Tistel
Tistel (tistedl): Tydtzsell (1603), Thistell (1611), Tistill (1647), Tistel (1667), Tistil (1723), Tistel (1838, 1863, NG, VIK).
Lnr 91+92 Tistel
3,74 spd. Eigar i 1647: Kolbein Kvamme i Kvamsøy sokn. Sjølveige i 1647 og 1667, frå 1685 eigd av Ivar Leganger og slekt etter han. Sjølveige frå 1798. Matrikkelskyld: 0,50 laupar i 1647, 0,75 laupar i 1666, 1,17 laupar i 1723, 1788 og 1838.
Etter øydetida vart ikkje Tistel busett på nytt før omkring 1600. I 1603 heitte brukaren Knut og i 1635, 1645 og 1647 var Eirik leiglending. I 1645 var Sigrid Oladtr kona hans og dei hadde ei dotter Gjertrud. Kolbein Kvamme var i 1647 eigar av Tistel og matrikkelskylda var sett til 0,5 laup. Kolbein var av Tenålsadelen ved at ei dotter til adelsmannen Samson Ingebrigtson Finnen gifte seg til Kvamme. I 1655 og 1667 var ein son hans, Ola Kolbeinson Kvamme (1621–), både eigar og brukar. Han hadde i 1667 sønene Per 1656 og Kolbein 1660. Desse sønene kjem bort for oss. Ola vart truleg attgift med Solveig Botolvdtr, og det vart skrive at ho døydde barnlaus i 1706. I 1685 var Solveig enkje, og dette året selde ho eiga i Tistel til Ivar Leganger. Solveig gifte seg opp att med Simon Nilsson (1660–1727) og han sat som leiglending i 1701, 1711 og 1723. Simon var neppe frå bygda. Han gifte seg opp att med Gjertrud Nilsdtr Fjærestad (1669–1763) frå lnr 96, og dei hadde Nils (lnr 98 Midlang). Gjertrud Nilsdtr gifte seg opp att med Anbjørn Anfinson Hove (1693–1743) frå lnr 73. Dei hadde ikkje born. Til bruket kom Nils Olason Fjærestad (1714–1771) frå lnr 96 & 1743 Marta Hermunddtr Sæbø (1718–1770) frå lnr 1. Nils var ein systerson til Gjertrud. Han var korporal då han gifte seg. Nils og Marta fekk: Ola 1744 (Bergen, tente ei tid hjå biskop Arentz, dottera Marta var gift med ein skippar, dottera Alida gift med Johan Hattemakar), Gunhild 1745 (lnr 36 Åse-Arnafjord), Marta 1747–47, Hermund 1748 (lnr 101 Bø), Roland 1750, Marta 1753 (lnr 118 Hopperstad), Gjertrud 1755 (gift i Bergen), Anna 1757–58. Roland Nilsson Tistel (1750–1774) & 1771 Marta Jondtr Espesete (1751–1825) frå lnr 93 fekk borna: Nils 1772 (lnr 92 Tistel) og Guttorm 1774 (Vikøyri v254). Marta gifte seg på nytt 1775 med Guttorm Olason Stadheim (1747–1811) frå lnr 32 og dei fekk: Marta 1776 (lnr 107 Tryti), Roland 1778, Ola 1780 (lnr 82 Hønsi), Jon 1783 (sjå note lnr 82 Hønsi), Arne 1786 (på Tistel i 1801, døydde truleg før 1815), Endre 1788–88, Endre 1790 (var med i krigen 1809–15, men blir borte), Anna 1792–92, Botolv 1794 (lnr 91b Tistel). Roland Guttormson Tistel (1778–1847) & 1803 Torborg Jondtr Midlang (1784–1858) frå lnr 100 fekk borna: Kari 1804 (lnr 98 Midlang), Guttorm 1808 (sjå note lnr 20 Føli), Brita 1811 (lnr 11a Seim), Anna 1814–18, Jon 1817, Ivar 1819, Ola 1820 (sjå note), Marta 1825 (lnr 93 Espesete) og Endre 1828 (USA 1846). Roland må ha vore velståande, for i 1804 hadde han lånt 50 rdl til Ingebrigt Olason Skjørvo på lnr 111. Men etter fleire krav hadde Roland i 1809 framleis ikkje fått pengane tilbake. Då vart det i forliksrådet truga med utpanting. I 1811 vart bruket frådelt Nærrebøen og i 1817 Neset til Nils Rolandson Tistel (1772–1826), ein halvbror til Roland 1778. Den frådelte parten fekk lnr 92 0,08 spd. Lnr 91 fekk skyld 3,68 spd. I 1843 vart bruket frådelt lnr 91b Vetla-Tistel 0 50 spd til ei heilbror til Roland, Botolv 1794. Lnr 91a 3,18 spd vart i 1844 skøytt til Jon Rolandson Tistel (1817–1893) & 1843 Marta Oladtr Kvamme (1811–1892) frå Vossestrand, og dei fekk: Roland 1844, Ola 1846, Arne 1846, Torborg 1848, Lars 1851 og Brita 1854. Jon hadde dessutan Jon 1840 med Gjertrud Jondtr Kjelven (1820–) frå ein plass under lnr 39 i Arnafjord sokn. I 1864 selde Jon bruket, og huslyden reiste til USA. Ein marka- og liateig, lnr 91c 0,12 spd vart selt for seg til Guttorm Jonson (Brekke) Brennene. Denne teigen kom i 1876 inn under lnr 95c Fjærestad. Hovudbruket, lnr 91a, gjekk til Eirik Eirikson Tryti.
