Tryti
Tryti (tryti): Thrytthen (1563), Trydenn (1567), Tryttenn (1603), Thrøttenn (1611), Trytten (1647, 1667, 1723), Thryten (1838), Trytten (1863), Tryti (NG, VIK)
På Tryti var det i 1522 tre brukarar, noko som bør reknast som eit sikkert prov på at bruk på Tryti var busette gjennom heile øydetida. I 1603 var det fire brukarar: Paul, Ola, Ingebrigt og Guttorm, og i 1611 finn vi: Paul, Ola, Lasse og Per. I 1635 er det nemnt seks leiglendingar: Kolbein, Per, Anfin, gamle Ola, unge Ola og Bendik. I 1645 og 1647 finn vi: Kolbein med kona Magdeli, Per med Åsa Ivardtr, Anfin, Ola med Synneva, Elling med Ragnhild og Johans med Ingrid. Dessutan finn vi «husmennene» Vendell og Ola Lauritsson. Den siste var kanskje gamle Ola som var komen på kår. Kona hans heitte Ragnhild Oladtr. I 1655 var brukarane: Kolbein, Per, Anfin, Ola, Elling, Johannes og Jon. Ola og Jon hadde like og små bruk, noko som tyder på at bruket som Ola var på i 1647 no var delt. I 1667 finn vi Anders Kolbeinson, Hans Jonson, Anfin Markusson, Ola Helgeson, Elling Botolvson, Johans Eirikson, Jon Ingebrigtson og Simon Bendikson. I 1683 var leiglendingane: enkja, Anfin, Elling, Jon, Simon og Kjell. I 1701 var det på Tryti fem bønder: Hermund Person, Jon (feilskrive Ivar?)Amundson, Elling Jonson, Ola Jonson og Kjell Ivarson. I 1723 var oppsitjarane: Ola, Elling, Jon, Per og Kjell.
I 1655 og 1667 vart det betalt landskyld frå sju bruk på Tryti. I 1723 var brukartalet redusert til fem. Årsaka til det kan dels ha vore mykje sjukdom og død, dels at brukarane miste leigejord lengre ute i Bøadalen, og dels at somme av bruka kring 1660 var små kårbruk som seinare gjekk inn i andre bruk. Etter ca 1730 har det vore seks «normalbruk» heilt fram til vår tid, men med tillegg av nokre bustadar med lite jord frå 1840.
I 1647 var Apostekyrkjegodset eigar av heile Tryti. I 1723 var denne eiga delt på Dorothea Blix, Hans Blixencrone, Peder Lemvig, Peder Leganger og arvingar etter oberst von Krog og etter Christen Urdal.
Lnr 105+106 Tryti
Matrikkelskyld: i 1667 2,63 laupar, i 1723 2,88 laupar.
På dette store bruket finn vi i 1645 Per med kona Åsa Ivardtr. Per døydde truleg i 1656. Han hadde sønene: Ivar 1645, Hermund 1651 og Simon 1657. Åsa gifte seg på nytt med Hans Jonson (1613–). Han var på bruket alt i 1657. Hermund Person Tryti (1651–) var gift med ei som heitte Turid. Born: Per 1673, Alis 1678 (lnr 102 Bø), Simon 1681 (lnr 30 Valsvik i Arnafjord sokn), Ola 1684 (lnr 110 Tryti), Anna 1685 (lnr 39 Kjelven i Arnafjord sokn), Åsa 1688 (lnr 43 Myrkaskog), Ola 1699 (lnr 87 Holstad). Turid vart attgift til lnr 96 Fjærestad og fekk 4 born til. Per Hermundson Tryti (1673–1748) & Åsa Amunddtr Le (–1720) frå lnr 20 i Arnafjord sokn var truleg barnlause. Per vart truleg attgift med Sigrid Lassedtr (1690–1763) og dei hadde Hermund 1723 (lnr 11 Svolsvik) og Lasse 1732–52. Per og Sigrid må ha fått helseproblem eller kome i økonomiske vanskar, for i 1740 vart bruket delt i to like delar, lnr 105 og lnr 106. Per og Sigrid fekk truleg kår, men dei to sønene vart ikkje leiglendingar.
Det er ofte grunn til å vurdera kva som var grunnen til bruksdeling. Her kan vi tenkja oss at dei to embetsmennene i området, og som var blitt eigarar av bruket, Blixencrone og Peder Leganger, var misnøgde med at det var problem med å få inn landskylda. Dei kom kanskje fram til at ei løysing med deling av det store bruket var det beste. Lensmann Jon Hopperstad kunne truleg fortelja dei at Endre Gildhus og utplasser soldat på bruket, Guttorm Olason, var gode kandidatar.
Lnr 105 Tryti
3,14 spd (+ underbruket Brekke 1,17 spd frå år 1800). Sjølveige frå år 1800. Matrikkelskyld med underbruk:: I 1788 og 1838 1,44 laupar. Bruksdata i 1845 (utan underbruket Brekke): 3,9 daa potet, 0,3 daa rug, 6,6 daa bygg, 1 hest, 10 storfe, 25 smalar og 2 svin.
