Midlang

Midlang (midlaong): Myrlange, Myrlanger, Myrlangher (ca 1320), Myrlangh (1463), Millangr (1601), Midlannger (1603), Milldanger (1611), Millang (1863), Midlang (1647, 1665, 1723, 1838, NG, VIK).

Først på 1300-talet eigde kyrkja eller prestebolet 13 bol i «Myrlange» og Munkeliv kloster 12 bol i «Myrlanger». Truleg var Midlang då, som på 1600-talet, delt i to tun, og kyrkja og klosteret eigde kvart sitt bruk. Munkeliv-bruket kan vi følgja også i øydetida. Årsleiga var i 1463 berre 0,25 laup, eller 20 % av laupsleiga ca 1330. Bruket låg då sikkert øyde og vart drive frå eit bruk som Munkeliv kloster eigde i Bø. Som andre gardar på Bøadalen lengre ut i dalen enn Bø, låg bruka øyde til slutten av 1500-talet eller byrjinga av 1600-talet. I 1603 finn vi to brukarar: Knut Midlanger og Amund Midlanger. I 1611 er Knut og Botolv leiglendingar og i 1635 finn vi Guttorm og Eirik. I 1645 finn vi Guttorm og Elsebe med sønene Ola og Arne og på det andre bruket Knut og Kari. Men då budde også Amund Knutson på garden. Det var truleg den tidlegare brukaren som no var på kår. I 1647 finn vi Guttorm og Arne som brukarar. Eirik er då oppførd med eit kårbruk på 0,9 laup. I 1667 finn vi Knut Kristenson på eitt av to bruk. På bruket budde det òg ein tiggar, «Sjur i Myri» 52 år, med sønene Ola 1655 og Johans 1658. Enkja Elsebe hadde i 1667 med seg sonen Eirik Guttormson. På denne tida vart det skrive at busetnaden var delt i to tun. Første tunet låg under Hospitalgodset og det andre tunet under Munkelivgodset. I 1685 svara Palne, Eirik og Simon leiglendingsskatt. Frå då av var det tre bruk på Midlang. I 1701 finn vi dei same brukarane: Palne Guttormson, Eirik Guttormson og Simon Knutson. I 1723 var dei tre bruka om lag like store.

Omlegginga frå to til tre bruk kan ha skjedd i samband med at Munkelivgodset gjekk ut av statseige omkring 1680. Ein del av denne eiga kom over på St Jørgen Hospital i Bergen (sjukehus for spedalske), men det meste vart kjøpt av etatsråd Blixencrone. Det nye bruket, «Skarpeteigen» (lnr 99), var litt sjølveigd, men var elles eigd av Hospitalet. Eitt bruk låg under Blixencrone (lnr 100), medan det tredje (lnr 98) var eigd av Hospitalet og Vik prestebol. Då samla matrikkelskyld for dei tre bruka var mindre i 1723 enn i 1647, er det grunn til å tru at ca 0,5 laupar i Midlang ved omlegginga kom direkte inn under prestegarden Grov. (Det var Prestteigen med utmark og beiterettar og Prestmyri).

Lnr 98 Midlang 4,33 spd = bnr 35/1 5,90 mark. Eigarar i 1723: Vik prestebol 0,5 laupar, Hospitalet i Bergen 0,75 laupar. Sjølveige frå 1834 og 1839. Matrikkelskyld i 1723, 1788 og 1838: 1,25 laupar. I 1845 var det 6,3 daa poteter, 13,5 daa korn, 3 hestar, 14 storfe, 62 smalar, 1 geit og 6 svin på bruket.

