Flete

Flete/Flæte (flæte): Fleti, Flot (ca 1320), Fled (1567), Flecke (1603), Flott (1611), Flette (1647, 1667, 1723), Flæte (1838, 1863), Flete (NG, VIK). Familienamnet er vanlegvis Flæte.

Lnr 18 Flete

5,22 spd. Eigar i 1647: Prestebolet i Vik 2,0 laupar, i 1723 Prestbolet i Vik 2,12 laupar. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 2,5 laupar. Sjølveige frå 1845. Data for 1845 (sum for lnr 18a og lnr 18b): 13,4 daa bygg, 2,8 daa poteter, 2 hestar, 24 storfe, 32 smalar og 1 vinterfôra svin.

Før Svartedauden var Flete prestegard. Kyrkja for Arnafjord sokn stod på Flete. Flete var i drift i 1522, noko som tyder på at garden var busett gjennom heile øydetida frå 1348. I matrikkelen frå 1667 heitte garden Flette med Ejbøeteig. I 1723 var teigen «udtaget» av fjellskred. Matrikkelskylda var 4 mæle korn eller 0,25 laupar. Til samanlikning var skylda for Ådlane, som hadde tilsvarande status under Valsvik, 1,00 laup. Libø høyrde neppe inn under Flete før Svartedauden. Liabøen er ein teig under Flete nord for innmarka på Holane og elvi Tùra. Det må vera same namnet. Teigen kan før ha gått heilt til sjøen i Hola, slik at dei som budde på Libø på 1700-talet kan ha vore strandsitjarar.

«Oluff j Feedt» betalt leiglendingsskatt i 1563. I 1567 heitte han «Oluff po Fled». I 1603 eigde Ola Flete ein del av bruket han var på. Frå 1611 til 1650 var Helge brukar. I 1645 var han gift med Ingeborg Kolbeindotter. Dei hadde då sønene Jon og Bendik. I 1667 var garden delt i to: Jon Helgeson Flete (–) var på det eine bruket og Ola Ellingson (1610–) på det andre. I følgje den gamle bygdeboka var Ola gift med enkja etter Helge. Dei hadde Guri 1642 (lnr 21+22 Dale). Truleg dreiv dei eit kårbruk i 1667. Ola må ha gift seg opp att med ei ung jente og fekk med henne: Elling 1674 (lnr 53 Finnabotnen), Anna 1675 og Kristi 1685. Jon Helgeson hadde neppe born. Kårbruket må ha kome inn att under bruket etter at Ola døydde, for i 1701 var garden på nytt samla i eitt bruk. Brukarparet i 1701 var Anna Oladtr Flete (1675–1732) & Ivar Jonson Holstad (1664–1715) frå lnr 85 i Vik. Dei hadde Ola 1697 (lnr 23 Dale) og Ingrid. I oppgåver for 1711 er namnet tolka til Thore, men det rette er nok framleis Ivar, og det høver at han då hadde to born. Men i 1718 heitte brukaren Sjur. Han har vi ikkje identifisert, og han må ha døytt få år seinare. Det er rimeleg