Hustavenes
(Husmannsplass, så lnr 50b.)
I protokollen for den kommisjonen som i 1723 arbeidde med ny matrikkel, er det til slutt for Arnafjord sokn skrive: «Udstavenes, som skulle efter gamel matricul være optagen under Giedhuus,» var ukjend for dåverande lagrettemann, fut, sorenskrivar og for prest. Bonden på Geithus var dessutan reist heim, slik at kommisjonen ikkje kunne få ein avklaring. Dette kan tyda på at Hustavenes hadde vore eigen gard før Svartedauden, men at garden i 1723 framleis låg øyde. Først på 1800-talet vart Hustavenes busett, først som husmannsplass.
Sjur Kristenson Nese (1738–1814) frå Vindbjørgane (plass 12 Nese) & 1775 Alis Jensdtr (1739–1820) var kanskje dei første. Born: Ingeborg 1777 (lnr 41 Nese), Marta 1780 (plass under Geithus). I 1820 stemnde Alis bonden Bjørn Tolleivson for forliksrådet fordi ho meinte at ho var urettvis oppsagd frå plassen på Hustavenes. Bjørn ville berre gje ho eitt år på å flytta, for planen hans var at dottera Brita skulle overta plassen. Saka løyste seg ved at Alis døydde i 1820.
Brita Bjørndtr Geithus (1786–1824) & 1816 Johannes Olason Finnen (1786–) frå lnr 51 var dei første vi veit om på staden. Born: Ola 1816–16, Brita 1817–17, Ola 1819–19, Brita 1821–21, Brita 1822 (Nord-Noreg 1845). Johannes vart attgift 1824 med Kari Oladtr Holane (1802–) frå lnr 16 og dei fekk: Ola 1825–25, Ola 1826–26, Brita 1828 (Nord-Noreg), Ola 1830 (Nord-Noreg), Ola 1832 (Nord-Noreg), Lars 1835 (Nord-Noreg), Elling 1837–37, Brita 1839 39, Ellend 1841 (Nord-Noreg, så USA). Johannes, Kari og borna reiste til Hamarøy i Nordland i 1845. Hustavenes vart så småbruk.
Lnr 50b 1,62 spd = bnr 66/2 2,23 mark. Bjørn Tolleifson Geithus (1825–1893) busette seg på staden. Han var ugift. I buet etter han gjekk bruket til brordotter Kristina Knutdtr Geithus (1865–1909) & 1893 Hans Larsson Norevik (1858–1948) frå Lavik. Dei fekk: Dorthea Bertina 1894, Lars Olai 1896–1918 (sjømann), Brita 1898, Bjørn 1901–18, Georg 1903 (Tune i Ortnevik), Berte 1906–88 (Askøy, til sist Vik). Hans vart attgift 1911 med husmannsdtr Synneva Sjurdtr Vollavik (1888–1963) og dei fekk: Karl 1911 (sjå note lnr 47b), Anna 1913, Laurits Bjarne 1920 (Balestrand). I tillegg hadde Hans sonen Lars 1892–1949 med Kari Andersdtr Norevik (1863–) frå Lavik. Lars Olai og Bjørn døydde i spanskesykja. Hans, Lars, Dorthea og Berte brukte familienamnet Norevik. Lars Hansson Norevik (1892–) & 1917 Bertina Endredtr Hanekam (1895–) fekk Erling 1917–2002 (Ortnevik), Håkon Bjarne 1919 (Voss), Kaare 1921–2000 (Ortnevik), Brynhild 1926 (Ikjefjord). Huslyden var på Hanekam 1917–20, så på Hustavenes fram til 1923 og deretter i Ortnevik. Der hadde Lars snikkarverkstad. Han var òg arkitekt og ein kjend kyrkjebyggjar. I åra 1896–1903 hadde Elling Tolleifson Geithus (1833–1905) bruket. Han var båtbyggjar og ugift. Så tok Kristina og Hans over på nytt. Brita Hansdtr Hustavenes (1898–1961) & 1927 enkjemann Ola Hansson Salbu (1890–1940), fødd på lnr 193n Salbu på Vangsnes, fekk borna: Kåre 1929 (sjå note), Harald 1929 (Bergen), Arne 1932 (Øvre Årdal), Helge 1934 (sjå bnr 68/3 Finnen), Leif 1936 (Bergen), Olav 1937 (Voss, så lnr 195e Kalviki på Vangsnes), Bjørg 1939 (Bergen). Huslyden var i Høyanger, men var på Hustavenes 1929–33, var så på nytt i Høyanger. Enkja flytta til kårhuset på bnr 64/12 Nese. I 1938 bygsla Hans bort bruket for 10 år til dottera Anna 1913 gift med Ingvald Andreasson Røyrvik (1911–1989), men dei flytta så til bnr 68/3 Finnen. I 1939 vart difor bruket skøytt til Dorthea Hansdtr Norevik (1894–1981). Ho var ugift og flytta seinare til Vik, sjå hus nr 67 på Vikøyri. Kåre Olavson Salbu (1929–1973) & 1954 Anne Johanne Haugen (1933–) frå Fjærland fekk: Bjørn 1955, Ansgar 1956 (Stavanger), Olav 1957 (Stavanger), Terje 1961 (Stord), Brita 1967 (Vik). Anna Johanne vart attgift til lnr 15b Tenål i Vik, sjå del 2. Bjørn Kåreson Salbu (1955–) dreiv bruket i mange år både som ugift og gift. Han gifte seg 1981 Gerd Elin Bårdsgjære (1956–) frå Skodje. Dei busette seg seinare på Prestegardstunet, Grov i Vik.