Som leiglending på dette halvbruket finn vi først Endre Johannesson Gildhus (1693–1758) & 1735 Synneva Guttormdtr Hønsi (1694–1740) frå lnr 84. Dei fekk Guttorm 1740–40. Endre vart attgift 1741 med Anna Beintdtr Rosheim (1691–1765) frå lnr 94. Dei hadde ikkje born, men Anna hadde frå før Ingeleiv 1730 med ein Ola Einarson (som neppe var frå bygda). Ingeleiv fortalde folk at ungkaren Eirik på lnr 108 «havde villet ligge med henne udi ære», men Eirik ville ikkje ha det på seg at han hadde kome med eit slikt ekteskapstilbod, og stemde henne for tinget. Men gift vart dei båe – Eirik eitt år føre Ingeleiv. Johannes Guttormson Gildhus (1724–) & 1759 Ingeleiv Oladtr Tryti (1730–1765) overtok som leiglendingspar. Dei fekk Marta 1761 (sjå note) og Ola 1764 (til Hagen-Bøadalen). Johannes vart attgift 1765 med Turid Oladtr Tryti (1730–1798) frå lnr 110. Dei hadde ikkje born. I 1769 kom det nye folk på bruket, kanskje for di Johannes var sjukleg. Han og Turid fekk kår. Turid var det skifte etter i 1800. Ho var då på husmannsplassen Hagen-Bøadalen. Det nye brukarparet kom frå Arnafjord sokn: Ellend Kristofferson Le (1741–1810) frå lnr 19 & 1769 Gunhild Torsteindtr Nese (1748–1797) frå lnr 42. Dei fekk borna: Kristoffer 1771–97, Torstein 1773–73?, Torstein 1774–97, Turid 1776–97, Brita 1779–79, Brita 1780 (Vikøyri v546), Synneva 1782 (Vikøyri v138), Torbjørg 1787 (Vikøyri v970), Jon 1792–92?. Tre av borna døydde innan ei veke i 1797. I år 1800 vart bruket kjøpt på auksjon av Kjell Jonson Holstad (1760–1831) frå lnr 85 & 1800 Ragnhild Oladtr Brekke (1772–1849) frå lnr 88. Dei fekk borna: Durdei 1800–00, Jon 1803, Sigrid 1805–32, Durdei 1814–38. Som bryllaupsgåve fekk Ragnhild ein del av farsbruket: Vomb 0,34 laup. Lnr 105 med underbruk fekk i 1838 skyld 4,33 spd. Kjell var i 1817 i konflikt med Jon Person på lnr 107. Han hadde kalla han ein tjuv, men måtte trekkja skuldinga og i tillegg la Jon få behalda eit kvernstø der Lasse Hermundson Bø hadde kvernhuset sitt. Då Kjell døydde, vart han førd inn i kyrkjeboka som kjøpmann. Ragnhild døydde som legdslem i 1849 med stadnamnet Brekke. Jon Kjellson Tryti (1803–1829) & 1828 Solveig Oladtr Stadheim (1801–1888) frå lnr 28 fekk Inga 1828–29. Jon hadde frå før Jens 1823 med Marita Oladtr Styvi (1796–) frå Gudvangen. Jon prøvde å koma seg unna barnebidrag. Han ville ikkje betala utan at han vart dømd til det i retten. Guten reiste til Amerika i 1857. Jon tok over bruket, men døydde kort tid etter. Bruket vart difor i 1832 utlagt til enkja Solveig Oladtr. Same året skøytte ho det vidare til Sigrid 1805 med tilkommande mann. I 1835 gifte Solveig seg til lnr 14 Nissestad og fekk fleire born. Huslyden på Nissestad reiste seinare til USA. Sigrid Kjelldtr hadde trulova seg med Kristoffer Johanson Munthe Rumohr Reutz frå lnr 1 Sæbø, men ho døydde før giftarmålet. Kristoffer meinte likevel han hadde rett til bruket, men etter ein rettstvist måtte han i 1836 skøyta bruket til Durdei Kjelldtr Tryti (1814–1838). Ho gifte seg 1838 med Ola Olason Liktvorane (1803–1862) frå lnr 9, men ho døydde to månader seinare. Durdei hadde skrive testamente til fordel for Ola, slik at mora vart mest arvelaus. Året etter gifte Ola seg til lnr 106 og selde lnr 105 til Eirik Ellendson Holstad (1801–1841) frå lnr 85 & 1837 Anna Oladtr Hønsi (1810–1891) frå lnr 82. Born: Ellend 1835 (USA 1854), Ola 1838 (USA 1865), Eirik 1841 (USA 1865). I 1839 vart underbruket Brekke (Vomb), lnr 105b 1,17 spd. selt frå. Lnr 105a fekk dermed 3,14 spd. I 1842 vart Anna attgift med Ola Olason Juvik (1807–1895) frå lnr 5 og dei fekk: Ola 1843 (USA 1875), Ivar 1846, Guttorm 1850, Synneva 1853. I 1852 vart bruket fråskilt lnr 105c til Johannes Anfinson Brekke. Ny skyld lnr 105a 2,72 spd = bnr 37/1 3,91 mark. Anna reiste til USA i 1865 med mann og dei tre yngste borna. Bruket vart selt i 1865 til Ola Hermundson Vangsnes (1819–1871) frå lnr 192, busett i Øksdal. Sjå meir om Ola i note under lnr 3 Øksdal. Ola hadde i 1865 ein forpaktarhuslyd frå Sogndal på bruket: Johannes Skakkson Fardal (1823–) & 1855 Kari Johannesdtr Venes (1824–). Dei hadde borna: Maria 1852, Marta 1856, Skakk 1857, Johannes 1860, Eirik 1863–63 og Nils 1864. Før dei kom til Tryti hadde dei vore paktarfolk mellom anna i Norafjorden i Sogndal. I 1868 skøytte Ola bruket vidare til Marta Oladtr Øksdal (1828–1896) frå lnr 3 & 1866 Helge Jonson Nummedal (1828–1911) frå lnr 39. Dei vart både eigar og brukar og fekk borna: Jon 1867, Ola 1870 (bnr 34/15 på Balvoll), Anders 1873 (hus på bygsla grunn under lnr 10a Seim). Helge hadde òg Ivar 1859 med Brita Sjurdtr Rislåg (1823–1899) frå lnr 55. Ivar kom til lnr 57 Karevoll. Jon Helgeson Tryti (1867–1904) & 1892 Marta Lassedtr Tenål (1866–1936) frå lnr 13 fekk skøyte på bruket i 1903. Born: Helge 1893, Anders 1894 (lnr 13a3 Tenål), Marta 1896 (Lillebergen, Holsøy i Nordhordland), Anna 1899 (Høyanger), Johan 1901 (Høyanger), Johanna 1905 (Høyanger). Marta Lassedtr gifte seg på nytt 1907 med drengen Nils Ivarson Botnen (1883–) frå Lavik, og dei fekk Orlaug 1907 (til Høyanger). Marta og Nils inngjekk ektepakt, slik at bruket skulle vera hennar særeige, men alt i 1908 skøytte ho det til eldste sonen. Nils reiste åleine til USA i 1911. Helge Jonson Tryti (1893–1967) & 1919 Anna Andersdtr Hønsi (1894–1984) frå lnr 83b fekk: John 1919, Anders 1921 (sjå note), Marta 1923 (Drammen), Anna 1924 (Frekhaug), Harald 1926–29 (drukna i Hopra), Ragnvald 1928 (Bergen), Helga 1930 (Voss, sjå òg bnr 26/16 i Moane-Hove), Astrid 1932 (lnr 13e Tenål), Harald 1934 (Mo i Rana), Magna 1936 (Årdalstangen, så Oslo), Gunhild 1941 (Indre Arna i Bergen). Helge var i USA 1914–18. John Helgeson Tryti (1919–1989) overtok bruket, men gifte seg med Anna Sveindtr Tryti (1931–) på lnr 107. Dei budde på lnr 107 og dreiv dei to bruka saman. Bnr 37/1 vart i 1990 skøytt til Ove Håkon Jonson Tryti (1955–) & 1977 Gudveig Torvalddtr Tenold (1958–) frå lnr 13b. Dei bygde driftsbygning for sau og bustadhus, men drifta er nedlagd. Born: Jan Ove 1978, Tore 1983.
