Vetlesand

Vetlesand (vætlesand): Lillesand (1567, 1603, 1611), Lillesand (1647), Lille Sand (1667), Lillesand (1723, 1838, 1863, NG), Vetlesand (VIK).

Lnr 60 Vetlesand

2,68 spd = bnr 74/1 4,06 mark. I 1647 eigd av Kongen 0,67 laupar, i 1723 eigd av futen Peder Leganger 0,67 laup. Sjølveigd frå 1835. Matrikkelskyld 1723 og i 1838 1,00 laup. Data for 1845: 5,6 daa blandkorn, 1,2 daa potet, 1 hest, 10 storfe, 18 smalar.

I den gamle bygdeboka står det at Vetlesand var busett i 1567, men det er ikkje rett. Først i 1611 finn vi garden nemnt etter øydetida. Då var Guttorm oppsitjar. Frå 1626 til 1650 var Hans brukar og i 1645 heitte kona hans Signe Oladtr. Då er det nemnt fire born: Lasse, Ola, Øystein og Ingeborg. Øystein Hansson og Arne Hansson står i militærrulle for Bergenhus len i 1653 og 1655. Arne Hansson Vetlesand (1629–) hadde sønene: Nils 1656, Lars 1659, Ola 1662. I 1667 var Arne «husmann», noko som tilsvara kårmann i seinare språkbruk. Det var då Tollak Guttormson (1622–) som var leiglending og han hadde sonen Knut 1659. I 1701 var det Johannes Torson Dale (1666–1753) frå Høyanger som var brukar. Han var gift med Sigrid Sjurdtr Sæbø (1671–1758), også ho frå Høyanger. Born: Tor 1695, Sjur 1697, Per (Hanekam), Ingeborg 1705 (lnr 63 Alrek), Anna 1710. Sjur Johannesson Vetlesand (1697–1748) & Sigrid Hermunddtr Tune (1701–1770) frå Ortnevik fekk: Marta 1770 (Ljotebø i Kyrkjebø), Tor 1738. Huslyden flytta til Dale i Høyanger og nytt leiglendingspar frå 1744 vart: Anna Johannesdtr Vetlesand (1710–1780) & 1739 Paul Jonson Brekke (1709–) frå Ortnevik. Born: Sigrid 1741 (Hanekam), Synneva 1743–44, Synneva 1744, Johannes 1749–49, Johannes 1750 (plassen Bjørkevik under Hanekam), Marta 1752 (Vikøyri v967). Eiga i garden vart i 1756 selt til ein Eirik Gullakson, men Paul nytta forkjøpsretten sin og fekk kjøpt gardseiga for det same, 100 riksdalar. Paul kom bort på sjøen, og Anna vart attgift 1765 med Lasse Sjurson Sande (1733–66) frå Ortnevik. Dei hadde ikkje born. Lasse overtok som eigar, men selde eiga til Ola Steffenson Holane (1720–1796), slik at etterfølgjande brukar på nytt vart leiglending. Tor Sjurson Vetlesand (1738–), oppvoksen på Dale i Høyanger, & 1770 Synneva Pauldtr Vetlesand (1744–1780) fekk: Sjur 1771–71?, Sjur 1772, Ola 1774–95 (ugift), Torstein 1777, Paul 1777 (sjå note), Sigrid 1780–80. Tor og Synneva var syskenborn. Tor vart attgift 1781 med Marta Johannesdtr Frettheim (1753–1836) frå lnr 40 og dei fekk: Synneva 1782–82?, Johannes 1783–83?, Synneva 1786–92, Gjertrud 1791 (sjå note lnr 34 Åse), Andreas 1794–1815. Sjur Torson Vetlesand (1772–1841) & Brita Lassedtr Alrek (1778–1851) frå lnr 63 fekk: Synneva 1805 (sjå note), Tor 1808 (lnr 61 Alrek), Brita 1809 (plass Hanekam), Lasse 1820 (USA 1845). I 1813 brann fleire av uthusa på garden ned. Borna til Sjur og Brita reiste til USA og difor selde eigaren Steffen Olason Holane (1760–1838) garden i 1835 til dottersonen Jon Olason Hellane (1813–) frå lnr 26 & 1843 Anna Monsdtr Åse (1819–1849) frå lnr 34. Born: Ola 1844–44, Brita 1845 (USA 1856), Ingeborg 1848–48, Ola 1849 (USA 1856). Anna døydde i barselsseng. Jon vart attgift 1852 med Lussi Oladtr Vikøyri v768 (1832–). Dei fekk: Anna 1852, Johan 1854–54, Ingeborg 1855. I 1856 reiste huslyden til USA og der fekk Jon og Lussi fleire born. Kjøpar av Vetlesand var: Lars Larsson Tune (1821–1892) & 1854 Nilla Gunnardtr Mjølsvik (1831–1880), båe frå Ortnevik. Born: Marta 1855 (plass Vetlesand), Sigrid 1856–1929 (ugift på bruket), Lars 1858, Ingeborg 1859–1948 (ugift på Vetlesand, til sist gamleheimen i Vik), Gunnar 1861 (Laksevåg), Olina 1863–64, Olina 1865–1935 (ugift, Nordfjord), Gunnar 1867 (USA 1866), Mari 1869–70, Bendik 1871–75, Mari 1873 (Bergen). Dei to ugifte systrene Sigrid og Ingeborg budde i eldre dagar saman i plasstova på Slåttane. Lars Larsson Vetlesand (1858–1948) & 1885 Kari Jensdtr Alrek (1865–1931) frå lnr 62 overtok i 1893. Dei fekk Nilla 1887. Nilla Larsdtr Vetlesand (1887–1957) & 1914 Nils Gullakson Alrek (1884–1960) frå lnr 63 tok mot bruket i 1929. Born: Lars 1914 (Jondal), Gunnar 1915 og Kari 1921. I 1960 overtok Gunnar Nilsson Vetlesand (1915–1992) som var ugift og Kari Nilsdtr Vetlesand (1921–) & 1949 John Person Kleppe (–) frå Breim. I 1988 overtok Per Johnson Kleppe (1950–), Ortnevik.

