Endringar frå trykt utgåve
Ei bygdebok blir aldri feilfri. Det gjeld også gards-og ættesoge for Vik. I ettertid har det kome rettingar og tillegg. Dei fleste har eg sjølv skrive. Her kjem det nye korrigeringar og tillegg om ulike emne:
Spesielle gotiske teikn
I lærebøker om slektsgransking er det alltid med ei innføring i tolking av gotisk handskrift. Men det som manglar er at i gamal tid, og heilt fram til sist på 1700-talet, og framleies i Tyskland, vart det brukt eit spesielt teikn for dobbel-s (eller st): ß. Etter at arbeidet med gards- og ættesoga var fullført, har eg funne dobbel-s brukt i namnet Lasse i fleire skifte, og utan at den siste bokstaven (e) er med. Det gav grunnlag til å forveksla Lasse med Lars. Grunnen til det er at ved bruk av gotisk handskrift var vanskeleg å plassera bokstaven e etter ß i ord som Lassesen. Dermed vart det Laßsen. Her må vi difor lesa ß som sse. Eit eksempel på ei mistolking finn vi i den gamle bygdeboka, bind III-2, side 363, under det som er lnr 12 Seim i gards- og ættesoga: «frå 1701 sat ein Per Lasseson, eller Larsson, på dette bruket, i 1718, 1719 er han kalla Per Larsson, i 1721 og 1722 det same.» Her meiner eg no at det rette er Per Lasseson.
Sorenskrivaren kunne skriva både Laße og Lasse i same skifte.
Ei anna form for fordobling var å setja liggjande strek ¯ over bokstavane n og m. Eksempel: strek over n i «Danemand», og over m i «Numedal» i kyrkjeboka, skal vi skriva: «Dannemand» og «Nummedal». I kyrkjebøkene for Vik prestegjeld gjennom heile 1700-talet finn både bokstaven ß og strek over n og m. Det siste var ein rett liggjande strek i motsetnad til hake over liten u (ǔ), og som alltid skulle vera der, men som i praksis ofte var ein liten loddrett strek. I motsetnad til dette har eg lært i folkeskulen å setja ein liggjande strek over u, truleg for å unngå forveksling med n.
Som i dag skulle det vera prikk over j og i, og over y var det to prikkar. Til skilnad frå i dag vart j og i ofte bruk om kvarande. På slutten av eit ord vart i ofte skriven som j. Til dømes har eg funne namnet Unni skrive Unj (med liggjande strek over n). Prosten Jonas Daae brukte stor J som første bokstav i namna Ivar, Jon og Johannes, og liten j kom inn i familienamnet Meier, altså Mejer.
Dersom vi i dei eldste kyrkjebøkene finn ord som endar på -søn eller -øren, eller i gardsnamn som Bøe, Hønse eller Sæbøe, har vil lettast for å kjenna att bokstaven ø som o med to skråstilte strek over. Bokstaven er den same som vi eldre skreiv då vi gjekk i folkeskulen. Men med fjørpenn vart det ofte uklare skråstrek.
Johannes, Johanis, Johans
Skrivemåten for namn skaffar ofte problem både ved slektsgransking og andre granskingar av gamle dokument. I gards- og ættesoga har eg redusert problemet ved å normalisera namna. Men namna som står i dei gamle dokumenta er sjeldan lette å tolka. Difor har eg sjølv i den seinare tid «retta» på namn i gards- og ættesoga.
Dei fleste «rettingar» har eg utført etter å ha granska skifte i skifteprotokollar. For å finna skifta i protokollane, må vi først studera skifteregisteret for Ytre Sogn. Dei som har arbeid med dette har tolka namna i skifta. Det må ha vore eit vanskeleg arbeid, og mest fordi skrivemåten for namna varierer mykje. I manntal, matriklar, skattelister og kyrkjebøker er også variasjonane store. Her er eit eksempel for lnr 11 Seim i 1701-manntalet: Bonde Ingebrigt Johansen 54 år. Son: Johanis 1 år. Tenarar: Ola Johansen 46 år, Joen Johansen 50 år. Her kan det ikkje vera tvil om at dei to tenarane på bruket var brør til Ingebrigt. Men heitte faren: Johan, Johans eller Johannes? Det var skifte etter Ingebrigt Johansen i 1718 og framleis er det uklart om det er Johannesen eller Johansen. Det originale manntalet frå 1701 er skanna inn av Digitalarkivet og det er ingen tvil om at namnet Johanis står der på same stader som i den avskrifta som Vik Lokalhistoriske Arkiv har og som eg har kopi av. I 1734 vart gravlagt dannemand Johanes Seim, 40 år, og det bør vera same karen som vi fann som eittåring på lnr 11 i 1701. No vart altså namnet hans skrive inn i kyrkjeboka med ein n, men på same tid vart også gravlagt Johannes Johannessøn Wiigøren.
I konfirmasjonslistene i 1768, og for tenestejenter i manntalet i 1762, vart aktuelle jenter skrivne inn som «Johansdatter», aldri som Johannesdatter. Det var presten Jonas Daae, ein son til Anders Daae, som stod for desse innføringane.
I folketeljinga i 1801 finn vi framleis at Johans-namnet vart mykje brukt, og særleg som farsnamn for døtrer. På Rosheim finn vi som bonde: Johannes Guttormsen, 41 år. Born: Ole Johansen, 7 år, Brita JohansD, 10 år og Anna JohansD, 4 år. Kanskje vart sonen kalla «Johans-Ola» på Bøadalen? Han vart neste brukar på Rosheim, men ca 1850 gjorde han gardabyte med bonden på lnr 108 Tryti. Dette er utførleg omtal under lnr 84 Rosheim i gards- og ættesoga. Etter at huslyden kom til Tryti, vart Johans-namnet framleis brukt av bygdefolk om personar i huslyden. Då eg voks opp vart bonden Johannes Olason Tryti (1883–1968) på lnr 108 kalla «Vetle-Johans». «Namnet» hadde han vel fått då han var liten. I mine gutedagar var han ein eldre kar. På denne tida var det mange andre på Bøadalen som heitte Johannes. Ingen av dei vart kalla Johans. Men på lnr 108 vart eldste sonen, Olaf 1916, ofte kalla for «Johans-Ola» då eg var gut.
