Åsberget

Åsberget er eit område av garden Åse som går ned mot fjorden. Det var tidleg busett av husmenn. Seinare vart jorda frådelt som småbruk. Også kårfolk på Åse busette seg på Åsberget. I dag er Åsberget eit meir tiltrekkjande buområde enn sjølve garden Åse.

Lnr 34b Åsberget 0,45 spd = bnr 60/2 0,64 mark. Dette var ein tidlegare plass på Åsberget og som vart frådelt 1879. I 1865 var det 1,1 daa bygg, 0,4 daa poteter, 2 kyr og 16 vinterfôra sauer på plassen. Plassfolk var: Kristen Andersson Finnen (1820–1868) & 1848 Synneva Hermunddtr Vetlesand (1821–1891), båe husmannsborn. Born: Anna 1844 (plassen Frettheimsøyri), Lussi 1849 (lnr 14a Nissestad), Simon 1851 (USA 1888), Gjert 1854–80 (drepen av steinsprang), Hermund 1858, Anders 1861 (lnr 20 Le). Simon Kristenson Åse (1851–) & 1877 Synneva Knutdtr Aven (1848–) frå Lavik fekk: Kristian 1879–79, Gjert 1881–82, Kristina 1883, Gjertina 1885, Ola 1886, Synneva 1888. Om Synneva 1848: sjå òg lnr 36a. Huslyden reiste til USA i 1888, og småbruket vart overteke av ein bror til Simon. Hermund Kristenson Åse (1858–1936) & 1889 Synneva Jondtr Finnabotnen (1854–1920) frå lnr 53 fekk: Kristina 1890–1975 (ugift, heime), Jon 1893 (USA 1912, kom att). Jon Hermundson Åse (1893–1983) & 1924 Ingebjørg Bertinusdtr Straume (1902–1984) frå bnr 59/9 Valsvik fekk: Svanhild Lovisa 1925 (sjå bnr 60/24 Åsberget) og Bjarne 1931. Bjarne Jonson Åsberg (1931–) overtok i 1975. Han bur med familie i Sarpsborg. Eigedomen er overteken av dei tre døtrene hans.

Lnr (35+36a)b Åsberget 1,01 spd = bnr 60/4 1,44 mark. Ola Andersson Otterskreda (1830–1896) frå bnr 65/2 & 1861 Gjertrud Johannesdtr Åse (1836–) frå lnr 36a kom frå Dalsver i 1873. Born: Anders 1859–59, Anna 1861–61, Synneva 1862, Anders 1864 (USA 1892), Kari 1866 (USA 1902), Birte 1869 (sjå nedanfor), Johannes 1872–86 (drepen av is frå fjellet), Ola 1874 (USA 1892), Anfin 1876 (USA 1896), Olina 1884–1901. Enkja Gjertrud reiste til USA i 1902. Bruket vart overteke av: Synneva Oladtr Åsberget (1862–1896) & 1889 Nils Knutson Steinsland (1862–1938) frå Hosanger. Born: Ola 1885 (USA 1902), Knut 1890 (USA 1911), Johannes 1892 (USA 1911), Anna 1894 (sjå note), Johannes 1896–96. Nils vart attgift 1897 med Ingebjørg Lassedtr Svartemyr (1860–1898) frå Kyrkjebø. Dei fekk Synneva 1898 (oppfostra på lnr 35 Åse, USA 1921), Nils gifte seg tredje gong 1900 med Anna Andersdtr Steinsland (1861–1944) frå Modalen og dei fekk Ingvald 1901–28 og Bertina 1903. I 1906 gjorde Nils og Anna gardabyte med Ola Andreasson Le (1877–1967) & 1904 Ingeborg Oladtr Åse (1879–1942) frå lnr 34 og flytta til bnr 54/4 Le (sjå meir der). Men dei nye gardsfolka vart ikkje lenge på garden. I 1912 flytta Ola med huslyd til bnr 58/2 Hellane. Til bruket kom frå bnr 65/2 Otterskreda Askild Helgeson Dale (1866–1950) frå lnr 21 & 1891 Birte Oladtr Åsberget (1869–1926) frå dette bruket. Born: Jensina 1889–1955 (ugift, heime), Helge 1892–1913, Ola 1894 (sjå note), Rognald 1897 (USA 1915), Gjertrud 1899 (sjå note), Inga 1902 (bnr 60/8 Åsberget), Ola 1903 (oppfostra på bnr 60/4 og overtok bruket der), Ingvald 1905, Synneva 1912–15. Dei to første borna vart frå ca 1902 førde opp i fattigprotokollen som «åndsvage», og dei påførte fattigkassen årlege utgifter. I 1905 var Jensina på «Abnormeskolen». I 1906 kom også Helge dit. I 1911 kom dei heim frå spesialskulen i Bergen og fattigstyret kosta konfirmasjonsklede til dei. Ingvald Askildson Åsberg (1905–1970) & 1932 Borghild Kristofferdtr Kjelven (1910–1993) frå bnr 62/1 fekk: Borgny 1933 (bnr 61/2 Hallsete). Tre parsellar er frådelt bruket: bnr 60/14 i 1931, bnr 60/18 i 1947 og bnr 60/19 i 1950. Bruket vart overteke av Ivar Johannes Johannesson Halseth (1958–) frå bnr 61/2 som i 1990 også overtok foreldrebruket på Hallsete. Han gifte seg 1990 med Bjørg Birgitte Oddvardtr Iversen (1952–) frå Frøya i Sør-Trøndelag. Dei er i 2006 busette på bnr 60/32. Dei har ikkje born. Drifta er nedlagd, og bruket er frådelt bnr 60/31 og bnr 60/32.

