Alrek
Alrek/Ålrek (aolrek, alrek): Olreck (1567), Allrett (1603, Allreck (1611), Alreck (1647), Allrech (1667, 1723), Alræk (1838, 1863), Aalrek (NG), Alrek (VIK).
I 1567 betalte «Kiolbiørnn po Olreck » leidang, men då vi ikkje finn han på lista over leiglendingsskatt i 1563 var han kanskje sjølveigar. I 1603 finn vi Lasse på Alrek og i 1611 var det to brukarar: Lasse og Ola. I 1626 var det framleis to brukarar: Knut og Botolv. I 1635 var i tillegg Samson komen til garden. Frå då av var det tre bruk på Alrek. I 1647 var dei tre bruka eigd av Ingeborg Yndisdal 1,50 laupar og Eirik Bakke 1,00 laup. I 1723 var eigarane: arvingane etter Frimand 1,00 laup, Blixencrone 1,50 laupar.
Lnr 61 Alrek
1,94 spd = bnr 75/1 2,41 mark. Sokneprest Doth var eigar i 1816, frikjøpt i 1830. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 0,90 laupar. Data for 1845: 5,6 daa bygg, 1,1 daa bygg, 1 hest, 7 storfe og 10 smalar.
I 1626 var Botolv øydegardsmann på Alrek. Det tyder på at han hadde attrydda eit øydebruk. Vi trur at bruket seinare vart delt i lnr 61 og 62. Botolv var i 1645 gift med Gjørond Rognalddtr og dei hadde med seg sonen Anders 1618 (lnr 62). Dei hadde òg Rognald 1619, Beint 1621 og Tollak. Beint Botolvson Alrek (1621–) hadde broren Rognald som dreng i 1667. Vi kan merka oss at Anders og Beint i 1667 dreiv to like bruk på 0,75 laupar, medan lnr 63 var på 1,00 laupar. Det viser at dei første var delbruk. I 1701 var Botolv Beintson Alrek (1668–) soldat ved «Compagniet» og merkeleg nok er det oppgitt at han hadde vore gift i 6 år. Han hadde då sonen Beint med seg på bruket. Botolv var gift med Gjertrud Endredtr Sågnes (1664–1730) frå Hyllestad. Born: Beint 1696 (blir borte), Ragnhild 1699, Ingeborg 1704 (ugift i 1741), Agata 1705 (sjå note). Ragnhild Botolvdtr Alrek (1699–1777) & Lars Olason (–) fekk: Gjertrud 1727 (Indre Tennefoss, sjå også husmenn under Alrek). Ragnhild vart attgift 1728 med Frik Person Brekke (1694–1780) frå Ortnevik. Born: Botolv 1729, Guri 1731, Per 1732, Beint 1737–37, Elling 1738–38. Botolv Frikson Alrek (1729–1797) & Åsa Andersdtr Stavedal (1730–1781) fekk: Anders 1761 (død før 1797), Beint 1763, Ranveig 1865–81, Brita 1770–70?, Brita 1771–71?, Brita 1774–81. Botolv vart attgift 1781 med Brita Oladtr Nese (1749–1827) frå lnr 47. Born: Fredrik 1782–82?, Frik 1783–83, Ola 1783–83, Per 1784–87, Anders 1787 (død før 1801), Åsa 1789–92. Beint Botolvson Alrek (1763–1836) & 1795 Åsa Larsdtr Nese (1756– 1829) frå lnr 61 fekk Åsa 1799–99. Ola Frikson Alrek (1786–1859), husmannsson, & 1815 Ingeborg Oladtr Nese (1787–), enkje på plass under Alrek, fekk Åsa 1816, Knut 1819 (plassen Leite på Vetlesand, så Kroksnes i Ortnevik), Durdei 1821, Gjertrud 1823–49 (ugift), Anders 1828 (USA 1854). Gjertrud 1727 frå dette bruket var bestemor til Ola 1786. Både Beint og Ola er førde opp som leiglendingar på Alrek i ei skatteliste frå 1816, så då