Stedje
Stedje (staije): Stedie (1563), Stedde (1567), Stedie (1603, 1611, 1647, 1667), Stedje (1723, 1838, 1863, NG, VIK)
Stedje var busett etter øydetida alt i 1553 og brukaren heitte Ola. I 1603 var Per Stedje leiglending på garden. I 1611 var Stedje delt, og Ola og Samson var leiglendingar. I 1635 finn vi også to brukarar: Jens og Ola. I 1645 var Johannes og Gjertrud på eitt bruk og Jon, kona Ragnhild og sonen Ola på det andre. I 1667 var oppsitjarane Jon Olason 1601 med sonen Per 1641 og Ola 1625. Ola var gift og hadde Per 1643. I 1685 var Ola den einaste brukar. I 1701 var Per Olason Stedje (1667–) åleine brukar og han hadde med seg brørne Arne 1678, Nils 1681 og Simon 1683. Deretter var det berre eitt bruk på Stedje.
I 1647 var Anna Jensdtr Hjermann eigar av Stedje: 1,25 laupar i bruket til Johannes og 1,25 laupar i bruket til Jon. I 1667 var også matrikkelskylda 3,0 laupar, fordelt på to bruk
Lnr 64 Stedje
4,47 spd. I 1723 var Blixencrone eigar, deretter Daae-ætta, sjølveige frå 1775. Matrikkelskyld i 1723, 1788 og 1838: 2,83 laupar. I 1845 var det 4,9 daa potet, 15,8 daa korn, 3 hestar, 19 storfe, 62 smalar, 2 geiter og 5 grisar på bruket.
Ola Jonson Stedje (1625–1701) & Mildrid Nilsdtr Fjærestad (–) frå lnr 96 hadde sønene: Per 1667, Arne 1677 (lnr 57 Karevoll), Nils 1681, Simon 1683 (Vikøyri ) og minst ei dotter: Gyrid (lnr 3 Øksdal i Vangsnes sokn). Per Olason Stedje (1667–1736) var gift med Randi Bendikdtr Ovri (–) frå lnr 67 Ovri og dei hadde sønene: Ola 1703 (lnr 189+190 Vangsnes) og Nils (til Drege i Feios). Randi gifte seg opp att med lensmann Bendik Olason Brekke og flytta til lnr 88 på Bøadalen. I følgje den gamle bygdeboka var Simon Olason Stedje (1683–1763) med huslyd nokre år på Stedje. Elles var han på Vikøyri (sjå v906). Vi veit om sønene: Ingebrigt 1711 (Vikøyri v380), Ola 1713, Mons 1719 (lnr 65 Hallrynjo). Simon døydde på Vikøyri. Omkring 1740 må Ola Simonson Vikøyri v906 (1713–1767) & 1738 Ragnhild Lassedtr Hove (–1789) frå lnr 72 ha busett seg på bruket. Dei hadde borna: Per 1739–63, Ola 1740–40, Ola 1742–42, Simon 1744, Hermund 1747 (plass nr 1 Sæbø), Åsa 1751 (lnr 123 Hopperstad). Per var ein av fleire frå Vik som kom sjuk heim frå Kongens teneste i Danmark i 1763. Ragnhild må ha vore på Stedje som tenestejente, for der fekk ho Lasse 1733 med Botolv Markusson Espesete (1712–1762) på lnr 93. Guten voks opp på Stedje og gifte seg til lnr 60 Refsdal. Ragnhild vart attgift 1775 med enkjemann Amund Olason (Hatlestad) Skjørvo (–), og ho flytta til lnr 113 Skjørvo. Simon Olason Stedje (1744–1823) & 1769 Gjertrud Hansdtr Kvamme (1746–1829) frå Kvamsøy sokn overtok. I følgje den gamle bygdeboka hadde far hennar, lensmann Hans Kvamme, vore eigar av Stedje, og arvingar etter han skøytte bruket over på Simon i 1766. Simon og Gjertrud hadde to born som vi veit om: Ingrid 1784 (lnr 100 Midlang) og Ola 1787. Ola Simonson Stedje (1787–1871) & 1811 Anna Botolvdtr