Bnr 60/18 Solnes 0,02 mark, 1947. Skipper Olav Ellingson Fretheim (1910–1992) frå lnr 47b Nese & 1937 Borghild Andersdtr Sværen (1911–) frå bnr 60/8 i Åsberget fekk: Svanhild 1939, Eivind Arne 1943 (Åsane i Bergen). Svanhild Oladtr Fretheim (1939–) er ugift, arbeidde lenge på anlegg rundt i landet og har busett seg i huset som pensjonist.

Bnr 60/19 Sjøtun 0,02 mark, 1950. Bjarne Jakobson Fosse (1915–1976) frå bnr 58/19 Hellane & 1947 Elsa Kristofferdtr Kjelven (1913–1983) frå bnr 62/1 fekk: Jan Kåre 1948 (Nedste Hopperstadmarki nr 23 i Vik), Trygve Bjarne 1951 (Sogndal. sjå òg note lnr 35 Åse), Bente Elise 1956 (sjå note).

Bnr 60/31, 1999. Dette er det tidlegare bustadhuset på bruket. Det er eigd av Inghild Johanne Johannesdtr Halseth (1955–) frå bnr 61/3, busett på Voss.

Bnr 60/32, 1999. Nytt hus for eigaren av bnr 60/4.

Anna Nilsdtr Le/Åsberget (1894–) frå bnr 60/4 gifte seg 1918 med Endre Andersson Juvik (1894–) frå lnr 6c, ein son til Anders 1853 frå lnr 35 Åse. På Åse fekk dei Alf 1919. Dei busette seg i Juvik og frå 1927 i Hokksund, sjå òg note under bnr 60/6 Åse.

Ola Askildson Åsberget (1894–) fekk Johannes 1916 med Marta Knutdtr Frettheim (1887–) og reiste til USA i 1915. Gjertrud Askilddtr Åsberget (1899–) vart oppfostra hjå Steffen Jonson Finnen (1850–1940), kyrkjetenar på Klubben, Nese. Ho reiste til USA 1915.

Bente Elise Bjarnedtr Fosse (1956–) & 1983 Jan Gustav Johannesson Otterskred (1947–) frå lnr 48 Nese er busette på byggefeltet Tråna på Vangsnes, bnr 97/37-13.

