Valsvik
Valsvik (valsvik, valsvikji): Valsviik, Valswik, Waldz-wiik, Valuik (ca 1320), Valsswigh (1563), Walzuik (1567, 1603), Vallsvigen (1611), Valsuig (1647), Walsuig (1667), Walsvig (1723), Valsvig (1863), Valsvik (1838, NG, VIK).
Garden Valsvik ligg på sørsida av Dalselvi. Der er det ikkje noko typisk vik i fjorden der garden er. Det kan koma av at lausmasse frå elva etter kvart har blitt avsett som delta. Men det kan også tenkjast at den opphalvlege garden Valsvik òg omfatta heile det fjordnære området i denne bukta av Arnafjorden som no ligg inn under Ådlane, Holane og Flete.
Garden Valsvik var truleg i drift gjennom heile øydetida frå Svartedauden. I 1522 var det ein brukar i Valsvik, i 1563 betalte «Magnne j Valsuigh» leiglendingskatt, og i 1567 vart det skrive «Magnne po Walzuik». I 1603 var det to leiglendingar i Valsvik. Frå 1645 finn vi fire brukarar i Valsvik. I 1647 var det òg 4 bruk og med følgjande eigarar: Munkeliv kloster 1,50 laupar, Else Eiriksdotter 1,50 laupar, Lesemeistaren i Bergen (= Lektoratet i Bergen) 1,50 laupar, Styrk i Eivindvik 2,33 laupar (medrekna 1 våg ost). I den gamle bygdeboka er det skrive at Else Eiriksdotter kan ha vore ei syster til presten Ivar Leganger. Det er ikkje rett. Ho var truleg av Slinde-ætt og hadde arva gods som hadde vore i denne ætta. Systera Britte eigde ein lut av Hopperstad. I 1723 var det framleis 4 bruk i Valsvik og med følgjande eige: Lektoratet i Bergen 1,50 laup, Prebendegodset til Marie Vergine 1,00 laup, den tidlegare futen Blixencrone 1,00 laupar, Vik prestebol 0,30 laup, futen Peder Leganger 1,50 laup og sjølveige for Hermund Valsvik 1,75 laup. Matrikkelskylda for lnr 31 og lnr 33 gjekk ned mellom 1723 og 1838. Det kom mest av at «Ådlanelaupen» vart selt frå bruka, men i tillegg vart ca 0,50 laup borte. Lnr 29 og lnr 30 hadde lik skyld og hadde same skylda heilt frå 1723 til 1913. Vi merkar oss òg at lnr 31 og lnr 33 hadde lik skyld i 1723: 2,17 laupar. Denne parvise delinga kan gå tilbake på overgangen frå to til fire bruk mellom 1603 og 1645.
Lnr 29 Valsvik
2,79 spd = bnr 59/1 3,48 mark. Eigar i 1647: Lektoratet i Bergen 1,5 laupar. Ca 1798 frikjøpt 0,5 laup, resten var benefisert og frikjøp i 1833. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,42 laup. Data for 1845: 9,0 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 19 smalar.
I 1645 og 1647 var brukarparet Tollak Gunnarson (1603–) og Brita Johannesdtr. Tollak var der òg i 1667. Tollak hadde sonen Øystein som kom til Koldingsnes i Kvamsøy sokn. I 1701 var brukaren Johannes Sjurson Åse (1663–) frå lnr 35+36, men han hadde med seg broren Eirik Sjurson Åse (1671–1733). Johannes flytta til lnr 24 Dale, og i 1711 var Eirik difor brukar åleine. Han var gift med Gjertrud Ellingdtr Røyrvik (1682–1745) frå lnr 12 og dei hadde: Barbra (lnr 35+36 Åse), Ingeborg 1716 (lnr 50 Geithus), Sjur 1720, Ingeborg (plass Åsberget), Durdei (lnr 47 Nese), Ellend 1723 (Kjelven), Lars 1727 (død før konfirmasjonsalder). Sjur Eirikson Valsvik (1720–1752) & 1746 Sigrid Rognaldson Flete (1725–1803) frå lnr 18 fekk: Kristi 1749–51, Eirik 1751–52, Sjur 1752. Den siste guten kom til Lindehagen, seinare Bale, Balestrand. Før det hadde han fått Eli 1778 (lnr 55 Kyrkjeteig) med Sigrid Botolvdtr. Eli 1778 vart truleg oppfostra i Valsvik. Sigrid 1725 vart attgift 1753 med Ola Lasseson Nese (1722–1798) frå lnr 43+44 og dei fekk: Lasse 1753, Kristi 1756 (sjå note), Rognald 1758–58, Rognald 1759, Gjertrud 1761 (lnr 59 Stavedal), Durdei 1764 (lnr 25 Sandbakken). Lasse Olason Valsvik (1752–1808) & 1780 Gjertrud Endredtr Le (1756–1809) frå lnr 20 fekk: Rognald 1780, Brita 1784 (sj note), Endre 1787–1808, Sigrid 1789 (Ytre Nesse), Ragnhild 1793–1852 (ugift), Endre 1797. I skiftet etter Lasse vart sjølveiga delt mellom enkja og borna. Rognald Lasseson Valsvik (1780–1829) var ugift. Han står som gardbrukar i ei skatteliste frå 1816. Men eiga på 0,5 laupar vart samla under Endre Lasseson Valsvik (1797–1865) som òg overtok bygslinga. Han var ugift. I 1833 fekk han skøyte på den benefiserte eiga i bruket. Ved folketeljinga i 1865 er Lasse Ellingson Valsvik (1826–) førd opp som paktar, men ved auksjonsskøyte i 1865 vart han eigar av bruket. Om foreldra til Lasse: sjå note. Lasse gifte seg 1858 med innerstdtr Brita Hermunddtr Vetlesand (1835–). Born: Rognald 1854, Hermund 1858–63, Brita 1859, Bendik 1862–62, Ragnhild 1863, Hermund 1865–65, Hermund 1866–66, Endre 1867, Hermund 1869. Lasse hadde frå før Anna 1846 (sjå note lnr 18b2 under overskrifta Hola) med Brita Guttormdtr Bungane (sjå Vetleøyri s068). Huslyden reiste til USA i 1870, og bruket gjekk til: Rasmus Olason Nåmdal (1847–1925) & 1869 Brita Larsdtr Nygard (1844–1897), båe frå Modalen. Rasmus var bror til Knut 1841 på lnr 30. Born: Lars 1869, Ola 1870 (USA 1889), Inga 1873 (lnr 35 Åse), Kari 1875 (lnr 46a Nese), Bertina 1877–77, Johannes 1879 (USA 1898), Anna 1881 (Balestrand, så USA), Bertin 1883 (USA 1900), Maria 1885 (sjå bnr 59/9 under lnr 30), Ola 1887 (USA 1904). Lars Rasmusson Valsvik (1869–1953) & 1892 Brita Perdtr Nese (1861–1903) frå lnr 47 fekk: Anna 1892–1900, Brita 1895–1911, Randina 1897 (sjå note), Lovisa 1900–04. Lars vart attgift 1903 med Bertina Katrine Jakobdtr Flete (1874–1904) frå lnr 18cd. Ho døydde 12 dagar før Lovisa. Dei fekk ikkje born, og Lars gifte seg for tredje gong 1905 med Kari Jakobdtr Flete (1877–1948), ei syster til Bertina. Dei fekk: Inga 1906, Borghild Lovisa 1907 (sjå note). Lars hadde bruket 1899–1928. Inga Larsdtr Valsvik (1906–1985) & 1927 Sivert Magneson Dale (1903–1996) frå lnr 24a fekk: Magnus 1928, Kjellaug 1930 (bnr 59/23 under lnr 30), Klara 1932 (ugift, heime), Leiv 1934–69 (ugift, heime). Magnus Sivertson Dale (1928–) overtok bruket i 1963. Han har òg bnr 59/2. Magnus er ugift.
