Frettheim

Frettheim (frætteim): Frettene, Frettenne (ca 1320), Frede (1563), Frettem (1563), Frettrem (1567), Fretem (1603), Frettemb (1647), Fretten (1667, 1838), Fretten, Frettem (1723), Fretteim (NG), Fretheim (1863, VIK). Vanleg skrivemåten for familienamnet er Fretheim.

Lnr 40 Frettheim

4,01 spd. Eigarar i 1647: Truls Meland 0,87 laup, Laurits Frettheim (sjølveige) 0,63 laup, Landskyld: i 1647 1,50 laupar, i 1767 1,25 laupar. Hermund sjølveigar i 1724. Matrikkelskyld i 1724: 1,58 laupar, i 1838: 0,79 laupar. Årsaka til halveringa av matrikkelskylda frå 1724 til 1838 er ukjend. Som for Kjelven vart skylda sterkt auka i 1838. Data for 1845: 6,6 daa blandkorn, 3,2 daa poteter, 3 hestar, 18 storfe, 32 smalar, 3 vinterfôra svin.

I 1567 betalte «Oluff po Frettrem» leidang. Han er ikkje på lista for leiglendingsskatt i 1563, noko som tyder på at han var sjølveigar. I 1603 og 1611 var Sjur på bruket. Deretter hadde Nils bygsel på bruket og kona hans var Gjertrud Rasmusdtr. I 1635 var Lars (Laurits) på bruket. I 1645 var han gift med Synneva Jondtr og dei hadde med seg borna Mons og Bothilda. I 1655 hadde sonen Mons Larsson Frettheim (1625–) bruket, og han hadde i 1667 sønene Lars 1663 og Hermund 1667. Han fekk seinare også Anders 1675 (Helland i Feios) og hadde døtrene Gjertrud (Høgheim i Fresvik), Brita (gift 1701 med enkjemann Amund Olason Bøtun i Fresvik) og Guri (som gifte seg 1705 i Fresvik med Ola Ellingson Tretteteig og dei budde kanskje på ukjend plass på Nese). Hermund Monsson Frettheim (1667–1740) & 1697 Marta Oladtr Helland (1677–1756) frå Feios fekk: Marta 1700 (til Hest, Kyrkjebø), Brita 1707–82 (ugift, sjå note lnr 17 Holane), Durdei 1712–42 (ugift), Anna 1717, Mons 1718 (var kanskje først husmann på Frettheim, seinare Vikøyri v688), Johannes 1720, Ola 1724 (plass Nissestad), Synneva (til Gulen). Johannes Hermundson Frettheim (1720–1788) & 1744 Gjertrud Hansdtr Geithus (1718–1789) fekk: Hermund 1745, Hans 1747–1810 (ugift), Anders 1750–50, Marta 1753 (Vetlesand), Anna 1757 (sjå note lnr 58 Hanekam), Gjertrud 1758 (lnr 33 Valsvik), Durdei 1759–59, Anders 1760 (sjå note). Hermund Johannesson Frettheim (1745–1790) & 1774 Brita Larsdtr Hallsete (1746–1790) frå lnr 37+38 fekk: Gjertrud 1775, Ingeborg 1778 (lnr 63 Alrek), Durdei 1781 (lnr 22 Dale), Sigrid 1783 (lnr 45 Nese), Johannes 1787 (død før 1790). Gjertrud Hermunddtr Frettheim (1775–1849) & Ingebrigt Eirikson Nese (1770–1819) frå lnr 45 fekk: Brita 1795 (lnr 17 Holane), Hermund 1800, Ingebrigt 1803 (lnr 45 Nese), Eirik 1806–19, Ingrid 1807 (lnr 38 Hallsete), Anna 1811–19, Ola 1814–26. Etter storraset på Nese i 1811 vart Ingebrigt også eigar av lnr 45 Nese. Denne eiga vart han sitjande med inntil sonen Ingebrigt kunne overta. Hermund Ingebrigtson Frettheim (1800–1854) & 1825 Anna Jensdtr Åfet (1804–) frå Feios fekk: Ingebrigt 1825 (sjå note), Jens 1827 (USA 1851), Ola 1830 (USA 1851), Gro 1832, Gjertrud 1834, Johannes 1836, Johan 1840–40?, Eirik 1842–43, Kristi 1844, Eli 1847. Hermund og Anna reiste til USA i 1854 med seks born. Hermund og sonen Ingebrigt døydde på reisa i ei varmebølgje i New York. Ola Davidson Nedre Skjervheim (1804–) frå Vossestrand & 1843 Maren Nilsdtr Dahl Nedre Kvamme (1822–) frå Lærdal fekk: Nils 1845, Marta 1848, Dorte 1850, Ingeleiv 1853, Anna Marie 1855, David 1858–58, David 1860–62. Dei kom i 1855 frå Rutlin i Sogndal, flytta til Holum i Fresvik i 1860 og til USA 1869. Bruket var så eigd av agronom Johan W. Landmark. I 1864 delte han det i lnr 40a 2,01 spd og lnr 40b 2,00 spd og selde båe delbruka.