Espesete (1789–1877) frå lnr 93 fekk: Gjertrud 1812 (lnr 10 Svardal), Simon 1813, Åsa 1815 (sjå note lnr 87 Holstad), Botolv 1816 (lnr 51 Orvedal), Ragnhild 1818 (lnr 2 Sæbø), Hans 1820 (lnr 13e Tenål), Anna 1822–22, Per 1823 (lnr 35 Fosse og «Sjølveigd stove» på lnr 2 Sæbø), Jon 1829 (lnr 39 Nummedal). Ola fekk skøyte på bruket i 1806 og gjekk over på kår i 1855. Simon Olason Stedje (1813–1870) & 1842 Brita Nilsdtr Refsdal (1813–1908) frå lnr 58 hadde: Anna 1843–1931 (ugift), Ola 1845, Brita 1847 (lnr 61 Refsdal), Gyrid 1851–1931 (ugift på Stedje), Nilsina 1855–95, Jon 1857 (sjå note). Enkja Brita skøytte bruket frå seg i 1871. Ola Simonson Stedje (1845–1930) & 1874 Ragnhild Arnedtr Stadheim (1845–1908) frå lnr 32 fekk: Brita 1874 (bnr 1/57 i Røysane-Sæbø), Simon 1876, Brita 1877 (ugift, bnr 41/20 på Vikøyri-vest), Arne 1879 (USA 1911), Ola 1882–85, Ola 1885 (USA 1904), Per 1888–1951 (USA 1911), Anders 1890–91, Anders 1894 (USA 1914). I 1887 vart lnr 64b Stedjeberget skilt ut som eige bruk. Skyld lnr 64a 4,11 spd = bnr 23/1 5,94 mark. Simon Olason Stedje (1876–1962) & 1922 Anna Sjurdtr Undi (1877–1964) frå lnr 62 hadde ikkje born. Dei hadde garden 1919–46. Endre Jordalen (1911–1987) & 1940 Julia Birgitte Jensdtr Barsnes (1912–1985) frå Sogndal overtok. Endre var son til Henrik 1878 frå lnr 66 Hallrynjo. Born: Henrik 1940, Synneva 1941 (Hafslo), Asbjørn 1943 (Stord), Anna Marie 1946 (sjå note bnr 1/48-2 i Hamnen), Jarle 1949 (Voss), Egil Jostein 1954–78 (sjømann). Henrik Endreson Jordalen (1940–) & 1960 Edith Sofie Johndtr Lilleøren (1938–) frå bnr 1/78, hus nr 100, på Vetleøyri overtok i 1970 og har: Jorunn 1961 (bnr 1/123 under bnr 1/78 på Vetleøyri), Endre Johan 1962. Edith hadde frå før: Evelyn 1957 (Rødberg i Nore og Uvdal), Endre Johan Henrikson Jordalen (1962–) & 1999 Anne Marie Kåredtr Voll (1966–) frå bnr 27/7 under lnr 80 overtok i 1999. I 1997 kjøpte dei òg bnr 25/1 Ovri. Born: Kai Henrik 1990, Kristin 1993, Jonatan 1998.
Jon Simonson Stedje (1857–) & Inga Ingebrigtdtr Refsdal (1862–) frå lnr 59 reiste båe til USA i 1886, men kom att og hadde gard på Sørby ved Sandefjord.
Plassen Stedjeberget. Aldrik Monsson Brekke (1745–) frå Ortnevik & 1777 Ragnhild Oladtr «Vikøyri» (1746–) hadde Marta 1778. I 1801 finn vi paret som husmannsfolk under Stedje. Aldrik hadde ei syster Turid på lnr 35 Fosse, systera Barbra 1739 på Vikøyri v026 og ein halvbror på Vikøyri v658
Gunnar Endreson Heggenes (1789–) & 1814 Brita Halvardtr Austreimslia (1774–1816), båe frå Kyrkjebø, fekk borna Sigrid 1813–13 og Turid 1816 (lnr 54 Rislåg). Dei var neppe husmannsfolk på Ovrisdalen, men Gunnar og Turid kom truleg til Stedjeberget då Gunnar var attgift 1818 med husmannsdotter Marta Aldrikdtr Stedjeberget (1778–). Marta fekk ikkje born. Gunnar og Marta reiste til USA i 1846. Nils Person Steenes (1802–) & Ingeborg Eirikdtr Vika (1809–) kan ha vore på same plassen. Dei reiste til USA i 1861.