Kristi Oladtr Valsvik (1756–) & 1783 Johannes Lasseson Nese (1756–) frå plass 17 Nese busette seg på ein plass i Manger i Nordhordland. Johannes hadde frå før Eirik 1780 med Ingeborg Eirikdtr Nissestad (1736–). Brita Lassedtr Valsvik (1784–1858) var ugift, men hadde Gjertrud 1813 med Jens Endreson Bolstad og Lasse 1826 med Elling Hansson Nese (1794–) frå plass 19 Nese. Lasse 1826 overtok bruket. Gjertrud Jensdtr Valsvik (1813–1864) fekk Rognald 1852–52 og Ragnhild 1854 (Vikøyri v634) med Hermund Endreson Vikøyri busett på Vetleøyri s068. Gjertrud døydde i Valsvik.
I 1875 var det på lnr 29 ei tenestejente frå Kyrkjebø, Lussi Sjurdtr Brekke (1836–1918). Ho budde som mange gardsborn og tenarar i Arnafjord sokn i fjøset. Under namnet Lussi Nese og «Hauga-Lussi» kom ho på legd frå 1890. Sist budde ho fast på lnr 47b Nese, eit bruk som vart kalla Haugen, og der er vel grunnen til at ho fekk Haug-namn. Det var ingen arv etter henne.
Randina Larsdtr Valsvik (1897–1996) fekk Brita 1923 med Anders Olason Valsvik (1891–1971) frå lnr 31a. Ho vart gift til bnr 41/40 i Villastrøket-Sjøtun i Vik, sjå del 3. Brita 1923 vart oppfostra av bestefar og stebestemor i Valsvik. Ho vart gift Stubhaug og busett i Ås i Akershus Borghild Lovisa Larsdtr Valsvik (1907–2004) & 1930 Olav Olason Nese (1906–) frå lnr 44 busette seg i Våle i Vestfold.
Bnr 59/10 Kvini 0,04 mark, 1934. Lærar Bertinus Straume med huslyd hadde vore busett i skulehuset, bnr 59/9 under lnr 30. I pensjonisthuset som vart sett opp her, vart enkja Maria buande så lenge ho levde. Ragnvald Bertinusson Straume (1907–1989) & 1946 Sofie Eide (1912–2000) frå Gaupne fekk skøyte på eigedomen i 1970. Born: Bjørn Kåre 1946 (Tromsø), Kjell 1947 (Hjellestad i Bergen, så Oslo), Aud Marie 1951 (Kaupanger).
Bnr 59/19 Solvoll 0,01 mark, 1963. Johannes Johannesson Nummedal (1900–1978) frå lnr 27 Hellane & 1934 Anna Lassedtr Lee (1912–1995) frå lnr 20a Le bygde hus her ca 1948. Born: Ottar Johannes 1936, Målfrid Bergly 1937–39. Anna Nummedal samla mange opplysingar om slekter i Vik og særleg om folk i Arnafjord sokn. Dei handskrivne hefta hennar har vore til stor hjelp i arbeidet med denne boka. Om Johannes og Anna: sjå òg lnr 27 Hellane. Eigedomen vart i 1995 overteken av Ottar Johannes Nummedal (1936–), som er busett på Husnes i Kvinnherad. Han gifte seg 1966 med Klara Larsdtr Kjelven (1940–) frå bnr 62/1. Han eig òg bnr 58/2 Hellane.
Bnr 59/20 Nyhaug 0,02 mark, 1963. Huset vart bygt i 1944. Edvard Larsson Bungum (1909–1985) & 1940 Synniva Johannesdtr Lavik (1904–1989) frå Eksingedalen fekk: Steinar 1941 (Lillehammer), Ingerd 1945–45, Inge 1946 (Førde), Leif Johan 1947 (Skive i Danmark). Synniva var syster til Sigmund på bnr 59/11. Steinar Edvardson Bungum (1941–) overtok eigedomen, og huset er ferieplass.
Lnr 30 Valsvik
2,79 spd = bnr 59/2 3,48 mark. Eigar i 1647: Else Eiriksdotter 1,5 laupar, i 1723 Blixencrone og deretter Daae-ætta 1,0 laup og Vik prestebol 0,5 laupar. Den første delen frikjøpt i 1798. Resten benefisert eige, frikjøpt i 1869. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,42 laupar. Data for 1845: 7,4 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 24 smalar og 1 vinterfôra svin.
