Fosse
Fosse (fåsse): Fosse (1410, 1611), Foesse (1647, 1667), Fosse (1723, 1838, 1863, NG, VIK).
I 1601 var det tre brukarar på Fosse: Per, Lasse og Lars. I 1611 er Anders og Lars der, og i 1636 heiter brukarane Ola og Sjur. I 1645 og 1647 finn vi Ola med borna Ola og Guri og Sjur med borna Laurits, Ola og Randi. Då var det òg ein «husmann» Lasse med kona Anna. Dei var kanskje kårfolk. I 1655 var eit storbruk på 4 laupar delt mellom gamle Ola og unge Ola. På det tredje bruket sat enkja etter Sjur. I 1667 finn vi enkja etter gamle Ola, Barbra, og Ola Olason. Bruket til Sjur var no delt. Laurits dreiv 0,9 laup og enkja Ingeborg 0,8 laup. I 1701 finn vi Alf Markusson, Johannes Ivarson og Ola Olason som brukarar. I 1711 var Arne Fosse bonde og han hadde kone, eitt barn og ein dreng og ei tenestejente. Guttorm hadde kone, eitt barn og ei tenestejente, Johannes kone og to born. I matrikkelen i 1718 finn vi brukarane: Arne, Johannes og Guttorm, og i 1723 var brukarane Ola, Johannes og Guttorm.
Lnr 33 Fosse
4,53 spd = bnr 7/1 6,15 mark.
Eigar i 1647: Apostelkyrkjegodset, i 1723 Anna Finde, deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1835. Skyld: 4,0 laupar i 1647, 2,50 laupar i 1655 og 1667, 2,08 laupar i 1723, 1788 og 1838. Bruksdata for 1845: 3,5 daa potet, 11,2 daa korn, 2 hestar, 14 storfe, 40 smalar og 3 svin.
I 1647 heitte bonden på dette bruket Ola, Han dreiv eit storbruk på 4 laupar. Men noko seinare delte han bruket med ein annan som også heitte Ola (lnr 34). I 1667 var det enkja Barbra som dreiv bruket saman med sønene Endre 1626 (lnr 10 Seim), Elling 1633 og Anders 1653. Dette at Endre 1626 vart bonde på lnr 10 Seim er ei viktig endring frå boka i 2008. Aldersskilnaden tyder på at Barbra var andre kona til Ola. Neste leiglending frå ca 1680 var Alf Olason Fosse (1657–ca 1685) frå lnr 34. Han var gift med Brita Perdtr (ca 1650–ca 1695). Ho hadde ei syster med same førenamn, Brita Perdtr Midlang, gifte med Palne Midlang på lnr 98. Brita Perdtr Fosse vart gift på nytt med Alf Markusson Grønsberg (1657–1708) og dei fekk Brita (ukjent seinare) og sønene Ola 1680 og Anfin 1683. Sønene var med i manntalet i 1701. Anfin døydde truleg ung. Ola 1680 gifte seg med Gjertrud Ellingdtr Hove frå lnr 71 og dei kom til Feidje i Feios. Alf gifte seg på nytt med Brita Andersdtr Store Nummedal (1672–1752) frå lnr 39. Dei fekk Anders 1700 (lnr 66 Hallrynjo). Omkring 1712 kom eit nytt leiglendingspar, og då fekk Brita Andersdtr truleg kår. Det nye paret var: Arne Eirikson Føli (1685–1719) frå lnr 22 & Ranveig Larsdtr (1682–1744). Ranveig var truleg først gift med husmann Hans Olason, sjå «Husmenn under Fosse». Arne og Ranveig fekk: Anna 1708 (lnr 32 Stadheim) og Eirik 1712. Enkja gifte seg truleg for tredje gong med Ola Amundson (1684–1756). Ola var i 1701 tenar på Smidje i Feios. I