Teigum
Lnr 51b Orvedal 0,11 spd = bnr 16/3 Teigum 0,16 mark. Denne bruksdelen under Orvedal vart kjøpt av snikkar Jon Hermundson Rislåg (1858–1913) frå lnr 55a. Han gifte seg 1880 med Sigrid Andersdtr Mannebrekke (1849–1932) frå Vadheim. Dei fekk 8 born. Huslyden flytta til bnr 6/10 Hagateigen der dei hadde eit lite småbruk. (Sjå om borna under Hagen-Hove.) Jorda gjekk til hovudbruket lnr 52 Orvedal.
Oppdeling av Føli-bruk, oversyn: Svært mykje av Føli lnr 22, med skyld 3,25 spd, låg på Teigane. Men også eit anna Følisbruk hadde jord der. Då eigaren Adolf Daae i 1856 selde ut bruket lnr 22 i 7 parsellar, kom jorda på Teigane over på bønder på Ovrisdalen: Lnr 22a 0,95 spd gjekk til Ola Sjurson (Rislåg) Refsdal, lnr 22c 0,55 spd til Ola Olason (Sæbø) Orvedal, og lnr 22d 0,55 spd til Hermund Sjurson Rislåg. I 1866 vart lnr 22c delt i to like delar. Lnr 22c1 = bnr 6/21 0,39 mark vart omkring 1893 kjøpt av Helge Arneson Teigum.
Også Føli lnr 24 2,60 spd hadde jord på Ovrisdalen. I 1879 vart dette Følisbruket tredel: lnr 24a 0,43 spd gjekk til Søren Mikkelson Rislåg og lnr 24d 0,43 spd til Johannes Torson (Hove) Teigum.
Lnr 22a Teigane-Føli 0,95 spd: I 1866 var enkja Gyrid Johannesdtr (Orvedal) Refsdal på lnr 61 eigar av denne parsellen og i 1886 sonen Ivar 1844. Johannes Torson Hove (1841–1901) frå lnr (71+73)b6 kjøpte parten og busette seg der. Johannes gifte seg i 1869 med Pernille Jensdtr Løland (1850–1909) frå Hyllestad. (Far hennar gifte seg på nytt i 1897 med «Sigrid pao Reinao», sjå plass nr 1 under Vange). Fram til ca 1887 budde Johannes og Pernille på bnr 26/19 Hove. Etter sal av to svært små parsellar fekk parten av Føli bnr 6/20 med skyld 1,23 mark. I 1895 kjøpte Johannes dessutan lnr 54d 0,43 spd = bnr 18/4 0,48 mark av Rislåg. Born: Tor 1869 (USA 1892), Guri 1873–74, Guri 1875 (USA 1900), Jens 1876 (USA 1900), Ragnhild 1878 (gift i Bergen), Karl 1881, Brita 1883 (døydde i spanskesykja), Johannes 1885 (USA 1908), Jensina 1891 (Bjordal i Kyrkjebø), Per 1891 (USA 1910). I 1907 vart dei to gardpartane skøytt frå enkja Pernille til sonen Karl Johannesson Orvedal (1881–1938) & 1906 Birte Ivardtr Tenål (1873–1940) frå plass nr 1 under lnr 13. I 1913 vart bnr 3/20 på 0,45 mark lagt til gardsnummeret, slik at bnr 6/20 Føli vart på 1,68 mark. Karl og Birte var barnelause. I 1919 selde dei småbruket og bygde hus i Villastrøket-Sjøtun, bnr 41/9. Bruket vart delt i to delar. Bnr 6/20 med ny skyld 0,64 mark vart i 1921 skøytt over på Tor Markusson Voll. Denne jorda har seinare blitt drive frå Voll. Den andre halvparten fekk bnr 6/28 og vart framleis busett.
Ola Guttormson Kinni (1889–1970) frå lnr 56 & 1918 Ingeborg Ivardtr Rislåg (1892–1969) frå lnr 55a budde på Teigum, på teigen bnr 6/20 0,64 mark under Voll. Ola var målar og var lenge i Høyanger. Ingeborg var mykje med på baking rundt om på gardane. Dei hadde: Guttorm 1918 (bnr 26/42 i Moane-Hove), Ivar 1921–24, Erling 1923 (sjå note lnr 43a Myrkaskog), Ivar 1926 (sjå note lnr 76 Hove).
