Hola under Vange (Holen)
I Hola (Holao) under Vange finn vi ein av dei eldste husmannsplassane i bygda. Alt i 1723 er det ført opp at det var ein plass under eit bruk på Vange, og det må vera Hola på Seljadalen. Vi veit ikkje namnet på dei som budde der, men i 1757 finn vi i kyrkjeboka: «Døpt uægte barn på husmandsplassen Holen på Selliedalen kaldet Randi. Faderen skal være den herved også denne sommer bortreiste Peder Joensøn Vigøren. Moderen Synnøve Andersdatter nu tilholder i bemelte Holen».
Frå først på 1800-talet var det to huslydar i Hola, og sist på 1800-talet var det tre. Det ser ut som husa på desse plassane var samla i ei klynge.
Aslakplassen. I 1763 var «Aslak i Holen» og kona hans legdslemmar på Bruavoll. Det må vera plassfolk i Hola som var komne på legd på sine gamle dagar. I 1723 var Aslak Olason Berge (1690–1766) frå Kyrkjebø med kone leiglendingar på lnr 5 Juvik. Born: Synneva 1722, Randi 1725–41, Marta 1730, ei dotter 1731–31, Ola 1735–40, Anfin 1738–40. I 1732 overtok Aslak truleg husmannsplassen Hagen under Juvik og etter 1740 kom huslyden til Hola på Seljadalen. Synneva Aslakdtr Øvstedal vart konfirmert i 1742. Vi trur det er ho som fekk Randi 1757 med Per Jonson Vikøyri v874 (1726–1779). Dei to kjem bort for oss.
I 1763 gifte Eirik Kristofferson «Brekke» (1727–1777) seg med Marta Aslakdtr «Vange» (1730–1777). Brekke må vera tenaradresse for Eirik. Han vart ikkje konfirmert i Vik. Eirik var ingen trufast ektemann, for han fekk Nils 1765 med Marta Nilsdtr Kinni (1736–) frå lnr 56. Med kona hadde han: Kristoffer 1765, Dorte 1770–70, Aslak 1770–70, Gjertrud 1772.
Den 14. november 1777 tok eit jordskred stova og alle fire på plassen døydde.
Markusfolket. Markus Torgeirson Vangsnes (1679–1751) frå lnr 196 var truleg plassmann i Hola, sjølv om stadnamnet Øvstedal vart brukt då han døydde. Frå ca 1730 til ca 1745 var familien busett på Vangsnes. Kona er ukjend. Sannsynlege born: Ingeborg, Helga 1718–59, Brita 1719 (plass Teigum), Gjøa 1727–27, Hermund 1731–90, Marta 1737–40, Hermund 1742 (sjå note lnr 196 Vangsnes). I 1753 gifte Ingeborg Markusdtr Øvstedal (–) seg med Nils Tollakson Bruavoll (1720–1779). Nils og Ingeborg var på ein husmannsplass i Myrkaskog der dei fekk eit barn i 1753 (innført utan namn) og Kari 1762 (sjå plass nedanfor). Av skiftet etter Nils går det fram at det første barnet er Markus 1753. Markus Nilsson «Bruavoll» vart konfirmert i 1771. Ingeborg og Nils hadde svært lite jordisk gods. Etter frådrag for gjeld og utgifter sat Ingeborg og dei to borna tilbake med verdiar i buet etter Nils som tilsvara 6 riksdalar. Av det var «1 Stue Huus med Løe» til 3 riksdalar og ei ku til ein riksdalar. Bonden Ola Bårdson Myrkaskog overtok eiga i ei bu til ein dalar.
I 1723 finn vi Kristen Andersson med kone som husmannsfolk/innerstar i Øvstedal. Dette paret var truleg Kristen Andersson Tennefoss og Marta Jørgendtr «Vange», gifte i 1761. Før år 1800 må Kristen ha blitt enkjemann og gift seg på nytt, for ved folketeljinga i 1801 var Kristen Andersson (1723–) og enkja Ingeborg Markusdtr (1725–1806) som plassfolk under Myrkaskog. Då Ingeborg døydde, var stadnamnet «Hålen». Det tyder på at Markusfolket heile tida budde i Hola.
Markus Nilsson frå «Haalen» fekk Brita 1772 med jenta Barbra Endredtr Vikøyri v214 (1750–). I 1777 gifte Markus Nilsson «Grønsberg» (1753–1831) seg med Marta Perdtr «Grønsberg» (1748–1822). Grønsberg var tenaradresse for dei båe. Markus var frå Hola. Marta er ikkje på konfirmasjonslistene og såleis neppe frå Vik. Markus og Marta fekk: Lars 1777, Nils 1781, Ingeborg 1783 og Knut 1790. For Lars var stadnamnet Myrkaskog brukt ved dåpen, men det går fram at foreldra var i «Hålen». Deretter må huslyden ha flytt til Vikøyri, og tilnamnet «Hålen» følgde slekta vidare der. Sjå meir under Vikøyri v660.
Plassen og bruket Holen. Hola var ein stor plass. I 1803 finn vi at det var to brukarar på Vange som delte plassleiga. Husmannen hadde 2 kyr og 12 smalar og sådde ca 1,8 dekar blandkorn årleg. At plassen var stor, ser vi at husmann Alf «Haalen» under Vange var ein av dei få plassmennene som betalte formueskatt i 1789, og i 1816 betalte Alf Olason formue- og næringsskatt.