følgje den gamle bygdeboka hadde Ola ein son Eirik. Han blir borte for oss. Eirik Arneson Fosse (1712–1756) & 1740 Anna Tordtr Ovri (1716–1790) frå lnr 67 fekk bygsling på bruket i 1740. Born: Anna 1741–41, Arne 1742, Brita 1746 (lnr 44 Øvstedal), Åsa 1748 (lnr 45 Turvoll), Tor 1752–55, Ola 1755 (lnr 5 Juvik). Om Tor står det at han døydde av «et ulyksalig børseskudd». Det var den eldste broren som hadde vore uheldig. Anna Tordtr gifte seg opp att 1757 med Øystein Olason Refsdal (1731–1778) frå lnr 59 og dei fekk Eirik 1758 (død mellom 1782 og 1798). Arne Eirikson Fosse (1742–1787) & 1777 Anna Oladtr Refsdal (1742–1822) frå lnr 59 hadde borna: Tor 1778, Ola 1781–1804, Eirik 1784 (sjå note). Anna var ei syster til Øystein. Ho gifte seg opp att 1781 med Eirik Kristenson Hove (1749–) frå lnr 73. Eirik levde i 1801 og var part i ein tvist i 1823, men er ikkje oppførd som gravlagd. Anna og Eirik hadde ikkje born. Neste leiglendingspar var Tor Arneson Fosse (1778–1834) & 1812 Kari Eirikdtr Myrkaskog (1794–) frå lnr 43. Born: Anna 1813 (sjå note), Anna 1815 (USA), Eirik 1817 (USA), Ingeborg 1820 (til Bergen i 1842), Anna 1823–23, Eirik 1825–25, Eirik 1826–26, Anna 1829–29, Marta 1832–32. Etter at Tor døydde, vart det endring i eigar- og driftsforhold. Endringa skjedde i 1835 ved at bruket vart skøytt over på enkja Kari 1794 og ved at det same dag gjekk over til rikmannen Nils Olason Sæbø og så til son hans, Fredrik. Denne framgangsmåten hindra at borna til Kari fekk forkjøpsrett. Som motyting fekk ho truleg eit godt kår. Fredrik overtok drifta av bruket. Men Kari og borna budde også der, for i 1845 var det to hushald på bruket. I 1846 reiste Kari til USA med to av borna. Fredrik Nilsson Sæbø (1817–1892) frå lnr 4 & 1840 Anna Oladtr Sæbø (1814–1861) frå plassen Urdi i Røysane-Sæbø fekk borna: Kristina Marie 1839 (lnr 44a Øvstedal), Helga 1842 (lnr 44a Øvstedal), Hansina 1846 (sjå note lnr 70 Ovri), Nils 1848, Ola 1851–92 (Sogndal: Skjeldestad 1878–87, så Flugheim, gravlagd i Vik), Petter 1854 (bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim), Kristian 1858 (USA 1882), Anders 1861–61. Nils Fredrikson Fosse (1848–1909) & 1876 Synneva Nilsdtr Vange (1851–1939) frå lnr 6+7 tok over bruket i 1875. Born: Anna 1876–1952 (ugift, bnr 1/93 på Vetleøyri), Nils 1878–1944 (ugift, heime), Fredrikka 1881 (lnr 120 Hopperstad og lnr 84a Hønsi), Turid 1883 (sjå note lnr 84a Hønsi), Hansina 1887 (lnr 36a Nummedal), Fredrik 1889, Kari 1891–91, Karen 1892 (USA 1917), Olav 1894–1912, Anders 1895. Bruket vart i 1914 delt mellom to søner. Bnr 7/1 var deretter på 3,08 mark og nytt bnr 7/8 3,07 mark.
Anna Tordtr Fosse (1813–) fekk Tor 1841–41 med Nils Olason Vikøyri v718 (1813–1896) og Marta 1844 med Matias Olason Vetleøyri s140 (1818–1852). Anna tok barnet med til USA i 1846.
Bnr 7/1 3,08 mark.
