Otterskreda

Otterskreda (otterkreao , tidlegare også åttreskreao): Otterskridu, Ottraskrida (ca 1320), Aaterskreen (1603), Otterschre (1611), Otterskreen (1647, 1667), Otterschreen (1723), Otterskreden (1838, 1863), Otreskreen (NG), Otterskred (VIK). Familienamnet er Otterskred.

Lnr 49 Otterskreda

2,11 spd. Eigarar i 1647: Prestebolet i Vik 0,50 laupar, Arnafjord kyrkje 0,50 laupar, i 1723 Prestebolet i Vik 0,33 laupar, Arnafjord kyrkje 0,33 laupar og 0,33 laupar truleg sjølveigd. Sjølveiga truleg overteken av Anders Daae, vart på nytt sjølveige i 1878. Benefisert del frikjøpt i 1848. Matrikkelskyld i 1647, 1723 og 1838: 1,00 laup. Data for 1845: 4,5 daa bygg, 1,1 daa potet, 2 hestar, 15 storfe, 30 smalar, 12 geiter og 2 svin.

Første brukar på Otterskreda vi kjenner til etter øydetida var «øydegardsmannen» Jon i 1603. I 1611 heitte leiglendingen Olav. I 1645 og 1647 var brukaren Hans, gift med Birgitte, og dei hadde i 1645 med seg borna: Eilif, Gjertrud og Sigrid. Randi Rasmusdtr var òg «dotter», noko som tyder på at Birgitte hadde vore gift før. Hans var der òg i 1655. I 1667 var det Bjørn Hansson Otterskreda (1624–1698) som var på garden. Der var òg «husmann» Botolv Ivarson (1590–). Bjørn var gift med Guri Jensdtr (–) og dei hadde: Jens 1661 (lnr 59 Stavedal), Hans 1664 (lnr 50 Geithus), Gunnar 1673 (var hjå ei syster i Ortnevik i 1701), Marta (gift med Hermund Nedre-Tune i Ortnevik), Gjertrud, Torborg, Ingeborg 1687 (lnr 47 Nese). Bjørn var velståande, hadde eige i andre gardar. Guri vart attgift med Alf Johannesson Sylvarnes (1667–1752). Han kom til gards før 1701. Alf gifte seg på nytt før 1727 med Guri Amunddtr Le (1680–1757) frå lnr 20, men dei fekk ikkje born. Til garden kom ein soneson til Bjørn, Hans Hansson Geithus ( 1769) frå lnr 50 & 1749 Åsa Simondtr Valsvik (1720–) frå lnr 30. Hans var fødd ca 1720. Åsa fekk kår i 1775, men blir så borte for oss. Born: Ingeborg 1750, Hans 1753–53?, Hans 1754 (plass 19 Nese), Guri 1757–57, Gjertrud 1760–84 (ugift, fekk Hans 1783 med Jon Endreson Valsvik frå lnr 33, fødd 1754 eller 1760, men Hans døydde før 1801). Ingeborg Hansdtr Otterskreda (1750–1833) & 1774 Ingebrigt Knutson Nese (1751–1843), gjestgjevarson frå Klubben, fekk: Knut 1774, Hans 1774 (lnr 49b), Åsa 1778–1806 (ugift), Anders 1780 (døydde før 1801), Gjertrud 1787–1803, Brita 1788 (plass Vollavik), Guri 1792 (plass på Kvamsøyna). Knut Ingebrigtson Otterskreda (1774–1807) & 1806 Brita Oladtr Nese (1776–1845) frå lnr 42 var barnlause. Brita vart attgift 1808 med Markus Bendikson Øvre Tune (1782– 1870) frå Ortnevik. Markus fekk bygslingsbrev på bruket same året. Born: Synneva 1810, Knut 1813–13, Guri 1814 (sjå note lnr 41 Nese), Malena 1814–14, Malena 1817–18, Hans 1820–20, Knut 1822–22. Synneva Markusdtr Otterskreda (1810–1893) & 1827 Johannes Olason Nese (1800–1893) frå lnr 47 fekk: Lussi 1827–27, Lussi 1829 (lnr 40a Frettheim), Brita 1830 (lnr 40b Frettheim), Ola 1833–33, Kari 1834 (bnr 65/3), Malena 1837 (lnr 36a Åse), Ola 1840–65 (fall utfor eit fjell), Markus 1843 (bnr 65/1), Johan 1846–1899 (skal ha vore synsk, men vart rekna som åndssvak). Garden vart tredelt i 1878.

