Fjærestad
Fjærestad (fjæresta, fjærsta): Fierrestad (1603, 1611, 1667), Fierestad (1647, 1723), Fjærestad (1838, NG), Fjerestad (1863, VIK). Slektsnamnet er Fjærestad.
Fjærestad vart busett på nytt etter øydetida først på 1600-talet. Då høyrde garden inn under Apostelkyrkjegodset. Dette kongeleg godset hadde sikkert vore eigar også før Svartedauden.
I 1603 er det nemnt tre personar: Arne, Gaute og Hans. I 1611 finn vi Arne og Lasse. Lasse og Hans Fjærestad vart sendt ut i Kalmarkrigen i 1611 og dei kom kanskje ikkje tilbake derifrå. I 1635 var Milder og Nils på garden. I 1645 finn vi Nils og Guri på eitt bruk og Lasse og Marita på eit anna. Deretter kan vi følgje to bruk kvar for seg.
Lnr 95+97 Fjærestad
I 1647 var bruket eigd av Apostelkyrkjegodset, i 1723 av Anna Finde, deretter av Daaeslekta. Sjølveige frå 1809. Matrikkelskyld: 1,5 laupar i 1667, 1,83 laupar i 1723, 1788 og 1838.
Det først leiglendingsparet vi kjenner til på bruket er Lasse Olason Fjærestad (1601–) og Marita. I boka trykt i 2008 er det med ein rettstvist i 1681 på lnr 95+97 Fjærestad om bygslingsretten. Den 80 gamle bonden Lasse hadde lova sonen Ola 1645 at han skulle få overta halvparten av bygslinga. Men dette gjekk kona til Lasse, Marita, sterkt i mot. Ho hevda at ho hadde mindreårige barn og måtte driva heile bruket for å greia seg. Ho fekk i stor grad medhald i retten. I 2008 greidde eg å finna fram til alle borna til Lasse og Marita: Ola 1645 og døtrene: Randi (sjå note lnr 104 Bø), Mildrid (lnr 6 Vange), og på Vangsnes: Gyrid (lnr 195), ei ugift syster Gjøa 1762?–1747 og Solveig (lnr 196). Men det var fleire feil, og som eg no rettar opp i. Grunnlaget for oppklaringa er at Gyrid døydde barnlaus i 1700, og dermed var det bror og søstrer som arva halvparten av buet i skiftet etter henne. Å finna fram til sannsynleg fødselsår for kvinner på 1600- talet er vanskeleg. Her prøver eg ein enkel metode. Ola 1645 var det eldste barnet. Min teori no er at Marita då var ca 23 år, og at ho dermed var fødd ca 1622. I retten hevda ho at ho og Lasse hadde umyndige born. Dersom vi set at det yngste umyndige barnet var 15 år i 1681, var det fødd i 1666, og då var Marita ca 44 år. Fleire stader i boka har eg framheva at kvinner sjeldan fekk born etter dei vart 45. Denne grensa høver også her. Ola Lasseson Fjærestad (1645–1718) gifte seg med Gjertrud Pauldtr Øvstedal (–1703) frå lnr 44. Dei fekk: Lasse 1790 (lnr 86 Holstad), Hans 1692 (lnr 31 Stadheim) og Paul 1694 (død før 1742). Enkjemannen Ola gifte seg med Helga Markusdtr Grønsberg (1666–1762) frå lnr 41, truleg alt i 1703. Helga og Ola fekk: Gjertrud 1704–33, Synneva 1706–83 (døydde som fattiglem), Guri 1708–62 (til Vikøyri v378), Ingeborg 1710–83 (til Vikøyri v414). Dette kom ikkje med i den trykte boka. Guri gifte seg 1745 med enkjemann Ingebrigt Rognaldson Refsdal (1686–1759). Om «Ingebrigt i Dalen» vart det skrive at han hadde vore soldat og korporal i den store nordiske krigen 1709–20. I 1760 var Guri i huset til Ola Styrkson Vikøyri og kona Gjertrud. Dei var også fattigfolk. I 1762 var Guri «fattig og skrøbelig». Ho døydde truleg same året. Guri hadde ikkje born etter seg. Ingeborg gifte seg 1738 med soldat Ivar Sjurson «Grønsberg» (?