dreiv dei kanskje bruket saman. I den gamle bygdeboka er det skrive at Ola truleg var fosterson hjå Beint og Åsa. Men det er neppe rett, for Ola var ute i teneste ved teljinga i 1801 medan broren Anders var dreng på bruket. Vi trur Ola døydde med stadnamnet Brekke i Ortnevik i 1859. Ingeborg var kårenkje på lnr 61 i 1865. Deretter blir ho borte for oss. Åsa Oladtr Alrek (1816–) & 1839 Tor Sjurson Vetlesand (1808–) fekk: Sjur 1840, Ingeborg 1842, Brita 1844–44, Ola 1845. Huslyden reiste til USA i 1846. Bruket vart kjøpt av Frik Jonson Lønne (1817–1848) & 1846 Gjertrud Perdtr Nokken (1821–1850), båe frå Kvamsøy sokn. Gjertrud vart attgift 1850 med Hans Ivarson Sylvarnes (1814–) frå lnr 56. Dei fekk tvillingar: Frik 1850 og eit dødfødd barn. Frå før hadde Hans fått Olina 1847 med Lussi Oladtr Nese (1819–), sjå note lnr 44. I 1854 vart bruket selt på tvangsauksjon, og Hans vart husmann under bruket. Han vart attgift 1856 med Ingeborg Oladtr Engum (1833–), innerstdtr frå Kvamsøy sokn. Huslyden reiste til USA i 1856. Kjøpar av lnr 61 var Anders Jonson Lønne (1806–), ein bror til Frik. Han bygsla same året bruket til Jon Jensson Indre Tennefoss (1828–1916) & 1849 Mari Perdtr Ytre Tennefoss (1828–1916) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk Massi 1847, Marta 1850, Ingrid 1852, Jens 1854, Marta 1857, Per 1860, Johan 1863, Nils 1865, Gjertrud 1869. Massi hadde Ingebrigt 1870 med husmannsson Ingebrigt Tolleifson Alrek. Heile familien reiste til USA i 1872. I 1873 selde Anders Jonson bruket til: Sjovat Olason Finnen (1804–1876) frå lnr 51 & 1844 Kari Hermunddtr Nese (1812–1896) frå plass 7 Nese. Dei kom frå ein husmannsplass i Finnen. Born: Ola 1845, Ragnhild 1846–91 (ugift på bruket), Kristen 1849–79 (spedalsk), Anders 1853–53, Anders 1855–93 (spedalsk). Sjå meir under plassar i Finnen. Ola Sjovatson Alrek (1845–1899) & 1872 Paulina Martina Pauldtr Måren (1835–1912) frå Kyrkjebø fekk: Anna Katrine 1876 (Vikøyri v210), Anders 1878. I 1897 vart frådelt bnr 75/5 Nybø 0,10 mark (sjå bnr 75/6 under lnr 62) og i 1903 bnr 75/6 Nygjerdet 0,05 mark. Ny bnr 75/1 2,26 mark. Ola drukna i Vadheim. I 1901 vart bruket skøytt til: Anders Olason Alrek (1878–1920) & 1898 Eli Torsteindtr Hest (1874–1949) frå Kyrkjebø. Born: Laura Bertine 1898–1921 (miste livet i ein snøstorm på fjellet i juli månad), Olina 1900 (sjå note), Thea 1902 (Bergen), Gustav Adolf 1905, Klara Natalia 1908–31 (tuberkulose), Wilhelm 1910 (Ortnevik og Årdal), Haakon 1912 (Bergen), Ragna 1915 (Kroken), Sverre 1918 (lnr 62).
Gustav Adolf Andersson Alrek (1905–2000) & 1935 Gunnlaug Olavdtr Finnen (1906–1998) frå bnr 68/7 fekk: Steinar 1936 (Høyanger), Ragnar 1942 (Vang i Valdres, så Balestrand). Huslyden flytta til Vik 1976 og budde på bnr 41/12 i Villastrøket-Sjøtun. Bruket vart 1974 skøytt til dei to sønene. Bruket har ikkje vore i drift etter 1976 og Gustav var den siste brukaren på Alrek.