På bruket var i 1645 og 1647 Anders med Ingrid Nilsdtr, i 1667 Amund Sjurson (1633–) med «enkja». Ho kan vera mora eller sigermora. På bruket var ein «husmann»: Ola Samsonson (1602–). I 1701 var Gunnar Amundson Le (1658–1718) frå lnr 20 brukar, og han var der òg i 1711. Han var gift med Guri Andersdtr (1662–1740). Born: Botolv (lnr 41 Nese) og Brita (ho gifte seg 1741 som fjerde kone til Sjur Hansson Kyrkjebø i Kyrkjebø, men døydde alt i 1742). Deretter kom Simon Hermundson Tryti (1681–1727) frå lnr 105+106 i Vik & Ingeborg Amunddtr Le (–1724). Ingeborg var ei syster til Gunnar. Born: Åsa 1715 (Tune i Ortnevik) og Åsa 1720 (Otterskreda). Simon vart attgift med Anna Jondtr (–). Dei var truleg barnlause. Neste par var Eirik Gunnarson Le (1698–) frå lnr 20 & Sigrid Johannesdtr Hallsete (1711–1739). Dei hadde neppe born. Eirik vart attgift 1741 med Synneva Lassedtr Tuftedal (–) frå Balestrand og dei fekk Lasse 1743 (Austreim i Kyrkjebø). Eirik og Synneva kjem bort for oss. Deretter kom: Anders Hansson Le (1695–1765) frå lnr 19 & 1727 Anna Johannesdtr «Valsvik» (–). Valsvik må vera tenaradresse for Anna. Anders og Anna var kårfolk i 1763. Dei hadde døtrene: Guri 1728 og Ingeborg 1737. Ingeborg var ugift, men fekk Johanna 1767 med Amund Endreson Valsvik (1742–1800) frå lnr 33. Guri Andersdtr Valsvik (1728–1793) & 1752 soldat Samuel Halvarson Lunde (1728–) frå Balestrand hadde bruket ei tid før dei flytta til Lidal i Fjærland i 1764. Born: Sitona 1754, Anna 1756, Gjertrud 1758 (plassen Hagen under Bruhjell, Balestrand), Halvar 1761. Far til Samuel var truleg handelsmann Halvar Person Lundsviki. Guri døydde i Valsvik. Sitona gifte seg med gjestgivar Gjert Falch på Balholmen og der var også faren i 1801. Alf Bendikson Dyrdal (1713–1772) frå Ortnevik & 1746 Kari Andersdtr Nese (1718–1789) frå lnr 45 kom til bruket i 1764. Før var dei plassfolk i Dyrdal. Born: Bendik 1746, Anders 1749–49, Brita 1750–1814 (ugift), Magnhild 1752 (plass Nissestad), Anders 1755–56, Anders 1756–56, Anders 1758–58, Ingeborg 1760–60, Ola 1761 (Østerbø i Kyrkjebø), Anders 1767 (Brekke i Ortnevik, seinare Guddal i Fjaler). Bendik Alfson Valsvik (1746–1789) & 1774 Ragnhild Oladtr Valsvik (1745–1826) frå lnr 31 fekk: Alf 1776, Ola 1779–80, Kari 1781–89. Alf Bendikson Valsvik (1776–1866) & 1797 Brita Johannesdtr Le (1776–1804) frå lnr 20 fekk Kari 1797 (lnr 16 Holane), Bendik 1800, Gjertrud 1803–03, Brita 1804–05. Brita 1776 døydde på barselsseng. Alf vart attgift 1815 med Turid Jondtr Hellane (1785–1867) frå lnr 26 og dei fekk: Ola 1815–15, Jon 1816 (sjå note), Ola 1819, Hermund 1822–22, Hermund 1823 (sjå note), Ragnhild 1816–26, Knut 1827 (USA 1870). Bendik Alfson Valsvik (1800–1872) & 1833 Unni Markusdtr Flete (1802–1867) fekk: Alf 1831, Markus 1835, Ola 1838, Sjur 1841. Huslyden reiste til Nord-Noreg i 1845, og ein halvbror overtok bruket. Ola Alfson Valsvik (1819–1900) & 1845 husmannsdtr Hansina Oladtr Limmesand (1820–1916) fekk: Ola 1844 (sjå note), Alf 1847–47, Alf 1854–54, Alf 1857. Huslyden reiste til USA i 1870. Til bruket kom i 1869 Knut Olason Nåmdal (1841–1916) & 1866 Kari Oladtr Steinsland (1842–1914), båe frå Modalen. Born: Inga 1867 (lnr 21 Dale), Brita 1869 (lnr 23b Dale), Olina 1872–1947 (ugift, heime), Ola 1875, Gjertrud 1878 (ugift, heime), Johannes 1882–1972 (ugift, USA, så heime), Kristian 1886–86, Kristian 1888. Ola Knutson Valsvik (1875–1924) var ugift. Han hadde bruket frå 1914 til han døydde. I 1925 skøytte arvingane bruket til Kristian Knutson Valsvik (1888–1963) & 1925 Hanna Bertina Larsdtr Bungum (1896–1985) frå lnr 15b. Dei hadde ikkje born, og bruket vart i 1963 kjøpt av Magnus Sivertson Dale og kom dermed inn under bnr 59/1. Kårhuset vart skilt ut som bnr 59/21, seinare òg bustadhuset som bnr 59/23.
Jon Alfson Valsvik (1816–) & 1846 Kristi Markusdtr Flete (1816–) frå lnr 18 fekk: Alf 1846–46, Markus 1850–51, Alf 1854–54. Jon og Kristi reiste til USA 1861. Jon pakta kanskje bruket ei tid etter at halvbroren Bendik reiste nordover i 1845. Hermund Alfson Valsvik (1823–) & 1847 Kari Knutdtr Ådlane (1816–) frå lnr 32 var plassfolk under bruket. Born: Turid 1846–46, Turid 1847–47, Alf 1852–52, Alf 1853–53. Hermund kjøpte i 1854 parsellen 17b Holane, truleg for å busetja seg der, men Hermund og Kari reiste til USA 1855. Ola Olason Valsvik (1844–) & 1870 plassdtr Ingeborg Ingebrigtdtr Dale (1845–) fekk Hansina 1869 og reiste til USA i 1870.
På dette bruket var det i 1875 ei tenestejente frå Modalen, Inga Andersdtr. I 1881 betalte fattigkassa transport av Inga til Rosenbergs Sinnsykeasyl i Bergen. Deretter vart ho borte frå fattigprotokollen.
Bnr 59/9 Valsvik skule 0,06 mark, 1913. Dette var òg lærarbustader. Hans Bergeson Nævdal (1876–) var lærar i Valsvik 1897–99 og såleis før skulen vart bygd. Han var gift med Karen Marie Jakobdtr (1876–) og dei fekk Bernhard 1899. I teljingsåret 1900 var Hans lærar i Lindås i Hordaland og hadde fått eitt barn til.
Bertinus Olason Straume (1875–1937) frå Modalen & 1902 Maria Rasmusdtr Valsvik (1885–1969) frå lnr 29 fekk borna: Ingebjørg 1902 (bnr 60/2 Åsberget), Borghild 1904 (lærar, så gift med sokneprest Søvde i Vik), Ragnvald 1907 (bnr 59/10 under lnr 29), Olav 1909 (sjå note), Håkon 1911 (Asker), Einar 1914 (bnr 52/8,9 Ådlane), Inga 1918 (Otta, så Eigersund, sist Frekhaug i Hordaland), Alvhild 1923 (Farsund), Margit 1921 (bnr 52/15-1 Ådlane), Signy 1928 (Lillehammer), Solveig 1933 (Øvre Årdal, sjå note lnr 31b Ådlane). Bertinus og Maria var søskenbarn. Pensjonistbustad: bnr 59/10 under lnr 29 Valsvik. Henrik Ellendson Farnes (1905–1977), ugift frå Sværefjorden, var lærar i Valsvik 1942–64. Henrik flytta tilbake til Sværefjorden.
Bnr 59/23 Haugtun 0,01 mark, 1970. Dette er det tidlegare våningshuset på bruket, kjøpt i 1968. Magne Jørgenson Vikøren (1930–1995) frå hus nr 72 på Vikøyri & 1951 Kjellaug Sivertdtr Dale (1930–) frå bnr 59/1 fekk: Reidun 1952 (Øvste Hopperstadmarki nr 12 i Vik), Inger 1955 (Sarpsborg), Turid 1961 (Kaupanger), Egil 1963 (Kaupanger).
Bnr 59/21 Vetlehagen 0,01 mark, 1963. Dette er kårhuset på bruket som vart utskilt til enkja Hanna Bertina Larsdtr Valsvik (1896–1985).
Olav Bertinusson Straume (1909–1983) & 1938 Anna Oladtr Dale (1907–) frå lnr 23a busette seg på Leikanger. Dei fekk: Bjarne 1939 (Førde), Inger Marie 1941 (Morvik i Bergen), Olav Håkon 1944 (Kristiansand), Oskar 1947 (Leikanger). I åra 1941–44 vart borna døypte i Arnafjord. Olav vart attgift 1969 med Nancy Alette Oladtr Hopperstad (1933–) frå lnr 117 i Vik. Dei busette seg frå 1975 i Nedste Hopperstadmarki nr 26 i Vik.