–1781). Ivar må ha vore utplassert soldat på Grønsberg. Eg har ikkje funne ut kor han var frå. I 1759 vart Ivar rekna som ein fattig mann med stor gjeld. Han hadde kone og 3 born. I 1762 budde dei to på Vikøyri (v414) og hadde med seg sonen Lars, 8 år. Born: Sjur 1739 (plassen Breidi, Hopperstad), Ola 1745 (på Vikøyri i 1781), Kari 1748–49, Lars 1752. Dei som overtok bygslinga var Johannes Olason Tenål. Ola Johannesson Fjærestad (1718–1806) & 1754 Brita Jondtr Tryti (1730–1791) frå lnr 107 fekk borna: Ingeborg 1755, Anna 1758 (sjå plass 1 i Øyane-Sjøtun). Johannes 1760–61, Helga 1763–63, Johannes 1765 (ikkje med i teljinga i 1801), Helga 1766 (plass i Kålhagen under Grov), Brita 1770 (truleg død før 1801), Helga 1774 (sjå plassen Urdi i Røysane-Sæbø). Ola fekk Anna 1749 med det doble syskenbarnet sitt, Ingeborg Helgedtr Turvoll. Dei fekk kongeleg løyve til å gifta seg. Men då barnet døydde, ville ikkje Ola gifta seg likevel. I 1753 fekk han kyrkjeleg påtale og 10 riksdalar i bot for ikkje å ha retta seg etter løyvet! Men same året han gifte seg, hadde Ola vikla seg inn i eit nytt problem: han fekk Jon 1754 med Brita Sjurdtr Hopperstad (1727–) frå lnr 117+118+121. Johannes 1765 hadde i 1796 vore i teneste på lnr 21 Føli, men vart skulda for ei misferd og slutta. Sjølv om bonden ville trekkja skuldinga, kom ikkje Johannes tilbake til Føli. Ingeborg Oladtr Fjærestad (1755–1831) & 1788 Tolleiv Vilhelmson Dale (1752–1830) frå lnr 21+22 i Arnafjord sokn fekk: Ola 1789–99, Brita 1792–92?, Gjertrud 1794 (truleg død før 1815), Tor 1797–1802. I 1804 kom bruket i bondeeiga, først til Tollak Ivarson Rislåg, så til Johannes Andersson Sæbø og i 1809 til Bendik Bidne frå Vossestrand. Ingeborg og Tolleiv hadde sikkert livskontrakt på bygsla, men då Bendik ville til Fjærestad, vart det truleg gjort avtale om at dei skulle dela drifta av bruket. Men av forliksprotokollen ser vi at både Vilhelm og Bendik hadde lett for å koma inn i tvistar, så samarbeidet var neppe knirkefritt. I 1816 klaga Bendik Vilhelm inn for forliksrådet fordi han hadde lete husa forfalla, fordi han hadde ført bort gjødsel frå bruket og fordi han ikkje hadde betalt landskyld for fem års bruk. I 1820 gjekk Ingeborg og Vilhelm over på kår. Bendik Olason Bidne (1774–1866) & 1798 Bryteva Oladtr Nedre Skjervheim (1781–1866), båe frå Vossestrand, hadde borna: Ola 1799 (sjå note), Kari 1801 (Kari 1801 fekk Gjertrud 1839 med ungkar Simon Ivarson Midlang (1811–1847) frå lnr 100. Kari tok barnet med seg til USA i 1855), Ola 1803, Synneva 1807 (lnr 36 Åse-Arnafjord), Nils 1810, Johannes 1814 (lnr 95b Fjærestad), Eirik 1816 (sjå note), Bendik 1822–27, Gjertrud 1825 (lnr 44 Nese i Arnafjord sokn), Brita 1828 (sjå note lnr 43 Nese). Bendik kom ofte i forliksrådet. I 1809 var det Jon på Brennene som hadde vore uviljug til å arbeida på bruket mot betaling slik han var pliktig til etter husmannskontrakten. Jon meinte han måtte få tid til å dyrka plassen sin. Bendik truga med at Jon i staden måtte betala 16 riksdalar i året, elles ville han missa plassen. Men i 1811 selde Bendik plassen til Jon (lnr 97, sjå under Brennene). Men skylda på lnr 95 vart ikkje redusert etter at plassen vart skilt frå. Med unntak av Furehaug (lnr 95a), som Bendik i nokre år dreiv som kårbruk, delte han bruket i 1835 på to søner: Ola dy (lnr 95b) og Nils (lnr 95c).