I 1789 var Alf Johannesson Fjærestad (1728–1803) frå lnr 95+97 & 1775 Brita Ellingdtr Føli (1748–1786?) frå lnr 22 husmannsfolk i Hola. I 1801 hadde Johannes og Brita borna Johannes 1774 og Marta 1779 med seg på plassen. Johannes var slåsskjempe. I 1804 gjekk han laus på Ola Hermundson Stadheim. Ola var på veg til Grønsberg, der han var i teneste. Han vart funnen «halvdaud» i vegen. I 1815 var Johannes Alfson «Hålen» i forliksrådet på grunn av ein krangel i stova til ein bonde på Brekke. Han kan då ha vore dreng på ein gard på Bøadalen. Han vart seinare husmann i Fresvik, og vart då registrert med gardsnamnet Tryti. I 1819 hadde Anders Anfinson Seim frå lnr 9 ovafor Johannes «Tretteteig» gitt uttrykk for at far hans, Alf Johannesson, hadde vore ein tjuv og at han hadde fått avskil frå kompaniet av same årsak. No var det Johannes som var på offensiven i forliksrådet! Om Marta 1779: sjå note lnr 9 Seim.
I 1801 finn vi på ein plass utan jord under Vange Alf Olason Turvoll (1765–1845) frå lnr 45 & Kari Nilsdtr «Myrkaskog» (1762–1848). Kari var av Markusfolket i Hola. Som for mange andre ekteskap på denne tida er året feilinnført til 1802. Alf og Kari overtok truleg den store plassen etter 1803. Dei hadde Eli 1798 (Vikøyri v828), Ingeborg 1801 (Vikøyri v205), Ola 1804. Enkja Kari Nilsdtr døydde på Holstad. Ola Alfson Hola (1804–1860) & 1843 Sesilia Knutdtr Vikøyri v574 (1817–) overtok plassen. Born: Kari 1837 (plass på Bruavoll), Knut 1840, Alf 1843–1843, Marta 1844, Ola 1848 (USA 1870), Alf 1854 (USA 1875), Ola 1857–61. I 1865 hadde plassfolka to kyr, 10 smalar, ein gris, korn og mykje poteter. Marta fekk Sitona 1874 med Anfin Andersson Seim (1856–) frå lnr 10. Sesilia og Marta med Sitona reiste til USA i 1876.
Knut Olason «Hålen» (1840–1885) & 1868 Gjertrud Larsdtr Vikøyri v606 (1843–1930) fekk: Olina 1867 (USA 1887), Ola 1870–70, Ola 1871–71, Jon 1872, Ola 1874 (USA 1898), Synneva 1878 (sjå lnr 45a Turvoll), Alf 1881–82, Alf 1882 (USA 1906). Knut fekk kjøpt plassen av Ola Nilsson Vange, lnr (6+7)g 0,13 spd. Det vart omforma til bnr 2/6 0,22 mark. Knut kjøpte seinare også noko av ein Tenål-eigedom på Seljadalen og la til bruket. Etter at Gjertrud vart tidleg enkje med mange små born, måtte ho få fattighjelp. Jon Knutson Holen (1872–1959) & 1893 Olina Jondtr Hønsi (1870–1946) frå lnr 83b overtok i 1896. Born: Knut 1894 (hus nr 26 Vikøyri), Jon 1895 (bnr 2/12 i Røysane-Vange) og Olav 1911. Olav Jonson Holen (1911–1997) & 1948 Gunvor Andersdtr Sæbø (1911–1989) frå lnr 2 fekk: Jon Arve 1949. Olav og Gunvor var dei siste som var busette i Hola. Jon Arve Olavson Holen (1949–1985) overtok. Frå 1979 budde han med huslyd på bnr 41/58 Breitun på Vikøyri-vest. Sjå meir der. Seinare overtok sonen Bjørn Kjetil Holen (1976–).
To nye husmannsplassar. I 1865 var det berre ein plass i Hola. Men deretter kom det to til, også dei under Vange. Alle plasshus var truleg samla i eitt tun. På den eine plassen var: Ola Eirikson Øvstedal de (1828–1911) & 1862 Marta Andersdtr Gotevik (1830–1904) frå lnr 7. Dei hadde ikkje born. I 1865 var dei tenarar hjå ei gardbrukarenkje i Orvedal. Der var dei kanskje verande i nokre år, for den eldste guten til enkja var berre 14 år. Kva tid dei vart husmenn i Hola, er det uråd å finna ut av. Men i 1875 var dei på plassen og hadde: 0,4 daa blandkorn, 0,7 daa poteter, 2 kyr og 7 smalar. Det finst dessutan ein ikkje tinglyst husmannskontrakt for plassen. Han var truleg skriven før 1877.
Den andre plassen må ha kome ca 1868. Dit kom Jon Andersson Øvre-Hove (1845–1914) frå plass under lnr 74 & 1870 Kari Andersdtr Bruavoll (1845–1905) frå plass under lnr 47b. Born: Hans 1867 (bnr 14/5 Bruavoll), Anders 1870 (bnr 12/11 Turvoll), Anna 1873 (Leirvik i Bøfjorden), Synneva 1878 (bnr 12/11 Turvoll), Martin 1885 (bnr 13/2 Øvstedal) og Ola 1889 (bnr 13/2 Øvstedal). Plassen vart nedlagt ca 1905.