Bnr 75/6 Nygjerdet 0,05 mark, frådelt 1903. Dette er ein ikkje busett parsell som vart kjøpt til bnr 4/2 Alrekteig (Kroksnes) 0,57 mark av garden Nedre Tune i Ortnevik av Ola Knutson Kroksnes (1853–1889). Han var frå Leite under Vetlesand, overtok Kroksnes etter faren og gifte seg 1888 med Ingeborg Oladtr Sæbø (1848–1933) frå Høyanger. Ho var dotter av Ola Øysteinson Brekke (1819–1895) & 1846 Brita Eirikdtr Tune (1820–1913). Ola 1819 og Brita flytta til Sæbø i Høyanger ca 1850. Ola og Ingeborg fekk: Knut 1889–1912 (drukna) og Brita 1892–1934 (gift til Tune i Ortnevik, døydde av eit arsenikkforgifta eple). I 1926 gjekk Kroksnes og bnr 75/6 til Sigvald Hansson Hovland (1896–1985), Lifjorden, gift med Nilsina Bergedtr Elvenes (1895–1990). Dei fekk fire born. Ingvald Sigvaldson Hovland (1933–1990) & 1958 Alvhild Haralddtr Balevik (1937–) frå bnr 61/3 Hallsete overtok Kroksnes og bnr 75/6, seinare òg bnr 75/4+5 Nybø. Born: Sigvald 1959 (Hornindal), Asbjørn Inge 1964 (Gol). Kroksnes vart fråflytt 1981. Huslyden reiste til Aurland. Sigvald 1959 overtok eiga og som no er: bnr 115/1, bnr 115/2 og bnr 115/3 under Høyanger.
Agata Botolvdtr Alrek (1705–1740) gifte seg 1739 med enkjemann Mons Ingebrigtson Hanekam (1690–1765). Dei var busett på Brekke i Ortnevik. Mons vart attgift 1741 med Brita Guttormdtr Hønsi (1696–1743) frå lnr 84 i Vik. Dei fekk Synneva 1743–43. I 1744 var Mons attgift for fjerde gong.
Olina Andersdtr Alrek (1900–) & Hermund Jakobson Alrek (1892–) frå lnr 62 busette seg på Leikanger, men flytta seinare til Bergen.
Lnr 62 Alrek
1,83 spd = bnr 75/2 2,37 mark. Sokneprest Doth var eigar først på 1800-talet. Frikjøpt i 1831. Matrikkelskyld 1723 og 1838: 0,90 laupar. Data for 1845: 5,6 daa bygg, 0,7 daa potet, 1 hest, 9 storfe, 10 smalar.
Det var kanskje her Samson var i 1635, men i 1645 heitte brukaren Gunnar. Han var gift med Gjørond Knutdtr. Ho var kanskje syster til Marita på lnr 61. I 1667 var Anders Botolvson Alrek (1618–) frå lnr 61 brukar og han hadde sønene Elling 1657 og Botolv 1659. I 1701 var Klaus Botolvson Stokkebø (1642–) frå Kvamsøy sokn brukar. Han hadde då sønene Lasse 1793 (lnr 13 Limmesand) og Anders 1699 (plass Limmesand). Klaus var truleg gift med Anna Andersdtr (1655–1736) og ho vart attgift til Limmesand. I 1710 vart bruket skøytt av eigaren, sorenskrivar Viberg, til Amund Andersson (–). Han var på bruket i 1711, 1718 og 1724. Han hadde i 1711 kone og to born med seg på bruket. Kanskje var dette Amund Rinde frå Feios, fødd ca 1686. Amund døydde truleg før 1727. Den ukjende kona hans døydde kanskje òg før 1727. I alle høve er det ikkje noko dødsfall på Alrek i kyrkjeboka som passar inn her. Vi finn fire personar som kan ha vore born: Gunnar 1704 som vart husmann på