Lnr 31 Valsvik
2,46 laupar = 1,88 spd. Eigar i 1647: Styrk Tomasson i Eivindvik 2,33 laupar. Sjølveige frå 1780. Matrikkelskyld i 1723: 2,17 laupar(medrekna 0,50 laupar av Ådlane), i 1838: 1,94 + 0,5 laupar. Sjølveige i bruket i 1723: 2,0 laupar. Under bruket høyrde i 1723 òg halvparten av Ådlane, eigd av Prebendegodset. Data for lnr 31a i 1845: 9,3 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 2 hestar, 16 storfe, 36 smalar, 6 geiter og 2 vinterfôra svin.
På dette bruket plasserer vi 1645 og 1647 Tor (eller Torris) med Marita Kolbeindtr. I 1667 var det sonen Ola Torson Valsvik (1618–) som var brukar. Broren Hans 1623 var tenar. Lasse Hansson Valsvik (1633–) frå lnr 33 var lensmann i Arnafjord sokn i 1701 og han var brukar heilt fram mot 1718. Av den gamle bygdeboka går det fram at han i unge år vart straffa for å ha drive med ulovleg handel. Lasse hadde kone og eitt barn i 1711. Dei kjem bort for oss, men kona var kanskje Ingeborg Botolvdtr (1674–1744). Hermund Rognaldson Nese (1680–1733) frå lnr 45 var neste brukar. Han var dreng i Valsvik i 1701. Han var gift med Brita Nilsdtr ( 1717), og då ho døydde hadde dei sonen Lasse. Lasse arva mor si, men kjem så bort. Då det ikkje er oppførd fleire born i arveoppgjeret, trur vi at Hermund straks var attgift og fekk dottera Brita. Den nye kona var kanskje Ingrid Lassedtr (1693–1734). Hermund eigde 1723 heile 2,0 laupar i Valsvik. Brita Hermunddtr Valsvik (–) & 1737 Ola Andersson Tjugum (1713–1781), lensmannsson frå Balestrand, fekk borna: Hermund 1738, Ragnhild 1740–41, Anders 1743, Ragnhild 1745 (lnr 30 Valsvik), Jon 1748 (lnr 26 Hellane), Torbjørg 1750–50, Torbjørg 1751 (Målsnes), Turid 1753, Brita 1755 (lnr 53 Finnabotnen), Synneva 1757–58, Synneva 1759–64, Turid 1761–71, Mari 1762–64. I 1734 fekk Ola skøyte på 2,5 laupar i Valsvik og i 1773 på 1,0 laupar. Det siste var truleg «Ådlanelaupen» som vi trur var eigd av Prebendegodset i 1723. Brita 1755 må seinare ha overteke mykje av eiga i bruket, for i 1789 måtte ho ut med ein høg sum i formueskatt for Valsvik. Hermund Olason Valsvik (1738–1789) & 1767 Kari Vilhelmdtr Dale (1746–) frå lnr 21+22 hadde neppe born. Dei var først ei tid på Hammarsnes i Fjærlandsfjorden, ein gard som Ola Tjugum truleg eigde. Etter dei kom Lasse 1753 frå lnr 33 til Hammarsnes. Hermund vart attgift 1774 med Gjertrud Johannesdtr Frettheim (1758–) frå lnr 40 og dei fekk: Ola 1780–80?, Kari 1783–83, Gjertrud 1785–91, Ola 1788–88, Brita 1789–89. Hermund hadde fått skøyte på bruket i 1780. Gjertrud gifte seg oppatt 1790 med Anders Ivarson Bungane (1754–1793), men då ho ikkje hadde born i første ekteskap som voks opp, brukte Anders 1743, ein bror til Hermund, odelsretten sin.
Gjertrud og Anders Ivarson vart frå 1791 leiglendingar på lnr 33, og som Anders Olason eigde frå før. Dette var truleg ein rettsleg kompensasjon for at dei måtte gå frå bruket. Anders Ivarson døydde alt i 1793, og Gjertrud gifte seg for tredje gong til lnr 22 Dale. Gjertrud og Anders hadde truleg Anna 1793 (lnr 47 Nese). Jenta er ikkje innført som fødd i kyrkjeboka, men ved folketeljinga i 1801 hadde Gjertrud med seg på Dale dottera Anna «Arnedtr», 8 år. «Arne» må vera ei feilskrift for Anders. I 1795 fekk Turid Andersdtr skøyte på lnr 33, og faren Anders Olason Valsvik (1743–1821) overtok drifta av lnr 31. I 1805 vart «Ådlanelaupen» frådelt. Ved overgangen til ny matrikkel var skylda 1,96 laupar og bruket fekk lnr 31a Valsvik 4,12 spd = bnr 59/3 5,80 mark. Ådlanebruket fekk lnr 31b. Lussi Andersdtr Valsvik (1774–1851) & 1811 Tollak Jonson Finnen (1784–1845) frå lnr 52 overtok bruket. Born: Lussi 1812 (lnr 24b Dale og USA), Johanna 1814 (lnr 17 Holane), Anders 1816, Ola 1818–82 (ugift, heime). Lussi hadde òg Brita 1805–74 (ugift, Valsvik) med Eirik Hansson Le, sjå om ekteskapskontrakt mellom dei to under lnr 19. Anders Tollakson Valsvik (1816– 1902) & 1847 Synneva Oladtr Hellane (1820–1911) frå lnr 26 fekk: Lussi 1848 (lnr 41 Nese), Brita 1854–54, Ola 1856, Brita 1859–60, Tea 1861 (sjå note).
Ola Andersson Valsvik (1856–1931) & 1886 Ingeborg Steffendtr Finnen (1860–1934) frå lnr 51 overtok i 1890. Born: Synneva 1887–87, Anders 1888–89, Anna 1889–1912 (ugift, heime), Anders 1891, Synneva 1892 (bnr 51/1 Holane), Sofie Bergitte 1895 (bnr 59/16 frådelt bruket), Sverre Olai 1898–1983 (ugift, heime), Klara Bertina 1901 (bnr 59/17, frådelt bruket). Ola var hestehandlar og gardbrukar. I 1955 gjekk heimelen til alle borna, medrekna Anders 1891. Bruket var «sameige» til 1969 då det vart skøytt til eldste son til Anders. Anders Olason Valsvik (1891–1971) & 1924 Brita Kristiandtr Le (1891–1974) frå lnr 20a fekk: Ingebjørg 1924 (til bnr 59/25, frådelt dette bruket i 1970), Olav Kristian 1927, Konrad Alfred 1929 (Øvre Årdal, så Nedste Hopperstadmarki nr 27 i Vik), Anna Amalie 1930 (bnr 56/3 Dale), Kåre 1932 (Rælingen, sjå bnr 59/12 Valsvik). Anders hadde to born til: Ola 1915 og Brita 1923, sjå lnr 96e Fjærestad i Vik og note lnr 29 Valsvik. Olav Kristian Andersson Valsvik (1927–) & 1949 Gjertrud Leidulvdtr Finden (1927–2000) frå bnr 68/7 Finnen fekk: Ansgar 1949 (bnr 59/29), Ove 1953, Henning 1963 (Høyanger). Ove Olavson Valsvik (1953–) overtok ca år 2000. Familien hans var først busett på bnr 59/30, frådelt bruket i 1973. Men huslyden kjøpte i 1999 bnr 1/48-4 Granlia i Hamnen i Vik. Ove er maskinentreprenør og jorda har vore bortleigd til bnr 51/2 Holane.