Bnr 37/45 Elvatun. På tomt frå bruket nær Trytisbrui er busett: Stein Frode Jonson Tryti (1970–) & sb Beate Kristine Seim (1969–) frå bnr 41/9 i Villastrøket-Sjøtun. Dei har: Joar 1997, Janne 2000, Jaran 2005.
Marta Johannesdtr Tryti (1761–1819) vart konfirmert i 1777 med stadnamnet Gildhus. Ho fekk Brita 1801–02 med Ola Sjurson Hopperstad (1772–) frå plass nr 1 Breidi under lnr 120. Marta var ugift og døydde hjå broren Ola på plass under lnr 124 i Hagen-Bøadalen.
Anders Jonson Tryti (1921-2008) & Gudny Oladtr Åse (1931–) frå bnr 16/8 i Orvedal busette seg i Årdal.
Plassen Stuabotn
I 1802 var Ola Olason «Stuabotn» i tvist med ein bonde på Ovri om tenarløn. Kona Marita Oladtr «Stuabotn» var også innblanda i tvisten. I 1801-teljinga var ikkje dette ekteparet, eller plassen dei var på, med. Det er uklart om plassen låg under Brekke eller Tryti, men dette bruket er valt, fordi Kristoffer Reutz i 1836 fekk rett til plass i Stuabotn etter ein eigedomstvist.
Ola Olason (–) & 1774 Marta Oladtr (1741–) fekk Ola 1774, Ola 1777 (Seimsøyri s182) og Synneva 1780. Marta hadde tenaradressa Hønsi då ho gifte seg. Men i 1763 var dei båe truleg i teneste i Bø og vi trur Ola vart konfirmert i 1763 med stadnamnet Tryti. Han bør difor vera fødd i åra 1744–47. Ved dåp av Ola 1777 var stadnamnet Brekke, men dottera Synneva vart fødd med adressa Tryti. Dødsfalla for Ola og Marta kom ikkje inn i kyrkjeboka.
Lnr 106 Tryti
3,14 spd. Sjølveige frå 1830. Matrikkelskyld: I 1788 og 1848 1,44 laupar. I 1845 var det 2,8 daa potet, 9,0 daa bygg, 1 hest, 9 storfe 5 smalar og 2 svin på bruket.
Til delbruket kom soldat Guttorm Olason Tryti & 1742 Åsa Arnedtr Hopperstad (–) frå lnr 115+116. Dei fekk Kari 1743. Det var uråd å finna ut kven denne soldaten var inntil eg no i 2021 las om den store lausbrannen på Tryti i 1741 i den gamle bygdeboka. Der står det at soldat Guttorm Olason Tenål hadde mist: «en pratontaske med rem, 1 par nye strømper og 1 skjorte». I året 2021 meiner eg difor at Guttorm var frå lnr 14 Tenål. Åsa var av rik ætt på Hopperstad. Likevel veit vi ikkje årstal for fødsel og død. Ho kom i rettsprotokollane fordi ho var trettekjær. Kari Guttormdtr Tryti (1743–1826) & 1770 Kjell Ellingson Tryti (1735–1785) frå lnr 108 fekk borna: Guttorm 1770-70?, Marta 1771 (lnr 47 Bruavoll), Åsa 1774 (sjå note), Guttorm 1778–82, Guttorm 1783–83. Kari gifte seg oppatt med Ellend Olason Stadheim (1752–1831) frå lnr 28 og dei fekk: Brita 1787. Brita Ellenddtr Tryti (1787–1857) & 1814 Jon Person Skjørvo (1783–1850) frå lnr 114 fekk borna: Kari 1815, Per 1818–20, Synneva 1820–40 og Anna 1825 (plass under lnr 106 på Brennene). Dåpen av Anna er ikkje kome med i kyrkjeboka. I 1830 fekk Nils Olason Sæbø hand om bruket, men Jon brukte forkjøpsretten sin, og han vart den første sjølveigaren på bruket. Kari Jondtr Tryti (1815–) & 1839 Ola Olason Liktvorane (1803–1862) frå lnr 9 overtok. Ola hadde i 1838 blitt gift og enkjemann på lnr 105. Dette bruket selde han etter at han hadde gift seg til lnr 106. Kari og Ola fekk: Jon 1840, Durdei 1844–45, Brita 1847–48, Synneva 1849 (USA 1867), Ola 1857 (USA 1867). I 1860 vart bruket frådelt lnr 106b. Skyld lnr 106a 3,03 spd = bnr 37/4 4,36 mark. Kårenkja Kari reiste til USA i 1867 saman med dei to yngste borna. I 1860 skøytte ho bruket til Jon Olason Tryti (1840–). Han var ugift, selde bruket i 1864 og reiste til USA. Kjøparar var Ola Johannesson Brekke (1835–1917) frå lnr 89 & 1863 Ingeborg Hansdtr Fjærestad (1840–1924) frå lnr 96. Born: Johannes 1863–63, Johannes 1864, Hans 1867–67?, Hans 1868–68, Johanna 1869 (v454, sjå note), Hans 1772–72, Hans 1873–73, Randi 1876–77, Randi 1878 (lnr 84e Hønsi), Hans 1879–79, Ola 1882–83. Legg merke til at av dei åtte speborna som døydde, vart fem døypte Hans! Johannes Olason Tryti (1864–1927) & 1892 Anna Oladtr Bø (1873–1947) frå plass under lnr 103a fekk skøyte på bruket i 1893. For å skilja han frå ein annan Johannes på Tryti, vart han kalla «Brekke-Johans» eller «Brekkjen pao Tryti». Borna: Olav 1892 (oppfostra hjå besteforeldra i Bø, gardbrukar i Skånevik i Sunnhordland), Marta 1894–1906, Andreas 1896, Ingeborg 1898 (bnr 37/33 under bruket), Gjertrud 1898 (garden Seim i Evanger, Hordaland), Ragna 1899–1906, Marta 1906 (Raudeberg i Nordfjord), Ragna 1909–60 (ugift), Gudrun 1911 (Evanger), Ingvald 1914 (misjonsprest). I 1909 vart bruket frådelt bnr 37/18 Brennene og i 1934 bnr 37/2 Brennestykket. Ny skyld bnr 37/4 4,17 mark. Enkja Anna skøytte frå seg bruket i 1937. Andreas Johannesson Tryti (1896–1983) & 1926 Astrid Ivardtr Brekke (1904–1998) frå lnr 105b fekk: Harald Johan 1926–83, Arna Berit 1936 (Lyngseide i Troms), Eli Marie 1938 (Voss), Marit 1940 (Fosse i Strandebarm i Hardanger), Arnhild 1942–2003 (Lonevåg på Osterøy), Johannes Asbjørn 1944 (Stavanger), Bjarne Malvin 1944, Målfrid Ingeborg 1950 (heime). Bjarne Malvin Andreasson Tryti (1944–) overtok bruket i 1972. Han er ugift.