Konklusjonen min er at «Johans» i tidlegare tider var vanleg brukt som ei forkorting av Johannes. Men «det rette» var Johannes. Det meinte nok også forfattarane av den gamle bygdeboka. Der finn vi berre Johannes og Johannesson. Johans-namnet vart truleg brukt også i andre sognebygder. Eg veit at eg hadde ein slektning i Sogndal som vart kalla Johans, men i Sogndal bygdebok finn vi berre Johannes.
Lasse på lnr 62 Undi og lnr 2 Sæbø
Forveksling mellom Lars og Lasse har vi i den handskrivne avskrifta av manntalet i 1701 (som Vik Lokalhistorisk Arkiv har) under Sæbø. Der står: Siver Larsen 50 år med sonen Lars Siversen 1½ år. Men eg har no gått inn i den skanna kopien av originalen under Digitalarkivet og meiner at det i båe namna er brukt bokstaven ß, og då må det vere namnet Lasse og ikkje Lars. Då eg skreiv gards- og ættesoga, trudde eg avskrifta var rett og plassert dei under lnr 2 Sæbø med namna Sjur Larsson og Lars. Men vi finn ingen Sjur Larsen i manntalet 1666 og som då var ca 16 år. Men vi finn Sjur Lasseson Undi, som var 13 år og som difor var fødd ca 1653. Det høver svært bra med at han var ca 50 år i 1701.
Sjur 1653 var bror til Sigrid Lassedtr Undi og ho vart gift med Ola Ivarson Sæbø (1663–1733) frå lnr 2. Sigrid og Ola var leiglendingspar på lnr 62 Undi. Då Sjur Sæbø vart gravlagd i 1728, kom ikkje farsnamnet med i kyrkjeboka slik at vi ikkje får testa om faren heitte Lars eller Lasse. Men det er ikkje å koma bort frå at sonen til Sjur, som vart gravlagd i 1747, var skriven inn i kyrkjeboka som Lars Sjursen Sæbø. Originaldokumenta av 1701-manntalet er no skanna inn på nettet under Digitalarkivet. Eg har gått inn og sett på det som står under Sæbø. Der står det Siver Lassesen og Lasse Siversen, for det vart brukt ß i namna. Dermed kan vi slå fast at det er feil i gards- og ættesoga under lnr 2 Sæbø når det står at Sjur Larsson Fosse kom til lnr 2 Sæbø. Det rette er Sjur Lasseson Undi (1653–1728). Sjur Sæbø vart skrive å vera 81 år då han vart gravlagt. Her er det ein feil på 6 år, men det var ikkje uvanleg. Sjur kom kanskje til bruket ved å gifte seg med enkja på bruket og deretter med Kari. Sonen Lasse (1698–1747) døydde ugift i Sæbø. I skattemanntalet i 1711 står det at det var tre døtre på bruket, men ei døydde kanskje ung, slik at Sjur hadde to døtrer som voks opp. Den eine var Turid (1696–1763) som var «et uforstandig, skrøbelig og målløst menneske». Den andre var Ragnhild, som eg no meiner ei kort tid var leiglendingkone på bruket, men som gifte seg på nytt til Skaffargard. Det kjem eg tilbake til seinare.
Til dette bruket kom Hans Bendikson Refsdal (1698–1780) frå lnr 59 og Marta Johannesdtr Limmesand (1699–1767) frå lnr 13. Hans var son til ein kårmann i Refsdal. Kårmannen der var truleg gift med ei ungjente, og som vi ikkje kjenner namnet på. Men for meg verkar det sannsynleg at ho var frå Undi. Sjå meir under lnr 61+62 Undi.
Bruka på Sæbø
Bruka på Sæbø skapte mange problem ved utforminga av gards- og ættesoga. I prinsippet tok eg utgangspunkt i bruksstrukturen i 1723. Då var det fem bruk på namngarden med samla matrikkelskyld på 7 laupar. Men i manntalet for 1762 er det berre gitt opp fire bruk utan at eg har funne sikkert ut kva «feilen» er. Truleg var det manglande bruket då eigd av kårkona Marta Hermunddtr Hopperstad, enkja etter Sjur Markusson Hopperstad på storbruket lnr 117+118+121 Hopperstad. I tillegg vart eitt av bruka kjøpt opp av Karen Daae Tuchsen og mannen hennar kaptein (seinare oberstløytnant) Thomas Fasting og slege saman med Skaffargard og Hovsviki til lnr 127 Sjøtun. Dette Sæbøbruket utgjorde det meste av Sjøtun, og husa vart sette opp på Sæbøgrunn (på austsida av Hopra) og kanskje etter privat utskifting med andre Sæbøbruk. Av di denne frådelinga skjedde før løpenummersystemet vart oppretta i 1838, har eg valt å kalla dette bruket for lnr 0 Sæbø i gards- og ættesoga.
Lnr 73 Hove, lnr 2 Sæbø og Skaffargard
I 1701 var Kristoffer Andersson (1678–1726) frå «Indre Sogn» i teneste hjå presten Ludvig Munthe (1657–1708) som eigde mykje av Hove og som vi trur bygde hus i eit nytt tun, seinare kalla Blixatunet. Kristoffer vart verande på Hove, og eg trur at han ca 1720 vart leiglending på lnr 73. Av skiftet etter han går det fram at ein bror, Per, var på skiftemøtet. Vi finn han under namnet «Peder Andersson Fjæren» i band 2 av Sogndal bygdebok, side 75. Kristoffer gifte seg med Synneva Ellingdtr Hove (?–1742) frå lnr 71 og dei fekk: Margrete (lnr 47 Bruavoll), Brita 1721, Elling 1722 (skulehaldar i Øvstedal, så lnr 197 Vangsnes) og Ola 1725 (lnr 0 Sæbø).