Ola Bendikson Fjærestad de (1799–1862) gifte seg i 1836 med enkja Marta Kristendtr Svolsvik (1781–1859). Marta dreiv husmannsplass i Svolsviki og døydde der. Ola flytta neppe dit, men var innerst på Fjærestad. Truleg var han saman med foreldra. Det vart skrive at han kunne bu på bruket på Fjærestad så lenge han levde.
Eirik Bendikson Fjærestad (1816–) & 1846 Kari Ivardtr Midlang (1816–) frå lnr 100 reiste til Amerika i 1846.
Kari Bendikdtr Fjærestad (1801–) fekk Gjertrud 1839 med ungkar Simon Ivarson Midlang (1811–1847) frå lnr 100. Barnet vart oppfostra på Fjærestad, vart konfirmert i 1853 og vart med mora då ho reiste til USA i 1855.
Lnr 95b Fjærestad 2,49 spd = bnr 34/2 3,22 mark. I 1845 var det 2,4 daa poteter, 7,6 daa blandkorn, 1 hest, 6 kyr, 18 smalar og 2 svin.
Ola Bendikson Fjærestad (1804–1849) var frå året 1819 og fram til ca 1830 lærar i hovudsoknet. Han gifte seg 1834 med Kari Torsteinson Kvamme (1809–1854), husmannsdtr frå Kvamsøy sokn. Born: Gyrid 1832–59 (døydde på barselseng med ein dødfødd gut), Bendik 1834–34, Torstein 1836 (USA 1856), Bryteva 1839–73, Anna 1841–41, Hans 1843–43, Anna 1844 (USA 1871), Hans 1847–53. Då Ola døydde, var det ein katastrofe for huslyden. Kari måtte få fattighjelp, og då også ho døydde i 1854, vart Anna 1844 sett bort til farsystera Synneva, gift til Åse-Arnafjord. Johannes Bendikson Fjærestad (1814–) frå lnr 95 & 1842 Kari Hansdtr Svardal (1812–) frå lnr 10 pakta bruket frå omlag 1845. Born: Anna 1841, Bendik 1844. Huslyden reiste til USA i 1851. I 1852 vart bruket selt til Jon Guttormson Fosse (1806–1867) frå lnr 34 & 1844 Ingeborg Jondtr Åse (1818–1902) frå lnr 50. Før det hadde dei vore på plassen Eiriksbakken under Fosse. Jon og Ingeborg hadde borna: Jon 1843, Kari 1847 (lnr 96e Skorpehaugen), Guttorm 1850 (Brennene, lnr 97), Ola 1854 (Sameigni under Hagen-Bøadalen), Randi 1858 (bnr 1/66 i Røysane-Sæbø). Jon Jonson Fjærestad (1843–1921) & 1870 Ingrid Hansdtr Fjærestad (1835–1892) frå lnr 96 fekk skøyte på bruket i 1865. Dei hadde ikkje born. I 1892 vart bruket fråskilt bnr 34/10 0,06 mark til farbroren Guttorm på Brennene. Ny skyld bnr 34/2 3,16 mark. Jon gifte seg på nytt i 1897 med Brita Endredtr Holstad (1863–1934) frå lnr 87 og dei fekk: Jon 1899 og Endre 1902 (lnr 88a Brekke). Jon Jonson Fjærestad (1899–1967) & 1937 Brita Sjurdtr Helgeland (1914–1993) frå Vossestrand fekk: Jon 1937 og Ingebjørg 1939. Jon Jonson Fjærestad (1937–) & 1970 Marit Olafdtr Aafet (1945–) frå Feios tok over bruket i 1977. Born: John Ove 1971 (USA, Australia i 2006), Siv Beate 1974 (England i 2006).