Åsa Kjelldtr Tryti (1774–1838) gifte seg 1818 med enkjemann Knut Botolvson Tennefoss (1755–1838) i Kvamsøy sokn. Botolv hadde frå før fire born, men fekk ikkje born med Åsa. Ho døydde på Tryti.
Johanna Oladtr Tryti (1869–1946) fekk Anna 1888 med Botolv Guttormson Hatlekolo (1865–1938) frå lnr 122f Halvarhaugen og Olav 1898 med Johan Lasseson Vikøyri v638 (1876–). Om Anna: sjå paktarar av prestegarden Grov; om Olav: sjå bnr 41/16 på Vikøyri-vest.
Bnr 37/33 Bjørkelund 0,02 mark. Mons Jonson Åse (1889–1961) frå bnr 15/5 under lnr 50 & 1922 Ingeborg Johannesdtr Tryti (1898–1989) frå lnr 106 dreiv ei tid bruket på Tryti saman med foreldra hennar, men han var elles målar. I 1958 fekk han skilt ut ei bustadtomt frå bnr 37/4 og bygde hus der. Born: Ruth 1922 (Måløy), Johannes 1927, Anne Marie 1933 (lnr 44c Øvstedal). Johannes Monsson Åse (1927–1997) tok over bustaden. Etter han døydde vart eigedommen overteken av systersonen Jarle Eilifson Øvstedal (1966–). Han har Bjørge 1995 med Hilde Kristine Seim (1969–) frå Leikanger (sjå lnr 96 Fjærestad).
Eigedomen er i 2007 kjøpt av: Kim André Andersson Nesheim (1980–) frå Myrkdalen & sb Tone Iren Tordtr Voll (1981–) frå lnr 80b Voll. Dei har Steffen 2004. Ei bestemor til Kim Andre er Ragnhild Ivardtr Gulteig (1920–) frå lnr 53.
Lnr 107 Tryti
4,75 spd = bnr 37/5 6,95 mark. Sjølveige frå 1796. Matrikkelskyld: I 1667 1,75 laupar, i 1723, 1788 og 1838 2,42 laupar. På dette bruket var det i 1845: 6,3 daa potet, 0,4 daa rug 14,4 daa bygg, 3 hestar, 21 storfe, 62 smalar og 3 svin.
Til dette bruket kom Jon Ingebrigtson Skjørvo (1623–) frå lnr 111+112. Vi veit om følgjande søner: Ola 1657, Ingebrigt 1662 (lnr 77 Øvre Hove) og Guttorm 1666 (lnr 106). I 1655 var bygsla delt i to like delar mellom Jon og sonen Ola. I 1701 var bruket på nytt samla og vart då litt større enn summen av dei to tidlegare delbruka. Ein del kom kanskje frå eit bruk som Anders Kolbeinson hadde vore på og som no var borte. Ola Jondtr Tryti (1657–1733 & Brita Palnedtr Midlang (–1710) frå lnr 98 fekk borna: Guttorm 1687 (døydde ung), Jon 1698 og Palne 1695–1742 (ugift). I skiftet etter Brita går det fram at Guttorm då ikkje levde. Sonen Jon overtok bygslinga i 1732. Jon Olason Tryti (1689–1767) & Anna Oladtr Undi (1698–1756) frå lnr 62 fekk: Guttorm 1728, Brita 1730 (lnr 95+97 Fjærestad), Lasse 1731 (lnr 2 Sæbø), Brita 1734 (lnr 110 Tryti), Ola 1737–41, Sjur 1739–40, Ola 1742. Den siste vart konfirmert i 1762. Det skulle ha skjedd året før, men på konfirmasjonsdagen var han i Bergen. Han var tenar på bruket i 1763, levde i 1770, men dersom han var busett i Vik, døydde han truleg før 1801. Guttorm Jonson Tryti (1728–) & 1760 Anna Johannesdtr Fjærestad (1735–1808) frå lnr 95+97 fekk borna: Johannes 1760 (lnr 88 Brekke og lnr 94 Rosheim), Jon 1762 (lnr 88 Brekke), Sjur 1764, Anna 1767 (lnr 101 Bø), Johannes 1770–70, Brita 1771 (lnr 21 Føli), Helga 1774–74?, Ola 1775–1805 (ugift, var lærar, drukna). Jon 1762 gifte seg til Brekke. Ein son hans var leprasjuk, og då han døydde vart det skrive at også Jon sjølv, ei syster hans og to av borna hennar var spedalske. Systera må vera Brita 1771. Sjur Guttormson Tryti (1764–1847) & 1798 Marta Guttormdtr Tistel (1776–1853) frå lnr 91+92 fekk: Anna 1798 (lnr 103 Bø), Kari 1800–02, Guttorm 1803. Sjur var den første sjølveigaren på bruket. Han kjøpte det i 1796 av ein Daae-arving. Guttorm Sjurson Tryti (1803–1876) & 1828 Anna Oladtr Bø (1807–1854) frå lnr 103 fekk: Marta 1827 (lnr 89 Brekke), Anna 1830 (lnr 24 Stadheim), Kari 1832 (lnr 12 Seim), Sjur 1834, Gjertrud 1836-1879 (ugift), Anna 1838–58?, Olina 1841 (lnr 91b Tistel), Brita 1843–45, Olav 1846, Arne 1849–49, Arne 1850 (lnr 12 Seim). Olav Guttormson Tryti (1846–1921) & 1876 Ingrid Perdtr Midlang (1851–1896) frå lnr 100 hadde borna: Guttorm 1877, Per 1878 (sjå note), Anna 1880–82, Ivar 1882–1904, Anna 1885–1905 (døydde som budeie i Grøndalen), Svein 1887, Harald 1890, Jon 1893 (sjå note). Olav gifte seg oppatt 1900 med Gjørond Eirikdtr Nedre Sæheim (1848–1939) frå Årdal. Dei inngjekk ektepakt der bruket var særeige for Olav. Enkja Gjørond reiste visstnok tilbake til Seimsdalen i Årdal og døydde der. Guttorm Olavson Tryti (1877–1929) vart gift med Alvhild Berntsen. Han overtok bruket, men budde i Asker. Han var høgskuleutdanna og var frøkontrollør. Det var difor broren