Lnr 64b Stedjeberget 0,43 spd = bnr 24/2 0,63 mark. Husmannsson Jon Jonson Rislåg (1823–1889) & 1858 Gyrid Nilsdtr Brunnadn-Refsdal (1830–1918) hadde borna: Eli 1856 (plassen Træet på Stedje), Synneva 1858–58, Synneva 1859, Jon 1862 (sjå note), Nils 1865 (sjå note), Martin 1867 (lnr 18c Tenål), Birte 1870 ( & 1890 Johan Vikøyri frå hus 69 og busette i Bergen), Olina 1872 (USA 1886). Jon og Gyrid hadde i 1860 kjøpt halvparten av lnr 54 Rislåg, men greidde neppe å finansiera kjøp og bruksutbygging og var i 1865 blitt husmann i Stedjeberget. I 1875 hadde dei: 0,9 daa blandkorn, 1,2 daa poteter, 2 kyr, 0 vinterfôra smalar og 2 grisar på plassen. I 1877 fekk Jon tingløyst skøyte på plassen, som fekk lnr 64b 0,43 spd. I 1903–04 fekk Gyrid fattigstønad. Deretter må slekta ha teke seg av henne. Synneva Jondtr Stedjeberget (1859–1945) & 1892 Andreas Olason Nygård (1860–1942) frå Lavik overtok. Dei kom til Vik frå Lavik i 1900. Born: Ola 1889, Jensina 1891, Jon 1892 (Odda, sjå note lnr 15a** Tenål), Johan 1894 (Fana), Anton 1897 (Gravdal i Laksevåg i Bergen), Anna 1900 (Bergen). Jensina fekk Olav 1912 (truleg Hønefoss) med Ola Olason Tryti (1893-1922) frå Øvre Trytisøyna. Ho flytta til Fana. Ola Andreasson Stedjeberget (1889–1961) & 1929 Jørgine Knutdtr Vinje (1893–1952) frå Vossestrand fekk borna: Arne 1926 (Voss), Knut 1930 (Fredrikstad), Synneva 1934 (Voss). Denne uvanleg bratte og ulente plassen måtte vera eit dårleg grunnlag for ein leveveg. Ola Andreasson selde i 1947 bruket til Sjur Karevoll. Sjur overlet seinare både Karevoll og Stedjeberget til systersonen Nils Fredrikson Fosse. Ola Andreasson med huslyd reiste til Voss.
Jon Jonson Stedjeberget (1862–) & 1885 Anna Hansdtr Moane-Vange (1863–) frå plass nr 1 Vange pakta ved teljinga i 1900 eit bruk på Fjøsanger i Fana.
Nils Jonson Stedjeberget (1865–1919) & 1888 Kristense Sveindtr Voll (1862–1891) frå lnr 80 fekk borna: Jon 1887 (sjå plass i Øvstedal), Svein 1889 (USA 1906) og Kristense Jensina 1891 (som vart oppfostra hjå Jon Sæbø Refsdal, til USA). Nils og Kristense budde først på Stedjeberget, deretter på Vetleøyri, hus nr 105.
Plassen Træet. Elias Ellingson Vikøyri v209 (1855–1920) hadde bustad i Træet under Stedje. Ved fødsel av mange av ungane var adressa Stedje, elles Stedjeberget. Træet ligg i bratt terreng i retning mot klyngetunet i Refsdal. For ungar fødde i åra 1882–1884 var stadnamnet Orvedal. I 1899 flytta dei huset sitt til Røysane-Vange. «Elias i Træet» fekk først eit dotter Brita 1872 med Anna Eirikdtr Hopperstad frå lnr 122a. I 1879 gifte han seg med Eli Jondtr Stedjeberget (1836–1934). Born: Elling 1877, Gyrid 1879, Ragnhild 1882, Johanna 1884, Synneva 1886, Jon 1889, Brita 1889–1890, Svein 1892, Birte 1895, Nils 1898. Sjå meir under Røysane-Vange.