Bnr 60/8 Åsberget 0,22 mark vart i 1905 delt frå lnr 36b til Ola Rognaldson Åse (1849–1928). Han reiste til USA 1906, kom heim att og budde på Åsberget. Han døydde i Juvik. Anders Torson Geithus (1839–1916) & 1885 Olina Jondtr (1849–1938) flytta hit frå bnr 66/3 Geithus i 1915. Også enkjemann Bjørn Torson Geithus (1832–1919) var med dei. Enkja Olina flytta til Morki. Bruket vart i 1927 skøytt til lærar Anders Jørgenson Sværen (1879–1953) frå Sværefjorden, gift 1907 med Brita Andersdtr Sæbø (1879–1969) frå ein bustad fråskild bnr 1/24 Sæbø (sjå Røysavegen-Sæbø under lnr 1+4). Born: Sverre 1907, Borghild Marie 1909–11, Borghild Marie 1911 (bnr 60/18), Maria 1918 (Rosendal), Åsbjørg 1923–68 (ugift, heime), Erling 1915 (bnr 60/13), Oddvard 1920 (sjå bnr 60/24 Åsberget). I Anders si tid kom bnr 60/15 0,12 mark, bnr 60/16 0,11 mark og bnr 60/17 0,07 mark inn under bruket, seinare også bnr 60/14 0,10 mark. Anders og Brita var først i Vik (sjå Skulejordi-Sæbø i del 3), budde så 1917–27 i skulehuset på Frettheim før dei kjøpte dette småbruket. Sverre Andersson Sværen (1907–1994) & 1931 Inga Askilddtr Åsberg (1902–1997) frå bnr 60/4 hadde bruket 1949–74. Born: Bjørg Alvhild 1931 (bnr 60/21), Alv Bjarne 1934. Bruket er overteke av Alv Bjarne Sværen (1934–) som med familie er busett i Asker.

Bnr 60/21 Soltun 0,01 mark, frå bnr 60/14, 1974. Hus vart bygt i 1975 av Bjørg Alvhild Sverredtr Sværen (1931–). Ho er ugift.

Bnr 60/13 Bakketun 0,70 mark, frådelt bnr 60/6 i 1930. Dette var kårplass for Johan Guttormson Åse og kona Marta Jakobdtr på bnr 60/6. I 1952 gjekk eigedomen til Erling Andersson Sværen (1915–) frå bnr 60/8 & 1948 Helga Haralddtr Balevik (1925–1988) frå bnr 61/3 Hallsete. Born: Alvhild Marie 1950 (Nesttun i Bergen), Solveig Johanne 1954 (Prestvegen 30 i Prestberget i Vik).

På loftet av dette huset budde ei tid Maria Eilifdtr Bungane (1876–1962) frå lnr 15a. Ho fekk to born med Helge Kristenson Røyrvik (1875–1954): Kristian 1908 (bnr 64/32 under lnr 48 Nese) og Edvard 1910 (bnr 64/32 Nese). Dei brukte båe etternamnet Åse. Om Helge: sjå bnr 39/21 på Hatlekolo i del 2. I dei første åra etter ho fekk borna budde ho kanskje hjå broren på lnr 36b Åse. Maria var tenestejente heile livet. Den eldste guten vart oppfostra på lnr 36b Åse. Den yngste guten hadde ho mykje med seg der ho tente.

Bnr 60/24 Bergheim, utskilt frå bnr 60/2, 1975. Feriebustad bygt i 1976. Oddvard Andersson Sværen (1920–) frå bnr 60/8 Åsberget & 1948 Svanhild Lovisa Jondtr Åsberg (1925–) frå bnr 60/2 Åsberget har vore busette i Årdal. Dei har to søner: Jon 1949 og Arne 1951. Jon Oddvarson Sværen (1949–) er ugift og bur i Bergen. Han er svært interessert i gards- og ættesoge og har hjelpt mykje til med denne boka.

