Bø
Bø (bø): Bør, Bøø, Bøe (ca 1320), Bøø (1563, 1611), Bøe (1647, 1667, 1723), Bø (1838, 1863, NG, VIK)
Bø og Tryti var dei einaste gardane på Bøadalen som var busette gjennom heile øydetida. I 1522 var Arne og Per bønder i Bø. I 1563 var Olav Arneson Bø den rikaste bonden i bygda med ei eige på 8,0 laupar. Av det var 3,6 laupar i eige gardsbruk.
Nyare forsking av utsegner av presten Ivar Leganger (1629–1702) tyder på at lensmann Olav Arneson Bø var fødd i 1483. Dersom dette er rett, må vi kunne rekna med at han var gift inn i Tenåladelen med ei dotter til Gutrid Fartegnsdotter frå Semeling i Valdres og første mann hennar, Anders Jensson. Dei var adelsfolk på Tenål i Vik. Men dei hadde også eige i ein eigedom på Bryggja i Bergen. Dei hadde sonen Jens Andersson, som budde i Vik i 1522, men som seinare truleg var mest forretningsmann i Bergen. Gutrid gifte seg på nytt med ein som heitte Peder, og som eg trur var fut i Sogn i åra 1514–1523, og som vart kalla «Peder Islender». Også han må ha blitt rekna som adeleg.
Olav Arneson Bø vart lensmann og var ein rik og mektig mann i bygda. Men adelskvinna han var gift med, veit vi ikkje namnet på. Dei hadde truleg berre eit barn som voks opp, Arne, og som gifte seg til Hopperstad. Den rikdomen Arne tok med seg, førte til at det var etterkommarar på Hopperstad som vart sjølveigarar. I ei skøyte frå 1558 går det fram at Olav Arneson Bø makeskifta med høvedmann på Bergenshus mellom anna grunneige han hadde i Bryggja i Bergen med eit lakseverpe i Vikja. Også eiga av dette lakseverpet kom i Hopperstadeige, og det kan vi der følgja i generasjonar framover.
Olav Arneson Bø og Anbjørn Bø var med då bønder i Midtre Sogn i 1561 var i tvist med Kongen om rettane til Tingastad allmenning. I 1601 var Lasse Bø bondelensmann. Han var kanskje ein etterkommar av Olav Arneson. På denne tida var også Palne og Per bønder i Bø. Palne eigde ein del i det bruket han var på. I 1635 heitte bøndene i Bø: Ola Ellingson, Ola Helgeson og Kristoffer. I 1645 og 1647 heitte kona til Ola Ellingson Gunhild, Ola Helgeson var gift med Adelus og Kristoffer med Gjøa. I 1645 finn vi òg borna Jon Olason og Gunhild Oladtr, men om dei var borna til Ola Helgeson eller Ola Ellingson finn vi ikkje ut av. I 1655 var Ola Bendikson komen på det bruket som Kristoffer sat på før. I 1667 finn vi Ivar Kjellson, Ola Helgeson og Ola Bendikson som brukarar. I 1683 var brukarane i Bø: Ivar, Helge, Bendik og Ola. I 1701 finn vi seks brukarar, av dei må to ha vore kårbrukarar. Namna er: Ivar Kjellson, enkja Gjertrud Larsdtr, Bendik Olason, Ola Bendikson, Elling Olason ogSivert Larsson. I 1711 var det fem bønder i Bø: Ingebrigt, Elling, enkja Ragnhild, Palne og Sivert. I 1723 var brukarane: Sjur, Palne, Anders og Elling. I 1838 var det også fire bruk.
Lnr 101+102 Bø
Eigarar: I 1647 Kaupangergodset. Matrikkelskyld: 3,3 laupar i 1647, 3,0 laupar i 1667.
På dette storbruket heitte leiglendingen i 1647 Ola Helgeson (1605–?). Han var gift med Adelus, eit vanleg kvinnenamn på denne tida. Born: Jon, Gjertrud, Helge 1651, Hermund 1657. Helge Olason Bø (1651–1701) var gift med Gjertrud Lassedtr (ikkje identifisert), og dei hadde sønene: Palne 1672, Anders 1680 (lnr 9 Liktvorane), Ola 1686 (døydde i den nordiske krigen 1708–18), Sjur 1692 og døtrene Agata 1683 (lnr 9 Liktvorane) og Marta. Etter at Helge døydde i 1701 gifte enkja Gjertrud Lassedtr seg straks med Sjur Lasseson Seim (1664–1734) frå lnr 12. Deretter vart bruket delt ved at Sjur og Gjertrud fekk lnr 101 og Palne 1672 lnr 102.
Lnr 101 Bø
4,33 spd. Eigarar: I 1723 Kaupangergodset, deretter Daae-ætta, sjølveige frå 1776. Matrikkelskyld: I 1723, 1788 og 1838 1,50 laupar. I 1845: 4,2 daa potet, 13,5 daa bygg, 1 hest, 14 storfe, 60 smalar, 4 vinterfôra svin.