I omtalen av manntalet for 1701 i Vik, i ein annan artikkel i Pridlao 2020, såg vi at Ola Endreson Seim, 36 år, var på farsbruket lnr 10 og at han då var soldat. I gards- og ættesoga har eg skrive at han truleg døydde før 1727. Det er rett, for det var skifte etter han i 1725 på lnr 2 Sæbø. Skiftet etter han fann eg fram til ved å leita etter namnet «Ola Endresen» i gardsnamnregisteret for Vik i aktuell tidsperiode. Det kan ikkje vera tvil om at han var frå lnr 10, for den yngre broren, som var bonde på lnr 10, var til stades under skiftet. Enkje etter Ola var Ragnhild Sjurdtr og dei hadde sonen Endre.
Ragnhild må ha vore fødd før århundreskiftet for å vera mor til Endre. Alderen på sonen Endre finn vi ikkje i skiftet. Men ein utveg er å gå til konfirmasjonslistene frå 1738. Alder på konfirmantane dei første åra var jamt over 20–21 år. I lista for 1740 finn vi både «Endre Olsen Skaffargard» og Brita Kristofferdtr «Voll». Voll var utvilsamt tenaradresse. Ut frå dette set eg fødselsåret for både Endre og Brita til 1721. Sist på året 1727 vart enkja Ragnhild Sjurdtr Sæbø trulova med Per Sylfestson Skaffargard. Dei vart vigde på nyåret 1728. Deretter fekk Endre resten oppveksten sin i Skaffargard og vart buande der til han gifte seg. I manntalet frå 1762 finn vi framleies Per og Ragnhild under Skaffargard, men då som fattige legdefolk.
Sist på året 1746 vart Endre og Brita trulova. Då kom det fram at dei ikkje hadde med seg to vitne, slik det skulle vera. Dessutan var Brita nær fødsel og det kom fram at dei hadde fått kongeleg løyve til å gifta seg på grunn av slektskap. Denne slektskapen har eg ikkje funne ut av, men det kan ikkje vera nærare enn tremenningar. Først på året 1747 vart Brita og Endre vigde. Endre var då soldat og var plassert i Skaffargard. Det siste hadde han kanskje vore frå han var 22–25 år, altså frå 1742–1745. Litt seinare på året 1747 vart sonen Ola døypt. Dei var då busette på lnr 99 Midlang, der bonden Anfin var gift med Brita Oladtr Feidje (1705–1753). Ho var frå Feios, men likevel syskenbarn til Brita Kristofferdtr. Brita Midlang fekk fem born, men som alle døydde same året dei vart fødde. Same skjebnen fekk kanskje også Ola 1747, for han blir borte for oss. Eg merkar meg at av fadrane var tre av Daae-Tuxen-slekt, så personleg motvilje kunne ikkje liggja bak reprimandane under trulovinga. Brita og Endre kom i 1750 til Limmesand og familien flytta deretter til Le. Om dette viser eg til gards- og ættesoga.
Lnr 12 Seim og lnr 111 og 114 Skjørvo
I 1666 var Lasse Person leiglending på lnr 12 Seim, og det var truleg han som var «unge Lasse» i 1645. I 1666 hadde han følgjande søner med seg på bruket: Hans 1656, Per 1661, Lasse 1663 og Anfin 1664. I 1741 var det skifte etter husmann 1. Hans Lasseson Seim (1656‒1741). Han hadde etter seg ektefellen Anna Oladtr (1662‒1743). Dei to hadde ikkje born. Det var søsken til Hans og etterkommarar av dei som var arvingar. 2. Per Lasseson (1661‒1733) finn vi i manntalet i 1701 som brukar på lnr 12. Han var gift med Unni Hermunddtr Hopperstad, ei syster til Marita på lnr 10. Per var leiglending og hadde dottera Marita 1691 som gifte seg til lnr 114 Skjørvo. Han var på bruket også i 1711, 1718 og 1723 og då med ei ny kone: Brita Jondtr (1689‒1758), og dei fekk: Anna 1715 (s014), Jon 1720 (lnr 24+25 Stadheim) og Lasse (1729‒1752). Brita Jondtr gifte seg på nytt med Ingebrigt Endreson (1702?‒1780), og dermed gjekk bruksretten over på nye folk. 3. Anfin (1663‒1745) var tenar på Hopperstad i 1701, men døydde ugift på Vikøyri. 4. Sjur (1664‒1734) gifte seg til lnr 101 Bø, 5. Nils (1671?‒?) var truleg tenar på lnr 68 Ovri i 1701 og hadde adressenamnet Skjørvo i skiftet etter Hans. Han vart husmann på Breia under lnr 114. Søstrer til dei 5 Lassesønene var: 1. Marita Lassedtr (?‒1698) hadde i 1701 attlevande mann Lars Monsson (1653‒?) og sonen Lasse 1695, og denne huslyden var på lnr 11B, 2. Sigrid Lassedtr (1669?‒1754) døydde ugift på Stadheim med oppgitt alder 85 år, 3. Brita Lassedtr g.m. Ivar Bale og 4. Kristi Lassedtr, ugift. Det var altså 9 søsken som levde opp.
I gards- og ættesoga er det diverre ein stor feil først på 1700-talet ved at ein huslyd med Nils Lasseson Seim som far er førd opp under lnr 111 Skjørvo som bonde, men han skulle ha stått under lnr 114 som husmann.
Det som er rett under lnr 111 er at Nils Arneson Hopperstad kom til dette bruket som leiglending og truleg vart gift med ei dotter til Anders Ingebrigtson Skjørvo og deretter med Guri Botolvdtr Skjørvo frå lnr 114. Men Nils Arneson hadde neppe born, og då han døydde kom Sjur Andersson Vange (1673‒1747) frå lnr 6 til bruket. Deretter har eg inga retting for dette bruket.
På lnr 114 Skjørvo var Johannes leiglending i 1635. Han var gift med Brita.