Paul Torson Vetlesand (1777–1839) var ugift. Han fekk Åsa 1810–10 med Kari Oladtr Nese (1785–1811) frå lnr 46. I 1801 var han dreng på lnr 61 Alrek. Han var på legd då han døydde.

Hermund Bendikson Vetlesand (1797–) frå plassen Slåttane & 1828 Synneva Sjurdtr Vetlesand (1805–1843) var innerstar på bruket. Born: Olina 1826 (USA 1866), Sjur 1829 (plass Holane), Brita 1835 (lnr 29 Valsvik), Anna 1837 (plass lnr 34 Åse, lnr 33bc Valsvik). Huslyden flytta til plassen Hólalii under Holane i 1837. Der vart Hermund attgift to gonger. Hermund hadde òg Synneva 1821 (plass Åsberget) med Lussi Lassedtr Alrek (1784–1849) frå lnr 63.

Plassen Slåttane

Lasse Monsson (1687–1770) & 1729 Guri Halvardtr «Liebøe» (–), frå plassen Libø under Flete, fekk Mons 1730 (Vikøyri v690). Huslyden flytta til Libø under Flete. Sjå meir under hovudoverskrifta Hola.

Bendik Olason Nissestad (1754–1814), husmannsson & 1779 Anna Monsdtr Flete (1760–1842), ei dotter til Mons 1730 på plassen Libø (sjå Hola), fekk: Kari 1779 (plass Sylvarnes), Turid 1782–82, Mons 1783, Simon 1786, Morten 1789–89, Arne 1790 (Vetleøyri s030), Johannes 1792 (plass Holane), Turid 1793 (plass 20 Nese), Hermund 1797 (sjå note under bruket), Synneva 1800–15, Brita 1803 (Nord-Noreg). Brita Bendikdtr Vetlesand (1803–) fekk Mons 1831 (Nord-Noreg) med Ivar Markusson Flete. Brita reiste til Nord-Noreg i 1842, kom att, men reiste på nytt nordover i 1849. Mons Ivarson Vetlesand (1831–) fekk Hans 1860 med Kari Hansdtr (Nese) Limmesand, «Taosa-Kari» (1824–1899). Hans 1860 måtte fattigkassen ta seg av, og han vart oppfostra først på Flete, så på Nissestad. Fosterforeldra Hans og Brita Nissestad tok guten med til USA i 1866. Mons Ivarson «Flete» fór til Kvæfjord i Troms i 1865, vart der gift 1866 med Lussi Eirikdtr «Finnen» (1838–), sjå lnr 19a Le.

Skulehaldar Mons Bendikson Vetlesand (1783–1819) & 1816 Gjertrud Andersdtr Alrek (1788–1874) frå lnr 62 fekk: Bendik 1816–16, Anders 1818. Gjertrud vart attgift 1840 med enkjemann Jens Andersson Dyrdal (1793–) frå Ortnevik og vart busett i Tune i Ortnevik. Jens var gjestgjevar. Anders Monsson Vetlesand (1818–1892) fekk tre domar for tjuveri i Bergen: i 1857, 1859 og 1861, sist 4 års tukthus for småsteling.