I 1951 kom også lnr 57 Karevoll med Stedjeberget inn under bruket. Fredrik Nilsson Fosse (1889–1976) & 1918 Tina Ivardtr Karevoll (1897–1975) frå lnr 57 fekk borna: Synneva 1919 (bnr 3/29 på Vetleøyri), Olav 1922 (ugift, bnr 1/93 Vetleøyri), Nils 1924. Nils Fredrikson Fosse (1924–2003) & 1949 Agnes Jondtr Midlang (1921–) frå bnr 35/6 under lnr 100, overtok i 1956. Born: Signe Marie 1950 (sjå lnr 59 Refsdal), Jon Bjarne 1953 (Hamar), Fredleif 1955 (Sogndal). Bruket gjekk i 1992 til Jon Bjarne Nilsson Fosse (1953–) & 1980 Randi Merete Skjelbreid (1956–). Born: Preben 1981, Pål 1983. Jon og Randi budde ikkje i bygda, men bruket var ei tid i drift med leigde folk. Drift vart avslutta i 2005. Det meste av bruket er frådelt og lagt under tre andre bruk.
Bnr 7/8 3,07 mark:
Anders Nilsson Fosse (1895–1967) & 1920 Johanna Johandtr Hauglum (1899–1977) frå lnr 17a Holane i Arnafjord sokn, tok mot gardparten i 1922. Born: Synneva 1920 (Fresvik), Gjertrud 1921 (Bergen), Karen 1923 (sjå note lnr 52 Orvedal), Anna 1924 (Ovestevegen 2 i Øyane-Sjøtun), Arnfinn 1926, Svanhild 1928 (Kongsberg), Olga 1936 (Fusa). Arnfinn Andersson Fosse (1926–) & 1959 Ragnhild Ellenddtr Kinni (1923–2001) frå lnr 56 fekk skøyte i 1962. Born: Reidun 1956 (Bergen) og Arild 1962. Arild Arnfinnson Fosse (1962–) tok over i 1992, men driv ikkje bruket. Han og Inger-Cecilie Førrisdahl (1968–) frå Rakkestad har: Andreas 1999. Dei busette seg på bnr 97/28-9 i Tråna på Vangsnes.
Eirik Arneson Fosse (1784–1842) var lærar på Seljadalen. Han gifte seg 1819 med Anna Oladtr Holane (1798–) frå plassen Holumshaugen i Arnafjord sokn og dei fekk: Ola 1818, Anna 1822, Eirik 1824, Barbra 1826. Huslyden budde truleg i ei eiga stove på Fosse. Ola Eirikson Fosse (1818–) & 1844 Synneva Oladtr Sæbø (1811–) frå plassen Urdi i Røysane-Sæbø fekk: Eirik 1842–42, Anna 1844, Helga 1848, Eirik 1853. Denne huslyden budde truleg i same stova som enkja Anna. Alle reiste til USA i 1854.
Lnr 34 Fosse
4,23 spd. Eigar i 1647: Apostelkyrkjegodset, i 1723 arvingar etter Ludvig Munthe, så Anders Daae. Sjølveige frå 1771 og 1775. Skyld: 1,50 laupar i 1655 og 1667, 2,08 laupar i 1723, 1788 og 1838. Bruksdata for 1845: 2,8 daa potet, 11,2 daa korn, 2 hestar, 16 storfe, 40 smalar og 3 svin.