Garden var eigd av Vik prestebol og Arnafjord kyrkje. Den første delen kom i privateige innan Daae-ætta. I 1847 var det ei formell skylddeling mellom eigedelane. Presteboldelen fekk lnr 49b 1,15 spd og den andre lnr 49a 1,16 spd. I 1848 fekk Johannes Olason kongeleg skøyte på lnr 49b, medan lnr 49a først vart frikjøpt i 1878. Før dette var det berre eiga som hadde vore delt, ikkje sjølve garden og i 1878 vart difor lnr 49a og lnr 49b slegne saman. Deretter skjedde det same året ei reell bruksdeling i lnr 49(a+b)a 1,63 spd, lnr 49(a+b)b 0,37 spd og lnr 49(a+b)c 0,32 spd. Den eine frådelinga var Notaberget, som var ein tidlegare husmannsplass.

Lnr 49(a+b)a 1,63 spd = bnr 65/1 2,24 mark. Sjølveigar på hovudbruket i 1878 vart: Markus Johannesson Otterskreda (1843–1917) & 1869 Anna Arnedtr Stadheim (1850–1926) frå lnr 32 i Vik. Born: Olina 1869 (USA 1884), Arne 1870–72, Johannes 1872 (USA 1888), Anna 1874–75. Anna vart sinnsjuk og kom i 1876 til heimen Rotvoll. Etter ei tid kom ho tilbake til Vik, sjå lnr 32 Stadheim. Markus vart så sambuar med Lussi Oladtr Flete (1861–) frå bnr 53/3 i Hola utan å bli skild frå Anna. Dei fekk: Anna 1891 og Sitona 1894 (bnr 63/2 Frettheim). I 1900 fekk Karl Johannesson Nese (1862–) frå lnr 48 & 1900 Anna Nilsdtr Ese (1874–) frå Ytre Ese i Balestrand skøyte på bruket. Born: Johannes 1900–01, Johannes 1903–14, Nils 1905. Huslyden flytta til Borge ved Fana, og bruket vart skøytt tilbake til Markus i 1906. På bruket vart så busett: Anna Markusdtr Otterskred (1891–1968) & 1909 Jon Markusson Finnabotnen (1886–1982) frå bnr 67/1, men dei fekk skøyte på bruket først i 1922 frå dødsbuet etter Markus. Born: Markus 1909–91 (Skoger ved Drammen), Harald 1911, Olav 1914 (Sandsli i Bergen), Håkon 1915–93 (Bergen, brukte etternamnet Otre), Margit 1919–74 (Odda, så Skoger), Olav 1914 (Oslo), Eli 1921 (Undredal, så Aurland), Solveig 1929–92 (Os). Harald Jonson Otterskred (1911–1997) & 1950 Astrid Hermunddtr Geithus (1920–) frå bnr 66/4 fekk: Dagfinn 1953 (Sjøtunvegen 18 i Vik), Evy 1957. Evy Haralddtr Otterskred (1957–) & 1988 Inge Skjerping (1959–) frå Lærdal har ikkje born.