På denne halvparten av storbruket var Sjur Lasseson (1665–1734) og Gjertrud Lassedtr. Gjertrud døydde truleg i 1718 og Sjur vart attgift med Brita Botolvdtr Skjørvo (1691–1734) frå lnr 114. Born: Anna 1720 (lnr 28 Stadheim), Sigrid 1725 (plass i Gildhus), Jon 1727–27, Lasse 1728–29, Johanna 1729 (lnr 12 Røyrvik). Då både Sjur og Brita vart sjuke og døydde i 1734, kom truleg brorsonen til Sjur, husmannsson Lasse Nilsson Skjørvo (1706–1739), til Bø for å stå for drifta. Året etter gifte han seg med Marta Markusdtr Espesete (1695?–1777) frå lnr 93 og dei fekk Sjur 1736 (lnr 81 Voll). Men då Sjur døydde alt i 1739, gifte enkja seg same året med Hans Ingebrigtson Ovri (ca 1712–1785?) frå lnr 69. Dei fekk Lasse 1741. I tillegg må vi tru at Sjur 1736 voks opp på bruket. Lasse Hansson Bø (1741–1768) & 1763 lensmannsdotter Barbra Oladtr Brekke (1736–1816) frå lnr 88 fekk: Bendik 1765 (konfirmert 1783, truleg død før 1801), Hans 1767 (plassen Brekkehagen under lnr 88a). Enkja Barbra vart attgift 1768 med Hermund Nilsson Tistel (1748–1813) frå lnr 91+92 og dei fekk: Lasse 1771, Nils 1773 (lnr 3 Øksdal i Vangsnes sokn), Ola 1775 (lnr 11 Svolsvik), Brita 1779 (lnr 6 Vange). Hermund Nilsson vart sjølveigar i 1776. Lasse Hermundson Bø (1771–1831) & 1797 Anna Guttormdtr Tryti (1767–1834) frå lnr 107 fekk: Guttorm 1796–96?, Guttorm 1797, Hermund 1800–02, Hermund 1802–61 (sjå Sjurteigen under Brennene), Barbra 1805 (lnr 124 Hopperstad), Ola 1807–07, Ola 1808 (lnr 102f). Hermund 1802 døydde i Bergen som spedalsk. Også Nils 1773 og Ola 1775 var spedalske. Guttorm Lasseson Bø (1797–1851) & 1823 Anna Jondtr Brekke (1799–1878) frå lnr 88 fekk: Brita 1823 (lnr 99c Midlang), Anna 1828, Anna 1830, Ragnhild 1834–41, Johanna 1837, Brita 1839, Lasse 1842, Ragnhild 1842, Jon 1845. I den gamle bygdeboka står det at to av døtrene drukna i Skjelingaelvi etter å ha gått gjennom eit snøband. Ulukkesåret må ha vore i 1841. (Den andre jenta var kanskje Anna 1836 frå lnr 103.) Men det er berre Ragnhild 1834 som vart borte. I 1853 vart bruket frådelt lnr 101b 0,20 spd til Brita 1823. Enkja Anna reiste til Amerika med 7 born i 1855.
Lnr 101a fekk 4,13 i skyld. Då enkja Anna og borna reiste til USA i 1855, vart bruket selt til eit par frå Aurland: Per Sjurson Tokvam (1822–1915) & 1854 Gjertrud Oladtr Dyrdal (1835–1928). Born: Sjur 1855, Anna 1857 (bnr 37/24 under lnr 110 Tryti), Ola 1859–61, Ola 1862–87 (USA 1883), Per 1865–66, Ingeborg 1868 (USA 1897), Per 1870–70, Marta 1871 (USA 1893), Per 1873–73, Per 1875–98 (USA 1893), Botolv 1876–76, Botolv 1878 (USA 1897). Ola 1862 og Per 1875 reiste til USA, men kom heim at fordi dei var sjuke, og dei døydde unge. I 1864 fekk Per kjøpt til lnr 122c1 0,25 spd frå eit hopperstadbruk. Etter utskifting i 1884 vart lnr 101a 5,99 mark og lnr 122c1 0,34 mark slege saman til bnr 36/1 6,33 mark. Per skøytte frå seg bruket i 1880. Sjur Person Bø (1855–1936) & 1881 Fredrikka Tuxen Oladtr Sæbø (1851–1887) frå lnr 1+4 fekk borna: Per 1881–84, Ola Tuxen 1883, Gjertrud 1885–85, Gjertrud 1886 (lnr 108b Trytisøyna). Sjur vart attgift 1896 med Marta Jakobdtr Dale (1862–1928) frå lnr 23b i Arnafjord sokn og dei fekk: Marta 1897 (bnr 40/2 Prestteigen-Midlang), Fredrikka 1899–99, Per 1901–34, Jakob 1903 (Lunde i Telemark), Fredrik 1907 (bnr 36/13). I 1921 vart fråskilt bnr 36/13 0,65 mark som kårbruk for Sjur. Ny bnr 36/1 5,68 mark. I 1923 vart bruket skøytt til eldste sonen. Ola Tuxen Sjurson Bø (1883–1985) & 1915 Anna Jensdtr Eri (1887–1953) frå Lærdal fekk borna: Sigurd 1916 (Ås i Akershus), Jens 1918–37, Per 1921, Arne Fridtjof 1926 (Sogndal, sjå òg Meieriet-Sæbø under Tomtebu på Vikøyri). Per Olason Bø (1921–1998) & 1952 Borghild Andersdtr Lie (1928–) frå Aurland fekk: Olav Arnar 1953, Kjell Jostein 1954 (bnr 41/18 under Villastrøket-Sjøtun, så Voss), Vidar 1958 (Hafslo i 2006), Per Birger 1965 (Sotra). Per og Borghild hadde bruket 1948–89, deretter bygde dei hus på bnr 1/38 under Vikøyri-Sæbø. Olav Arnar Person Bø (1953–) & 1978 Kari Wester (1951–), Åsnes på Hedmark, har: Gunn 1977, Bente 1980, Hilde 1983. Olav Arnar og Kari er skilde og Kari har flytta til Våler på Hedmark.