Ola Olason Fosse (1621–1709) var son til gamle Ola Fosse på lnr 33. Bruket var eit delbruk av det bruket gamle Ola sat på. Ola 1621 hadde: Alf 1657, Ingebrigt 1661 og truleg Åsa (lnr 72 Hove). Alf overtok bygslinga av lnr 33. Ingebrigt Olason Fosse (1661–1731) gifte seg med Marta Andersdtr Føli (1663–1742) frå lnr 22+23 og overtok bygslinga. Dei fekk Anders 1698 (lnr 23 Føli) og Endre (plass lnr 22c Teigum, Orvedal). Men etter ei tid gjorde Ingebrigt gardabyte med ein bror til Marta og flytta til lnr 23 Føli. Ingebrigt var innerst i Nummedal i 1701. Guttorm Andersson Føli (1675–1748) frå lnr 22+23 var truleg gift med ei som heitte Eli (1676–1737). Vi veit om borna: Helga, Ola 1708 og Anders 1710 (lnr 56 Kinni). Ola Guttormson Fosse (1708–1756) & 1742 Åsa Amunddtr Myrkaskog (1716–1801) frå lnr 43 fekk: Eli 1742 (ugift), Åsa 1744 (lnr 22 Føli), Anna 1747 (lnr 17 Tenål), Marta 1750 (sjå note lnr 23 Føli), Guttorm 1753 (sjå note lnr 19 Føli). Åsa gifte seg opp att 1757 med Arne Jonson Store-Nummedal (1726–1798) frå lnr 36. Dei fekk: Jon 1764, Ola 1782–1804. Arne Jonson var den første sjølveigaren på bruket. Han kjøpte det på auksjon i 1772. Jon Arneson Fosse (1764–1792) & 1790 Kari Ellenddtr Kjelven (1769–1838) frå lnr 39 i Arnafjord sokn fekk borna: Ola 1790, Åsa 1791–93. Kari gifte seg opp att med Guttorm Olason Nummedal (1766–1846) frå lnr 36. Oppgitt årstal i kyrkjeboka for ekteskapet er 1802, men dei vart truleg gifte i 1792 eller 1793! Born: Åsa 1793–1846 (ugift på Fosse), Jon 1797–97, Jon 1798–1805, Ola 1801 (lnr 3 Øksdal i Vangsnes sokn), Ellend 1804 (lnr 56 Kinni), Jon 1806 (lnr 95b Fjærestad), Arne 1809 (sjå plassen Eiriksbakken på Fosse). Guttorm fekk skøyte på bruket i 1793, men seinare vart odelsretten tilkjent son til Jon Arneson Fosse. Ola Jonson Fosse (1790–1846) fekk 6 år gamal skøyte på bruket. Han gifte seg 1821 med Sigrid Eirikdtr Myrkaskog (1798–1888) frå lnr 43. Dei hadde: Jon 1822–41, Eirik 1824, Guttorm 1825–28, Guttorm 1830, Arne 1834 (USA 1866), Ola 1838–38, Ingeborg 1840 (sjå plass Rislåg). I skiftet etter Ola Jonson i 1848 gjekk bruket til Eirik Olason Fosse (1824–). Men han selde det vidare til broren Guttorm i 1853 og reiste til USA. Guttorm Olason Fosse (1830–1910) & 1857 Sigrid Tollakdtr Fosse (1825–1906) frå lnr 35 hadde ikkje born, men tok til seg Anna 1861 frå lnr 83a Hønsi.
I 1878 vart bruket frådelt to partar. Lnr 34b på 0,41 spd gjekk til Tollak Knutson Fosse og lnr 34c på 0,15 spd til Ola Knutson Fosse. Bruket til Guttorm, lnr 34a, var deretter på 3,88 spd, og det fekk seinare bnr 7/2 5,17 mark. Bruket gjekk til Anna Alfdtr (Hønsi) Fosse (1861–1927) & 1884 Anders Hermundson Refsdal (1864–1946) frå lnr 58. Born: Hermund 1885 (USA 1904), Sitona 1886 (lnr 41b Grønsberg), Olina 1889–95, Ragnhild 1891 (Stokkebø i