På dette bruket finn vi Guttorm Midlang (–ca 1660) gift med Elsebe Ovri (1605–). Elsebe var enkje i 1666. Dei hadde sønene: Ola 1622 (lnr 32 Stadheim), Arne (ukjend seinare), Eirik 1645 (lnr 99 Midlang), Palne 1650 og Knut (som truleg budde på Vikøyri). Guttorm var ein velvyrd mann i bygda. Han var til dømes lagrettemann. Palne Guttormson Midlang (1650–) var gift med Brita Perdtr (–1706) og dei hadde: Brita (lnr 107 Tryti), Marita (ukjend seinare), Synneva (også ukjend seinare), Elsebe 1682 (lnr 0 Sæbø). Brit Perdtr Midlang hadde ei syster med same førenamn på lnr 33 Fosse. Palne Guttormson døydde mellom 1701 og 1711. Per Palneson Midlang (1687–1733) var gift med Gitlaug Johannesdtr (1686–1733) og dei hadde: Brita 1713, Ragnhild 1722–92 (ugift), Brita dy, Marita 1724 (Vikøyri v694), Guttorm 1727 (lnr 187 Vangsnes). I 1733 overtok Brita Perdtr Midlang (1713–1765) & 1734 Jon Torsteinson Åfet (1693–1742) frå Feios bygsla. Born: Per 1736 (lnr 86), Torstein 1739 (Brennene, lnr 97) og Eirik 1742 (lnr 78 Hove). Folk kunne bli gravlagde utan at presten visste om det. Det har vi eit prov for her, for i 1736 er det skrive inn i kyrkjeboka at eit eitt månaders gamalt barn til Jon Midlang hadde blitt gravlagd i januar eller februar: «Hvilket for mig haver været udvidende indtil deres Hustruers Kirkegang som holdtes på eftermeldende Søndag». Barnet var sikkert heimedøypt, men namnet får vi ikkje greie på. Brita gifte seg på nytt 1743 med Nils Simonson Tistel (–) frå lnr 91+92 og dei fekk: Gjertrud 1744, Gitlaug 1746–46, Gitlaug 1747 (lnr 184 Vangsnes), Simon 1753–1829 (ugift) og Brita 1754 (plass nr 53 Vangsnes). Gjertrud Nilsdtr Midlang (1744–1827) & 1768 Knut Guttormson Åse-Arnafjord (1744–1814) frå lnr 35+36 fekk borna: Barbra 1771–99, Nils 1772, Brita 1775 (lnr 109 Tryti), Guttorm 1778 (plassen Bjørkevik under Sylvarnes i Arnafjord sokn), Brita 1781–81?, Johannes 1782 (lnr 57 Sylvarnes), Ingebrigt 1785 (lnr 187 Vangsnes), Per 1787 (sjå note). Barbra 1771 drukna i eit fjellvatn, står det i den gamle bygdeboka. Nils Knutson Midlang (1772–1839) & 1817 Lussi Oladtr Finnen (1791–) frå lnr 51 i Arnafjord sokn fekk borna: Gjertrud 1818 (fekk Nils 1848 med Ola Nilsson Skjørvo, 1817-1875, frå lnr 111, dei to til USA i 1857), Knut 1820, Sigrid 1822 (USA 1844), Barbra 1824 (plass i Åsberget under lnr 34 Åse-Arnafjord), Brita 1830 (USA 1857) Lussi hadde systera Sigrid på ein plass på Balvoll. I 1834 fekk Klaus Rumohr Reutz skøyte på eiga som St Jørgen Hospital hadde hatt i bruket. Enkja Lussi var kanskje i økonomiske vanskar, for i 1839 ho var med på ei ordning som førde til at også resten av eiga i bruket, 0,5 laup, vart overført frå Vik prestebol til Klaus Reutz. Ho fekk deretter kår på bruket. Kva huslyden deretter levde av er usikkert. Enkja Lussi reiste til USA i 1857 saman med to døtrer og sonen Knut med huslyd. Knut Nilsson Midlang (1820–1899) & 1849 Marta Amunddtr Hopperstad (1821–1851) frå lnr 117 fekk borna: Gjertrud 1848–49 og Nils 1850. Knut vart attgift i Bergen i 1857 med Ragnhild Arnedtr Balvoll (1828–1872). Knut, Ragnhild og Nils reiste til USA same året.

