Finnabotnen
Finnabotnen (fidnabåttn): Findbotten (1667, 1723), Finnebotn (1838), Findebotten (1863), Finnebotnen (NG), Finnabotn (VIK). Familienamnet har vore skriv på fleire måtar: Findebotten, Finnebotn, Finnebotten. På grendaskulen i Finnen lærde borna av Sigrid Finden at rett skrivemåte for namnet var Findebotten. I bind I av bygdeboka brukte Olav Hoprekstad og Olav Skjerven endinga -botn på aktuelle stadnamn. Det gjeld til dømes Finnabotn og stølen Dragsbotn. Dei fleste av dei har på nyare kart fått endinga -botnen. Men Esebotn i Balestrand, og mange namn på vossasida av Vikafjellet, har førebels ikkje gjennomgått denne namneendringa.
Lnr 53 Finnabotnen
2,55 spd. Eigar i 1723 av halve bruket: Blixencrone 0,5 laupar, deretter Anders Daae, sjølveige i 1760, men teke tilbake på odel av Jonas Daae, deretter dottera Birgitte Michelet, i 1830 til Ivar Munthe Daae. Frikjøpt ca 1840. Den andre halvparten var truleg heile tida sjølveige. Ikkje matrikkelsett i 1647. Landskyld 1667: 0,5 laupar. Matrikkelskyld i 1723 1,00 laup, i 1838 0,67 laupar. Data for 1845: 5,6 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 1 hest, 13 storfe, 26 smalar, 8 geiter og 2 vinterfôra svin.
Denne garden finn vi første gong i dokumenta i 1655 og med Sakse Einarson Geithus (1610–) som brukar. Han hadde to brør på Geithus: Lasse og Gunnar. Faren hadde eigd Finnabotnen og det aller meste av Geithus. Jordeeiga på noko over 1,5 laup vart delt ved at Lasse og Gunnar fekk Geithus og Sakse åsetesrett for «Rydningspladsen Finbotnen». Det kan såleis ikkje vera tvil om at Sakse var den første som busette seg i Finnabotnen etter øydetida. Av di det var ei «rydning» er det svært sannsynleg at garden hadde vore busett før Svartedauden. Denne nyryddinga skjedde tidlegast frå 1645, og Finnabotnen var såleis den siste namngarden i Arnafjord sokn som vart attrydda etter øydetida. Kona til Sakse er ukjend, men han hadde i 1667 sønene: Jens 1648 (Kvamme), Elling 1650, Ola 1651 (plass Geithus), Einar 1654 (død ung), Bendik 1657 (død ung), Lasse 1669 (plass 14 Nese). Dessutan må han ha hatt minst ei dotter. Elling og Lasse var tenarar på garden i 1701, men Elling må ha døydd få år etter. Sakse døydde før kona. Broren Lasse Einarson Geithus med born døydde tidleg, og ved arveoppgjer etter han må jordeiga hans i Geithus ha kome over på Sakse og seinare over på borna hans. Ei dotter til Sakse må ha gift seg med Kjell Sjurson Finnen (1640–) frå lnr 51, og dei overtok i Finnabotnen. Dei hadde neppe born som voks opp, og Elling Olason Flete (1674–1742) vart leiglending i Finnabotnen. Elling Olason var tenar i Valsvik i 1701. Oppgitt alder var då 19 år, slik at Elling kan ha vore yngre enn 68 år ved død, som då var oppgitt alder. Han var først gift med Gjertrud Andersdtr Tune (1664–1729) frå Ortnevik. Han vart attgift 1734 med Brita Perdtr Finnen (–) frå lnr 52. Dei hadde neppe born. Ho hadde tidlegare vore gift med Sjur Knutson Åse (1699–1733), sjå note lnr 35+ 36 Åse. Brita vart attgift 1742 med Ola Sjovatson Berge (1713–1786) frå Fjærland. Ola hadde broren Anders på lnr 51 Finnen. «Sjovat» vart eit nytt namn i soknet. I kyrkjeboka for Leikanger er det skrive «Sevat». Brita fekk ikkje born. Ola gifte seg på nytt 1775 med Brita Oladtr Valsvik (1755–1841) frå lnr 31. Aldersskilnaden mellom dei var svært stor, og Ola var 73 år då han fekk det siste barnet. Ola Sjovatson var velståande. Dette var neppe pengar han hadde