Botolv Ingebrigtson (1627–1716) var frå storbruket lnr 111+112 og var bror til Anders Ingebrigtson som vart leiglending på storbruket. Botolv kom truleg til lnr 114 som leiglending ved å gifta seg med enkja Brita etter forgjengaren Johannes. Ho var truleg så gamal at ho ikkje kunne få barn med Botolv. Andre kona var Kari Endredtr. Av gards- og ættesoga går det fram at dei fekk fem born. Yngste barnet var Endre 1694, og dersom vi går ut frå at ho då var 45 år, finn vi at ho kan vera fødd i 1649. Første barnet var fødd i 1671, så då er det rimeleg å tru at ho gifte seg med Botolv i 1670 og at ho då var 21 år. Han var då 43 år. Kari var kanskje frå lnr 17 Holane i Arnafjord sokn og med foreldra Endre Simonson frå Finnen og Sigrid Lassedtr frå Le. Ho må då ha vore andre kona hans og gift ca 1642. «Beviset» er at Kari kalla eldste dotter si for Sigrid. Det var også to bønder i Vik med namnet Endre: på Åse og på Rosheim. Men eg vurderer at dei neppe var far til Kari.
Endre Botolvson Skjørvo (1694‒1759) gifte seg med Marta Perdtr Seim (1691‒1774) frå lnr 12. Den vidare teksten for sjølve bruket har eg ingen endringar til.
Plassfolk under lnr 114
Ein farbror til Marta Perdtr var Nils Lasseson Seim (1671‒?), også frå lnr 12. Han var tenar på Ovri i 1701, men må så ha kome til lnr 114 Skjørvo, gift seg og fått tre born, utan at eg finn ut kven han var gift med. På bruket var han truleg husmann på Breia (som plassen vart kalla i skiftet etter dottera Anna). Breidi kom seinare inn under Hopperstad. Nils og kona må ha døydd nokså unge, og då var det godt for borna å ha syskenbarnet Marta som bondekone på bruket.
Dei tre borna til Nils Lasseson Seim var Lasse 1706, Marta og Anna. Lasse Nilsson kom til lnr 101 Bø, der han overtok som leiglending etter farbroren Sjur Lasseson Seim. Marta fekk Guri 1746 med Eirik Guttormson (1723‒?) som då var i Refsdal. I den gamle bygdeboka har eg i unge år notert meg at Anna Nilsdtr Skjørvo i 1750 fekk kyrkjerefs for å ha forbrote seg med soldat Nils Kolbeinson Bruegield. Litt seinare vart sonen Hans døypt. Han fekk truleg namn etter eldste farbroren på lnr 12 Seim. Det var uvanleg mange «uekte» born som vart fødde på denne tida. Mange av dei var dødfødde eller døydde små. Det siste galdt nok også Hans 1750, sjølv om eg ikkje finn han registrert som gravlagd.
I manntalet i 1762, der alle med unntak av born under 12 år og militære er med, finn vi Anna som «huusqvinde» (og som var noko anna enn tenestejente) på lnr 10 Seim, medan Marta, med barnet Guri, var husmann/innerst under lnr 114 Skjørvo. Truleg var dei på plassen Breidi. Det er notert i manntalet at dei to ikkje ville vera i stand til å betala den omstridde årleg personskatten som alle over 12 år skulle ut med (og som mellom anna var årsaka til «strilekrigen»). Marta levde i 1795, men døydde før 1801. Ho er ikkje ført opp som gravlagd. Om dottera Guri (1746‒1814) vart det skrive ved konfirmasjon at ho var blind. I 1801 var ho framleis blind og «nyter almisse av sognet» og ho var då på Holstad, men ho døydde i Bø.
Det var skifte etter Anna Nilsdtr i 1795 på plassen «Breia» under Skjørvo, men ho er ikkje i gravferdslistene i kyrkjeboka.
Lnr 10 Seim
Johannes Lasseson Seim (1608–1666?) var leiglending på lnr 10 i 1645, 1647 og 1666. I 1645 var han gift med Marita d.e. Oladtr Tenål, og dei hadde då døtrene Ragnhild og Gjørond. I 1666 hadde dei sønene: Lars 1636 (lnr 28 Stadhein), Ola 1644 (lnr 40 Vetle-Nummedal), Ingebrigt 1649 (lnr 11 Seim), Jon 1652 og Ola 1658. Dei to siste var i 1701 ugifte og tenarar på bruket til Ingebrigt. Den gamle bygdeboka gir også opp døtrene Lussi (ugift) og Kari (til Grinde). Borna til Marita d.e. finn vi også i skiftet etter broren Ola 1634 på Tenål, sjå seinare.
«Deretter kom Endre Olason» skreiv eg i gards- og ættesoga. Denne karen meiner eg no ha funne i matrikkelutkastet i 1666 under eit storbruk på Fosse. Der var då enkja Barbra med sønene: Endre Olason, «udtient» soldat 42 år, Elling Olason, «udtient» soldat 34 år og Anders Olason 14 år. Det siste indikerer at Barbra var andre kona til Ola. Eg trur no at Endre Olason Fosse (1624–1707) gifte seg med enkja Marita Oladtr d.e. Han overtok dermed bruksretten, men då ho døydde kort tid etter, gifte han seg med Marta Hermunddtr Hopperstad (–) frå lnr 123, ei søster til Unni på lnr 12. I 1701 hadde dei sønene Ola 1668? (truleg død før 1727) og Jon (1671–1733) og kanskje døtrene Sigrid og Randi. I 1701 vart Jon ført opp som brukar.
Skiftet etter Ola Olason Tenål (1634–1698)
I 1698 var det skifte på Tenål etter Ola Olason. Han døydde truleg ugift. Arvingar var fire systrer eller born etter dei: 1. Marita d.e., død, 2. Marita d.y., 3. Brita og 4. Magnhild, død.
I 1645 var det to bønder på Tenål med namnet Ola, og det er usikkert kven som var foreldre til dei 5 borna. Men det mest sannsynlege er Ola Ingebrigtson og Lussi Nilsdtr for di det var barneborn som heitte Ingebrigt og Lussi. Det er grunn til å tru at Ola Ingebrigtson døydde kort tid etter 1645 og at neste leiglending på bruket var Ola Endreson. Eg finn ikkje Ola Olason Tenål i manntalet i 1666, men eg trur at han då står oppførd som dreng på eit bruk på Stadheim med oppgitt alder 32 år. Det gir fødselsåret 1634.