Klaus Johanson Rumohr Reutz (1808–1866) frå lnr 1 Sæbø & 1835 Kari Johannesdtr Sæbø (1813–1874) frå lnr 2 fekk borna: Johan Rumohr 1834–50, Johannes 1837, Gjertrud Marie 1841, Brita 1843–44, Anders 1846, Hans 1850–54, Brita 1854–54 og Johan Klaus 1854–54. Klaus og Kari kjøpte lnr 21 Dale i Arnafjord sokn, og Klaus skøytte difor i 1855 bruket på Midlang til broren Adam Johanson Munthe Rumohr Reutz (1799–1878). Adam hadde før dette vore bonde i Sæbø og deretter lnr 71 Hove. Han hadde i 1828 gift seg med Kari Rolanddtr Tistel (1804–1876) frå lnr 91+92 og dei hadde: Gjertrud Marie 1829 (Berdal i Feios), Johan 1831, Torborg 1833 (lnr 93c Espesete), Hansina 1835 (lnr 52 Orvedal), Anna 1838 (lnr 15 Tenål). I 1867 gjekk bruket til sonen Johan. Johan Adamson Reutz Midlang (1831–1896) & 1856 Anna Jondtr Holstad (1831–1905) frå lnr 85 fekk borna: Adam 1856, Jon 1857 (USA 1881), Johan 1857 (USA 1879), Ellend 1859 (Prestteigen-Midlang), Karl 1862 (plass under bruket), Gyrid 1864 (Handal, Bøfjorden i Hyllestad), Anna 1867 (lnr 83b Hønsi), Gjertrud 1868 (bnr 61/1 under lnr 37 Hallsete i Arnafjord sokn), Hansina 1871 (sjå note lnr 108 Tryti), Klaus 1873 (sjå bnr 28/9 under lnr 84b Hønsi). I 1886 gjekk bruket til Adam Johanson Reutz Midlang (1856–1925) & 1885 Gjertrud Perdtr Midlang (1856–1928) frå lnr 100. Born: Johan Reutz 1885 (Telavåg på Sotra) og Brita 1890. I 1915 vart bruket skøytt til Brita Adamdtr Reutz Midlang (1890–1928) & 1915 Otto Svendson Svendsen (1890–1980), presteson frå Vik, men dei overtok først i 1923. Fram til 1920 pakta Otto Vik prestegard. I 1921 kjøpte han eit bruk på garden Paule i Borre i Vestfold, men alt i 1923 vart ein sogndøl eigar av bruket, og huslyden kom tilbake til Vik. Born: Kirsten Stoltenberg 1915 (bnr 41/84 i Sjøtunvegen), Gerd Munthe Reutz 1916 (Måløy), Signe 1918 (Høyanger), Svend Garborg 1920 (Oslo), Aslaug 1922 (Oslo), Adam Munthe Reutz 1923 (Oslo), Anne Johanne 1926 (Bergen), Birte 1928–28. Otto vart attgift 1930 med Kari Martindtr Holen (1910–1992) frå bnr 13/2 Øvstedal. Born: Kari Serine 1930 (Sjøvegan i Troms), Sigrun 1935 (Norheimsund i Hardanger), Sigve Martin 1939, Martha Marie 1941 (bnr 1/118 i Tomtebu, Vikøyri), Solveig Arnhild 1943 (Hønefoss), Bertha Kristin Stoltenberg 1948 (Norheimsund), Sunniva Oline Hodel 1952 (Åsane i Bergen). Sigve Martin Ottoson Svendsen (1939–) overtok bruket i 1961. Han gifte seg 1960 med Gudny Hove (1936–) frå lnr 79a Hagen-Hove og dei fekk: Otto 1962 (Førde) og Geir 1965 (bnr 97/246 under lnr 189a Vangsnes). I 1965 tok Svend Garborg bruket på odel og leigde det ut til nabobruk. Sigve med huslyd flytta våren 1965 til lnr 189a Vangsnes. I 1999 vart bruket delt mellom bnr 35/6 og bnr 40/2, med unntak av fjellstølen Skjelingen som gjekk til bnr 36/1 Bø. Alle hus på bruket er borte.

Per Knutson Midlang (1787–1869) var son til leiglendingen Knut Guttormson. Han dreiv jord på bruket, men hadde stilling som furer på militærplassen. Per var med i krigen 1809–15. Truleg budde huslyden i tunet på lnr 98. Per gifte seg 1819 med husmannsdtr Ingeleiv Oladtr Hagen-Bøadalen (1795–1860). Born: Gjertrud 1819, Knut 1825, Barbra 1828, Ola 1831. Familien flytta til Vikøyri, sjå v876.

Husmannsplass under lnr 98. Karl Johanson Reutz Midlang (1862–1940) fekk ein plass under faren sitt bruk. Men ved utskiftinga i 1896 vart ny grenselinje mellom dette bruket og Holene trekt midt gjennom husa på plassen, slik at Karl deretter måtte få ny jord på nordsida av grenselinja. For å ha plasshusa ståande var han med på kornskjering i Holene ein dag per år.