Bnr 34/17 Bekkely 0,05 mark. Ingebjørg Jondtr Fjærestad (1939–) & 1961 Ottar Roarson Ulviksbakken (1934–) frå Borgund i Lærdal, busette seg i nytt hus på eigedom utskilt frå bnr 37/2 i 1968. Born: May Britt 1961 (Sandefjord), Jon Roar 1969 (Vestby i Akershus).
Synneva Oladtr Vetleøyri s182 (1812–1905) døydde på Fjærestad. I 1865 var ho tenestejente på Midlang, men må deretter ha kome til lnr 95b. I kårkontrakt i 1903 tok Jon 1843 på seg forsorg av Synneva. Ho var då umyndiggjort. Ho kom aldri på listene til fattigkommisjonen.
Lnr 95c Fjærestad 2,49 spd. I 1845 var det: 2,4 daa poteter, 7,6 daa blandkorn, 1 hest, 8 storfe, 20 smalar og 2 svin på bruket.
Nils Bendikson Fjærestad (1810–1895) & 1831 Gjertrud Ivardtr Midlang (1808–1885) frå lnr 100 fekk borna: Brita 1830 (USA 1854), Ivar 1833 (USA 1854), Bendik 1834, Bryteva 1837 (Hagen-Bøadalen), Ingrid 1839 (USA 1869), Ola 1842 (plass under lnr 103a Bø), Hermund 1845 (lnr 15 Tenål), Olina 1853 (USA 1871). I 1854 vart bruket fråskilt lnr 95d 0,03 spd til lnr 97 og lnr 95e Sjurteigen 0,22 spd til Hermund Lasseson Bø. Ny skyld lnr 95c 2,24 spd = bnr 34/3 2,93 mark. Bendik Nilsson Fjærestad (1834–1906) & 1862 Agata Arnedtr Bø (1835–1916) frå lnr 104 forpakta i 1865 prestegarden Grov, men tok likevel over bruket i 1864. Då vart det fråskilt bnr 34/11 0,04 mark, slik at ny skyld for bnr 34/3 vart 2,89 mark. Born: Arne 1862, Gjertrud 1864 (lnr 10 Svardal), Anna 1866 (lnr 111 Skjørvo), Birte 1874–78, Nils 1881 (busett nær Bergen). I 1876 kom lnr 91c Tistel 0,12 spd inn under bruket. Denne marka- og liateigen fekk bnr 31/3 0,16 mark. Arne Bendikson Fjærestad (1862–1915) & 1898 Anna Eirikdtr Tistel (1866–1939) frå lnr 91a tok mot bruket i 1900. Born: Bendik 1898, Eirik 1902–72 (ugift på Fjærestad). Bendik Arneson Fjærestad (1898–1978) & 1936 Synneva Botolvdtr Fjærestad (1890–1967) frå lnr 96 fekk tinglyst skøyte på bruket i 1938. Dei fekk Johannes 1931. Johannes Bendikson Fjærestad (1931–) & 1978 Marta Endredtr (Brudevoll) Ovrid (1936–) fekk: Bjørn Egil 1978, Magnar Johan 1978–88. Johannes tok over bruket i 1970. I 1979 fekk han òg skøyte på bnr 31/3 Tistel 0,16 mark (som Eirik 1902 hadde hatt). Marta var enkje etter Endre Knutson Ovrid (1923–1962) og har med han: Reidun 1957, Bjørg 1958, Målfrid 1959, Erna 1960, Kjell 1961 (sjå lnr 69 Ovri og lnr 47b Bruavoll). Marta eig bnr 5/10 Bruavoll og jorda blir onna frå Fjærestad.
