Hanekam

Hanekam/Hanekamb (hanekamb, hanakamb): Hannekam (1611), Hannekamb (1647), Hanekam (1667, 1723, 1863), Hanekamb (1838, NG, VIK).

Lnr 58 Hanekam

4,37 spd. I 1647 og 1723 eigd av Domkyrkja i Bergen, 1,75 laupar. Sjølveige frå 1855. Matrikkelskyld: 1,50 laupar i 1723 og 1838. Data for 1845: 7,5 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 2 hestar, 20 storfe, 39 smalar, 15 geiter og 1 vinterfôra svin.

Som mange andre strandagardar vart Hanekam busett på nytt etter øydetida kring år 1600. Nils var leiglending der i 1603, men i 1611 heite brukaren Asgrim. I 1626 og 1645 var det Per med Helga Nilsdtr som var på garden. I 1645 hadde dei med seg borna Hans og Brita. I 1667 er det gitt opp to oppsitjarar: Per Nilsson (1630–) og Hans Person (1615–). Den siste hadde med seg sønene Jon 1647 og Nils 1656. Ivar Nilsson (1625–) var «husmann» på garden. Per og Ivar var kanskje brør til Helga. Det kom nye folk til garden, og dei var frå Seljadalen i Vik. Ingebrigt Monsson Øvstedal (1659–1732) & Anna Markusdtr Grønsberg (1663–1742) fekk: Mons 1690 (Brekke i Ortnevik, sjå òg note lnr 61 Alrek), Durdei 1697 (Brekke i Ortnevik), Markus 1697, Ingeborg 1702, Anna 1704 (lnr 17 Tenål i Vik), Brita (plass Koldingsnes), Magdeli. Anna Markusdtr hadde ein bror, Ivar, på lnr 16 Holane. Ingeborg Ingebrigtdtr Hanekam (1702–) & Eirik Hermundson Stavedal (1686–1736) fekk: Markus 1727–27, Åsa 1728 (sjå note), Per 1729 (Mjølsvik i Ortnevik), Ingebrigt 1730 (Mjølsvik), Hermund 1734–34, Hermund 1735 (sjå note). Ingeborg vart attgift 1737 med Per Johannesson Vetlesand (–) og dei fekk: Anna 1737, Johannes 1739, Eirik 1741–41, Sigrid 1744 (sjå note), Ola 1746. Per har vi identifisert på grunnlag av fadrar på borna. Johannes Person Hanekam (1739–?) & 1770 Sigrid Pauldtr Vetlesand (1741–1817) fekk: Paul 1770, Per 1771 (plass Sylvarnes), Ingeborg 1774–1820 (ugift, fattiglem), Jon 1776 (tenar på Dale i 1801), Ivar 1777. Sigrid vart attgift 1778 med Hans Amundson Hellane (1737–1805) frå lnr 26. Born: Johannes 1779, Amund 1781 (plass Sæle). Dei fleste born døydde truleg tidleg, og det kom nye folk til garden. Halvar Andersson Hellane (1758–1833) frå lnr 27 & Lussi Endredtr Le (1760–1828) frå lnr 20 fekk: Ragnhild 1784 (plassen Bjørkevik), Brita 1787 (plass Vetlesand), Endre 1790, Anders 1794–1800, Johannes 1797 (lnr 62 Alrek), Anders 1800 (sjå note), Brita 1807 (plass Sylvarnes). Endre Halvarson Hanekam (1790–1867) & 1816 Gjertrud Steffendtr Finnabotnen (1790–1823) fekk Halvar 1820. Endre vart attgift 1825 med Brita Andersdtr Lønne (1799–1830) frå Kvamsøy sokn. Då far til Brita døydde i 1804, fekk Brita skøyte på farsbruket, men alt i 1812 vart bruket på Lønne selt ved verje. I mellomtida hadde bruket der vore drive av mora og stefaren Jon Olason Nese (1780–1849) frå lnr 42. Endre og Brita fekk: Anders 1827 (plassen Bjørkevik), Gjertrud 1829–69. Endre gifte seg for tredje gong 1831 med Brita Johannesdtr Indre Nesse (1789–1862) frå Kvamsøy sokn. I Halvar si tid, i 1803, gjekk det ei stygg snøskrede på Hanekam som sopte med seg 7 av husa. Mykje fureskog og bjørkeskog gjekk òg med. I 1849 fekk Endre pengar av fattigkassen for pleie av broren Anders og for utlegg til likkiste for Brita Jondtr Holane (1763–1849) frå plassen Raudsteinane og som døydde på legd på Hanekam. Halvar Endreson Hanekam (1820–1880) & 1856 Olina Rognalddtr Sæle (1833–1884), Kvamsøy sokn, fekk først ei dødfødd jente i 1857, så: Endre 1858, Rognald 1861–63, Anne Marie 1863–1940 (ugift, sinnsjuk), Gjertrud 1866–1935 (ugift, Slagen ved Tønsberg), Randina 1868, Helena 1872–72, Rognald 1873 (bnr 64/12 på Klubben, Nese). Olina vart attgift med Lasse Monsson Kroken (1849–) frå Lavik. Han kom til Hanekam som tenar. I skiftet etter Halvar i 1882 vart bruket utlagt til kona Olina, og året etter delte ho garden i to like delar mellom ein son og ei dotter, lnr 58a og lnr 58b.