Lnr 99 Midlang

4,39 spd. Eigarar i 1723: Hospitalet i Bergen 0,88 laupar, brukaren 0,37 laupar. Matrikkelskyld: I 1723, 1788 og 1838 1,25 laupar.

Til dette bruket kom Eirik Guttormson Midlang (1645–1704) frå lnr 98. Han var gift med Kari Nilsdtr Fedje frå Feios. Born: Nils 1676 (lnr 68 Ovri), Guttorm 1678, Tor 1686 (Ytre Nesse i Kvamsøy sokn, sjå note lnr 85 Holstad), Ivar 1689 (levde i 1701), Ellend 1693 (lnr 108 Tryti), Knut 1696 (Ytre Borlaug i Feios, sjå note lnr 85 Holstad), Ivar 1697 (sjå note), Jon 1701 (Feten i Vetlefjorden). Guttorm Eirikson Midlang (1678–1727) & 1704 Anna Nilsdtr Tjugum (1685–1734) frå Balestrand fekk borna: Anfin 1709, Mari 1716 (lnr 9 Seim), Ivar 1719–39, Nils 1721–43. Anna vart attgift 1728 med Anders Kristenson Målsnes (ca 1703–1784) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk Guttorm 1730, som gifte seg til Henjum på Leikanger. Anna og Anders flytta til Grøneng, Balestrand. Anfin Guttormson Midlang (1709–1757) & Brita Oladtr Feidje (1705–1753) frå Feios fekk borna: Guttorm 1735, Anna 1739 (lnr 103 Bø), Gjertrud 1743–43, Solveig 1748–48, Gjertrud 1750–50, Gjertrud 1751–51. Far til Brita var frå lnr 33 Fosse. Anfin gifte seg på nytt 1755 med Ragnhild Johannesdtr Brekke (–) frå lnr 90. Anfin og Ragnhild fekk ikkje born. Ragnhild var på kår i 1763. Guttorm Anfinson Midlang (1735–) & 1758 Sigrid Endredtr Skjørvo (1730–1814) frå lnr 114 fekk borna: Brita 1758–58?, Anfin 1759, Brita 1761–61, Marta 1762 (lnr 35 Fosse), Brita 1766, Gjertrud 1769–71, Gjertrud 1772–74, Ola 1777 (lnr 102 Bø). Anfin Guttormson Midlang (1759–1825) gifte seg 1781 med Torbjørg Ellingdtr Feidje (1757–1782) frå Feios og dei fekk Endre 1782–1807? (ugift). Anfin gifte seg på nytt 1783 med Marta Johannesdtr Orvedal (1759–1841) frå lnr 52. Born: Torbjørg 1784 (sjå note lnr 111 Skjørvo), Gjertrud 1788 (lnr 52 Finden), Brita 1792 (lnr 117 Hopperstad), Guttorm 1794, Johannes 1798–1800, Johannes 1801 (lnr 99c), Sigrid 1806 (sjå note lnr 1 Sæbø, USA). Guttorm Anfinson Midlang (1794–1833) & 1823 Synneva Tordtr Brekke (1798–) frå lnr 90 fekk borna: Marta 1823–23, Anfin 1824 (lnr 84b Hønsi), Tor 1828 (USA 1854), Marta 1831 (USA 1853). Enkja Synneva Tordtr vart borte frå bruket kring 1835. Deretter var det enkja Marta Johannesdtr som overtok leiglendingsrettane. Ho sat truleg med noko eige i bruket. Hovuddelen av eiga, som hadde høyrd inn under St Jørgen Hospital, skulle seljast av staten. Enkja Marta ser ut til å ha blitt samd med rikmannssonen Ola Nilsson Sæbø om at bruket skulle delast mellom sonen Johannes 1801 og Ola Nilsson mot at ho fekk kår frå båe bruk. Dette skjedde ved at Marta i 1837 skøytte sin del av bruket til Ola Nilsson og at Marta fekk kongeskøyte på den statlege delen. Han vart så skøytt til Ola Nilsson. Bruket var så delt to like delar: lnr 99a med Johannes Anfinson som eigar og lnr 99b med Ola som eigar. Om lnr 99a: sjå lnr 99c.

