Husmenn

Frik Olason Indre Tennefoss (1754–1820) & 1782 Durdei Andersdtr Stavedal (1748–) fekk: Ola 1782, Ragnhild 1783 (sjå nedanfor), Ola 1786 (lnr 61 Alrek), Anders 1789 (Brekke i Ortnevik). Mor til Frik var Gjertrud Larsdtr Alrek (1727–) frå lnr 61. Ho var gift med Ola Nilsson Østerbø, og dei var busette på Tennefoss. Frik var jordlaus husmann i 1801.

Knut Lasseson Alrek (1781–1811) frå lnr 63 & 1808 Ingeborg Oladtr Nese (1787–) frå lnr 46 fekk ikkje born. Ingeborg vart attgift 1815 med Ola Frikson Alrek (1786–), husmannsson. Dei overtok lnr 61 Alrek.

Endre Sjurson «Vikøyri» (1795–1874) & 1822 Ragnhild Frikdtr Alrek (1783–1854), husmannsdtr, fekk: Frik 1822 og Sigrid 1825 (USA 1854). Endre budde på Brekke i Ortnevik før han kom til Alrek. Endre vart attgift 1854 med enkja Ingeborg Sjurdtr (Valsvik) Stavedal (1801–1887) som hadde vore på ein plass i Stavedal, og som var fattiglem før ho gifte seg på nytt. Endre var truleg ein «uekte» son til Ingeborg Jakobdtr Håland (1767–1849) i Kyrkjebø, seinare gift til Måredal. Endre og Ragnhild gifte seg i Lavik. Dei fekk ikkje born. Dei var i plasshuset på Alrek i 1865, men hadde ingen jordbruksproduksjon. Endre hadde frå før Gjertrud 1817–77 (Sande i Ortnevik) med Ragnhild Monsdtr Merket (i Kyrkjebø) og Knut 1819 med Brita Knutdtr frå Feios. Ragnhild fekk òg Hans 1816–1900 med Aslak Sjurson Fitje (1795–) frå Ortnevik. Hans døydde som ugift fattiglem på Eide i Hyllestad. I 1865 vart Endre og Ingeborg rekna som fattiglemar. I fattigprotokollen vart han kring 1872 kalla Endre «Tollefsen», truleg ved ei namnblanding med folka på Slåttekvina. I 1874 vart Endre sett på legd, men straks etterpå vart det skrive at Endre og Ingeborg nå var så svake at dei ikkje lengre kunne transporterast rundt frå gard til gard. I 1875 var Ingeborg innerst på Ådlane, men ho døydde på Vikøyri. Då var ho «syk overalt».

Plassen Slåttekvina

Jordbruk i 1865: 4,6 daa blandkorn, 2,1 daa poteter, 1 ku, 11 sauer, 1 vinterfôra gris.

Til denne nye plassen kom ca 1860 frå ein husmannsplass under Tune i Ortnevik: snikkar Tolleif Ellingson Fitje (1809–1901) med huslyd. Han gifte seg 1833 med Sigrid Perdtr Hanekam (1810–1846) frå plassen Bjørkevik og dei fekk: Per 1833 (Kinn i Sunnfjord), Ingebrigt 1835, Halvar 1838 (USA 1858), Lussi 1841 (plass 11 Nese), Elling 1843 (plassen Frettheimsøyri under lnr 40), Ragnhild 1845 (Mannebrekke i Kyrkjebø). Tolleif vart attgift 1848 med Gjertrud Tolleifdtr Finnen (1816–1870), husmannsdtr. Born: Sjur 1848 (Jordal i Fjærland, sjå òg lnr 102b Bø), Ola 1851, Lars 1854 (lnr 15b Bungane), Marta 1857 (lnr 16 Holane), Tor 1861 (sjå note lnr 13a Limmesand). Tolleif vart gift for tredje gong 1873 med Brita Bendikdtr Nissestad (1827–1899). Dei fekk ikkje born. Tolleif og Brita var ei tid husmannsfolk under lnr 17c Holum i Framfjorden, men vart deretter bønder på lnr 17d. Ingebrigt Tolleifson Alrek (1835–1869) drukna i Bergen. Han fekk Jon 1858 med Ragnhild Jondtr Vikøyri og Ingebrigt 1870 med Massi Jondtr Alrek (1847–) frå lnr 61. Ragnhild var truleg frå Vikøyri v524, men var reist frå bygda i 1865. Dette året hadde Jon 1858 pleiemor på Vikøyri v954. Truleg kom han til Alrek, for i 1878 reiste han til USA saman med mange andre frå Alrek. Ola Tolleifson Alrek (1851–1897) fekk Gjertrud 1877 med husmannsdtr Anna Andersdtr Nese (1845–) frå plass 7. Han vart gift og kom til plass 5 Vange. Snikkar Tor Tolleifson Alrek (1861–1932) & 1894 Birte Jensdtr Limmesand (1865–1947) fekk: Tea Bertina 1895, Hanna 1896, Gena Terril 1901. Huslyden reiste til USA i 1897. Omkring 1871 flytta Tolleif Ellingson med huslyd til plassen Tangen under lnr 17a Holane.

I 1875 var det ingen husmann på Alrek, men få år seinare vart plassen på nytt busett av: Lars Lasseson Osland (1844–1890) & 1879 Anna Lassedtr Svartemyr (1838–1896), båe frå Kyrkjebø. Born: Lasse 1879–1963 (ugift, utplassert på Vetlesand), Lovisa 1883 (USA 1924). Frå før hadde han Jensina 1873 (lnr 193n Salbu på Vangsnes) med Anna Endredtr Hest frå Bjordal. I 1890 betalte fattigkassa plassleiga for Anna Lassedtr. Ho fekk òg anna fattighjelp, og borna Lasse 1879 og Lovisa 1883 vart sette bort til forpleiing. Etter at Anna døydde i 1896, bad Johannes Sylvarnes om at fattigkassen sitt krav i dødsbuet vart trekt attende. Det aksepterte fattigkommisjonen. Ei syster til Anna var ugift tenestejente på Alrek: Brita Lassedtr Svartemyr (1858–1931). Ho budde til sist saman med kårfolka på lnr 63. Ingeborg Lassedtr Svartemyr (1860–1898) var gift til bnr 60/4 på Åsberget.

Plassen Slåttekvina vart truleg frådelt som bnr 75/4+5 Nybø.