å tru at han har kome til bruket ved å gifta seg med enkja Anna. Neste brukar var Rognald Kristenson Nissestad (1686–1770). I 1723 var han nett komen til gards. Han var gift med Kristi Oladtr (1685–1747) og ho var kanskje ei syster til Anna 1675. Dei hadde: Sigrid 1723 (lnr 43+44 Nese), Kristen 1723–44, Sigrid 1725 (lnr29 Valsvik), Gjertrud 1726–27, Gjertrud 1727, Ola 1732–41. Rognald vart attgift 1749 med enkja Gunhild Jensdtr Hellane (1691–1774) frå lnr 26. Gjertrud Rognalddtr Flete (1727–1773) & 1755 Ivar Torson Holane (1724–1796) frå lnr 16 fekk: Kristi 1758 (lnr 24 Dale), Tor 1758–1815 (rik ungkar som vart eigar av lnr 41Nese), Rognald 1762–1832 (ugift, heime), Amund 1764–1836 (døydde med namnet «Teigen», og det var truleg Teigen under Valsvik), Kristen 1766–1840 (ugift, heime), Ingrid 1768 (lnr 62 Undi), Gunhild 1770–71. Ivar vart attgift 1774 med Brita Oladtr Sæle (1743–1813) frå Kvamsøy sokn. Born: Gjertrud 1777, Anna 1781 (lnr 41 Nese), Brita 1784, Ola 1787–87. Brita vart attgift ca 1798 med Ola Andersson Tenål (1753–1814) frå lnr 13 i Vik. Gjertrud Ivardtr Flete (1777–1804) & 1799 Markus Sjurson Tenål (1772–1838) frå lnr 15 i Vik fekk: Unni 1802 (lnr 30 Valsvik), Ivar 1804–04. Gjertrud døydde i barselsseng. Markus vart attgift 1804 med Brita Ivardtr Flete (1784–1854). Dei fekk: Ivar 1805, Gjertrud 1807 (plass i Hola), Sjur 1809–41, Brita 1811 (lnr 31b Ådlane og lnr 14a Nissestad), Marta 1814 (sjå note lnr 15 Bungane), Kristi 1816 (sjå note lnr 30 Valsvik), Tor 1818 (lnr 17 Holane). Ivar Markusson Flete (1805–1855) & 1841 Synneva Larsdtr Valsvik (1809–) frå lnr 33 overtok. Born: Markus 1839 (lnr 18a i Hola), Turid 1841–57 (drepen av ein flogstein), Brita 1843 (USA1861), Lars 1846–46, Lars 1847–47, Lars 1849–49. I 1845 fekk Ivar kongeleg skøyte på Flete. Same året vart garden delt i: lnr 18a 2,61 spd og lnr 18b 2,61 spd. Ivar Makusson heldt fram med å driva sin halvpart til han døydde. Men etterpå vart bruket frådelt lnr 18c i 1855 og lnr 18d i 1857. Etter dette var resten berre eit lite småbruk i den delen av området som blir kalla «Holao» og som enkja Synneva var på. Holao ligg nord for Holaviki og elva Tura og såleis langt frå det gamle gardstunet på Flete. Synneva reiste truleg til USA. Sjå vidare om lnr 18a under hovedoverskrifta Hola med matrikkelopplysingane: lnr 18a Flete 0,34 spd = bnr 53/1 0,53 mark.