Bnr 36/13 Bø 0,65 mark. Dette småbruket vart fråskilt bnr 36/1 i 1921 som kårbruk for Sjur Person og Marta Jakobdtr Bø. Det vart overteke av Fredrik Sjurson Bø (1907–1983) frå lnr 101a & 1934 Anna Knutdtr Stavedal (1912–2005) frå bnr 73/2 under lnr 59 i Arnafjord sokn. Born: Per Steinar 1935 (Nord-Noreg, så Bergen og som pensjonist Kolbotn i Akershus), Kåre 1937 (Kolbotn), Margit Erna 1940 (England), Egil 1945 (Hjellestad i Bergen). Fredrik var lærar på Ovrisdalen og seinare i Flatbygdi. Ei tid budde huslyden i nytt skulehus i Orvedal. Bruket har både dyrka mark, markateig og liateig. Innmarka har vore bortleigd frå ca 1960, og huset er no fritidsbustad for borna.
Lnr 101b Bø
0,20 spd = bnr 36/2 0,29 mark. Denne teigen vart kjøpt i 1843 av Ola Ivarson Midlang (1822–1906) frå lnr 100 og truleg busett her omkring 1845. Ola gifte seg i 1845 med Brita Guttormdtr Bø (1823–1888) frå lnr 101. Om borna: sjå lnr 99c Midlang. På plassen vart det sett opp ei lita stove med plass til husdyr i kjellaren. I 1850 fekk Ola kjøpt lnr 99c Holene-Midlang av broren Per Ivarson Midlang og bygde opp eit bruk der. Deretter flytte Hermund Ivarson Midlang (1819–1908) frå lnr 100 inn i stova. Han var ugift og vart difor kalla «Lausen». Omkring 1885 kom lnr 101b over på Guttorm Olason Midlang og dermed inn under lnr 99b Midlang (= bnr 35/3). I skiftet etter Guttorm Olason i 1890 vart det skrive at Hermund hadde rett til å bu på plassen så lenge han ville.
Lnr 102 Bø 4,33 spd. Eigarar: I 1723 Kaupangergodset, deretter Daae-ætta, sjølveige frå 1793. Matrikkelskyld: I 1723, 1788 og 1838 1,50 laupar. I 1845: 4,2 daa potet, 13,5 daa bygg, 1 hest, 14 storfe, 60 smalar, 4 svin.
Palne Helgeson Bø (1672–1737) overtok i 1702 bygslinga etter faren av denne halvparten av storbruket. Han vart gift med Alis Hermunddtr Tryti (1678–1730) frå lnr 105+106 og dei fekk borna: Gunhild 1703–30, Marta 1704–30, Helge (plass under lnr 124 i Hagen-Bøadalen), Anders 1719–48. Palne gifte seg på nytt 1731 med Marta Jondtr Skjørvo (–død etter 1752) frå lnr 113 og dei fekk Ola 1731–31. Marta gifte seg oppatt 1738 med Ola Olason Hatlestad (1710–1752) frå Fresvik. Dei hadde ikkje born då Ola døydde. Ola hadde broren Amund på lnr 113 Skjørvo. Til bruket kom deretter Arne Olason «Bø» (1715–1802) & 1752 Marta Oladtr Hopperstad (1717–) frå lnr 122. Dei fekk: Ola 1754 og Ola 1761 (lnr 9 Liktvorane). Ola 1761 fekk Marta 1789 med Inga Hermunddtr Vikøyri v330 (1763‒1865). Inga kom til Brekkehagen. Marta døydde ung. Arne Olason «Skjørvo» vart konfirmert i 1737. Han kom kanskje til Bø som tenar. Ein nærliggjande tanke er at også Arne var frå Hatlestad, men då må dåpen mangla i kyrkjeboka for Leikanger. Arne vart sjølveigar i 1793. Ola Arneson Bø (1754–1835) & 1776 Anna Johannesdtr Orvedal (1751–1822) frå lnr 52 fekk borna: Marta 1780, Brita 1780–83, Marta 1778–79, Brita 1786 (lnr 67 Ovri). Marta Oladtr Bø (1780–1856) & 1799 Ola Guttormson Midlang (1777–1856) frå lnr 99 fekk skøyte på bruket i 1808. Born: Marta 1802 (lnr 112a Skjørvo), Anna 1806 (lnr 112a), Sigrid 1808–1900 (sjå note), Guttorm 1811–16, Brita 1815 (sjå note), Gjertrud 1817 (plass under lnr 96 på Brennene), Ola 1820, Guttorm 1823. I 1851 vart bruket delt i to like delar. Lnr 102b gjekk til Ola 1820 og lnr 102a til yngste son.
Brita Oladtr Bø (1815–1900) fekk Ivar 1839 med Sjur Simonson Hallrynjo frå lnr 65. Ivar 1839 vart kalla «Brit-Ivar». Han kom til Vikøyri v412. Sjå meir under hus nr 37 på Vikøyri. Dei ugifte Sigrid 1808 og Brita 1815 fekk fattighjelp frå ca 1890. Sigrid vart til sist utplassert for pleie.
