Myrkaskog
Myrkaskog (myrkaskog): Mørekeschouff (1611), Mørckeschoug (1667), Mørkeskoug (1838), Mørkeskog (1863, NG), Myrkaskog (VIK).
I øydetida vart truleg heile Myrkaskog drive frå Vange. Men i 1611 var Anfin brukar og i 1626 var det Hans som stod for drifta. Deretter ser det ut som garden på nytt vart lagd øyde. I 1667 finn vi Matias Kristofferson 1615 med sonen Kristoffer 1662 på garden. Om sonen: sjå Vikøyri v680. Om «Mattis» er det fortalt at han datt utfor ein klant under saueleiting og slo seg i hel. Staden fekk namnet «Mattisklanteno».
Lnr 43 Myrkaskog
3,36 spd. Eigarar: I 1718 og 1723 Lagstolen i Bergen, seinare benefisert. Sjølveige frå 1804. Skyld: 1,25 laupar i 1667, i 1723 1,17 laupar, i 1838 1,25 laupar. I 1845 var det 2,8 daa potet, 9,3 daa korn, 3 hestar, 14 storfe, 40 smalar og 3 svin på bruket.
I 1701 hadde Ola Olason Myrkaskog (1649–) sønene: Ola 1689 (lnr 26 Stadheim), Matias 1691 (lnr 100 Midlang) og Amund 1695. Amund Olason Myrkaskog (1695–) var neste leiglending. Han var gift seg med Åsa Hermunddtr Tryti (1688–1734) frå lnr 105+106 og dei fekk Åsa 1716 (lnr 34 Fosse). Ho vart attgift med Sjur Olason Undi (1696–1744) frå lnr 62 og dei hadde: Amund 1724 (lnr 70 Ovri), Durdei 1726–77 (ugift) og Turid (ugift, hjå broren på Ovri, død ca 1799), Ola 1732–63 (teken av eit snøskred). Sjur vart attgift 1735 med Sigrid Kristendtr Dalsver (1693–1769) frå lnr 28 i Arnafjord og dei fekk: Åsa 1735 og Marta 1737 (lnr 46 Turvoll). Sigrid vart i 1745 attgift med Eirik Guttormson Stadheim (1700–1750) frå lnr 32. Åsa Sjurdtr Myrkaskog (1735–1785) & 1760 Ola Bårdson Øksdal (1727–1798) frå lnr 3 i Vangsnes sokn overtok bygslinga i 1760. Dei fekk Ingeborg 1765. Ingeborg Oladtr Myrkaskog (1765–1848) & 1784 Eirik Ellendson Kjelven (1753–1827) frå lnr 39 i Arnafjord hadde borna: Åsa 1786 (lnr 4 Hovland i Vangsnes sokn), Ellend 1788, Ola 1790–93, Kari 1794 (lnr 33 Fosse), Ola 1796 (plass under Flete i Hola, Arnafjord sokn), Sigrid 1799 (lnr 34 Fosse), Sjur 1802 (plass i Tveit i Vangsnes sokn), Gjertrud 1806 (lnr 20 Le i Arnafjord), Lasse 1808 (plassen Holaviki under lnr 16 Holane i Arnafjord). Eirik fekk kongeskøyte på bruket i 1804. I 1815 vart garden skøytt over til Ellend Eirikson Myrkaskog (1788–) & 1817 Eli Jondtr Nummedal (1792–1884) frå lnr 36. Namnet til mannen vart skrive Ellend ved dåp, seinare ofte Elling. Born: Eirik 1818–18, Eirik 1819–37, Jon 1823, Ola 1826, Hermund 1830, Ingeborg 1834. Huslyden reiste til USA i 1846 og reisepengar skaffa dei seg ved å selja garden. Som vanleg på denne tida, skjedde det ved deling. Lnr 43a gjekk til Nils Beintson Tenål og lnr 43b til Helge Ivarson Stadheim.
Jon Ellendson Myrkaskog (1823–) & 1845 Elsebe Oladtr Turvoll (1824–) frå lnr 45 var innerstar i Myrkaskog, men fór til USA i 1846.