Lnr 18cd Flete 2,27 spd = bnr 53/4 3,02 mark. Data for 1875: 1,1 daa bygg, 6,5 daa blandkorn, 3,5 daa poteter, 1 hest, 5 kyr, 3 ungfe, 8 sauer og 1 gris.

Det var Nils Simonson Nygard (1823–) som fekk skøyte på partane. Familien kom til Limmesand i 1846, og etter å ha vore på Flete, flytta dei til lnr 20b Le, sjå meir der. I åra 1856–60 var Nils Torson Limmesand (1808–) eigar. Han hadde før vore i Nord-Noreg og reiste tilbake dit i 1859. (Om familie: sjå lnr 13 Limmesand i del 3). Så overtok Bendik Jonson Brekke for 2–3 år. Han hadde frå før den andre halvparten av Flete, lnr 18b1, og vi veit ikkje om han dreiv båe bruka, hadde forpaktar eller leigde bort bruket på annan måte. I 1863 vart lnr 18cd kjøpt og busett av: Anders Person Linde (1832–) frå Kvamsøy sokn & 1862 Anna Lassedtr Brekke (1839–) frå Lavik. Dei fekk Anna 1863 i Lavik og Per 1866 på Flete. Huslyden flytta til Bjordal. Frå 1869 pakta Johannes Steinsland (1833–1913) & 1870 Anna Jakobdtr Nedre Helland (1835–1887), båe frå Modalen, gardparten. Born: Anna 1871 (lnr 79b Hove i Vik), Jakob 1873 (ugift, lnr 36a Nummedal), Sigrid 1875–77. Johannes kjøpte lnr 36a Nummedal, sjå del 1. Frå 1875 var Jakob Jakobson Nedre Helland (1848–1910) & 1873 Inga Nilsdtr Straume (1852–1939), båe frå Modalen, eigarar og brukarar. Born: Bertina Katrine 1874 (lnr 29 Valsvik), Nils 1875 (USA 1896), Kari 1877 (USA 1896, så lnr 29 Valsvik), Anna 1879 (USA 1901), Jakob 1881–1962 (ugift, USA 1898), Ola 1883 (USA1901), Johannes 1885, Anna 1887–1902 (døydde avtæring), Andreas 1890–91, Andrina 1893–93. Huslyden kom frå Askøy. Johannes Jakobson Flete (1885–1961) & 1909 Anna Sørendtr Brennset (1888–1978) frå Nessane i Kvamsøy sokn overtok i 1910. Born: Inga 1910 (Lindås), Kari 1912 (Indre Nesse i Kvamsøy sokn), Jakob 1915 (Årdal), Alma Bertina 1917 (Bergen), Sverre 1920, Olga 1923 (Fyllingsdalen i Bergen), Olav 1925 (Sogndal), Dagny 1928 (Bergen), Gunnar 1931 (Søgne, Vest-Agder). Sverre Johannesson Flæte (1920–) & 1946 Agnes Jondtr Hellane (1926–) frå bnr 58/4 hadde bruket 1947–1986. Born: Anny 1947 (bnr 26/13 Hove), Alvhild 1951 (Hatlevegen 18, Prestberget i Vik), Johannes 1956. Johannes Sverreson Flæte (1956–) & 1983 Idunn Sverredtr Holen (1963–) frå Seljestokkane, bnr 4/59 Tenål, har: Anne Sissel 1983 (Voss), Linda 1986, Sondre 1991.

Lnr 18b Flete 2,61 spd. Lars Jakobson Trefall (1810–1898) & 1830 Kari Gullakdtr Århus (1805–1844), båe frå Evanger, overtok denne halvparten i 1845. Born: Jakob 1830–82 (USA 1856), Gullak 1832 (sjå lnr 33bc), Helge 1835–36, Torbjørg 1837–43, Helge 1840. Huslyden kom til Arnafjord i 1845. Lars vart attgift 1845 med Synneva Oladtr Apeltun (1806–) frå Voss. Born: Karen 1845 (Eksingedalen) og Brita 1847. Bruket vart i 1851 selt til Sjur Torson Limmesand, men denne handelen vart omgjort, truleg for di Sjur ikkje makta å betala for seg. Men huslyden budde på Flete i åra 1852–55. Deretter var Sjur husmann på Indreklubbane under Nese, sjå plass 1 der. Lars Jakobson vart sitjande med bruket til 1857. Då flytta han og Synneva til Valsvik, der dei kjøpte parsellen lnr 33c i 1859. Sonen Gullak kjøpte samstundes lnr 33b. Gullak med huslyd reiste til USA i 1860, og i 1862 kjøpte Lars òg lnr 33b. Men same året selde han båe parsellar, og han og Synneva reiste til Amerika i 1864. Halvbruket lnr 18b vart selt i to partar: lnr 18b1 og lnr 18b2. Den siste delen låg i Hola, og er omtalt vidare der. Dermed vart det to om lag like store bruk på sjølve Flete og to småbruk i Hola.

Lnr 18b1 Flete 2,17 spd = bnr 53/2 2,90 mark. Data for 1875: 1,1 daa bygg, 3,7 daa blandkorn, 1,5 daa poteter, 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 3 ungdyr, 18 smalar og ein vinterfôra gris.