Bnr 6/28 Teigum 0,84 mark vart kjøpt i 1921 og busett av Bendik Endreson Holstad (1872–1943) frå lnr 87. Han kom frå bnr 26/17 0,10 mark ved Følisbrui, sjå lnr (71+73)b7 Hove. Han gifte seg 1912 med Anna Johannesdtr Hagen-Hove (1875–1958) frå lnr 79a. Born: Johannes 1913–95 (Florø), Anna 1914 (Vangshuset under lnr 6+7 Vange), Endre 1916, Gjertrud 1918–19, Gunnar 1921–88 (Skien). Bendik dreiv bondehandel frå ca 1915 til 1925 og han stølte på fjellstølar med leigegeiter. Bruket vart i 1959 skøytt til Endre Bendikson Holstad (1916–2008) & 1945 Marie Ivardtr Vikøren (1922–1969) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø. Born: Bjørn 1946, Ivar 1949 (Hatlevegen nr 23 i Prestberget), Astrid 1953 (bnr 40/33 i Moane-Grov), Gudmund 1954 (Oslo). Bjørn Endreson Holstad (1946–1996) overtok i 1990 og dreiv med sau. Familie: sjå under Hatlevegen nr 22 i Prestberget. Geir Bjørnson Holstad (1976–) overtok i 1996. Han bur i Stavanger og leiger bort slåtten.
Plass og småbruk av lnr 22c Føli. Frå ca 1730 og fram til sist på 1800-talet vart jord på lnr 22c busett av husmenn. Dei først var kanskje Endre Ingebrigtson Føli (–) frå lnr 23 & 1737 husmannsdtr Sissel Johannesdtr Gildhus (–). Endre må vera fødd etter 1701. Dei fekk Marta 1736 og Anders 1740 (Vikøyri v034). Dei skal ha vore busette på «Teigen». I 1749 kom Endre i tvilsamt kompaniskap med Rasmus Knutson Stalheim frå Vossestrand. Han lova bort den 13 år gamle dottera si til Rasmus, men for å skaffa pengar til giftarmål i framtida gjorde dei eit innbrot i Eivindvik. Endre og Sissel kjem bort for oss og Marta finst ikkje i konfirmasjonslistene.
Johannes Larsson «Hopperstad» (1692–1766) hadde ein plass som låg under to Føli-bruk. Vi finn ingen person i Vik prestegjeld i manntalet frå 1701 som kan vera denne karen. Johannes var først gift 1730 med Brita Andersdtr Tenål (1687–1750) frå lnr 13 eller 14 og i 1750 med Brita Markusdtr «Sæbø» (1719–1797). Brita var truleg av «Markusfolket» i Hola på Seljadalen. Born: Brita 1752 (lnr 75 Øvre Hove) og Unni 1755–55. I 1777 gifte Brita seg på nytt med Johannes Janson Vikøyri v430 (1734–1804). Johannes Janson gifte seg på nytt 1797 med Ragnhild Lassedtr Refsdal (1762–1834) frå lnr 60. Johannes hadde neppe born med dei to konene sine. I 1801 må han ha vore skrøpeleg, for han hadde med seg ein unggut på plassen.
Johannes Ivarson Åse (1782–) frå lnr 49 & 1814 Ingeborg Ingebrigtdtr Vangsnes (1787–1825) frå lnr 192 var truleg husmannsfolk på denne plassen frå ca 1818. Borna var: Mari 1814–14, Mari 1815, Ivar 1817–32, Ingebrigt 1820 (USA 1844). Johannes gift seg opp att 1826 med Åsa Johannesdtr (1786–). Åsa var truleg tenestejente på Tryti i 1801, men opphav er ukjent. Johannes, Åsa og Mari reiste til USA i 1845.
Arne Guttormson Fosse (1809–1872) frå lnr 34 & 1835 Sesilia Eirikdtr Grønsberg (1811–1900) frå lnr 41 var først husmannsfolk på Eiriksbakken under Fosse før dei flytta inn på den ledige plassen på Teigane. Born: Kari 1835 (plass lnr 47a Bruavoll), Brita 1837 (Vikøyri v472), Olina 1840 (lnr 54e Rislåg), Guttorm 1843–43, Guttorm 1844–1900 (ugift, Bergen), Eirik 1848 (USA?), Helge 1850 (sjå nedanfor), Marta 1854 (sjå note). I teljinga i 1865 finn vi Arne og Sesilia med tre born på plassen. Sonen Guttorm er då oppført som skreddar. Han fekk Anna Maria 1875 (USA 1891) med Sigrid Perdtr Tønder (1851–1891) på «Tønderbruket» under lnr 12 Seim. Plassen var svært stor. I 1865 hadde dei: 3 kyr, 16 smalar og 2 grisar, og dyrka 2,45 daa potet og 2,20 daa bygg. Enkja Sesilia var i 1899 komen i pleie hjå dottera på lnr 54e Rislåg. Der døydde ho som fattiglem. Sonen Helge kjøpte plassen.
