Bustadfelt i Gildhus

Det tidlegare bruket Gildhus som låg under bnr 40/1 Grov vart lagt ut til tomter: bnr 40/44 til 40/49 i 1989 og bnr 40/67 til bnr 40/76 i 1992. I området har kommunen velferdsbustader som ikkje blir tekne med.

Bnr 40/91. Bygt 2006. Torodd Jon-Haraldson Tenold (1977–) frå lnr 13b Tenål & 2005 Joanna Ewa Richarddtr Danilowicz (1980–) frå Werbkowice i Polen har ikkje born.

Bnr 40/76. Rune Sigurdson Holstad (1962–) frå lnr 86 er ugift.

Bnr 40/72. Kjell Bjarne Leifson Fjellheim (1967–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 24 & 2004 Ruth Trygvedtr Larsen (1970–) frå bnr 3/10 på Teigum på Ovrisdalen har: Silje 1993, Marita 1997, Frida 2002.

Bnr 40/74. Arne Ellendson Ovri (1952–) frå lnr 67 & 1977 Hege Arnedtr Basken (1958–) har: Marianne 1977, Irene 1980, Stian 1987, Vegar 1993, Håvard 1998. Om foreldra til Hege: sjå bnr 41/129 i Hovsviki. Arne og Hege kom frå lnr 67 Ovri i 1990.

Bnr 40/70. Aslaug Kristofferdtr Aarestrup (1939–2003 frå lnr 103b Bø var ugift. Staden er overteken av Ragnhild Bjarnedtr Fjærestad (Tryti), sjå bnr 2/65 Vange-aust.

Bnr 40/69. Liv Audbjørg Hønsi (1934–) & 1959 Anders Hønsi (1923–) har som pensjonistar busett seg her, sjå meir under lnr 83b Hønsi.

Bnr 40/68. Egil Rune Eilivson Andersen (1966–) frå Prestvegen nr 14 i Prestberget er ugift.

Bnr 40/67. Per Sigurdson Rinde (1949–) frå Feios & 1971 Aud Alfdtr Borlaug (1953–) frå Feios har: Svenn Arild 1971 (Lærdal), Ann Cecilie 1976 (lnr 43 Nese i Arnafjord sokn).

Bnr 40/66. Britt-Marit Erlingdtr Stadheim (1964–) frå bnr 5/1 under lnr 24 & 1985 Ove Johan Gunvaldson Andersen (1958–) frå Galilea nr 3 under lnr 126 Grov har: Vegard 1985, Tarjei 1991, Viljar 1995, Vilde 2002. Ove Johan har òg lnr 121 Hopperstad.

Bnr 40/47. Frode Konrad-Alfredson Valsvik (1960–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 27 & 1985 Anne Mette Gunvalddtr Andersen (1959–) frå Galilea nr 3 under lnr 126 Grov har: Alexander 1986, Marius 1989, Gustav 1993, Kristoffer 1995, Tiril 1997.

Bnr 40/46 Bjørki. Brit Karin Olsen (1942–) frå Stavanger & 1967 Lars Olav Andersson Brekke (1941–) frå «Lærarjord» i Gildhus har: Asbjørn 1970 (Feios), Turid 1974 (Trondheim), Gunnhild 1976 (Kirkenes).

Bnr 40/45. Ragnhild Torleifdtr Årestrup (1966–) frå lnr 93a* & 1995 Halvor Larsen (1964–) frå Trondheim har: Emil 1994, Guro 1997, Marius 2000.

Bnr 40/44. Dagmar Jondtr Vikøren (1960–) frå bnr 1/142 i Skulejordi-Sæbø & 1985 Arne Vevle (1950–) frå Hosanger har: Ivar 1985, Elinor 1987, Sigrid 1988, Tarjei 1991.

Bnr 40/58. Jostein Agnarson Orvedal (1959–) frå Prestvegen nr 16 i Prestberget & 1986 Laila Ingjer (1963–) frå Fjellhamar har: Mariann 1987, Eirin 1989.

Bnr 40/49 Girkeheim. Kari Reidun Erlingdtr Stavedal (1944–) frå Ovestevegen nr 15 i Øyane-Grov & 1971 Einar Austbø (1941–) frå Sola har: Geir Inge 1974 (Bergen), Reidun 1977 (Bergen).

Bnr 40/59. Kjellaug Marie Jørgendtr Eldegard (1945–) frå bnr 3/27 under lnr 9 Seim & 1969 med Jan Erik Gruer (1948–) frå Lunner vart skilde i 1972. Dei har: Tommy 1969 (Øvste Hopperstadmarki nr 20).