I 1857 vart bruket skøytt til Jon Brynjeldson Kolve (1819–1869) frå Voss. Men han gjorde året etter gardabyte med Jon Sjurson Rislåg (1810–1887) som sat på lnr 69 Ovri. Sjå meir om desse folka i del 1. Jon vart nok aldri busett på Flete, og i 1860 skøytte han bruket til Bendik Jonson Brekke (1810–1862) & 1845 Ragnhild Jondtr Espesete (1816–). Dei kom frå Vomb, Brekke i Vik. Tidlegare hadde dei eigd og drive gard både på Brekke og Espesete. Born: Jon 1844 (sjå note), Jon 1846, Botolv 1850 (sjå note). I åra 1860–63 eigde dei òg lnr 18cd. Enkja Ragnhild reiste til USA i 1874. Jon Bendikson Flete (1846–1926) & 1871 Mari Oladtr Finnen (1841–1932) frå ein plass under lnr 52 fekk: Bendik 1869–71, Bendik 1872, Brita 1874 (lnr 28 Dalsver), Rognald 1877–77, Ola 1878 (sjå note), Jon 1880 (USA 1901), Rognald 1885–95. Mari hadde før Ola 1864 med husmannsson Endre Hansson Dale (1836–). Jon og Mari flytta 1899 til lnr 28 Dalsver og overlet bruket i 1907 til Bendik Jonson Flete (1872–1957) & 1897 Johanna Oladtr Fjærestad (1873–) frå lnr 96e Skorpehaugen i Vik. Born: Jon 1897, Ola 1898–98, Rognald 1899–99, Ola 1898–98, Kari 1905 (Voss), Marta 1908 (Hardanger), Ola 1910–10. Då sonen Jon overtok, kjøpte Bendik og kona garden Gjerskvål på Skulstadmo på Voss. Dette bruket måtte dei gå frå, og dei busette seg på eit småbruk i Myrkdalen. Jon Bendikson Flete (1897–1977) & 1923 Ingebjørg Larsdtr Heggland (1896–1983) frå Oppheim, Vossestrand, hadde bruket 1929–71. Born: Bernhard 1923, Anna 1925 (Vadheim), Leidulv 1926–73 (ugift, lnr 32 Ådlane, så Øvre Årdal), Johanna 1928 (Laksevåg), Selma Svanhild 1929. Bernhard Jonson Flæte (1923–) er ugift og eig og driv bruket. Selma Svanhild Jondtr Flæte (1929–) er òg på bruket. Ho fekk Sigrun Leikny 1950 (bnr 26/8 Voll i Vik) med Ola Olason Kvamme (1922–) i Kvamsøy sokn.

Ola Jonson Flete (1878–1909) fekk Rognald 1902 med husmannsdtr Synneva Tollakdtr Finnen (1871–), sjå hus nr 58 på Vikøyri. Ola reiste til USA i 1902.

Jon Bendikson Flete (1844–) reiste til USA i 1866, kom tilbake og gifte seg med Synneva Matiasdtr Vetleøyri s140 (1850–) i 1874 og dei reiste til USA same året. Botolv Bendikson Flete (1850–) & 1870 Anna Lassedtr Bungane (1846–) frå lnr 15 fekk Birte 1870. Dei reiste til USA i 1871.

Husmenn under Flete: sjå Hola i gardssoga.

Andre busette på Flete

Hesteskjerar og smed Johannes Bertelson (Grevle) (–) & Johanna Marie Rasmusdtr (–) fekk Johannes 1850, Elen Olina 1852, Birte Helene 1858, Johannes 1861. Huslyden kom frå Sandviken ved Bergen. Ved dåp av det siste barnet vart det skrive at Johannes var tater. Huslyden budde ved teljinga i 1865 på Vetleøyri. Familien hadde seinare heimstadrett i Lærdal, og så seint som i 1920 vart familien sendt frå Gulen til Lærdal, og Lærdal kommune måtte betala kostnaden.

Møllearbeidar Ivar Jonson Buchvold (1892–) & 1921 Maria Nilsen (1903–) fekk på Flete: Robert Alfred 1921. Det er uvisst kor lenge dei var i bygda.

Ola Helgeson Skjerven (1884–1964) & 1917 Gjertrud Larsdtr Bungum (1892–1951) budde på Flete då borna vart fødde, seinare på Haugen under Holane. Sjå meir i note under lnr 17c Holane.

I eit lite hus på lnr 18b1 budde lausarbeidar Anton Kristianson Sørevik (1904–1934) frå lnr 25 Sandbakken & 1933 Maria Annaniasdtr Hofstad (1902–1980) frå Stjørdal. Dei fekk: Astrid Maria 1932 (Blomsterdalen i Bergen). Familien flytta etter 1934 til Voss.