Husmenn i Valsvik
Eirik Guttormson «Kinden» (1718–1814) & 1754 Anna Lassedtr «Nese» (1702? 1798) døydde båe i Valsvik. Det er grunnen til at vi trur dei var husmannsfolk eller innerstar på garden. Men vi finn dei ikkje nokon stad i manntalet i 1763. Då dei gifte seg, var Eirik utplassert som soldat i Kinni i Vik. Han kan ha vore ein bror til Arne Hovsviki, som også var husmann i Valsvik. Eirik og Anna fekk ikkje born som vart innførde i kyrkjeboka for prestegjeldet. Gamle folk var ofte yngre enn oppgitt ved død eller i folketeljinga i 1801, og dersom oppgitt alder for Anna ved død er 10–15 år for høg, slik at ho er fødd ca 1715, kan ho vera frå lnr 43+44 Nese. I tilfelle hadde ho ein bror på lnr 29, og nært slektskap mellom bondefolk og husmenn var vanleg. I 1801 var Eirik innerst på lnr 33. Då var oppgitt alder 88 år. Dersom det er rett, var han 102 år då han døydde! Oppgitt alder ved død er nok rettare. Arne Guttormson Hovsviki (1728–) & Ingrid Kristofferdtr Le (1736–1824) frå lnr 19 fekk: Kristoffer 1764 og truleg Guttorm 1768 (plass 18 Nese). Arne og Ingrid var husmannsfolk i Valsvik. Arne hadde broren Ivar på lnr 20 Le, ein annan bror Ivar på Dalsver, ei syster Ingrid på Åsberget, ei syster Barbra på ein plass på Geithus, og truleg ein bror Eirik som innerst i Valsvik. Arne døydde før 1801. I 1801 var Ingrid fattiglem og innerst på lnr 33 i Valsvik, men ho døydde på legd på Nese og med etternamnet Le. Vi er ikkje sikre på at sonen var på samen plassen, men i 1801 var Kristoffer Arneson Valsvik (1764–1819) & 1796 Synneva Endredtr Valsvik (1765–1833) frå lnr 33 på ein plass utan jord og som vart kalla Jarvane, sjå lnr 33bc. Born: Turid 1798–1848 (ugift), Arne 1801–10, Eirik 1803.
Eirik Kristofferson Valsvik (1803–1884) & 1834 Sigrid Hansdtr Otterskreda (1804–1852) frå Notaberget fekk neppe born. Eirik vart attgift til Vikøyri v176. Eirik hadde Guttorm 1824–24 med Brita Guttormdtr Engum frå Kvamsøy sokn.
Soldat Johannes Lasseson «Indre Nesse» (–) & 1745 Sigrid Monsdtr «Nesse» (1703–1767) var plassfolk under lnr 29 i 1763. Stadnamna då dei gifte seg tyder på at dei var frå Kvamsøy sokn. Av di Johannes var soldat i 1745, må han ha vore fødd ca 1720. Sigrid døydde på Geithus, og då vart Johannes kalla «sigleren». Det tyder på at han hadde jekt. Johannes vart attgift 1768 med Brita Hansdtr (–), båe hadde då stadnamnet Vikøyri. Dei kjem båe bort for oss.
Sjur Lasseson Nese (1752–1801) frå plass 17 Nese & 1794 Gjertrud Oladtr (1766–1843) fekk: Brita 1795–1822 (ugift), Ola 1798 (plass lnr 54 Vollavik), Ingeborg 1801 (plass lnr 59 Stavedal, så plass Alrek). Sjur var husmann utan jord i 1801. Gjertrud hadde tenaradressa Geithus då ho gifte seg. Ho var truleg husmannsdotter. Gjertrud vart attgift med enkjemann Elling Sjurson Flete (1754–1843) frå ein plass i Hola, busett på ein plass under Vollavik. Brita Sjurdtr Valsvik (1795–1833) fekk Mons 1819 med Johannes Bendikson Vetlesand (1792–1871) frå plassen Slåttane og som vart plassmann på Tangen under Holane. Mons Johannesson Valsvik (1819–) reiste til Nord-Noreg i 1844. Han hadde då tenaradresse Vollavik.
På plassen Teigen under lnr 31 var i 1875: Ola Endreson Nissestad (1823–1905) & 1854 Ingeborg Jondtr Kjelven (1826–1896), båe frå husmannsplassar. Born: Johanna 1852, Endre 1855, Karl 1858–64, Gunhild 1861–64, Kari 1865 (Vikøyri v832), Gunhild 1867 (USA 1890), Lars 1970 (USA 1892). Ola hadde to kyr i 1875. Frå 1889 fekk han pengar av fattigkassa som arbeidsfør og fattig.
Anna Nummedal har skrive at ho gjerne skulle ha teke med noko personleg om dei ho samla data om. Men det meste var gløymt.«Det kan kanskje vera like godt òg, for som oftast var det alle negative sidene åt folk som vart trekte fram.» Det var lettast å vera «ufyseleg» ovanfor dei fattig. Eit eksempel har ho om Ola, kalla «Gamle-Teigjen.» Han dreiv mykje med å spikka vidjeband, og fekk ofte eit spann med mjølk som betaling. Ein mann sa ein gong til han: «Da æ no berre fø arbeie du ska ha betaling, fø matrialadne stele du». Desse «godorda» var nok mannen stolt over og spreidde dei ut over bygda. Ola døydde som innerst, og det var ingen arv etter han. Endre Olason Valsvik (1855–) & 1882 husmannsdtr Malena Oladtr Nese (1861–1947) frå plass 2 Nese fekk: Birte 1881, Kristian 1884, Ola 1885, Ingeborg 1887. Huslyden var i åra 1882–84 på Dale, i 1887 i Hólaviki. Dei reiste til USA i 1889 frå Valsvik.
Ola Helgeson Dale (1863–1934) frå lnr 21 slo seg ned som handelsmann på denne plassen frå 1889. Ola bygde ei sjøbu nedafor stova. I 1901 selde han husa til Johannes Le og flytta til Indreklubbane på Nese. Men i 1909 kjøpte han tomta bnr 59/6 Nyheim, og bygde hus med butikk der. Sjå om familien der. Johannes Johannesson Le (1879–1956) dreiv først med hestehandel, men fekk i 1901 handelsbrev for å driva handel på denne staden. Men han var handelsmann berre i nokre få år. Han tok så teneste hjå Blauw på talkumfabrikken. Grunnen utskilt frå bnr 59/3 i 1967 som bnr 59/22 0,08 mark. Om huslyd: sjå bnr 59/22.
Plassen Sløkji: Sjå Ådlane.