Stavedal
Stavedal (stavedalen, stavedal), Staffuedall (1611), Staffdall (1647), Stafdal (1667), Stavedal (1723, 1838, 1863, NG, VIK).
Lnr 59 Stavedal
4,37 spd = bnr 73/1 6,95 mark. I 1647 eigd av Anders Skårsheim 1,00 laup og Lars Indrevær 0,33 laupar. I 1723 var eigarane: Kristen Målsnes, Hermund Farnes og Anders Stokkebø og samla eige 1,41 laupar. Delvis frikjøpt ca 1795. Resten frikjøpt i 1827. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,67 laupar. Data for 1845: 7,5 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 1 hest, 20 storfe, 39 smalar.
Stavedal vart seint busett etter øydetida, for først i 1611 er den første leiglendingen, Nils , på plass. I 1645 var han gift med Dorte Oladtr og då hadde dei borna: Lars, Tollak og Gjertrud. Men av eit arveoppgjer seinare går det fram att dei også hadde: Hans, Brita og Ingrid. Dorte hadde arva heile 0,67 laupar i garden Solheim i Lavik, så då var ho kanskje derifrå. Alle borna blir borte for oss. På denne tida var Stavedal heilt i bondeeige. Det var uvanleg i heile prestegjeldet. I 1667 heitte leiglendingen Ola Hansson (1615–) og han hadde sonen Per 1652. Også dei blir borte. Til garden kom så Hermund Eirikson Finnen (1632–) gifte med Åsa Steffendtr (ca 1653–). Åsa var truleg frå Vollavik, Hermund var av adelsslekta på Finnen. Dei hadde borna: Gjertrud 1672–1727, Eirik 1686, Hermund 1690, Nils (død før 1701?), Gitlaug (lnr 63 Alrek) og Gjertrud d.y. (plass 14 Nese). Åsa vart attgift med Jens Bjørnson Otterskreda (1661–1741) og dei fekk Brita 1695. Brita Jensdtr Stavedal (1695–1735) & 1727 Anders Madsson Fitje (1697–) frå Ortnevik var neste leiglendingspar. Han var lensmannsson. Born: Mads 1728 (lnr 51 Vollavik), Åsa 1730 (lnr 61 Alrek), Jon 1734 (død før 1785). Anders vart attgift 1737 med Ragnhild Eirikdtr Hellane (1706–1780) frå lnr 27 og fekk: Eirik 1737–38, Hans 1738, Brita 1740 (Tangen i Ortnevik), Marta 1743 (lnr 62 Alrek), Brynhild 1745 (Linde i Kvamsøy sokn), Durdei 1748 (plass Alrek). Hans Andersson Stavedal (1738–1771) & 1767 Kari Oladtr Finnen (1737–1798) frå lnr 52 fekk Ragnhild 1771–71. Kari vart attgift 1771 med Johannes Botolvson Brekke (1745–1779) frå Ortnevik, sjå òg note lnr 36 Hallsete. Born: Brita 1773 (lnr 54 Vollavik), Lussi 1777 (lnr 47 Nese). Kari gifte seg for tredje gong med Johannes Larsson Hallsete (1751–1793). Det var ei brorson til Johannes som overtok i Stavedal. Ola Johannesson Hallsete (1769–1820) & 1796 Gjertrud Oladtr Valsvik (1761–1842) frå lnr 29 fekk: Anna 1798 (Vamråk i Ortnevik), Sigrid 1801–10. Ola vart sjølveigar ca 1795. Sjur Larsson Hallsete sat seinare på ein del av eiga i Stavedal og i 1812 skøytte han