Hallrynjo
Hallrynjo (hallrynjadne, hallrynjo): Hallryn (ca 1320), Hallronne (1603), Hallrønne (1611), Halrund (1647), Halfrund (1667, 1723), Halron (1838, 1863), Hallrynjene (NG), Hallrynjo (VIK). Halrynjo er det vanlege slektsnamnet i dag.
Hallrynjo finn vi først busett etter øydetida i 1645. Då var Tore og Synneva på eitt bruk og Rolf og Randi på eit anna. I 1647 var Rolf og Arne leiglendingar. I 1667 var Randi enkje og hadde med seg sønene Lasse Rolfson 1641 og Torstein Rolfson 1655. På det andre bruket finn vi Johannes Lasseson 1625. Randi hadde sett seg ut Ola Johannesson som ny mann. Men etter han hadde betalt førstebygsel i 1667 og utført våronna, hadde ho jaga han frå seg. Hallrynjo var eigd av Hovekyrkja, men landskyld og andre pålegg skulle gå til klokkaren i Vik prestegjeld. I 1675 var Ingebrigt og Samson brukarar, og då stemnde futen dei for ikkje å ha betalt kongetiend, men då møtte klokkar Mads opp og ville ha denne delen av tiend. Det vann han ikkje fram med, men Mads svara med å seia opp dei to leiglendingane. I 1701 finn vi Ola Eirikson 1675 med stesonen Ola Ellingson 1694 på det eine bruket og Johans Tolleifson 1648 på det andre. I 1711, 1718 og 1724 var Lasse og Ola brukarar.
Heilt fram til 1871 skreiv brukarane på Hallrynjo bygslingsavtale med klokkaren i bygda. På 1800-talet gjekk det ikkje på vanlege landskyldvarer, men å fø ei ku over vinteren, kvart anna år å levera ei god fleskeskinke og by på eit gjestebod i jula. Det var også spesielt at det var klokkaren som skreiv kontrakt på si livstid, ikkje brukarane. Ut på 1800-talet vart kontrakten kalla forpakting.
I 1647 eigde Hovekyrkja Hallrynjo med samla skyld ein laup. Brukarane var «slett forarmet», d v s dei var ikkje i stand til å svara skatt. I samband med sal av kyrkjene omkring 1723 vart eiga i Hallrynjo benefisert (statseigd), men vart fristilt frå Hovekyrkja. Bruka vart frikjøpte i 1871.
Lnr 65 Hallrynjo
2,60 spd = bnr 24/1 3,03 mark. Matrikkelskyld: 0,5 laupar i 1647 og 1667, 0,92 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 3,5 daa potet, 9,3 daa korn, 1 hest, 7 storfe, 24 smalar, 4 geiter og 3 griser på bruket.
På dette bruket sat sist på 1600-talet Elling Olason (–1698) og Alis Bendikdtr Refsdal (–1729) frå lnr 59 og borna: Ola 1694 (lnr 9 Liktvorane) og Marta 1699 (lnr 5 Vange). Alis vart attgift med Ola Eirikson (1678–1756) og dei hadde borna: Ellend 1701, Solveig (lnr 27 Stadheim) og Sigrid 1706 (lnr 70 Ovri). Ola vart attgift 1733 med enkje Kari Gunnardtr Vikøyri (1681–1769). Dei flytte til Vikøyri v754. Ellend Olason Hallrynjo (1701–1754) & 1732 Synneva Johannesdtr Rosheim (1701–1775) frå lnr 94 fekk borna: Nils 1735, Unni 1735 (lnr 97 Brennene-Fjærestad), Alis 1736 (ugift, sjå Brennene), Sigrid 1746 (plass nr 14 Vangsnes), Kari 1739–77 (ugift), Johannes 1743 (lnr 2 Øksdal), Ola 1750 (Vikøyri v762). Synneva vart attgift 1755 med Mons Simonson Stedje (1719–1797) frå lnr 64. Mons gifte seg på nytt 1776 med Barbra Anfindtr Ovri (1743–1809) frå lnr 69 og dei fekk: Helga 1776 (sjå note) og Simon 1779. Barbra vart attgift 1797 med Jon Endreson Seim (1748–1805) frå lnr 10, men fekk ikkje born med han. Simon Monsson Hallrynjo (1779–) & Ragnhild Sjurdtr Voll (1778–1839) frå lnr 81 fekk