Eg har alt skrive om Marita d.e. under lnr 10 Seim. Men han hadde altså tre søstrer til: Den eine var 2. Marita d.y. som var gift med Ola Anfinson Tenål. Dei var på lnr 16. Den andre var 3. Brita Oladtr og som gifte seg med Ola Guttormson Stadheim på lnr 28. Han kom frå Midlang. Den tredje var 4. Magnhild, som var død, men hadde vore gift og hadde to born etter seg. Eg tolkar gardsnamnet til Lidal, som er i Fjærland. Ho hadde to døtre etter seg: Anna Oladtr og Marita Hansdtr. Det siste indikerer at ho hadde vore gift to gonger.
Eg går ut frå at Ola Olason var på lnr 16 då han døydde. Eg tolkar tekst i skiftet til at han eigde ei ku og kanskje 1–2 sauer, men han var neppe husmann. Eg trur at han hadde vore tenar på bruket fordi syster Marita d.y. var husmor der.
I 1685 var ein Ola bygslingsmann på lnr 16, og det må vera Ola Anfinnson Tenål.
I manntalet i 1701 var Ola Anfinnson (1658–) frå lnr 13 på lnr 16, og han hadde med seg broren Endre 1660 og sonen Eirik 1664 til den tidlegare leiglendingen på lnr 16: Jon Person Tenål (1635–).
Eg trur at Jon Person Tenål var gift to gonger. Med første kona hadde han Per 1661 (som døydde ung) og Eirik 1664. Deretter gifte han seg med 2. Marita d.y. Etter at Jon Person døydde, gifte ho seg med Ola Anfinnson. Dermed fekk han bruksretten til leiglendingsbruket. Men Marita d.y. fekk ikkje born som levde opp, og etter dei kom det nye folk på lnr 16 Tenål.
Husmenn på Føli
Av gards- og ættesoga går det fram at på lnr 23 Føli vart enkje Sigrid i 1761 attgift med Johannes Ingebrigtson. I 1768 er innført i kyrkjeboka at husmannsson Peder Johannesson Føli vart gravlagd, 5 dagar gamal. Eg oppfattar dette til at foreldra ikkje fekk kår hjå neste brukar.
Garden Føli hadde teigar på vestsida av elva før ein kom til Orvedal. På desse teigane vaar det midt på 1700-talet to husmannsplassar. På den eine var Endre Ingebrigtson Føli frå lnr 23 gift 1736 med Sissel Jondtr Gildhus. Dei hadde i 1749 ei 13 år gamal dotter. I følgje den gamle bygdeboka, bind III-2, side 406–407, hadde dei besøk av Rasmus Knutson Stalheim, og Endre lova då bort dotter si som framtidig brur for Rasmus. For å finansiera det framtidige bryllaupet reiste dei til Bøfjorden og stal 66 riksdalar frå ein velståande bonde der. Desse pengane gøymde dei i ein mur på husmannsplassen. Men tjuveriet vart avslørt, og da Endre var landvernsoldat fekk han militær straff. Men han fekk også kyrkjestraff, som truleg omfatta gapestokk. Eg finn ikkje huslyden i manntalet i 1762, men det kan kome av at det ikkje omfatta militære personar. Men sidan dei neppe finst i kyrkjebøkene etter 1750, reiste dei kanskje frå bygda?
På den andre plassen var Johannes Larsson (1690?–1765) gift med Brita Andreasdtr (1687?–1750). Vi finn ikkje Johannes i manntalet for 1701 for Vik prestegjeld, noko som tyder på at han ikkje var frå Vik. Johannes vart attgift i 1750 med Brita Markusdtr Sæbø. Ho var kanskje dotter til ein frå Vangsnes som vart husmann i Hola på Seljadalen. I manntalet i 1762 finn vi merkeleg nok Johannes med kone som husmannsfolk under lnr 50 Åse. Grunnen er truleg at bonden Ola Jonson (Tryti) Åse har kjøpt eiga i plassen. Det var skifte etter Johannes Larsson Fyli Teigen i 1766. Han hadde etter seg enkja Brita Markusdtr og dottera Brita 1751. Dei to siste manglar deretter i ættesoga.
Tillegg til lnr 117+118+121 Hopperstad
I 1713 var det skifte etter Brita Pauldtr. Ho var første kona til Sjur Markusson Hopperstad (1661–1723). I tillegg til dei borna som er med i gards- og ættesoga hadde dei dottera Brita. Ho døydde kanskje lita.
Kvinner fekk sjeldan born etter dei var 45 år
På 1600-talet, og først på 1700-talet, har vi sjeldan greie på alder på kvinner. Men vi kan rekne med at dei sjeldan fekk born etter dei vart 45 år. Dersom vi veit fødselsåret for sist fødde barn, kan vi bruka dette for å rekna oss tilbake i tid. Tidlegare i denne artikkelen har eg brukt denne metoden på Kari Endredtr på lnr 114 Skjørvo. Metoden gav der etter mitt syn eit sannsynlege svar.
På lnr 98 Midlang var Guttorm og Elsebe leiglendingspar i ein lang periode på 1600-talet. Eg brukar metoden på Elsebe, og innleiar med følgjande sitat frå den gamle bygdeboka, III-2, side 613: «I 1668 sat Elsebe og var enkja på garden, ho var fødd på Ovri, det vart sagt at ho då var 78 år gamal, og at ho hadde butt på Midlang i 58 år.»
I manntalet for 1666 finn eg at Palne Guttormson, 16 år, var tenestegut på Brekke. Det må vera son til Elsebe og Guttorm, og dermed må vi retta fødselsåret hans i gards- og ættesoga frå 1640 til 1650. Dersom Elsebe då var 45 år, var ho fødd i 1605, ikkje i 1590 slik utdraget frå den gamle bygdeboka gir opp. Dersom vi går ut frå at ho gifte seg 20 år gamal, noko som då var svært tidleg, kom ho til Midlang i 1625, og ho hadde dermed i 1666 butt på Midlang i 41 år. Feilen med aldersoppgåvene i den gamle bygdeboka er at då Palne 1650 vart fødd, var Elsebe etter oppgåvene 60 år, og då kunne ho ikkje vera mor til Palne.