Ivar Eirikson Midlang (1697–) & 1735 Marta Torsteindtr «Vangsnes» (–) gifte seg på Vangsnes. Marta var neppe frå Vangsnes. Dei to blir borte for oss.

Lnr 99b Midlang 2,16 spd = bnr 35/3 2,94 mark. Dette bruket kan reknast som eit framhald av lnr 99 ved at eigaren overtok husa. I 1845 var det 2,8 daa potet, 8,9 daa bygg, 1 hest 9 storfe, 26 smalar og 2 vinterfôra svin på bruket.

Ola Nilsson Sæbø (1803–1883) frå lnr 4 & Sitona Albrigtdtr Askelund (1805–1872) frå Balestrand flytta til Midlang og to av borna vart fødde der, i 1839 og 1840. Men alt i 1836 hadde Ola overteke farsbruket i Sæbø, slik at vi må rekna med at huslyden flytta til Sæbø tidleg på 1840-talet. I 1846 gjekk lnr 99b med tinglyst skøyte til Nils Knutson Ese (1794–1848) & 1834 Kari Ellingdtr Tjugum (1809–1892), båe frå Balestrand. Dei kom frå lnr 184 Vangsnes som dei eigde og dreiv i åra 1834–39. Enkja Kari gifte seg på nytt 1849 med Jon Ivarson Midlang (1813–1894) frå lnr 100. Kari fekk ikkje born, og i 1876 vart bruket selt til Guttorm Olason Midlang (1848–1884) frå lnr 99c. Han var brorson til Jon 1813. Guttorm gifte seg 1881 med Anna Oladtr Bjørgo (1854–1952) frå Aurland. Ho hadde ei syster på lnr 93b Espesete. Born: Ivar 1882, Guttorm 1884. Enkja Anna gifte seg på nytt 1888 med Guttorm Andersson Bø (1859–1912) frå lnr 103a og dei fekk: Ingebjørg 1889–89, Ola 1889–89, Ingebjørg 1890 (bnr 38/4 under lnr 114 Skjørvo), Brita 1892 (lnr 86 Holstad), Anna 1897 (Sævereid i Fusa i Hordaland). I Guttorm 1848 si tid kom lnr 101b Bø 0,20 spd = bnr 36/2 0,29 mark inn under bruket, men med bruksrett for Hermund Ivarson Midlang (1819–1908) frå lnr 100 så lenge han livde. I skiftet etter Guttorm Olason i 1890 gjekk bruket til sonen Ivar. Men Ivar Guttormson Midlang (1882–1945) studerte jus, vart advokat i Holmestrand, var ugift og dreiv aldri bruket. Han vart gravlagd i Vik. I 1911 skøytte han til broren Guttorm. Guttorm Guttormson Midlang (1884–1972) & 1921 Bergljot Arnedtr Balvoll (1892–1982) fekk borna: Gunnar 1922, Arne 1923–97 (ugift, Oslo), Anna 1925 (Alversund i Nordhordland), Ivar 1926 (Årdal), Borghild 1929 (Bergen), Olav 1933–66 (Sandnes i Rogaland). Gunnar Guttormson Midlang (1922–2007) & 1952 Anna Ivardtr Midlang (1927–) frå lnr 93b Espesete overtok i 1953. Born: Bjørg Liv 1953, Gerd Inger 1959 (Godvik i Bergen). I 1985 overtok Bjørg Liv Gunnardtr Midlang (1953–) & 1985 Øystein Johannesson Thunestveit (1954–) frå Bergen/Arna. Dei har ikkje born.

*****

Ved deling av lnr 99 vart lnr 99a 2,17 spd skøytt til Johannes Anfinson Midlang (1801–). Han hadde gift seg 1833 med Synneva Bendikdtr Fjærestad (1807–1879) frå lnr 95+97. Dei fann det kanskje vanskeleg å byggja ut eit bruk på sin halvpart, og let Per Ivarson på lnr 100 driva jorda. Johannes skøytte i 1845 lnr 99a over på Per og brukte pengane til å kjøpa lnr 36 i Arnafjord. Per dreiv som før dei to bruka saman. Men i 1853 vart lnr 99a frådelt lnr 99c til Ola Ivarson Midlang. Resten, lnr 99a*, låg framleis inn under lnr 100.