Harald som dreiv bruket. Harald Olavson Tryti (1890–1938) & 1918 Thea Birgitte Taralddtr Hovland (1889–1963) frå Lifjorden fekk borna: Borghild 1919 (bnr 37/39 i Trytisøyna) og Olav 1924 (bnr 37/39 i Trytisøyna). I 1940 skøytte enkja Alvhild bruket til Svein Olavson Tryti (1887–1963). Han hadde gift seg 1925 med Oline Augusta Abrahamdtr Aalen, og dei hadde borna: Ingrid 1926 (Dale i Fjaler), Oddvin 1927–2006 (Karmøy), Marta 1929 (Bergen), Anna 1931, Liv Audbjørg 1934 (bnr 83b Hønsi), Alvar 1936 (Askvoll). Svein og Lina budde i Sande i Sunnfjord. Svein var fylkesagronom. Thea pakta bruket til 1947. Då overtok Svein og dreiv bruket ved hjelp av born og broren Per. Frå 1952 pakta John Helgeson Tryti (1919–1989) frå lnr 105 & 1952 Anna Sveindtr Tryti (1931–) bruket til Anna overtok det i 1963. Born: Terje Svein 1952, Ove Håkon 1955 (lnr 105), Arve Per 1962–79, Stein Frode 1970 (bnr 37/45, frådelt lnr 105). I 1978 overtok Terje Svein Jonson Tryti (1952–) & 1994 Inger Anne Johannesdtr Opheim (1959–) frå Kvam i Gudbrandsdalen. Born: Ingrid 1995, Øystein 1997, Johan 1997, Trude 1999.
Sjur Guttormson Tryti (1834–1896) hadde odelsrett til lnr 107, men var sjukleg, og broren Olav tok over. Men Sjur hadde eiga stove nær tunet. Sjur var morbror til Johanna Anfindtr Brekke (1865–1953), og ho flytta saman med Sjur. Johanna gifte seg 1892 med Per Hermundson Skjørvo (1863–1946) på lnr 114e og dei fekk Hermund 1892. Men Johanna flytta frå mannen sin nokså raskt etter giftarmålet. Johanna («Smørløysa») vart buande i stova. I kjellaren hadde ho fem sauer som ho skaffa fôr til på ulik vis.
To av sønene til Ingrid og Olav Tryti var knytt til bruket: Per Olavson Tryti (1878–1967) var ei tid på Austlandet, men kom tilbake til bruket. Jon Olavson Tryti (1893–1966) var ungkar. Han kom seinare til Trytisøyna og lnr 91b Vetla-Tistel.
Lnr 108 Tryti
6,28 spd. I 1723 eigd av Dorothea Blix, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1794. Matrikkelskyld: I 1667 2,75 laupar, 1723, 1788 og 1838 2,88 laupar. Bruksdata i 1845: 6,3 daa potet, 0,3 daa rug, 22,4 daa bygg, 1 hest, 10 storfe, 63 smalar og 3 vinterfôra svin.
På dette bruket var Elling Botolvson (1623–) og Ragnhild. Dei hadde sønene Jon 1650, Ola 1655 og Ingebrigt 1666. Dei kjem alle bort for oss. Det kom nye folk til bruket: Jon Amundson Dale (1653–1727) frå lnr 23 i Arnafjord sokn & Barbra Ellingdtr Hove (–1727) frå lnr 71. Born: Brita 1714 (lnr 88 Brekke) og Ola 1723 (oppfostra og busett på lnr 50 Åse). Brita vart gift med slektningen Ola Bendikson Brekke (både Barbra Hove og Ola slekta til Ovri). Det kom nye folk på bruket med Ellend Eirikson Midlang (1686–1758) frå lnr 99 & Marta Kjelldtr Tryti (1696–1758) frå lnr 109. Born: Eirik 1724, Kari 1728–28, Marta 1730 (Vetleøyri s218), Kjell 1735 (lnr 106), Kari 1739 (Vikøyri v062). I ein storbrann på Tryti i 1741 miste Elling «sine røgstuer», to store sengeboder med loft, eitt stabbur, ein fjøs og eit vedskjul. Ellend og Marta vart gravlagde same dag. Eirik Ellendson Tryti (1729–1795) & 1753 Randi Endredtr Skjørvo (1723–1797) frå lnr 114 fekk borna: Marta 1752 (lnr 16 Tenål), Ellend 1755 (til lnr 70 Ovri, ved konfirmasjon i 1774 vart han kalla Elling), Endre 1757, Botolv 1759–59, Anna 1760 (lnr 85 Holstad), Botolv 1762 (konfirmert 1781, ukjend seinare), Ivar 1765 (lnr 110). Endre Eirikson Tryti (1757–1827) & 1790 Lussi Endredtr Voll (1753–1797) frå lnr 81 fekk Eirik 1794. I følgje den gamle bygdeboka døydde Lussi i ein tyfusfarang. Det same gjorde fire andre av Endre-folket. Endre vart attgift 1798? med Brita Perdtr Midlang (1780–1810) frå lnr 100 og dei fekk: Lussi 1798 (lnr 94 Rosheim og lnr 108 Tryti), Per 1803–18, Kari 1807 (lnr 115 Hopperstad). Endre vart attgift for andre gong 1810 med Ingeborg Oladtr Ryum (1761–1837) frå Flåm sokn i Aurland. Ho var enkje frå Styvi i Nærøy sokn. Eirik Endreson Tryti (1794–1852) & 1820 Sigrid Jondtr Brekke (1795–1863) frå lnr 88 fekk borna: Endre 1820, Per 1822, Brita 1823–37, Botolv 1829–29, Botolv 1832, Jon 1825, Lussi 1837. Eirik gjorde gardabyte med Ola Rosheim og huslyden flytta til lnr 94 Rosheim i 1841. Sjå meir der. Ola Johannesson Rosheim (1794–1865) gifte seg 1819 med Eli Kristendtr Hopperstad (1796–1820) frå lnr 120. Ho døydde på barselseng. Ola vart attgift 1821 med Lussi Endredtr Tryti (1798–1873) frå lnr 108. Born: Eli 