Anders Johannesson Frettheim (1760–1827) & 1786 Ingeborg Monsdtr Åse (1758–1821) frå lnr 34 busette seg på Bjørnestad i Hyllestad. Dei miste fem born på fem månader i 1802. Ingebrigt Hermundson Frettheim (1825–1854) & 1854 Ingeborg Oladtr Nese (1831–) frå lnr 44 reiste til USA i 1854.

Lnr 40a 2,01 spd. Data for 1875: 1,1 daa bygg, 3,7 daa blandkorn, 3,2 daa poteter, 2 hestar, 7 kyr, 2 kviger, 28 smalar og 2 vinterfôra grisar.

Kjøpar av dette delbruket var: Johannes Torson Limmesand (1823–1911) & 1853 Lussi Johannesdtr Otterskreda (1829–1913). Dei kom frå lnr 24a Dale i 1864. Born: Brita 1852–52, Tor 1854 (USA 1875), Johannes 1856, Lars 1859–59, Markus 1860–60, Ola 1862 (USA 1886), Brita 1864 (USA 1888), Synneva 1867 (sjå note), Anna 1870 (USA 1896), Birte 1873 (USA 1888). I 1885 vart bruket frådelt lnr 40c 0,20 spd. Ny skyld lnr 40a 1,81 spd = bnr 63/1 2,57 mark. I åra 1885–94 hadde Johannes Johannesson Frettheim (1856–1913) bruket. Men då han var ugift, overlet han det til Ola Johannesson Frettheim (1862–1951) & 1896 Kari Bendikdtr Hellane (1874–1967) frå lnr 27. Born: Lovisa 1897–1904, Johannes 1900, Bendik 1903–03, Lovise Bertine 1905 (Skjervheim, Myrkdalen), Gjertrud 1908–08, Gjertrud Marie 1909 (bnr 63/4), Klara 1911 (Skudeneshamn), Olga 1911–12. Johannes Olason Fretheim (1900–1982) & 1928 Kari Ivardtr Karevoll (1893–1970) frå lnr 57 i Vik fekk Olav 1929 (bnr 41/61 i Sjøtunvegen i Vik). Johannes og Kari vart skilde og Kari tok guten med seg til Vik. I åra 1968–73 var bruket eigd og drive av Lovisa Bertine Oladtr Fretheim (1905–) & Sigurd Skjervheim. Dei dreiv gard i Myrkdalen. Lovisa hadde frå før Olga 1933 (til Bergen). Ho vart oppfostra av besteforeldra på Frettheim. Bruket vart overteke av Olav Ellingson Fretheim (1932–) på bnr 63/2 og dei to bruka blir drivne saman. Olav er skild. Ein soneson, Geir Olav 1980 (sjå bnr 63/2), har overteke bruka.