Lnr 99c Holene-Midlang 0,80 spd = bnr 35/4 1,11 mark var eit nytt bruk med gardstun i Holene, mot Fjærestad. Ola Ivarson Midlang (1822–1906) frå lnr 100 fekk skøyte på gardparten i 1850. Han gifte seg 1845 med Brita Guttormdtr Bø (1823–1888) frå lnr 101, og før dei kom til Holene hadde dei hatt eit svært lite småbruk i Bø, lnr 101b. Born: Ivar 1843–43, Ivar 1845, Ingrid 1846, Guttorm 1848 (lnr 99b Midlang), Anna 1851–51, Anna 1853–1915 (ugift på bruket), Simon 1855 (bnr 40/3 Prestmyri, sjå Balvoll), Ragnhild 1857–75 (døydde av tyfus på bruket til broren Ivar), Nils 1859–59. I 1872 vart bruket i Holene skøytt til Ivar Olason Midlang (1845–1875), men han gifte seg til lnr 88 Brekke, og det var Ingrid Oladtr Midlang (1846–1911) & 1867 Per Endreson Skjørvo (1843–1888) frå lnr 114b som overtok bruket i 1874. Born: Endre 1867, Brita 1868–68?, Brita 1869 (USA 1892), Ola 1871 (USA 1892), Per 1873 (USA 1892), Anna 1875 (USA 1894), Inga 1877, Johanna 1879 (USA 1896), Ivar 1880–80, Synneva 1881 (USA 1901), Ivar 1884 (USA 1904), Guttorm 1886 (USA 1907). Enkja Ingrid skøytte frå seg bruket i 1894. Endre Person Midlang (1866–1943) & 1894 Lussi Johannesdtr Tryti (1864–1895) frå lnr 108 fekk sonen Louis 1895. Enkjemannen Endre gifte seg på nytt 1899 med Anna Bendikdtr Fjærestad (1866–1943) frå lnr 95c og dei fekk Birte 1900. Endre og Anna vart skilde. Omkring år 1900 gjorde Endre gardabyte med Ola Johannesson Tryti (1860–1951), «Trytisminsten». Han var ein bror til Lussi og hadde hand om lnr 111 Skjørvo. Endre med huslyd flytta til Skjørvo, men Ola Tryti kom aldri til Holene. I staden vart i 1901 bruket skøytt til Elling Olason Fjærestad (Brennene) (1852–1935) frå lnr 96. Men «Brenn–Edling» flytta aldri til Holene, og Guttorm Sjurson Tistel byrja å driva det. I 1907 vart såleis ein vegkontrakt underskriven for bruket av Guttorm. Men først i 1917 vart bruket skøytt frå Elling Olason til Guttorm. Guttorm Sjurson Tistel (1869–1951) & 1900 Brita Ivardtr Refsdal (1875–1946) frå lnr 61 fekk: Olina 1901 (bnr 2/5 under Røysane-Vange), Brita 1903 (lenge heime, så bnr 2/5), Sigurd 1906–28, Ivar 1909 (lnr 13a Limmesand), Olga 1912 (Leikanger), Ingolf 1914, Jenny 1916 (Grinde i Leikanger), Georg 1918 (lnr 13a3 Lesdalen på Tenål). I 1935 vart bruket skøytt til Ivar Guttormson Tistel (1909–). Han hadde bruket til 1941, då han flytte til lnr 13a Limmesand og skøytte bruket Holene til Ingolf Guttormson Tistel (1914–1991) & 1953 Aslaug Olavdtr Hatlevoll (1920–2004) frå Urnes i Luster. I 1965 fekk Ingolf skøyte på bnr 31/2 Vetla-Tistel, med tilleggsteigar. Jorda har seinare vore drive frå bnr 35/4. Born: Gunnar 1957. Gunnar Ingolfson Tistel (1957–) & 1982 Ruth Josteindtr Borlaug (1963–) frå Feios tok over i 1977. Born: Lillian 1981 (bnr 41/22 i Villastrøket-Sjøtun), Jan Ingar 1984, Runar 1994, Andreas 1997.

Lnr 100 Midlang

4,33 spd. Eigar i 1723: Etatsråd Blixencrone, seinare Daae-slekta. Sjølveige frå 1833. Matrikkelskyld: I 1723, 1788 og 1838 1,33 laupar.