denne delen over på sonen Ola. Av ei skatteliste frå 1816 ser det ut til at Ola Johannesson og Ola Sjurson då delte på drifta av garden. I 1827 overtok Ola Sjurson resten av eiga i garden frå enkja Gjertrud 1761 og frå Anna 1798. Ola Sjurson Hallsete (1785–1861) & 1816 Brita Rognalddtr Åse (1790–1859) frå lnr 34 fekk: Sjur 1819, Anna 1821–21, Rognald 1823–61 (ugift, var «vanvittig»), Johannes 1830–30. Sjur Olason Stavedal (1819–1912) & 1845 Kari Oladtr Brekke (1822–1908) frå Ortnevik hadde garden i åra 1847–79. Born: Ola 1846, Brita 1852 (lnr 17a Tenål). Ola Sjurson Stavedal (1846–1931) & 1870 Lussi Jondtr Finnen (1847–1891) frå lnr 52 fekk: Sjur 1871–71, Sjur 1872, Anna 1876–1908 (ugift), Johan 1878 (bnr 73/3), Olai 1881 (plass Stavedal), Karl 1884–1911 (fekk fattighjelp, døydde av beintæring). Ola vart attgift 1903 med Sigrid Jondtr Skultestrand (1861–1940) frå Ortnevik. Dei fekk ikkje born. I 1891 vart frådelt bnr 73/2 0,98 mark og bnr 73/3 0,01 mark. Sjølve bruket bnr 73/1 5,96 mark gjekk i 1902 til: Sjur Olason Stavedal (1872–1952) & 1900 Marta Oladtr Le (1872–1922) frå lnr 20b. Born: Ola 1900, Anton Olai 1902 (Canada i 1926), Lussi 1904 (Hjartholm i Brekke, Gulen), Alfred 1906 (sjå bnr 73/3), Kari 1908 (Søreidegrend, Bergen), Anna 1910 (Bergen), Gjertrud 1912 (Austrheim i Kyrkjebø), Sigrid 1914 (Høyanger). Ola Sjurson Stavedal (1900–1960) & 1949 Signe Emilie Skorgen (1907–1996) frå Visdal i Romsdal hadde bruket 1934–74. Born: Magny Sofie 1949 (Nordfjordeid), Astrid 1951. Signe flytta til Vik etter Ola døydde. I 1962 kjøpte ho bnr 37/24 0,03 mark under lnr 110 Tryti. Astrid Oladtr Stavedal (1951–) & 1972 Halvard Johan Drægni (1941–) frå Sogndal har overteke bruket. Dei bur på bnr 37/40 under lnr 110 Tryti i Vik.
Bnr 73/2 Lægedna 0,98 mark, frådelt 1892. Ellend Olason Finnen (1855–1914) frå plass under lnr 52 & 1885 Gjertrud Knutdtr Kroksnes (1860–1924), fødd på plassen Leite på Vetlesand, fekk: Brita 1886 (Feios), Knut 1888. Dei var innerstar i Finnen før dei kom til Stavedal, truleg i 1891. Knut Ellendson Finnen (1888–1973) & 1910 Elina Andreasdtr Le (1881–1966) frå lnr 20b overtok i 1911. Born: Erling 1911, Anna 1912–2005 (bnr 36/13 Bø i Vik), Anton 1913–2003 (Askøy), Olav 1916–82 (Norevik, Lavik), Gerdfinn Kåre 1926–2005 (Askøy). Knut og Elina flytta til Askøy. Erling Knutson Stavedal (1911–1988) & 1939 Ragnhild Rognalddtr Sæle (1904–1986) frå Kvamsøy sokn overtok i 1943. Born: Eldbjørg 1941 (Ovestevegen 17 i Øyane-Grov), Kari Reidun 1944 (Gildhus), Klara 1946 (bnr 3/38 under lnr 9 Seim). I 1954 flytta huslyden til Vik og bygde i 1964 hus i Ovestevegen 15 i Øyane-Grov. Dei tre døtrene overtok i 1974.