Lnr 43a Myrkaskog 1,48 spd = bnr 14/1 2,12 mark. Nils Beintson Tenål (1820–1892) frå lnr 14 & 1845 Marta Jondtr Tenål (1821–1857) frå lnr 16 hadde: Birte 1847, fødd på Midlang, Beint 1853–53, Beint 1855–55. Nils vart attgift 1858 med Agata Perdtr Vange (1834–1901) frå lnr 5. Dei hadde borna: Marta 1858 (bnr 26/9 Hove), Gjertrud 1860 (lnr 41b Grønsberg), Per 1863 (lnr 34 Fosse), Guri 1865 (lnr 17h Tenål), Stina 1868 (bnr 14/5 under lnr 47a Bruavoll), Beint 1869 (USA 1893), Ola 1872 (USA 1890), Brita 1874 (USA 1892), Jon 1877 (USA 1900). I 1883 kom lnr 47a Bruavoll inn under bruket, slik at Nils no disponerte eit bra bruk på 3,71 mark. I 1893 vart bruket skøytt over på Birte Nilsdtr Myrkaskog (1847–1926) & 1877 Ola Lasseson Turvoll (1845–1914). Dei kom frå lnr 45 Turvoll, var så ei kort tid frå 1880 på Bruavoll før dei kom til Myrkaskog. Born: Nils 1870 (sjå lnr 45a Turvoll), Marta 1878, Ola 1880–80, Inga 1882 (lnr 70 Ovri), Anna 1885–90, Brita 1887–90, Birte 1889–1969 (ugift, mykje heime). Marta Oladtr Myrkaskog (1878–1968) & 1909 sersjant Jon Ingebrigtson Sæbø (1880–1958) overtok bruket i 1911. Mor til Jon, Synneva Hermunddtr, var frå lnr 3 Sæbø, men gifte seg til lnr 44c Øvstedal, der guten vart oppfostra. Borna: Helga 1905 (lnr 40c* Vetle-Nummedal), Olav 1907 (Grinde på Leikanger), Synneva 1910 (Kvamsvåg), Otto 1911, Birte 1914 (Nøtlevåg i Radøy, Hordaland), Anna 1915 (bnr 26/32 i Moane-Hove), Inga 1918 (Jordalen, så Stalheim på Vossestrand), Nils 1921 (bnr 41/104 i Tomtebu på Vikøyri), Margit 1922 (sjå note). I 1936 vart bruket selt ved tvangsauksjon. Kjøpar var Eirik Andersson Føli. Han selde det til Otto Jonson Myrkaskog (1911–). Unntak var Øygarden, som fekk bnr 14/7 0,37 mark og som gjekk til Anders Sæbø. Ny skyld på bnr 14/1 var dermed 1,75 mark. Otto gifte seg i 1946 med Anna Oladtr Grønsberg (1920–2002) frå lnr 41b og dei hadde borna: Målfrid 1947 (Sogndal), Sigrun 1948 (Fagernes), Jon Oddvar 1951(sjå note), Odd Asbjørn 1953, Brynhild 1959 (Bergen, så Oslo). Odd Asbjørn Myrkaskog (1953–) & 1981 Siv Hansdtr Grønningen (1960–) frå bnr 1/211 i Røysane-Sæbø overtok i 1979. Born: Silje 1981 (Hamar), Asbjørn 1984 (Øvste Hopperstadmarki nr 19), Mari 1986, Martin 1994.
Margit Jondtr Myrkaskog (1922–) & 1946 Erling Olason Kinden (1923–) var først i Vik, så i Os i Hordaland, så frå 1963 i Oslo, Vestby frå 1974 og Oppegård frå 1975. Om foreldra til Erling: sjå note lnr 12c under Teigum på Ovrisdalen. Born: Ingrid 1947 (Smedstad i Oslo), Margun 1948 (Ski), Oddvar 1950 (Fetsund i Akershus), Jorunn 1952 (Ski), Aud Margrethe 1959 (Langhus i Akershus).
Jon Oddvar Myrkaskog (1951–) & 1976 Berit Martinsen (1956–) frå Eidsvoll, har: Sigbjørn 1979 (Eidsvoll), Eiren 1981 (Bergen). Jon og Ruth var busette på Eidsvoll, vart skilde og Jon har flytta heim att.