Synneva Johannesdtr Frettheim (1867–) fekk Maria 1887 med Knut Larsson Kjelven (1868–1932) frå lnr 39 og Ola 1890 med Torkjell Hansson Skrenes (1870–) frå Balestrand. Ho flytta til Bergen. Torkjell tok Ola 1890 med seg til USA i 1902. Maria Knutdtr Frettheim (1887–) hadde to born som vart oppfostra på lnr 35 Åse: Agnes 1910 med Ola Helgeson Skjerven (1884–1964) og Johannes 1916 med Ola Askildson Åsberget (1894–) frå bnr 60/4. Om Ola Helgeson: sjå Haugen under lnr 17c Holane. Deretter fekk ho Jørgen 1919 med matros Per Jonson Thue (1889–), bondeson frå Balestrand. Dei gifte seg og busette seg i Bergen.

Lnr 40b 2,00 spd = bnr 63/2 2,85 mark. Data for 1875: 1,1 daa bygg, 3,7 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 1 hest, 7 kyr, 4 kviger og kalvar, 22 smalar, 2 vinterfôra grisar.

Elling Tolleifson Ytre Tennefoss (1829–1871) & 1862 Brita Johannesdtr Otterskreda (1830–1921) kom til dette delbruket. Born: Kari 1860–64, Tolleif 1863, Kari 1864–66, Synneva 1866 (USA 1892), Kari 1869–69, Jensina 1870–71. Brita vart attgift 1873 med Anders Kristofferson Kjelven (1832–1884) frå lnr 39 og dei fekk: Gjertrud 1874 (USA 1899), Elling 1877–77, Elling 1879 (lnr 47b Nese). I 1885 vart bruket skøytt frå buet etter Anders til Tolleif Ellingson Frettheim (1863–1943) & 1887 Brita Anfindtr Åse (1867–1953) frå lnr 36a. Brita var oppfostra frå 7 års alder på lnr 45b Nese. Born: Brita 1888, Jensina 1889 (Geithus i Buskerud), Elling 1891–91, Anna Marie 1893 (Bergen), Bertina 1895–96, Bertina 1897–97, Elling 1898, Anfinn 1900 (sjå note), Markus 1902, Karl 1905, Birger Olai 1907, Thea Bertine 1910–1932 (ugift). Dei ugifte syskena Markus, Karl, Birger og Brita dreiv bruket saman til 1949 då dei kjøpte tomta bnr 64/31 Nese under lnr 45b og flytta dit. I 1948 fekk Markus Tolleifson Fretheim (1902–) skøyte på bruket. Men i 1949 tok broren Elling bruket på odel gjennom sonen Olav 1932. Elling Tolleifson Fretheim (1898–1976) & 1920 Sitona Markusdtr Otterskred (1894–1970) frå bnr 65/1 dreiv fleire gardsbruk før dei 1941–48 pakta bnr 53/3 Flete i Hola. Born: Borghild 1921 (Årdalstangen, sjå og note lnr 20a Le), Lovisa 1922 (Undredal), Trygve 1923 (Askøy), Markus 1926 (Oslo), Gudrun 1930 (sjå note), Olav 1932, Erling Sverre 1934 (bnr 52/1 Ådlane), Sigmund 1937 (ugift, Bergen). Elling hadde òg Aslaug 1920 med Birte Marie Pederdtr Ytredal (1889–1963), sjå bnr 65/2 Otterskreda. Sitona hadde frå før Johannes 1913 med matros Anders Andersson Fardal (1880–) frå Sogndal. Johannes kom til bnr 65/3 Otterskreda. Bruket vart overteke av Olav Ellingson Fretheim (1932–) & 1958 Oddbjørg Magnusdtr Brekke (1939–) frå Bekkjarvik i Hordaland. Born: Ove 1958 (bustadfeltet Tråna, Vangsnes), Ingeborg 1959 (Askøy), Marny Elin 1960 (Sotra), Sølvi 1962 (Fortun), Erling 1966–1993 (bnr 59/29 Valsvik, døydde i bilulukke), Britt Norunn 1967 (Larvik), Monika 1972 (Stavanger). Olav og Oddbjørg er skilde og ho har flytta til Osterøy. Olav overtok òg bnr 63/1. Bnr 63/5–7 vart frådelt i 1948, men er skøytt tilbake til bruket. Ove Olavson Fretheim (1958–) & 1979 Brita Sissel Olafdtr Turvoll (1956–) frå lnr 8 Vange har: Geir Olav 1980, Erlend 1981, Kristin 1991, Gjertrud 1993. Dei dreiv bruka ein kort periode, men har busett seg på bnr 97/28-3 Tråna på Vangsnes. Geir Olav Oveson Fretheim (1980–) & sb Janne Anfindtr Ovrid Hagen (1978–) frå Hagen-Bøadalen har: Maiken 2000, Birte 2003. Dei er busette i huset til Ove på Vangsnes. Geir Olav har overteke både bnr 63/1 og bnr 63/2. Stovehuset på bnr 63/2 vart brent i 2004, og her vart det i 2005 bygt fellesfjøs for Arnafjord Samdrift der 7 brukarar er med.