arva. Kanskje hadde han vore krøtter- eller hestehandlar før han kom til Finnabotnen. Han og Brita 1755 må ha overteke ein stor del av eiga i lnr 31, for i 1789 måtte Brita ut med mykje formueskatt for eige i Valsvik. Ola eigde òg eit bruk på Målsnes i Kvamsøy sokn. Der var leiglendingen gift med ei syster til Brita, Torbjørg 1751. Ei dotter til Ola og Brita, Brita 1786, vart gift med eit søskenbarn på dette bruket på Målsnes. Ola og Brita fekk: Sjovat 1776, Ola 1778–78, Brita 1779 (plass Vollavik), Lussi 1781 (lnr 20 Le), Mari 1783 (lnr 52 Finnen), Brita 1786. Brita vart attgift med Steffen Kristenson Dale (1752–1800) frå lnr 24 og fekk: Barbra 1788 (lnr 51 Finnen), Gjertrud 1790 (lnr 58 Hanekam), Synneva 1793 (lnr 42 Nese), Ola 1798 (lnr 24 Dale). Sjovat Olason Finnabotnen (1776–1855) & Lussi Jondtr Finnen (1776–1842) frå lnr 52 fekk: Ola 1806–34, Jon 1809, Lussi 1814 (lnr 48 Nese). Jon Sjovatson Finnabotnen (1809–1868) & 1843 Solveig Oladtr Skåsheim (1820–1867) frå Balestrand fekk: Ola 1843–43, Sjovat 1844–44, Ola 1846 (lnr 42 Nese), Sjovat 1849 (USA 1871, var heim att ein tur i 1875 og budde då i fjøset), Lussi 1851–1919 (ugift, budde saman med systera Synneva på Åsberget, døydde som budeie på fjellet), Synneva 1854 (lnr 34 Åsberget), Ola 1856 57, Olina 1860 (bnr 59/6 Valsvik). Ola Jonson Finnabotnen (1846–1933) & 1876 Ingeborg Oladtr Kvamme (1855–1935), plassdtr frå Kvamsøy sokn, tok over i 1876, men kjøpte i 1886 lnr 42 Nese og selde same året Finnabotnen i to like partar: lnr 53a og lnr 53b.
Lnr 53a Finnabotnen 1,28 spd = bnr 67/1 1,52 mark.
Markus Jonson Dyrdal (1842–) frå Ortnevik & 1878 Sesilia Gullakdtr Håland (1849–) frå Kyrkjebø hadde i åra 1884–86 vore på lnr 50a Geithus. Born: Gullak 1879 (Os), Eli 1882 (Os), Sigrid 1884 (Os), Jon 1886 (lnr 49a Otterskreda), Hans 1889–89, Hansina 1891–91. Markus og Sesilia flytta til sonen Gullak i Os i Hordaland og selde bruket i 1907 til Knut Haldorson Dalsver (1883–1915) frå lnr 28 & 1912 Sofie Gerhardine Andreasdtr Vollavik (1885–1956) frå lnr 54. Born: Andreas 1912 (bnr 64/39 i Morki), Haldor Ingolf 1915 (Høyanger). I 1919 skøytte enkja Sofie bruket til Lars Haldorson Finnabotnen på bnr 67/2. Frå 1919 var lnr 53a og lnr 53b difor samla til eitt bruk. Lars vart enkjemann i 1927 og året etterpå gifte han seg med Sofie. I 1935 vart garden på nytt delt ved at Lars skøytte lnr 53a til sonen Harald Larsson Finnebotn (1911–1994). Han var gift med Kari Rutle (1910–1974) frå Sagvåg på Stord. Dei hadde ikkje born. I 1950 flytta dei til Stord og då skøytte han bnr 67/1 til ei syster, Borghild Larsdtr Finnebotn (1910–1988). Ho hadde frå 1943 eigd og drive bnr 67/2 saman med mannen Ingebrigt. Dermed var Finnabotnen på nytt samla til ein gard. Men ca 1953 overtok sonen Andreas denne delen av garden. Andreas Ingebrigtson Røyrvik (1937–) & Ellinor Karlsen (–) frå Senja dreiv dette bruket til 1967. Då flytta Ellinor med borna til Harstad og han til Holmestrand. Born: Ingjerd Borghild Johanne 1960 (Skotselv ved Drammen), Vanja 1961 (Mjøndalen), Ingebrigt 1963 og Johan Magnus 1964 (Skotselv i Buskerud). Ingebrigt Andreasson Røyrvik Findebotten (1963–) overtok i 1998. Han har budd i Harstad og i Røyken. Han gifte seg med Rita Kalås (1963–) og dei har borna: Magne 1982 (Røyken) og Lajla 1984 (Kongsberg, saman med mora). Ingebrigt vart attgift 2002 med Turid Ski (1960–) frå Røyken og dei busette seg i 2003 på bruket. Dei har fostersonen Kent 1984.