Bnr 59/11 Solteig 0,03 mark, 1937. Styrarbustad for Framfjord samyrkelag. Sigmund Johannesson Lavik (1908–) frå Eksingedalen kom frå Austevoll til Vik der han var handelsbetjent i eitt år før han vart styrar i Valsvik 1936–41. Han gifte seg 1937 med Ingrid Johanna Ivardtr Nauthella (1913–) frå Austvoll i Hordaland og fekk Sigrunn 1939. Dei flytta til Jølster, så til Bergen. Johan Jørgenson Lægreid (1914–2003) frå Årdalstangen & 1946 Johanna Lassedtr Lee (1917–2007) frå lnr 20a Le var her 1941–52. Born: Vidar 1949 (Sogndal), Jarle 1952 (Bønes i Bergen). Familien har frå 1952 vore busett på Leikanger. Jon Lasseson Teigen (1908–1992) frå Fjærland budde i huset 1952–55, flytta deretter til bnr 59/13 under lnr 33 og gifte seg. Huset gjekk over til Vik samyrkelag då laga gjekk saman ca 1965. Butikken vart lagd ned og huset selt i 2002 til Kåre Egil Arneson Skjerven (1966–) frå lnr 114 Skjørvo i Vik, busett med huslyd på bnr 97/103 på Salbu, Vangsnes. Dette er utleigehus for turistar.
Bnr 59/16 Vårheim 0,01 mark, 1960. Olav Jakobson Fosse (1908–1968) & 1934 Sofie Bergitte Oladtr Valsvik (1895–1972) frå hovudbruket fekk: Ingebjørg Oddrun 1937. Ingebjørg Oddrun Oladtr Fosse (1937–) & 1962 Johan Kristianson Hauglum (1939–) frå bnr 51/2 Holane overtok i 1970. Born: Solrunn 1962 (Voss), Kjell Ove 1963 (bnr 51/2), Jarle 1972 (Bærum). Johan og Ingebjørg (Bjørg) har dette som bustad, men har òg drive bnr 51/2 Holane.
Bnr 59/17 Fredly 0,01 mark, 1960. Torkel Johannesson Halset (1905–1985) frå bnr 61/3 Hallsete & 1930 Klara Oladtr Valsvik (1901–1997) frå hovudbruket budde først i Høland, Akershus. Born: Trygve Johannes 1931, Ingebjørg Olga 1943. Trygve Torkelson Halset (1931–) & 1952 Svanhild Sveindtr Vikøren (1930–) frå lnr 15a Bungane, busette i Øystese i Hardanger, eigde huset frå 1983. Det er overteke av Ingebjørg Olga Torkeldtr (Halset) Straume (1943–), busett i Sandnes. Ho er gift med Arvid Einarson Straume (1942–) frå bnr 52/8+9 Ådlane. Dette er no feriehus.
Bnr 59/22 Sjøtun 0,08 mark. Johannes Johannesson Le (1879–1956) frå bnr 59/2 fekk i 1901 kjøpt bustadhus og sjøbu på plassen Teigen og fekk i 1967 kjøpt grunnen. Johannes arbeidde på talkummølla, men i 1911 vart han kalla dampskipsekspeditør. Han gifte seg 1899 med enkja Tea Andersdtr Valsvik (1861–1946) og dei fekk: Per Johannes 1899, Bertina Sofia 1901–11, Konrad Johan 1903–25. Tea var først gift med Per Person Nese (1858–1890) frå lnr 47, sjå note lnr 31. I 1967 vart grunnen kjøpt. Peder Johannes Johannesson Lee (1899–1979) & 1930 Brita Gunnardtr Nesse (1909–1991) frå Indre Nesse i Kvamsøy sokn fekk: Konrad Johannes 1933 (Tønsberg), Gunnar Idar 1936, Bjarne Toralf 1944–95 (Sauda). Gunnar Idar Pederson Lee (1936–) & 2001 Lilly Vinje (1937–) frå Vossestrand har ikkje born.
Bnr 59/25 Solteig 0,02 mark, 1970. Karl Knutson Dale (1914–2005) frå lnr 24a & 1947 Ingebjørg Andersdtr Valsvik (1924–) frå hovudbruket fekk: Solveig 1947 (bnr 38/32 Skjørvo i Vik), Knut 1950, Britt Karin 1954 (Voss), Kari 1956 (bnr 52/15-2 Ådlane). Knut Karlson Dale (1950–) & sb Svetlana Kasinbiene (–) har: Matas Kasiuba 2007.
Bnr 59/29 Hanshaugen 0,01 mark, 1973. Ansgar Olavson Valsvik (1949–) frå hovudbruket & 1973 Gerd Bjarnedtr Stølås (1954–) frå Etne i Hordaland fekk: Olav 1973 (Saltrød i Arendal), Bjarne 1975 (Etne). Gerd flytta til Etne i 1985, ho og Ansgar vart skilde i 1991. Huset var ei tid eigd av Erling Olavson Fretheim (1966–1993). Han døydde i ei bilulukke, og huset vart på nytt overteke av Ansgar. Han vart i 1997 attgift med enkja Ragnhild Kleivane (1956–) frå Kristiansand. Dei har Gjertrud Marie 1994. Ragnhild har frå før Silje 1987.
Bnr 59/30 Storebakken 0,01 mark, 1973. Ove Olavson Valsvik (1953–) frå bruket & 1973 Gerd Magnedtr Tveit (1948–) frå Feios bygde hus, men kjøpte bnr 1/48-4 i Hamnen i Vik. Ove overtok 2000 hovudbruket. Born: Britt 1973 (Stavanger), Gro 1977, Mariann 1979. Staden fekk 2005 same eigar som bnr 59/11. Bnr 59/32, frådelt 1974. Elias Norset (1906–1991) var oppvaksen og busett i Drammen før han som einsleg sett opp eit lite hus på denne tomta og busette seg der. Han hadde før 1974 vore sjømann, og det var sikkert gjennom dette yrket hadde vore innom Framfjorden. Eigedomen gjekk frå dødsbuet til Kjell Stenberg (1941–) frå Oslo, gift med Halldis Astrid Antondtr Hauglum (1941–) frå bnr 51/10 under lnr 17a Holane. Dei er busette i Oslo og har to born. I 2002 gjekk ferieplassen til Eva Gunn Sætre (1962–), busett på Vågseidet, Lindås i Nordhordland.