Lnr 102a Bø 2,17 spd. På denne halvparten av bruket var Guttorm Olason Bø (1823–1895) & 1850 Brita Ivardtr Midlang (1824–1902) frå lnr 100. Dei fekk borna: Ola 1850 (lnr 96e Fjærestad), Guttorm 1854, Ivar 1852 (sjå note), Arne 1856–98, Ivar 1861–61, Marta 1863–63, Ingrid 1863–63, Marta 1870–1959 (ugift på bruket). Broren Ola 1820 fekk økonomiske problem med sin halvpart av bruket. Alt i 1855 kom lnr 102c 0,50 spd tilbake til hovudbruket. Samla skyld for lnr 102a var no 2,67. Det vart omforma til bnr 36/3 3,81 mark. I 1858 vart tilkjøpt lnr 102d 0,70 spd og i 1877 lnr 102g 0,14 spd. Desse parsellane fekk bnr 36/5 0,62 mark og bnr 36/8 0,18 mark. Guttorm Guttormson Bø (1854–1927) & 1889 Sigrid Endredtr Rosheim (1860–1942) frå lnr 94 fekk borna: Brita 1888–1977 (ugift), Gyrid 1890 (bnr 40/3 på Balvoll), Guttorm 1896–1919, Johanna 1898 (bnr 34/6 Brennene), Endre 1906. Endre Guttormson Bø (1906–1956) & 1929 Lovise Ellingdtr Huke (1903–1979) frå Leikanger fekk borna: Selma Gudveig 1929 (Solvorn), Guttorm 1931, Svanhild 1933–83 (Stord), Erling 1935 (på bruket), Gunnar 1937–93 (ugift, mest Bergen), Jon Olav 1938, Ida 1940 (Hjellestad i Bergen), Ella Lovise 1944 (bnr 36/22 under bruket). Lovisa voks opp i Hyllestad. Guttorm Endreson Bø (1931–2004) tok over bruket i 1964, men dreiv det lite og skøytte det vidare i 1997. Jon Olav Endreson Bø (1938–) & 1966 Borghild Knutdtr Fenne (1945–) frå Voss har borna: Lillian 1966, Gunn 1969. Kjell Einar 1973. Jon og Borghild var først busette på Voss, men overtok 1980 bnr 34/6+8+13 på Brennene der dei var busette fram i 1997. Sjå om borna der.
Bnr 36/22 Solhaug. På ei tomt utskilt frå bruket er busett: Ella Lovise Endredtr Bø (1944–) & 1968 Finn Tvinde (1943–) frå Voss. Born: Jan Egil 1969 (Førde), Frode 1972 (Bø i Telemark).
Ivar Guttormson Bø (1852–1936) var vanfør og vart kalla «Krabben». Han budde i fjøsen, men det er dei som meiner at han hadde det bra. Han var flink å arbeida med hendene.
Lnr 102b Teig 2,16 spd. Ola Olason Bø (1820–1909) fekk skøyte på dette delbruket i 1850. Han gifte seg 1849 med Anna Ellingdtr Bø (1824–1905) frå lnr 103 og dei fekk borna: Ola 1847, Marta 1849–65, Elling 1853 (USA 1875), Anna 1855–66, Arne 1857 (USA 1882), Olina 1859 (USA 1885), Sjur 1862 (USA 1885), Martin 1865–65, Marta 1868 (bnr 38/7 under lnr 111 Skjørvo). Ola busette seg på eit område av Bø som vart kalla Teig. Han måtte etter kvart selja unna det meste av bruket. Til broren Guttorm gjekk lnr 102c i 1855, lnr 102d i 1858, lnr 102g i 1877. Ingeborg Hansdtr Bø kjøpte lnr 102e i 1867 og Ola Lasseson Bø lnr 102f. Resten, ny lnr 102b 0,48 spd = bnr 36/4 0,62 mark, vart i 1877 skøytt til sonen Ola («Vetle-Bøen»). Ola 1820 («Teigsmannen») vart deretter husmann på Tryti. Ola Olason Bø (1847–1902) & 1883 Kari Klausdtr Grøneng (1848–) frå Balestrand fekk: Anna 1884, Anna Marie 1886, Klaudine 1889, Martin 1892–1906. Enkja Kari og døtrene flytta til Balestrand og dei bygde der ca 1920 hus på Sjøtun. Bruket vart selt i 1907 til Knut Jonson Fosse (1879–). Han var bygningsmann frå Evanger og gift med Ingeborg Samsondtr (1875–). Dei fekk Sverre Johan 1909. I 1910 gjekk bruket vidare til Martin Sjurson Holane (1876–1926) & 1902 Marta Alfdtr Stadheim (1867–1953). Om foreldra til Marta; sjå note under lnr 29 Stadheim. Far til Martin var Sjur Tolleifson Holane (1848–) frå ein plass på Tangen under lnr 17a i Arnafjord sokn. Sjur kom til plassen Øyri under Jordal i Fjærland. Mora var Ragnhild Tolleifdtr Bakken (1844-1905), husmannsdtr frå Skrautvål i Valdres. Ho var i 1865 tenestejente på Brekke. Faren var då på Trytisplassen på Balvoll. Martin vart fødd i Ortnevik. Der hadde mora Ragnhild vore i lengre tid. Ho kom så til Vikøyri og fekk der Tolleif 1884, sjå Vikøyri v468. Ragnhild var på Stadheim då gutane vart konfirmerte. Med etternamnet Stadheim vart ho lagt inn på Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen i 1900. Martin var stuert i utanriksfart. I 1907 reiste han til USA frå Stadheim, men kom raskt tilbake. Martin og Marta fekk Alf Trygve 1905. Han tok over bruket i 1930. Alf Trygve Martinson Bø (1905–1968) & 1929 Olina Hansdtr Bø (1903–1990) frå lnr 103a fekk borna: Magne 1933, Hilmar Arnfinn 1934 (lnr 93c Espesete), Marta 1941–93 (bnr 40/39 i Moane-Grov), Kåre 1943 (bnr 41/183 i Sjøtuntunet). Magne Alfson Bø (1933–) fekk skøyte på Teig i 1984. Han leiger bort jorda.