1823–48, Brita 1827 (lnr 25 Stadheim), Anna 1833 (lnr 104 Bø), Johannes 1836. Johannes Olason Tryti (1836–1919) & 1857 Anna Oladtr Hopperstad (1830–1905) frå lnr 125 hadde borna: Ola 1857, Ola 1860 («Trytis-minsten», sjå bnr 1/29 i Røysane-Sæbø), Endre 1862 (lnr 1/27 i Røysane-Sæbø), Lussi 1864–95 (lnr 99c Midlang), Anders 1867 (USA 1885), Per 1871 (sjå note). Etter frådeling av ein del småstykke var matrikkelskylda i 1888 lnr 108a 5,93 spd = bnr 37/6 7,96 mark. Ola Johannesson Tryti (1857–1943) & 1882 Ingeborg Eirikdtr Brekke (1858–1924) frå lnr 88b fekk: Johannes 1883, Erlend 1885 (arkitekt, busett i Fana), Anna 1887–91, Marta 1891 (sjå note lnr 93b Tryti). Johannes Olason Tryti (1883–1968) & 1913 Brita Hansdtr Bø (1888–1947) frå lnr 103 fekk borna: Ingebjørg 1913–92 (ugift heime, så hjå broren Arne), Olaf 1916, Harald 1917–97 (ugift heime, så hjå broren Olaf), Kari 1920 (Brennene, lnr 97), Arne 1924 (bnr 37/30 frådelt bruket), Arnfinn (Finn) 1929 (ugift, Oslo, så busett i det gamle bustadhuset på bruket). Olaf Johannesson Tryti (1916–1997) & 1950 Ågot Romfo (1922–) Stangvik, Nordmøre, hadde: Anne Marie 1952–52, Berit 1954 (hus nr 79 Vikøyri-søraust), Johannes 1956. Olaf skøytte frå seg bruket i 1986. Johannes Olason Tryti (1956–) & 1978 Berit Anita Josteindtr Borlaug (1960–) har borna: Jonny 1977 (sjå lnr 90 Brekke), Nini-Beate 1981 (Øvste Hopperstadmarki nr 19), Monica 1984 (bur i huset, er sambuar med Anders Agnarson Dregelid 1983 frå bnr 97/28-14 i Tråna på Vangsnes), Kristoffer 1996.
Bnr 37/30 Arnestad 0,15 mark. Denne eigedommen vart fråskilt bnr 37/6 i 1955 og er busett av Arne Johannesson Tryti (1924–). Systera Ingebjørg 1913–92 budde også her.
Bnr 37/41 Denne bustadtomta vart frådelt bnr 37/6 i 1979 og vart busett av: Brita Gudveig Ivardtr Fjærestad (1947–) frå lnr 97 på Brennene & 1968 Kjell Baste Jakobsen (1942–) frå Bergen. Born: Ivar 1969 (har vore mykje hjå bestemora på Brennene), Egil 1970 (Larvik i Vestfold), Kari Dagmar 1972 (Førresfjorden i Rogaland), Elisabeth 1976 (Sandnes i Rogaland).
Per Johannesson Tryti (1871–) dreiv med hestehandel og anna handel. Han gifte seg 1908 med Hansina Johandtr Reutz Midlang (1871–) og dei fekk Johannes (1909–1920). Dei budde fleire år i eit kårhus på lnr 72 Hove, men flytta etter 1920 til Holsnøy nord for Bergen.
Soffiplassen under lnr 108. Soffieplassen låg i bakken på austsida av Trytisbruna. Han var på 2 dekar. Dit kom i 1887 Ingebrigt Henrikson Vikøyri v318 (1857–1929) & 1887 Ingeborg Larsdtr Vetleøyri s120 (1857–1938). Dei fekk borna: Ingeborg 1889–89, Lars 1890, Ingebrigt 1894–94, Olina 1896 (USA 1916), Ingeborg 1893 (USA 1914), Marie 1904. Lars Ingebrigtson Tryti (1890–1968) og Marie Ingebrigtdtr Tryti (1904–1970) vart båe buande på plassen. Lars fekk Anna Sofie 1924 med Helene Tollakdtr Kvist (1897-1929) frå Øyane-Grov. Husa på plassen vart brende.
Elvabrigt-plassen under lnr 108. På ein plass nederst i Tryti, under Sveinåkerreina og mot elva låg ei husmannsstove. Husmann var Ingebrigt Botolvson Skjørvo (1819–1909) frå lnr 112 & 1862 Ragnhild Oladtr Vetleøyri s172 (1828–1923). Dei hadde: Gitlaug 1862, Else 1866 (i 1900 kjøkkenjente hjå ein apotekar på Vossevangen) og Birte 1870 (gift 1899 i Bergen med Karl Severinsen). Frå før hadde Ragnhild dottera Olina 1856 (plass under Leidal på Voss) med Nils Andersson Stadheim (1827-74) frå lnr 29. I 1891 hadde dei ei ku og 8 sauer på plassen. Ragnhild fekk fattigstønad frå og med 1908. Gitlaug Ingebrigtdtr Tryti (1862–1950) vart buande på plassen.
Teigsmannsplassen under lnr 108. I ei stove på austsida av den gamle Bøadalsvegen nedanfor Trytistunet budde eit ektepar som måtte flytta frå småbruket Teig i Bø, lnr 102b. Dei to var: Ola Olason Bø (1820–1909) & 1849 Anna Ellingdtr Bø (1824–1905), sjå lnr 102b. Det var i 1877 at bruket i Bø vart skøytt til eldste sonen, og Ola fekk sett opp ei husmannsstove utan jord på lnr 108. Ekteparet fekk fattighjelp i mange år. I 1899 fekk to tilsynsmenn i oppdrag å forhandla med sonen Ola i Teig om å ta foreldra til seg eller å dekka ein del av utgiftene. Ola døydde på Skjørvo hjå dottera Marta.
Lnr 109 Tryti
4,33 spd = bnr 37/10 6,25 mark. Sjølveige frå 1836. Matrikkelskyld: I 1667 0,88+0,88 laupar, i 1723 og 1838 1,92 laupar. Bruksdata i 1865: 3,0 daa potet, 11,0 daa bygg, 2 hestar, 13 storfe, 48 smalar og 3 svin.