Per Person Nese (1858–1890) frå lnr 47 & 1885 Tea Andersdtr Valsvik (1861–1946) budde i Valsvik. Born: Andreas 1885 (lnr 33 Valsvik, lnr 34a Åse), Anna 1886–89, Per 1888–90. Per var snikkar. Han døydde av tæring. Tea vart attgift 1899 med landhandlar Johannes Johannesson Le (1879–1956) frå lnr 19b, sjå bnr 59/22 Valsvik.
Lnr 33 Valsvik
3,03 spd. Frikjøpt i 1780. I 1647 eigde Munkeliv kloster 1,5 laupar i bruket, i 1723 futen Peder Leganger 1,5 laupar. Truleg låg i 1723 halvparten av Ådlane under bruket, eigd av Prebendegodset, 0,50 laupar. Matrikkelskyld i 1838: 1,46 laupar. Data for 1845: 7,4 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 2 hestar, 16 storfe, 21 smalar og 1 svin.
På bruket var i 1645 og 1647 Hans med kona Gunhild Eirikdtr (1603–). I 1667 var Gunhild enkje og hadde med seg sønene: Lasse 1633 (lnr 31) og Helge 1635. Vi veit òg om to døtrer: Solveig, som gifte seg til lnr 26 Hellane, og Kari. I 1701 var brukaren Roland Nilsson Fjærestad (1666–1749) frå lnr 96 i Vik. Han var først gift med Kari Hansdtr Valsvik ( 1699), ei syster til Lasse Valsvik på lnr 31. Dei hadde ikkje born. Han vart attgift med Brita Andersdtr (1652–1742). Dei hadde heller ikkje born. Roland døydde i Refsdal, truleg hjå systerdotter Marita Oladtr på lnr 59. Til bruket kom: Endre Amundson «Sande» (1714–1780) & 1742 Brita Jondtr Hopperstad (1712–1749) frå lnr 119+120 i Vik. Om Brita: sjå òg lnr 35+36 Åse-Arnafjord. Sande i Ortnevik var «soldatadresse» for Endre. Han var truleg frå lnr 62 Alrek. Broren Johannes var òg på bruket (sjå note), broren Gunnar 1704 var på ein plass på Åsberget og ein syster Steinvor på plass 16 Nese. Born: Amund 1742 (plass Limmesand), Johannes 1745 (lnr 20 Le) og Eli 1747 (som i 1763 var krøpling og «meget svag»). Endre gifte seg opp att 1749 med Gjertrud Hansdtr Le (1719–1752) frå lnr 19 og dei fekk Ola 1750–1807 (ugift), Ingeborg 1751 (sjå plassen Raudsteinane under Holane). Endre gifte seg tredje gong 1752 med Randi Lassedtr Nese (1724–1803) frå lnr 43+44 og dei fekk: Lasse 1753 (Hammarsnes i Fjærlandsfjorden), Jon 1754 (husmann på Knurren, Fjærlandsfjorden), Ellend 1756 56, Ola 1758 (sjå note), Jon 1760 (Knurren), Brita 1762, Elling 1764–71, Synneva 1765 (plassen Jarvane under Valsvik), Gjertrud 1767. Bruket vart selt av eigaren til Anders Olason Valsvik (1743–1821) frå lnr 31 i 1780, og Endre fekk truleg kår (men han og Randi døydde hjå sonen Lasse). Anders gifte seg 1771 med Brita Oladtr Finnen (1745–1810) frå lnr 52. Born: Turid 1771, Lussi 1774 (lnr 33a), Brita 1777 (lnr 31b Ådlane), Gjertrud 1780–80, Gjertrud 1781 (sjå note), Ingeborg 1788 (lnr 51 Finnen). I 1791 tok Anders foreldrebruket lnr 31 på odel og overtok drifta der. I 1791 fekk Anders Ivarson Bungane (1753–1793) bygsel på lnr 33 på livstid. Han var gift med enkja Gjertrud Johannesdtr (1758–) på lnr 31. Men Gjertrud vart enkje på nytt og gifte seg til lnr 22 Dale. I 1795 skøytte Anders Olason Valsvik lnr 33 til Turid Andersdtr Valsvik (1771–1838) & 1794 Lars Kristenson Dale (1763–1832) frå lnr 24. Dei fekk: Per 1795–95?, Synneva 1797–97?, Ola 1798, Steffen 1800–00, Barbra 1801–65 («Tyle-Barbrao», på legd frå 1850), Brita 1803–03?, Brita 1804 (plassen Hólalii under lnr 17 Holane), Synneva 1808 08, Synneva 1809 (lnr 18 Flete), Anders 1813. Vi kan merka oss at Ola 1798 først vart konfirmert i 1819. Dei fleste andre ved konfirmasjonen dette året var fødde i 1803. Ola Larsson Valsvik (1798–1882) & 1830 Sigrid Eirikdtr Hallsete (1798–1866) frå lnr 37 overtok i 1833. Born: Lars 1832–43, Ragnhild 1835–36, Johannes 1838–42, Per 1842–43. Borna Lars og Per drukna saman. Ola vart attgift 1868 med Kari Jondtr Kjelven (1817–). Dei fekk sjølvsagt ikkje born. Tapet av borna var kanskje årsaka til at Ola alt i 1847 overlet bruket til ein bror og tok kår. Anders Larsson Valsvik (1813–) & 1842 Sigrid Kristendtr Nese (1818–) frå lnr 43 hadde i åra 1843–46 eigd og drive lnr 24b Dale. I åra 1848–55 eigde Anders òg lnr 31b Ådlane. Born: Turid 1843–49, Gjertrud 1845. Lars 1847, Kristen 1850–50, Kristen 1854. Huslyden reiste til USA i 1856. I 1858 vart bruket ved fullmakt skøytt til Lasse Gunnarson Søreide (1818–) frå Kyrkjebø, gift 1844 med Ingeborg Gunnardtr Løbø (1823–). I 1859 selde Lasse frå halve bruket: lnr 33b 0,76 spd og lnr 33c 0,76 spd.
Johannes Amundson Alrek (1707–1794) & 1756 Brita Lassedtr «Valsvik» (1730–) fekk: Amund 1761–61. Dei var på ein plass under bruket i 1763 og Johannes vart då kalla «krøbling». Brita var truleg ei dotter til Lasse Klausson Alrek på Limmesand, sjå note lnr 21+22 Dale. Ho vart konfirmert i 1749. Johannes var bror til Endre Amundson på bruket.
Ola Endreson Valsvik (1758–1809) & 1794 Ingrid Hansdtr (1764–) var ved folketeljinga i 1801 innerstar på eit bruk i Mundal i Fjærland. Born: Randi 1794 (Mundal), Ivar 1797, Endre 1800 (plass Farnes i Balestrand), Hans 1804. Ola døydde i Valsvik.
Lasse Endreson Stadheim (1791–1853) frå lnr 24 i Vik & 1827 Gjertrud Andersdtr Valsvik (1781–1854) frå lnr 33 hadde neppe born. Dei hadde truleg plass under bruket. Gjertrud var tenestejente på bruket i 1801.
Lnr 33a 1,52 spd = bnr 59/4 1,85 mark. Data for 1875: 5,7 daa blandkorn, 2,1 daa poteter, 1 hest, 7 kyr, 10 sauer.