Balestrand), Guttorm 1892–1920, Olina 1895 (Tue i Balestrand), Alf 1898 (Berge i Fjærland), Ragna 1900 (Vikøyri v552), Anna 1900 (hus nr 26 Vikøyri-Sæbø), Brita 1904 (Oslo). Huslyden flytta omkring 1902 til lnr 37 Nummedal. I 1903 vart bruket difor skøytt over på Per Nilsson Myrkaskog (1863–1937) frå lnr 43a & 1887 Anna Oladtr Turvoll (1867–1942) frå lnr 46. På 1890-talet hadde Per og Anna bygt opp eit lite bruk, bnr 14/2 0,48 mark, på Bruavoll. Denne gardparten vart etter 1903 driven saman med bnr 7/2. Ekteparet fekk borna: Nils 1887–91, Anna 1889–94, Nils 1891, Agata 1893 (bnr 7/9), Ola 1895 (sjå bnr 1/140+144 under [lnr 1+4]f Sæbø), Anna 1898 (lnr 84b Hønsi), Per 1900 (Voss), Harald 1904 (sjå bnr 7/9), Jenny 1906 (lnr 71a+73a Hove), Olina 1909 (bnr 40/25 under Skulen-Grov), Brita 1910 (lnr 83a Hønsi). Nils Person Fosse (1891–1973) & 1920 Brita Helgedtr Hopperstad (1893–1983) frå bnr 39/21på Hatlekolo, tok mot bruket i 1926. Dei hadde borna: Anna 1921 (lnr 41b Grønsberg), Per 1923, Helge 1925 (bnr 7/11), Guri 1932 (bnr 26/55 i Vollareina). Per Nilsson Fosse (1923–1999) & 1958 Johanna Oladtr Fosse (1926–) frå bnr 7/7 tok over bruket i 1961. Born: Nils Ove 1960, Agnar 1961 (bnr 2/66 på Vange-aust), Brita 1963 (Bergen), Vidar 1965 (bnr 41/9 i Villastrøket-Sjøtun), Kåre 1967 (bnr 4/87 under lnr 14a Tenål). Bruket gjekk i 1993 til Nils Ove Person Fosse (1960–) & 1983 Inger-Lise Oladtr Fjærestad (1962–) frå Hagen-Bøadalen. Born: Trude 1991, Sindre 1996.
Bnr 7/9 Bakketun 0,07 mark. Denne vesle parten vart skilt frå bnr 7/2 til Agata Perdtr Fosse (1893–1980). På eigedomen bygde Harald Person Fosse (1904–1974) & 1930 Fredrikke Kristendtr Tryti (1908–2004) frå lnr 108b Trytisøyna hus etter at bruket deira på Bruavoll vart teke av ras i 1931. Harald var vegvaktar. Born: Per 1931 (Mosjøen, sjå bnr 14/5 Bruavoll), Gjertrud 1933 (lnr 38 Nummedal), Kristen 1934 (lnr 187a Vangsnes), Anna 1936 (Oslo), Hildur Frøydis 1940 (Oslo). I 1955 kjøpte Harald og Fredrikka bnr 39/14 på Hopperstad og flytta dit. I 1957 vart bruket teke tilbake på odel. Dei bygde då hus i Vollareina (sjå under Voll). Bnr 7/9 og ein ny part av hovudbruket, bnr 7/11 Bakkely 0,05 mark, gjekk til: Helge Nilsson Fosse (1925–1986) & 1953 Jenny Luise Ivardtr Gulteig (1930–) frå lnr 53 Gullteigane. Born: Norvald 1954 (bnr 4/77 i Seljestokkane på Tenål), Inge 1957 (bnr 2/56 på Vange-aust), Jorunn 1964 (bnr 97/189 i Sinklesteinsviki på Vangsnes). Helge var snikkar.
Lnr 35 Fosse
4,33 spd. Eigar i 1647 Lyse kloster, i 1723 Anna Finde, deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1851. Skyld: 1,82 laupar i 1647, 1,50 laupar i 1655, 0,9+0,8 laupar i 1667, 1,83 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 3,5 daa potet, 12,3 daa korn, 3 hestar, 14 storfe, 30 smalar og 3 grisar på bruket.
