Kyrkjeteig

Kyrkjeteig (kjyrkjetaijen, taijen): Kirketeig (1863), Kirketeigen (1838, NG), Kyrkjeteig (VIK).

Lnr 55 Kyrkjeteig

0,17 spd. Ikkje eige bruk i 1647 eller 1723. Ikkje matrikkelskyld i laupar i 1838, men var i Daae-eige kring 1750. Plassen kan ikkje ha vore ein vanleg integrert del av Vollavik, med såkalla ideell part av landskylda til eigarane, for i 1802 gav prestefrua Birgitte (Daae) Michelet opp at ho eigde ein husmannsplass i Vollavik. Ikkje skyldsett i laupar i 1838. Data for 1845: 1,1 daa bygg, 0,4 daa potet, 2 storfe, 18 smalar.

Kyrkjeteig høyrde inn under Vollavik, og var først busett av husmenn under Vollavik. Den første vi veit om der er «Elling Kirketeig med hustru og en fattig dreng» i 1762. Det må vera Elling Ellingson (–) & 1738 Ingeborg Anfindtr Skrenes (–) frå Balestrand. Dei fekk: Anfin 1739–39 og Elling 1743–43. Elling var kyrkjetenar. Vi har ikkje funne fram til opphavstad for Elling, men dersom han var gardbrukarson, kan han ha vore frå Finnabotnen. Deretter kom Lasse Simonson Dyrdal (1743–1809) frå Ortnevik & 1775 Sigrid Knutdtr Hauge (1742–1811) frå Luster. Dei var i 1801 på ein plass med jord under Vollavik (og som vi trur var Kyrkjeteig) og dei var då barnlause. Sigrid vart attgift til Vetleøyri s128. I 1804 selde Birgitte Michelet, av Daae-ætt, plassen Kyrkjeteig til husmannsson Anders Andersson Finnen (1784–1854) & Eli Sjurdtr Valsvik (1778–1858) frå lnr 29. Anders var ein brorson til Lasse Simonson. Born: Simon 1804–04, Lussi 1805–05, Lussi 1806 (Sande i Ortnevik, så USA), Lasse 1810–1819, Sjur 1813–1819, Simon 1816 (lnr 54 Vollavik), Lassina 1820–37, Sjurina 1824 (Svolsvik, sjå del 3). I 1855 selde Eli plassen til Johannes Madsson Vollavik (1805–1865) & 1831 Gjertrud Johannesdtr Sylvarnes (1811–1868) i ei form for gardabyte slik at sonen Simon kunne få overta Vollavik. I skiftet etter Johannes og Gjertrud i 1868 vart Kyrkjeteig skøytt til Ola Eirikson Tune (1828–1892) & 1868 Ingeborg Sjurdtr Fitje (1833–1897), båe frå Ortnevik. Dei var ei tid på Brekke i Ortnevik. Born: Gjertrud 1870, Guri 1874–1927 (ugift på Kyrkjeteig). I 1871 fekk Ola kjøpt til lnr 57b Sylvarnes 0,07 spd (= 0,10 mark. Lnr 55 og 57b vart i den nye matrikkelen slege saman til bnr 70/1 0,39 mark. Gjertrud Oladtr Kyrkjeteig (1870–1940) & 1897 Eirik Knutson Berge (1864–1955) frå Hyllestad fekk: Olav 1898, Øystein Anton 1899–1956 (Bergen), Ingvald 1901–62 (Bergen), Martin 1904–1942 (Canada), Gerhard 1906–85 (Os), Magnus 1909–87 (ugift, dreiv laksefiske, Sjøtunvegen 13 i Vik), Ingeborg 1911 (Vikøyri, hus nr 70), Lasse 1915–2002 (Aurland, så Oslo). Olav Eirikson Kyrkjeteig (1898–1964) & 1923 Laura Andreasdtr Vollevik (1900–1955) overtok i 1946. Born: Einar 1925–25, Gunhild 1926 (Kvinlog i Kvinesdal, så Hafslo), Gjertrud 1933, Elfrid Aud 1934 (Kaupanger), Gudveig 1936 (bnr 72/1 Hanekam). Gjertrud Oladtr Kyrkjeteig (1933–) & 1958 Agnar Jonson Orvedal (1936–) frå lnr 52 overtok i 1964, men flytta til Prestvegen 16, Prestberget i Vik i 1970. Born: Jostein 1959 (Gildhus i Vik), Oddvin 1962 (Os), Arild 1966 (Prestvegen 11, Prestberget i Vik), Egil 1971 (Gjøvik).