Bnr 40/55. Rune Tangstad (1958–) frå Stjørdal & 1981 Karen Sofie Johnsen (1959–) frå Sauda har: Ingrid 1986, Åshild 1988, Eli 1991.

Bnr 40/18 Gildhus 0,28 mark. Lærar Anfin Refsdal fekk bygsla ein del av Gildhus mot Moane og bygde hus der i 1882. I 1902 fekk han skøyte på den bygsla jorda som lnr 40/18 Gildhus 0,28 mark. Lnr 40/16 Mo 0,06 mark, som lågt inntil vart kjøpt av Ola Knutson Sylvarnes, men vart få år etterpå skøytt over på Anfin Refsdal. Ein bror til enkja etter Refsdal, Edvard Endreson Andersen (1867–1931) frå Vikøyri v216, overtok eigedomen. Han hadde vore kjøpmann i Oslo. Han var ugift, men med jenta Brita Perdtr Vikøyri v884 (1866–1944) hadde han Jakob Bartolomæi 1885 (USA 1902). Frå buet etter han vart eigedomen ved auksjon i 1932 skøytt til lærar Olav Torson Linde, som flytta inn med huslyden sin. Sjå meir om dei under «Lærarjordi» i Gildhus. Sonen Gudmund overtok i 1953. Gudmund Arnfinn Olavson Linde (1928–) & 1961 Brita Hillestad (1935–) frå Årdal har borna: Målfrid Johanne 1962 (Spjelkavik), Jon Olav 1963 (Oslo), Gunnlaug 1965 (Kristiansand), Hildegunn 1967 (Oslo), Audhild 1973 (Kristiansand). Gudmund og Brita bygde nytt hus i 1973.

I 1987 vart bruket regulert inn i eit bustadområde. Det gamle huset vart rive 1989 og det kom opp ein kommunal handikapbustad og fire private bustader.

Bnr 40/43. Målfrid Torvalddtr Tenold (1963–) frå lnr 13b Tenål & 1981 Kjell Olav Magneson Holen (1962–1996) frå bnr 13/2,5,8 i Øvstedal fekk: Kjetil 1982, Idar 1991. Kjell Olav døydde i ei arbeidsulukke. Kjetil Kjellson Holen (1982–) & sb Ida Nilsdtr Myrkaskog (1986–) frå bnr 30/16 under lnr 90 Brekke har Martin 2007 og Sondre 2007. Dei leiger i 2007 husvære i bygda.

Bnr 40/42. Lars Hansson Riise (1954–) frå Strandebarm i Kvam & 1976 Heid Torleivdtr Nygard (1953–) frå Norheimsund i Hardanger har borna: Atle 1977, Gro 1979, Eili 1982, Heine 1987. Gro Nygard Riise (1979–) er gift med Helge Tenol-Tuxen (1974–) frå lnr 15e Tenål og dei bur i Bergen. Familien flytta til Øystese i Hardanger, og i 2003 vart staden selt til Terje Tormodson Solberg (1966–) frå Elverum & 2000 Torunn Hansdtr Ruud (1971–) fødd i Arendal, men oppvoksen på Kaupangerskogen. Felles born: Amund 2002, Endre 2004, Håkon 2006. Torunn har òg Dag 1994 med Nils Bjarne Drægni i Sogndal.

Bnr 40/41. Nils Gunnar Finne (1954–) frå Voss & 1983 Hanne Christin Gulbrandsen (1960–) frå Oslo har: Turid Christine 1984 (bnr 1/53 på Vikøyri-Sæbø), Siri Margrete 1986, Heidi Karoline 1991, Sølve Andreas 1992.

Bnr 40/40. Gunnstein Leivson Fjellheim (1955–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 24 & sb Ingrid Helgedtr Skjerven (1948–) frå lnr 112a Skjørvo har Monica 1979. Monica Fjellheim (1979–) & sb Hans-Tore Olason Halset (1981–) frå bnr 61/4 under lnr 38 Hallsete leiger i 2007 husvære i området. Dei har: Sindre 2003 og Joar 2006.

Bnr 40/56, 2007. Håvard Eivindson Skaadel (1971–) frå Lillehammer/Skien & 2007 Lill Gurli Nilsdtr Myklebust (1967–) frå Kvinnherad.

Karin Johndtr Lilleøren (1963–) frå bnr 3/29 & sb Terje Hagene (1963–) frå Bærum har: Elise 1991, John Ivar 1995. Dei har tidlegare vore på bnr 3/29 Strandhagen, sjå under Vetleøyri, men er tildelt tomt i Gildhus.