Lnr 102f Bø 0,07 spd = bnr 34/7 0,08 mark. Dette stykket, som ikkje kunne vera særleg meir enn ei hustomt, vart kjøpt i 1867 av Ola Lasseson Bø (1808–1878) frå lnr 101. Han var skreddar og budde i Bøatunet. Han gifte seg 1870 med Synneva Ellingdtr (Nese) Le (1822–1913). Faren hennar var husmannsson Elling Hansson Nese (1794) og mora Ingeborg Hansdtr Le (1793-1869). I 1865 budde Synneva og mora i ei husmannsstove på Nese i Arnafjorden, sjå meir i note under lnr 19 Le. Synneva 1822 fekk Ingeborg 1854-54 med Paul Nilsson Nedre Mundal frå Fjærland og Hans 1859-59 med Hans Olason Åse (1836–) frå lnr 50 i Vik. I 1875 hadde Ola og Synneva: 0,7 daa bygg og 0,4 daa potet, 1 ku og 7 smalar på plassen sin. Enkja Synneva Bø fekk årleg fattighjelp frå år 1900. I 1894 vart den vesle eigedommen skøytt til Hans Andersson Bø og kom inn under lnr 103a.
Lnr 103 Bø
6,93 spd. Eigarar: i 1647 Apostelkyrkjegodset, i 1723 Anna Finde og noko sjølveige, deretter Daae-ætta. Matrikkelskyld: 3,64 laupar i 1647, 3,50 laupar i 1667, 1723, 1788 og 1838.
Den rike sjølveigaren på 1500-talet, Ola Arneson Bø (ca 1510–), var truleg på dette store bruket. Som det går fram av innleiinga under Bø var han den første bondelensmannen vi kjenner til i Sogn. Ola var ikkje nokon vanleg bonde, for han hadde i 1563 ei eige i Vik på ca 8 laupar. Dessutan var han i 1558 i Bergen og gjorde makeskifte med riksråd Eirik Rosenkrantz. Han gav då frå seg ein laup i Øvre Slinde i Sogndal og odel på grunnleige av ei «stove» på Bryggja i Bergen. I byte fekk han retten til eit lakseverp i Vikja under garden Sæbø. Vi veit ikkje om han hadde born som overtok i Bø, men han hadde sonen Arne på Hopperstad og det var han som skulle overta retten til laksefisket. På Hopperstad var det vekselvis Arne og Ola i lang tid. Men om dei var etterkommarar etter Ola Bø, veit vi ikkje. I 1661 var det «unge Hermund» som der sat med lakseretten. Vi trur at det var Hermund Jonson på lnr 123. Ola Ellingson (–) med kona Gunhild (–) var leiglendingar kring 1650. Dei hadde sonen Johans 1658. Enkja Gunhild vart attgift med Ivar Kjellson Hønsi (1630–) frå lnr 82+83 og dei fekk: Kjell 1662, Turid 1672 og Brita (lnr 51 Orvedal). Ivar var truleg på eit kårbruk i 1701. Sonen Kjell var då komen til lnr 109 Tryti, og det var dottera Turid Ivardtr Bø (1672–1739) & Elling Olason Brekke (1676–1747) frå lnr 88 som hadde overteke bygslinga. Elling var av den rike lensmannsslekta på Brekke. I 1720 vart han delvis sjølveigar. Born: Ragnhild 1703 (lnr 55 Rislåg), Alis 1705, Ola 1708–31, Marta 1709 (lnr 56 Kinni), Ivar 1712–38, Sigrid (Dale i Sværefjorden, ein son hennar Elling 1752 kom til lnr 3 Sæbø). Det var Alis Ellingdtr Bø (1705–1777) & 1739 Ola Sjurson Hopperstad (1703–1770) frå lnr 117+118+121 som overtok bruket. Born: Elling 1740, Ivar 1743 (Vikøyri v402), Turid 1744 (Vikøyri v334). Ola Sjurson kom kanskje i økonomiske vanskar, for i 1761 selde han 0,62 laupar i bruket til Anders Daae. Deretter eigde Ola neppe meir enn halvparten av bruket. Elling Olason Bø (1740–1809) & 1763 Anna Anfindtr Midlang (1739–1821) frå lnr 99 fekk borna: Alis 1770–71, Ola 1771, Brita 1775 (lnr 113 Skjørvo). Ola Ellingson Bø (1771–1828) & 1796 Anna Arnedtr Stadheim (1776–1851) frå lnr 32 fekk: Gjertrud 1796–1802, Elling 1800, Gjertrud 1803 (lnr 125 Hopperstad), Anna 1807 (lnr 107 Tryti), Arne 1811 (lnr 104 Bø). Elling Olason Bø (1800–1877) & 1825 Anna Sjurdtr Tryti (1798–) frå lnr 107 fekk: Anna 1824 (lnr 102b Bø), Ola 1826 (USA), Sjur 1828–51, Marta 1830 (USA), Gjertrud 1832 (USA), Guttorm 1834 (til Bergen i 1851), Anna 1836 (drukna?), Arne 1939–40, Anna 1840 (USA 1855?), Olina 1842 (USA). Elling og Anna reiste til USA med fem born i 1855. Ei av dei to jentene med namnet Anna kjem bort for oss. Ei tenkjeleg forklaring er at Anna 1836 drukna i Skjelingavatnet i 1841 saman med ei jente frå lnr 101. Men Anna som utvandra i 1855, skulle då vera 19 år. Sist på 1700-talet var Daae-eiga i lnr 103 arva av Karen Daae Tuchsen, gift med Thomas Fasting på Sjøtun. Denne eiga gjekk i 1837 over til dottera Anna Harbo Friman Fasting, gift med Kristoffer Parelius Aarestrup. Dei to overtok halvparten av storbruket. Det kunne neppe Elling ha hindra, sjølv om han skulle ha ønskt det, for sjølveiga i bruket var berre 0,26 laupar. Delinga skjedde i 1843. Lnr 103a og lnr 103b vart kvar på 3,48 spd. Elling dreiv vidare på lnr 103a.