Lnr 91a 3,05 spd = bnr 31/1 4.47 mark. I 1865 var det 4,4 daa bygg, 7,7 daa potet, 2 hestar, 9 storfe, 34 smalar og ein gris på bruket.
Eirik Eirikson Tryti (1829–1909) frå lnr 110 & 1865 Marta Ivardtr Skjørvo (1841–1924) frå lnr 112a fekk: Ragnhild 1865–65, Anna 1866 (lnr 95c Fjærestad), Ragnhild 1868–1947, Ivar 1871, Eirik 1873 (bnr 37/16 under Hagen-Bøadalen), Brita 1879–1952, Anna 1883–1967, Ola 1887–1957. Ivar Eirikson Tistel (1871–1958) overtok i 1924 og dreiv bruket saman med systrene Ragnhild, Brita og Anna og broren Ola. Brorsonen Erling Eirikson Tistel (1913–1974) overtok og slo bruket saman med farsbruket bnr 37/16 Tistelteigen 0,16 mark, sjå under Hagen-Bøadalen. Det vart bygt opp ny driftsbygning, men huslyden budde framleis i dei gamle husa på småbruket. Erling gifte seg 1948 med Ragnhild Johannesdtr Birkeland (1929–) frå Haukedalen og dei fekk borna: Eirik 1949, Johan Andreas 1951 (bnr 31/5), Inge 1952 (bnr 31/8), Alf 1953 (bnr 31/7), Edvin Rolf 1956 (bnr 38/7 under lnr 111 Skjørvo). Ragnhild har ei syster Inga på lnr 96 Fjærestad. Eirik Erlingson Tistel (1949–) & 1973 Kari Marie Knutdtr Kyte (1951–), Voss, overtok i 1974. Born: Marita 1974, Erling 1976 (Molde), Annbjørg 1985. Marita Eirikdtr Tistel (1974–) & 2004 Per Olav Johanson Langeland (1975–) frå Nordfjordeid har: Eirik 2003 og Jonas 2005.
På frådelte tomter på Tistelhaugen er busett:
Bnr 31/5 Bjørkelund 0,01 mark. Johan Andreas Erlingson Tistel (1951–) & 1976 Gerd Heimdal (1954–) frå Asker. Born: Vidar 1976 (Masfjorden), Ole Andre 1978 (Bergen).
Bnr 31/7 Skogtun 0,01 mark. Alf Erlingson Tistel (1953–) & 1974 Solfrid Alfdtr Kalvik (1956–) frå Stamneshella i Vaksdal. Born: Eivind 1975 (Furehaugen), Arild 1980 (Førde). Alf har eigd bnr 34/1 Furehaugen på Fjærestad, men har skøytt til Eivind 1975.
Bnr 31/8 Ospehaugen 0,01 mark, bygt 1983.Inge Erlingson Tistel (1952–) & 1977 Reidun Endredtr Ovrid (1957–) frå lnr 69. Born: Thomas 1978 (Bergen), Ørjan 1979 (Bergen), Marius 1985, Jarl 1988. Reidun og Inge budde først hjå Johannes Fjærestad (lnr 95c).
Ola Rolandson Tistel (1820–) & 1844 Ragnhild Oladtr Nissestad (1818–) frå lnr 14 i Arnafjord sokn reiste til USA i 1844.
Lnr 92 Nærrebøen 0,08 spd = bnr 31/4 0,16 mark. Nils Rolandson Tistel (1772–1826) frå lnr 91 fekk tinglyst skøyte på Nærrebøen i 1811 og Neset i 1817. Han hadde i 1793 gift seg med Kari Jondtr Tryti (1762–1805) frå lnr 109 og dei fekk Marta 1793–1822. Nils fekk òg Ola 1808 med husmannsenkja Synneva Tomasdtr «Skjørvo» (1770–1838) på plass nr 2 på Breidi under lnr 120 Hopperstad. Ola kom til ein plass under lnr 105c på Brennene. Nils hadde truleg sett opp hus på lnr 192 om lag på den tida han gifte seg. I dei siste åra før han døydde hadde han truleg Mari Jokumdtr Kallevang frå Borgund som tenestejente. Han testamenterte alt han åtte til henne. Men Adam Reutz Midlang vart trulova med Kari Rolanddtr Tistel, og på vegne av henne fekk Adam hand om jorda. Mari gifte seg med Arne Ingebrigtson Balvoll, og dei vart buande nokre år på plassen. Plassen var ikkje busett etter 1829, men Arne Balvoll dreiv truleg jorda. I 1844 gjorde Adam Midlang og Jon Person Hove makeskifte og i 1863 vart parsellen skøytt til Ingebrigt Arneson Balvoll. I 1893 gjekk eigedomen til Botolv Jonson Espesete og han kom så frå år 1900 inn under Hagen.