Bnr 60/7 Skulehuset 0,02 mark, frådelt bnr 60/4, 1903. Lærarbustaden vart lenge leigd ut, då læraren òg hadde krinsen Nese. Ola Markusson Nese (1861–1946) frå lnr 45 med huslyd var her, truleg 1903–12, før Ola overtok lnr 33a Valsvik. Lærar Anders Jørgenson Sværen (1879–1953) var i Vik fram til 1917. Deretter var familien i huset til 1927, då Anders kjøpte bnr 60/8 Åsberget. Etter dette vart husværet i skulen ein gjennomgangsbustad for lærarar. Frå 1966 har huset vore grendahus for Indrefjorden. I 2004 vart eigedomen frådelt skulegarden, og båe delar vart selde til Ivar Johannes Halseth (1958–). Huset er rive.

Husmenn

Ola Andersson «Nese» (–) & Marta (–) fekk: Anna 1727, Nils 1728, Mikkel 1731–31. Ola vart attgift 1732 med Kari Ingebrigtdtr (–). Ola er ikkje i manntalet i soknet i 1701, og kan såleis vera fødd tidlegast i 1699. Han kan vera son til husmann Anders Olason på Nese (sjå plass 12). Born: Ingeborg 1732–32, Gjertrud 1733, ei dødfødd gut i 1735. Huslyden er borte i 1763.

Rasmus Jævleson (1700–1777) & 1728 enkja Marta Lassedtr Ytre Nesse (1681–1761) frå Kvamsøy sokn hadde ikkje born som vi kjenner til. Marta hadde før vore gift med enkjemann Per Knutson Linde (1667–1720) i Kvamsøy sokn og dei hadde Sigrid som døydde som gamal jente på Linde. Rasmus vart attgift 1763 med Synneva Oladtr Flom (–) og dei fekk Ola 1763.

Gunnar Amundson Alrek (1704–1763) frå lnr 62 & Ingeborg Eirikdtr Valsvik ( 1786) frå lnr 29 fekk: Eirik 1747, Eirik 1749–70 (ugift), Guttorm 1753–74 (ugift). I 1762 var paret husmannsfolk under lnr 35. Ingeborg vart attgift 1776 med enkjemann Anders Person Hellane og flytta til lnr 27 Hellane.

Plass under lnr 34. Nils Monsson Åse (1748–1810) frå lnr 34 & 1778 Gjertrud Torsteindtr Nese (1751–1803) frå lnr 42 fekk: Mons 1779, Torstein 1787 (ugift, død 1804–11). Nils vart attgift med Brita Oladtr (–), men vi veit ikkje om dei hadde born. Nils vart kalla skulehaldar i 1774. Mons Nilsson Åsberget (1779–1852) & 1812 Sigrid Jondtr Vollavik (1780–1843) frå lnr 54 fekk: Nils 1816, Gjertrud 1819 (Ådlane). Nils Monsson Åsberget (1816–1849) var ugift. Han fekk Mons 1850–50 med husmannsdtr Johanna Larsdtr Ådlane (1822–). Til plassen kom truleg: Jon Jonson Hanekam (1830–), husmannsson (sjå bnr 72/3 Bjørkevik), & 1854 Barbra Nilsdtr Midlang (1824–1859) frå lnr 98 i Vik. Born: Ola 1855 (USA 1876), Johan 1858 (USA 1869). Etter å ha vore på plassen på Åsberget, var dei ei kort tid på Dale. Jon vart attgift 1860 med Anna Hermunddtr Vetlesand (1837–) og dei fekk Barbra 1860. Om Anna: sjå note lnr 60. Jon og Anna overtok i 1860 lnr 33bc Valsvik. Huslyden flytta ca 1862 til Espeseter i Kinn. Plassen var borte i 1865.

Plass under lnr 35. Ola Hermundson Nese (1755–1809) frå lnr 48 & 1788 Synneva Ellenddtr Kjelven (1763–) fekk: Hermund 1788, Kari 1790 (døydde 1801–1816), Ellend 1794–1821, Kari 1798 (Vikøyri v170), Durdei 1805. Durdei vart konfirmert i 1820, men kjem så bort for oss. Hermund Olason Åsberget (1788–1846) & 1819 Sigrid Ellenddtr Ytre Tennefoss (1789–1862) fekk: Ola 1819, Elling 1822 (Nord-Noreg 1848), Synneva 1830–30. Ola Hermundson Åsberget (1819–) & 1851 Ingeborg Kristofferdtr Kjelven (1825–1877) fekk: Synneva 1850 (lnr 40c Frettheim), Hermund 1852–52. Ola må ha døydd før 1865. Plassen var borte i 1865. Enkja Ingeborg var då innerst på Kjelven. I 1875 hadde ho ein plass på Kjelven og hadde då 2 kyr og 2 sauer og ho dyrka 0,7 daa poteter.