Lnr 103a Bø 3,48 spd. I 1845 var det 0,25 daa rug, 8,9 daa bygg, 3,2 daa potet, 3 hestar, 10 storfe, 26 smalar og 4 svin på bruket.
Elling og Anna vart ikkje sitjande lenge på det halve bruket i Bø. Dei emigrerte til USA i 1855 saman med fem born. Kjøpar var Anders Lageson Prestegård (1820–1860) frå Aurland. Han gifte seg 1850 med Ingebjørg Hansdtr Bjørgo (1817–1898) frå Aurland og dei fekk: Marta 1850 (plass under bruket), Lars 1853, Hans 1856, Guttorm 1859 (lnr 99c Midlang). I 1867 kom parsellen lnr 102c frå lnr 102b inn under bruket. Ny lnr 103a vart 3,73 spd. Dette vart omforma til bnr 36/6 5,17 mark. Omkring 1855 fekk Anders Lageson også hand om lnr 91b Vetla-Tistel 0,50 spd, men først i 1860 fekk enkja Ingeborg Hansdtr tingløyst skøyte på bruket. Dette bruket vart truleg drive frå Bø, men frå 1865 let ho Anders Davidson Gulbrå driva det. Etter at Anders med huslyd reiste til USA i 1868, selde Ingeborg småbruket Vetla-Tistel til Sjur Arneson Stadheim. I 1876 vart bruket i Bø skøytt til Lars Andersson Bø (1853–1880). Men då Lars var ugift og sjukleg, vart bruket i 1878 skøytt tilbake til mora Ingeborg. I 1881 skøytte ho det til sonen Hans. Hans Andersson Bø (1856–1951) & 1884 Kari Kristendtr Hopperstad (1862–1939) frå lnr 120 fekk borna: Ingeborg 1885 (lnr 36b Nummedal), Anders 1887–87, Brita 1888 (lnr 107 Tryti), Anna Marie 1891 (bnr 40/13 i Skulen-Grov), Anders 1893, Kristen 1895–95, Kristen 1896 (bnr 37/17 under bruket), Lars 1898 (bnr 37/25 under lnr 110 Tryti), Eli 1900–87 (sjå bnr 36/17 Svingen), Olina 1903 (lnr 102b). Anders Hansson Bø (1893–1985) tok mot bruket i 1927. Han var ugift. I 1947 skøytte han det til Hilmar Jakobson Grov (1926–) frå bnr 40/13 i Skulen-Grov. Han var son til Anna Marie 1891. Hilmar gifte seg 1953 med Anna Jondtr Midlang (1923–1995) frå bnr 35/6 under lnr 100 og dei fekk borna: Audun 1953, Britt 1957 (Nedste Hopperstadmarki nr 17), Anne Marit 1960 (bnr 97/188 i Sinklesteinsviki, Vangsnes). I 1991 overtok: Audun Hilmarson Grov (1953) & sb Magnhild Oladtr Fjellanger (1958–), Eksingedalen. Born: Sveinung 1990, Marianne 1991, Henning 1994, Audhild 1996, Asbjørn 1999.
Bnr 36/17 Svingen 0,04 mark. Denne eigedommen, som vart fråskilt bnr 36/6, vart bygd og busett ca 1925 av Jakob Grov (1888–1963) & 1921 Anna Marie Hansdtr Bø (1891–1981). Då dei overtok eit bruk i Skulen-Grov i 1930, gjekk hus og jord til Kristen Hansson Bø (1896–1946) og Eli Hansdtr Bø (1900–1987) båe frå lnr 103a. Frå ca 1938 og fram til 1945 dreiv Kristen kolonialbutikk og kafé i huset. Då Kristen ikkje hadde handelsbrev, dreiv han i kompaniskap med Georg Tistel. Eli levde av sying. Først i 1947 vart eigedommen delt ut frå bruket, og då til kårmannen Anders Hansson Bø. I mange år var huset bortleigd til elektrikar Guttorm Olason Hagen (1898–1976) frå Sameigni, Hagen-Bøadalen & 1931 Dagny Thomasdtr Aarestrup (1900–1994) frå lnr 103b Bø. Dei flytta til Årdal. Born: Olga Anna 1939 (Stjørdal). Fleire har vore leigebuarar etterpå. I 2006 er huset busett av: Olaug Ingeborg Ivardtr Endestad (1975–) frå Nedre Trytis-Øyna & 2006 Sondre Roaldson Eie (1975–) frå Drangedal i Telemark. Dei har: Håvard 2005. Sondre budde før på same stad saman med Elisabeth Arviddtr Stadheim (1975–) frå lnr 28c og dei har Kristine 1998. Elisabeth har kjøpt Overstevegen 2 i Øyane-Sjøtun.