Simon Bendikson Vetlesand (1786–1854) & 1821 Brita Halvardtr Hanekam (1787–1822) fekk festesedel på plassen i 1822. Dei fekk ei dødfødd jente i 1822. Brita døydde same dag. Simon vart attgift 1823 med Lussi Lassedtr Alrek (1784–1849) frå lnr 63 og dei fekk Bendik 1827. Lussi hadde òg Synneva 1821 (plass lnr 34b Åsberget) med husmannsson Hermund Bendikson Vetlesand (1797–), ein bror til Simon 1786. Bendik Simonson Vetlesand (1827–) & 1854 Brita Ivardtr Sylvarnes (1816–) frå lnr 56 fekk: Lussi 1855–55, Ivar 1856 56, Mari 1858. Huslyden var innerstar på hovudbruket og reiste til USA i 1858.

Jon Jensson Tune (1829–) & 1858 Pernille Gunnardtr Mjølsvik (1828–), båe frå Ortnevik, var deretter på plassen. Born: Sigrid 1859, Jens 1861, Randina 1863, Gunnar 1866. Familien reiste til USA 1866.

Anders Larsson Måren (1843–) frå Kyrkjebø & 1869 Ingeborg Tordtr Måren (1845–) kjøpte lnr 17c Holane i 1870, men var der neppe meir enn eitt år. Dei kom så til Slåttane. Born: Lukretia 1867, Ragnhild 1869–74, Lars 1871, Marta 1873, Tor 1875. Huslyden reiste til USA i 1876.

Deretter var det neppe folk på plassen før i 1894. Då fekk Per Andersson Lunde (1857–1922) frå Balestrand & 1889 Marta Larsdtr Vetlesand (1855–1923) festesedel på plassen. Dei fekk Lars 1895 (lærar i Valdres, seinare Solør). Marta døydde på Skarsenden skule, Grue i Solør. To systrer til Marta (Sigrid og Ingeborg) budde deretter i stova på Slåttane.

Plassen Leite

På Leite i Vetlesand er det grunnmurar etter ei husmannsstove. Husdyra kan ha vore i kjellaren. Det er fortalt at husmannen på Leite, som heitte Knut, og kona dreiv med slått i utmarka. Då fekk dei sjå ein bjørn. Knut drog i veg heim etter børse og folk. Då dei kom tilbake, var bjørnen borte. Dei rusla då heim, og då dei kom i tunet på Vetlesand stod bjørnen ved fjøset. Der vart han skoten. Denne soga gir grunnlag for å plassera følgjande huslyd på plassen. Knut Olason Alrek (1819–1907) frå lnr 61 & 1848 Kari Jondtr Åse (1823–1915) frå lnr 49 i Vik fekk: Ingeborg 1847–1941 (ugift, Kroksnes), Randi 1851 (så nedanfor), Ola 1853 (Kroksnes, sjå bnr 75/6 Alrek), Gjertrud 1855– 55, Jon 1857–76, Gjertrud 1860 (lnr 73/2 Stavedal), Anders 1862–62, Lars 1865, Brita 1868 (bnr 64/19 på Klubben, Nese). Ingeborg 1847 var fødd på Alrek, dei følgjande borna vart fødde på Vetlesand. Huslyden flytta ca 1862 til Kroksnes i Ortnevik (bnr 4/2 Alrekteig 0,57 mark av garden Nedre Tune). Ved teljinga i 1865 var Knut eigar av bruket, sjå òg bnr 75/6 under lnr 61 Alrek. Lars Knutson Vetlesand (1865–) & 1889 Kari Endredtr Helland (1863–) frå Feios fekk på Vangsnes: Brita 1890. Dei reiste til USA i 1891. Randi Knutdtr Vetlesand (1851–) fekk Anders 1874 (Dyrnesli i Vadheim) med Hans Lasseson Alrek (1845–) frå lnr 62. Hans reiste til USA i 1875. Randi gifte seg 1894 med Lasse Lasseson «Nokken» (1873–), ein uekte son til Gjertrud Gjertdtr Dale (1837–1922) frå Høyanger og husmannsson Lasse Larsson Sæle (1853–1897). Nokken må vera tenaradresse. Randi og Lasse reiste til Amerika i 1894. Enkja etter Lasse 1853 kom til Vikøyri, sjå meir under Vikøyri v638. Gjertrud 1837 var ved teljinga i 1900 tenestejente på Ytre Nesse i Kvamsøy sokn. Frå og med 1910 fekk ho fattighjelp. I 1912 hadde ho kjøpt tresko og ull for kr 2,00 hjå Per Lønne, men fattigkassen måtte betala. I 1915 fekk Anna Lønne eit tillegg på kr 10 for å halda fram med forpleiing. I 1915 vart det ytt ekstra for ei ullskjorte. I 1918 var det eit nytt utlegg til undertøy. Gjertrud vart innlagt på den nybygde gamleheimen i Vik i 1920.