Bnr 73/3 Lokao 0,01 mark, frådelt 1892. Dette var ei liten urydd plass kjøpt av husmannsson og skomakar Eirik Birgeson Sylvarnes (1833–1904) & 1884 Nilla Nilsdtr Fuglsbø (1848–1915) frå Ortnevik. Dei var barnlause. Eirik og Nilla var på plassen i år 1900. Dei flytta truleg til plassen Birjehaugen på Sylvarnes, der Eirik var oppvaksen. Eirik var skomakar. Nilla døydde i Holmedal. Johan Olason Stavedal (1878–1969) & 1911 Lovisa Monsdtr Nese (1883–1967) frå lnr 43 tok staden på odel. Dei hadde ikkje born, men Johan hadde Karl 1904 med Ovida Andreasdtr Hovland (1883–1962) frå Vadheim. Ovida gifte seg med Isak Andersson Berge, og dei og Karl busette seg i Høyanger. Karl brukte Hovland som familienamn. Johan fekk kjøpt til jordstykket bnr 73/4 0,02 mark i 1917. I 1960 flytta Johan og Lovisa inn i kårstova på lnr 43 Nese. I 1961 vart Lokao skøytt til Alfred Sjurson Stavedal (1906–) som budde med familie i Høyanger, og huset vart ferieplass. Alfred gifte seg med Anna Hermandtr Liljedahl (1918–1994) frå bnr 43/1 under lnr 5 Juvik. Ho hadde frå før Jon Håkon 1943. I 1981 vart eigedomen skøytt til Jon Håkon Liljedahl (1943–) som bur i Høyanger. I 2007 overtok Harry Person Liljedahl (1970–) frå lnr 98/5 på Tveit i Vangsnes sokn. Han bur i Vik.
Husmannsplass: Anders Olason Finnen (1799–1846) & 1825 Ingeborg Sjurdtr Valsvik (1801–1887), båe av husmannsfolk, fekk: Sjur 1825, Brynhild 1827 (sjå note lnr 63 Alrek), Ola 1829, Elling 1831 (Nord-Noreg), Gjert 1834 (Nord-Noreg). Anders vart spedalsk og vart innlagt på sjukehus i Bergen 1839. Ingeborg reiste til Senja i 1847 og hadde med seg Ola, Elling og Gjert. Ho kom att 1849 og hadde med seg sønene Ola og Elling. Gjert voks opp hjå ein «god» familie der nord. Ingeborg vart attgift 1854 med Endre Sjurson «Vikøyri» (1795–1874), og flytta til plassen Slåttekvina på Alrek. Ingeborg fekk fattighjelp frå 1849 til ho flytta til Alrek. Sjå meir under plassen Slåttekvina. Sjur Andersson Stavedal (1825–) & 1854 Synneva Lassedtr Brekke (1828–) frå Ortnevik fekk: Brita 1851 og Nils 1854. Huslyden var innerstar i Vollavik. Dei reiste til USA i 1856. Ola Andersson Stavedal (1829–) & 1855 Kristi Sylfestdtr Sagi (1823–) frå Kvamsøy sokn fekk: Anna 1855, Marta 1858. Huslyden reiste til USA i 1858. Ola hadde òg Johanna 1854 (USA 1861) med husmannsdtr Marta Jondtr Hanekam (1821–).
Ospedotten, plass mellom Stavedal og Lokao. Olai Olason Stavedal (1881–1921) & 1903 Sitona Tollakdtr Finnabotnen (1876–), plassdtr, fekk: Lovisa 1903, Ingeborg 1905 (Mongstad, Lindås). I åra 1911–12 var familien i Finnen. Sitona flytta til Ingeborg og døydde der. Ola fekk fattigstøtte i 1920, Sitona frå 1921. I åra 1930–38 budde Lovisa Olaidtr Stavedal (1903–1987) & 1924 Johannes Nilsson Sandvik (1900–1987) frå Brekke på plassen. Huslyden flytta med born til Vik, sjå under bnr 3/5 Seimstrondi, Vetleøyri i del 3.