Lnr 96 Fjærestad
5,18 spd. I 1647 eigd av Apostelkyrkjegodset, i 1723 av Anna Finde, deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1802. Matrikkelskyld: 1,5 laupar i 1667, 1,83 laupar i 1723 og 1838. I 1845 var det 4,2 daa poteter, 17,0 daa blandkorn, 3 hestar, 20 storfe, 50 smalar og 2 vinterfôra svin på bruket.
I 1645 og 1647 var Nils Hansson (1597–) og kona Guri på dette bruket. Vi veit om to born: Arne 1644 (som truleg døydde ugift etter 1667) og Mildrid (lnr 64 Stedje). Nils vart attgift med enkja Turid Tryti frå lnr 105+106 og dei fekk Guri (lnr 104 Bø), Roland 1667 (lnr 33 Valsvik i Arnafjord sokn), Gjertrud 1669 (lnr 91+92 Tistel) og Marita. Marita Nilsdtr Fjærestad (–) & Ola Johannesson (1661–) fekk: Marita 1703 (lnr 8 Vange og lnr 59 Refsdal), Brita 1705, Kari (lnr 110 Tryti), Nils 1714 (lnr 91+92 Tistel), Randi 1717 (til plassen Haugen på Turvoll) og Gjertrud (Vikøyri v494 og v824). Brita Oladtr Fjærestad (1705–1787) gifte seg med Nils Sjurson Hopperstad (1695–1770) frå lnr 117+118+121. Han kom til bruket i 1726. Nils var av ei mektig og rik bondeætt. Born: Brita 1723 (lnr 67 Ovri), Marta 1728 (lnr 20+21 Føli), Sigrid 1729–29, Sjur 1732, Synneva 1735 (lnr 89 Brekke), Ola 1738–41, Gjertrud 1740–41, Ola 1742–42, Ola 1743 (sjå note), Gunhild 1745–78, Gjertrud 1746 (lnr 56 Kinni), Brita 1748 (lnr 19 Føli). Sjur Nilsson Fjærestad (1732–1797) & 1765 Gjertrud Oladtr Brekke (1742–1805) frå lnr 88 fekk borna: Brita 1766 (lnr 17 Holane i Arnafjord sokn), Anna 1768–68?, Anna 1771 (lnr 111 Skjørvo), Nils 1773, Ragnhild 1776 (sjå note), Ola 1779–80, Ola 1781–1835, Ola 1784 (lnr 24 Stadheim), Knut 1788 (lnr 22 Dale i Arnafjord sokn). Gjertrud var dotter til den mektige lensmannen Ola Bendikson Brekke. Knut 1788 var med i krigen 1809–15. Nils Sjurson Fjærestad (1733–1813) & 1803 Ingrid Johannesdtr Kvamme (1774–1840) frå Kvamsøy sokn fekk borna: Sjur 1800–00, Johannes 1801–02, Sjur 1803–03, Hans 1804, Kari 1807 (lnr 88 Brekke), Brita 1810–10, Sjur 1811–12. I skiftet etter Nils Sjurson vart eiga i bruket delt mellom enkja og dei to attlevande borna, Hans og Kari. Men i 1833 hadde Hans løyst ut dei andre eigarane. Ingrid vart attgift 1814 med Ola Ivarson Vange (1780–1850) frå lnr 6 og dei fekk borna: Anna 1814 (sjå note lnr 71 Hove), Ragnhild 1816 (sjå note lnr 83 Hønsi), Brita 1818 (lnr 118 Hopperstad). Hans Nilsson Fjærestad (1804–1865) & 1828 Randi Oladtr Hopperstad (1802–1882) frå lnr 125 fekk borna: Nils 1828–57, Anna 1830–50, Ola 