På dette bruket var i 1645 Johans Eirikson (1601–) og Ingrid. Johans var der òg i 1667, men då ser det ut til at han og Simon Bendikson (1625–) dreiv kvar sin halvpart av bruket. Simon hadde sonen Bendik 1683, men båe kjem bort. I 1683 dreiv truleg Kjell Ivarson Bø (1662–1742) frå lnr 103 bruket udelt. Det kan dessutan sjå ut som det har skjedd ei viss samordning med lnr 110, for i 1723 var dei to bruka like store. Kjell gift seg med Sigrid Ivardtr Stadheim (1659–1741) frå lnr 24+25 og vi veit om følgjande born: Brita 1680–1764 (ugift, døydde i Bø), Marta 1687–1761 (gift til Stalheim, Vossestrand), Ola 1692, Marta 1696 (lnr 108 Tryti), Endre 1700. Ola Kjellson var med i krig mot svenskane i år 1709–18 og miste livet der. Sonen Endre fekk bygsel på bruket i 1728. Endre Kjellson Tryti (1700–) var gift med Gjertrud Styrkdtr Føli (–) frå lnr 19 og dei fekk borna: Ragnhild 1728, Brita 1731?–31, Kjell 1732–32, Kari 1736?, Guttorm 1740–40. I følgje opplysingar i den gamle bygdeboka reiste huslyden til Nordhordland eller Nordland. I 1744 fekk Anders Jonson Tenål (1718–1785) frå lnr 16 bygsel på bruket. Han gifte seg 1745 med Kari Endredtr Skjørvo (1719–1807) frå lnr 114 og dei fekk 7 born. Omkring 1758 flytta huslyden til lnr 114 Skjørvo. Sjå om borna der. Kanskje var det slik at Lasse Jonson Tryti (1731–) frå lnr 107 då fekk bygsling på bruket, men at han ca 1760 gjorde bygslingsbyte slik at han kom til lnr 2 Sæbø og at bygslaren der kom til lnr 109. I alle høve er Per Jonson Undi (1698-1767) frå lnr 62 & Sigrid Nilsdtr Ovri (–) frå lnr 68 oppførde som bygslarar av bruket i manntalet i 1763. Medverkande til dette skiftet var truleg at både Lasse og ein son til Per var gifte med døtrer til Ola Liktvorane. Neste leiglendingspar var Jon Person Undi (1727–) lnr 62 & 1757 Brita Oladtr Liktvorane (1731–1797) frå lnr 9. Jon var fødd på Undi, men voks opp på lnr 2 Sæbø. Han døydde truleg mellom 1801 og 1815 då så mange dødsfall manglar i kyrkjeboka. Born: Sigrid 1759 (plass på Balvoll), Kari 1762 (lnr 92 Tistel), Ola 1766. Ola Jonson Tryti (1766–1834) & 1793 Anna Ivardtr Dale (1770–1816) frå lnr 23 i Arnafjord sokn fekk: Brita 1796 (død før 1801), Per 1797 (plass nr 3 under lnr 13 Tenål), Ivar 1799 (storplass under lnr 1+4 i Røysane-Sæbø), Brita 1802 (Samuelplassen i Moane-Grov), Gjertrud 1805 (plassen Øvre Trytisøyna under lnr 108), Jon 1808–08?. Ola vart attgift 1816 med Brita Knutdtr Midlang (1775–1836) frå lnr 98. Dei hadde ikkje born. I 1809 hadde Ola i fylla vist voldsam framferd i stova til Guttorm Ellingson Skjørvo på lnr 112. I forliksrådet var Ola «snill gut» og lova å opptre venskapleg og tenesteviljug i framtida. I 1836 kjøpte Nils Olason Sæbø bruket til ein av sønene sine. Borna til Ola og Anna hadde forkjøpsrett, men hadde neppe kapital nok til å hindra oppkjøpet. Nils Nilsson Tuchsen Sæbø (1809–1847) frå lnr 4 & 1836 Gyrid Tollakdtr Seim (1816–1884) frå lnr 9 fekk borna: Kristina Marie 1835 (sjå note lnr 38 Nummedal), Durdei 1838 (USA 1861), Nils 1840, Anna 1843 (lnr 4 Hovland i Vangsnes sokn), Tollak 1845 (sjå note), Nilsina 1848–48. Gyrid Tollakdtr gifte seg oppatt 1849 med Kristoffer Olason Hopperstad (1817–1864) frå lnr 118. Dei fekk borna: Sigrid 1850 (lnr 77b Hove), Nils 1852–52, Olina 1853–54, Nils 1855 («Vetle-Nils», lnr 8 Vange), Olina 1857–57, Ola 1858 (USA 1879). Nils Nilsson Tryti (1840–1923) & 1877 Kirsti Nilsdtr Vange (1848–1930) frå lnr 6+7 fekk: Gyrid 1877 (sjå note), Turid 1879–79, Nils 1882, Nils 1885–1929 (ugift, vart kalla «Smidjen» fordi han vart kalla opp etter bestefaren på Vange, her vart det altså ikkje utnamna «størsten» og «minsten» for dei to nilsane), Kristian 1887 (sjå note). Enkja Kristi skøytte frå seg bruket i 1929. Nils Nilsson Tryti (1882–1965) & 1929 Synneva Ellingdtr Hønsi (1883–1937) frå lnr 82 fekk ikkje born. Bruket vart overteke i 1958 av Gerd Henrikdtr Aarestrup (1935–) frå lnr 93a* Espesete & 1957 Bjarne Beintson Fjærestad (1927–) frå bnr 34/14 under lnr 96. Gerd 1935 var dotterdotter av Gyrid 1877. Born: Nils Kåre 1958, Ragnhild 1963 (bnr 2/65 på Vange-aust, ho eig òg bnr 40/70 i Gildhus). Nils Kåre Fjærestad (1958–) tok over bruket i 1991. Han er ugift.
Gyrid Nilsdtr Tryti (1877–1937) & 1904 tambur Per Olason Refsdal (1877–1910) overtok lnr 58 Refsdal. Born: Anna 1905 (lnr 103b Bø), Kirsti 1907 (gift i Stryn), Ragnhild 1909 (lnr 93a* Espesete). Borna vart fødde i Refsdal, men oppfostra på Tryti då mora flytta tilbake. Kristian Nilsson Tryti (1887–1983) budde i same hus som Gyrid og dreiv bruket saman med broren Nils.
I ei eiga stove på dette bruket budde murar Tollak Nilsson Tryti (1845–1932) & 1870 Inga Kristendtr Hopperstad (1845–1926) frå plass under lnr 122a. Born: Nils 1869 (lærar på Hurum, så Strømmen ved Drammen), Kristen 1871 (USA 1893), Gyrid 1874–1957 (ugift på Tryti), Anna 1877–1967 (ugift på Tryti), Kristina 1882 (sjå bnr 28/9 under lnr 84b Hønsi), Anders 1882–82. Gyrid fekk Anna 1907–08 med Ola Johannesson Hopperstad (1869–1935) frå lnr 122a.