Problema med metoden er at mange kvinner slutta å få levande born lenge før dei var 45 år, og for 1600-talet manglar vi data for dei fleste jenteborn. Årsaka til at det ser ut som det er to års skilnad i manntalet, kjem av at eg meiner at manntalet vart teke opp i 1666, men først sendt inn i 1668.
Busetnad på Grønsberg 1658–1742
Under arbeidet med gards- og ættesoga kom det fram at frå midt på 1600-talet fekk Markus Grønsberg uvanleg mange born som levde opp. I arbeidet med ein artikkel om Seljestø for nr 2 av Pridlao i 2012, granska eg skiftet i 1728 etter Jon Markusson (Grønsberg) Seljestø. Då Jon ikkje hadde born, var søsken arvingar. På grunnlag av skiftet kunne eg på side 55 setja opp eit nokså korrigert slektsoversyn. Der har eg med 11 born etter Markus. I tillegg fann eg at desse borna hadde ei halvsyster, Ingeborg Alfdtr. Dette er ei vidare utdjuping av slekta.
Men før vi går vidare, må eg gi ei innføring i driftsretten på eit leiglendingsbruk: Etter at ein leiglending døydde, kunne enkja driva bruket vidare. Men gifte ho seg på nytt, vart den nye ektemannen leiglending på bruket, og born dei fekk hadde bygslingsrett og ikkje born frå første ekteskap. Dersom ein aldrande leiglending og enkjemann gifte seg på nytt, overtok den nye kona driftsretten etter at han døydde, og retten gjekk sjølvsagt også over på ein ny ektemann. Då det var eit stort kvinneoverskott i det tidsrommet som denne artikkelen omhandlar, var det då vanleg at unge jenter gifte seg med gamle leiglendingar. Difor er denne problemstillinga drøfta nokre stader i artikkelen. Giftemålsalderen for menn var på denne tida svært høg. I manntalet for Vik i 1701 finn vi såleis at dreg vi frå alder til eldste registrerte son, var faren med svært få unntak over 30 år i fødselsåret.
Markus Grønsberg kom frå Tryti
I 1645 vart det betalt ei personskatt der alle over 14 år var med. Lista over dei skattepliktige inneheld både kvinner og menn og den posisjonen dei hadde på bruket, men ikkje alder på personane. Dette er den einaste lista på 1600-talet som gir eit samla oversyn over kvinner.
På lnr 110 Tryti finn vi i dokumentet frå 1645 Anfin Markusson og sonen Markus Anfinson. Anfin var då ugift eller enkjemann. I eit kombinert manntal og matrikkelforslag oppsett av prestane etter den såkalla Titus Bülche-modellen, og innsendt i 1668, finn vi materiale som truleg skulle vore sendt inn i 1667, men som eg trur vart innsamla i 1666. På denne tida kan vi ikkje stola på alder på vaksne. Feilen er sjølvsagt størst for gamle personar. Men etter oppgitt alder for Anfin Markusson Tryti, var han ikkje meir enn 20 år då han vart barnefar. Det ser ikkje ut til at Anfin fekk fleire born som levde opp enn Markus, og bruket gjekk ut av slekta etter han. Den ukjende mora til Markus heitte kanskje Gjertrud (som barnebarnet Gjertrud 1655, sjå seinare).
Under Grønsberg finn vi i 1666 Markus Anfinson 42 år og sønene Alf 10 år, Ivar 8 år og Anfin 4 år. Eg har ikkje data for Markus seinare på 1600-talet, men eg trur han døydde ca år 1695.
Brita Ivardtr (Espesete) Grønsberg (1632–1677?)
Diverre er det uråd å finna sikre data om kven Markus Anfinson var gift med. Men ut frå namn på barneborn, meinte eg i 2012 at førenamnet var Brita. Ut frå at andre son til Markus heitte Ivar, er det grunn til å tru at det også var namnet til far til Brita. I 1645 finn vi få menn med dette namnet i Vik. Men eg har festa meg ved Ivar Arneson Espesete. Han var dette året gift med Merete (Marita?) og vart kalla husmann, noko som her kan tolkast til at han dreiv med attrydding av ei øydegard. I 1666 var han småbrukar og dette året hadde han sønene: Arne 1643, Ola 1654 og Markus 1658. Dei var kanskje halvbrør til Brita, for det er grunn til å tru at mor til Brita Ivardtr heitte Anna (som Anna 1659, sjå seinare). I manntalet i 1701 finn vi Arne Ivarson, 53 år, som «innerst» på Grønsberg. Det kan ikkje vera tvil om at dette var Arne Ivarson Espesete, og dermed bror til Brita Ivardtr. Dette provar etter mitt syn at Markus (Tryti) Grønsberg var gift med Brita Ivardtr frå Espesete. Men vi finn ikkje jenta «Brita Ivardtr» i 1645. Dette kan difor berre vera rett dersom ho då var i teneste utafor bygda eller at ho då var under 15 år og dermed ikkje skattepliktig. Eg vel det siste alternativet.
Kona til Markus Grønsberg må på førehand fått Ingeborg med ein som heitte Alf. Om ho var gift med Alf, veit vi heller ikkje. Men som Ivar, var Alf eit lite brukt namn i 1645. Ei løysing er at ho har gift seg med enkjemann Alf Seim på lnr 11, og at han døydde straks etterpå. Det ville ha vore ein god grunn for at Brita og Markus kalla første son som livde opp for Alf. Det hadde dei neppe gjort dersom Ingeborg var «uekte». Det at vi må ty til namnreglar, kjem altså av at vi på 1600-talet berre har eitt samla oversyn over kvinner: personskatten i 1645. Dessutan har vi kyrkjebøker for Vik først i 1727, og skifte i Vik finn vi først frå året 1698.
