Espesete

Espesete (espesæte): Auspusætir, Haspusætir, Aspusæter, Auspusæther (ca 1320), Espesett (1611), Espesetter (1647, 1723), Espesæter (1838, 1863, NG), Espesete (VIK). Dei fleste brukar slektsnamnet Espesete, andre Espeset.

Lnr 93 Espesete

7,03 spd. Eigar: I 1647 Munkeliv kloster, i 1723 etatsråd Blixencrone, deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1794. Matrikkelskyld: 1,58 laupar i 1647, 1,08+0,50 laupar i 1667, 2,50 laupar i 1723, 1788 og 1838.

I 1290 selde Asbjørn Gyrdsson og Ingrid Torsteinsdotter mykje av eiga i garden sin, Espesete, til Munkeliv kloster. Seinare kom heile Espesete inn under dette klosteret og var i same eiga fram til staten selde ut klostergodset omkring 1680. I øydetida var landskylda for Espesete så låg at vi må kunna slå fast at garden vart brukt til beiting og slåttemark eller som støl. Garden vart busett på nytt frå først på 1600-talet. I 1603 sat Lauritz der og i 1611 heitte leiglendingen Tørris. I 1635 og 1645 var Ola Espesete brukar og kona hans heitte Karen. I 1647, 1655 og 1667 finn vi Botolv Olason (1614–) på garden. I 1667 hadde han sønene Anders 1643, Ola 1654 og Markus 1658 med seg på bruket. I tillegg var i 1655 og 1667 Ivar Arneson (1601–) på eit småbruk på 0,50 laup på Espesete. Han hadde borna Brita 1632?, Arne 1643 og Ola 1662. Brita og Arne kom til lnr 41 Grønsberg. I 1701 var Markus Botolvson Espesete (1658–1720) einaste brukar på garden. Han vart gift med Ingrid Lassedtr Undi (1666?–?) og dei fekk borna: Brita 1687 de (lnr 55 Rislåg, så lnr 63 Undi), Synneva 1689, Marta 1696, Brita 1694 dy (lnr 100 Midlang), og Botolv 1712 (lnr 184 Vangsnes). Sonen Botolv hadde òg Lasse 1733 med Ragnhild Lassedtr Hove, sjå lnr 64 Stedje). Frå 1714 overtok Synneva Markusdtr Espesete (1689–1752) & Guttorm Olason Brekke (1683–1760) frå lnr 88 bygslinga. Guttorm var son til den rike lensmannen Ola Bendikson Brekke. Born: Jon 1713, Inga 1716 (lnr 67 Ovri), Guri 1720–27, Ola 1723–47, Ragnhild 1724 (lnr 94 Rosheim). Jon Guttormson Espesete (1713–1787) & 1749 Anna Endredtr Skjørvo (1717–) frå lnr 114 hadde borna: Synneva 1749 (lnr 114 Skjørvo), Marta 1751 (lnr 91+92 Tistel), Guttorm 1752–70, Kari 1756 (lnr 0 Sæbø), Botolv 1760, Ingeborg 1761 (lnr 122 Hopperstad), Solveig 1762 (lnr 84 Hønsi). Botolv Jonson Espesete (1760–1814) & 1786 Åsa Amunddtr Ovri (1760–1850) frå lnr 70 hadde borna: Ragnhild 1785 (lnr 18 Tenål), Jon 1787, Anna 1789 (lnr 64 Stedje), Amund 1791 (lnr 117 Hopperstad), Anna 1794 (lnr 69 Ovri), Ragnhild 1796 (lnr 26 Hellane i Arnafjord sokn), Kari 1796 (plass under lnr 54 Rislåg), Åsa 1799–1805, Synneva 1799 (lnr 26 Hellane). Botolv fekk kjøpt bruket i 1794. Seinare delte han det mellom seg og sonen Jon. Planen hans var at sonen Amund skulle overta sin halvpart seinare. Men dette sette Jon seg i mot. Han meinte at bruket var for lite for ei slik todeling. Han fekk medhald i retten i denne saka. Jon Botolvson Espesete (1787–1822) & 1816 Lussi Jondtr Hove (1796–1878) frå lnr 71 fekk borna: Ragnhild 1816 (lnr 93a), Botolv 1818, Jon 1820 (lnr 93b). Jon 1787 døydde av tæring og magekrampe, står det i kyrkjeboka. I skifta etter Botolv Jonson og Jon Botolvson vart både gardpartar skøytt over på småguten Botolv 1818, slik at Espesete på nytt vart samla til eitt bruk. Lussi Jondtr gifte seg oppatt 1822 med Botolv Guttormson Tistel (1794–1866) frå lnr 91+92 og dei dreiv Espesete til 1843 då dei kjøpte ein part av Tistel og bygde opp småbruket Vetla-Tistel (sjå vidare under lnr 91b). Botolv Jonson Espesete (1818–) & 1842 Marta Rolanddtr Tistel (1825–1852) frå lnr 91+92 fekk borna: Lussi 1841, Jon 1843, Torborg 1845, Roland 1848, Anna 1851. Det gjekk svært galdt med Botolv Jonson. Frå og med 1852, same året som kona døydde, måtte fattigkommisjonen ta seg av dei fire yngste borna. Dei vart utplasserte hjå fosterforeldre. Anna var lenge hjå mostra Kari Rolanddtr på lnr 98 Midlang, Roland hjå Anders Anfinson Thue på lnr 11a Seim, Torborg på Tistel og Jon hjå farbroren Jon Espesete. I 1854 reiste Botolv Jonson saman med mora og huslyden hennar til USA, og i 1864 reiste dei fire yngste borna. Alt i 1844 vart det halde skylddeling på garden Espesete, der broren Jon overtok halvparten av bruket. Det fekk lnr 93b 3,52 spd. I 1848 måtte Botolv gå frå også den andre halvparten.

