Klubben

Klubben, eller Ytre Klubbane, kan reknast som sentrum av namngarden Nese. Her var hovudbryggja for området, i gamal tid gjestgjevarplass, seinare dampskipsekspedisjon og post. Her var òg handverkarar busette.

Gjestgjevarplass. Knut Andersson Nese (1712–1781) frå lnr 45 & 1739 Brita Lassedtr Nese (1715–) frå lnr 43+44 var gjestgjevarpar på Klubben. Born: Brita 1739–42, Ola 1741–42, Ola 1743 (lnr 46 Nese), Anders 1745 (lnr 62 Alrek), Ingebrigt 1747–51, Lasse 1749 (lnr 61 Alrek), Ingebrigt 1751 (lnr 49 Otterskreda), Rognald 1753. Rognald Knutson Klubben (1753–) & 1780 Ingeborg Oladtr (–) fekk: Torbjørg 1781–81, Knut 1783. Rognald var i 1789 husmann under lnr 45 og betalte då formueskatt. Desse folka er borte frå Nese ved teljinga i 1801.

Ekspedisjon. Landhandlar, kyrkjetenar og ekspeditør for Fylkesbaatane: Steffen Jonson Finnen (1850–1940) & 1887 Ingeborg Guttormdtr Baug (1851–1938), husmannsdtr frå Lavik, fekk: Anna 1889 (sjå note), Georg Johan 1890 (bnr 64/25 under lnr 48), Randina 1894–1901. Steffen bygsla tomt og bygde hus på Klubben. Steffen og Ingeborg tok til seg Gjertrud 1899 (USA 1915), ei dotter til Askild Helgeson Åsberget på bnr 60/4. «Steffo pao Klubben» fekk Kongens fortenestemedalje i sølv 1940.

Bnr 64/28 Laberget 0,05 mark, frådelt bnr 64/5 i 1951. Dette vart pensjonistbustad for Markus Nese (1876–1961) & 1944 Ågot Hopperstad (1896–1986). I 1961 vart eigedomen skøytt til borna Gjertrud Vatne (1902–) og Gunnar Neset (1912–). I 1982 gjekk Gjertrud sin del til borna: Ragnhild, Gunvor, Harald Magne, Roar Jon, Steinar og Solveig, og i 1984 skøytte Gunnar sin del til Morten, Gerd Hilde og Kirsti Agnethe. I 1988 overtok Morten Gunnarson Neset (1950–). Han gifte seg 1977 med Geraldine Behan (1955–) frå Dublin i Irland. Born: Liv Siobhain 1978, Phillipa 1979, Thomas 1981, Gunnar Patrick 1984. Morten er augnelege og er busett på Jægermyren, Sandviken i Bergen.

Bnr 64/29 Klubben 0,40 mark, frådelt bnr 64/5 i 1951. Johannes Markusson Nese (1914–2002) overtok forretningsbygget etter faren. Han hadde bustad i etasjen over butikken. Han arbeidde i forretninga frå han tok handelsskule i 1935 til 1996 då drifta vart avslutta. I 1990 overtok Morten Gunnarson Neset (1950–).

Lnr 45c 0,04 spd = bnr 64/7 0,06 mark. Ola Larsson Hellane (1848–1895) frå lnr 27 var skreddar. Han var i 1875 husmann utan jord på Bakken under lnr 45b, men fekk i 1881 kjøpt lnr 45c. Ola gifte seg 1873 med Barbra Gullakdtr Håland (1843–1884) frå Kyrkjebø og dei fekk: Gullak 1872 (USA 1888), Sigrid 1874 (til Hardanger), Durdei 1877 (USA 1896), Gjertrud 1880 (USA 1901) og Lars 1883 (USA 1901). Ola vart attgift 1887 med husmannsdotter Olina Andersdtr Nese (1854–1943) frå plass 7 Nese, og dei fekk Birte 1887 (Sverige), Olai 1889 (USA 1905), Sigurd 1891 (USA 1911), Hanna Marie 1893 (Høyanger). Olina hadde frå før Andreas 1881 (USA 1902) med Ola Hansson Næverdal, dreng på Alrek. I 1895 fekk enkja Olina fattighjelp. Ho hadde då fem born under konfirmasjonsalderen. Olina var av «tusvikane», og det var vel grunnen til at stova vart kalla «Tusvikstovao». Ho vart visstnok flytta frå Ikjefjorden og vart riven i 1961. I 1909 fekk Markus Markusson på hovudbruket skøyte på plassen og i 1964 gjekk bnr 64/7 inn i dette bruket.

Bnr 64/19 Næse 0,01 mark, frådelt bnr 64/6 i 1900.

Rognald Halvarson Hanekam (1873–1954) & 1898 Brita Knutdtr Kroksnes (1868–1923) frå Ortnevik busette seg her på ei tidlegare husmannsplass. Rognald bygde nytt hus. Dei hadde ikkje born. Foreldra til Brita var ei tid på plassen Leite under lnr 60 Vetlesand, sjå der. Brita fall utfor ein hammar i utmarka mellom Flete og Le 3. september 1923. Då dreiv ho og mannen med markaslått. Dei tørka høystråa skulle altså berast ned til stranda i Framfjorden og fraktast med robåt til Nese! Rognald var i året 1900 «skomagermester». Rognald kjøpte parsellen bnr 64/21, men miste han etter konkurs i 1930. Rognald vart attgift 1933 med Kristina Bjørndtr Geithus (1892–1962) frå lnr 50a. Heller ikkje dei hadde born. Stova vart riven i 1968.

Matros Hjalmar Notø (1895–) & Anna Steffendtr Klubben (1889–) fekk Svanhild 1920. Dei flytta til Bergen.