Etter ei samla vurdering vel eg 1632 som fødselsår for Brita Ivardtr.
I skifta først på 1700-talet var det vanlig å føra opp borna i aldersrekkjefølgje: først søner, deretter døtrer. Her blir dei 12 borna til Brita førte opp i samla rekkjefølgje med mine estimerte fødselsår: Ingeborg 1652, Gjertrud 1655, Alf 1657, Anna 1659, Ivar 1659, Hermund 1661, Magnhild 1662, Anfin 1664, Helga 1666, Barbra 1670, Jon 1673, Brita 1677. Etter dette var Brita Ivardtr 20 år då ho fekk Ingeborg Alfdtr og 45 år då ho fekk Brita 1677.
Ved dåp vart namnereglane vanlegvis følgde. Dei var: Først mannen sine foreldre, så kvinna sine foreldre. Ved attgifte skulle den tidlegare ektefellen få prioritert namn i det nye ekteskapet. Men på grunn av mange barnedødsfall på 1600-talet, er ikkje namnreglane lette å sjå når det var få born som voks opp i eit ekteskap. For huslyden på Grønsberg kan ikkje dette vera noko stort problem, men namnreglane tilseier at Markus og Brita også hadde ein son Anfin 1658? og som døydde før 1663.
Vi veit ikkje årstalet for dødsfallet til Brita Ivardtr (Espesete) Grønsberg. Men det er ikkje utenkeleg at ho døydde under eller rett etter fødselen av Brita 1677, og at det var grunnen til at ungen fekk namnet Brita.
Merkeleg nok har vi innsyn i kor det vart av alle dei 11 borna til Markus.
- Gjertrud 1655 til lnr 24+25 Stadheim og gift med innerst Endre Bårdson. Ho døydde truleg før 1682 og etterlet seg tre born: Anfin, Bård og Brita. Dei vart kanskje oppfostra på Grønsberg.
- Alf 1657–1705 til lnr 33 Fosse. (Sjå merknader i neste avsnitt.)
- Anna 1659–1742 til lnr 58 Hanekam i Arnafjord sokn.
- Ivar 1659–1753 til lnr 16 Holane i Arnafjord sokn.
- Hermund 1661 til Ytre Borlaug i Feios. Han budde der i 1701, men må ha døydd innan 1728 utan at vi finn gravferdsdagen i kyrkjebok. I 1728 kan han ikkje hatt born etter seg.
- Magnhild 1662–1739 til Dyrdal i Kyrkjebø.
- Anfin 1663–1733 til lnr 176 Stjernegjerd i Feios. (Sjå Pridlao 2017, side142.)
- Helga 1666–1762 til lnr 95+97 Fjærestad og gift i 1703 med enkjemann Ola Lasseson.
- Barbra 1670 til lnr 20+21 Fyli. Død før 1728 og etterlet seg borna: Morten, Markus, Ingebrigt, Botolv og Brita. (Sjå meir under avsnittet «Brukarar på Grønsberg 1695–1742.»)
- Jon 1673–1728 til lnr 42 Seljestø. (Sjå Pridlao 2012, side 55.)
- Brita 1677–1746 til lnr 17 Tenål. Det er ikkje skifte etter henne. Men Brita Markusdtr Tenål døydde i 1746 med oppgitt alder 69 år. Det var skifte etter Ingebrigt Tollakson på lnr 17 Tenål i 1741 og då går det fram at attlevande hustru var Brita Markusdtr. Dei hadde då ikkje born etter seg.
Til nr 2 Alf 1657: I den gamle bygdeboka, og i gards- og ættesoga, blir det hevda at Alf Olason Fosse (1657–) overtok delbruket lnr 33 etter faren Ola Olason Fosse. Det er neppe rett, for i tilfelle må han ha gift seg ca 20 år gamal med Brita Perdtr og må ha døydd innan eitt år etter. For Alf Markusson Grønsberg gifte seg ca 1678 med enkja Brita Perdtr Fosse (–1700) og overtok bygslinga. Ho var ei syster til ei anna Brita Perdtr og som var gift med Palne Midlang på lnr 98.
Dette kom fram i skiftet etter Brita Fosse i 1700. Brita Midlang hadde ikkje arverett. Når Palne likevel er nemnt, kjem det truleg av at han var lagrettemann. Foreldra til dei to Per-døtrene var kanskje Per Anfinson og Åsa Ivardtr på lnr 105+106 Tryti. Alf Markusson og Brita Perdtr fekk tre born som levde opp: Ola 1680–1761, Anfin 1683 og Brita. Dei kan utvilsamt hatt fleire born, men som døydde små. Då den førre brukaren på lnr 33 heitte Ola, er det ei løysing i samsvar med tida at Brita Perdtr først gifte seg med den gamle enkjemannen og leiglendingen Ola Olason Fosse (1620–1678?). Då han døydde, gifte ho seg straks med Alf Markusson og han overtok bygslinga.
Ola 1680 gifte seg med Gjertrud Ellingdtr Hove frå lnr 71 og dei bygsla eit bruk på Feidje i Feios frå 1706. Anfin 1683 og Brita døydde truleg nokså unge og før 1727. Det var skifte etter Brita Perdtr Fosse i 1700, og Alf Markusson gifte seg straks med Brita Andersdtr Åse (1675–1752) frå lnr 48+49, og dei fekk Anders 1701. Då Brita Andersdtr døydde i 1752 var gardsadressa framleis Fosse. Ho dreiv bruket til 1710 og fekk nok då kår av den nye leiglendingen. Han kom frå Fyli.
Sonen Anders gifte seg til lnr 66 Hallrynjo. Det at Ola 1680 ikkje vart leiglending på lnr 33 Fosse er i samsvar med utgreiinga først i artikkelen!
Brukarar på Grønsberg 1695–1742
I den gamle bygdeboka står det at både Markus og neste brukar var gift med ei Ingerid Sjurdtr. Dette er ein stor feil som også kom inn i gards- og ættesoga.