Lnr 91b Vetla-Tistel 0,50 spd = bnr 31/2 0,72 mark. I 1845 var det 2,4 daa poteter, 1,2 daa korn, 1 hest, 3 storfe, 12 smalar og 3 grisar på bruket.
Botolv Guttormson Tistel (1794–1866) & 1822 Lussi Jondtr Hove (1795–1878) frå lnr 71 og enkje på lnr 93 Espesete busette seg på Espesete. I skiftet etter første mann til Lussi vart heile garden Espesete utlagt til den 4 år gamle sonen Botolv Jonson, slik at Botolv og Lussi ikkje hadde noko framtid på bruket når denne guten vart vaksen. I 1843 fekk dei difor skøyte på ein part av Tistel og bygde opp eit småbruk. Lussi og Botolv fekk borna: Jon 1823 (USA 1856), Guttorm 1825, Marta 1828 (USA 1854), Anna 1830–42, Endre 1833 (USA 1853), Ola 1835–37, Per 1835–37, Olina 1839, Pernille 1842. Guttorm Botolvson Espesete (1825–1901) & 1850 Anna Perdtr Vange (1826–1918) frå lnr 5 budde òg på småbruket og hadde borna: Ingebjørg 1848, Lussi 1850–69 og Anna 1853–69. I 1854 selde Botolv småbruket og reiste til USA med kone og dei to yngste borna og saman med Guttorm og huslyden hans. I følgje panteregisteret var det Bendik Jonson (Brekke) Espesete som kjøpte bruket. Men den reelle eigaren var truleg Anders Lageson Bø på lnr 103a og i 1860 fekk enkja etter han, Ingeborg Hansdtr, tinglyste papir på bruket. Frå 1865 let ho Anders Davidson Gulbrå (1815–) frå Eksingedalen driva bruket. Anders gifte seg med Ragnhild Andersdtr Yksendal (1836–) og dei fekk: David 1858, Sigvor 1860, Anders 1865 og Guri 1868. Huslyden reiste til USA alt i 1868, og då selde Ingeborg bruket til Sjur Arneson Stadheim (1842–1930) frå lnr 32 & 1868 Olina Guttormdtr Tryti (1841–1917) frå lnr 107. Born: Ola 1866–91 (døydde etter ei ulukke), Guttorm 1869, Arne 1873–1953 (ugift gardsarbeidar), Anna 1875–1924, Gjert 1879–83, Gjertrud 1883 (bnr 4/42 under lnr 15b Tenål). I 1888 fekk Sjur i tillegg skøyte på lnr 108d Tryti 0,15 spd = bnr 37/9 0,18 mark. Guttorm Sjurson Tistel (1869–1951) & 1900 Brita Ivardtr Refsdal (1875–1946) frå lnr 61 fekk: Olina 1901 (bnr 2/5 under Røysane-Vange), Brita 1903 (lenge heime, så bnr 2/5), Sigurd 1906–28, Ivar 1909 (lnr 13a Limmesand), Olga 1912 (Grinde på Leikanger), Ingolf 1914, Jenny 1916 (gift Svedal, Husabø på Leikanger), Georg 1918. Borna vart oppfostra i Holene-Midlang, eit bruk som Guttorm og Brita hadde hand om frå ca 1905. I Guttorm si tid kom bnr 37/23 Haugane 0,50 mark inn under bruket. I 1943 vart bruket skøytt til Georg Guttormson Tistel (1918–). Han gifte seg i 1945 med Torild Tomasdtr Thue (1917–1993) frå Balestrand. (Om foreldra til Torild: sjå note lnr 57 Sylvarnes i Arnafjord sokn). Dei overtok småbruket Lesdalen på Tenål (sjå under lnr 13a3) og i 1947 fekk Georg Settevik (1884–1960) på lnr 7 Gotevik og sonen Alf forpakting på Vetla-Tistel på 10 år. I 1948 vart bruket skøytt til Alf Johannes Georgson Sætevik (1926–1995). I 1952 gjekk bruket ved odelsskøyte til Jenny Guttormdtr Tistel (1916–). Jenny overlet drifta til Jon Olavson Tryti (1893–1966) frå lnr 107. Han dreiv bruket fram til 1965 (sjå òg bnr 37/39 under Trytisøyna). Deretter vart bruket skøytt til Ingolf Guttormson Tistel (1914–1991) som då var busett på lnr 99c Midlang. Bruket har seinare ikkje vore busett og har vore drive saman med bnr 35/4 Midlang.