bygslingsrett på bruket i 1806. Born: Barbra 1808–26, Mons 1811, Sjur 1815, Hans 1820. Enkjemannen Simon reiste til USA i 1845. Mons Simonson Hallrynjo (1811–1896) & 1838 Inga Ivardtr Refsdal (1812–1894) frå lnr 59 fekk: Ragnhild 1837, Simon 1839, Barbra 1841 og Ivar 1843. Huslyden reiste til USA i 1844. Hans Simonson Hallrynjo (1820–) dreiv truleg bruket eit års tid utan at det vart formelt registrert. Han gifte seg 1844 med Brita Jondtr Stadheim (1819–) frå lnr 24 og dei fekk: Simon 1842 og Ragnhild 1845. Dei reiste til USA i 1845. Sjur Simonson Hallrynjo (1815–) fekk tre born før han gifte seg: Ola 1833 (sjå note) med Anna Oladtr Vetleøyri s162 (1805–), Anfin 1836 med Anna Tollakdtr (1806–1869), og som kom til ein plass under lnr 47a Bruavoll, og Ivar 1839 («Brit-Ivar», Vikøyri v412) med Brita Oladtr Bø. Sjur gifte seg 1840 med enkja Anna Lassedtr Refsdal (1806–1868) på plassen Holedna og no vart det fem born: Simon 1841, Ingebrigt 1843, Lasse 1846, Ragnhild 1849, Anders 1852. I 1855 vart det tinglyst bygslingsavtale mellom klokkaren og Sjur, men han må ha drive bruket i 10 år før det. I 1868 reiste huslyden til USA. Jon Ingebrigtson Holedna-Refsdal (1829–1903) & 1857 husmannsjenta Agata Jondtr Rislåg (1826–1906) var det neste leiglendingsparet. Anna Lassedtr var mor til Jon 1829. Jon og Agata hadde drive lnr 54b i Rislåg og vore gardsstyrar på lnr 74a+75+78 Hove for sjøkaptein Valentinsen før dei kom til Hallrynjo. I 1871 fekk dei kongeskøyte på bruket og i 1889 skøytte dei det over på den eldste sonen. Jon og Agata fekk borna: Ingebrigt 1856, Brita 1857 (lnr 52 Orvedal), Jon 1860–81, Anna 1863 (bnr 15/3 Åse), Ingeborg 1865 (bnr 1/43 i Røysane-Sæbø), Johanna 1868 (Oppheim, Vossestrand), Lasse 1871 (bnr 1/57 i Røysane-Sæbø). Ingebrigt Jonson Hallrynjo (1856–1936) & 1882 Ragnhild Andersdtr Ovri (1856–1898) frå lnr 70a fekk borna: Anna 1882 (lnr 56 Kinni), Sigrid 1884 (USA 1911), Jon 1888–88, Johanna 1895 (Høyanger), Anders 1898, Ragnhild 1898 (Oppheim på Vossestrand). Anders Ingebrigtson Halrynjo (1898–1971) & 1925 Eli Oladtr Fosse (1902–1986) frå lnr 35b+34c fekk: Ingebrigt 1926, Ola 1932 (Solheim i Masfjorden), Oddvar 1938–99 (lærar i Brumunddal i Ringsaker), Ragnhild 1940 (Stavanger). Anders tok over bruket i 1926 og skøytte det i 1967 til eldste son. Ingebrigt Andersson Halrynjo (1926–) & 1947 Borghild Larsdtr Hildeskår (1927–) frå Sogndal fekk: Erna Kirsten 1948 (bnr 1/210 i Røysane-Sæbø), Anne Lise 1954 (lærar i Vestnes i Romsdal).
Barbra Anfindtr Ovri (1743–1809) hadde truleg Helga 1774 med ein som heitte Hermund før ho gifte seg. Denne Helga gifte seg med Ivar Beintson Tenål (1771–1823) frå lnr 14 og dei to første borna deira vart fødde på Hallrynjo: Beint 1796 og Hermund 1798. Barbra og Ivar vart seinare husmannsfolk på Meistarplassen i Sogndal. (Sjå også note under Balvoll.) Beint var fosterson på bruket i 1801. Helga 1776 blir borte for oss.
Ola Sjurson Hallrynjo (1833–) & 1867 Synneva Eirikdtr Ovri (1825–) frå lnr 70 reiste til Amerika i 1868.
Lnr 66 Hallrynjo
2,60 spd = bnr 24/2 3,03 mark. Matrikkelskyld: 5 laupar i 1647 og 1667, 0,92 laupar i 1723, 1788 og 1838.I 1845 var det 3,2 daa potet, 10,1 daa korn, 1 hest, 8 storfe, 27 smalar og 3 grisar på bruket.