I 1635 og åra framover var Sjur og kona Ingeborg leiglendingar på bruket. I 1667 var Ingeborg enkje og dreiv eit kårbruk og hadde med seg sonen Samson 1635. Men det var sonen Lars Sjurson Fosse (–) som dreiv sjølve bruket. Lars hadde borna: Sjur 1659, Brita 1661, Lars og Samson. Dei tre gutane døydde truleg unge. I 1701 var Johannes Ivarson Sæbø (1659–1743) frå lnr 2 komen til bruket. Johannes hadde i første ekteskap borna: Ivar 1689 (ugift), Lars 1695 (lnr 39 Nummedal), Sigrid (ugift), Ragnhild (lnr 42 Seljestø). Johannes vart attgift med Brita Larsdtr (1661–1752). Born: Ola 1700, Johannes 1704 (lnr 11 Seim). I 1727 bygsla eigaren Anna Finde bruket til Ola Johannesson Fosse (1700–1759) & 1728 Guri Amunddtr «Fosse» (1708–1768). Fosse må vera tenaradresse for Guri. Ho var kanskje ei syster til Ola Amundson på lnr 33. Guri og Ola fekk: Helga 1730 og truleg Johannes (lnr 77 Hove). Helga Oladtr Fosse (1730–1786?) & 1755 Elling Torson Ovri (1726–1805) frå lnr 67 hadde borna: Ola 1755, Åsa 1756–56, Åsa 1765–71. Ola Ellingson Fosse (1755–1813) & 1788 Marta Guttormdtr Midlang (1762–1797) frå lnr 99 hadde Ragnhild 1790. Ola vart gift på nytt 1798 med Turid Monsdtr Brekke (1751–1837) frå Ortnevik. Turid hadde ein halvbror, Markus 1725, på Vikøyri v658, halvsystera Barbra 1739 på Vikøyri v026 og broren Aldrik 1745 på ein plass under lnr 64 Stedje. Neste brukar fekk bygsel på bruket i 1810. Ragnhild Oladtr Fosse (1790–1850) & 1810 Tollak Ivarson Rislåg (1778–1850) frå lnr 55 hadde: Elling 1810 (lnr 15 Tenål), Brita 1812 (lnr 32 Stadheim), Marta 1815 (lnr 54 Rislåg), Helga 1819, Turid 1822, Sigrid 1825 (lnr 34 Fosse), Ola 1828, Guri 1832. Tollak hadde kanskje drive bondehandel saman med Johannes Knutson, ein velståande jekteførar på Vikøyri. I 1810 må han ha kjent seg grundig lurt og hadde kalla Johannes for ei hundesjel og bedt han reisa heim og kyssa alle horene sine i baken. Han hevda at Johannes hadde teke frå han 100 riksdalar. I forliksrådet redusert han kravet til 60 riksdalar, men saka hamna i retten. I 1851 skøytte eigaren av lnr 35 bruket over på leiglendingen Ola Tollakson Fosse (1828–1918) som dermed var det første sjølveigaren på bruket. Men denne ugifte karen må ha blitt uskikka til å driva som bonde, for i 1863 gjekk bruket ved verje over på systera Helga Tollakdtr Fosse (1819–1908). Ho hadde i 1851 gift seg med Anders Olason Åse (1819–1861) frå ein plass under lnr 48. I følgje utvandringslistene reiste dei til USA i 1853, men dei må ha kome tilbake til Vik. I 1864 gifte Helga seg på nytt med Per Olason Stedje (1823–1886) frå lnr 64. Dei budde i Sæbø, men Helga døydde på Fosse, sjå meir under «Sjølveigd stove» under lnr 2 Sæbø. I 1865 vart bruket skøytt til to ugifte systrer: Turid Tollakdtr Fosse (1822–1887) ogGuri Tollakdtr Fosse (1832–1924). Ved folketeljinga i 1865 var systersønene Tollak Knutson Rislåg og Ola Knutson Rislåg busette på lnr 35, og dei overtok truleg etter kvart drifta. I 1878 vart halvparten av bruket på Fosse skøytt over på Ola Knutson (lnr 35b) og i 1889 fekk broren Tollak den andre halvparten (lnr 35a). Dei to brørne fekk i 1878 dessutan tilleggsjord frå lnr 34, der mostra Sigrid budde. Det skjedde ved at bruket vart frådelt lnr 34b 0,41 spd til Tollak Knutson og lnr 34c 0,15 spd til Ola Knutson.