Det var Ingeborg Alfdtr Grønsberg (1652–1720) og mann hennar som vart neste brukarpar på Grønsberg. Ektefellen var Ola Mortenson Engum (1658–1742) frå Kvamsøy sokn. Vi merkar oss at Ingeborg var 6 år eldre enn Ola. I 1695 var ho blitt ca 43 år. Ola hadde broren Hans 1670 som gifte seg med Barbra 1670, ei halvsøster til Ingeborg. Dei kom til lnr 20+21 Fyli. Huslyden der er omtalt i gards- og ættesoga.
I manntalet i 1701 er Ola Mortenson, 42 år, ført opp som bonde på Grønsberg. I rubrikken for «søner» står Jon Markusson, 28 år. Han kom deretter til Seljestø. Ola hadde ikkje søner i 1701.
I 1720 var det skifte etter Ingeborg Alfdtr Grønsberg. Attlevande ektemann var Ola Mortenson og dei hadde ikkje born etter seg.
Ola var son til Morten Botolvson, og som var bonde på Engum i Kvamsøy sokn. Huslyden er omtalt på side 130 i «Bygdabok for Vik i Sogn», bind III-1. Mitt inntrykk er at Morten var ein velståande bonde. Eg finn ikkje skifte etter Ola Mortenson, men derimot etter neste ektefelle til Ola: Kari Johannesdtr (Langeteig) Grønsberg (1682?–1749). Då Kari vart gravlagd, var oppgitt alder 70 år. Men ut frå fødselsår for yngste barn, var ho neppe meir enn 68 år. Kari og Ola fekk tre born som vi veit om: Sjur 1727–35, Jon 1728–30 og Morten 1729. Den siste er omtalt i den gamle bygdeboka ved at han i 1751 gifte seg med ei gamal enkje på Linde. Men der likte han ei dotter betre enn mora, med den katastrofale følgja at dei båe fekk dom for blodskam! Straffa for det var avretting.
Den merkelege feilen i den gamle bygdeboka om at ei Ingerid Sjurdtr var gift med Markus Anfinson, og deretter med Ola Mortenson, kom diverre også inn i gards- og ættesoga.
Lnr 95+97 Fjærestad
Vi ser at Helga Markusdtr Grønsberg gifte seg med enkjemann Ola Lasseson Fjærestad. Det skjedde truleg same året som Ola vart enkjemann, i 1703. Helga og Ola fekk: Gjertrud 1704–33, Synneva 1706–83 (døydde som fattiglem), Guri (ca 1708–1762) (til Vikøyri v378), Ingeborg (ca 1710–1783) (til Vikøyri v414). Dette kom ikkje med i gards- og ættesoga.
Guri gifte seg 1745 med enkjemann Ingebrigt Rognaldson Refsdal (1686–1759). Om «Ingebrigt i Dalen» vart det skrive at han hadde vore soldat og korporal i den store nordiske krigen 1709–20. I 1760 var Guri i huset til Ola Styrkson Vikøyri og kona Gjertrud. Dei var også fattigfolk. I 1762 var Guri «fattig og skrøbelig». Ho døydde truleg same året. Guri hadde ikkje born etter seg.
Ingeborg gifte seg 1738 med soldat Ivar Sjurson «Grønsberg» (?–1781). Ivar må ha vore utplassert soldat på Grønsberg. Eg har ikkje funne ut kor han var frå. I 1759 vart Ivar rekna som ein fattig mann med stor gjeld. Han hadde kone og 3 born. I 1762 budde dei to på Vikøyri (v414) og hadde med seg sonen Lars, 8 år. Born: Sjur 1739 (plassen Breidi, Hopperstad), Ola 1745 (på Vikøyri i 1781), Kari 1748–49, Lars 1752.
Artikkelen til Anders Brekke
I Pridlao 1218, side 88, står det om Markus Grønsberg, først i ein artikkel henta frå den gamle bygdeboka, deretter i eit slektsoversyn som mest er avskrift frå gards- og ættesoga. Artikkelen er ein nynorske omsetjinga av Anders Brekke sin artikkel på vikjamål i bind I av Bygdabok for Vik i Sogn. Dette var etter mitt skjøn ikkje tenkt å vera ei sannferdig soge av Anders Brekke, men vart dikta saman for å ha eit grunnlag for å visa bygdamålet i praktisk bruk. Det er av same type som fleire soger skrivne av Olav Skjerven og Hermund Skjerven seinare i same bind og som dei kalla for skjemt. Det gjeld til dømes på side 518–519 om ein kyrahandel på Hopperstad.
I skjemtet i bygdeboka står det at Markus hadde lært dansk ved å vera vakt framfor København slott. Som Akershus slott var dette eit middelalderslott, men som i Markus si ungdomstid ikkje var kongeleg bustad, men opphaldsstad for sentraladministrasjonen. Det påståtte opphaldet i hovudstaden må eventuelt ha vore på slutten av Christian 4 (1577–1648) si kongetid eller rett etter. Då var heile byen omgitt av eit festningsverk. Denne kongen er i ettertid mest kjend for sitt store pengebruk på ruvande byggverk. Han bygde Rosenborg slott innanfor festningsmurane og stod for bygging av eit enormt slottskompleks på Frederiksborg utanfor byen. Det er ikkje å undrast over at kongen brukte desse to slotta som bustad. Dermed er det lite sannsynleg at det var kongeleg vaktstyrke framfor København slott. Endå mindre sannsynleg er det at det på denne tida var nordmenn i dei kongelege vaktstyrkane. To gonger i 1650-åra truga svenske troppar festningsverket kring København frå vestsida. I alle fall då var etterfølgjaren kong Fredrik 3 busett på Rosenborg.
Det at Markus kunne fostra opp ein så stor barneflokk, viser vel at Markus var ein dugande bonde og ikkje den merkelege personen som Anders Brekke har skrive om. Dessutan: kven var den sterke og krigerske broren til kona til Markus og som hadde ein sentral rolle i skjemtet? Innerst Arne Ivarson kunne det vel ikkje vera?