Furehaug

Lnr 95a Furehaug

0,20 spd. Ingeborg Oladtr Fjærestad (1755–1831) frå lnr 95+97 & 1788 Tolleiv Vilhelmson Dale (1752–1830) var leiglendingar på lnr 95 Fjærestad, men bruket vart i 1809 kjøpt av Bendik Olason Bidne. Tolleiv og Ingeborg vart truleg leiglendingar på denne vesle delen av bruket, og i 1820 fekk dei kår under hovudbruket. I 1835 delte Bendik lnr 95 på to søner, men heldt unna lnr 95a Furehaug 0,20 spd. Det kan sjå ut som han sjølv busette seg der, for i 1845 er det skrive at Bendik Olason (Bidne) Fjærestad (1774–1866) var brukar, og at det budde 8 personar på bruket, fordelt på 3 hushald. På bruket var det då: 1,6 daa poteter, 1,9 daa blandkorn, 3 storfe og 10 smalar.

Botolv Knutson Sagi‑Tennefoss (1801–1882) frå Kvamsøy sokn & 1832 Brita Ivardtr Tryti (1797–1871) frå lnr 110 fekk borna: Gjertrud 1833 (plassen Tangen under Holane i Arnafjord sokn, så USA), Knut 1835, Gjertrud 1838 (USA 1876), sjå òg lnr 97 Brennene), Ivar 1842 (sjå note). For det første barnet i 1833 er det ein merkeleg feil i kyrkjeboka. Der er namnet skrive Knut, men i ein merknadsrubrikk er det seinare skrive inn at dette var feil og at namnet skulle vera Gjertrud. Alle borna var fødde på Tennefoss. Kva tid huslyden kom til Furehaug er uklart, men Botolv dreiv småbruket i 1865 og skøyta på lnr 95a vart tinglyst i 1867. Knut Botolvson Furehaug (1835–1897) & 1868 Isabilla («Billa») Botolvdtr Vikøyri v134 (1841–1933) fekk borna: Brita 1868–1954, Anna 1870–1963, Birte 1874 (Vikøyri-vest, hus nr 16), Mathilde 1879–1946, Botolv 1885. Brita 1868 var blind. Ho budde på Furehaug. Knut og Billa var syskenborn. I 1862 vart lnr 95e 0,22 spd «Sjurteigen» skilt frå hovudbruket på Fjærestad og i 1863 vart parten kjøpt på auksjon av Knut. I 1899 vart lnr 95a 0,48 mark og lnr 95e 0,22 mark slege saman til bnr 34/1 0,70 mark. I 1899 vart 34/13 0,15 mark skilt frå til Ivar Olason Brennene, ny skyld bnr 34/1 0,55 mark. (Grunnen til salet skulle vera at det var trong for pengar til driftsbygning.) I 1911 vart bruket skøytt frå Billa Botolvdtr til sonen Botolv. Botolv Knutson Furehaug (1885–1964) & 1911 Anna Jakobdtr Valsvik (1887–1966) frå lnr 33bc i Arnafjord sokn fekk borna: Borghild 1912 (bnr 33/1 Rosheim), Knut 1914. I 1916 fekk Botolv kjøpt til bnr 32/5 Teigen 0,50 mark frå lnr 93c Espesete. Knut Botolvson Furehaug (1914–2006) & 1950 Gyrid Eirikdtr Rosheim (1912–1981) frå lnr 94 fekk skøyte på bruket i 1954. Dei hadde ikkje born. I 1989 fekk Alf Erlingson Tistel (1953–) skøyte på bruket. Alf og huslyden hans bur på Tistel (sjå bnr 31/7). Alf bygde nytt fjøs i 1989–90 og dreiv med sau som tilleggsyrke. I 2003 overtok Eivind Alfson Tistel (1975–) bruket saman med bnr 32/5.

Ivar Botolvson Furehaug (1842–) & 1867 Ingrid Ingebrigtdtr Brekke (1838–) frå lnr 88 reiste til USA i 1867.

Plass utan jord. I ei stova i tunet på Furehaug budde Sigrid Sylfestdtr Sagi (1834–1918), Tennefoss i Kvamsøy sokn. Ho var syskenbarn til Botolv Furehaug. Sigrid budde ei tid saman med mora (som då var enkje) i ei stove på Bolstad i Lånefjorden. Sigrid fekk flytta denne stova til Furehaug, truleg kring 1885. Sigrid hadde nokre sauer i kjellaren. Fôr skaffa ho ved å slå brennenesle langs utgardar og storr under Veberg. Ho leigde og eit par smååkrar til potetdyrking på Brekke. Sigrid fekk Marta 1868 med Eirik Lasseson Lønne (1836–). Marta Lassedtr Furehaug (1868–1944) budde òg i husmannsstova på Furehaug.