Lnr 49(a+b)b 0,37 spd = bnr 65/2 0,51 mark. Notaberget. Dette var opphavleg ein husmannsplass. Han vart frikjøpt ved delinga i 1878. Hans Ingebrigtson Otterskreda (1774–1840) & Ingeborg Hansdtr Nissestad (1777–1849) fekk bygselbrev på husmannsplassen i 1807. Giftarmålet er ikkje med i kyrkjeboka, eitt av dei mange feila i denne boka på denne tida. Born: Anders 1801, Sigrid 1804 (plass Valsvik), Knut 1808 09, Åsa 1810 (plass Dale), Lars 1820 (plass 9 Nese). Anders Hansson Otterskreda (1801–1858) & 1828 Kari Oladtr Hellane (1802–) frå lnr 27 fekk: Ingeborg 1828 (fekk i 1848 ei jente med Ola Larsson Engum, men tok livet av barnet etter fødselen), Ola 1830 (Dalsver, så bnr 60/4 Åsberget), Gjertrud 1833–33, Gjertrud 1835 (plass Holane, så USA), Hansina 1838 (sjå note lnr 50 Geithus), Knut 1841, Ola 1845. Anders drukna. Enkja Kari reiste til USA i 1870. Knut Andersson Otterskreda (1841–1880) var ugift. I 1875 var han jekteeigar og -førar og budde i fjøset på lnr 50b Hustavenes. I 1879 bad Bjørn på Hustavenes fattigvesenet om å ta over den spedalske Knut Andersson «Nata-berget». Styret vedtok at fattigkassa skulle skaffa dei nødvendige kleda for at han kunne sendast til Bergen. Han vart i januar 1880 innlagt på «Pleiestiftelsen» i Bergen og døydde der i november same året. Etter 1870 vart truleg plassen i nokre år busett av kårfolka Johannes og Synneva Otterskreda. I 1876 fekk Anders Hermundson «Notaberget» sine born fattighjelp til kjøp av sko for å gå i skulen. Men i 1875 var Anders med huslyd innerstar på Nese og alt innan 1878 må dei ha flytta tilbake til Nese, sjå plass 20 Nese. Tollak Steffenson Lønne (1846–1938) frå Kvamsøy sokn & 1868 Ingeborg Larsdtr Nese (1845–1934) frå plass 9 kom truleg til Otterskreda i 1870. I 1875 vart Tollak kalla skogsarbeidar og husmann utan jord, men i 1878 vart han eigar av Notaberget. Men kanskje greidde Tollak aldri å skaffa nok pengar for å løysa inn eigedommen, og huslyden flytta til ein plass i Finnabotnen. Born: sjå husmannsplassar under lnr 53 Finnabotnen. Knut Torson Geithus (1833–1916) & 1881 Brita Oladtr Finnen (1849–1929), båe husmannsborn, overtok småbruket i 1884. I 1875 var Knut innerst i Finnabotnen og dreiv med slaktararbeid, og dei to første borna vart fødde i Finnen. Born: Tor 1880, Ola 1883 (USA 1903), Karl 1885 (USA 1904), Brita 1889 (bnr 64/39 Nese i Morki), Johan 1892 (USA 1908). Knut hadde òg Brita 1855 (USA 1864) med husmannsjenta Brita Larsdtr Ådlane (1833–), og Brita hadde Olina 1875 med Ola Jonson Vangsnes (1853–) frå plass 35 Vangsnes. Olina flytta til Sund i Hordaland i 1895. I 1894 måtte fattigkassa betala tre rekningar som Knut ikkje hadde betalt. Deretter gjekk det betre. Dei tre småbruka på Otterskreda hadde lite dyrka jord, men svært steinfull jord vart dyrka, og i 1911 fekk Knut heidrande omtale for nydyrking. Tor Knutson Otterskreda (1880–1971) & 1911 husmannsjente Anna Tollakdtr Finnabotnen (1884–1964) fekk Ingeborg 1912–97 (var utplassert, sjå lnr 90 Brekke i Vik). Tor og Anna vart skilde. Ho var deretter tenestejente på gardar på Strendene. Tor vart attgift 1925 med Birte Marie Pederdtr Ytredal (1889–1963) frå Gaular og dei fekk: Klara Sofia 1926 (ugift, heime), Petra 1927, Torbjørg Olida 1929 (Skogstad i Valdres), Bjarne 1931 (bnr 59/6 Valsvik), Torleiv Magnar 1934. Birte Marie hadde frå før Bergljot 1909 (sjå note), som vart oppfostra på bnr 61/2 Hallsete. Men ho var med til Otterskreda då Birte Marie kom dit som tenar. Birte Marie hadde òg Aslaug 1920 (Lindheim i Florø) med Elling Tolleifson Frettheim (1898–1976) frå lnr 40b. Dei var då båe i teneste på Otterskreda. Torleiv Magnar Torson Otterskred (1934–) hadde bruket 1960–66 og frå 2000 og Petra Tordtr Otterskred (1927–) i 1966–2000. Dei er ugifte.

