Husmannsplassar
Ukjent plass. Jon Johannesson (1671–1749), som vi ikkje finn i manntalet i 1701, & ukjent kvinne (1662–1733) hadde ikkje born. Jon vart attgift 1734 med Ingrid Oladtr Holstad (1686–1760) frå lnr 86 i Vik. Dei hadde heller ikkje born. Ingrid vart attgift 1754 med enkjemann Per Olason (–) og dei kom truleg til ein plass under Ådlane. Det var kanskje denne karen som var legdslem i Valsvik i 1763.
Plass med jord under lnr 40a. I 1865 var det 0,7 daa poteter, 1 ku, 18 smalar og 1 vinterfôra gris på plassen. Helge Oveson Sande (1809–) frå Ortnevik & 1854 Marta Tomasdtr Haukenes (1823–1911) frå Fresvik fekk: Åsa 1855–55, Tomas 1856 (lnr 46b Nese), Åsa 1859 (Ytre Farnes i Balestrand). Helge hadde frå før: Elling 1831 (lnr 31b Ådlane) med Gro Nilsdtr Borgund og Anders 1835 (Dyrdal, så USA) med Kari Markusdtr Dyrdal, Kyrkjebø. Mor til Helge var Åsa Tordtr Holstad frå lnr 86 i Vik, sjå note under dette bruket. Helge og Marta var i Sværefjorden då dei gifte seg og fekk der dei to første barna, men dei var på Frettheim i 1859. Helge døydde i Bergen før 1865. Enkja med born budde på ein plass under Ytre Farnes i Sværefjorden i 1865. Helge hadde to brør i området: Anders på ein plass på Åsberget og Ola på lnr 46b Nese. På plassen flytta inn i 1859: Ola Olason Mannebrekke (1819–) & 1843 Ingeborg Oladtr Ullebø (1808–), båe frå Kyrkjebø. Born: Olina 1843 (Vikøyri v186), Ola 1846, Brita 1848, Elling 1851. Alle med unntak av Olina reiste til USA 1871.
Plassen «Under Hammaren» under lnr 40a+b. Plassen låg på Frettheimsøyri, vest for Botneelvi. Ola Olason Holane (1828–1888), frå plassen Holumshaugen, & 1855 husmannsdtr Kristensa Jondtr Kjelven (1831–) fekk: Elling 1852 (fødd i Lavik), Anna 1856 (USA 1876), Johan 1858–87 (tæring), Gjertrud 1860 (USA 1884), Lars 1862 (USA 1882), Gunhild 1864 (USA 1884), Elling 1866 (USA 1886), Gjørond 1867, Kari 1869–69, Kari 1870 (USA 1882), Hansina 1875 (USA 1896). Gjørond Oladtr Frettheim (1867–) fekk Johan 1891 med Anders Olason Dalsver (1864–) frå lnr 28. Dei to og mora Kristensa reiste til USA i 1897. Ola 1828 var son til husmannsdtr Anna Oladtr Holane (1798–1881) og Ola Endreson Nese (1801–1878) frå plass 5 Nese. Ola Olason var i 1865 husmann utan jord, og vart rekna som fiskar, i 1875 òg som murar. «Ole Olsen Frettem d.y.» med familie fekk fattighjelp frå 1865. Vi ser at Johan 1858 døydde av tæring, men også Lars 1862 må ha vore sjukleg, for i 1872 vart det betalt godtgjersle til Johannes Ivarson Hallsete for mat han hadde gitt dei to borna i den tida «de har søgt skole». Seinare var det utgifter til kost og pleie for Johan, særleg vart det rekna på eit stort mjølkeforbruk.
Plassen Frettheimsøyri under 40a. På ein plass utan jord var i 1865: Knut Jonson Ytre Nesse (1825–) & 1857 Malena Lassedtr Lønne (1831–), båe frå Kvamsøy sokn. Born: Marta 1856 og Jens 1866. Knut var fiskar. Huslyden reiste til USA i 1867. Truleg på same plassen var i 1875: Elling Tolleifson Alrek (1843–1878) frå plassen Slåttekvina & 1871 Anna Kristendtr Åsberget (1844–1913), husmannsdtr, sjå lnr 34b. Born: Ingebrigt 1871 (innerst på Frettheim 1894–99, så lnr 4b Hovland i Vangsnes sokn), Kari 1875–1955, Sigrid 1877–77. Elling døydde av tæring. Han var snikkar og rokkedreiar. I 1875 hadde han 2 sauer, men ikkje åker. Om Kari skreiv Anna Nummedal at ho var ugift tenestejente og om sommaren budeie på stølar, mykje i Turdalen. Då ho var eldre, var ho hjå morsyster si om vinteren og var budeie om sommaren. Seinare flytta ho til bror sin på Hovland og hadde så eit lite hus i Juvik. «Eit sårt minne er då me møtte ho i Vik, kor ho gret og heldt oss i handi. Ho måtte på gamleheimen i Balestrand.» (Området Vangsnes–Juvik høyrde inntil 1964 inn under Balestrand kommune.)