Huglagjerde

Huglagjerde var først husmannsplass under lnr 52 Orvedal. Der var Tor Ivarson Åse (1745–1814) frå lnr 48+49 & 1781 Randi Styrkdtr Røysane-Sæbø (1753–1814) frå plass under lnr 3. Born: Ivar 1782 (sjå note), Synneva 1787, Styrk 1791 (kjem bort etter 1801), Ingeborg 1793 (død før 1801), Anders 1795. Husmann Anders Torson Huglagjerde (1795–) & 1829 Gyrid Bårddtr Øksdal (1800–1866) frå lnr 3 i Vangsnes sokn fekk to born i Huglagjerde: Brita 1824 og Tor 1830. Huslyden flytta til Slinde i Sogndal ca 1832 og der kom det fleire born. Synneva Tordtr Huglagjerde (1787–1839) fekk Ingeborg 1809 (sjå note lnr 62 Undi) med Hermund Ivarson Rislåg og Styrk 1816 med Anders Andersson Vikøyri. Dei to fedrane kan ikkje sikkert identifiserast. Den først kan vera Hermund 1780 frå lnr 55. I tilfelle var han ein gift mann. Den andre kan vera frå Vikøyri v050. Synneva vart kanskje buande på plassen i nokre år. Ho døydde i Refsdal og vart då kalla husmannskone. Styrk Andersson Huglagjerde (1816–) gifte seg i 1848 med Kari Alfdtr Sæbø (1819–) frå plass nr 2 i Sæbø og fekk Solveig 1853. Styrk og Kari budde kanskje saman med Synneva i Refsdal. Dei reiste til USA i 1854.

Husmannsson Ivar Torson Åse (1789–) & 1815 Ragnhild Jondtr Nummedal (1786–) frå lnr 36 var på ein plass under lnr 48 Åse. Sjå om borna der. Dei flytta til Huglagjerde ca 1840. Familien reiste til USA i 1845, men ikkje sonen Hermund 1811. Han kjøpte plassen som lnr 52b.

Ivar Torson Huglagjerde (1782–) var med i krigen 1809–15. Han gifte seg med Marta Oladtr Rosenlund frå Leikanger og dei vart busette i Leikanger.

Lnr 52b Orvedal 0,82 spd = bnr 16/5 1,13 mark. I 1865 var det 3,2 daa potet, 2,2 daa korn, 1 hest, 4 storfe og 19 smalar på bruket.

Husmannsson Hermund Ivarson Åse (1811–1888) & 1840 Brita Johannesdtr Orvedal (1815–1863) frå lnr 52 kjøpte denne tidlegare husmannsplassen i 1844. Plassen vart skyldsett til 0,97 spd. Born: Ivar 1838, Jon 1840–40, Mari 1843, Jon 1846, Johannes 1848, Ola 1851. Huslyden reiste til USA i 1853 og dei selde småbruket til Bendik Guttormson Hønsi (1793–1860) frå lnr 83 & 1820 Brita Tronddtr Grov (1802–1878) frå plassen Kålhagen. Dei budde lenge på Vikøyri v120, i Hamnen, og han vart difor kalla «Habna-Bendik». Born: Born: Inga 1819 (Vikøyri v102), Ola 1822-28, Guttorm 1825-25, Guttorm 1826 (Vikøyri v246), Ola 1829 (USA 1852), Lars 1833 (plass Vedledna under Seim), Brita 1836 (lnr 69 Ovri), Trond 1839, Ola 1842 (USA 1871), Helge 1846-52. I 1865 vart småbruket skøytt til sonen Trond. Trond Bendikson Orvedal (1839–1918) & 1870 Marie Ingebrigtdtr Berdal (1851–1880) frå Feios hadde: Helge 1871, Ingebrigt 1875–75, Brita 1877 (lnr 20a m.fl. Føli). Trond gifte seg på nytt 1881 med Gjertrud Ellenddtr Kinni (1850–1924) frå lnr 56. Dei hadde ikkje born. I 1916 gjekk bruket til Helge Trondson Orvedal (1871–1942) & 1904 Marta Johannesdtr Hove (1878–1965) frå lnr 79a. Born: Gjertrud 1906-1990 (heime), Johannes 1907 (USA 1929), Martin 1911 (USA 1929), Trond 1915. Bruket vart i 1948 skøyte til Trond Helgeson Orvedal (1915–1952) & 1947 Guro Jondtr Orvedal (1917–2008) frå lnr 52a. Trond døydde i ei traktorulukke. Born: Hildur Marit 1948 (Fredrikstad), Helge Johan 1950 (Sveio), Torhild 1952 (Førdesfjorden). Enkja Guro hadde bruket i nokre år, men reiste til Stavanger med heile familien. Jon Ivarson Refsdal kjøpte bruket i 1988, men det gjekk vidare til Nils Fredrikson Fosse mot at Jon fekk ein del av Karevoll. Dermed kom Huglagjerde inn under bnr 7/1 Fosse, men så under lnr 52a Orvedal.

Gjennom byteordning er det opphavlege bnr 16/5 kome inn under lnr 61 Refsdal, og her er busett: Ingunn Johndtr Refsdal (1976–) frå lnr 61 & 2005 Kjell Anfinson Tveite (1969–) frå Voss. Born: Håvard 2002, Ida 2006. Mor til Kjell er Eldbjørg 1944 frå lnr 84a Hønsi.