I 1860 selde Lasse Søreide bruket og flytta med huslyd til lnr 62 Alrek. Kjøparen var frå Vossestrand: Anders Knutson Gavle (1823–) & 1846 Kari Sjurdtr Nesheim (1826–). Dei hadde i åra 1845–56 eigd og drive lnr 28 Dalsver. Deretter hadde dei vore på Dale. Born: Marta 1846, Nils 1851–51, Anna 1853, Ragnhild 1855–56, Nils 1857, Jørgina 1860. Huslyden reiste til USA i 1862. Kjøpar var lærar Johan Martin Nilsson Lindseth. Han og kona kom frå lnr 23a Dale. Johan kjøpte same år lnr 25 Sandbakken og selde bruket vidare til Hans Andersson Myster (1819–1905), Vaksdal, & 1858 Kari Knutdtr Farestveit (1832–) frå Modalen. Born: Inga 1858, Knut 1860, Brita 1863, Anders 1866. Huslyden reiste til USA i 1870. Kjøpar var Lars Eilifson Nåmdal (1832–1905) & 1854 Kari Gullakdtr Øvre Helland (1830–1913), båe frå Modalen. Born: Eilif 1854, Ragnhild 1857 (sjå note), Gullak 1860–61, Gullak 1862, Inga 1865, Andreas 1870, Anna 1873. I 1875 dreiv Lars òg lnr 28 Dalsver. Sønene reiste til USA, og Lars skøytte bruket i 1898 til Inga Larsdtr Valsvik (1865–). Men ho var eigar berre i to år. Sjå meir om huslyden i note. I 1900 vart bruket skøytt til Jakob Johannesson Lavik (1867–1947), Eksingedalen & 1896 Inga Knutdtr Straume (1867–). Born: Anna 1901, Margrethe 1903, Knut 1905. Huslyden flytta til Borgo i Arna i 1909, men bruket gjekk alt i 1906 til Andreas Person Valsvik (1885–1950) & Jensina Oladtr Åse (1885–1931) frå lnr 34. Om Andreas: sjå note lnr 31. Jensina og Andreas overtok så lnr 34 Åse og bruket gjekk i 1912 til: Ola Markusson Nese (1861–1946) frå lnr 45 & 1890 Lovisa Ellingdtr Dale (1871–1938) frå Sværefjorden, ei dotter til Elling 1848 frå lnr 48 Nese. Ola dreiv kring år 1900 landhandel på Nese, sjå note lnr 45, og budde 1903–12 i skulehuset på Åsberget. Ei del av levebrødet der var å laga tønneband. Born: Maria 1891 (Geithus, Buskerud), Hanna Kristina 1895, Gjertrud 1898 (også Geithus). I 1948 overtok Hanna Kristina Oladtr Valsvik (1895–1980) & 1918 Karl Olason Nesse (1888–1974) frå Kvamsøy sokn. I åra 1921–24 pakta dei Leikanger prestegarden. Born: Olga Lovisa 1918 (bnr 59/14), Olav Alfred 1920, Nelly 1922 (Modum, Buskerud), Gudrun Marie 1924 (Modum), Hildur Kristina 1926 (bnr 59/16, så Sjøtuntunet i Vik), Borgny Audhild 1930 (Krødsherad i Buskerud), Eldbjørg Sofie 1934 (Modum), Odvar Kåre 1933 (Sylling, Lier i Buskerud). Ola Alfred Karlson Nesse (1920–1992) & 1951 Borghild Leidulvdtr Finden (1929–1998) frå bnr 68/7 overtok i 1958. Born: Magny 1952, Karin 1954 (Hafslo), Laila 1963 (lnr 88b Brekke i Vik). I 1974 vart frådelt bnr 59/31 Hagen til Magny. Der vart det bygt nytt hus som seinare vart våningshus på bruket. Magny Oladtr Nesse (1952–) & 1972 Terje Arild Kristianson Seim (1947–) frå bnr 41/33 i Villastrøket-Sjøtun i Vik har borna: Veronika 1974 (eig bnr 59/13), Henriette 1978 (Naustdal).
Bnr 59/13 Heimdal 0,02 mark, 1950. Kristian Kristianson Sørevik (1923–1951) frå lnr 25 Sandbakken & 1945 Hildur Kristina Karldtr Nesse (1926–) frå bnr 59/4 fekk borna: Gunnlaug 1945 (Indre Nesse, så bnr 41/4 Villastrøket-Sjøtun i Vik), Kårhild 1946 (Ikjefjord), Grethe 1949 (Nedste Hopperstadmarki nr 12 i Vik). Kristian fór av i ei fjellside på Dale. Hildur vart attgift 1955 med Jon Lasseson Teigen (1908–1992) frå Fjærland, sjå bnr 59/11. Born: Leif Magne 1956 (Tromsø). Huset vart 2003 kjøpt av Veronika Terjedtr Seim (1974–) frå bnr 59/4. Ho er busett i Naustdal, er gift og har Asbjørn 2006.
Bnr 59/36 Lunden, utskilt 1991. Dette er det tidlegare bustadhuset på bruket. Det har vore nytta som feriehus for familiemedlemer. Ei dotter til Karin Oladtr Nesse (1954–) frå bnr 59/4, Gro Nesse (1972–), busett i Hafslo, fekk skøyte på bruket i 1990-åra.
Knut Jonson Ådlane (1861–1935) frå lnr 32 & 1886 Ragnhild Lars dtr Valsvik (1857–1889) fekk Jensina 1889–89. Knut var smed. Ragnhild døydde i barselfeber. Knut vart attgift 1892 med Gjertrud Larsdtr Kjelven (1870–) frå bnr 62/1 og dei busette seg på bnr 63/3 Frettheim.
Amerikafeberen var sterk hjå borna til Lars Eilifson (1832–). I 1904 reiste Anna 1873 (som var meierske) til USA og i 1906 følgde Inga etter. Ho vart då kalla syerske. Lars hadde broren Eilif Eilifson Nåmdal (1840–1920) og som i følgje bygdeboka for Modalen kjøpte kår på Flete og seinare i Evanger. Han vart kalla «Kår-Øylev». Vi finn han ikkje i skriftlege kjelder for Framfjorden.
Lnr 33bc Jarvane 1,52 spd = bnr 59/5 1,86 mark. Namnet kjem truleg av jarve: rasmark. På bruket var det i 1865: 3,7 daa blandkorn, 2,1 daa potet, 1 hest, 7 storfe, 21 smalar og ein vinterfôra gris.