Bnr 67/3 Finnabotnen, fråskilt bnr 67/1 i 2003. Dette var kårhuset på bruket. Her er busett: Finn-Arild Ellingstad (1972–) frå Nesoddtangen & sb Carina Ski (1979–) fødd i Danmark, ei dotter til Turid Ski. Dei har Alexander 2002.
Lnr 53b Finnabotnen1,28 spd = bnr 67/2 1,52 mark.
Johan Jonson Finnen (1857–1892) frå lnr 52 & 1886 Tea Johannesdtr Hallsete (1865–1931) frå lnr 37 fekk: Jon 1888 (Løken i Høland), Brita 1889–94, Else 1891–1966 (ugift, Hallsete), Anna 1891 (Løken i Høland), Johanna 1892–1955 (ugift, Hallsete, men arbeidde i mange år på Gamleheimen i Vik). Tea vart attgift 1893 med Johannes Torkjellson Le (1865–1926) frå lnr 20a og dei fekk: Brita 1894–95, Birte 1896 (bnr 61/2 Hallsete), Birgitte Gjertine 1897 (bnr 61/3 Hallsete), Torkjell 1899–1902, Ingeborg 1902–02, Thea 1903–03, Torkel 1905 (bnr 59/17 Valsvik), Johannes 1909 (Løken i Høland). Familien flytta til bnr 61/3 Hallsete i 1899. Kjøpar av bruket var Haldor Larsson Yksendal (1848–1930) frå Eksingedalen. Han gifte seg 1874 med Brita Larsdtr Øvre Helland (1845–1886) frå Modalen og dei hadde lnr 28 Dalsver før dei kom til Finnabotnen. Born: Helena 1875–1943 (ugift, heime), Lars 1877 (USA 1898), Lars 1880 og Knut 1883 (lnr 53a). Haldor gifte seg på nytt 1888 Ingebjørg Herlaugdtr Yksendal (1860–1928) frå Modalen. Dei fekk ikkje born, men var fosterforeldre for Johannes Ivarson Hallsete (1885–1916) frå lnr 37 for di foreldra hans døydde. Lars Haldorson Dalsver (1880–1941) & 1909 Torbjørg Martina Jakobdtr Fjellanger (1879–1927) frå Eksingedalen fekk: Borghild 1910, Harald 1911 (bnr 67/1), Johannes 1913 (Vikøyri, hus nr 70), Anna 1919 (Oslo). Lars Haldorson vart i 1928 attgift med enkja etter Knut på lnr 53a, Sofie Gerhardine, og fekk med henne Gunhild 1930–94. Ho busette seg i Narvik. I 1919 kom òg bnr 67/1 inn under bruket. I 1935 vart bnr 67/1 på nytt frådelt, og no til sonen Harald 1911. Ved skifteskøyte etter Lars i 1943 gjekk bruket til Borghild Larsdtr Finnebotn (1910–1988) & 1931 Ingebrigt Andreasson Røyrvik (1906–1974). Dei kom frå Prestteigen-Svolsvik (sjå del 3), men hadde tidlegare drive bnr 68/6 Finnen. Sofie og Gunhild flytta til Vollavik etter at Lars døydde. Borghild og Ingebrigt hadde borna: Torbjørg Martina 1932 (Lavik), Andreas 1937 (Holmestrand, så USA og Lavik), Lars 1939 (Holmestrand, så Stavang i Flora). I 1950 overtok Borghild òg bnr 67/1. Finnabotnen vart avfolka etter at Ingebrigt og Borghild la ned drifta. Men eigedomen vart på nytt delt ved at sonen Andreas overtok bnr 67/1 ca 1953. Lars Ingebrigtson Røyrvik (1939–) & Sigfrid Rubindtr Grytten (1949–) frå Stavang i Flora eig bnr 67/2. Dei bur i Stavang.