Vi kan rekna lnr 100 som eit framhald av eitt av dei to bruka på Midlang før 1680. Det var dette bruket som låg under munkelivgodset. I 1645 finn vi Knut Kristenson (1601–) med kona Kari på bruket. I 1667 hadde han sønene Simon 1652 og Sjur 1655 med seg på bruket. Simon Knutson Midlang (1652–1718) var gift to gonger. Med første kona hadde han: Kari (Bergen), Johannes 1670 og Guttorm 1687 (lnr 1 Tveit i Vangsnes sokn). Andre kona til Simon var Ingegjer Jondtr (Tryti?) (1655–1737). Dei hadde neppe born. Enkja Ingegjer gifte seg på nytt med Matias Olason Myrkaskog (1691–1730) frå lnr 43. Dei hadde ikkje born. (Matias vart innkalla til den store nordiske krigen, men vart «kassert» ved samling i Lærdal.) Johannes Simonson Midlang (1675–1754) møter vi tidleg på. I 1701 var han dreng på Fjærestad og i åra 1709–18 var han soldat i krigen mot svenskane. Han hadde eit tidleg giftarmål utan at vi vet namn på kona og eventuelle born. Han gifte seg for andre gong 1739 med Ingeborg Oladtr (Nummedal?). Dei hadde neppe born. Johannes vart kalla husmann då han døydde. Kanskje hadde krigslivet vore øydeleggjande for han, kroppsleg eller mentalt, slik det var for svært mange. Ei Ingeborg Oladtr som døydde på Vikøyri i 1773 og var fødd ca 1703 var kanskje den tidlegare gardkona på Midlang. Det kom nye folk på bruket. Det var Nils Nilsson Åse (1689–1737) frå lnr 50 & 1729 Brita Markusdtr Espesete (1694–1743) frå lnr 93. Dei fekk Inga 1728 (lnr 0 Sæbø), Sigrid 1830 (lnr 51 Orvedal) og Nils 1738–38, Nils 1738 (lnr 58 Refsdal). Nils 1738 døydde 5 dagar gamal. Ein ny Nils må ha blitt fødd same året eller seinast tidleg i året 1739 utan at han vart førd inn i kyrkjeboka. Kanskje var dei tvillingar. Enkja Brita gifte seg 1738 med Hermund Helgeson Rislåg (1711–1768) frå lnr 55. Då han gifte seg, var han på lnr 90 Brekke, der han hadde morbroren Endre. Brita og Hermund fekk tvillingane: Brita 1739 (lnr 111 Skjørvo) og Kari 1739. Tvillingane vart merkeleg nok døypte på Vangsnes. Hermund gifte seg på nytt 1744 med Lussi Ellenddtr Holstad (1702–1746) frå lnr 85. Ho og første barnet døydde på barselseng. Hermund gifte seg for tredje gong 1747 med Anna Beintdtr Ovri (1692–1768) frå lnr 70. Ho var for gamal til å få born. Kari Hermunddtr Midlang (1739–) & 1763 Per Olason Øksdal (1736–1783) frå lnr 2 i Vangsnes sokn fekk: Jon 1765–1822 (ugift), Hermund 1770–1800 (ugift), Ola 1772–1851 (ugift), Ivar 1775, Brita 1780 (lnr 108 Tryti). Kari vart attgift 1783 med Jon Olason Øvstedal (1752–1831) frå lnr 44 og dei fekk Torborg 1784 (lnr 91+92 Tistel). Kari Hermunddtr var på Midlang i 1801, men døydde truleg før 1815 utan at det kom inn i kyrkjeboka. Ivar Person Midlang (1775–1824) & 1806 Ingrid Simondtr Stedje (1784–1856) frå lnr 64 fekk: Per 1805, Gjertrud 1808 (lnr 95c Fjærestad), Simon 1811–49 (ugift på Midlang), Jon 1813 (lnr 99b Midlang), Kari 1816 (sjå note lnr 95 Fjærestad), Hermund 1819 (lnr 101b Bø), Ola 1822 (lnr 101b Bø. så lnr 99c), Brita 1824 (lnr 102a Bø). Per Ivarson Midlang (1805–1877) & 1851 Brita Oladtr Tenål (1819–1895) frå lnr 15 fekk borna: Ingrid 1851 (lnr 107 Tryti), Ola 1853, Gjertrud 1856 (lnr 98 Midlang). Per var den første sjølveigaren på bruket. Han kjøpte det i 1833 av Anna (Heiberg) Stuwitz, som var av Daae-ætt.