Åsa Eirikdtr Hanekam (1728–) fekk Durdei 1745 med Nils Johannesson Kyrkjebø, vart gift med enkjemann Per Hermundson Linde og busett på Linde. Hermund Eirikson Hanekam (1735–1808) & 1769 Ingeborg Gullakdtr Finnen (1724–) frå lnr 51 var busette på Tune i Ortnevik. Han vart attgift 1789 med Anna Johannesdtr Frettheim (1757–) frå lnr 40.

Sigrid Perdtr Hanekam (1744–1834) fekk Ola 1776 med Bendik Olason Nissestad (1754–1814) og var på legd då ho døydde. Ola 1776 var soldat på Alrek ved teljinga i 1801. Deretter kjem han bort for oss. Bendik vart husmann på Slåttane under Vetlesand.

Anders Halvarson Hanekam (1800–1889) & 1832 Brita Sjurdtr Vetlesand (1809–1899) frå lnr 60 fekk: Lussi 1832, Brita 1834, Halvar 1836, Brita 1839, Sjur 1842, Ingeborg 1845–47, Sigrid 1847, Ingeborg 1850. Huslyden var innerstar på Hanekam fram til 1845. Deretter vart borna fødde på ein plass på Alrek. I 1849 fekk Endre Hanekam pengar av fattigkassen for pleie av Anders, og Anders fekk deretter fattigstøtte i to år. Huslyden reiste til USA frå Alrek i 1856.

Lnr 58a Hanekam 2,18 spd = bnr 72/1 2,18 mark. Endre Halvarson Hanekam (1858–1921) & 1880 Brita Andersdtr Limmesand (1858–) frå lnr 13b fekk: Helena 1881–1901, Anna 1883 (USA 1907), Halvar 1886, Oline Lassine 1888 (USA 1910), Karl 1891–91, Kari 1892 (USA 1916), Bertina 1895 (sjå Hustavenes), Johan 1897–97, Anders 1897–97, Helena 1901 (Aurland). Brita flytte som gamal til dottera i Ortnevik og døydde der. I 1894 vart frådelt bnr 72/3 0,46 mark. Ny skyld 72/1 2,97 mark. I 1923 gjekk bruket til Halvar Endreson Hanekam (1896–1953). Han gifte seg 1916 med Tea Andreasdtr Vollavik (1894–1917). Dei fekk ikkje born. I 1915 fekk Tea fattighjelp som fattig sinnsjuk, men året etter vart altså jenta gift! Halvar vart attgift 1926 med Marta Nilsdtr Bruås (1897–1981) frå Lavik. Born: Endre 1926, Trygve 1927 (bnr 97/28-12 Tråna på Vangsnes), Birgit Ellida 1929 (Kvelde ved Larvik), Nils 1937 (psykisk utviklingshemma, no i omsorgsbustad i Vik). Endre Halvarson Hanekam (1926–1996) fekk skøyte på bruket i 1981, og i 1986 tok han også over bnr 72/2 og bnr 72/3 ved auksjonsskøyte. Han gifte seg 1956 med Gudveig Olavdtr Kyrkjeteig (1936–) og dei fekk: Harald 1957 (bnr 97/190 under 193k på Vangsnes), Olav 1957 (bnr 97/164 Salbu, Vangsnes), Einar Gudleik 1960 (Kvamsøy), Terje 1964 (Førde), Marit 1968 (Romarheim, Lindås). Endre og Gudveig flytta til Sjøtunvegen 13 i Vik i 1995.