Åsberget, Johannes 1707 som vart husmann i Valsvik, Endre 1714 som vart bonde på lnr 33 Valsvik og Steinvor som kom til plassen 16 på Nese. Randi på plass 15 Nese kan også ha vore ei dotter. Neste brukarpar var truleg Endre Torkjellson Alrek ( 1745) frå lnr 63 & 1729 Sigrid Jondtr Brekke (1703–) frå Ortnevik. Born: Ingeborg 1730 (til Gulen), Synneva 1734 (sjå note), Malena 1738 (sjå note). Sigrid vart attgift 1746 med Jon Eirikson Nese (1705–1781) frå lnr 48. Dei fekk ikkje born. Det kom difor nye folk til bruket: Anders Knutson Nese (1745–1810) & 1772 Marta Andersdtr Stavedal (1743–1830) frå lnr 59. Anders var bror til Lasse på lnr 61 og såleis gjestgjevarson frå Klubben. Born: Brita 1775, Ragnhild 1778 (Brekke i Ortnevik), Knut 1781, Brynhild 1782 (sjå note), Torbjørg 1782 (Brekke i Ortnevik, seinare Bergen), Brita 1786 (plass Ytre Nesse), Gjertrud 1788 (plass Vetlesand). Brita Andersdtr Alrek (1775–1844) & Lasse Bendikson Øvre Tune (1779–1864) frå Ortnevik fekk Marta 1804–16. Den gamle bygdeboka fortel at ei presteenkje frå Jølster eigde bruket, men ville selja. Men det barnelause ekteparet var meir interessert i kår, og i 1831 gjekk bruket til: Johannes Halvarson Hanekam (1797–) & 1831 Mari Larsdtr Tune (1813–) frå Ortnevik. Born: Halvar 1834, Marta 1836, Lars 1838, Lussi 1840, Gunnar 1843, Anders 1846 og Brita 1848. Huslyden reiste til USA i 1856. Kjøpar var: Lasse Gunnarson Søreide (1818–) & 1844 Ingeborg Gunnardtr Løbø (1823–), båe frå Kyrkjebø. Born: Hans 1845 (USA 1875, sjå òg plassen Slåttane under Vetlesand), Lasse 1850 (USA 1871), Maria 1854, Pernilla 1857, Gunnar 1859, Lukerita 1862, Jensina 1865. Lasse og Ingeborg kom frå lnr 33 Valsvik. Dei reiste til USA 1878 med dei fem yngste borna. Kjøpar av bruket i 1878 var: Jens Andersson Fosshage (1837– 1917) frå Leikanger & 1864 Anna Jondtr Lidal (1845– 1899) frå Fjærland. I 1865 hadde dei ein sjølveigarplass på Hamre i Leikanger, deretter dreiv dei eit gardsbruk i Lidal. Born: Kari 1865 (Vetlesand), Anna 1868–69, Anna 1871 (ugift), Anders 1873 (USA 1893), Marie 1875 (lnr 63 Alrek), Jon 1877–78, Jon 1879 (USA 1904), Jensina 1881 (sjå note lnr 48 Nese), Johanna 1884–1973 (ugift, bnr 26/32 Moane-Hove), Marta 1889 (USA 1902). Huslyden flytta til Bolstad i Kvamsøy sokn. I 1890 vart bruket kjøpt av: Ola Knutson Sylvarnes (1859–1905) & 1882 Hansina Jondtr Tune (1859–1950) frå Ortnevik. I åra fram til 1890 hadde huslyden vore på Sylvarnes. Born: Kari 1882 (Oslo), Knut 1884–84, Knut 1885–1907 (USA 1903, kom att, døydde av tuberkulose), Marta 1888–1920 (døydde i sprengningsulukke), Johanna 1890–1979 (Fjell, kom att, hus nr 87 på Vikøyri), Hans 1892 (USA 1920), Harald Olai 1895 (USA 1914), Johan 1897–97, Johan 1899 (Vikøyri hus nr 87), Ragna 1901 (Bergen, så