1832, Ingrid 1835 (lnr 95b), Gjertrud 1837 (USA 1870), Ingeborg 1840 (lnr 106 Tryti), Sjur 1843–44, Johanna 1846–66. I 1874 vart bruket frådelt lnr 96b 0,40 spd til Elling Olason Brennene. Ny skyld lnr 96a 4,70 spd. Bruket vart skøytt til sonen Ola. Ola Hansson Fjærestad (1832–1898) & 1859 Lussi Eirikdtr Rosheim (1837–1895) frå lnr 94 fekk: Randi 1858 (bnr 34/8 under lnr 96), Brita 1861 (USA 1887), Hans 1863, Eirik 1865 (USA 1885), Sigrid 1867 (USA 1895), Nils 1870 (USA 1887), Johan 1872 (USA 1893), Anna 1875 (USA 1893), Ola 1877 (USA 1895). I tillegg fekk Ola som gift mann Marta 1867 med husmannsdtr Sigrid Jondtr Vange (1843–), sjå plass 1 Vange. I 1882 vart bruket fråskilt lnr 96c 0,17 spd til Jon Olason Prestteigen-Midlang, og i 1883 lnr 96d 0,11 spd til Elling Olason Brennene. I 1886 vart lnr 96e Skorpehaugen 0,05 spd frådelt til husmannsson Guttorm Olason Fjærestad. Ny skyld lnr 96a 4,46 spd = bnr 34/5 5,85 mark. Hans Olason Fjærestad (1863–1898) & 1893 Kristina Marie Petterdtr Tenål (1871–1960) frå lnr 14b fekk skøyte på bruket i 1893. Hans og faren Ola døydde i april 1898 med 9 dagars mellomrom. Hans døydde av lungebrann. Born: Lina 1894, Olaf 1896, Per 1896–96. I 1899 fekk Jon Olason Prestteigen-Midlang kjøpt ein større del av bruket enn den han hadde frå før: bnr 34/12 0,40 mark. Ny skyld bnr 34/5 5,45 mark. I 1901 fekk guten Olaf Hansson Fjærestad (1896–1975) heimelsbrev på bruket. Kristina gifte seg på nytt 1900 med ein bror til første mannen, Eirik Olason Fjærestad (1865–1933). Eirik reiste til USA i 1885, men var tilbake på vitjing. Kristina reiste i 1902 til USA med ny mann og dei to borna. I 1904 vart bruket skøytt ved verje til Botolv Guttormson Hatlekolo (1865–1938) frå Halvarhaugen. Botolv hadde reist til USA i 1885, men kom tilbake og gifte seg 1889 med Birte Petterdtr Tenål (1863–1945) frå lnr 14b, ei syster til Kristina Marie. Med Gjert Nilsson Vikøyri hadde Birte dessutan Eli 1881 og Fredrikka 1883. Botolv hadde fått Anna 1888 (paktar av prestegarden Grov) med Johanna Oladtr Tryti (1869–) frå lnr 106. Botolv og Birte dreiv lnr 14a+18e på Tenål i åra 1897–1903. Dei fekk borna: Synneva 1890 (lnr 95c Fjærestad), Elling 1891, Beint 1893 (bnr 34/14+15 under lnr 96), Guro 1896–96, Guttorm 1897 (Halvarhaugen på Hatlekolo), Ragnhild 1899 (lnr 111 Skjørvo), Johanna 1902–07 og Petter Andreas 1904. Ragnhild 1899 fekk Otto 1922 med Jon Ellendson Brekke (1900–1978) frå lnr 88b. Otto vart oppfostra på Fjærestad. Han vart busett i