Lnr 93a Espesete 3,52 spd. Det var systera Ragnhild Jondtr Espesete (1816–) & 1845 Bendik Jonson Brekke (1810–1871) som overtok lnr 93a. Dei kom frå lnr 88a Brekke. Brekke-bruket hadde dei truleg drive frå 1841. Det var kanskje økonomiske problem som førde til at dei selde lnr 88a. Bendik og Ragnhild hadde halvparten av Espesete til 1855. Då vart lnr 93a delt i to like delar. Den eine delen, lnr 93c, brukte Bendik til makeskifte med småbruket Vomb på Brekke, slik at Jørgen Gulbrandson Ellestad kom til Espesete, og Bendik og Ragnhild flytta til Vomb. Det viser vel at heller ikkje på Espesete greidde Bendik å styra økonomien. Til slutt enda Ragnhild og Botolv opp som småbrukarar på ei part av Flete i Arnafjord sokn, lnr 18b1. Om borna: sjå dette småbruket. Bruket vart i 1855 skøytt over til Nils Jørgenson Brekke (1845–1912), den einaste son til Jørgen og kona Birte Perdtr (1819–1852) på bruket Vomb. Grunnen til at det gjekk til guten Nils må vera at Jørgen hadde gifta seg på nytt med Kristi Larsdtr Juvik, og det var Nils som arva mora. Men Jørgen og Kristi vart ikkje lenge på Espesete. I 1857 reiste Jørgen med sonen Nils til USA. Jørgen kjøpte Vomb frå Bendik Jonson Brekke. Kristi flytta dit. Kjøpar var lensmann Kristoffer Parelius Aarestrup. Han delte straks bruket i lnr 93a* og lnr 93c.

Lnr 93a* Espesete 1,76 spd = bnr 32/1 2,28 mark. Denne delen av bruket dreiv Kristoffer Aarestrup frå bruket sitt i Bø, lnr 103b. Det same gjorde sonen Thomas Graah Aarestrup. Han overtok i 1885. I 1930 skøytte enkja Olina Hansdtr Aarestrup bruksdelen til sonen Henrik Kjønning Thomasson Aarestrup (1898–1986). Han vart bureisar på gardparten. Han gifte seg i 1932 med Ragnhild Perdtr Refsdal (1909–1963). Om foreldra til Ragnhild: sjå note lnr 109 Tryti. Born: Torleiv Graah 1932, Gerd 1935 (lnr 109 Tryti), Per 1937 (Øvre Årdal, sjå note lnr 76 Hove), Olga 1938 (Sjøtunvegen, bnr 41/61), Harald Reidar 1945 (Bergen). Torleiv Henrikson Årestrup (1932–) & 1961 Borghild Ivardtr Refsdal (1930–) frå lnr 60 har: Britt Tone 1962 (Laksevåg i Bergen), Ragnhild 1966 (bnr 40/45 i Gildhus), Siv 1969 (Konnerud i Drammen). Borghild har dessutan Geir 1955 med ein dansk statsborgar. Geir bur i Prestvegen 12 i Prestberget.

Lnr 93c Espesete 1,76 spd = bnr 32/3 2,22 mark. I 1865 var det 3,5 daa poteter, 11,1 daa blandkorn, 1 hest, 6 storfe, 24 smalar og 1 gris på bruket.