På dette bruket sat Johans Tolleifson (1648–) i 1701. Deretter kom Lasse Rognaldson Refsdal (1668–1743) frå lnr 60+61 gift med Torbjørg (1664–1754). Dei hadde Sigrid 1712. Sigrid Lassedtr Hallrynjo (1712–1767) & 1734 Anders Alfson Fosse (1700–1771) frå lnr 33 fekk borna: Alf 1735, Lasse 1736 (konfirmert 1756, kjem så bort), Ola 1739 (lnr 17 Tenål), Ingebrigt 1742–49, Torbjørg 1745–62, Brita 1749 (lnr 78 Øvre Hove), Ragnhild 1754 (plassen Haugen på Turvoll), Eli 1757 (lnr 39 Nummedal). Alf Anderson Hallrynjo (1735–1805) & 1767 Barbra Jondtr Ovri (1730–1805) frå lnr 70 hadde: Sigrid 1766 (sjå note lnr 62 Undi), Torbjørg 1768–68?, Jon 1768, Ragnhild 1771 (lnr 31 Stadheim). Jon Alfson Hallrynjo (1768–1836) & 1796 Marta Hermunddtr Undi (1770–1835) frå lnr 63 hadde borna: Anders 1796–1816, Tollak 1801, Hermund 1802 (Vetleøyri s072), Ola 1803 (plass under Undi), Barbra 1806 (lnr 55b Rislåg), Ingeborg 1808–1826, Torbjørg 1809–1833. Jon dreiv kanskje med krøtterhandel. Det gav ofte betre økonomi enn gardsdrift. Men i 1819 var Jon ille ute. Han skulda Elling Helgeson Brekke i Risnefjorden 12 spd. Jon meinte han kunne betala det meste når han fekk oppgjer for ein hest han hadde selt på Voss. Dessutan føreslo han at Elling skulle krevja 5 spd av Ivar Kvamsøy. Det var pengar Jon hadde til gode hjå Ivar. I 1804 fekk Jon bygsel på bruket. Sonen Tollak fekk merkeleg nok først tinglyst bygslingskontrakt i 1855. Tollak Jonson Hallrynjo (1801–1890) & 1837 Brita Ivardtr Ovri (1810–1880) frå lnr 67 fekk: Ivar 1836, Marta 1838 (sjå note), Jon 1842 (USA 1864). Ivar Tollakson Hallrynjo (1836–) & 1868 Brita Ellenddtr Kinni (1831–) frå lnr 56, enkje på lnr 48 Åse, fekk kongeskøyte på bruket i 1871. Born: Brita 1868, Johan 1869. Huslyden reiste til USA i 1875. I følgje den gamle bygdeboka var det deretter ein mann frå Ytre Sogn som var på bruket eitt år, men utan at det vart tinglyst skøyte. I 1877 fekk Lasse Olason Refsdal (1852–1878) frå lnr 60 skøyte på bruket, men vart sjuk av tuberkulose og døydde i Refsdal. Kjøpar av bruket vart Ivar Anfinson Jordalen (1843–1929) & 1870 Marta Henrikdtr Jordalen (1847–1909). Dei kom frå Vossestrand, men Ivar var oppvaksen på lnr 80 Voll. Born: Arnfinn 1871 (Voss), Anna 1873 (garden Nesheim i Myrkdalen), Marie 1874–74, Marie 1876 (Jordalen, Vossestrand), Henrik 1878 (Øyane i Jordalen), Elling 1880–82, Ølgård 1883 (lnr 35 Fosse), Brita 1885 (garden Hirth i Myrkdalen), Elling 1887 (Brekke på Stalheim, Vossestrand), Anders 1891–91. I 1887 gjorde Ivar gardabyte med Ola Henrikson Jordalen (1851–1898), ein bror til Marta. Ola selde i 1890 bruket til Nils Hermundson Refsdal (1851–1942) frå lnr 58 & 1883 Lussi Jondtr Espesete (1856–1936) frå lnr 93. Men Nils gjorde ikkje opp for seg, og i 1894 vart bruket tvangselt tilbake til Ola Henrikson Jordalen. Nils busette seg i ei stove i Refsdal, sjå om born i note under lnr 58. Ola Henrikson hadde i 1892 gift seg med Olina Jondtr Jordalen (1866–1947) og dei fekk: Anna 1893 (Dyrvedalen, Voss), Ølgård 1894–94, Martinus 1897 (Bergen). Enkja Olina gifte seg 1900 med Johan Olason Ovri (1873–1949) frå lnr 70b. Johan var fødd på Skjeldestad i Sogndal. Born: Jon 1900–03, Unni 1901–03, John 1903, Brita 1905 (lnr 61 Refsdal), Ola 1906–2006 (heime), Unni 1908–57 (heime). John Johanson Halrynjo (1903–1991) & 1933 Kari Helgedtr Skjerven Ovrid (1913–1995) frå lnr 70a fekk: Johan 1933, Anna 1937 (lnr 93b Espesete), Olina 1939 (lnr 18a Tenål). Dei hadde bruket 1936–75. Johan Jonson Halrynjo (1933–) & 1958 Anne Hansdtr Nummedal (1939–) frå lnr 40c* fekk borna: Arnfinn 1958, Helga 1959 (Lunde i Feios), Kari 1964 (Voss), Jorunn 1970 (Berdal i Feios). Arnfinn Johanson Halrynjo (1958–) & 1982 Marita Larsdtr Himle (1959–) frå Voss tok over bruket i 1999. Born: Inger Anne 1983, Frode 1986, Jarle 1994. Familien bur på Voss.
Marta Tollakdtr Hallrynjo (1838–) & 1858 Ola Ingebrigtson Holedna-Refsdal (1828–), husmannsson, var innerstar på bruket. Born: Anna 1857, Ingebrigt 1864. Ola hadde ei tid skøyte på lnr 54b Rislåg, men makta neppe å skaffa kjøpesummen. Huslyden reiste til Amerika i 1866.