Åsen og Hagen-Hove
Med Hagen-Hove meiner vi her området mellom Hove og Orvedal, også jord som tidlegare låg under Føli.
Lnr 21e Føli 0,31 spd = gnr 6/11 Åsen 0,40 mark. Etter øydetid var eit bruk på Føli tillagt ein eigedom som vart kalla øydegarden Åsen. Åsen og bruket på Føli var båe eigd av Vik prestebol. Vi kan rekna oss til at før Svartedauden kan det har vore dyrka 8–10 daa korn på Åsen og leiglendingen kan ha hatt 8–10 mjølkekyr. Omkring 1635 vart Åsen på nytt busett. Brukarar var «husmann» Herluf med kona Anna. Vi veit ikkje om dei hadde born. I 1665 var Anders Larsson Åsen, 52 år, busett der. Han hadde då ingen son med seg på bruket, men han var truleg gift og kan ha hatt døtrer. Seinare på 1600-talet vart Åsen lagt øyde for godt. Litt ut på 1700-talet kom Åsen inn under lnr 21 Føli. I 1858 vart lnr 21 Føli oppstykka i parsellar. Åsen vart då utskilt som lnr 2le 0,31 spd og kom inn under lnr 77 b Hove.
Lnr 21b Føli 0,31 spd = bnr 6/10 Hagateigen 0,40 mark. Lnr 21 Føli vart selt ut i parsellar i 1858. Då kom lnr 21b over på Øystein Olason Vetleøyri s228. Han busette seg ikkje der, men selde vidare til Johannes Hansson Ølmheim som var bonde på lnr 84a Hønsi. Denne parsellen vart før århundreskiftet kjøpt og busett av Jon Hermundson Rislåg (1858–1913) frå lnr 55a. Huslyden kom frå lnr 51b på Teigum på Ovrisdalen. Jon gifte seg 1880 med Sigrid Andersdtr Mannebrekke (1849–1932) frå Vadheim. Born: Hermund 1880 (USA 1898), Anna 1881, Ingebrigt 1884, Ingeborg 1886, Ragnhild 1886–1905, Ola 1889–1904, Ivar 1892, Jon 1895–1921. Mange døydde av tuberkulose. Sonen Ivar Jonson Hagen (1892–1954) dreiv småbruket 1913–27. Han gifte seg 1921 med Brita Jondtr Fjærestad (1882–1954) frå bnr 34/8 under lnr 96 og dei fekk: Jon 1922, Randi 1923, Sigrid 1925, Johan 1925, Hildeborg 1928. Huslyden flytta til Lavik. Jorda kom inn under bnr 26/13 på Hove.
Lnr 79a Hove
1,95 spd = bnr 26/27 2,95 mark. Produksjonsdata for 1845: 6,7 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 6 storfe, 28 vinterfôra smalar.
I 1837 vart lnr 79 Hove frikjøpt. Problem med å finansiera kjøpet var truleg grunnen til at kjøparen, det tidlegare leiglendingsparet Malena Oladtr Hove (1812–) & 1830 Anders Nilsson Vange (1797–1838) frå lnr 5, straks selde halvparten av bruket, lnr 79b, til Endre Olason Hopperstad. Dei heldt fram med å driva den andre halvparten, lnr 79a. Anders og Malena hadde borna: Jon 1832, Agata 1835, Nils 1837. Malena vart attgift 1839 med Eirik Ivarson Undi (1812–) frå lnr 62. Dei selde halvbruket i 1839 og kjøpte lnr 62 Undi. Huslyden reiste derfrå til USA i 1843. Kjøpar av lnr 79a var Ola Ingebrigtson Åse (1800–1873) & 1831 Kari Hansdtr Vetleøyri s062 (1804–1860). Dei kom frå ein plass under lnr 50 Åse. Dei hadde borna: Gyrid 1830–30 og Anna 1837. Ola vart kalla «Bakkjen». Han vart attgift 1863 med Gjertrud Andersdtr Skjørvo (1818–1904) frå lnr 113 og enkje på lnr 37 Nummedal. Ved teljinga i 1875 var produksjonen liten: 1,1 daa bygg, 0,8 daa poteter, 1 ku og 6 sauer, noko som tyder på at dei gamle folka hadde redusert drifta. Gjertrud flytta som enkje tilbake til Nummedal, der ho hadde kår. Anna Oladtr Hove (1837–1905) & 1859 Ola Helgeson Turvoll (1835–1907) frå lnr 46 fekk 5 born. Ola hadde odelsrett til farsbruket på Turvoll og tok over i 1870. Sjå om borna der. Til småbruker lnr 79a kom: Johannes Helgeson Turvoll (1840–1925) & 1869 Gjertrud Perdtr Hove (1846–1906) frå lnr 76. Born: Anna 1869–70, Per 1870, Helge 1872–74, Anna 1875 (Teigum på Ovrisdalen, bnr 6/28), Marta 1878 (Huglagjerde, lnr 52b), Brita 1880–82, Helge 1882 (USA 1909), Ola 1885 (USA 1911), Johan 1888 (USA 1909). Johannes kjøpte i 1871 til bnr 26/11 0,50 mark frå lnr (71+73). Som følgje av utskiftingar fekk bruket jorda samla i Hagen og husa på bruket vart sette opp her. Per Johannesson Hove (1870–1937) & 1905 Gyrid Larsdtr Voll (1876–1963) frå lnr 81 fekk borna: Gjertrud 1906–2000, Brita 1907–94, Johannes 1910–34, Emma Lovisa 1911–55, Lars 1914, Anna 1916 (Lærdal), Margit 1918 (bnr 26/42 i Moane-Hove). Gjertrud 1906 var heime. Ho fekk Gudny 1936 (lnr 98 Midlang, deretter lnr 189a Vangsnes). Lars Person Hove (1914–1997) & 1947Kari Oladtr Kollsete (1913–1980) frå Sogndal fekk: Per Johan 1949–49, Per Johan 1950–86, Olav Martin 1950. Lars hadde bruket 1947–87. Per Johan Larsson Hove (1950–1986) & 1976 Else Holter (1952–) frå Nannestad fekk borna: John Helge 1979, Ingvild 1983, Per Johan 1986. Else vart attgift 2006 med Per Nilsson Hove (1943–) på lnr 76a.
Bnr 26/45 Hagen 0,05 mark. Dette stykket vart skilt frå bruket i 1947 som kårbustad for Gyrid Larsdtr. Olav Martin Larsson Hove (1950–) frå lnr 79a Hagen-Hove & 1974 Inger Marit Martindtr Lyshaug (1952–) frå Nannestad har bygt hus på staden. Born: Kari Anne 1976, Lars Magne 1979–2005, Jon Olav 1982, Per Inge 1985, Anders 1989, Kristoffer 1989.