Denne delen der husa stod vart i 1857 kjøpt av Anders Ivarson Øvre Hove (1831–) frå lnr 77 & 1857 Torborg Adamdtr Reutz Midlang (1833–1919) frå lnr 98. Born: Ivar 1857, Adam 1858–58, Lussi 1859 (sjå note), Adam 1861–62, Adam 1863 (USA 1882), Karen 1863 (lnr 57 Karevoll), Johan 1866, Anna 1867 (ugift), Ola 1870 (lnr 84e Hønsi), Marta 1872 (Skulestad, Voss), Klaus 1874 (USA 1892), Johannes 1876–76. Ivar Andersson Espesete (1857–) & 1881 Brita Hermunddtr Sæbø (1854–) frå lnr 3 fekk Johan 1880 og Anders 1882 (USA 1899). Ivar fekk dom på seg for å ha drepe ei gravid tenestejente i Bø i Rjukandegjelet i 1883. Jenta vart Brita 1849 frå Hagen-Bøadalen (sjå Sameigni). Ivar sat i fengsel i 19–20 år. Han reiste til USA i 1904. Broren Johan Andersson Espesete (1866–1945) fekk skøyte på bruket i 1891. Han gifte seg i 1896 med Ragnhild Alfdtr Stadheim (1870–1950). Dei hadde ikkje born. Om foreldra til Ragnhild: sjå note lnr 28 Stadheim. Brita Hermunddtr flytta truleg til Røysane-Sæbø (bnr 1/29) med sønene i 1892, men i 1908 vart bruket skøytt over på henne. I 1909 gjekk det frå henne til sonen Johan Ivarson Espesete (1880–1919). Johan reiste til USA i 1896, men kom tilbake. Han gifte seg i 1903 med Ragnhild Pederdtr Engeland (1877–1950), husmannsdtr frå Nordfjordeid. Dei gifte seg ikkje i Vik. Johan var postkøyrar på Voss i året 1900. Dit kan Ragnhild ha kome som tenestejente på garden Tverberget. Dette stadnamnet vart knytt til henne i protokollar og i den gamle bygdeboka. Johan og Ragnhild fekk: Borghild 1904 (til sist i Drammen), Per 1908 (Røyken), Olga 1910 (Drammen), Hermund 1913 (Sande i Vestfold), Anders 1915 (Sande i Vestfold). I 1916 vart bnr 32/5 Teigen 0,50 mark fråskilt til Botolv Knutson Furehaug. Ny skyld bnr 32/3 1,72 mark. Johan og Ragnhild kjøpte seg garden Veberg i Sande i Vestfold (enkja Ragnhild kjøpte seinare garden Rud) og dei selde bruket tilbake til farbroren Johan Andersson Espesete i 1916. Mora Brita reiste også til Sande og døydde der. Broren Ola 1870 budde på Hønsi. Han var arg på bror sin på Espesete og sette ein vinterkveld fyr på fjøsbygningen på bruket, slik at han brann opp. Enkja Ragnhild Alfdtr sat med bruket til 1950, då skøytte ho det til systersonen Alf Martinson Bø(1905–1968) på lnr 102b. Han pakta bort bruket til Petter Botolvson Fjærestad (1904–1983) i åra 1946–63. I 1963 overtok Petter bnr 34/5 Fjærestad (om huslyden: sjå lnr 96a). I 1968 vart bruket skøytt til Hilmar Alfson Bø (1934–) & 1967 Anne Marie Hilmardtr Samland (1945–), Feios. Born: Anita 1969 (Svolvær i Lofoten), Kjell Harald 1973. Bruket er overteke av Kjell Harald Hilmarson Bø (1973–) & sb Ina Merete Sigvalddtr Grønsberg (1970–) frå Hatlevegen 6 i Prestberget. Dei har bygt hus på bruket. Born: Sondre 1997, Sunniva 2000. Marte 2006. Kjell og Ina budde tidlegare i bnr 40/39 i Moane-Grov.

Lussi Andersdtr Espesete (1859–1932) var budeie. Ho hadde ikkje eigen bustad, men var truleg det meste av livet på Espesete. Frå og med 1923 fekk ho fattighjelp.

Lnr 93b Espesete 3,52 spd = bnr 32/2 4,48 mark. I 1865 var det 5,6 daa poteter, 11,1 daa blandkorn, 2 hestar, 15 storfe, 40 smalar og 3 grisar på bruket.