Lnr 58b Hanekam 2,18 spd = bnr 72/2 2,18 mark. Randina Halvardtr Hanekam (1868–1940) & 1888 Ola Monsson Kroken (1858–1953) frå Lavik fekk: Halvar Olai 1893–93, Halvar Olai 1896–1945 (sinnsjuk, plassert i Brekke i Gulen), Mathilde Gurine 1899 (sjå note). I 1903 hadde Randina vore på Bergen private klinikk, og Ola fekk av fattigkassa til halvparten av utgiftene. Ola selde bruket til Ivar Danielsen Fossen frå Vadheim, men etter eit par år vart det teke tilbake på odel. Ola Lasseson Nesse (1874–1944) frå plassen Hestviki pakta bruket ei kort tid frå 1935 før det vart selt til Anders Bøyum frå Fjærland. Anders og Gudmund Bøyum skøytte i 1945 bruket til brørne Mons Endreson Bjørkevik (1890–1966) og Anders Endreson Bjørkevik (1893–) som båe var ugifte. I 1981 var bruket skøytt frå buet etter dei til Ingvar Rolf Bjærkevik (1933–1982) som då også overtok bnr 72/3. Ved auksjon i 1986 kom bruka inn under bnr 72/1.

Bnr 72/3 Bjørkevik 0,46 mark, frå bnr 72/1, 1894. Data for 1875: 1 daa blandkorn, 1 daa potet, 3 kyr, 18 sauer og 8 geiter. Dette var først husmannsplass.

Johannes Paulson Vetlesand (1750–1810) & 1780 Sigrid Jensdtr Fossen (1743–1798) frå Vadheim var husmannsfolk under Hanekam. Truleg var dei i Bjørkeviki. Dei hadde ikkje born som vi kjenner til. Johannes vart attgift 1800 med Sigrid Ivardtr Le (1751–1834) frå lnr 20. Heller ikkje dei hadde born. Men Johannes hadde Johannes 1779–80 med Alis Andersdtr Finnen (1757–) frå lnr 51. Johannes 1750 var fødd utan fingrar på høgre hand. Sigrid døydde på legd i Valsvik. Per Hansson Nissestad (1788–1820) frå lnr 14 & 1811 Ragnhild Halvardtr Hanekam (1784–1855) var plassfolk i Bjørkeviki. Born: Sigrid 1810 (plassen Slåttekvina-Alrek), Lussi 1810–41 (ugift), Lars 1813 (Kinn i Sunnfjord), Hans 1817–17, Hans 1818 (sjå note). Ragnhild vart attgift 1820 med Jon Jonson Hove (1792–1856) frå lnr 79 i Vik og dei fekk: Marta 1821 (sjå note), Per 1824 (USA 1861), Jon 1830 (sjå plass under lnr 34 på Åseberget). I 1856 fekk Anders Endreson Hanekam (1827–1917) festekontrakt på plassen. Han gifte seg 1853 med Steffina Oladtr Nese (1828–1912) frå lnr 44. Born: Endre 1853–69, Kari 1855 (USA 1876), Ola 1858–61, Botolv 1860 (USA 1881), Olina 1862, Bjørn 1865 (bnr 97/69 under lnr 195a+197a Vangsnes), Endre 1869 (USA 1894). I 1861 betalte fattigkassen ein rekning frå lensmann Aarestrup over utgifter «i anledning af barnet Ole Anderssens underholdning i 10 dager, samt begravelse». I 1894 vart plassen skøytt til: Endre Monsson Kroken (1852–1904), ein bror til Lasse på hovudbruket. Endre gifte seg 1888 med Olina Andersdtr Hanekam (1862–1951). Born: Ola 1888–1902, Mons 1890–1966 (ugift. heime), Anders 1893–1978 (ugift, heime), Edvin 1896 (Oslo), Gjertrud Bertine 1898–99, Gjertrud Bertine 1899 (Hustavenes), Bertin Johan 1900 (Laksevåg), Olga Steffina 1904–1953 (ugift, heime). Olga vart fødd på fjellstølen, der mora var budeie. Edvin Endreson Bjærkevik (1896–) tok over, men budde i Oslo. Han let brørne Anders og Mons styra bruket. Dei kjøpte òg bnr 72/2. I 1981 kom bruket over på Ingvar Rolf Bjærkevik (1933–1982), busett i Oslo. I 1986 kom det inn under bnr 72/1.

Hans Person Hanekam (1818–) & 1845 husmannsdtr Brita Tolleifdtr Finnen (1819–) reiste til Nordland i 1845. Marta Jondtr Hanekam (1821–) fekk Johanna 1854 med husmannsson Ola Andersson Stavedal (1829–) og Ragnhild 1859 med Svein Larsson Mo frå Hardanger. Ho reiste med borna til USA i 1861.

Mathilde Gurina Oladtr Hanekam (1899–) & 1926 Johannes Olason Nese (1898–) frå lnr 48 fekk på Hanekam: Borghild 1926, Margit 1928, Jon Olai 1933. Huslyden flytta til Slagen ved Tønsberg.