Plass under lnr 103a. Ola Nilsson Fjærestad (1842–1922) frå lnr 95c & 1888 Marta Andersdtr Bø (1850–1919) frå lnr 103a var husmannsfolk under lnr 103a. Dei hadde ei lita stove i Bøatunet inn mot Bøagrovi. «Nils-Ola» var skomakar. Han fekk driva litt jord av Hans Bø, såleis eit stykke i Bøamarki som vart kalla «Skomakarinngjerslao». I 1891 hadde Ola og Marta ei ku og 2 sauer. Dei fekk Anna 1873 (lnr 106 Tryti). Vi ser at dottera var 15 år før Ola og Marta gifte seg. Medverkande til det var at Ola lenge også hadde ei anna kvinne: Han fekk to born med Kari Kjelldtr Vikøyri v554 (1845–1927): Karl 1871 og Ivar 1880. Kari reiste til USA med dei to sønene i 1881. Eldste son til Anna 1873, Ola 1892, voks opp i «Fjærestuen».
Lnr 103b Bø 3,48 spd = bnr 36/9 4,83. I 1845 var det 5,0 daa rug, 9,0 daa bygg, 5,6 daa potet, 2 hestar, 13 storfe, 35 smalar, og 3 svin på bruket.
Denne halvparten av storbruket lnr 103 vart busett i eit eige tun av Kristoffer Parelius Thomasson Aarestrup (1814–1876) & 1842 Anna Harbo Friman Fasting (1804–1890). Kristoffer var son til klokkar Aarestrup i Sogndal. Han kom til Vik som skrivarkar for sorenskrivar Munthe og som heldt til i Vangshuset. Om slekta til Anna: sjå lnr 127 Sjøtun. Ho arva mykje gods etter foreldra, mellom anna det meste av eiga av lnr 103 Bø. Dermed kunne dei krevja å få overta drifta av halve bruket. Det vart sett opp hus i eit nytt tun i Bø. Kristoffer var lensmann i bygda, men sa i eldre år frå seg ombodet for å bli vaktmeister på fengslet i Vik. Enkja Anna skøytte frå seg bruket i 1877. Kristoffer og Anna hadde borna: Thomas Graah 1846, Kristian Fasting 1847–1920 (utskiftingsformann i Nordfjord), Karen Thomine (Kaia) 1844–1927 (gift med tannlege Johan Sebastian Cammermeyer i Bergen). I 1857 kom lnr 93* inn under bruket. Thomas Graah Kristofferson Aarestrup (1846–1930) & 1893 Olina Hansdtr Vikøyri v308 (1860–1946) fekk: Anna 1894 (bnr 30/9 under lnr 89 Brekke), Kristoffer Parelius 1896, Henrik Kjønning 1898 (lnr 93a Espesete), Dagny 1898–99, Dagny 1900 (sjå bnr 37/17 under lnr 103a Bø). Thomas var børsemakar i Sogns bataljon. Det kan neppe vera tvil om at han gifte seg langt under sin stand då Olina vart kona hans. Kristoffer Thomasson Aarestrup (1896–1976) & 1945 Anna Perdtr Refsdal (1905–2000) fekk borna: Gunvor 1937, Aslaug 1939-2003 (sjå bnr 40/70 i Gildhus). Om foreldra til Anna: sjå note lnr 109 Tryti. Kristoffer tok mot bruket i 1930 og i 1974 gjekk det til Gunvor Kristofferdtr Aarestrup (1937–). Drifta er avslutta, men Gunvor er busett på bruket og har nokre sauer.
Lnr 104 Bø
3,03 spd = bnr 36/10 5,06 mark. Eigarar: I 1647 Apostelkyrkjegodset 0,75 laupar, sjølveige 0,57 laupar. I 1723 Anna Finde, deretter Daa-ætta, sjølveige frå 1929. Matrikkelskyld: 1,32 laupar i 1647, 1,25 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 3,5 daa potet, 9,0 daa bygg, 1 hest, 9 storfe, 30 smalar og 5 svin på bruket.