hus nr 87 Vikøyri). I 1895 vart bruket frådelt 75/4 Nybø 0,40 mark. Ny skyld bnr 75/2 1,97 mark. I 1897 selde Ola bruket og flytta til Vikøyri v810, hus nr 87. Jakob Olason Råsberg (1854–1933) frå Lavik & 1885 Gjertrud Oladtr Sæbø (1854–1927) frå Høyanger kom frå Dyrneslia i Vadheim. Born: Ola 1886 (Bergen), Pernille 1887–1944 (ugift heime, fekk fattigstøtte som sinnsjuk i 1926), Birte Hansina 1889 (USA 1911), Hermund 1892 (sjå note lnr 61), Johan Gerhard 1894 (USA 1911), Øystein 1896 (USA 1920). Ola Jakobson Alrek (1886–1980) & 1925 Laura Kristina Severindtr Austgulen (1897–1974) frå Eivindvik fekk: Gerd 1926 (Eivindvik), Målfrid 1928, Jon 1931–31, Ester 1939 (Oslo), Jon 1934 (Fjell). Ola og Laura flytta i 1950 til Austgulen og bruket gjekk til Målfrid Oladtr Alrek (1928–) & 1946 Sverre Andersson Alræk (1918–1984) frå bnr 75/1. Born: Ellinor 1946 (Brekke i Ortnevik), Reidun 1948 (Naustdal i Sunnfjord), Solveig 1950 (Laksevåg), Olav 1953 (Florø), Astrid 1955 (Bergen), Arne 1956 (Askøy). Drifta var avslutta i 1984. Målfrid flytta ca 1985 til Kyrkjebø, så til Aure på Nordmøre.
Bnr 75/4 Nybø + bnr 75/5 (av lnr 61) 0,40 + 0,10mark, frådelt 1895 og 1897. I følgje den gamle bygdeboka er dette den tidlegare husmannsplassen Slåttekvina. Kommunegrensa gjekk gjennom eigedomen, og stabbur og smie låg på Kyrkjebøsida. Markus Person Hovland (1858–1916) frå Hyllestad & 1888 Marta Oladtr Brekke (1859–1949) frå Ortnevik fekk: Per 1889, Ola 1891 (Oslo), Eilert 1894 (Oslo). Markus kjøpte Nybø, men dei var på Brekke i Ortnevik fram til ca 1905. Per Markusson Hovland (1889–1927) var ugift. Han døydde ved å fara av på glattis i marki. Staden vart kjøpt av Johannes Simonson Østerbø (1887–) frå Ikjefjorden i Kyrkjebø & 1914 Lassina Markusdtr Sylvarnes (1883–1951) frå lnr 57c. Dei fekk Signe 1918 (Strandebarm), Leif 1918, Odd 1921 (Omastrand). Leif Johannesson Østerbø (1918–) & 1945 Klara Kristofferdtr Hovland (1919–1982) frå Hyllestad fekk: John 1947 (Høyanger), Helge 1949 (Ortnevik), Kjell 1952 (Ålesund). Familien flytta i 1957 til Ortnevik. Eigedomen, frådelt huset, gjekk ca 1969 til Ingvald Sigvaldson Hovland (1933–1990), sjå òg bnr 75/6. Dei tre borna overtok huset. Etter at Signe 1918 døydde, fekk sonen Jonny Hovland hennar del. I 1964 vart bnr 75/4–6 overført til Høyanger kommune.
Synneva Endredtr Alrek (1734–1803) & 1769 Daniel Jensson Fossen (1737–1807) frå Kyrkjebø fekk: Ragnhild 1770 (Lund i Gulen), Sigrid 1774 (Lund i Gulen). Daniel og Synneva hadde bruk på Lund i Gulen 1775–91 og som Ragnhild tok over. Malena Endredtr Alrek (1738–) & 1757 Palne Trondson Nese (–) frå lnr 48 busette seg på Hjertås i Nordhordland. Dei hadde Endre 1755 som vart husmann under lnr 48 på plass 5 Nese og Brita 1760, busett på Hjertås.