Lnr 35b+34c Fosse = bnr 7/5+7/4 2,97+0,19 mark: Ola Knutson Rislåg (1847–1924) frå lnr 54 & 1877 Olina Oladtr Øvre-Hove (1854–1936) frå lnr 77 hadde: Marta 1877–77, Ola 1879–1976 (heime), Knut 1881 (USA 1900), Johan 1883–83, Johan 1884 (USA 1903), Marta 1886–86, Anders 1887 (USA 1906), Elling 1890–90, Elling 1891 (USA 1910), Marta 1894–94, Martin 1895, Eli 1902 (lnr 65 Hallrynjo). Martin Olason Fosse (1895–1971) & 1920 Olga Oladtr Vikøren (1897–1981) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø overtok i 1927. Born: Olina 1921 (lnr 36c Nummedal), Otto 1923, Ola 1926, Marie 1928 (Bergen). Otto Martinson Fosse (1923–1986) & 1955 Ingebjørg Endredtr Brudevoll (1934–1957) hadde bruket 1960–85. Born: Berit 1955, Oddbjørg 1957 (Askøy). Berit Ottodtr Fosse (1955–) & 1982 Jon Ivarson Fjærestad (1950–) frå lnr 97 Brennene, fekk Elin 1984. Dei har drive båe bruka.
Bnr 7/10 Brunehaugane 0,07 mark, frådelt i 1953. Ola Martinson Fosse (1926–) & 1952 Anna Sjurdtr Myrkaskog (1923–2003) frå lnr 43b fekk: Martin Sigve 1965. Martin Sigve Olason Fosse (1965–) & 1992 May-Britt Magnedtr Rinde (1972–) frå Ovestevegen 8 i Øyane-Sjøtun har bygt hus på staden. Born: Anette 1993, Birgitte 1994, Nina 2000.
Lnr 35a+34b Fosse = bnr 7/6+7/3 2,96+0,53 mark. Tollak Knutson Rislåg (1842–1911) frå lnr 54 & 1870 Anna Andersdtr Sæbø (1842–1909) frå lnr 2 bygde opp dette bruket. Born: Marta 1871, Anders 1872, Ragnhild 1873–1933 (ugift), Knut 1877 (sjå note lnr 83b Hønsi og lnr 36d Nummedal), Inga 1878–88. Marta Tollakdtr Fosse (1871–1935) fekk Inga 1892 med Anders Jonson Holen (1870–1961) på bnr 12/11 Turvoll. Denne jenta, gift til Vange sjå under lnr 6+7, vart oppfostra på Fosse. I 1900 fekk Ragnhild 1873 støtte til asylutgifter. Anders Tollakson Fosse (1872–1937) & 1894 Johanna Oladtr Turvoll (1872–1952) frå lnr 46 fekk: Tollak 1894, Ola 1895 (bnr 7/7 Fosse), Anders 1898–1901, Anton 1899–1900, Anna 1901 (Vaksdal i Hordaland), Inga 1904 (bnr 1/30 i Røysane-Sæbø), Anton 1906 (USA 1930), Jenny 1908 (gift med Torald Eiki i Vetlefjorden), Anders 1911 (USA 1930). Bruket vart delt mellom to av sønene, Tollak og Ola.
Bnr 7/6 1,48 mark. Tollak Andersson Fosse (1894–1954) & 1917 Øllegård Ivardtr Jordalen (1883–1973), Vossestrand, tok mot delbruket i 1920. Om foreldra til Øllegård: sjå lnr 66 Hallrynjo. Dei fekk Johanna 1920. Bruket vart i 1949 skøytt til Johanna Tollakdtr Fosse (1920–) & 1942 Anders Olason Grønsberg (1911–1988) frå lnr 41a, sjå òg lnr 8 Vange. Born: Agnes 1942 (lnr 59 Refsdal) og Bjørg Solveig 1946 (Vikøyri-Sjøtun, hus nr 67). Omar Person Fosse Refsdal (1963–) frå lnr 59 & 1993 Gerd Elin Eilivdtr Andersen (1968–) frå Prestvegen 14 i Prestberget tok over i 1985. Born: Silje 1991, Ingvild 1994, Anders 1997. Omar Person har også teke over småbruket bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim og driv jorda frå Fosse.