Frå ca 1838 vart lnr 99a 2,17 spd tilleggsjord for lnr 100 ved at eigaren Johannes Anfinson Midlang let Per Ivarson Midlang driva jorda, og i 1845 vart denne eigedomen skøytt over på han. Bruket lnr 100+99a var dermed på heile 6,50 spd. I 1845 var det: 24,5 daa bygg, 8,0 daa potet, 4 hestar, 23 storfe, 50 smalar, 2 geiter og 3 grisar på bruket. I 1853 vart lnr 99a frådelt lnr 99c Holene 0,80 spd til Ola Ivarson Midlang. Ny skyld på lnr 99a* var 1,37 spd, slik at lnr 100+99a* fekk matrikkelskyld 5,67 spd. Dette vart seinare omforma til bnr 35/2 8,00 mark. Etter utskifting vart denne skylda redusert til 7,98 mark. Ola, den eldste son til Per Ivarson, overtok bruket i 1875. Ola Person Midlang (1853–1941) & 1875 Alis Jondtr Målsnes (1854–1939) frå Kvamsøy sokn fekk borna: Anna 1877 (lnr 88a Brekke), Per 1878 (bnr 35/2), Jon 1881 (bnr 35/6), Ivar 1884 (lnr 93b Espesete), Brita 1887 (Brekkehagen under lnr 88a Brekke), Ola 1889–1911 (døydde av beintuberkulose), Johanna 1892 (bnr 43/1 under lnr 5 Juvik), Ingvald 1896 (lnr 4/42 under lnr 16 Tenål). I 1912 vart bruket delt. Per Olason fekk hovudbruket bnr 35/2, medan bnr 35/6 gjekk til Jon Olason.

Bnr 35/2 Midlang 4,96 mark. Per Olason Midlang (1878–1914) & 1903 Johanna Oladtr Vange (1878–1963) frå lnr 6+7 fekk borna: Anna 1903–43, Ola 1906–07, Ola 1907, Ola 1909–09, Ola 1910–28, Jon 1912, Kari 1914–30. Ola Person Midlang (1907–1980) tok mot bruket i 1953. Han var ugift. Broren Jon Person Midlang (1912–1997) overtok i 1969. Han gifte seg 1945 med Marie Johandtr Hagen (1923–2000). Dei fekk: Johanne Karin 1945. Om foreldre og sysken til Marie: sjå note under småbruket Hagen under Hagen-Bøadalen. Johanne Karin Jondtr Midlang (1945–) & 1966 Arvid Ingebriktson Vikdal (1940–) frå Indre Hamre på Leikanger fekk skøyte på bruket i 1979. Born: Ole Inge 1966, Bente Marie 1967 (lnr 18c Tenål), Jon Arne 1977–88. Per Magne 1980 (bnr 36/18 under lnr 104 Bø), Anne Jorunn 1982. Ole Inge 1966 overtok bruket i 2007.

Bnr 35/33. Ole Inge Arvidson Vikdal (1966–) & 2001 Rita Asbjørndtr Årevik (1971–) frå Øvste Hopperstadmarki 14 har borna: Iselin 1995 og Ådne 1997. Dei har bygt hus på fråskild tomt.

Bnr 35/6 Midlang 3,02 mark var bureisingsbruk omkring 1920. Jon Olason Midlang (1881–1964) & 1920 Brita Ellenddtr Midlang (1898–1965) frå Prestteigen-Midlang fekk borna: Agnes 1921 (bnr 7/1 under lnr 33 Fosse), Anna 1923 (lnr 103a Bø), Ola 1930. Sonen Ola overtok bruket i 1954. Ola Jonson Midlang (1930–) & 1956 Idunn Ingvalddtr Balvoll (1936–) har borna: Ingunn 1956 (bnr 26/32 i Moane-Hove, så bnr 2/83 i Røysane-Vange), Jon Bjarne 1958, Brit Petra 1959 (sjå note lnr 26 Stadheim). Jon Bjarne Olason Midlang (1958–) fekk tinglyst skøyte på bruket i 1991. I 1999 vart om lag halvparten av bnr 35/1 lagt til bruket. Jon gifte seg 1982 med Anne Britt Ole-Johnnydtr Nilsen (1959–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 20 og dei har: Svenn Arild 1983, Roar 1986.