Tenne og Morki
I botn av Indrefjorden ligg Tenne. Dette er eit område av Nese som frå gamalt av har vore skogs- og stølsområde med ein del inngjerda kvier som mest var slåttemark. Vi kjenner ikkje til husmannsplassar på Tenne. I dag er området mest aktuelt som hytteområde.
Bnr 64/50 Solhaug, frådelt bnr 64/1 i 1986. Huset var ferieplass, men var i åra 1994–2003 heilårsbustad. Olav Eirikson Løne (1924–) frå Voss flytta attende til Voss. Bnr 64/50 vart i 2003 overteke av Inge Erlingson Fagerbakke (1972–) frå Løno og Gry Leivdtr Bystøl (1971–) frå Voss. Dei bur i Oslo.
Morki (morkji) er eit område av Nese som ligg sørvest for sjølve neset, mot Tenne. I tillegg til bnr 64/16 og bnr 64/39 reknar vi òg Feilvik inn under området.
Bnr 64/16 Nyheim 0,10 mark, frådelt bnr 64/9 (= lnr 46b) i 1896. Frå lnr 31b Ådlane kom i 1896: Elling Helgeson Frettheim (1831–1919) & 1856 Gjertrud Oladtr Vollavik (1826–1906), båe plassborn . Dei hadde fem born, sjå lnr 31b Ådlane. Elling var halvbror til Tomas på bnr 64/9. Enkja Olina Jondtr Geithus (1849–1938) overtok. Ho kom frå bnr 60/8 Åseberget. Ho hadde visstnok stova si på Geithus med seg. Staden vart i 1933 skøytt til Edvard Andreas Pederson Normann (1888–1968) frå Rognan i Saltdal. Han var snikkar. Han gifte seg 1912 med Brita Knutdtr Otterskreda (1889–1981) frå bnr 65/2. Born: Peder Nikolai 1913 (USA 1939, så Råde i Østfold), Emil Bernhard 1914 (Porsgrunn), Olga Marie 1915 (Arna), Lovisa Olea 1917 (lnr 24a Dale), Birgitta Olida 1919, Klara Kristina 1920 (sjå note lnr 20a Le), Bjarne Andreas 1922 (USA 1948), Olav 1925 (USA 1948), Anna Maria 1927 (Halden), Norvald Johan 1930 (USA 1948), Gudrun 1931 (Moss), Astrid Lilly 1934 (Dilling i Østfold). Edvard fekk støtte frå Fastings legat 1920–23. Huset vart feriehus. I 1972 vart det skøytt til Emil Bernhard Normann (1914–), i 1983 til systrene Lovisa, Klara og Astrid og i 1987 til Klara 1920 og Anna Maria 1927. Sjå òg etterfølgjande bustad.
Bnr 64/39 Morki, 1969. Hus vart bygt i 1923, men tomta fråskilt bnr 64/2 først i 1969. Huset var bygt av Edvard Andreas Pederson Normann (1888–1968) & 1912 Brita Knutdtr Otterskreda (1889–1981). Dei hadde òg bnr 64/16. Andreas Knutson Vollevik (1912–1999) frå lnr 53a Finnabotnen & 1950 Birgitte Olida Edvarddtr Normann (1919–) fekk: Brita Sofie 1951. I 1969 overtok Brita Sofie Andreasdtr Vollevik (1951–) etter besteforeldra. Ho er gift med Ola Bjarneson Engum (1948–) på lnr 47a Nese og dei bur der.
Bnr 64/34 Feilviki 0,01 mark, 1961. Hus bygt 1963. Anders Haraldson Balevik (1930–) frå bnr 61/3 Hallsete & 1966 Brita Eilifdtr Nese (1923–) frå lnr 46a har ikkje born.