På dette minste bruket i Bø var Kristoffer og Gjøa i 1647. Kjende born: Ola, Endre (lnr 56 Kinni), Anders (truleg Bergen), Lasse 1642 (Vikøyri, ikkje identifisert der) og Magnhild. Ola Kristofferson Bø (–1699) og Gjertrud Monsdtr Øksdal (–) frå lnr 3 i Vangsnes sokn var kanskje innerstar på lnr 104. Dei hadde ikkje born. Neste brukar var Ola Bendikson (1617–). Han hadde: Bendik 1655, Eirik 1664 og Simon (sjå note). I 1701 sat Ola på eit kårbruk, medan sonen Bendik hadde overteke bygslinga av det meste av bruket. Bendik Olason Bø (1655–) & Guri Nilsdtr Fjærestad (–) frå lnr 96 fekk Agata 1686. Guri hadde vore gift før med ein som heitte Ola og hadde med han sonen Hans som budde i Bergen. Agata Bendikdtr Bø (1686–1758) & Anders Arneson Voll (1694–1758) frå lnr 81 overtok bygslinga i 1720. Born: Botolv 1720 (lnr 80 Voll), Sigrid 1722 (lnr 117+118+121 Hopperstad), truleg Ragnhild 1726 (lnr 11 Svolsvik), Arne 1728, Guri 1732–71 (ugift). Arne Andersson Bø (1728–1803) & 1759 Kari Ingebrigtdtr Brekke (1739–1797) frå lnr 89 fekk borna: Anders 1761–62, Arne 1762 (død før 1801), Anders 1765, Ragnhild 1766 (død før 1801), Agata 1770 (lnr 5 Vange), Guri 1773–73?, Guri 1775 (i Bø i 1801). Ingebrigt 1779–1810, Bendik 1782–82, Elling 1788 (død før 1801). Anders Arneson Bø (1765–1834) & 1795 Brita Perdtr Vange (1762–1834) frå lnr 5 hadde Arne 1799–99. Neste brukar i slektsrekkja var ein brorson til Brita, Arne Nilsson Vange (1794–1834) frå lnr 5. Han gifte seg 1827 med Anna Nilsdtr Vange (1805–1875) frå lnr 6. Born: Agata 1827–29, Nils 1829 og Agata 1835 (lnr 95c Fjærestad). Arne frikjøpte bruket i 1829. Anna gifte seg på nytt 1835 med Arne Olason Bø (1811–1847) frå lnr 103. Enkja Anna gifte seg for tredje gong 1857 med Ola Jonson Brekke (1812–1900) på lnr 88a. Ho flytta då truleg til Brekke. Nils Arneson Bø (1829–1910) & 1855 Anna Oladtr Tryti (1833–1904) frå lnr 108 fekk borna: Arne 1854, Ola 1856 (USA 1874), Anna 1858–1916 (ugift), Johannes 1862 (flytta til Voss i 1900), Lussi 1866–66, Ivar 1868 (USA 1891), Lussi 1872 (Jordalen, Vossestrand). Nils presenterte kona si med orda «simpe saker, simple saker» for presten og andre kondisjonerte! Arne Nilsson Bø (1854–1918) & 1882 Marta Perdtr Hove (1858–1932) frå lnr 76 fekk: Nils 1883–1948 (sinnsjuk), Agata 1885, Anna 1887–1918, Per 1889–90, Petra 1892, Kristina 1894, Lina Johanna 1897, Per 1899–1921. I 1914 gav fattigkassa støtte for di Arne var sinnsjuk. Han tok seinare livet sitt. Agata Arnedtr Bø (1885–1966) tok over bruket og styrde det saman med dei ugifte systrene. I 1939 vart bruket selt, men Agata heldt unna bnr 36/16 0,36 mark og ho og systrene flytta dit. Ny justert skyld bnr 36/10 4,56 mark. Kjøpar var Sverre Ivarson Midlang (1917–2005) frå bnr 40/3 på Balvoll & 1939 Sitona Andersdtr Sætre (1914–) frå Feios. Born: Ivar 1944 (lærar på Vossestrand, har pensjonistbustad i Bergen), Arne Magnar 1947. Sverre dreiv ei tid bruket frå Balvoll saman med faren. I 1950 bygde dei stovehus i Bø og heile huslyden flytta dit. Sverre overtok også bnr 40/3 Prestmyri 0,38 mark og dette småbruket har seinare vore drive saman med bnr 36/10. Arne Magnar Sverreson Bø (1947–) har drive bruket. Han gifte seg 1974 med Margrethe Tronddtr Lokreim (1948–) frå Hensåsen, Vang i Valdres og fekk: Solfrid 1976 (Oslo). Dei er skilde. Han gifte seg på nytt 2003 med Ewa Siroska (1959–) frå Polen. Dei har ikkje born.
Simon Olason Bø (–) & Randi Lassedtr Fjærestad (–) frå lnr 95+97 Fjærestad kjenner vi berre til gjennom skifteopplysingar for ei ugift jente på Vangsnes og som var frå Fjærestad. Vi trur Simon døydde før 1701. Simon og Randi hadde borna: Kari 1680 (Vikøyri v969), Ola 1681, Ingrid (Vikøyri v219), og Gjøa. Ola Simonson Bø (1681–) var gift og hadde Randi (Vikøyri v781). Ola døydde truleg før 1727. Gjøa Simondtr Bø (–) hadde eit uekte barn, Ingrid Johannesdtr (1691–1781), gift med Markus Olason Vikøyri (1695–), sjå v662.
Bnr 36/16 Nyheim 0,36 mark. Agata Arnedtr Bø (1885–1966) frå lnr 104 hadde her eit småbruk frå 1939 saman med systrene: Petra 1892–1952, Kristina 1894–1976 og Lina 1897–1969. Etter at desse jentene døydde, gjekk småbruket tilbake til bnr 36/10.
Bnr 36/18 Bøtun 0,04 mark. Det gamle bustadhuset på lnr 104 var kjøpt av Johan Johanson Hagen (1878–1960) & Gudrun Oladtr Dyrdal (1889–1980). Ein del materialar av den gamle stova vart brukt i det nye huset som kom opp. Før det hadde dei budd i Hagen, Høyanger og på Brustad/Balvoll, sjå Hagen-Bøadalen. Eigedommen vart overteken av dottera Marie 1923 på bnr 35/2 Midlang og så av dotterdotter Johanne Karin Jondtr Midlang (1945–). Bustaden har vore bortleigd, men er no overteken og busett av Per Magne Arvidson Vikdal (1980–) frå bnr 35/2 Midlang. Han er ugift.