Ovestevegen 2 i Øyane. I 1927 var bnr 34/14 1,90 mark frådelt til sonen Beint 1893. Seinare fekk Beint òg bnr 34/15 Holsteigen 0,75 spd. Ny skyld bnr 34/5 2,80 mark. Elling Botolvson Fjærestad (1891–1962) & 1925 Anna Hansdtr Dale (1896–1974) frå lnr 23a i Arnafjord sokn tok over bruket i 1925. Dei hadde ikkje born. Broren Petter Andreas Botolvson Fjærestad (1904–1983) & 1948 Inga Johannesdtr Birkeland (1924–), Haukedalen, overtok i 1963 og skøytte det frå seg i 1977. Inga er syster til Ragnhild på lnr 91a Tistel. Inga og Petter pakta lnr 93c Espesete i åra 1946–63. Born: Bjarne 1949 (bur saman med mora), Jostein 1951, Berit 1952 (Nesbyen i Hallingdal), Jofrid 1955 (Ølen i Nord-Rogaland), Inger 1958 (lnr 61 Refsdal, så bnr 40/1-5 i Prestegardstunet). Jostein Petterson Fjærestad (1951–) & 1990 Else Jakobdtr Reksten (1953–) frå Reksta ved Florø har to adoptivborn som har etternamn Reksten Fjærestad: Håkon 1993, Jakob 1997. I 1989 kom bnr 34/9 og bnr 34/19 inn under bruket.
Ola Nilsson Fjærestad (1743–) er ikkje førd inn som døypt i kyrkjeboka, men vart konfirmert i 1761, og han var son på bruket i manntalet i 1763. Han fekk Johannes 1771 (Vikøyri v488) med Marta Johannesdtr (–), eit «qvindemenneske» frå Låne i Kvamsøy sokn. Marta har vi ikkje identifisert. Det foraktelege tillegget tyder på at også ho var «uekte». Ho var truleg tenestejente på Rosheim i 1763 og ho vart kanskje konfirmert i 1757 med tenaradressa Vange. Låne-namnet følgde sonen til Vikøyri.
Ragnhild Sjurdtr Fjærestad (1776–1811) & 1806 Ola Knutson Stadheim (1779–) frå lnr 27 fekk Brita 1806 og Sjur 1811–11. Ragnhild døydde truleg som følgje av fødsel. Ola hadde tidlegare prøvt å kjøpa lnr 62 Undi, men framgangsmåten vart ikkje godkjent. Dessutan brukte han vald og trugsmål som verkemiddel. Ola flytta til Lavik og gifte seg på nytt.
Bnr 34/14+15 Kvihaugen, i alt 2,65 mark. Dette nydyrkingsbruket vart frådelt lnr 96 i 1926 og busett av Beint Botolvson Fjærestad (1893–1974) frå lnr 96a & 1926 Birgit Hansdtr Grov (1898–1987), sjå plass 2 Skulen-Grov. Born: Bjarne 1927 (lnr 109 Tryti), Gjertrud 1928–1987 (ugift, Prestvegen 10, Prestberget), Bjørg 1930 (Odnes i Søndre Land), Hans 1935 (Rygge og Moss i Østfold), Erling 1944. Erling Beintson Fjærestad (1944–) & 1966 Agnes Johanne Johannesdtr Berg (1944–) frå Lyngseide i Troms har borna: Anne Jorunn 1966 (bnr 15/3 under lnr 50 Åse), Gro Beate 1967 (bnr 28/9 under lnr 84b Hønsi), Bente 1968 (Sogndal). Erling overtok i 1971 og driv med sau.