Anfinn Tolleifson Fretheim (1900–) & 1928 Anna Bertine Monsdtr Nese (1910–) frå lnr 46a fekk: Borgny 1928 (Årdal), Klara 1929 (Halden), Magnar 1931 (bnr 64/31 Nese), Torleiv 1932 (Årdalstangen), Bjørg 1934 (Årdal), Liv 1936 (Årdal), Reidar 1938 (Årdalstangen), Artur 1940 (Rausund). Dei budde ei tid i ei kårstove på Frettheim, frå og med 1930 var dei leigebuarar på Nese. Anfinn tok arbeid i Årdal i 1940, og nokre år seinare flytta familien etter.

Gudrun Ellingdtr Fretheim (1930–) & Andreas Larsson Bungum (1925–) frå lnr 15a budde på Frettheim nokre år. Der fekk dei Anne-Grethe 1953 og Signe Ingunn 1955 (Morvik i Bergen). Huslyden flytta til Nordre Erdal på Askøy.

Lnr 40c 0,20 spd = bnr 63/3 Sveinsbø 0,28 mark. Dette var først ein husmannsplass, og som mange andre plassar i Arnafjorden låg han nær sjøen. Nils Johannesson Berge (1750–1828) frå Kyrkjebø & 1791Synneva Madsdtr Vollavik (1760–1825) frå lnr 54 fekk: Mads 1794, Johannes 1794–94, Johannes 1797–97?, Johannes 1800. I 1801 var plassen oppgitt som utan jord, men hadde i 1802: 0,4 daa bygg, 1 ku og 6 småfe. Mads Nilsson Frettheim (1794–1844) & 1822 Gjertrud Lassedtr Skau (1779–1857) frå Fresvik hadde ikkje born. Gjertrud hadde ei ugift syster Ingrid 1787–1856 som døydde på Frettheim av «et fald ude i naturen». Johannes Nilsson Frettheim (1800–) var òg på plassen, og frå 1857 vart han buande åleine. I 1875 vart det skrive at han ikkje hadde husdyr eller åker. Han levde av arbeid og formue og andre folks hjelp. Kanskje var det i denne stova Ellend Olason Vollavik (1844–) flytta inn. Han var frå plassen Åkerviki og var døvstum. I 1885 vart Sveinsbø skøytt til Otto Madsson Mjølsvik (1838–) frå Ortnevik. I 1865 var han saman med systera Kari og foreldra, Mads Andersson og Kari Ottodtr, på plassen Flåten under Mjølsvik. Otto gifte seg 1882 med husmannsdtr Synneva Oladtr Åsberget (1850–1892) og dei fekk: Martin 1885 og Ola 1888–88. Synneva døydde av tæring. Otto, Kari og Martin reiste til USA i 1893. Ola Nilsson Bjordal (1852–1914) & Brita Andersdtr Søreide (1842–), båe frå Kyrkjebø, var barnlause. Enkja Brita flytta tilbake til Bjordal og småbruket gjekk til: Knut Jonson Ådlane (1861–1935) frå lnr 32. Han gifte seg 1886 med Ragnhild Larsdtr Valsvik (1857–1889) frå lnr 33. Dei fekk Jensina 1889–89. Mor og dotter vart gravlagde saman. Knut var smed i Valsvik. Han vart attgift 1892 med Gjertrud Larsdtr Kjelven (1870–1922) frå lnr 39. Dei to var syskenborn. Huslyden flytta til Frettheim. Dei budde først på ein plass på Frettheim som vart kalla «Gota». Etter at Knut kjøpte Sveinsbø, flytta han stova i Gota til bruket og brukte ho som smie. Born: Jon 1893 (Høyanger), Laura Bertina 1895–1914, Rognald 1897–97, Ragna Gjertina 1901–74 (ugift, heime), Brita 1904–75 (ugift, heime), Albert 1906 (bnr 63/8), Lars 1910–95 (ugift), Mons 1912–12, Ludvik 1916–16. Bruket er ferieplass for Gunnar Albertson Sveinsbø (1942–) frå bnr 63/8. Han er busett i Laksevåg.