Bnr 7/7 1,48 mark. Ola Andersson Fosse (1895–1944) & 1920 Anna Ivardtr Karevoll (1894–1970) frå lnr 57 fekk borna: Karen 1920 (hus på bygsla tomt under lnr 26 Stadheim), Johanna 1926 (bnr 7/2 under lnr 34), Anders 1928. I 1964 gjekk bruket til: Anders Olason Fosse (1928–) & 1956 Brynhild Tordtr Voll (1928–) frå lnr 80b. Born: Oddvar 1958 (Stavanger), Brita 1964 (bnr 40/37 i bustadfelt i Moane-Grov).
Husmenn på Fosse
I 1723 og 1763 var det ikkje husmenn på Fosse. Men Ranveig Larsdtr (1682–1744) kan ha blitt gift med husmann Hans Olason Fosse (1664–). I 1701 var Hans tenar på Fosse. Den ugifte Guri Hansdtr Fosse (1707–1768) døydde på Fosse. Ranveig vart attgift til lnr 33.
Eiriksbakken under lnr 34. I 1840 fekk Arne Guttormson Fosse (1809–1872) frå lnr 34 tinglyst husmannskontrakt på Eiriksbakken av halvbroren, Ola Jonson Fosse. Det går fram av festesetelen at Arne hadde rydda jorda og sett seg opp hus. I tillegg skulle han kunne nytta ein åker under husa, ein slåtteteig som heitte Hagen og ei liti slette under «fjeldet ovenfor Anfind Helgesen». Han skulle få hogga ved i Vårstøllii etter «anvisning» kvart år. Arne Guttormson Fosse vart på denne husmannsplassen i 10–12 år. Då flytta huslyden til ein husmannsplass på Teigum, Ovrisdalen. Arne gifte seg i 1835 med Sesilia Eirikdtr Grønsberg (1811–1900) frå lnr 41 og dei fekk åtte born, det første på Grønsberg, dei fire neste på Fosse, dei tre siste på Teigum. Sjå meir under Teigum, lnr 22c.
Etter Arne Fosse vart Eiriksbakken busett av broren Jon Guttormson Fosse (1806–1867). Han var gift med Ingeborg Jondtr Åse (1818–1902) frå lnr 49. Dei flytta frå i 1860-åra og kjøpte lnr 95b Fjærestad.
Plass utan jord. Per Olason Stadheim (1815–) frå lnr 30 & 1848 Olina Ludvigdtr (1825-1861) var strandsitjarar under Osen i Feios, men vart så husmannsfolk utan jord på lnr 33 Fosse. I 1859 betalte fattigkassen for eit opphald for Olina på sjukehus i Bergen. Per med dottera Kristi 1853 og ei dotterdotter Olina 1879 reiste til USA i 1879. Far til jenta var handelsbetjent Bertil Gunnarson Ask frå Askvoll. Sjå òg note under lnr 30 Stadheim.
Plassen Trægjelet. På ein plass utan jord var Nils Lasseson Osland (1837–1926) & 1873 Brita Nilsdtr Haukebø (1848–1891), båe frå Kyrkjebø. Born: Kristina 1873 (plass under lnr 48 Åse), Nils 1876, Anna 1878, Lasse 1883, Per 1886 (lnr 44c Øvstedal). Nils livnærte seg med jordbruksarbeid og som snikkar. Han og Brita hadde berre eit lite stovehus, men neppe husdyr. Nils gifte seg opp att 1893 med Johanna Amunddtr Gullteigane (1853–1898) frå lnr 53. I 1899 med Maren Øvstedal og han flytta inn hjå henne (sjå lnr 44 Øvstedal).