Husmenn
Husmennene på Geithus har truleg alltid vore busette ved sjøen, og dei har disponert lite dyrka jord.
Ola Sakseson Finnabotnen (1655–1730) var husmann på Geithus. Vi veit om sonen Sakse. Sakse Olason Geithus (–) hadde: Ola 1734 og Anfin 1736.
Ola Halvarson Mjølsvik (1736–1791) frå Ortnevik & Lussi Andersdtr (1729–) hadde ikkje born.
Nils Lasseson Nese (1722–1786) frå plass 14 Nese & 1763 Barbra Guttormdtr Hovsviki (1735–1764) fekk Lasse 1764 (Vikøyri v640). Nils vart attgift 1764 med Lussi Andersdtr Sagi (–) frå Kvamsøy sokn.
Jon Ellingson Nese (1764–1827) frå lnr 43+44 & 1794 Alis Tolleifdtr Geithus (1757–1838) fekk: Elling 1795–95?, Elling 1797 (plass på Sylvarnes), Tolleif 1798–99, Ingeborg 1801 (Vikøyri v272). Jon miste livet i eit fjellskred. Ingeborg Jondtr Geithus (1801–1875 fekk Gjertrud 1829 (Vikøyri v096) med Sjovat Olason Finnen (1804–1876) frå lnr 51 og ho gifte seg til Vikøyri v272 i 1843.
Marta Sjurdtr Geithus (1780–1854) frå plassen Hustavenes & Nils Lasseson Vikøyri v640, v716 (1795– 1857) fekk: Sjur 1818, Marta 1822 (USA 1861). Marta hadde òg Magnhild 1814 med Hermund Johannesson Nese (1774–) frå plass 6 Nese. Magnhild Hermunddtr Geithus (1814–1885) fekk Ingeborg 1846 med Johannes Gullakson Vikøyri v664 (1828–1907). Magnhild døydde som innerst på Nissestad. Ingeborg Johannesdtr Geithus (1846–) fekk Marta 1869 med husmannsson Karl Hansson Dale (1847–). Sjur Nilsson Geithus (1818–) & 1849 Sigrid Halvardtr Limmesand (1827–) fekk Lars 1851 og var då innerstar på Otterskreda. Huslyden flytta i 1852 til husmannsplassen Askevika, Ytre Bø i Hyllestad.
Tor Bjørnson Geithus (1800–1846) & 1832 Gjertrud Oladtr Finnen (1801–1862) frå lnr 51 fekk: Knut 1828–29, Kristen 1828–29, Bjørn 1832, Knut 1833 (lnr 49b Otterskreda), Kristen 1835 (lnr 18a Flete, sjå Hola), Brita 1837–37, Anders 1839 (bnr 66/3), Brita 1841–41, Sigrid 1842 (USA 1881), Brita 1845 (plass 4 på Klubben, Nese). Gjertrud hadde òg Ola 1825 (Hatlekolo i Vik) med Per Jonson Finnen (1793–1882) frå lnr 52. Per vart bonde på lnr 111 Skjørvo. Gjertrud var på legd 1854–55. Deretter vart ho borte frå fattigprotokollen, men med stadnamnet Fæle kom ho på nytt på legd i 1862. Ho døydde på Nese. Bjørn Torson Geithus (1832–1919) & 1862 Marta Oladtr Kvamsøy (1824–1906) overtok plassen. Born: Tor 1862–72, Karl 1870–73. Marta var dotter til husmann Ola Hansson Nokken, gift med Kari Hermunddtr Tennefoss. Ho hadde òg Olina 1849 (bnr 66/3 Geithus) og Ola 1852 med husmannsson Jon Olason Lindehagen (1821–). Jon tok Ola med seg til USA i 1855. Bjørn flytta med broren Anders og kona hans, Olina 1849, til bnr 60/8 Åsberget, men han døydde på Geithus.
Tomas Olason Skaugestad (1761–1831) frå Vang i Valdres var innerst på Geithus.
Jens Øysteinson Sanden (1867–) & Olina Larsdtr Nordre Vikum (1863–) fekk som innerstar på Geithus: Alfred 1899. Frå før hadde dei Lars 1897. I 1900 var dei gardbrukarar på Nordre Vikum i Lavik.