Bnr 34/8+34/12 Fjærestad, i alt 0,62 mark, samansett av stykke frå lnr 96. Busett av Randi Oladtr Fjærestad (1858–1936) frå lnr 96 & 1880 Jon Olason Prestteigen-Midlang (1850–1929) frå Øvre Prestteigplass. Dei fekk borna: Jon 1877–87, Jon 1877 (lnr 38 Nummedal), Lussi 1880 (USA 1902), Ola 1880 (Vikøyri v796), Brita 1882 (lnr 21b i Hagen-Hove), Hermund 1884–84, Hermund 1885–1909, Eirik 1887, Randi 1889–1911. Hermund 1885 var tambur. Han døydde av tuberkulose. Eirik Jonson Fjærestad (1887–1945) & 1929 Randi Nilsdtr Kvamme (1894–1931) frå Vikøyri v714 hadde sonen Jon Ragnar 1931. Jon Ragnar Eirikson Fjærestad (1931–2002) & 1966 Gunnvor Elsa Andersdtr Værøy (1935–) frå Værlandet i Askvoll fekk: Rolv Eirik 1968, Geir Anders 1969 (Balestrand). Rolf Eirik Jonson Fjærestad (1968–) & 2000 Hilde Kristine Seim (1969–) frå Leikanger har Morten 2001. Hilde har òg Bjørge 1995 med Jarle Eilefson Øvstedal (1966–) på bnr 37/33 under lnr 106 Tryti.
Lnr 96e = bnr 34/9 Skorpehaugen 0,07 mark. Denne plassen har vore kalla Skorpehaugen i vår tid, men i eiskøyte frå 1886 står det at plassen var «beliggende i den såkaldt Hålene». Garden Holene ligg under Midlang. Men dette, og andre opplysningar, viser at også noko av Fjærestad vart rekna som Holene. Omkring 1804 kom Hermund Ingebrigtson Skjørvo (1769–1838) frå lnr 111 & 1800 Alis Hermunddtr Sæbø (1777–1827) frå plass 1 Sæbø til husmannsplassen Holene-Fjærestad og som vi trur låg på Skorpehaugen. Born: Brita 1802 (plass 2 på Hatlekolo), Ola 1805, Ingebrigt 1811–17, Ola 1815, Turid 1819 (USA 1844), Inger 1824–28. Dei to sønene med namnet Ola vart husmenn på kvar sin plass på Prestteigen-Midlang. Hermund hadde òg Jens 1798 (Vikøyri v434) med Brita Jensdtr Føli (1774–), sjå note lnr 23, og han hadde Per 1797–97 og Per 1798 med Anna Perdtr Holstad (1775–) på lnr 86, sjå note lnr 86.
Vi trur at Ola Guttormson Bø (1850–1935) frå lnr 102a & 1880 Kari Jondtr Fjærestad (1847–1928) frå lnr 95b flytta inn i plasshusa etter Hermund og Alis. Ola og Kari hadde borna: Johanna 1873 (lnr 18b1 Flete i Arnafjord sokn), Brita 1880, Guttorm 1882 (lnr 37 Nummedal), Ivar 1884 (sjå note). I 1886 vart Skorpehaugen, lnr 96e 0,05 spd, skøytt til den 4 år gamle guten Guttorm 1882. Han var eigar så lenge han levde, men flytta aldri dit. Brita Oladtr Fjærestad (1880–1963) fekk sonen Ola 1915 med Anders Olason Valsvik (1891–1971) frå lnr 31 i Arnafjord sokn. Brita og Ola budde båe på Skorpehaugen, hadde litt korn og poteter, ei ku og nokre sauer. Ola Andersson Fjærestad (1915–1987), som vart kalla «Skorpen», var den siste brukaren. Husa er borte, haugen planert ut og plassen er lagt inn under bnr 34/5.
Ivar Olason Fjærestad (1884–) fekk Astrid 1904 med Marie Hansdtr Brekke (1883–1973) frå lnr 105b Vomb på Brekke. I 1909 vart han kjend sinnsjuk og plassert hjå Bendik J. Flete i Arnafjord sokn. Deretter betalte fattigkassa årleg for utplassering.