Brynhild Andersdtr Alrek (1782–) finn vi ikkje som gift eller gravlagd i kyrkjebøkene for prestegjeldet, men i den gamle bygdeboka er det hevda ho var gifte med Lars Amundson «Alrek». Det siste må vera tenaradresse. Truleg var dette Lars Amundson Vikøyri v014 (1779–). Han var i 1801 dreng på Tune i Ortnevik, og same året var Brynhild tenestejente på Sylvarnes. Dei to fekk Amund 1809 med stadnamn Brekke i Lånefjorden og barnet er ført opp som «ekte». Vi trur at Lars og Amund døydde før 1815. Men som for mange andre som døydde i år 1785–1818 i Vik prestegjeld vart ikkje dødsfalla innførde i kyrkjeboka. I skiftet etter ei syster i 1844 står det at Brynhild då var busett i Røyrvik. Der var ho nok tenestejente.
Lnr 63 Alrek
2,18 spd = bnr 75/3 2,95 mark. Sjølveige frå 1781. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,21 laupar. Data for 1845: 7,8 daa bygg, 1,4 daa potet, 1 hest, 9 storfe, 18 smalar, 2 geiter og 1 vinterfôra svin.
Det var kanskje på dette bruket Knut var i 1626. I 1645 var Nils komen til dette største bruket på namngarden, og av di han var gift med Marita Knutdtr, kan han ha gift seg med dotter til Knut Alrek. I 1657 var Nils «forarmet», det vil seia at han ikkje var i stand til å betala skatt. I 1667 var Ivar Nilsson Alrek (1625–) brukar og sonen Torkjell 1657 var med han. Det kan sjå ut som Ivar er den same personen som er ført opp som «husmann» på Hanekam. Dersom det er rett, kan Per Nilsson Hanekam ha vore ein bror til Ivar. Ivar levde i 1701 og hadde då ein ung son, Nils 1679. Torkjell Ivarson Alrek (1657–1739) & 1702 Gitlaug Hermunddtr Stavedal (1734) fekk: Ivar 1711–28, Hermund, Kjell, Brita, Endre (lnr 62). Torkjell døydde etter å ha falle ned på kniven sin ute i marka. Hermund Torkjellson Alrek ( 1740) & 1735 Ingeborg Johannesdtr Vetlesand (1705–1775) fekk: Ivar 1736–36, Tor 1737–37, Torkjell 1738 (Vamråk i Ortnevik). I 1740 brann eit stovehus og eit eldhus ned. Koparkjel, bakstehelle, gryte og mykje matvarer gjekk tapt. Ingeborg vart 1741 attgift med Anders Vilhelmson (–) og dei fekk: Vilhelm 1742, Sigrid 1745 (sjå note), Hermund 1748–49. I manntalet 1701 var det berre ein Vilhelm i Ytre Sogn og han budde i Vollavik. Han var fødd ca 1685, og såleis ca 65 år då han fekk det siste barnet. Det må vera denne karen som i 1740 vart kalla «Kyrkjeteig-Anders» og som då hadde fått ei dotter Gunhild, truleg utan å vera gift. Ho var truleg i 1801 i Øksdal i Vangsnes sokn, var 62 år og almisselem. Det kom nye folk til bruket: Lasse Knutson Nese (1749–1827) frå Klubben & 1774 Brita Oladtr Finnen (1752–1808) frå lnr 52. Born: Ola 1775, Brita 1778 (Vetlesand), Knut 1781 (plass under bruket), Lussi 1784 (plass Vetlesand), Ingeborg 1787–87, Tor 1788–97, Ingeborg 1790–90?, Ingeborg 1792–92, Ingeborg 1793. Fire forsøk på å kalla ei jente for Ingeborg var alle mislukka, for også den siste døydde før 1801. Ola Lasseson Alrek (1775–1854) & 1804 Ingeborg Hermunddtr Frettheim (1778–1844) frå lnr 40 fekk: Brita 1801 (USA 1854), Brita 1805 (sjå note), Lasse 1807, Lussi 1810–16, Knut 1815 (sjå note), Sigrid 1818 (sjå note), Helena 