Lnr 110 Tryti
4,33 spd = bnr 37/11 6,28 spd. Sjølveige frå 1850. Matrikkelskyld: I 1667 2,63 laupar, i 1723, 1788 og 1838 1,92 laupar. Bruksdata i 1865: 3,5 daa potet, 8,8 daa bygg, 2 hestar, 11 storfe, 41 smalar og 3 svin.
I 1655 og 1667 hadde Anfin Markusson (1605–?) eit bruk på 2,63 laupar på Tryti. I 1645 var Anfin truleg ugift, men hadde med seg sonen Markus 1624 (lnr 41 Grønsberg). Ut frå dette var Anfin berre 19–20 år då han vart far. Anfin ser ikkje ut til å fått fleire born, og til bruket kom ein ny leiglending. I 1701 var Ellend (Jonson/Jakobson) (1655–1727) brukar. Han var gift med Kari Oladtr Fjærestad (–) frå lnr 96. Dei hadde borna: Marta og Ola 1727–98 (ugift dreng på Fjærestad). Enkja Kari Oladtr gifte seg på nytt 1728 med Ola Hermundson Tryti (1684–1744) frå lnr 105+106 og dei fekk: Turid 1730 (lnr 105) og Roland 1734–54. Det var lauseld på bruket i 1741, og det var kanskje årsaka til at buet etter Ola var fallitt. Det kom nye folk på bruket. Stillaug Johannesson Øyane (1730–) frå Mo i Lærdal & 1757 Brita Jondtr Tryti (1734–1815) frå lnr 107 fekk borna: Jon 1758–1825 (ugift på bruket), Gjertrud 1761, Johannes 1768-1831 (ugift på Tryti, på legd ved død), Synneva 1771 (truleg død før 1801). Gjertrud Stillaugdtr Tryti (1761–1852) & 1793 Ivar Eirikson Tryti (1765–1823) frå lnr 108 fekk borna: Eirik 1793, Botolv 1805 (Vikøyri v134), Randi 1795–99, Brita 1797 (Furehaug, lnr 95a Fjærestad), Synneva 1799–99, Randi 1801–24. Den 18. januar 1819 hadde familien ein travel dag i forliksrådet. Gjertrud og broren Johannes hadde kalla Sjur Mikkelson (1800-1824) frå plassen Breidi på Hopperstad for ein rekehund og ein kjeltring. Dernest hadde Brita og Eirik vore ufine i munnhoggeri med Kari Perdtr Skjørvo (1790-1854), og den tredje saka var eit motsøksmål frå Brita fordi Kari hadde kalla Brita tjuv og sladrebikkje. Eirik Ivarson Tryti (1793–1870) & 1824 Ragnhild Andersdtr Skjørvo (1798–1895) frå lnr 113 bygsla bruket frå 1823. Born: Ivar 1825–39, Anders 1827–1920 (ugift på Tryti, «Stampar-Anders»), Eirik 1829 (lnr 91a Tistel), Randi 1831. Guten Ivar døydde etter at eit fiskebein hadde sett seg fast i halsen. I 1832 kjøpte Ola Nilsson Sæbø bruket. Men Eirik Ivarson heldt fram som leiglending, og i 1850 vart bruket skøytt til Guttorm Johannesson Rosheim (1801–1875) frå lnr 94.
Han gifte seg i 1855 med Randi Eirikdtr Tryti (1831–1915). Dei hadde ikkje born. Randi gifte seg på nytt 1876 med Endre Olason Hopperstad (1837–1919) frå lnr 115. Heller ikkje dei hadde born. Bruket vart selt til ein systerson til Endre: Ola Johannesson Hopperstad (1869–1935) frå lnr 122a. Han gifte seg 1910 med Ingeborg Kristendtr Hopperstad (1875–1930) frå lnr 120 og dei fekk: Brita 1911–24, Endre 1914 (bnr 37/24 under bruket, frå 1957 lnr 122a Hopperstad), Kristen 1917. I 1936 gjekk bruket til Kristen Olason Tryti (1917–1988) & 1944 Margit Oladtr Feidje (1913–) frå Feios. Dei var barnlause. I 1989 vart bruket overteke av John Helgeson Daltveit (1961–) frå Arna ved Bergen (Osterøy) & 1985 Britt Reidun Erlenddtr Tenold (1962–) frå lnr 15a** Tenål. Born: Erlend 1986, Monica 1987, Jostein 1992, Linda 1993, Reidun 1999. Dei dreiv mjølkeproduksjon, men drifta er avslutta i 2006.
Bnr 37/24 Dalheim 0,03 mark. Jon Ingebrigtson Refsdal (1858–1936) frå lnr 59 var lærar på Bøadalen skule 1882–1923. Han gifte seg 1885 med Anna Perdtr Bø (1857–1916) frå lnr 101 og dei fekk Gjertrud 1887–88. Dei budde ei tid hjå foreldra til Anna, men bygde hus på Tryti ved «Perlegota». Huset vart overteke av Endre Olason Tryti (1914–1993) frå lnr 110. Han gifte seg 1945 med Kristina Oladt Flåm (1920–) frå Undredal. Dei fekk Oddvar 1947. Endre tok så lnr 122a Hopperstad på odel. I 1962 kjøpte Signe Emelie (Skorgen) Stavedal (1907–1996) frå Visdal i Romsdal staden. Ho var enkje etter Ola Sjurson Stavedal (1900–1960) og dei hadde drive lnr 59 Stavedal i Arnafjord sokn. Born: Magni Sofie 1949 (Nordfjordeid) og Astrid 1951 (bnr 37/40 under lnr 110 Tryti). Huset er i dag ikkje busett.
Bnr 37/25 Storeteigen 0,10 mark. Lars Hansson Bø (1898–1987) frå lnr 103b kjøpte dette jordstykket og busette seg der. Han kjøpte husmannsstova etter Karl Midlang i Holene-Midlang og sette ho opp på eigedommen. Stova har ikkje vore busett seinare, og jorda er fordelt på naboeigedomar.
Bnr 37/40 Steinhaugen. Halvard Johan Drægni (1941–) & 1972 Astrid Oladtr Stavedal (1951–) frå bnr 37/24 under lnr 110 bygde hus på denne tomta. Det var ferdig i 1976. Born: Ola Johan 1980 (Sogndal), Svein Arne 1983 (sjå bnr 1/180 i Røysane-Sæbø).