Frå husmannsplass til småbruk. Helge Arneson Teigum (1850–1930) & 1876 Kristina Andersdtr Stadheim (1843–1931) frå lnr 29 fekk: Sitona 1877–1963 (ugift på bruket), Stina 1878 (Lavik), Arne 1881, Marta 1884–85, Marta 1886 (lnr 57 Karevoll), Anna 1888 (Bergen). Broren Guttorm Arneson, var i 1875 òg på bruket. Han døydde i Bergen. Helge fekk etter kvart bygt opp eit større småbruk av mange parsellar i området: bnr 3/15 Seim 0,26 mark, bnr 3/19 Seim 0,45 mark, bnr 4/38 Tenål 0,04 mark, bnr 5/15 Stadheim 0,26 mark, bnr 6/27 Føli 0,02 mark og bnr 6/21 Føli 0,39 mark, til saman 1,42 mark. I 1875 hadde han 1,2 daa potet, 0,9 daa blandkorn, 3 kyr, 13 smalar og 1 gris på bruket. Sonen Arne Helgeson Teigum (1881–1957) tok over i 1916. Han var ugift. Bruket vart overteke i 1957 av Olav Sveinson Aase (1922–1990) frå bnr 15/1 & 1945 Lussi Ivardtr Refsdal Ovrid (1922–) frå lnr 68. Born: Laila 1945 (Odda), Steinar 1947 (Voss), Ingunn 1950 (bustadhus i Røysavegen-Sæbø, så Voss), Inga 1952. Inga Oladtr Aase (1952–) & 1972 Henning Georgson Sæbø (1943–) overtok bruket i 1991. Om Henning: sjå note lnr 3 Sæbø. Born: Helge 1973 (Bergen), Rune 1974 (Vik). Inga og Henning driv òg lnr 3 Sæbø, men med sau. Dei har båe arbeid utanom bruka.
Marta Arnedtr Teigum (1854-1892) & 1883 Nils Andersson Espevik (1855-1937) frå Lavik fekk i Vik: Anders 1883 og Sitona 1886. Familien var i 1886 på ein husmannsplass på Fosse, men flytta til Espevik i 1889. Der fekk dei 4 born til. Om Sitona 1886: sjå plass under lnr 47a Bruavoll.
Lnr 12c Teigane-Seim 0,28 spd = bnr 3/10 0,40 mark gjekk i 1868 til Ola Helgeson Turvoll (1835–1907) på lnr 79a Hagen-Hove. Denne teigen, som var utan busetnad, vart i 1872 skøytt til Ola Olason Orvedal frå lnr 52 og i 1883 til Ola Ivarson Sylvarnes (1819–1896) frå lnr 56 i Arnafjord sokn. Ola kom frå eit sambuarskap på lnr 67 Ovri. Han gifte seg 1888 med Gjøa Gunnardtr Austrheim (1839–1924) frå Kyrkjebø og dei busette seg på denne parsellen på Teigane. I 1914 vart bruket skøytt frå enkja til Jakob Monsson Knarrevik (1871–1963) frå Eivindvik. Han hadde i 1897 gift seg med Anna Lassedtr Tangen (1864–1949) frå Kyrkjebø. Anna var dotter til ei syster til Gjøa. Born: Ola 1897, Marie 1900 (Oslo), Anna 1902 (Vossestrand), Klara 1905 (Evanger), Gudrun 1907 (Skånevik i Hordaland), Johanna 1910 (Ås i Akershus, seinare Moss). I 1947 vart småbruket skøytt til sonen Ola Jakobson Orvedal Teigum (1897–1986) & 1939 Brita Eirikdtr Føli (1908–) frå lnr 19. Dei fekk Agnes 1939. Agnes Oladtr Teigum (1939–) & 1962 Trygve Larsen (1932–) frå Odda tok mot bruket i 1969. Born: Berit 1965, Ole Jakob 1966, Ruth 1970, Bjarne 1971. Agnes, Trygve og sonen Ole Jakob overtok i 1969 også bruket lnr 51 Orvedal (bnr 16/1).