Plass under lnr 35. Data frå 1875: 0,7 daa blandkorn, 0,7 daa poteter, 2 kyr, 1 kvige og 11 sauer. Bertel Ivarson Fossen (1830–1860) & 1858 Sigrid Ellingdtr Vadheim (1830–), båe frå Kyrkjebø, fekk: Ivar 1858 (bruket Setane, Indre Nesse i Kvamsøy sokn), Bertel 1861–61. Bertel var smed på Åsberget. Sigrid vart attgift 1862 med Johannes Hermundson Nese (1829–1890) frå plass 8 Nese. Born: Hermund 1863, Elling 1868–68. Sigrid reiste til USA i 1892. Hermund Johannesson Åsberget (1863–) & 1887 Anna Steffendtr Finnen (1865–) frå lnr 51 fekk: Synneva 1887, Sitona 1888–88. Hermund var skreddar, men han prøvde seg som landhandlar, først på Nese 1885–87 og så i Valsvik. Familien reiste til USA i 1889.

Plass under lnr 36. Data for 1865: 1,2 daa bygg, 0,7 daa poteter, 2 kyr, 17 smalar. Sakarias Tolleifson Indre Tennefoss (–) & 1756 Brita Oladtr (–) fekk: Ola 1757, Tolleif 1760–63, Tolleif 1764. Sakarias hadde broren Tor på Vikøyri (v964) og systera Magnhild på ein plass i Valsvik. Brita vart dømt frå livet for å ha kasta eit foster på elden i den tida ho var trulova med Sakarias, men slapp med to års tukthus. Ho gifte seg etter avslutta soning. Sakarias og Brita var i 1762 på ein plass under lnr 30 Valsvik, men kom seinare til Åsberget. Tolleif Sakariasson Åsberget (1764–1789) & 1789 Ingeborg Andersdtr Flete (1769–1846) frå plass i Hola hadde neppe born. Ingeborg vart attgift 1790 med Hermund Samsonson Vikøyri v896 (1762–1835) og dei fekk: Marita 1792 (plass Vollavik), Ragnhild 1793, Tolleif 1794 (plass Nissestad), Anders 1796, Ola 1798–1816, Ragnhild 1801–02, Ragnhild 1802, Hermund 1804–16, Ragnhild 1811–11, Endre 1812–12. Anders Hermundson Åsberget (1796–) & 1834 Brita Jondtr Hellane (1794–) frå lnr 26 fekk Synneva 1834. Dei reiste til USA i 1851. Til plassen kom: Anders Oveson Sande (1825–1876) & 1851 Kari Sjurdtr Brekke (1827–1917), båe frå Ortnevik. Born: Sjur 1850 (plass Vollavik), Åsa 1853 (til Danmark 1876), Ola 1857 (Nessestrand i Kvamsøy sokn, sjå òg lnr 31b Ådlane), Magnhild 1859–59, Brita 1860 (til Danmark i 1876), Lars 1863, Marta 1867, Ingebrigt 1870 (Danmark, så Målsnes). Om Anders: sjå òg plass under lnr 40a Frettheim og note til lnr 86 Holstad i Vik. Etter at Anders døydde, vart det gitt oppfostringsbidrag for Marta og Ingebrigt. Marta Andersdtr Åsberget (1867–1949) fekk Alfred 1894 med gift mann Ola Alfson Nissestad (1854–1942). Marta var ikkje i stand til å ta seg av ungen sin, og i 1895 var han utplassert hjå husmann Tollak Finnabotnen, seinare på Åse i Vik. Marta kom til lnr 94 Rosheim, sjå del 1.