Dette var truleg den tidlegare plassen Jarvane. Gullak Larsson Flete (1832–1919) & 1856 Anna Larsdtr Bungane (1832–1896) var husmannsfolk på Dale og fekk Lars 1857. I 1859 fekk Gullak skøyte på bnr 33b 0,76 spd og flytta til Valsvik. Huslyden reiste til USA i 1860. I 1898 var Gullak som enkjemann ein tur tilbake og fann ei ny kone: Johanna Jondtr Holane (1873–) frå lnr 16. På nytt vart han enkjemann og kom i 1901 tilbake og fann enkja Maria Hermunddtr (1859–) frå Vetleøyri s068, busett på plass 5 Vange. I USA fekk dei: Anna Karina 1902. Gardparten var i 1860 skøytt til Jon Jonson Hanekam (1830–) & 1854 Barbra Nilsdtr Midlang (1824–1859) frå lnr 98 i Vik. Born: Ola 1855 (USA 1876), Johan 1858 (USA 1869). Huslyden kom frå husmannsplass på Åse og var deretter ei tid på Dale. Jon gifte seg på nytt 1860 med husmannsdtr Anna Hermunddtr Vetlesand (1837–) og dei fekk Barbra 1860. Jon kjøpte bruk på Espeseter i Kinn og skøytte 1862 parten vidare til Lars Jakobson Trefall. Om Lars: sjå lnr 18b Flete. Lars hadde i 1859 overteke lnr 33c 0,76 spd. Bruket var dermed like stort som lnr 33a. Same året skøytte Lars bruket til Anders Nilsson Farestveit (1839–) frå Modalen & 1861 enkja Anna Nilsdtr Almelid (1822–) frå Modalen. Dei fekk: Knut 1862–62 og Nilla 1866–67. Anna hadde gift seg 1847 med Knut Monsson Vetlejord (1821–1860) frå Eksingedalen og dei hadde: Anna 1849, Gjertrud 1850, Nils 1851, Sigrid 1853, Mons 1855, Anna 1859. Borna var fødde i Lindås og Eksingedalen. I Valsvik hadde dei truleg vore busette på ein husmannsplass. Anna med alle born og ny mann reiste til USA 1871. Bruket vart i 1872 med fullmakt skøytt til Johannes Johannesson Otterstadplass (1834–1883) & 1866 Kari Brynjeldtr Almelid (1839–1916), båe frå Modalen. Dei kom frå ein plass under Otterstad i Modalen. Born: Martin 1867 (USA 1888), Olina Karina 1869–87, Johannes 1871 (USA 1892), Bertin 1875 (USA 1896), Karl 1877 (USA 1895), Brita 1880–80. Olina vart drepen av eit steinsprang på Eitrastrondi. I 1888 skøytte enkja Kari bruket til Jakob Olason Lavik (1838–1912) & 1869 Anna Oladtr Nese (1842–1927), båe frå Eksingedalen. Dei hadde før vore på lnr 19a Le og lnr 21b Dale. Born: sjå lnr 19a Le. I 1903 vart bruket skøytt til Markus Sjurson Holane (1875–1966) frå lnr 17a & 1900 Anna Botolvdtr Dale (1878–1948) frå bnr 56/6. I året 1900 var Markus i Bergen. Der var han hornblåsar i militærmusikken. Born: Sjur 1900 (Høyanger, så bnr 64/1 Nese), Anna 1902 (Skulstadmo på Voss), Bernhard 1903 (Høyanger), Kristian 1904–90 (bnr 59/14), Lucie 1906 (lnr 93b Espesete i Vik), Tor 1908 (bnr 59/12), Johannes 1911 (bnr 59/12, så Årdalstangen), Olav 1913 (Skulstadmo på Voss), Klara Kristina 1914–22 (bronkitt), Haakon 1917–94 (Årdal), Erling 1919–87 (ugift, Luster). Ny eigar av bruket frå 1970 vart Sjur Markusson Walsvik (1900–1985) først busett i Høyanger, men frå 1959 busett på bnr 64/1 Nese. Sjå om huslyd der. Bustaden på eigedomen er utskilt som bnr 59/33 Valsvik, sjå meir der. I 1977 overtok sonen Bjarne Morgan Jostein Sjurson Walsvik (1942–) bnr 59/5, bnr 59/33 og bnr 64/1. Han driv jorda frå Nese.
Bnr 59/6 Nyheim 0,02 mark, 1909. Handelsmann Ola Helgeson Dale (1863–1934) frå lnr 21 & 1888 Olina Jondtr Finnabotnen (1860–1932) frå lnr 53 fekk: Helge 1889–1918 (USA, fall i første verdskrig i Frankrike), Sitona 1891, Inga 1895 (ugift butikkarbeidar), Jon 1898–1911. Huslyden var 1885–89 på Nese, så i 10–12 år på plassen Teigen, Valsvik, og var så på nytt på Nese fram til 1909. I det nye huset i Valsvik var butikken i kjellaretasjen. Sitona Oladtr Dale (1891–1973) og Inga Oladtr Dale (1895–1970) overtok i 1959 og dreiv fram til 1969. Dei var ugifte. Eigedomen vart ved dødsbuaksjon skøytt i 1975 til Bjarne Torson Otterskred (1931–2008) frå bnr 65/2. Han var ugift og sjøkaptein. Han busette seg der, og etter eit omfattande ombyggingsarbeid vart fleire husvære leigd bort i turistsesongen. Bjarne gifte seg 1983 med Bente Stamnes (1955–1989). Dei vart skilde i 1986.
Bnr 59/12 Fredheim 0,02 mark, 1949. Hus vart bygt i 1938. Johannes Markusson Valsvik (1911–1999) frå bnr 59/5 & 1936 Aagot Ingebrigtdtr Grønsberg (1907–1994) frå lnr 41b i Vik fekk: Martin Inge 1936 (Seimsdalen i Årdal), Gunnar Asbjørn 1940 (Øvre Årdal). Familien flytta til Årdalstangen i 1947. Tor Markusson Valsvik (1908–2002) & 1939 Anna Markusdtr Nesse (1917–1971) frå bnr 52/1 Ådlane overtok. Dei har: Solfrid 1941. Solfrid Tordtr Valsvik (1941–) overtok huset i 1974 og brukar det i feriar. Ho er gift med Kåre Andersson Valsvik (1932–) frå bnr 59/3. Dei er busette i Rælingen i Akershus.
Bnr 59/14 Bakketun 0,04 mark, 1950. Kristian Markusson Valsvik (1904–1990) & Olga Lovisa Karldtr Nesse (1918–) frå bnr 59/4 har: Kirsten Adny 1943 (Indre Nesse i Kvamsøy sokn), Magnar Kåre 1948 (Øvre Årdal), Dagfinn 1950 (Vestby), Anne Lise 1957 (Oppegård).
Bnr 59/33 Soltun 0,01 mark. Dette er det tidlegare våningshuset på bnr 59/5, frådelt til Alvhild Gudrunn Sjurdtr (Walsvik) Bekvik (1932–) og som brukte huset som ferieplass. Eigedomen vart kjøpt av broren Bjarne Morgan Jostein Walsvik som eig og driv bnr 64/1 Nese og bnr 59/5. Huset er utleigd til Kjartan Frode Bjarneson Walsvik (1969–) frå bnr 61/1 & 1993 Dagmar Magnedtr Rinde (1975–) frå Feios. Born: Andreas 1993, Torgeir 1995, Jon-Magne 1996.
I kårstova på bnr 59/5 budde 1936–39 Kristian Olason Holen (1912–) frå Dalsver & 1936 Mathilde Hansdtr Gangstø (1905–) frå Fusa. Born: Harald Ove 1936 (Arna), Kirsten Oddny 1937 (Laksevåg), Sigbjørn 1945 (Arna). Huslyden flytta til Arna.