Bnr 63/8 Nyheim vart frådelt bnr 63/3 i 1974, men hus vart bygt mange år før. Albert Knutson Sveinsbø (1906–1983) frå bnr 63/3 & 1934 Kristina Petterdtr Fosse (1905–2003) frå bnr 5/20 Teigum under lnr 24 Stadheim i Vik, fekk: Kåre 1935 (sjå lnr 44 Nese), Martin 1937, Gunnar 1942 (Laksevåg), Arvid Kristian 1945–2008 (Balestrand, psykisk utviklingshemma). I 1978 gjekk eigedomen til Martin Albertson Sveinsbø (1937–) & 1969 Gjertrud Markusdtr Nese (1941–) frå lnr 45a. Dei bur i Ovestevegen 3, Øyane-Sjøtun i Vik.

Bnr 63/4 Øyri 0,04 mark vart frådelt bnr 63/1 i 1934. Edvard Jonson Hallsete (1898–1948) & 1930 Gjertrud Marie Oladtr Fretheim (1909–2002) frå lnr 40a fekk: Gerhard Johan 1931 (lnr 18a i Hola), Klara 1933, Oddbjørg 1937 (Askøy), Gerd Else 1944 (Oppdal, gift Gissinger og dei har sonen Edvard 1974 som har bnr 3/48 i Vik, sjå under lnr 12 i del 2), Jan Bjarne 1946 (bnr 64/2-1 under lnr 42 Nese). Edvard døydde i ei bilulukke i Framfjorden. Klara Edvarddtr Halset (1933–) overtok i 2002. Ho er dels busett på Voss og er ugift.

Butikk på kaien, bygslingstomt under bnr 63/3. Leif Sveinson Vikøren (1920–) frå bnr 51/9 Holane & 1950 Borghild Larsdtr Kjelven (1931–1984) bnr 62/1 dreiv handel her i hus bygt på leigd grunn ca 1949. Huset låg ved bryggja. Her dreiv Leif òg brevhuset og frå 1952 var han dampskipsekspeditør. Born: Solveig Marie 1951 (Storbritannia), Lidvin 1954 (Sjøtuntunet i Vik), Sjur 1955 (bnr 51/11 under lnr 17b Holane), Elisabet 1962 (Bergen), Margrete 1968 (Tønsberg). I 1969 flytta huslyden til bnr 51/9 Holane, og Leif vart landpostbod. Huset er i 2006 feriehus, eigd av Tor Dale frå Bergen, ein dotterson til Anna Marie 1893 frå lnr 40b Frettheim.