1821 (USA 1846). Lasse Olason Alrek (1807–) & 1844 Brita Jondtr Åse (1820–69) frå lnr 49 i Vik fekk Ingeborg 1845, Jon 1847, Ola 1850 (USA 1871), Lars 1854 (USA 1874), Randi 1855, Ingebrigt 1858, Birte 1862. Brita 1820 var ei syster til Kari 1823 på plassen Leite på Vetlesand. Lasse reiste til USA i 1876 med fem born. Bruket vart kjøpt av Gullak Einarson Bjordal (1838–1928) & 1867 Ingeborg Hansdtr Søreide (1842–1932), båe frå Kyrkjebø. Dei kom frå Måren i Kyrkjebø. Born: Einar 1868 (Bergen), Hans 1871, Ragnhild 1873–82, Hansina 1875 (bnr 68/4 Finnen), Ingebjørg 1880 (Brekke i Ortnevik), Nils 1884 (lnr 60 Vetlesand), Malli 1887–1965 (ugift). Hans Gullakson Alrek (1871–1919) & 1907 Marie Jensdtr Alrek (1875–1965) frå lnr 62 fekk Ingebjørg 1908 (bnr 1/4 Sæbø i Vik). Marie flytta til Moane-Hove (sjå del 2) og bruket var kjøpt av Einar Gullakson Alrek (1868–) som var kjøpmann i Bergen. Han dreiv det med leigehjelp til 1930 då han selde til Steffen Hansson Rutlin (1875–) frå Sogndal. Han hadde vore bakar i Framfjorden og hadde vore gift med Marta Knutdtr Holane (1873–1908) frå lnr 17c og dei var busett på Haugen, Holane, sjå note lnr 17c. Born: Sitona 1903 (Modum i Buskerud) og Anna Konstanse 1905–21 (tuberkulose). Steffen vart attgift 1908 med systera Ragnhild Knutdtr Holane (1884–) og dei fekk: Marta 1910 (Høyanger), Håkon 1913, Astrid Kristina 1918 (Bergen), Anna Konstanse 1923 (Bergen). I åra 1923–29 var huslyden på Nessane. Til sist budde dei hjå dottera Marta på Dale i Høyanger. Håkon Steffenson Alrek (1913–1967) & Ragnhild Eirikdtr Menes (1913–2001) frå Menes i Balestrand dreiv bruket i nokre år, men flytta til Årdal. På Alrek fekk dei: Harald Reidar 1939 (Årdalstangen, så Hafslo), Laila Ranveig 1945 (Oslo). Huslyden brukte etternamnet Hansen. Ragnhild 1884 eigde bruket. I 1947 skøytte ho det til Gustav Alrek. Han eigde dermed både lnr 61 og 63.
Sigrid Andersdtr Alrek (1745–) & 1775 Lasse Rasmusson Lihaug (1727–1821) vart bønder på Lihaug under Kjellevoll i Eivindvik.
Knut Olason Alrek (1815–) & 1847 Brynhild Andersdtr Stavedal (1827–1865), husmannsdotter, fekk Anders 1850 og Ola 1854. Knut og Brynhild budde på Ibestad på Senja 1847–49. I 1849 måtte fattigkommisjonen i Vik refundera utgifter som fattigvesenet i Ibestad hadde hatt med ekteparet. Ved folketeljinga i 1865 var Knut hjå broren Lasse på Alrek, og då står det at han hadde vore sinnsjuk frå han var 35 år. I 1861 vart det gitt fattigstøtte til «Knud Alræks kone». Under namnet Ragnhild Andersdtr døydde ho på spedalsksjukehus i Bergen. I 1862 kom Knut på legd, men reiste likevel til USA i 1866 saman med sonen Anders. Ola Knutson Alrek (1854–) var i åra 1865–69 plassert med fattigstøtte på husmannsplassen til Endre og Ragnhild Alrek. Han reiste til USA i 1870.
Sigrid Oladtr Alrek (1818–1891) var ugift. Kring 1875 kunne ho ikkje lengre hjelpa seg sjølv og vart plassert hjå Ola Jonson Finnabotnen. I 1879 kom ho på legd. Brita Oladtr Alrek (1805–) fekk Ola 1827 (sjå note lnr 56 Sylvarnes) med Ellend Olason Finnen (1807–). Ho reiste til USA i 1864. Om Ellend: sjå plassar Sylvarnes.