Lnr 43b Myrkaskog 1,68 spd: Denne gardparten vart kjøpt og busett av Helge Ivarson Stadheim (1820–) frå lnr 27 & 1847 Stina Beintdtr Tenål (1823–). Stina var syster til Nils på lnr 43a. Helge og Stina hadde borna: Ivar 1846, Eli 1848, Beint 1851, Jon 1852, Ola 1854. Heile huslyden reiste til USA i 1855. Bruket vart selt til Ola Eirikson Grønsberg (1828–1865) frå lnr 41 & 1855 Marta Andersdtr Nummedal (1833–) frå lnr 36. Born: Ingeborg 1854, Eirik 1858 (USA i 1876), Brita 1859 (i Bergen i år 1900: Berthe Olsen), Anders 1862–75, Eli 1864–65 og Olina 1866–76. Ola Eirikson kom kanskje i økonomiske vanskar, for i 1858 vart bruket fråskilt lnr 43c 0,38 spd til Hermund Olason Sæbø og i 1865 vart ein endå større part frådelt: lnr 43d 0,72 spd til Petter Beintson Tenål. Den første parten kom seinare direkte inn under Sæbø, medan den siste fekk bnr 14/4 0,41 mark. Då Ola døydde i 1865, sat enkja tilbake med eit lite småbruk: lnr 43b* med skyld 0,58 spd. Dette bruket fekk seinare bnr 14/3 med skyld 0,65 mark. Ved folketeljinga i 1865 finn vi enkja Marta Andersdtr på småbruket med borna: Ingeborg, Eirik, Brita og Anders. På småbruket hadde dei då 3 kyr, 12 smalar og ein gris. Dei økonomiske problema heldt fram også etter Marta var blitt enkje. Ho fekk årleg støtte frå fattigkassa, og Brita 1859 vart sett bort til oppfostring. Marte og dei to døtrene reiste til USA i 1879, men alt i 1867 må Marta ha overlate drifta til husmannssonen Hermund Hansson Grønsberg (1833–1919) & 1857 Inga Oladtr Turvoll (1822–1906) frå lnr 46. I 1871 fekk Hermund skøyte på småbruket mot kår til Marta. Hermund og Inga fekk borna: Ola 1855, Hans 1858 (bnr 9/5 Vetle-Nummedal), Synneva 1864 (lnr 42 Seljestø), Anna 1867–69. Ola Hermundson Myrkaskog (1855–1944) & 1892 Anna Anfindtr Brekke (1852–1937) fekk: Inga 1893. Anna var ei dotter som Sigrid Sjurdtr Hopperstad (1816–1892) frå lnr 119 hadde med Anfin Johannesson Brekke (1821–1904) på lnr 89. Sigrid busette seg på Espesete. Inga Oladtr Myrkaskog (1893–1979) & 1918 Sjur Sjurson Grønsberg (1892–1961) frå lnr 41a hadde: Brita 1918, Anna 1923 (bnr 7/10 Fosse). Før Sjur døydde overlet han bruket til dei to døtrene. Brita Sjurdtr Myrkaskog (1918–1998) fekk Ingunn Solveig 1954 (bnr 38/10 på Hatlekolo) med Eilef Person Øvstedal (1928–2001) frå lnr 44cde. Bruket er nedlagt.
Bnr 14/4 0,41 mark vart kjøpt av Anders Petterson Tenål (1874–1964) i 1948. Han var busett på lnr 14b Tenål, men laga seinare til eit rom i ei utløe og budde der. Dette stykket gjekk i 1958 til Ola Jonson Holen og i 1959 til ein son til Anders, Anders Andersson Tenold, og i 1963 til Martin Andersson Tenold.
Husmann under Myrkaskog. I 1763 er Nils med kone nemnt som husmannsfolk under Myrkaskog. Dette må vera Nils Tollakson Bruavoll (1720–1779) & 1753 Ingeborg Markusdtr Øvstedal (1723–1806), og som vi trur budde i Hola. Heller ikkje seinare finn vi plassfolk i Myrkaskog.