar i Kvamsøy før han fekk stilling ved Gildhus-skulen. Enkja Kari var i nokre år leigebuar i Dankert-Anna-huset, lnr (1+4)c Sæbø. I 1911 vart det sett opp nytt uthus i Gildhus og i 1914 ny lærarbustad. Den nye fastlæraren var Olav Torson Linde (1868–1951) frå bnr 1/15 i Røysavegen-Sæbø. Han gifte seg 1913 med Johanna Oladtr Orvedal (1890–1985) frå lnr 52 og dei fekk: Tor 1914 (bnr 1/15–18 under lnr [1+4]d Sæbø), Brita 1915 (Vadheim), Olav 1918 (Oslo), Sunniva 1920–2003 (Gildhus), Anna 1922 (bnr 1/52 i Røysane-Sæbø), Brynhild 1924 (Bærum), Gudny 1926 (Nesttun), Gudmund 1928 (bnr 40/18 Gildhus), Signe 1930 (Fyllingsdalen), Oddvar Johannes 1932 (Nedste Hopperstadmarki nr 17, så Bryne). Etter at Olav og Johanna Linde i 1932 hadde kjøpt den tidlegare eigedomen til Anfin Refsdal i Gildhus (bnr 40/18 og bnr 40/16), leigde dei ut lærarbustaden til fleire. Men i åra 1941–43 var bustaden rekvirert for tyske soldatar. I 1947 kom Anders Brekke til Gildhus og han disponerte skulejorda fram til ca 1965 då forpaktaren av prestegarden overtok. Frå 1932 hadde Anders vore lærar på Seljadalen. Anders Olason Brekke (1903–1972) frå lnr 90 & 1938 Gudrun Ingeborg Martinsen (1906–1999) frå Hvaler fekk: Lars Olav 1941 (bnr 40/46 i bustadfeltet Gildhus), Åsa Helene 1942, Gudveig Johanne 1947 (Grimstad), Jens Arnvid 1951 (bnr 43/34 under lnr 5 Juvik). I 1997 vart hus med hage frådelt som bnr 40/81 og kjøpt av Åsa Helene Andersdtr Brekke (1942–2003). Ho var ugift. Staden vart overteken av Åsa Jensdtr Brekke (1993–) frå bnr 43/34 i Juvik.

Birte Anfindtr Refsdal (1864–1894) & 1885 Sjur Jonson Rislåg (1862–) frå lnr 54a fekk Anna 1885. Dei reiste til USA i 1886. Sjur vart ordinert prest 1893.