I 1844 vart denne halvparten av lnr 93 skøytt til Jon Jonson Espesete (1820–1899). Han gifte seg 1849 med Åsa Sjurdtr Hopperstad (1824–1911) frå lnr 119. Born: Jon 1847, Anna 1849–1939 (sjå Vikøyri v112), Sjur 1851 (USA 1871), Botolv 1854–1928 (døydde ved å gå seg ut for hamrar på Eitrastrondi på veg til Framfjorden), Lussi 1855–55, Lussi 1856 (sjå note lnr 58 Refsdal), Anna 1859 (USA 1881), Olina 1861 (USA 1887), Per 1863 (USA 1884). Ola 1866 (USA 1897), Botolv 1868–1912. I 1886 vart bruket skøytt til Jon 1847. Kårfolka Jon og Åsa kjøpte Sameigni og budde der til ca 1896. I 1897 vart bruket frådelt Stølsgaren bnr 32/4 0,26 til Ivar Andersson Espesete. Ny skyld bnr 32/2 4,22 mark. Jon Jonson Espesete (1847–1929) & 1888 Marta Oladtr Bjørgo (1849–1927), Aurland, fekk: Jon 1889, Ola 1891 (sjå note). I 1910 vart bruket skøytt til Jon Jonson Espesete (1889–). Han gifte seg med Emma Marie Guneriusdtr Holmen (1890–) frå Hobøl i Østfold og dei fekk borna: Gunnar 1910, Marta 1912, Hanna 1914, Åsta 1920. Huslyden reiste til Sandefjord i 1927 og bruket vart selt til Ivar Olason Midlang (1884–1961) frå lnr 100. Han gifte seg 1925 med Lucie Markusdtr Valsvik (1906–1999) frå lnr 33bc i Arnafjord sokn. Born: Agnes 1926–96, Anna 1927 (lnr 99b Midlang), Klara 1929 (bnr 29/5 under lnr 85 Holstad), Ola 1930–52, Martin 1932, Olga 1934 (Hagen-Bøadalen), Inga 1936 (lnr 40c* Vetle-Nummedal), Per 1938 (Voss), Borghild 1940 (Vinnes i Fusa, Hordaland). I 1954 gjekk bruket til Martin Ivarson Midlang (1932–) & 1961 Anna Jondtr Halrynjo (1937–) frå lnr 66 Hallrynjo. Born: Ivar 1961, Kari 1963 (leigebustad i Prestvegen 26 i Prestberget), Laila 1973. Ivar Martinson Midlang (1961–) & 1985 Tone Perdtr Feidje (1962–) frå Feios har borna: Monica 1983 (Feios), Tommy 1986, Vibeke 1992.

I 1875 budde mor til Åsa 1824, Anna Jondtr Hopperstad (1789–1876), enkje frå lnr 119 Hopperstad, i ei lita stove på bruket. Ho hadde med seg dottera Sigrid Sjurdtr Hopperstad (1816–1892). Anna og Sigrid døydde på Espesete. Sigrid hadde Anna 1852 med Anfin Johannesson Brekke på lnr 89. Ho kom til lnr 43b Myrkaskog.

Kårenkja Brita Oladtr Bjørgo (1816–1915), fødd Haugen, Hol i Hallingdal, var på bruket i 1900 og seinare. Ho var mor til Marta 1849 og til Anna 1854 på lnr 99b Midlang.

Ola Jonson Espesete (1891–) & 1912 Marta Oladtr Tryti (1891–1984) frå lnr 108 hadde ei tid eit gardsbruk nær Bergen, deretter var dei fleire stader, men mest i Skien. Ola vart kalla «Bjørgen» etter mora. Som andre på Espesete var han «hestakar». Alkoholproblemet hans var øydeleggjande for familien. Ola og Marta fekk 7 born. Den eldste var Jon som vart ein landskjend hesteeigar og travkøyrar.

Husmannsplass under lnr 93a+c. I 1842 vart det tinglyst ein festekontrakt av Botolv Jonson Espesete for ein plass til Andreas Bendikson Undi for eit område av Espesete mot Kålsete. Men då dette området i 1844 kom inn under lnr 93b, vart det i 1844 skrive ny festekontrakt for eit område mot Tistel. Lærar Andreas Bendikson Undi (1813–1849) & 1837 husmannsdtr Anna Oladtr Hagen (1815–1909) frå Hagen-Bøadalen fekk borna: Endre 1838, Sigrid 1842, Ola 1845, Ola 1849. Om foreldra til Andreas: sjå note lnr 62 Undi. Enkja Anna med born reiste til USA i 1857. Det kan tenkjast at brukarar av lnr 93c etterpå budde i husmannshusa og at nye hus på bruket kom i same tunet.