Bergljot Andreasdtr Otterskred (1909–1998) & 1939 Ludvik Gjertson Lee (1912–1996) frå lnr 19a busette seg i Utvik i Nordfjord. To born er fødde i Arnafjord: Gunnar 1940 (Kristiansand), Målfrid Marie 1944 (Sandane). Far til Bergljot var Andreas Janson Dregebø (1883–) frå Gaular.

Lnr 49(a+b)c 0,32 spd = bnr 65/3 0,43 mark. Indrebø. Knut Andersson Nese (1848–) frå plass 7 Nese & 1874 Kari Johannesdtr Otterskreda (1834–1915) frå lnr 49 fekk i 1878 skøyte på eigedomen. Born: Ola 1872 (USA 1903), Synneva 1874 (Haugesund, så USA), Johannes 1878–83. «Tusvik-Knut» blir borte for oss mellom 1878 og 1900. Han døydde neppe medan ungane var små, for då hadde vi funne dei i fattigprotokollen. Ein tenkjeleg grunn kan vera at han reiste på vinterfiske, slik mange småbrukarar i soknet gjorde på denne tida, og at han kom bort på havet ca 1892. Ved teljinga i 1900 var Kari åleine hjå ei av systrene sine på Frettheim og ho døydde som enkje på Otterskreda. Bruket vart selt 1893 til Askild Helgeson Dale (1866–1950) frå lnr 21 & 1891 Birte Oladtr Åsberget (1869–1926) frå bnr 60/4. Born: Jensina 1889, Helge 1892–1913 (tæring), Ola 1894, Rognald 1897, Gjertrud 1899, Inga 1902, Ola 1903, Ingvald 1905, Synneva 1912–17. Huslyden flytta i 1910 til bnr 60/4 Åsberget. Sjå meir om borna der. Bruket vart overteke av Lussi Oladtr Flete (1861–1973), «sambuaren» til Markus Otterskreda på hovudbruket. Ei av dei to døtrene ho og Markus hadde, Sitona 1894, vart gift til lnr 40a Frettheim. Før ho gifte seg hadde Sitona fått Johannes 1913 med strandsitjarson og matros Anders Andersson Fardal (1888–) frå Sogndal. Johannes vart oppfostra av bestemora Lussi, og ho overlet bruket til dette barnebarnet. Johannes Andersson Otterskred (1913–1973) & 1938 Gunnhild Kristiandtr Sørevik (1920–1994) frå Sandbakken fekk: Kristian Olai 1938, Solfrid Gunnvor 1940 (Vestre Slidre i Valdres), Jan Gustav 1947 (sjå note under bnr 60/19 Åsberget) og Gunn Karin 1957 (Lillehammer). Johannes dyrka ca 18 dekar med svært steinfull jord. Det var ein stor innsats, men bruket var likevel svært lite, og i 1950 kjøpte han bnr 64/12 på Nese og huslyden flytta dit. Deretter har bruket vore drive frå Nese. Kristian Olai Otterskred (1938–) overtok båe bruk, sjå lnr 48 Nese.